Aurland fjellstyre Årsmelding for 2014 (Utkast til fjellstyremøte 10.2.15) 1 FØREORD I denne årsmeldinga har me prøvt å ta med det viktigaste av det som fjellstyret har arbeidd med i året som har gått, i tillegg til oversiktar over fiskefangst, felte reinsdyr, hjort og ryper o.a. Årsmeldinga ligg ute på fjellstyret si nettside www.aurland-fjellstyre.no. Der finn ein og meir informasjon om tilboda i statsallmenningane i Aurland. Aurland, den 28.1.13 Erling Nesbø fjellstyreleiar May- Britt Martinsen Bente Steine Bjørn Ebne John Håland INNHALDSOVERSIKT 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. FJELLSTYREARBEID OG -SAKER I 2014 OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR REIN OG REINSJAKT ELG- OG HJORTEJAKT SMÅVILT FISKE ANLEGGSPLANAR I ALLMENNINGEN ØKONOMI Framsidefoto: - Vedlegg: - Fangststatistikk fiske, Aurland statsallmenning 2014 - Fiskeutsetjinga i Aurland statsallmenning i 2014 - Fjellstyrerekneskapen for 2014 2 side 3 ” 4 ” 5 ” 6 ” 8 ” 9 ” 9 ” 11 ” 12 ” 12 1. FJELLSTYREMØTE OG SAKER I 2014 Det vart halde 7 møte og handsama 39 saker dette året. Fjellstyremøte den 7. februar: 1/14. Referat og meldingar 2/14. 2/14. Fjellstyret si årsmelding for 2013 3/14. Fjellstyrerekneskapen for 2013 4/14. Kjøp/leige av firmabil til fjellstyret 5/14. Omfanget av naudsynt kvelds- og helgearbeid for fjelloppsynet 6/14. Ny utforming av kontrollkort for villreinjakt 7/14. Møteplan for 1. halvår Fjellstyremøte den 25. februar: 8/14. Referat og meldingar 9/14. Val av medlem og varamedlem til styret for Aurland Setjefisk SA 10/14.Val av medlem og varamedlem til styret for villreinutvalet for Nordfjella 11/14.Utlysing av jaktfelt 1 (nedre) i Nordheimsdalen for hjortejakta 2014 og 20115 Fjellstyremøte den 27. mars: 12/14. Referat og meldingar 13/14. Endring av aldersgrense for tildeling av fellingsløyve for villrein 14/14. Jakttida for småviltjakta hausten 2014 15/14. Søknad om fellingsløyve for fritt dyr til jaktkarusellen 16/14. Saker til årsmøtet for villreinutvalet for Nordfjella den 5. april 17/14. Instruks for bruk av tenestebil Fjellstyremøte den 13. mai: 18/14. Referat og meldingar 19/14. Jakttida for småvilt i Aurland statsallmenning for 2014 20/14. Søknad om tilskot til gjennomføring av jegerprøvekurs- Aurland jakt- og fiskelag 21/14. Høyring: Forslag til fråsegn om avgiftsfritt feste for steinbu i Stemmerdalen – eigar Terje Thy 22/14. Prisar på fellingsløyva for rein 23/14. Prisar på overnatting på fjellstyrehyttene 24/14. Trekking av hjortejakta i jaktfelt nr. 1 i Nordheimsdalen Fjellstyremøte den 11. juni: 25/14. Referat og meldingar 26/14. Høyringsuttale frå Aurland fjellstyre vedrørande melding om 420kv-leidning Aurland – Sogndal 27/14. Samjaktavtalen for Nordfjella 28/14. Broksfjellet statsallmenning – reinsjakta 2014 29/14. Plan for fiskeutsetjinga i statsallmenningen i 2014 30/14. Trekking av fellingsløyva for villrein 3 Fjellstyremøte den 5. november: 31/14. Referat og meldingar 32/14. Oppsummering av reinsjakta 2014 33/14. Oppsynsbudsjettet for 2015 34/14. Trekking av vinnar av «skrapdyrordninga» 35/14. Søknad om løyve til oppsetjing av jervebås i statsallmenningen 36/14. Søknad om gåve til auksjon i samband med støtte for Sogn jord- og hagebruksskule Fjellstyremøte den 12. desember: 37/14. Referat og meldingar 38/14. Fjellstyrebudsjettet for 2015 39/14. Høyring: Rehabilitering av overløp Langavatnet og Vestredalsdammen Elles vart det, i samarbeid med