LAB handboka for medisinsk biokjemi

LAB handboka for medisinsk biokjemi
Sist oppdatert 20. februar 2015
Den elektroniske handboka er vår introduksjon til "Analyseliste for medisinsk
biokjemi". Vår hensikt med handboka er å gjere samarbeidet med Avdeling for medisinsk
biokjemi i Ålesund og Volda lettare.
Etter samanslåinga med Molde og Kristiansund, vil laboratoria ved dei fire
sjukehusa samarbeide tett. Ikkje alle analyser blir utført ved alle laboratoria. Ålesund og
Molde vil naturlegvis ha det mest omfattande repertoaret, og prøver vil bli sendt mellom
sjukehusa for analysering. Analyselista for Molde og Kristiansund finn ein på
intranett/internett tilsvarande som for Ålesund og Volda.
Handboka inneheld relevant informasjon om rekvirering, kvalitetspolitikk, svartid, samt
informasjon om taking og innsending av prøver.
Dei ulike laboratoria har kome fram til sine referanseområde som resultat av mange ulike
vurderingar. For dei vanlegaste analysane er det innført felles referanseverdiar i Norden
(NORIP-verdiar).
Vi håper boka gir verdifull informasjon. Den kan likevel ikkje erstatte lærebøker. For dei
som vil ha breiare oversikt, vil vi sterkt anbefale «Laurell: Klinisk kjemi i praktisk
medisin, Studentlitteratur, Lund». Ei anna bok vi vil anbefale er: «Brukerhåndbok i
medisinsk biokjemi av Stakkestad og Åsberg, utgitt på Akademisk forlag, Haugesund».
Den er på mange måtar ein felles basis for medisinsk biokjemi i Norge. «Nasjonal
brukerhåndbok i Medisinsk Biokjemi» kan også lastas ned som App for
Smart-telefon.
Elektronisk handbok og analyseliste blir fortløpande oppdatert.
Vi håpar boka vil vere til nytte. Vi er takknemlege for alle forslag som kan gjere den
betre.
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi, februar 2015
Brit Valaas Viddal
Avdelingssjef
Ann Helen Aakernes
Kvalitetsrådgivar
Kvalitetssikring av laboratorietenester
Kvalitetspolitikk
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi – som seksjon Ålesund og Volda
er ein del av, skal følgje dei standardardar og målsettingar som er beskrive i klinikken
sitt styringssystem. Klinikken skal følgje prosedyrar og retningsliner som er gitt av
overordna nivå i helseføretaket og frå statleg hald.
For den akkrediterte eininga i klinikken, skal styringssystemet vere i samsvar med NS-EN
ISO/IEC 15189.
Klinikk for diagnostikk skal sørgje for at brukarane er kjent med klinikken sin
kvalitetspolitikk.
Leiinga ved Klinikk for diagnostikk pliktar å sørgje for at alle medarbeidarane er kjent
med styringssystemet og er i stand til å bruke dette effektivt i arbeidet. Leiinga vil sørgje
for dette ved kontinuerleg opplæring og ved å føre tilsyn gjennom interne revisjonar.
Leiinga forpliktar seg til å utvikle styringssystemet, med det som mål å stadig forbetre
klinikken sine tenester.
Praktiske følgjer av dei overordna måla
For pasienten betyr dette:
• at han/ho blir møtt med respekt og omtanke
• at han/ho får nødvendig informasjon
• at prøver blir tatt utan unødvendig plage og venting
• at analyseresultata er pålitelege
For rekvirenten betyr dette:
• at prøvene blir tatt til rett tid
• at Ø-hjelpsprøvar blir analyserte og svart ut raskt
• at andre analyser blir utført innan rimeleg tid
• at resultata er pålitelege
• at resultata blir rapporterte til rett tid
For dei tilsette betyr dette:
• at pasientane og kollegaene blir behandla med respekt og omtanke
• at prøver blir tatt, behandla og analysert på korrekt måte
• at rett svar kjem til rett pasient til rett tid
• at alle gjer det dei kan for å halde inngådde avtalar (opningstid, prøvetaking m.m.)
• at alle jobbar kvalitetsbevisst opp mot klinikken sine kvalitetsmål og tar ansvar
for kvaliteten på eige arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar og retningsliner.
