les hele høringsuttalelsen her.

Vår dato
17.06.2015
Dykkar dato
06.05.2015
Avdeling
Dykkar referanse
Seksjon for utdanning og 2015/2942
forskning
Vår referanse
15/00907-2
Vår sakshandsamar
Einar Ove Standal
Arkivkode
62
Direkte telefon
24142220
Utdanningsdirektoratet
Postboks 9359 Grønland
0135 OSLO
[email protected]
Høyring - Framlegg til endringar i forskrift til
opplæringslova - om skulen sitt høve til å regulere sykling
på skulevegen m.m.
Utdanningsforbundet syner til høyringsbrev frå Utdanningsdirektoratet av 06.05.2015 om
framlegg til endringar i § 12-1 i forskrift til opplæringslova, om skulen sitt høve til å regulere
sykling på skulevegen m.m.
Generelle kommentarar
Utdanningsforbundet er kritisk til at direktoratet nyttar seg av ein høyringsfrist på berre seks
veker. Vi ser ingen grunn til dette og meiner den korte fristen reduserer høyringsinstansane sitt
høve til gode og breie interne diskusjonar.
På generelt grunnlag ser vi heller ikkje noko stort behov for å endre § 12-1 i forskrift til
opplæringslova. Særleg ikkje når endringane i liten grad vil innebere realitetsendringar. Vi
meiner andre endringsbehov i forskrifta er mykje meir påtrengande.
Vi konstaterer elles at Utdanningsdirektoratet i liten grad grunngjev dei endringane dei gjer
framlegg om.
Framlegget frå Utdanningsdirektoratet
Høyringsframlegget inneber endringar i § 12-1 i forskrift til opplæringslova.
- Oppheving av referansen til andre lover og forskrifter i første leddet
- Oppheving av bokstav c om skulepatruljar
- Endring av bokstav d om skulen sitt høve til å regulere sykling til skulen
Framlegget stiller også spørsmål knytt til ulukkesforsikring for elevar, jf. forskrift til
opplæringslova § 8-4 første ledd bokstav b.
Postadresse
Postboks 9191 Grønland
0134 OSLO
Besøksadresse
Hausmanns gate 17
0182 OSLO
E-post/Internett
[email protected]
www.utdanningsforbundet.no
Tlf. + 47 24 14 20 00
Faks + 47 24 14 21 00
Org.nr. 884 026 172
Bankkonto 1600.40.30714
2
Bakgrunn og gjeldande rett
Det følgjer av § 9a-10 i opplæringslova at departementet kan gje nærmare forskrifter om
skulemiljøet til elevane. Kapittel 12 i forskrift til opplæringslova er såleis fastsett med heimel i
§ 9a-10 i lova. Dette kapitlet gjeld også for skular godkjent etter privatskulelova, jf.
privatskulelova § 2-4 andre ledd.
I forskrift til opplæringslova § 12-1 bokstav a er det fastsett at Når skulen er ansvarleg for
tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i forhold til risikoen for at skade
eller ulykke kan skje.
Rammene for skulen sitt ordensreglement er §§ 2-9 og 3-7 i opplæringslova.
Ordensreglementet skal i utgangspunktet regulere elevane sin åtferd i skuletida, men i
forarbeida til lova går det fram at rettar og plikter utanfor skuletida også kan regulerast dersom
det er grunngjeve i skulegangen.
I forskrift til opplæringslova § 12-1 bokstav d går det fram at I ordensreglementet for skolen
kan det også takast inn føresegner som nærmare regulerer førebyggjande tiltak, t. d. i høve til
å bruke sykkel …
Fjerning av referansen til andre lover og forskrifter
I § 12-1 første leddet i forskrifta vert det synt til at også anna regelverk regulerer krav til
førebygging av skade og ulukker som kan ramme elevar. Det vert mellom anna synt til
opplæringslova, delar av arbeidsmiljølova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og
skular. Lista er ikkje uttømmande.