grunneigarlaget for villreinvald, halde eit jegermøte i august. Fjellstyret har dette året vore representert i, eller medlem i, følgjande organ: Norges fjellstyresamband Villreinutvalet for Nordfjella, styret (Erling Nesbø) Aurland Setjefisk SA, styret (John Håland) Aurland Fiskeadministrasjon, styret (Håkon Øydvin) Regionalt oppsynsutval – ROU (Erling Nesbø) Fjellstyra på Hardangervidda – FH (observatørstatus, Erling Nesbø) Rådgjevande utval for verdsarvområdet Nærøyfjorden (Harald Skjerdal) Hjorteutvalet for Aurland (Håkon Øydvin) 2. OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING Desse tre har i 2013 vore tilsette i fjellstyret: Håkon Øydvin (fjelloppsyn, driftsleiar setjefiskanlegg) Knut Fredrik Øi (fjelloppssyn/gjetar, kommunal viltforvaltar) Harald Skjerdal (fjelloppsyn, dagleg leiar, 50 % stilling) I tillegg vart det i to månader leigd inn sommarhjelp til setjefiskanlegg, oppsyn og gjetarjobb. Dette engasjementet hadde Erlend Øydvin. Arbeidet til fjelloppsynet i 2014 fordelte seg slik: 1910 timar arbeid for fjellstyret utgjer 44,5 % av arbeidstida. 2387 timar arbeid for andre oppdragsgjevarar utgjer 55,5 % av arbeidstida. 4296 timar totalt. 4 Timeverka som vart utførde for andre oppdragsgjevarar enn fjellstyret fordelte seg slik (2013- tala i parentes): Oppdragsgjevar Aurland Setjefisk BA Villreinutvalet for Nordfjella Statens Naturoppsyn NINA Aurland/Lærdal Kommune Elveeigarlag Aurland og Lærdal Andre Arbeidsoppgåver Driftsansvar setjefiskanlegg, stamfiske, fiskeutsetjing Sekretærarbeid, teljingar, jaktoppsyn Rovviltkontakt, oppsyn, skjøtselsoppdrag Merkeprosjektet for villrein Viltforvalting Fiskeoppsyn Timar 665 (749) (NVE, Naturdata) Totalt: 25 (0) 2387 (2423) 491 (574) 332 (179) 7 (73) 856 (833) 11 (15) Kontroll- og reaksjonsstatistikk for fjelloppsynet i Aurland i 2013: Småviltjakt Storviltjakt Fiske Motorferdsle Vernereglar Anna SUM Tal kontrollerte Tal rapporterte saker 2 35 39 21 97 1 3 4 Tal saker oppgjort på staden 1 1 3 5 Tal informerte 192 3. FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE I samsvar med partnarskapsavtalen som er inngått mellom fjellstyret og Aurland barne- og ungdomsskule, vart det gjennomført fiskedagar for fleire skuleklassar sist haust. Fjellstyret dekkjer busstransporten for klassane som er med, og får noko tilskot frå Statskog SF (gjennom regionalt oppsynsutval) til dette. Desse klassane deltok: 5 26. august: 1.-2. klasse ABU, 24 elevar og 3 vaksne. Trekte 4 garn som var sette ovanfor terskelen i Stemmerdalen kvelden før. Fekk 7 fisk på garna. Desse vart tekne ut av garna, sløgde og steikte på steinhelle over bål. Erlend og Harald var med frå fjelloppsynet. 27. august: 3. og 4. klasse ABU, 28 elevar og 3 vaksne. Same opplegg som dagen før – fekk 11 fine aurar som vart sløgde og steikte på steinhelle over bål. Erlend var med frå fjelloppsynet. 28. augsut: Flåm skule 1.-6. kl, omlag 30 elevar og 3 vaksne. Same opplegg som føregåande dagar – fekk 8 aurar som vart sløgde og steikte på steinhelle over bål. Erlend og Harald var med frå fjelloppsynet. 3. september: 7. klasse ABU, 16 elevar og 2 vaksne. Tok opp prøvegarnserie i Vestredalsvatnet. Fekk vèl 30 fiskar på 12 garn. Håkon var med frå fjelloppsynet. Elevane vog og mælte fisken, og laga rapport frå prøvefisket. Fisken vart frosen og eten på klassen sin haustfest i oktober. Andre informasjonstiltak for skuleungdom og studentar: - Omvising i fiskehuset for 2 grupper studentar (7+35) frå universitetet i Kassel, Tyskland. Omvising i fiskehuset for 18 elevar frå Sogn jord- og hagebruksskule Føredrag kurs i regi av UMB – Ås, på jordbruksskulen. 