For føretaksleiinga betyr dette:
• at personlege og økonomiske ressursar blir utnytta mest muleg effektivt
• at arbeidet blir utført på ein måte som skaper godt omdøme for arbeidsplassen
Akkreditering
Ved Avdeling for medisinsk biokjemi- seksjon Ålesund er prøvetaking, det meste av
aktiviteten på blodbanken og 85% av analysevolumet akkreditert etter NS-EN ISO/IEC
15189. Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet sitt personale, opplæring,
internrevisjon, utstyr, prosedyrar, arkivering, tilgjengelegheit og anna. For å
oppretthalde akkrediteringa, blir laboratoriet vurdert av eksterne bedømmarar omlag ein
gong årleg,
Ei oversikt over akkrediterte analyser finst i akkrediteringsdokumentet.
Rekvirering
Frå primærhelsetenesta blir laboratorieanalyser bestilt ved bruk av papirrekvisisjonar. For
laboratoriet i Ålesund er desse utforma for elektronisk lesing. Sjukehusa sine poliklinikkar
og avdelingar skal rekvirere elektronisk.
Ved elektronisk rekvirering blir signaturen til den som har rekvirert og
rekvireringstidspunktet logga. Rekvirering, anten ved bruk av papirrekvisisjon eller
elektronisk, vert sett på som ei kontraktinngåing mellom rekvirent og laboratorium om å
utføre analyser.
Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane
Avdeling for medisinsk biokjemi, Ålesund sjukehus (MBÅ):
Bl.nr: 1213:
Rekvisisjonsskjema Blod Plasma Serum (til bruk i primærhelsetenesta)
Bl.nr: 1214:
Rekvisisjonsskjema Blod Plasma Serum Spinalvæske (internt i
sjukehuset)
Bl.nr: 1022:
Rekvisisjon for svangerskapsimmunologi
Elektronisk:
Bestillingsskjema: Blodprodukt
Bl.nr: 05.06:
Urinundersøkingar (internt i sjukehuset)
Avdeling for medisinsk biokjemi, Volda sjukehus (MBV):
Inneliggande pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBV
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBV
Tinging av blodprodukt
Elektronisk rekvirering
Einingar internt i sjukehusa skal rekvirere prøver elektronisk i føretaket sitt
journalsystem. Signaturen til den som har rekvirert, samt rekvireringstidspunktet, kan
sporast i laboratoriedatasystemet.
Elektronisk rekvirering er, på lik linje med rekvirering på papir, ei kontraktsinngåing med
laboratoriet. Til grunn for denne praksisen ligg kjennskap til laboratoria sitt
rekvisisjonsskjema og laboratoria si handbok.
Ansvar for prøvetaking og sending av prøver
Rekvirenten er ansvarleg for korrekt prøvetaking og merking. Korrekt utfylt rekvisisjon
skal følgje prøvene. Sendinga skjer anten ved kofferthenting eller ved vanleg post. Ved
sending i posten gjeld Postverket sine reglar for sending og emballering av biologisk
materiale.
Dersom vi oppdagar alvorlege feil eller manglar ved ei mottatt prøve, vil denne bli
forkasta. Rekvirenten vil få beskjed om dette så snart som råd og vanlegvis pr. telefon.
Tilleggsrekvirering
Dei to laboratoria oppbevarer prøvematerialet i varierande tidsrom etter at analysane er
utført. Rekvirentar kan ta kontakt med laboratoriet dersom behov for vidare undersøking
av ei prøve skulle melde seg.
I nokre tilfelle utfører laboratoria tilleggsanalyser utan å konferere med rekvirenten. Det
gjeld når ei tilleggsanalyse heilt klart vil vere av stor verdi for å nå fram til ei diagnose.
Dessutan foretar blodbanken tilleggsrekvirering i samband med påvising av irregulære
blodtypeantistoff.
Øyeblikkelig hjelp
For inneliggande pasientar kan analyser rekvirerast som ”Ø-hjelp”. Ved elektronisk
rekvirering gjer ein det ved å velje prioritet ”Haster”, og på papirrekvisisjonane ved å
hake av i ruta for ”Ø-hjelp”. Prøvene blir då prioriterte og svar blir gitt elektronisk eller
per telefon straks dei er ferdige.
