Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Skodje kommune v/planavdelinga [email protected] Dato: Vår ref: Dykkar ref: 02.09.2015 Heidi Hansen Ingunn Stette Notat i samband med oppstart av detaljregulering av fengselstomt og utvida industriområde vest for Scania på Digerneset 1. Bakgrunn og lokalisering Nordplan as er engasjert av Skodje næringspark as, til å utarbeide eit notat som grunnlag for vidare arbeid med detaljreguleringsplan. Notatet skal i første omgang nyttast til underlag for drøfting i det regionale planforumet. Målsetninga med behandling i planforumet er å klarlegge og samordne ulike samfunnsinteresser, avklare eventuelt konfliktpotensiale og avklare konkrete spørsmål/problemstillingar knytt til arealbruken og planområdet. Lokalisering Det aktuelle området ligg vest for Norsk Scania på Digerneset, og omfattar eigedomane 31/1, 31/2, 31/3, 31/59, 31/61 og 33/2. Skodje næringspark er eigar av deler av området og har opsjon på kjøp av resterande areal. Arealet blir foreslått disponert til nærings- og offentleg formål /fengsel. Området er vist på kartutsnittet under. Nordplan AS avd. Ålesund Apotekergata 9A 6004 Ålesund Telefon 57 88 55 00 [email protected] NO 948 081 768 MVA Bankkonto: 3790 05 03459 www.nordplan.no ■ ■ Nordplan ■ side 2 av 28 ■ ■ Nordplan ■ side 3 av 28 2. Dagens formål og bruk 2.1. Gjeldande arealplan og reguleringsplanar Området er i gjeldande arealdel til kommuneplan for Skodje, sett av til landbruk- natur- og friluftsområde. Området grenser inntil anlegget til Norske Scania som er regulert til forretning/kontor/industri. I sørvest grensar området inn imot område for naturvern, verna skog. Ca avgrensing der planområdet er vist med raud sirkel, innanfor det blå arealet ligg Scania sitt anlegg. Vegsystemet er etablert i tråd med regulert toplanskryss for Digerneset. ■ ■ Nordplan ■ side 4 av 28 Utsnitt av reguleringsplan for toplanskryss Digernes. Reguleringsplan Digernes vest, området er regulert til forretning/kontor/industri. 2.2. Dagens topografi og bruk Arealet består i hovudsak av ein tydeleg og avgrensa kolle, Bythaugen, som har ei høgde over havet på 97,7 meter. Terrenget er brattast mot nord og aust, og litt slakare mot E39 i sør/søraust. Det er ei bratt fjellskjering i bakkant av Scaniabygget og inn mot kollen. Området er skogkledd med i hovudsak furuskog, og innslag av myr. Skogen er ikkje drifta og soleis ikkje viktig som driftsgrunnlag i næringssamanheng. ■ ■ Nordplan ■ side 5 av 28 Bilde som viser deler av planområdet sett mot vest frå Rematomta. Det trekanta arealet på nordsida av fv 110, mellom fv 110 og fv 661, er delvis oppfylt . Vidare nordover mot sjøen fell terrenget bratt ved ein naturleg skrent. Området er skogkledd og ubebygd. Ei kraftleidning kryssar områdets nordre del. Kvernhuselva er ein mindre bekk som renn gjennom området, og kryssar fv 110 i lavpunktet på vegen. 2.3. Arealbruk i nærområdet Tilgrensande område i aust, Digerneset næringspark, er under utbygging og snart ferdig planert. Jf. kart på neste side. Næraste naboar er i Saltkjelsvika i nordvest. Her er det to gardsbruk, nokre heilårsbustader og feriebustader. Terrenget i Saltkjelsvika er skålforma og fell austover ned mot vika, med ein markert rygg i sør. Bebyggelsen der ser derfor ikkje inn mot planområde, men flesteparten ser direkte inn mot dagens etablerte næringsområde. ■ ■ Nordplan ■ side 6 av 28 Saltkjelsvika Digernes næringspark Omsøkt næringsareal Oversiktskart – nærmiljø. ■ ■ Nordplan ■ side 7 av 28 2.4. Naturmiljø, -ressursar og biologisk mangfald Det er ikkje registrert viktige naturtypar, biologisk mangfald og naturressursar innanfor omsøkt område. Jf. miljøstatus norge, arealis og naturbase. Naturtype barskog, kystfuru Naturreservat, barlind Svortavatnet Kart som viser viktige naturtypar i nærleiken om omsøkt næringsareal, og bonitetskart til høgre. Bonitetskart for skog viser at omsøkt areal har skog med middels til høg bonitet. Dette er noko missvisande då her er myr i lågare deler av området og grunnlendt arealet på dei høgste delane av Bytehaugen. Skogen er småvoks og furua