11 studentar frå ulike land. Omvising i fiskehuset for 15 studentar frå høgskulen i Bø, tema fiskeforvalting i Aurland. Omvising i Brendeli (Nordheimsdalen) for gruppe på 12. 4. FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR Fjellstyret disponerer 5 opne hytter som alle som vil kan nytta mot å betala ein overnattingspris på kr. 100. Prisen vart auka med kr. 20 før sesongen i 2014. Det er gratis bruk av hyttene for born og ungdom under 20 år. Storebotnhytta (bygd i 1982, 7 sengeplassar) Melahytta (bygd i 1983, 14 sengeplassar) Hellenuthytta (bygd av Oslo Lysverker i 1965, 6 sengeplassar) Mellomvasshytta (bygd i 1985, 6 sengeplassar) Berdalsbu (bygd av Oslo Lysverker på 1960-talet, overteken av fjellstyret i 2008, 4 sengeplassar) 6 To hytter i Nordheimsdalen - hytta i Brendelid og hytta ved Sagi - står opne, og kan nyttast på same måten som fjellstyrehyttene nemnde ovanfor, i samsvar med ein avtale som er inngått mellom fjellstyret og allmenningsstyret. I tillegg eig fjellstyret desse hyttene: Gjetarhytte i Brubotn (bygd av Oslo Lysverker i 1966, overteken av fjellstyret i 1992. Base for sesongoppsyn/gjetar) Utleigehytte i Håbergsholene (overteken av fjellstyret frå Statnett i 2006, vert leigd ut til interesserte, 10 sengeplassar, leigepris fastsett av fjellstyret) Bruken av fjellstyrehyttene har auka ein del i 2014 i høve til tidlegare, ut frå tala i fjellstyrerekneskapen. Særleg galdt dette utleiga av hytta i Håbergsholene, som går gjennom nettportalen Inatur.no. Arbeid på fjellstyrehytter og -naust i 2014: I tillegg til vanlege driftsoppgåver som transport av ved og gass, henting av bos, reinhald, vask av sengeklede o.a. vart følgjande arbeid utført: Storebotnhytta: Hytta vart beisa, 2 strøk. På naustet ved nedste Storebotnvatnet vart det lagt ny takpapp, sidan mykje av den gamle var flekt av i storm hausten før. Utedoen retta opp og beisa. Mydlovasshytta: Hytta vart beisa, 2 strøk. Alle vindauge tekne heim, glasa kitta opp att, sprossene beisa. Glaskarmane inne vart målte. Melahytta: Det vart laga nye vindaugslemmar av vassfast kryssfinèr. Naustet ved Hellenutvatnet vart beisa, litt oppretting av vindskei m.m. Hytta i Håbergsholene: Nokre aluminiumspanner på taket måtte skiftast. Nordheimsdalen Ny bru over elva vart bygd hausten 2014. Denne kryssar elva like framom «hytta ved sagi,» d.v.s. nesten nede ved fjorden. Arbeidet vart gjort av fjelloppsynet, men gjekk inn som ein del av tenestekjøpet til SNO – Aurland. På hytta i Brendelid vart det teke storvask. Naust og båtar Fjellstyret hadde dette året 10 båtar liggjande ved vatn i allmenningen, til bruk i samband med fiske. Alle båtane er utstyrde med årar og redningsvestar. Nedste Storebotnvatnet (naust og båt) Fremste Melavatnet Hellenutvatnet (naust og båt) Holmavatnet (naust og båt, båten tilhøyrer Aurland jakt- og fiskelag) 7 Langavatnet ved Kongsheller Svartavatnet Nedste Mellomvatnet Alvsvatnet Katlamagasinet (båt i fiskesesongen) Nedre Berdalsvatnet Dei båtane som ikkje ligg i naust vert lagra ute om vinteren. Båtar som ligg ved regulerte vatn med store endringar i vasstand i fiskesesongen krev noko tilsyn gjennom sesongen, for at dei ikkje skal bli liggjande utpå når vasstanden stig. 5. REIN OG REINSJAKT Fellingsresultatet for Aurland statsallmenning, totalt for Aurland og for heile Nordfjella villreinområde jakta 2014: Vaksen bukk Bukk 1 ½ år Bukkekalv Vaksen simle Simle 1 ½ år Simlekalv Felt i alt Tildelt kvote Fellingsprosent Aurland statsallm. 