I RoS (Doculive) finn ein Ø-hjelps repertoaret under ei eiga fane ”Ø-hjelp”. På
papirrekvisisjonane er der eit eige felt utfor dei analysane som kan bestillast som Øhjelp.
Rekvirentar frå primærhelsetenesta kan, når situasjonen tilsei det, ta kontakt med
laboratoriet for å få analyser utført raskt. I slike tilfelle vil svar bli ringt til rekvirenten. Vi
ringer også prøveresultat når dette er skrive på rekvisisjonen.
Vi ser det som rekvirenten sitt ansvar å sørgje for tilgang til prøveresultat raskt dersom
det er nødvendig ut frå pasienten sin situasjon.
Elles ringer vi ut prøveresultat etter skjønn og etter ei etablert prosedyre for dette.
Kontakt med rekvirentane
Vi ønskjer å vere ein aktiv samarbeidspart for rekvirentane våre. Vi vil gjerne ha ein lav
terskel for kontakt både internt i sjukehusa og overfor eksterne rekvirentar.
Våre brukarar kan, når dei måtte ønskje det, ta kontakt med laboratoria for å få råd i
tekniske spørsmål og i saker av laboratoriemedisinsk karakter. Det inneber også at
rekvirenten kan besøke laboratoria for å bli kjent med våre rutinar og vår
kvalitetspolitikk.
Vi vil gjere det vi kan for å utvikle tenestene våre for å ivareta alle brukarar sitt behov
for ei moderne laboratorieteneste. Har du synspunkt på dette, ta gjerne kontakt med oss
på telefon eller på e-post
Klinikk for diagnostikk samarbeider med Noklus (Norsk kvalitetsforbetring av
laboratorieverksemd utanfor sjukehus) i saker som gjeld kvalitetssikring av prøvetaking
og anna informasjon overfor brukarane i primærhelsetenesta. Elles informerer Klinikk for
diagnostikk sine brukarar via rundskriv og via Bio-posten
Utgiving av svar – forventa svartid
Laboratoria gir ut svar elektronisk og på papir. Ein del rekvirentar får ikkje lenger
papirrapportar (kfr. Meldingsløftet). Etter kvart skal alle papirrapportar vekk. Dette skjer
gradvis og i samråd med kvart enkelt legekontor/rekvirent.
Dei fleste analyser (unntatt dei som er nemnd nedanfor) blir analysert og svart ut
elektronisk same kvardag eller kvardagen etter at prøva er tatt. Same dag eller dagen
etter sendast papirrapport (til dei som fortsatt skal ha det). Dette gjeld for både
polikliniske og inneliggande pasientar.
Svartid for andre analyser
Følgjande analyser vert utført
tre gongar i veka:
LH
FSH
SHBG
Prolaktin
Østradiol
Testosteron
Progesteron
AFP
CEA
Ca-15-3
Ca-15-9
Ca125
Anti-Xa
Følgjande analyser vert
utført to gongar i veka:
C-peptid
PTH
ACTH
Cyklosporin
Takrolimus
Kortisol
Sæd-undersøkelse
Følgjande analyser vert
utført ein gong i veka:
Protein C
Protein S
APC-resistens
Alatop
Total IgE
Spesifikke IgE
Fenobarbital
Karbamazepin
Digoxin
Fenytoin
Valproat
Teofyllin
Homocystein
Veksthormon
IGF-1
IGFBP-3
Ceruloplasmin
Prealbumin
Orosomucoid
α 1-antitrypsin
Løyseleg transferrinreseptor
CDT
Kryoglobulin
Myoglobulin
Immunfix
Urin-elfo
U-Bence Jones
U-albumin/kreat-ratio
Telefonsvar
Laboratoria har interne rutinar for når svar skal ringast til rekvirenten. I tillegg blir svar
ringt når dette er avtalt med rekvirenten. Svar som blir gitt pr. telefon, blir sett på som
mellombels og ikkje akkreditert.
Bruk av underleverandørar
Analyserepertoaret innan fagområdet medisinsk biokjemi, og spesielt ved blodbanken, er
slik at det er lite aktuelt å sette bort rutinemessig analysearbeid til andre laboratorium.