har mykje svartkvist, i følgje landbrukssjefen i nordre sunnmøre landbrukskontor. Området grenser til naturreservat for barlind i vest, og til eit viktig naturtypeområde for barskog, gamal kystfuru, i nordvest. Jf. kart ovanfor. Dei beste skogbruksareala ligg vest for planområdet. ■ ■ Nordplan ■ side 8 av 28 2.5. Kulturminner og rekreasjonsområde Det er ikkje registeret kulturminner utover to mindre SEFRAK- bygg på nordsida av fv 110. Dette er eit sommarfjøs og eit kvernhus som ligg utanfor planområdet. Det er elles ikkje registrert viktige ferdselsårer og rekreasjonsområde i nærleiken, eller innanfor omsøkt område. Svortavatnet er næraste friluftsområde. Det ligg på sørsida av E39. 2.5 Tilkomst og trafikkforhold, VA-system Vegsystemet i området har god kapasitet og er tilrettelagt med oversiktleg avkøyrsler/kryss og gangvegsystem. Det er kollektivknutepunkt med busshaldeplass, parkering, og etablerte gang- og sykkelvegar. Innanfor Digernes næringspark er det fleire større etableringar slik som Bring, Rema 1000, Maxbo, Tesla m.v. Gangvegsystemet langs fv 661 er mangelfult og sluttar brått i krysset med fv 110. ■ ■ Nordplan ■ side 9 av 28 Foto viser etablert busshaldeplass og dagens vegsituasjon. Det er utbygd vass- og avlaupssystem i samband med Scania sitt anlegg. Det er etablert stor pumpestasjon og trafostasjon på tomta ved avkøyrsla til fv 110. Stasjonane tar høgde for ei vidare utbygging. 3. Endringsforslag 3.1 Formål, tomtestorleik og tilkomst Omsøkt areal utgjer om lag 180 daa, derav 130 daa til fengselstomt og 52 daa til næringsformål. Forslagstillar ønskjer å disponere arealet til næringsformål i form av industri/lager, kontor og forretning med plasskrevjande varer, anten kvar for seg eller i kombinasjon og til offentleg formål, fengsel. Planområdet er stort, men ser ein på arealbehovet som fengselet genererer så er det likevel ikkje rom for så mange andre verksemder. Arealbehovsvurdering fengselstomt: Det er enno ikkje avklart i detalj kor mange soningsplasser som ein skal dimensjonere for i fengselet. I førebels vurdering er det lagt til grunn 80 plassar og eit arealbehov på om lag 30 daa for arealet innanfor fengselsmuren. Det bør derfor også vere areal for framtidig utvidingsmuligheit. Vi har fått opplyst gjennom kriminalomsorga at det skal vere ei sikringssone utanfor fengselsmurane. Denne sona skal vere på 100 meter. Sjølve fengselsmuren skal vere om lag 6-7 meter høg. Ein må unngå muligheit for innkikk ved planlegging av bygningar på tilstøytande tomter. Innanfor sikringssona kan mottakssone for fangar, tilsette og besøkande leggast, saman med parkeringsareal. Det skal etablerast eige avvisingsgjerder i tillegg til fengselsmuren. Gjerde kan ligge innanfor sikringssona og ha ein avstand frå sjølve muren på 30-80 meter. På begge sider av avvisingsgjerdet skal det vere rydda og oversiktleg areal. Det er behov for god parkeringsdekning for tilsette og besøkande. Vidare må det planleggast for transport og varelevering m.m. Det er ikkje krav om at heile tomta skal vere planert. I reguleringsplanen må det nærare avklarast korleis ein vil bearbeide og ev gradvis planere terrenget ut i mot naturleg terreng rundt. ■ ■ Nordplan ■ side 10 av 28 Verne- og naturområde. ■ ■ Nordplan ■ side 11 av 28 Vi ser det som fordelaktig å plassere fengselstomta mot nordvest. Tomta vil kunne få eigen tilkomst med minimal blanding av annan trafikk og ein får ei ryddig og effektiv tilførselsveg. Den har ei skjerma plassering med god avstand til etablert bebyggelse, og med svært avgrensa/tilnærma ingen innsynsmuligheiter. Evt fare for innkik frå høgdedrag og kollar er minimale pga avstanden i sikringssona og vegetasjon utanfor sona som er verna. Den har gode kvalitetar med omsyn til lys og solforhold, og ingen støyproblem. Det er kort avstand til kollektivknutepunkt og det er mogleg å få til gode gangvegsystem. Måten å organisere funksjonane innanfor tomta, må avklarast på reguleringsnivå. Illustrasjonen viser grovt sett arealbehovet. Berøringspunktet med området som er registerert som viktige naturområde, vil variere alt etter