14 6 18 41 3 7 89 152 58,6 % Aurland totalt 28 13 30 79 6 16 172 315 54,4 % Nordfjella 123 38 76 225 17 43 522 1200 43,5 % Det vart tildelt 1200 fellingsløyve for rein i Nordfjella i 2014, det same som året før. 181 innanbygds jegerar søkte om fellingsløyve på statsallmenningen, noko som var ein nedgang frå 193 i 2013. I tillegg var det 25 utanbygds søkjarar. Fjellstyret hadde 152 fellingsløyve til fordeling, i tillegg til 9 løyve på Broksfjellet, som ligg innanfor Hardangervidda villreinområde. Ved avslutta kortsal synte det seg at det var reinskort til alle innanbygds søkjarar som ynskte det. 9 av dei utanbygdsbuande søkjarane på varalista fekk tilbod om kort. Elles fekk 19 innanbygdsbuande jegerar påskrift av fjellstyret på til saman 32 kort frå nabokommunar, slik at desse kunne nyttast i Aurland. Fjellstyret gav som tidlegare år eit fellingsløyve for fritt dyr til jaktkarusellen som skyttarlaga skipar til i samarbeid med jakt- og fiskelaget. Dette er med på å auka oppslutninga om desse treningskveldane. «Skrapdyrordninga,» ordninga med premiering av dei som melder inn felte smådyr av simle og kalv, vart vidareførd i 2014. Fellingsløyve for simle og kalv for jakta 2015 vart trekt ut til ein vinnar, av dei 10 som hadde meldt inn slike dyr (kalv under 16 kg, simle under 28 kg) og fått slaktevekt attestert av oppsyn. Fjellstyret meiner det bør vurderast å dela desse løyva 8 på to uttrekte vinnarar ved komande trekkingsrundar. Dette er ei samarbeidsordning med grunneigarlaget for villreinvald. Jakta 2014 I Vestfjelli i Aurland var det flokkar med rein heile jakta. Både i Tarven-området og kring Storskavlen vart det jakta bra. Det var ikkje meldingar om flokkar som reiste sør for Bergensbana denne jakta. I Austfjelli (sone 1) stod flokkane lenger aust til å begynna med. Nokre periodar uti jakta var større flokkar innom, men lange periodar var utan dyr i desse områda. Alt i alt gjorde dette at det hardaste jakttrykket vart lagt på flokkane i sone 2. Heile 133 av dei 172 dyra som vart felte ved bruk av kort tildelt Aurlandsvald vart felte i sone 2. I Aurland nordre statsallmenning, og elles i områda vest for fylkesvegen Aurland – Erdal, var det ikkje ingen meldingar om rein denne jakta. Dette har stort sett vore stoda etter at denne vegen vart oppgradert til nasjonal turistveg, med den trafikkauken det har ført med seg. Samjaktavtalar Heller ikkje i 2014 slutta fjellstyret seg til samjaktavtalen som er inngått mellom dei fleste statsallmenningane og ein del private jaktfelt i Nordfjella. Grunngjevinga til fjellstyret for å halda seg utanfor, var at ein tykte avtalen vart for omfattande når han skulle gjelda frå 1. september og 5 dagar i veka (måndag-fredag). Samjaktavtalen mellom statsallmenningen og dei private jaktfelta i Aurland har vore verksam med små endringar sidan 1976. Avtaleperioden gjekk ut etter jakta i i 2014, og denne avtalen må difor gjennomgåast saman med grunneigarlaget for villreinvald før komande jakt. For statsallmenningen Broksfjellet og 3 private vald som ligg i Aurland innan Hardangervidda villreinområde vart det inngått samjaktavtale for jakta 2014. Berre eitt dyr vart felt i dette området. 