Vi nyttar dermed ikkje underleverandørar for akkrediterte analyser.
Spesielt for antistoffutredning
I enkelte tilfelle kan blodbanken sende prøver til ein annan blodbank (Ullevål sykehus).
Dette skjer når vi har problem med å identifisere antistoff ved bruk av vårt cellepanel,
eller for å verifisere spesielle antistoff-funn.
Rekvirenten vil få skriftleg melding om at prøva blir sendt til eit anna laboratorium. Det
skal gå fram av den endelege svarrapporten at undersøkinga er utført ved eit anna
laboratorium, samtidig med at analyseresultatet blir merka i samsvar med
akkrediteringsstatusen til denne analysa ved dette laboratoriet.
Taking og innsending av prøver
Kvaliteten på analysesvar er avhengig av kvaliteten på prøvetaking, så vel som kvaliteten
på analyseringa. Vi skal her gå gjennom nokre praktisk viktige moment vedrørande
taking, behandling og sending av blodprøver.
Utstyr til prøvetaking
Fyljande prøvetakingsrør kan bestillast frå dei to laboratoria for medisinsk biokjemi:
Toppfarge
Rød
Volum
9 ml
Tilsetting
Ingen
Rød med gul 5 ml
ring
Rød med gul 4 ml
ring
Lys blå
3,5 ml
Lilla
4 ml
Gel
Lilla
Svart
EDTA
Citrat
6 ml
2,9 ml
Gel
Citrat
EDTA
Bruk
Framstilling av serum til nokre
medikamentanalysar.
Kan brukast til alle analyser som krev
serum.
Framstilling av serum.
Kan ikkje brukast til spormetall.
Framstilling av serum.
Kan ikkje brukast til spormetall.
Koagulasjonsanalyser
Hematologiske analyser og HbA1c,
Homocystein (plasma), CyA
Blodtyping og Svangerskapsprøver
SR
Rør til spesialanalyser kan ein få ved å vende seg til ”sitt” laboratorium. Dette gjeld til
dømes spesialrør til spormetallanalyser (blå topp) og mikrotainerrør (med/utan gel,
EDTA).
Ver merksam på at alle rør er datostempla. Rør med utgått dato, kan ha redusert
vakuum. Det kan føre til feil prøvevolum i rør med tilsetting. Dessutan kan
silikonbelegget på innsida av røret bli øydelagt ved for lang lagring.
Legg vekt på å bestille ei tilpassa mengd rør om gongen for å unngå å måtte kaste utstyr
som er blitt for gammalt.
Tidspunkt for prøvetaking
Korrekt tolking av svar krev at blodprøva er tatt fastande for nokre av analysane. Dette
gjeld spesielt glukose, jern, TIBC og triglycerider. ”Fastande” betyr at pasienten ikkje har
spist eller røykt sidan klokka 24 kvelden før (det kan drikkast vatn.)
For medikamentanalyser er tid frå siste medikamentinntak til prøvetakingstidspunkt
spesielt viktig. Som regel gjeld at blodprøve skal takast medikamentfastande. Men det er
fleire viktige unnatak. Sjå difor alltid på omtalen av kvart medikament dersom du er i
tvil.
Fleire komponentar, spesielt hormonar, kan ha karakteristisk døgnvariasjon.
Prøvetakingstidspunkt vil då vere heilt avgjerande for tolking av svar.
Tidspunkt for prøvetaking må skrivast på etiketten på prøveglaset og på
rekvisisjonsskjemaet.
Dei første timane etter eit feittrikt måltid, kan blodet vere lipemisk på grunn av innhald
av kylomikroner. Enkelte analyser kan då vere vanskeleg å utføre. Prøvetaking bør derfor
ikkje skje dei første 4 timane etter eit feittrikt måltid.
Svangerskapsprøver: Første prøve skal tas i veke 12-13. Dersom prøve blir tatt tidlegare,
kan antistoff bli oversett.
