Sak 36/15 - Aurland Fjellstyre

SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Sak 36/14.
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
Fjellstyrebudsjettet for 2016
Budsjettframlegg er utarbeidd. Som samanlikningsgrunnlag er medteke rekneskapstala
for 2014, budsjett og prognose for 2015. I prognosen for 2015 er det m.a. teke
utgangspunkt i rekneskapstala pr. 31.10.
Budsjettforslaget legg opp til eit årsunderskot på kr. 33 000.
Kommentarar til postane i budsjettet:
INNTEKTSSIDA:
3011 Utleige arbeidskraft/snøscooter
Gjeld avtalen om utleige av ½ årsverk til Aurland Setjefisk BA, ½ årsverk til Lærdal
kommune (viltforvalting), tenestesal til SNO i samband med jervregistrering og
rovdyrskadedokumentasjon, i tillegg til anna arbeid for SNO og andre. Arbeidsomfang om
lag det same som inneverande år.
3012 Villreinutvalet - refusjon oppsyn/sekretær
Reknar med omlag tilsvarande arbeidsmengd som i 2015.
3300 Statskog - ref. oppsynsutgifter
Etter fjellova skal 50 % refunderast, men statsbudsjettet avgjer reèll refusjon (ein liten
auke i samla refusjonspott til fjellstyra i statsbudsjettet for 2016). Eige budsjett for
oppsynet i Aurland er sendt til Statskog SF. Går i budsjettframlegget ut frå at tildelt sum
vert noko avkorta i høve til omsøkt tilskot, ut frå kva som har vore normalen dei siste åra.
3302 Erstatningar Eco Vannkraft
Desse vert indeksregulerte med visse mellomrom (kvart 4. år) Regulering skjedde sist ved
utbetalinga i juli i 2014.
3303 Tilskot grunneigarfondet/ Statskog
Tilskot til friluftstiltak for born og unge – skulefiskedagane - er teke med her. Dette vert
utbetalt av Statskog SF, men vert fordelt av regionalt oppsynsutval (ROU). Det er
transporten av skuleborn til fiskedagar i fjellet fjellstyret har avtalt med skulane å dekka.
3304 Oppsynstilskot grunneigarar
For oppsyn på privat grunn, 1 øre pr. daa, i følgje avtale med grunneigarlaget.
SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
(Sak 36/15, side 2)
INNTEKTER, FRAMHALD:
3306 Fiske
Interessa for fiske i Aurland er stor, så eg reknar med at fiskekortinntektene (garnfiske +
fjellstyret sin del av Aurlandskortsalet) held seg på det nivået dei har lege på dei siste par
åra (med unnatak av sommaren i år, som vart dårleg grunna store mengder snø og is).
Prisane er samordna med kortprisane på dei private sonene i fiskekortordninga, og vart
auka før sesongen 2013.
3307 Sal av fellingsløyve rein
Går ut frå like stor kvote som i 2015. Prisane vart sist justerte i 2014. Fjellstyret bør
vurdera ny prisjustering i 2016, for at ikkje prishoppet skal bli for stort ved kvar justering.
3308 Sal av fellingsløyve hjort/elg
Inntekta her avheng litt av om elgen vert skoten eller ikkje. Avtalane om hjort- og elgjakt i
Nordheimsdalen vart forhandla på nytt i 2012. Då vart prisane noko oppjusterte. Avtalen
med jakt- og fiskelaget varer ut jakta 2015.
3309 Småviltjakt
Fjellstyret sitt vedtak om 2 veker utsett jaktstart i 2012 førde til eit stort fall i inntektene
frå sal av jaktkort - salet vart ned mot 20 % av det som har vore vanleg, slik som ein
hadde rekna med då vedtaket vart gjort. Sjølv med like sein jaktstart i år har inntektene av
jaktkortsalet auka att. Det kan verka som om mange jegerar tilpassar seg seinare jaktstart,
og jaktar så sant ver og føre gjer det mogeleg – i år fram til midten av oktober.
3310 Festeavgifter
Fjellstyret har krav på 50 % av dei festeavgiftene som vert innbetalte til Statskog SF for
hytter og overnattingsverksemder.
3311 Overnatting fjellstyrehytter
Bra auke i tal overnattingar på hyttene til fjellstyret i år, m.a. grunna den fine sommaren.
Reknar med at desse inntektene vil halda seg på 2014-nivået framover, eller auka litt,
sidan fleire no har vorte kjende med tilbodet. Det bør vurderast å justera prisane på
utleiga av hytta i Håbergsholene, som har vore uendra sidan tilbodet kom i 2007.
Interessa for å leiga hytta har auka mykje sidan tilbodet vart lagt ut på Inatur for eit par år
sidan.
3312 Sal av trykksaker fjellstyrekontoret
Salet av bladet "Villreinen" og valdkartet for Nordfjella.
SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
(Sak 36/15, side 3)
8070 Renteinntekter
Renter av bankinnskot og av lån til Aurland Setjefisk BA. Rentenivået har vore lågt dei
siste åra, og vil truleg halda seg lågt.
UTGIFTSSIDA:
5001 Løner oppsyn (refusjonsgjevande)
Omlag 44 % av dei samla lønskostnadene for 2015 gjeld refusjonsgjevande arbeid for
fjellstyret – reknar med om lag same fordeling av arbeidstida neste år. Det er teke
utgangspunkt i tala i oppsynsbudsjettet for 2016 som er vedteke av fjellstyret og sendt
Statskog SF til godkjenning. Der var det rekna med ein lønsauke på 3,5 %. I tillegg til 2,5
årsverk faste tilsette, er det rekna med innleige av ferievikar tilsvarande 1 månadsverk til
ettersyn med setjefiskanlegg og anna arbeid.
5001 Oppsyn anna arbeid (ikkje refusjonsgjevande)
Lønskostnader i samband med arbeid for andre instansar, som er inntektsgjevande for
fjellstyret. Utgjer i 2015 omlag 56 % av arbeidsmengda.
5401 Arbeidsgjevaravgift (refusjonsgjevande)
10,6 % av lønsutgiftene som gjeld arbeid for fjellstyret.
5401 Arbeidsgjevaravgift (ikkje refusjonsgjevande)
10,6 % av ikkje-refusjonsgjevande lønskostnader (Oppsyn anna arbeid og
Møtegodtgjersle).
5451 Pensjons- og yrkesskadeforsikring
I samsvar med inngåtte avtalar med dei tilsette (4 % av løn).
7101 Bilgodtgjersle
Oppdrag frå andre instansar (som t.d. SNO og Aurland Setjefisk) fører til mykje køyring. På
den andre sida kjem ein del av dette att på inntektssida, ved at køyringa vert fakturert.
Det vart lagt opp til ei halvering av utbetalinga til bilgodtgjersle i 2015, då fjellstyret i fjor
vår kjøpte inn ein fimabil til å ta den tyngste køyringa og dei lengste turane. Det ser ut til
at dette langt på veg held stikk.
7151 Diettgodtgjersle
Nivået på denne er nokså stabil.
5331 Møtegodtgjersle
Kommunestyret vedtok i januar 2009 godtgjersler til fjellstyremedlemane. Eg har lagt
desse til grunn i budsjettframlegget.
SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
(sak 36/15, side 4)
6471 Driftsutgifter materiell
Drifts- og vedlikehaldsutgifter av snøscooter, tilhengar, båtar m.v. Det er særleg
vedlikehald av snøskuter som kan dra opp denne kostnaden.
6472 Firmabil
Månadleg leasingavgift, drivstoff, årsavgift, forsikring og andre utgifter til bilhald.
6475 Andre utgifter oppsynsordninga
Skal dekka arbeidsklede, pålagt sikringsutstyr og godtgjersle for bruk av eige utstyr i
samsvar med tariffavtale, og supplering og fornying av dette. Avgifter for sikringsradio og
abonnement og bruk av mobiltelefon kjem og på denne budsjettposten.
6700 Rekneskap/revisjon
Må rekna med ein viss auke, i samsvar med kostnadsnivået elles.
6710 Kontorutgifter
Om lag på samenivå som i 2015.
7000 Reinsjakt (fellingsavg. m.m.)
Omlag på same nivå som i 2015. Fellingsavgifta for hjort og elg ligg og inne i denne
summen.
7001 Fiske
Hovuddelen av summen gjeld betaling av setjefisk kjøpt frå Aurland Setjefisk BA.
7002 Hytter, drift
Den oppsette summen skal dekka kostnadene med drift og rutinemessig vedlikehald av
fjellstyrehyttene.
7003 Tilskot til tiltak i allmenningen
Kostnaden med planlagde fiskedagar for skuleklassar vert ført her. Som oppfølgjing av
fiskeprosjektet som fjellstyret samarbeider med fjellstyresambandet om vert det
føreslege å setja av pengar til å planleggja og søka om godkjenning for ein vegstubbe frå
parkeringsplassen i Råsdalane og ned til vatnet. Hensikten er å kunna køyra ned med
båthengar, med tanke på å betra tilgjenge og utnyttinga av fisket i dette vatnet. Som kjent
gav Eco Energi avslag på søknaden fjellstyret sende om å få nytta ei nedkøyrsle som vart
laga ved lukehuset sist sommar, i samband med utbetringa av overløpet ved dammen.
Planleggingskostnad for tiltaket er sett til kr. 20.000, etter rådføring med Aurland
Naturverkstad. Ein bør ta sikte på å tilskotsfinansiera det meste av anleggskostnaden.
SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
(sak 36/15, side 5)
7004 Tilskot til allmennyttige føremål
Kan løyvast av overskotet i fjellkassa, jfr. § 11 i Fjellova.
7010 Møte/kurs/reiser
Skal m.a. dekka kurs- og møteutgifter både for fjellstyremedlemar og tilsette. I 2016 er
det både kurs for fjellstyra og landsmøte i fjellstyresambandet, så kostnaden vert noko
større enn normalt.
7020 Hytter, bygningstiltak
Hytta i Håbergsholene:
Det vart i 2011 utført el-sjekk av fjellstyret si hytte i Håbergsholene, og det var budsjettert
med utbetring av anlegget i 2014, berekna å kosta kr. 21.000. E-co Energi tok på seg å ta
jobben med eigne folk, difor er summen ikkje medteken i budsjettet no. Ein vasslekkasje
under hytta vart ordna for eit par år sidan. Det ser så langt ut til at dette har stabilisert
grunnen under hytta, slik at store tiltak med grunnmur e.l. ikkje treng gjerast. Det må
gjerast noko arbeid med listing oppunder taket inne, og pussing/måling av
kjøkeninventar. Dette krev noko arbeid, men liten materialkostnad. Slangen som er lagt
frå vasskjelda ovanfor vegen og ned til hytta bør gravast ned, noko som krev ei lita
gravemaskin. Når ein først er der med maskin, bør det gravast ei dreneringsgrøft langs
veggen ovanfor hytta. Samla kostnad for gravearbeid er rekna til kr. 25.000.
Brubotnhytta:
Taket på tilbygget (vedbua) er utett og må ha ny papp. Nokre råtne rupanelbord i sutaket
må skiftast. Materialkostnad vert rekna til kr. 5000.
7420 Kontingent Norges fjellstyresamband
Landsmøtet til fjellstyresambandet i 2014 vidareførde tidlegare nytta kontingentsats, som
seier at kontingenten skal vera 4 % av bruttoinntektene til fjellstyret året før (3 % for
fjellstyre med bruttoinntekt under 200.000).
7425 Kontingent og tilskot villreinutvalet
Fjellstyret betalar fast kontingent. I tillegg er det innført eit oppsynstilskot for å dekka
noko av villreinutvalet sitt oppsyn. For fjellstyra er dette på 3 øre pr. daa
(2 øre for dei private jaktfelta).
7426 Kontingent Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda
Dette er ein ”informasjonskontingent" som fjellstyret betalar for å få all informasjon som
vert utsend. Fjellstyret har møterett i dette organet.
SAKSUTGREIING
Aurland fjellstyre
Møtedato: 9.12.15
Stad: Tokvam
(sak 36/15, side 6)
7510 Forsikring hytter og materiell
Går ut frå same nivå på forsikringspremien som det siste året.
7005 Trykkeutgifter og informasjonstiltak
Utlegging av informasjon om tilboda i Aurland på Inatur sine sider og på fjellstyret si eiga
nettside. Utgifter til trykking av jakt- og fiskekort og anna infomateriell kjem og på denne
posten, sameleis annonsering av fjellstyremøta. Kjøp av bladet «Villreinen» til alle som tek
ut jaktkort for villrein utgjer ein vesentleg kostnad.
7006 Mobiltelefon/sikringsradio
Ein liten sum vert avsett i tilfelle det vert trong for utskifting.
7007 Båt/naust/motor
Forslag om å kjøpa inn ein ny Pioner 13’. Denne er tenkt å erstatta den gamle, utette
aluminiumsbåten som dels har vore nytta ved hytta i Håbergsholene, og dels i samband med
stamfiske og anna. Kostnad kr. 24.000. Torvtaket på naustet ved Hellenutvatnet må vølast –
me føreslær at det vert lagt impregnert bordtak på dette, slik det vart gjort på
«Holmanaustet.» Materialkostnad kr. 12.000.
7008 Kontorutstyr
Ingen planlgade kjøp, men ein sum bør setjast av i tilfelle det syner seg å vera trong for noko
utskifting.
7009 Byte av snøskuter/kjelke/tilhengar
Ein gammal biltilhengar som fjellstyret eig, 1982-modelll, er så sliten at han bør sanerast.
Det vart i år kjøpt ein liten båthengar som gjer mange av dei same oppgåvene. Ein liten
biltilhengar er likvel ynskjeleg, i tillegg til den større skuterhengaren.
7021 Garasje
Garasjeleiga som fjellstyret betalar til Aurland Setjefisk BA var fram til i fjor kr. 11.000 i året.
Det vart i år bygt eit halvtak for å få plass til båtar, tilhengarar under tak. Ein ny leigeavtale
med høgare årleg leige må drøftast med styret for Aurland setjefisk SA.
8169 Finansutgifter
Gebyr og rentekostnader.
Fjellstyrekontoret, den 1.12.15
Harald Skjerdal