korleis ein vrir på klossen som illuderer tomtebehovet. Slik vi har skissert arealutnyttinga unngår vi å råke naturområdet. Dersom ein plasserer parkerings- og mottakssona i nordvestre hjørne, kan ein etablere gangvegsystem langs fv 110, ev fristille den noko og legge den på eit høgare nivå for å vinne høgde. Ev også vurdere snarveg innanfor sikringssona men utanfor avvisingsgjerdet med direkte forbindelse austover jf. illustrasjon . Illustrasjonen under viser prinsippet ved Halden fengsel, med bygningar, fengselsmur, avvisingsgjerde, mottakssone og parkering. Referanseprosjekt Halden fengsel er dimensjonert for 250 plassar med fangar som skal sone innanfor tre sikkerheitsnivå. Tomta er på 308 daa, pluss tilkomstkorridor på 30 daa. Fengselsanlegget legg beslag på 230 daa, resten av tomta er urørt skogsområde. Tomta innanfor muren utgjer om lag 150 daa. Med andre ord – fengselsbygg krev store tomteareal. ■ ■ Nordplan ■ side 12 av 28 Illustrasjonen viser organisering av bygningar, tilkomstsone, fengselsmur og avvisningsgjerde for Halden fengsel. Areal til næringsformål: Verksemda Scania er ei middels stor verksemd og har i dag eit areal på om lag 17 daa. Til samanlikning så har Ikea gitt uttrykk for at deira arealbehov, ved bygging av nytt varehus, er på 50 daa. Når ein held fengselstomta utanfor, vil ein ved planforslaget få eit disponibelt næringsareal på ca 40 daa mot sør. Nord for fv 110 vil ein med heving av fylkesvegen og oppfylling av arealet opp mot fv 661 kunne få eit næringsareal på ca 12 daa. Næringstomtene vil ligge ut mot vegsystemet som gjer dei godt synlege og gi ein reklameeffekt, slik mange verksemder ønskjer. Byggegrensa til E39 er 50 meter og mot fylkesvegene er den 30 meter. Den beslaglegg store areal. Ved å plassere internveg og støyvoller i byggegrensa inn mot E39 vil ein kunne utnytte arealet noko. Ein støyvoll her vil også gi muligheit for å kvitte seg med ein del overskotsmasse. ■ ■ Nordplan ■ side 13 av 28 Skissa viser moglege arealdisponering med fengselstomt, næringstomter og tilkomstvegar. ■ ■ Nordplan ■ side 14 av 28 Tilkomst: Vi har vurdert det slik at det truleg er mest hensiktsmessig med to ulike tilkomstar til planområdet. Ein tilkomst til nytt næringsområdet mot sør (nord for E39) som går via dagens etablert avkøyrsle til Scaniabygget . Avkøyrsla frå fylkesveg 110 er oversiktleg og god. Det er mogleg å legge vegen vidare sørvest-over med tilfredsstillande stigning på maks 7 %, noko som er ok for tungtransportbilar. Ny tilkomstveg til næringsområdet i sør blir etablert innanfor byggegrensa til E39, og lagt om lag 2-3 meter lågare. Høgda på industriområdet er satt utifrå kravet om å unngå innsyn til fengselet, og tilkomstvegen er lagt i same høgd som den nye industritomta for å sikre god tilkomst dit. Det kan vere aktuelt å etablere ein voll langs E39 for å bli kvitt masse og samstundes skjerme for støy. Fengselstomta får eiga avkøyrsle frå fv 110 lenger nordvest. Det vil krevje etablering av høgare standarden på fv 110 i form av heving av vegnivået og utviding frå ein- til tofelts veg. Dagens veg ligg relativt lavt i terrenget, med ei lavpunkt på ca kote +22 der den kryssar Kvernhuselva. Den har ein markant og uoversiktleg bakketopp i plangrensa i vest. Fv110 ligg på ca. kote +35 i senter veg framimot krysset til fv661 . Det er naturleg å ha fall eit lite stykke bak mhp vatn og stoppareal, men dagens veg har stigninga på over 5%, noko som ikkje er ønskjeleg i eit kryss med mykje tungtrafikk. Dersom ein endrar til for eksempel 2% fall vil ein ved avkøyrsla til Scania då komme ca 1,5 m høgre opp, dvs kote ca +34. Ein må sikre eit visst fall på vegen, den kan derfor ikkje ligge fast på kote +34 for heile strekka. Avkøyrslepunkt til det trekanta området nord for fylkesvegen må leggast slik at ein kjem greitt inn i forhold til aktuell planeringshøgde på tomta, ca kote +32-33. Avkøyrsle frå fv 110 i nord og inn til fengselsområdet ligg skissert inn på kote +42, men kan evt vurderast leggast litt lenger vest for å komme inn høgre og få betre stigning. Det ser ut som ein kan få til ein variasjon