Utfylling av rekvisisjon
Rekvisisjonen fyllast ut maskinelt eller med tydeleg handskrift (ikkje bruk raud
penn/tusj)
- korrekt pasientnamn og fødselsnummer
- ved utanlandsk pasient utan personnummer må kjønn førast på,
og om det er asylsøkar, flyktning eller arbeidstakar
- rekvirentnamn, adresse og rekvirentkode
- prøvetakingsdato og klokkeslett
- kliniske opplysningar (særleg ved elfo og diff.)
- dosering ved medikamentprøver
- evt. diurese ved urinanalyser
Ved mistanke om blodsmitte (HIV, hepatitt B og C), må prøveglas og rekvisisjon merkast
"BLODSMITTE". Etikettane skal ein då merke med gul farge.
Ønskjer rekvirenten at prøveresultatet skal bli ringt tilbake, ber vi om at dette, saman
med telefonnummer, blir skrive tydeleg på rekvisisjonen (helst med raudt!).
Identifisering av pasient
Den som tar prøve, er ansvarleg for å sikre pasienten sin identitet. Dette gjer ein ved at
prøvetakar ber pasienten om å seie namnet sitt og fødselsdato før prøvetaking. Alle rør
skal merkast straks etter prøvetaking.
Prøvar som skal brukast som grunnlag for blodtransfusjon – pretransfusjonsprøve – skal
vere merka med namn og fødselsnummer, 11 siffer. Pasienten skal sjølv seie namnet og
fødselsnummeret. Den som tar prøven skal signere med for- og etternamn på prøverøret.
Stase
Ved prøvetaking er det vanleg å bruke stase. Den bør ein løyse straks nåla er på plass i
vena. Ved kraftig og langvarig stase aukar kapillærtrykket, og vatn og lågmolekylære
komponentar blir i aukande grad filtrert ut i vevsvæska. Resultatet blir falsk høg
konsentrasjon av komponentar som ikkje kan passere kapillærveggen, eksempelvis
hemoglobin, proteiner og stoff bunde til proteiner. Endringane det første minuttet stasen
er på, er relativt små. Men alt etter 3 minutt kan konsentrasjonen av stormolekylære
komponentar ha auka med 15 %.
Rekkefølgje ved tapping av mange rør
Når ein skal tappe blod i fleire rør, bør dette gjørast i ei rekkefølgje som reduserer faren
for overføring av stoff frå det eine røret til det andre.
Vi tilrår slik rekkefølgje:
Rør utan tilsetting (rød topp)
Rør til koagulasjonsprøver (lysblå topp)
Gelrør (rød topp med gul ring)
EDTA-rør (lilla topp)
SR-rør
Viktig!
Etter at røra er fylt skal dei blandast godt ved å vende dei forsiktig opp-ned minst 8
gongar. Rør med flytande tilsetting (citratrør til dømes til INR) og SR-rør skal vendast
forsiktig opp-ned 4 gongar. La alle rør koagulere ståande.
NB! Merk alle rør med namn, fødselsdato og prøvetakingsdato straks etter prøvetaking!
NB! Prøver til svangerskapsimmunologi og pretransfusjonsprøver skal alltid merkast
med fullt fødselsnummer.
Prøvetaking ved pågåande infusjon
Det er rekvirentens sitt ansvar å rekvirere prøva til det mest optimale klokkeslett i
forhold til pågåande infusjon.
Infusjonsvæsker kan virke inn på prøveresultata sjølv om prøve er tatt forskriftsmessig.
Spesielt gjeld dette infusjon med intralipid og dersom Hb-måling blir tatt under pågåande
blodtransfusjon. For å monitorere effekt av ei behandling, bør ein vente 8 timar etter
lipidinfusjon og 1 time etter andre infusjonar før blodprøve tas. Ved lipidinfusjon legg vi
inn dette som kommentar til prøvesvara, så sant vi er gjort merksam på at slik infusjon
er i gang.
Dersom hensikta er å få eit svar som sei noko om tilstanden til pasienten på eit gitt
tidspunkt, brukar vi gjeldande karantenetid: 1 time ved lipidinfusjonar og 10 minutt ved
andre infusjonar.
Generelt om bruk av gelrør
Ein må bruke sentrifuge med utsvingsrotor.
Gelrør skal sentrifugerast ved 3200-3400 o/min (1500-2000 G) på dei fleste sentrifuger.