6. ELG OG HJORTEJAKT I Aurland nordre statsallmenning (Nordheimsdalen) vart det tildelt 15 hjorteløyve og skote 7 dyr, noko som gav ein fellingsprosent på 46,7. Fellinga fordelte seg med 6 dyr på jaktlaget til Aurland jakt- og fiskelag, og 1 dyr på jaktlaget som jakta i det nedre feltet fram til utgangen av oktober. Det vart skote ein elg dette året, ei elgkolle på 1 ½ år. 7. SMÅVILT/ROVVILT Som dei to føregåande åra, vedtok fjellstyret å ha jaktstart for hare- og rypejakt den 1. oktober, og jaktslutt 23. desember. Grunngjevinga var at småviltbestanden framleis er svak. Det var store menger med smågnagarar i utmarka, særleg lomhund, så rovvilt og -fugl hadde rikeleg med mat. Dette resulterte nok i betre overleving av rypekulla enn det som har vore tilfelle dei føregåande åra. Ein del fine rypekull vart registrerte av jegerar og fjelloppsyn, 9 sjølv om det var langt mellom kulla. Jaktkortsalet syner ein auke i høve til dei to siste åra. Talet på felt småvilt og utbytet per jeger/dag er og noko større enn det har vore dei siste 3-4 åra. Dette går fram av fellingsstatistikken nedanfor. Den store smågnagarbestanden gav god mattilgang for fjellreven, som har kome att i området etter utsetjingane i Finseområdet. I 2014 vart det registrert eitt kull med fjellrevungar i allmenningen, i områda ved Namnlausvatnet/Vargene. Spor etter jerv var det lite av i Aurlandsfjella i 2014. Det er ikkje meldt om skade på sau/lam grunna jerv eller andre freda rovdyr i Aurland dette året. Fordelinga av selde jaktkortfor småvilt i 2014 og dei seks føregåande åra: 1 dag 2 dagar 3 dagar 1 veke Sesong Sum: 2014 77 49 37 7 13 183 2013 42 54 14 2 7 119 2012 27 12 4 3 2 48 2011 47 55 45 20 21 188 2010 56 72 45 18 30 221 2009 47 74 41 16 33 211 2008 47 40 38 8 29 162 I tillegg kjem 13 jaktkort selde for området Broksfjellet / Myrdal, som er eit jaktkortsamarbeid mellom fjellstyret og eit privateigd område. Det meste av kortsalet, både for Aurland statsallmenning og for Broksfjellet/Myrdal , skjer gjennom nettprotalen Inatur.no. Innkomne rapportar frå jegerane viser følgjande innrapporterte jaktinnsats og felling av småvilt i 2014 og dei 8 føregåande åra: År: Tal rapportar % levert rapport Tal jaktdagar Felte ryper/dag Felt vilt: Fjellrype Lirype Hare Villmink Raudrev Røyskatt Ramn Kråke 2014 81 39,3 2013 32 26,9 2012 11 22,9 2011 33 17,5 2010 36 16,3 2009 41 19,4 2008 17 10,5 2007 74 31,8 2006 76 39,8 166 0,5 54 0,28 22 0,25 93 0,3 80 0,4 97 0,7 32 0,8 139 0,6 152 0,6 83 3 4 1 - 15 1 - 5 1 1 1 25 5 - 29 4 1 - 60 3 2 1 2 25 1 1 - 74 4 2 - 80 15 2 - 10 8. FISKE 2014 vart ein særs god sesong for sportsfisket i allmenningen, medan garnfisket var under middels. Innrapportere fangstar på stong utgjorde heile 718 kg – meir enn dobbelt så mykje som tidlegare bestenotering, som var i 2013 med 350 kg. Varm vår og moderate snømengder gjorde at sesongen kom tidleg i gang. Sommaren var varm og fin, noko som gav gode sjansar for fisk på sportsreiskap. Nyhellermagasinet har langt frå dei gode fangstane som vatnet hadde for nokre år sidan. I 2014 var dette vatnet for første gong i «nyare tid» ikkje på topp på lista over oppteken fangst. Svartavatnet, med 310 kg på garn, låg så vidt over. Tal frå fangststatsitikken for 2014: Selde garnkort: Innlevert fangstrapport: Tal garnnetter: Tal fisk: Kg. fisk Største fisk: Fiskeinnsats pr. fiskar Sesongfangst pr. fiskar Fangst pr. garnnatt: Gjennomsnittstorleik: 94 90 (96 %) 1279 4310 (av dette 1612 på stong/oter) 1861 kg (” ” 718 kg på stong/oter) 