i oppfylling av fylkesvegen frå kote +35 i aust til eit lågpunkt på ca kote+31(220m frå krysset med fv 661) og opp att til kote +42-44 i vest ved avkøyrslepunktet. Dette medfører heving/utbetring av vegen i eit strekk på ca. 500-550 m. I overgangen til eksisterande veg i begge endar vil det sjølvsagt vere mindre tilpassingar i høgde, medan ny veg i forhold til det i lågaste punktet på eksisterande veg vil ligge ca 9-10m høgare. For å redusere fyllingsutslaga nord imot sjøen og Kvernhuselva har vi skissert at vegen vert flytta noko sørover, slik at fyllingsfot delvis treff eksisterande vegbane. Det må etablerast gang- og sykkelveg langs deler av fylkesveg 110 og fotgjengarfelt over fylkesveg 661. Det bør vurderast om ein kan få til ei gangbru frå Rema 1000 som ligg på kote +41, over fv 661 og ned til fv 110 og langs nordsida. Dette for å ha tilstrekkeleg lengde til å få tilfredsstillande stigning på gangvegrampen. Då kan ein få tryggare og meir direkte/raskare tilkomst til butikkar og kollektivterminal i søraust. Det kan vere aktuelt å vurdere å supplere gang- og sykkelvegen med ein intern snarveg frå fengselstomta via Scaniatomta. Ein gangveg frå ca avkøyrsla til Scania kan leggast med maks stigning 10 %. Stigninga kan betrast sidan vi forholdsvis god avstand å strekke den over, fram til hovudtilkomstsona. Avhengig av kor mykje ein skal legge opp til å heve fylkesvegen kan ev. startpunktet til gangvegen også komme høgre og gi betre stigning. ■ ■ Nordplan ■ side 15 av 28 Bilde er tatt mot vest og viser deler av planområdet med dagens kryss på fylkesveg 661, og etablerte avkøyrsle frå fylkesveg 110 samt etablert gangveg langs fv 661. Blå pil markerer mogleg plassering av gangbru og rampe ned til gang- og sykkelveg. 3.2 Terrengbehandling - planering av fengselstomt og næringsareal Arealet må planerast og sprengast ned. Utbyggar ser for seg å grovplanere heile arealet i løpet av 5 år, medan utbygging av området vil kunne gå over lengre tid. I samband med regulering av området vil det vere krav om plan for masseuttak, og vilkår knytt til uttaket. Området har tre markerte koller, der Bytehaugen er høgast med 97 meter medan kollen i søraust er på 79 meter og i sørvest på 72 meter. Mot nord ligg myrområde med Lilledemma på ca kote +39. Mot nordvest stig terrenget til ca kote 50 og nordaust til fylkesvegen fell det ned til ca kote +22. Det er med andre ord relativt krevjande å tilrå planeringshøgder som gir så god massebalanse som råd. Vi har utarbeidd ulike lengdesnitt for å vise korleis terrenget kan bearbeidast. Desse lengdesnitta blir kommentert og vist under. ■ ■ Nordplan ■ side 16 av 28 Snittoversikt. ■ ■ Nordplan ■ side 17 av 28 Fengselstomta er foreslått planert på kote 55, med tilkomst frå fv 110 i norvest. Lengdesnitt A og B viser at planeringshøgda gir god muligheit for å planere ut arealet og treffe eksisterande terreng i vest med ein del oppfylling. Skjeringa bak Scaniatomta og arealet vidare nordover mot fv 110 blir foreslått tatt ned til kote 49 og jamna ut inn mot naturleg terreng i nord langs deler av fv 110. Lengdesnitt B viser at Rema 1000 ligg høgare enn fylkesveg 661, ca kote 41, men planlagt fengselstomt vil ligge vesentleg høgare. Dei store avstandane mellom bygga gjer at høgdeforskjellen blir mindre tydeleg. Høgdeforskjellen mellom fv 110 og planert fengselstomt vil variere mellom 8 og 10 meter, men med slake skråningar over ei lengde på 80- 100 meter vil det ikkje bli så markant. I og med ein har ei forholdvis stor sikkerheitssone så vil ein truleg ikkje føle/oppleve fengselet m/murar på 7 meter høgde så påtrengande/ruvande frå fv 110. Dette må likevel vurderast nærare i volumstudie i samband med reguleringsplanen. ■ ■ Nordplan ■ side 18 av 28 Lengdesnitt C viser at foreslått næringsareal mellom fv 110 og fv 661 kan planerast på ca kote 33 i sør og 30 i nord. Inn mot fv 661 i nord vil industriarealet ligge om lag 1m over fv 661, der høgdeforskjellen er størst. Fyllingsfoten for næringsarealet på nordsida av fv 110 foreslår vi blir lagt litt unna den markerte terrengryggen i nord slik vi kan få til