SAKSUTGREIING Aurland fjellstyre Møtedato: xx.9.15 Stad: Fjordsenteret Sak 29/15. Innføring av restriksjonar på småviltjakta i Aurland statsallmenning for 2015 Saksopplysning/vurdering: Fjelloppsynet har i sommar/haust registrert svært lite ryper i statsallmenningen og elles i Aurlandsfjella. T.d. har sesongoppsyn Erlend Øydvin på 125 timar ute i felt i juli – august registrert berre 25 ryper totalt, d.v.s. 1 fugl per 5. time i gjennomsnitt. Observasjonane til dei andre som jobbar i fjelloppsynet går i same lei; sjølv i normalt gode rypeområde i allmenningen er det lite fugl å sjå, og det ein ser er stort sett vaksen fugl. Dette tyder på at kjuklingproduksjonen har vore særs dårleg. Informasjon innhenta frå reinsjegerar og andre tyder på det same. Takseringsresultat andre stader i Sør-Noreg syner at stoda er nokså lik over alt (sjå t.d. heimesida til Norges Fjellstyresamband, der ein del av desse resultata er publiserte). Dei som har uttalt seg om årsakene til den dårlege produksjonen syner til dårleg ver i klekkeperioden, kollaps i smågnagarbestanden (som gjer at rovviltet går meir over på å beskatta rypa). I tillegg låg snøen langt utover sommaren, det var få snøberre parti, og såleis vanskeleg for rypene å unngå at reira vart røva av rovvilt. Fjellstyret har, ut frå § 23 i fjellova, høve til å innføra restiksjonar på jakta, m.a. når det gjeld jakttid og -område, tal vilt som kan fellast, og tal jaktkort som vert selde. Fjellstyret må og gjera vurderingar etter Naturmangfaldlova, før slike vedtak vert fatta. Kommunen skal ha saka til uttale, før vedtak vert gjort. Det er krav om førehandsvarsling minst 1 veke før saka skal handsamast, slik at dei det gjeld får høve til å uttala seg. Vedtaket etter denne paragrafen i Fjellova tek til å gjelda 1 veke etter at vedtaket er gjort, mot 3 veker etter vedtaksdato for dei fleste andre type vedtak som fjellstyret gjer med heimel i Fjellova. Fjellstyret har tidlegare gjort vedtak om innkorta jakttid for rype og hare. Jakttida som er vedteken for desse artane i 2015 er frå og med 1. oktober til og med 23. desember. Det har frå tidleg på nyåret vore opna for kortsal gjennom nettportalen Inatur.no, og det er til no selt jaktkort til omlag 50 jegerar, alle utanbygdsbuande. Det meste av dette er dagskort og 2-dagarskort. Me har høve til å koma i kontakt med alle desse gjennom kontaktinfo som ligg på inatur-sida. Eg meiner det vil vera lite føremålstenleg å innføra full freding av småviltet i Aurland statsallmenning denne sesongen. Det vil i så fall innebera eit betydeleg arbeid med å kontakta dei som har kjøpt kort med informasjon om at dei likevel ikkje får jakta, og deretter refusjon av heile eller deler av summane som er innbetalte for jaktkort (ein viss del av innbetalingane gjeld gebyr og provisjon til Inatur). Eg vil tilrå at fjellstyret i staden stoggar kortsalet gjennom inatur, og at det heller ikkje vert lagt ut jaktkortblokker på dei vanlege salsplassane i år. SAKSUTGREIING Aurland fjellstyre Møtedato: xx.9.15 Stad: Fjordsenteret Sak 29/15, side 2. På denne måten vert talet på jegerar svært avgrensa, i høve til det som er vanleg (119 selde kort i 2013, 183 i 2014). Sidan det i den aktuelle bestemmelsen i Fjellova står at det ved innføring av restriksjonar på jakta skal vera rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande jegerar, bør det likevel vera ein opning for å selja kort til innanbygdsbuande (alt sal til no gjennom Inatur har gått til utanbygdsbuande). Dette kan i praksis gjerast ved at dei som er interesserte vender seg til fjellstyrekontoret for å få kjøpt kort. Til vanleg er det snakk om 1015 innanbygds småviltjegerar som kjøper kort på allmenningen. Eg vil og føreslå at fjellstyret fastset ein fellingskvote på 1 rype per jaktdag for kvar jeger. Sjølv om det er vanskeleg å ha oppsyn med at ein slik regel vert følgd under jakta, vil innføringa av ein slik dagskvote i seg sjølv kunna ha ein effekt, ved at ein signaliserer at det i år er ein ekstraordinær situasjon med lite fugl, der uttaket bør vera minimalt. Alle jegerar bør oppmodast om heller å skyta vilt som beskattar rypa, som rev, ramn, kråke og røyskatt. Vurdering etter Naturmangfaldlova §§ 8 – 12 § 8 (kunnskapsgrunnlaget): Lokale observasjonar, i tillegg til takseringar andre stader i fjellområda i Sør-Noreg, syner at hekkinga til fjell- og lirype har slege feil i år, og at produksjonen har vore minimal. Forskarar som har uttalt seg meiner at jaktuttaket bør avgrensast i slike år. § 9 (føre-var-prinsippet): Sjølv om ein ikkje veit sikkert om normal jakt vil utgjera noko trugsmål mot bestanden lokalt, kan ein vera på den sikre sida ved å redusera jakttrykket slik det er føreslege , stoppa kortsalet på nettet og innføra dagskvote per jeger. § 10 (økosystemtilnærming og samla belastning): Det er klimatiske og biologiske tilhøve som er årsak til den dårlege bestanden no. Ein kan unngå å «leggja stein til børa» ved å leggja restriksjonar på jakta. § 11 (kostnadene ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar) og § 12 (miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar) er uaktuelle i denne samanhengen. SAKSUTGREIING Aurland fjellstyre Møtedato: xx.9.15 Stad: Fjordsenteret Sak 29/15, side 3. Framlegg til vedtak: 1. Fjellstyret stoggar salet av jaktkort for rype og hare i Aurland statsallmenning (gjeld ikkje felleskortet Myrdal/Broksfjellet). Dei som fram til 4. september har kjøpt jaktkort gjennom Inatur får høve til å nytta dette (gjeld omlag 50 kort). 2. Det vert innført dagskvote for rype på 1 fugl per jeger. Slik kvote kan ikkje overførast frå ein dag til neste, eller mellom jegerar. 3. Det vert høve for innanbygdsbuande jegerar å kjøpa jaktkort på fjellstyrekontoret (inntil 10 kort totalt). Kortsal vil elles ikkje skje på dei vanlege salsplassane i bygda. Vedtaket er gjort med heimel i §23 i Fjellova. Fjellstyrekontoret, den 3.9.15 Harald Skjerdal -dagleg leiar-
© Copyright 2024