Gelrør kan ein ikkje bruke til spormetallanalyser.
Gelrør kan ein bruke til oppbevaring av serum i minst 48 timer i kjøleskap etter
sentrifugering.
Bruk ikkje gelrør som har blitt utsett for sterk varme eller som har utgått
haldbarheitsdato.
Etter fullgod sentrifugering skal gel-laget ligge som ei tett barriere mellom koagelet og
serumlaget. Det skal ikkje ligge blod verken under toppa eller oppå gel-laget. Serumet
skal også vere helt fritt for fibrinrestar.
Dersom serumnivået i gel-glaset er heilt fritt for synlege blodceller etter å ha snudd det
opp-ned eit par gongar, kan dette sendast. Såkalla ”gelspor” på rørveggen over gel-laget
kan ein av og til sjå. Desse vil ikkje forstyrre analyseringa på nokon måte. Serum frå rør
utan gel skal pipetterast over i plastrør og sendast på vanleg måte.
Er det synleg blod i serumnivået, må serum avpipetterast og sentrifugerast på nytt innan
to timar. Pipetter serum over i eit nytt rør for sending.
Prøvemengd
Før ein tar blodprøve, må ein ta stilling til kor mange rør ein treng og kva type rør som er
nødvendig for dei aktuelle analysane. Dette går fram av rekvisisjonsskjemaet og annan
informasjon frå laboratoria. Dersom ein har mistanke om at innsendt prøvevolum er for
lite i forhold til det som trengst for å utføre dei analysane som er rekvirert, bør
rekvirenten opplyse om prioritetsrekkefølgje. Er slik prioritering ikkje gjort, vil laboratoria
prioritere etter beste skjønn. Laboratoria prioriterer først eigne analyser og deretter
analyser som må vidaresendast til anna laboratorium.
For små barn kan vi tilpasse sjølve analyseringa slik at ein klarer seg med mindre
prøvemengd. Fordi vi legg vekt på å ikkje tappe store mengder blod av mindre barn, rår
vi til at tal analyser blir avgrensa.
Prøvetaking av barn
Det er ofte vanskeleg å ta veneprøve av små barn. Då kan kapillær prøve vere einaste
alternativ. I slike tilfelle bør spesialrør av type ”Microtainer” nyttast. Desse fins både med
og utan tilsetting (gel, EDTA).
Ein må vere merksam på dei spesielle feilkjeldene som følgjer av kapillær prøvetaking.
Dette gjeld særleg hemolyse, tilblanding av vevsvæske og andre faktorar som oppstår
ved klemming av finger/hæl.
Prøvetakinga vil bli enklare dersom ein varmar opp finger/hæl og påfører kvit vaselin
eller silikonsalve før ein stikk. Ver merksam på dei retningslinene som gjeld for val av
stikkstad når ein tar prøve frå barnet sin hæl.
EDTA-blod skal blandast godt alt frå første dråpe er kome opp i røret. Mikrotainerrør med
gel skal sentrifugerast og sendast utan avpipettering. Serum frå mikrotainerrør utan gel
skal pipetterast over i eit tilsvarande mikrotainerrør og sendast inn på dette. Ein kan få
tilsendt mikrotainerrør ved å vende seg direkte til ”sitt” laboratorium.
Laboratoria kan hjelpe med prøvetaking av barn og andre pasientar som er vanskelege å
ta prøve av.
Sentrifugering
La rør til serumprøver stå oppreist i 20-30 minutt etter prøvetaking medan blodet
koagulerer.
Røra skal sentrifugerast i 11 minutt ved 3200-3400 o/min på dei vanlegaste sentrifugane
som er i bruk på legekontor.
For tidleg sentrifugering kan føre til vidare utfelling av fibrin i prøva. Fibrin i prøva kan
igjen medføre tetting av slangar og liknande på analyseutstyret vårt.
Prøveglasa skal vere ferdig sentrifugert innan 2 timer etter prøvetaking.
Avpipettering
Følgjande rør/prøver skal avpipetterast før sending:
- serum til medikamentprøver tatt på rør utan gel
- plasma frå EDTA-rør og citrat-rør
Husk å merke etiketten på avpipettert glas med type prøvemateriale.