ei slak skråning som blir vidareført fram til den bratte terrengryggen. Ved å behalde eksisterande vegetasjon i dagens bratte skråning ned mot sjøen, så vil ein skjerme/dempe inntrykket av den nye fyllinga. Fv 110 blir heva saman med terrenget til fengselstomta. Vi foreslår at høgdeforskjellen mellom fv 110 og fengselstomta blir jamna ut med ei slak jordskråning. Sikringsarealet kan leggast i slak skråning ned mot fv 110 som i det snittet er foreslått heva til kote 31. Eksisterande veg ligg i same snitt på ca kote+24. Vegen blir skuva sørover noko slik at ein kan legge skråningsutslaga for vegen delvis innanfor dagens vegareal , og unngå so stor fylling på nordsida av fv 110. Naturleg terreng og vegetasjon blir då delvis oppretthalde her. Foto som viser aktuelt oppfyllingsareal for ny næringstomt mellom fv 110 og 661. ■ ■ Nordplan ■ side 19 av 28 Lengdesnitt D viser avkøyrslepunktet til fengselet som er lagt på kote +42, men som nemnt kan det evt justerast til kote +44 ved å flytte avkøyringa eit lite stykke lenger vest. Det er ikkje klarlagt kva omfang tilkomstsone og parkering skal ha og kva krav ein får for planering av desse, men funksjonane kan leggast i sikringssona. Planeringsnivå kan vere noko lågare enn for fengselstomta og det same gjeld for deler av arealet som skal ligge utanfor avvisingsgjerdet, men i sikringssona. I dag ligg Scaniabygget på ca. kote 38. Vi foreslår å etablere eit nytt næringsareal vest for Scaniatomta, med tilkomstveg parallelt med E39. Nivå på nytt næringsareal må vurderast nærare i vidare detaljplanarbeid, men som eit utgangspunkt foreslår at planert nivå blir lagt noko høgare enn dagens næringsareal slik at ein ikkje legg seg så djupt ned i terrenget inn mot E39. E39 stig frå Scaniabygget og vestover, frå kote +45 – 57. Nytt planert industriområde bør truleg ligge litt lågare enn E39, og variere frå kote 49 i aust til 55 i vest. I vestre plangrense bør området få ei slak skråning som gir så naturleg terrengovergang inn mot naturreservatet som mogleg. Nærare utforming og omfang må avklarast i detaljplan. For å dempe støyeffekten frå E39, dersom det blir nødvendig (avhengig av type næringsverksemd) bør ein ikkje ligg så høgt at ein ligg i plan med E39. Ein kombinasjon med jordvoll og litt senking av terreng kan gi ein god støydempande effekt. Ny tilkomstveg langs E 39 må leggast slik at ein tar omsyn til nødvendig byggegrense. Tilkomstvegen er foreslått vidareført frå Scaniatomta og stig frå aust mot vest frå kote +38 til kote +57. Det gir gode stigningsforhold med maks 7 % stigning opp første bakken frå Scaniatomta og lett tilkomst inn på næringstomta langs heile strekket . I overgangssona/sikringssona mellom fengselsområdet og industriområde i sør kan ein tilpasse planeringa til tomtene rundt. Det er viktig at bygningar i industriområde ikkje blir høgare enn to etasjar slik at det ikkje blir innsyn til fengselet. Dette kan ein hindre t.d. ved at ein fastset at det skal vere parkeringsområde på vestre del av industritomta som ligg ca på kote 55 og at bygningar skal plasserast i austre del som har planeringshøgde på ca kote 49. Dermed unngår nye industribygg å blir liggande høgare enn fengselsområdet og vi unngår problem med innkikk. Mot vest i overgangen til barlindnaturreservatet, og mot nordvest til naturtypen kystfuruskog foreslår vi ein terrengovergang som er såpass stor at det ikkje er fare for utdrenering eller annan negativ påverknad for skogen. Avstanden må nærare vurderast i reguleringsplanarbeidet i ■ ■ Nordplan ■ side 20 av 28 konsultasjon med skogkyndig. Dagens registreringsgrense for naturreservatet har ei nøyaktigheit på +/-50 – 100 meter i følgje faktaark i naturbase. I forslaget er ikkje naturreservata råka. Vi antar då at ein kan unngå ev. uheldig konsekvensar pga trekkveg for hjort og press m.o.t beiting lenger sør i barlindområdet. 