Vurderingar av kostnadar og utbetringsbehov for bassenga i Kvam Vurdering gjort for bassenga i Ålvik, Øystese og Norheimsund. Ikkje aktuelt å inkludera Strandebarm i dette. Vurderinga er utarbeidd etter gjennomgang med leiar for tekniske anlegg, reinhaldsleiar og avdelingsleiarane for FDV i Øystese og Norheimsund, og samansett av leiar FDV Bygg i Kvam Stein Rykkje. Som grunnlag for denne beskrivinga, er det nytta meir detaljert kostnadsoppsett som beskriv detaljar om timeforbruk og driftsmidlar etc. Del 1, driftskostnadar knytt til dagens løysing: Generell del som gjeld for alle tre basseng: Alle bygga er av eldre konstruksjonar som har dårleg isolasjonsevne, både mot grunn og ytterveggar. Dette medfører at oppvarmingskostnadar er store, sidan det ikkje er varmepumper etc. tilknytt oppvarminga, berre el. varmeelement som til dels vert nytta på maksimal effekt. Overflater er krevjande med kostnadskrevjande vedlikehald og tungt reinhald. Normal driftstid for bassenga er satt til 6 månadar for alle bassenga i denne vurderinga. Prøvar av klorinnhald må ved normal bruk gjennomførast 2 gonger dagleg. Ålvik: Prøvar av klorinnhald om morgonen vert gjort av vaktmeister som køyrer inn frå Øystese, som ofte returnerer til Øystese etterpå, prøve seinare på dag vert gjort av rektor ved skulen. Tekniske anlegg for reduksjon av fuktinnhald i lufta, samt oppvarming - er utslitt, slik at avdelinga for teknisk service har mykje tilsynsarbeid og service på dette for at det skal fungera. Det er til dels svært fuktig og dårleg luft ved garderobar i tillegg. Samla ca. årleg driftskostnad for bassenget i Ålvik er: 440.000,- + 25% mva. Øystese: Prøvar av klorinnhald vert gjort av vaktmeister som dagleg er lokalisert i Øystese, dette gjer at tidsforbruk for prøvar er mykje mindre for dette bassenget. Tekniske anlegg som ventilasjon, samt oppvarming er slitt, slik at avdelinga for teknisk service har mykje tilsynsarbeid og service på dette for at det skal fungera. Samla ca. årleg driftskostnad for bassenget i Øystese er: 360.000,- + 25% mva. Norheimsund: Prøvar av klorinnhald vert gjort av vaktmeister som dagleg er lokalisert i Norheimsund, men tidsforbruk noko høgare enn i Øystese. Tekniske anlegg er av nyare dato og fungerer greitt, men noko tilsyn og vedlikehald må gjerast. Samla ca. årleg driftskostnad for bassenget i Norheimsund er: 410.000,- + 25% mva. Samla total driftskostnad årleg for alle vurderte basseng vert: 1.210.000,- + 25% mva: 302.500,- vert 1.512.500 Del 2, investeringskostnadar knytt til vidare drift: Generell del som gjeld for alle tre basseng: Alle bygga vil fortsatt vera gamle, med dårleg isolerte bygg og uendra planløysing utan god tilgjengelegheit for alle. Plasseringa av bassenga vil ikkje betra tilkomst for andre enn dei som er tilknytt skule eller organisert aktivitet, ikkje eigna for offentleg bruk til innbyggjarane våre. Ålvik: Bygning treng opprusting med nye vindauge i bassengrom og garderobar, måling av gesimsar, måling av basseng, veggar og himling. I tillegg må det byggjast eit tilbygg som kan romma nytt ventilasjonsanlegg mm. Kantek AS har skissert ei løysing for nye tekniske anlegg til reduksjon av fukt i lufta og nytt ventilasjonsanlegg for garderobar. Desse endringane krev leige av hjelp for å prosjektera tekniske anlegg, prosjektleiing etc. I tillegg vert det store kostnadar knytt til røyrleggjar og elektrikar som også må byta hovudtavle i tillegg til sjølve installasjonane. Totalt investeringsbehov i Ålvik: 2.250.000,- + 25% mva Øystese: Rommet for tekniske anlegg har stor skade i betongdekke over, som vert halde oppe av innsett søyle – bør laga meir permanent løysing. I tillegg må det byggjast eit tilbygg som kan romma nytt ventilasjonsanlegg mm. Kantek AS har skissert ei løysing for nye tekniske anlegg for reduksjon av fukt i bassengrommet, i tillegg trengst det nytt ettervarmebatteri og tilkopling til varmepumper. Desse endringane krev leige av hjelp for å prosjektera tekniske anlegg, prosjektleiing etc. I tillegg vert det store kostnadar knytt til røyrleggjar og elektrikar ved endringa av installasjonane. Totalt investeringsbehov i Øystese: 3.210.000,- + 25% mva Norheimsund: Sjølve bassenget vart mala for ca. 4 år sia, etter at det vart fjerna eitt lag med betong, og fliser i botnen. Denne operasjonen vart ikkje vellykka. Maling flassar av vegger og botn i bassenget. Grunnen til dette er at i betongen er det mykje klorvatten. Rommet elles treng pussast opp. Det er heller ikkje heis for rørslehemma i bassenget. Tekniske anlegg er i grei stand, men har ikkje tilkopla varmepumpe. Totalt investeringsbehov i Norheimsund: 650.000,- + 25% mva ___________________________________________________________________________________________ Samla totalt investeringskostnad for alle vurderte basseng vert: 6.110.000,- + mva: 1.527.500,- = 7.637.500,-
© Copyright 2024