Hemolyse
Ved hemolyse må det takast ny prøve, så sant det er muleg. Hemolyse kan påverke
resultatet for mange analyser. Er prøva hemolysert, skal dette noterast på rekvisisjonen.
Laboratoria vil avgjere kva analyser som likevel kan utførast.
Dei vanlegaste årsakene til hemolyse er problematisk prøvetaking og at røret er
sentrifugert med undertrykk (løft på toppa dersom røret ikkje er heilt fullt).
Samling av døgnurin
(Reine flasker og rein samledunk er heilt nødvendig).
Noter klokkeslett om morgonen, lat urinen, og denne urinporsjonen skal kastast. All urin
deretter, til og med same klokkeslett neste morgon, skal samlast. Dunken skal stå kjøleg
under samlinga. Døgnmengda blandast godt, ein måler volumet og noterer det på
rekvisisjonen. Ta ut nødvendig mengd for sending. Nokre døgnsamlingar krev at urinen
er surgjort. Normalt skal samledunken surgjerast FØR samlinga startar. Ferdig surgjort
samledunk får ein ved å kontakte laboratoriet. OBS! Vi anbefaler å kontakte laboratoriet
før ein startar samling av døgnurin!
Sending av prøver
Prøver som ikkje blir sendt same dag, må oppbevarast i kjøleskap. Ver merksam på at
prøver postlagt dagen før heilagdag, kan bli liggande lenge i posten. Før heilagdag kan
det derfor ofte vere best å be pasienten kome att seinare for å få tatt prøve.
Sjå også opplysningar om haldbarheit under dei ulike analysane!
Ved sending i posten, skal prøveglasa pakkast i godkjende transporthylser. Pass på å
ikkje fylle konvoluttane for mykje. Då dei lett kan å rivne under sending.
Vidaresending av prøver
Dette gjeld analyser som ikkje inngår i vårt analyserepertoar. Sjølv om vi tar på oss å
vidaresende prøver, anbefaler vi eksterne rekvirentar å sende desse direkte til utførande
laboratorium. Då unngår ein forlenga svartid og at kvaliteten på prøvematerialet blir
dårlegare på grunn av forlenga sendetid. Husk å sende med ferdig utfylt skjema til det
aktuelle laboratorium.
Henteteneste
Ved begge sjukehusa er det etablert henteteneste for blodprøver. Henting føregår til
fastsett tid for kvart enkelt legekontor som er med på ordninga.
Tilvising av pasientar til prøvetaking
Avdeling for medisinsk biokjemi-Ålesund mottar pasientar for prøvetaking måndag fredag kl. 07.45-15.00. Avdeling for medisinsk biokjemi-Volda har slik opningstid
måndag - fredag kl. 08.00-15.00. Pasientane må ha rekvisisjon frå lege. For prøvetaking
til vanlege prøver treng ein ikkje bestille time. For belastningar og spesielle prøver ber vi
om at rekvirentane tar kontakt med ”sitt” laboratorium på førehand.
Laboratoria kan hjelpe med prøvetaking av barn og andre pasientar som er vanskelege å
ta prøve av.
Rådgivingstenester
Laboratoria står gjerne til teneste i spørsmål om prøvetaking og sending av prøver.
Vi minner også om Noklus (Norsk kvalitetsforbedring av laboratorievirksomhet utenfor
sykehus), som driv utstrakt rådgivingsteneste overfor legekontor og sjukeheimar i fylket.
Noklus blei etablert i 1993 i samarbeid mellom Staten og Den norske legeforening.
Noklus tilbyr råd og hjelp ved val av apparatur og analysemetodar, problemløysing,
intern kvalitetskontroll, laboratoriefaglege kurs m.m.
Noklus har utarbeidd eit sett av permar (Laboratoriet I og II) der deltakarane kan samle
dokumentasjon for eigne laboratorierutinar og eigen kvalitetskontroll. Dette permsettet
er utlevert til alle som deltar i NOKLUS.