4. Verknader av forslaget 4.1 Konsekvensar for etablert bebyggelse og næringsliv Omsøkt areal ligg med god avstand til eksisterande bustad- og fritidsbustadområde, jf. pkt. 2.3. Det er såleis ingen interessekonflikt med støy og støvulemper eller negativ visuell verknad for desse. Standardheving av fv 110 med utida veg og etablering av gang- og sykkelvegsystem, gir muligheit for utvikling av Saltkjelsvika til eit større bu- og fritidsområde. Gangvegsystemet blir kopla opp mot Digernes næringsområde som har butikkar og andre service- og kollektivtilbod. Det er gangvegsystem som koplar seg vidare austover til bustadområda på Kallarhaugen, Svorta og Valle med skule/barnehagetilbod. Området vil som følgje av den etableringa som har skjedd, bidra til å tiltrekke seg nye næringa. Digernes næringsområde aust for omsøkt areal er under rask utbygging, og fleire større bygg er etablert. Det er naturleg å vidareutvikle Digernesområdet med bakgrunn i dei store investeringane som er gjort i infrastruktur og kollektivknutepunkt. Attraktiviteten vil auke og gi både etablerte verksemder og nye, styrka driftsgrunnlag. Eit langsiktig perspektiv på utbyggingsareala er viktig fordi det gir ein føreseieleg arealsituasjon for verksemder med store arealbehov. Utbygging og etablering av fengsel på tomta, med nærleiken til Digernes næringsområde, gir muligheit for rehabilitering og arbeidstrening for dei som er til soning og skal tilbakeførast til samfunnet. Vidare ligg ein nær andre viktige funksjonar slik som høgskule og vidaregåande, sjukehus, tinghuset, og kollektivknutepunkt. Tomta elles gir gode muligheiter for utforming som gjer at ein kan unngå innkikk, får gode sol og lysforhold, og unngår støykjeldar. 4.2 Konsekvensar for miljø og klima Ei fortetting og utviding av allereie etablert næringsareal er positivt, i og med ein samlar inngrepa og unngår små/mellomstore, fragmenterte utbyggingsområde. Arealbruken medfører heller ikkje tap av landbruksjord, og bidreg dermed til å verne meir verdifulle jord- og landbruksareal elles i kommunen. Sjølv om boniteten på skogen er middels blir den ikkje aktivt drifta. Arealet er lite rekningssvarande å utnytte til skogsdrift både fordi det driftsmessig er tungvint, pga bratt terreng med innslag av myr, og fordi skogen har lav kvalitet pga dårleg forvaltning. Ved å legge inn ei buffersone inn mot verneområda i vest vil desse areala i liten grad bli påverka utover det visuelle og neppe få negativ verknad i forhold til verneformålet. ■ ■ Nordplan ■ side 21 av 28 Det finns ikkje registreringar eller synleg teikn på at det går stiar gjennom området. Området ligg slik til at det heller ikkje inviterer til bruk. Her er ingen naturlege utsiktspunkt, spesielle naturopplevingar med dyre og planteliv som inspirerer til rekreasjon og friluftsliv. Arealbruken vil derfor ikkje ha konsekvensar for rekreasjon og friluftslivsinteresser. Området ligg ikkje utsatt til i forhold til vèr og vind. Området har tilfredsstillande vass- og kloakksystem, og straumtilførsel. Handtering av overflatevatn og forholdet til Kvernhuselva må vurderast i regulerings-/byggeplansamanheng. 4.3 Visuelle konsekvensar Vi har vurdert kor synleg området er frå ulike ståstader. For biltrafikken og køyreopplevinga langs vegen vil ei utbygging av området bryte opp i ein elles noko monoton skogkledd strekning i Brusdalen. Fjerning av kollen vil kunne gi eit lite glimt av Skodjefjorden mot nord for billistar på E39. Fokuset for dei køyrande her vil i stor grad vere knytt til det som skjer på vegen med kryss, og trafikkforhold. For køyreopplevinga for billistar langs fylkesveg 661 og 110 vil det ha ein viss innverknad. Her vil ein sjå nye næringsbygg og fengselsmurane, parkering og tilkomstsone blir liggande synleg. Bilde viser innsyn frå dagens næringsområde ved Remabygget og frå fv 661 /fv 110. ■ ■ Nordplan ■ side 22 av 28 Dei næraste bustadane og fritidsbustadane i Saltkjelsvika vil ikkje sjå det nye næringsområde, då område blir skjult av ein liten terrengrygg som skjermar for innsyn. Det same gjeld i stor grad for fengselstomta. Busetnaden har i dag direkte innsyn sør-austover til Digernes næringsområde som er under utbygging og Flåte trevare som ligg ved sjøen. Jf. foto under og kart i pkt. 2.3. Foto viser utsikt frå nabobebyggelsen i nordvest, Saltkjelsvika. Busetnaden