201529 Søknad om utviding av seterhus

Møtebok – Lom fjellstyre
Sak nr.:
29/2015
Arkiv nr.:
Saksbehandlar: Odd Repp
335.2
Møtedato: 15.05.2015
Leir- og Bøverdalen statsallmenning
Søknad om nybygg og utviding av seterhus på seter som har falle i det fri,
tilhøyrande Andberg, gnr. 41, bnr. 1 i Lom.
Sakspapir:
- E-post den 7.6.2015.
Saksutgreiing:
Fjellstyret gjorde i sak nr. 44/2012 vedtak om at setra til Andberg, gnr. 41, bnr. 1, i
Solell hadde falle i det fri etter § 22 i fjellova. I sak nr. 30/2014 uttala fjellstyret seg til
ein førespurnad frå eigaren om moglegheitene for å erstatte det eksisterande huset med
eit nytt av tilsvarande størrelse. Fjellstyret gjorde da slik samrøystes vedtak:
"Fjellstyret tilrår at det vert gjeve løyve til oppføring av ei ny laftekasse av same
størrelsen, slik det er søkt om.
Fjellstyret ser verdien i at bygningane vert vedlikehalde og at det vert etterstreva å
behalde seterpreget i området. Fjellstyret ser det ikkje konfliktfylt i høve til vedtaket om
å opprette ei erklæring om eit avgiftsfritt feste på det seterhuset som stod att på setra,
all den tid at størrelsen på huset vert det same.
Før det vert sett i gang noko arbeid, må erklæring om eit avgiftsfritt feste vera i orden,
og teikningar må leggjast fram for godkjenning både for fjellstyret og dei lokale
bygningsmyndigheitene."
I e-post den 7.6.2015 skriv eigaren at det eksisterande huset er på berre 25 m2, og
ønskjer derfor, om dette er mogleg, å få løyve til å ha opp att eit litt større hus. Han ser
for seg to moglegheiter:
1. Det blir gjeve dispensasjon til å utvide med ca. 10 m2
2. Festet vert omgjort til fritidsfeste.
Med bakgrunn i at mykje av bygningsmassen i Solell er fritidshytter, håpar han på eit
positivt svar.
Opplysningar og merknader:
Seterforskrifta opnar ikkje direkte for å gjera om eit feste på seterhus til eit fritidsfeste,
når det er frifall etter § 22 i fjellova. Alternativet til eit avgiftsfritt feste knytt til
gardsbruket er å krevje husa fjerna (§ 13 i seterforskrifta). Fjellstyret må derfor i første
omgang ta stilling til søknaden om å gje dispensasjon til ei utviding av huset med 10 m2.
Ei omgjering av festet frå seterhus til fritidshytte inneber at saka skal varslast og
leggjast ut til offentleg gjennomsyn før fjellstyret/Statskog gjer vedtak. Dette har ikkje
vore gjort før behandlinga av saka nå. Ved eit avslag på søknaden om ei utviding, må
Møtebok – Lom fjellstyre
såleis fjellstyret ved neste høve ta stilling til søknaden om eit fritidsfeste. Dette krev
også at kommunen gjev dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen.
I Solell er det frå før fleire fritidshytter som ligg i eller inntil seterområdet. Dette er lite
konfliktfylt her, da tradisjonell seterbruk med mjølkekyr har vore fråverande i ein
mannsalder og meir til, og seterkveene som ennå er i bruk vert nytta til beite. Dei
naturgjevne tilhøva ligg heller ikkje til rette for eit aktivt seterbruk her med dagens krav
areal. Dette har fjellstyret halde fram også ved andre høve når det har vore saker knytt
til området.
I ei erklæring om avgiftsfritt feste, slik § 13 i seterforskrifta opnar for, kan det setjast
vilkår og restriksjonar for endringar av bygningane "når dette er nødvendig på grunn av
kvaliteten på husa, plassen der dei ligg, og tilhøve til eventuell anna seter med hus og
seterdrift. I slike tilfelle skal saka leggjast fram for regional kulturminnestyresmakt til
fråsegn." ,§ 17 i seterforskrifta.
Fjellstyret si tilråding:
Fjellstyret finn det rimeleg at det er ønskjeleg å oppføre eit litt større hus når det
eksisterande huset er tenkt erstatta med eit nytt, og tilrår at det på visse vilkår vert gjeve
løyve til å oppføre eit seterhus på inntil 40 m2, med eit tilhøyrande uthus på inntil 10 m2,
tilsvarande arealgrenser som er brukt for kvilebuer på dyrkingsparsellar. Seterhuset må
setjast opp på same tomta som det gamle.
Fjellstyret set vilkår om at husa må tilpassast byggjestilen i seterområdet, at teikningane
skal godkjennast av fjellstyret/Statskog, og løyve innhentast frå dei lokale bygningsmyndigheitene før bygginga vert sett i gang.
Fjellstyret tek vidare atterhald om at dei regionale kulturminnestyresmaktene ikkje har
innvendingar til saka.
Samrøystes.
Utskrift går til:
- Morten Sørhage – som e-post
- Statskog SF – som e-post
- Miljø, teknisk og næring, Lom kommune – som e-post
- Kulturarvenheten, Oppland fylkeskommune – som e-post