1,7 kg (fiska i Tissedalsvatnet) 16,4 garnnetter 14,6 kg (gjennomsnitt for dei som har fiska med garn) 0,89 kg (2,1 fiskar) 0,42 kg (garnfanga fisk) Prøvefiske og tynningsfiske Tre vatn i allmenningen vart prøvefiska i 2014: Vestredalsvatnet: Prøvefiska av 7. klassen ved ABU, saman med fjelloppsynet. Fisket syner at vatnet framleis har ein tett bestand med kondisjon og vekst på fisken under middels. Dette trass i at det gjennom fleire år er drive aktivt tynningsfiske i vatnet. Det bør fiskast hardare enn i dag i dette vatnet. Katlamagasinet: Prøvefiska av Sogn jord- og hagebruksskule. Utfylt fangstskjema syner at bestanden framleis er for tett, med vekststagnasjon før fisken når 30 cm og k-faktor under 1,0. Nedre Berdalsvatnet: Prøvefiska av Sogn jord- og hagebruksskule. Utfylt fangstskjema tyder på at bestanden er tett, med vekststagnasjon kring 30 cm og k-faktor under 1,0. Sommaren 2014 vart dei ikkje drive noko målretta tynningsfiske i regi av fjellstyret i noko vatn i allmenningen, noko som har vore gjort fleire tidlegare sesongar, m.a. i dei vatna som vart prøvefiska sist haust. 11 Fiskeutsetjing Fjellstyret står for fiskeutsetjinga i alle uregulerte vatna i statsallmenningen, medan E-co Vannkraft AS har anvaret for å følgja opp utsetjingspålegget i dei regulerte vatna. All fisk vert utsett som sommargammal, og vert produsert lokalt på anlegget til Aurland Setjefisk SA, frå rogn av lokal stamfisk. I 2014 vart det sett ut 7800 fisk i dei uregulerte vatna i allmenningen. Sjølve utsetjinga vert gjort på dugnad, i tillegg til at fjelloppsynet set ut ein del. 9. ANLEGGSPLANAR I ALLMENNINGEN Fjellstyret har i 2014 fått kjennskap til to større planarbeid som vil innebera store anleggsarbeid i Aurland statsallmenning dei komande åra, med konsekvensar for fleire av dei brukarinteressene som fjellstyret skal vareta. Ny 420 kv kraftline Aurland – Sogndal Det er av Statnett lagt fram planar om ei ny kraftline som skal erstatta noverande 300 kv line. Denne går gjennom Aurland nordre statsallmenning. I følgje meldinga som er lagt fram av Statnett, vert det teke sikte på å vera ferdig med bygginga av ny line i 2019, og å riva den eksisterande lina året etter. Fjellstyret har i 2014 delteke på eit informasjonsmøte om prosjektet, i tillegg til at det er halde eit møte mellom repr. frå fjellstyret og prosjektansvarlege i Statnett, for å drøfta tiltak for å redusera ulemper for brukarane i allmenningen. Fjellstyret har sendt høyringsuttale til NVE. Plan for rehabilitering av reguleringsdammar i Aurlandsanlegga E-co Energi AS er av NVE pålagt å forsterka dei fleste damanlegga sine i Aurland, i tråd med nye retningsliner som er vedtekne. Dette vil innbera store anleggsarbeid alt frå våren 2015. Deretter vil det vil verta anleggsarbeid kvart år i sommarmånadene i 7-8 år framover. Fjellstyret har delteke på orienteringsmøte i regi av E-co Energi, og gjeve høyringsinnspel på planar for arbeid ved Vestredalsdammen og Langavatnet/Adamsvatn i 2015. 10. ØKONOMI Fjellstyrerekneskapen for 2013 syner at samla inntekter (medrekna renteinntekter) vart kr. 2.447.392 og samla kostnader kr. 2.230.208. Dette gav eit årsoverskot på kr. 217.184. Styret meiner at den framlagde årsrekneskapen viser eit rett bilete over eigedelar og gjeld, finansiell stilling og resultat. I samsvar med rekneskapslova § 3-3 vert det stadfesta at vilkår om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen. 12
© Copyright 2024