har direkte innsyn til dagens næringsområde, medan omsøkt areal blir skjult av terrengrygg i sørvest, markert med pil. Bildet under viser at området er synleg sett frå etablert rasteplass / utsiktspunkt ved Skodjebrua. Det er allereie etablert næringsareal som har endra landskapsbiletet. Når Digernes næringsområdet er full utbygd vil bygningane delvis skjerme noko av arealet som er omsøkt sett frå denne ståstaden. Fengselstomta vil bli synleg, men etablering av slake jordskråningar og vegetasjon vil kunne vere med å dempe intrykket av fengselsbygningar og -mur. ■ ■ Nordplan ■ side 23 av 28 Foto viser Digernes næringspark sett frå Skodjebrua. Raud pil markerer område som er planert, men ikkje utbygd. Nye bygningar som blir etablert der den raude pila er, vil skjule deler av bakanforliggande areal. Scaniabygget stikker opp i bakkant inn mot fjellskjeringa. Området er markert med gul sirkel. Når kollen bak Scaniabygget blir fjerna vil også store deler av fjellskjeringa forsvinne. Her vil nye bygningar og planert areal møte naturleg terreng i vest. Planert terrenget i vest går naturleg over i kolle vidare vestover. Terrenginngrepa og bygningane blir synlege , men etablering av slake jordskråningar og vegetasjon vil kunne vere med å dempe intrykket av fengselsmuren. ■ ■ Nordplan ■ side 24 av 28 Foto er tatt frå rast- og utsiktsplassen ved den nye Skodjebrua. Det nye næringsområde blir synleg, men blir ikkje spesielt dominerande. Utsikta er allereie prega av etablerte næringsområde. ■ ■ Nordplan ■ side 25 av 28 Dagens industriområde på Digernes er synleg på eit kort strekk litt vest for Stette skule, før det blir skjult bak holmar og nes. På sommartid når det er lauv på trea er område mindre synleg frå fylkesvegen og bustaområda på Stette. Omsøkt næringsområde vil bli skjult av Saltkjelsvikneset som stikker fram og skjuler vestlegaste del av dagen næringsområde. Saltkjelsvikneset og Digernes næringspark. Foto tatt vest for Stette skule . 4.4. Transportbehov og teknisk infrastruktur, anleggsperiode Næringsområdet ligg sentralt i eit viktig knutepunkt som er utbygd med god kollektivdekning både av lokale og regionale bussruter. Tekniske anlegg er utbygd og har kapasitet til vidare utbygging. Det same gjeld vegsystemet. Anleggsperiode vil vare over ca 5 år. Med ei planeringshøgde som foreslått vil heving av fv 110 og oppfylling av næringsarealet i nord samt deler av fengselstomta, likevel ikkje vere nok til å få massbalanse og ein del må køyrast bord. Dette må vurderast nærare i reguleringssamanheng. ■ ■ Nordplan ■ side 26 av 28 4.5 Samla vurdering av verknad Ei utbygging av området til nærings- og fengselsformål som omsøkt medfører ikkje tap av verdifulle natur- og kulturressursar, friluftsområde eller konflikt med friluftsinteresser og nærmiljø/bustadområde. Skogbruksforvaltninga har konkludert med at arealet er meir eigna til industriverksemd enn skogsdrift. Dei visuelle verknadane av å planere Bythaugen har liten negativ verknad på landskapsbildet og for nærmiljøet. Det blir heller ingen fjernverknaden av inngrepet. Køyreopplevinga langs E39 blir endra, men ikkje nødvendigvis i negativ lei, då bygningsmassen vil bryte opp eit elles monotont skoglandskap. Summen av inngrep og omfang av byggeareal på Digerens blir totalt sett stort, også i regional samanheng. Det er grunn til å tru at når bygningane er på plass og området ferdig planert og utbygd, så vil inntrykket av dagens omfattande anleggområdet avta vesentleg. Dersom ein sikringssona rundt fengselstomta vert arrondert med grasslette vil det bidra til å dempe inntrykket. Ei utviding av Digernes næringsområdet vil ut frå arealvurderingar vere i tråd med nasjonale retningsliner om jordvern, samling av inngrep, høg utnytting av etablert infrastruktur og etablering nær viktige samferdsels- og kollektivknutepunkt. 