For tida blir denne tenesta ivaretatt av:
På Sunnmøre:
Laboratoriekonsulent Steinar Holmeset
Klinikk for diagnostikk
Ålesund sjukehus
telefon 70 10 56 00
I Romsdal og på Nordmøre:
Laboratoriekonsulent Mona Torvik
Klinikk for diagnostikk
Molde sjukehus
telefon 71 12 20 54
Om klinisk kjemiske analyser
Analysene er sett opp alfabetisk etter sine mest brukte namn, anten det er kortnamn
eller fulle namn. Analysene blir utført ved laboratoria i Ålesund og/eller i Volda. Prefiks
påverkar ikkje den alfabetiske rekkefølgja.
Følgjande prefiks er brukt:
A
- Arterielt
B
- Blod
d
- Døgn
dU
- Døgnurin
Ery
- Erytrocytt(ar)
f
- Fastande
k
- Kapillært
P
- Plasma
PS
- Plasma eller serum
Pt
- Pasient
S
- Serum
Sp
- Spinalvæske
Sv
- Svette
U
- Urin
US
- Uspesifisert materiale
v
- Venøst
For kvar analyse er informasjonen samla under følgjande overskrifter:
Referanseområde
Mange analyser har same referanseområde for begge sjukehusa.
Nokre analyser har ulike referanseområde. Dette er oppgitt på litt ulike måtar, men
sjølvforklarande. Dette skuldast at det blir nytta ulike analysemetodar. Nokre analyser
blir analysert til dømes berre ved Ålesund sjukehus, og det er då oppgitt. Dersom ikkje
anna er oppgitt, gjeld referanseområdet kun for vaksne. Når det gjeld aldersrelaterte
referanseområde, viser vi til svarrapportane. Dersom det er diskrepans mellom
referanseområda på svarrapporten og i handboka, gjeld svarrapporten. Vår
laboratoriespesialist kan gi nærare opplysningar om referanseområda for alle aldrar.
Indikasjonar
Ofte er det ikkje generell semje om indikasjonar for å rekvirere ei analyse. Lokale legars
preferansar og avdelingane sitt øvrige repertoar vil vere medbestemmande.
Prøvetaking
Kun særlege forholdsreglar er omtalt. Sjå elles kapittelet om prøvetaking. Dersom det er
rekvirert fleire analyser i ei serumprøve, gjeld ikkje kravet til volum oppgitt for kvar
enkelt analyse. Som regel er 5 ml serum nok til 15-20 ulike analyser.
Tolking
For dei fleste analyser har vi tatt med litt bakgrunnsinformasjon som kan vere til hjelp
ved tolking av prøvesvar.
Signifikant endring
Dersom ein utfører den same analysa fleire gongar, vil resultatet oftast bli litt forskjellig.
Det kan skuldast tekniske forhold ved eller omkring analysa eller ein forskjell i "reell"
verdi hos pasienten. Dersom forskjellen mellom to svar er større enn ein gitt signifikant
prosent, til dømes 10 prosent, betyr det statistisk sett at det er mykje sannsynleg at
forskjellen skuldast "reell" forskjell hos pasienten.
Kvart laboratorium bestemmer signifikant endring for analysane i sitt laboratorium. Dei
fleste laboratorium veit ut frå mange års erfaring, samanlikningar med andre, samt
kliniske krav til analysa, om lag kva signifikant endringsprosent dei har for kvar enkelt
analyse. For HbA1C er til dømes det kliniske kravet strengt og på grensa av kva mange
laboratorium kan oppfylle.
For ei rekkje vanlege klinisk kjemiske analyser ligg signifikante endring mellom 5 og 10
prosent; noko som er fullt ut tilfredstillande for kliniske problemstillingar og greit å
oppfylle for laboratoria. For ein del analyser som blir utført med immunkjemisk metodikk,
er den signifikante endringa mellom 10 og 20 prosent; noko som også er akseptabelt for
klinikarane.
Det er viktig at legar og hjelpepersonell, pasientar og pårørande er klar over dette med
signifikant endring. Elles kan det oppstå ugrunna pessimisme, eller kan hende falsk
optimisme. Det er neppe tvil om at det er ein tendens til å legge vekt på forskjellar som
ikkje er signifikante.
Brit Valaas Viddal
Avdelingssjef
Avdeling for medisinsk biokjemi
Klinikk for diagnostikk
Telefon 70 10 55 97