5. Behov og tilgang på næringsareal i regionen Næringsareal bør ligg nær sentrale trafikk-knutepunkt og kollektivaksar. I tillegg bør dei ha eit omland med god tilgang på bustadar og fritidstilbod. Det er relativt få og avgrensa sentrale næringsareal som ligg langs hovudvegaksen E39 i Ålesundsregionen. For Ålesundsregionen er derfor plasseringa på Digernes ideell, både med omsyn til nærleiken til E39, og til fylkets største by. Befolkningsveksten i omlandet er også betydeleg, og medfører at tilflyttinga aukar og gir god tilgang på arbeidskraft. Dersom planar for ny trasè mellom Sykkylven og Skodje blir realisert vil fordelane med dette knutepunktet bli styrka og få auka attraktivitet. I Ålesund kommune er det pr. i dag svært få, og avgrensa byggeklare industriareal. Årsetmyrane på Ellingsøya har lenge vore aktuelle som næringsområde, men berre eit mindre areal på Stokkereit er med i arealplanen til Ålesund kommune. Det er langt fram før det ev. kan bli realisert. Det er også mindre sentralt og har dårlegare vegsystem, enn på Digernes og er dermed mindre attraktivt. Ålesund har også stor innpendling og vekst som medfører problem med trafikkavvikling i periodar av dagen. Det er derfor ein stor fordel å få viktige næringstyngdepunk nær vegar med god kapasitet og gode kollektivløysingar slik som vi har på Digerneset. Ørskog kommunen har avgrensa restareal i Ørskog sentrum. Areala er meir sårbare for type næringsvekst med omsyn til støy/trafikk, funksjon og potensiell interessekonflikt. Eit sentrumsområde med gatestruktur, gangsoner, plasser og uteareal vil fort kunne miste sine kvaliteter og intimitet med innblanding av industri og større lagerbygg . ■ ■ Nordplan ■ side 27 av 28 Haram kommune har tilgang på ein del større næringsareal, men desse er pr. i dag mindre attraktive kommunikasjonsmessig, så lenge viktige vegsamband som Nordøyvegen og Hamnsundsambandet enno ikkje er realisert Ei utviding av Digerneset næringsområdet vil vere ein styrke for regionens arbeidsmarknad. Ålesund næringsforeining støtter opp om dette synet og har uttalt i brev til Skodje kommune av 18.05.12: «… det er i dette «vakuumet» hvor Ålesund ikke kan tilby byggeklare næringsområder at Skodje tar et regionalt ansvar. Det er ikke tilfeldig at Digernes ligger i Skodje kommune, men det er viktig å forstå at næringsområdet skal dekke regionale funksjoner. Fra næringsforeningens side er det ønskelig at Digernesskiftet blir bygd ut for å dekke behov på kort, mellomlang og lang sikt. Det er viktig at regionen ikke går tom på tilbud på attraktive og hensiktsmessige næringsarealer.» 6. Konklusjon og forslag til planavgrensing Planområdet er stort, men etablering av fengsel er arealkrevjande og vil okkupere hovudtyngda av arealet. Dette er ein viktig funksjon for regionen. Plassering og tomteval har fått si tilslutning frå alle omeignskommunane. Ei utviding av næringsområdet med 2-3 tomter gir positiv auke i tomtetilbodet. Utbygging av omsøkt området vil bidra til å styrke regionens arbeidsmarknad. Ein vil få auka utnytting/utbytte av investeringar som er nedlagt i infrastrukturutbygginga med vegar- og kollektivknutepunkt, vass- og kloakkanlegg og elforsyning. Arealbruken har liten til ubetydeleg negativ verknad på naturmiljø- og biologisk mangfald, ingen negativ verknad på bu- og nærmiljø, friluftsinteresser og landskapsbilde. Dei visuelle negative verknadane vil knyte seg til anleggsperioden, og då i størst grad for køyreopplevinga langs vegane forbi området. Ei utviding av Digernes næringsområdet vil ut frå arealvurderingar vere i tråd med nasjonale retningsliner om jordvern, samling av inngrep, høg utnytting av etablert infrastruktur og etablering nær viktige samferdsels- og kollektivknutepunkt. Vi tilrår at planavgrensinga basert på behovsvurderinga ovanfor, blir som vist på kartet under. ■ ■ Nordplan ■ side 28 av 28 Det gule og blå arealet viser nye industriareal, og det grøne arealet er til fengselstomta. Vi ser for oss at areala som ligg att rundt desse tomtene kan brukast til overgangssoner for å dempe inngrepa og samstundes sikre nok areal til nødvendige fyllingar/skjeringar. Stipla linjer viser skisserte forslag til tilkomstveg til ny industri og til fengselstomta. Tilkomst til industrien i det blå arealet skal vere frå fv 110. Med helsing for Nordplan AS Heidi Hansen samfunnsplanleggar
© Copyright 2024