Utdanningsdirektoratet meiner lista er unødvendig og i tillegg kan vere villeiande når
referansen ikkje er fullstendig. Det vert også synt til at endringar i anna regelverk vil kunne
utløyse behov for hyppige endringar av forskrifta.
 Er dere enig i at eksemplene bør tas ut av bestemmelsen?
Utdanningsforbundet ser ikkje noko stort behov for at ei ikkje-uttømmande liste over anna
regelverk som regulerer elevane sin tryggleik, skal gå fram av forskrift til opplæringslova. Vi
meiner det er innlysande og ikkje omtvista at til dømes opplæringslova og forskrift om
miljøretta helsevern i barnehagar og skular forpliktar skulen og skuleeigar sitt arbeid med
førebygging av skader og ulukker som kan ramme elevar i skulen. Regelendringa vil etter vår
vurdering ikkje innebere noko realitetsendring.
Utdanningsforbundet støttar Utdanningsdirektoratet sitt framlegg om å fjerne referansen til
anna regelverk i § 12-1 første ledd.
Fjerning av reguleringa av skulepatruljar
Det følgjer av § 12-1 bokstav c i forskrifta at skulen i samarbeid med politiet kan opprette
skulepatruljar når trafikkforholda gjer dette forsvarleg. Det går fram av forskrifta at foreldra
må gje samtykke til at ein elev skal fungere som skulepatrulje.
3
Utdanningsdirektoratet gjer framlegg om å oppheve § 12-1 bokstav c, men presiserer at dette
ikkje inneber noko realitetsendring. Direktoratet streker under at skular med samtykke frå
elevar og foreldre framleis kan velje å ha skulepatruljar sjølv utan ei slik regulering i
forskrifta.
 Støtter dere at bokstav c om skolepatruljer oppheves?
Utdanningsforbundet er samd i Utdanningsdirektoratet si vurdering om at dette er ei «kanordning» og at skular i forståing med foreldre og føresette fritt kan opprette skulepatruljar
sjølv utan at slike patruljar spesifikt er regulerte i forskrifta.
Utdanningsforbundet er ikkje avvisande til direktoratet sitt framlegg, men ser heller ikkje noko
stort behov for å endre forskrifta på dette punktet.
Høve til å sykle til skulen
Det følgjer av § 12-1 bokstav d i forskrifta at skular i sitt ordensreglement kan fastsetje
retningslinjer om til dømes å bruke sykkel til skulen.
Framlegget frå Utdanningsdirektoratet inneber at skulen ikkje lenger skal kunne regulere i
ordensreglementet at elevar ikkje kan sykle til skulen før dei har nådd eit særskild årssteg eller
ein særskild alder.
Det vert framlegg om at det i forskrifta vert presisert at skulen ikkje kan nekte elevar å sykle
til skulen dersom foreldra ønskjer dette. Ordensreglementet kan likevel omhandle
trafikktryggleik og andre førebyggjande tiltak, men foreldra skal sjølve kunne avgjere om
deira barn skal kunne sykle til skulen eller ikkje.
Skulen skal framleis kunne kome med tilrådingar om sykling til skulen, mellom anna basert på
ei risikovurdering av farar og trafikktryggleik på skulevegen. Men skulen skal ikkje lenger ha
høve til å fastsetje bindande pålegg om å nekte elevar å sykle til skulen.

Støtter dere forslaget om endring i § 12-1 bokstav d, som innebærer at foreldrene kan
ta den endelige avgjørelsen på om barna kan sykle til og fra skolen eller ikke?
Det er Utdanningsforbundet si erfaring at ordensreglementet og regulering av sykling på
skulevegen i stor grad er tema på møta i skulane sine rådsorgan; elevråd, foreldreråd,
samarbeidsutval og skulemiljøutval. Elevar og foreldre/føresette har allereie i dag stor
påverknad på reglane om til dømes sykling på skulevegen. Vi tolkar likevel direktoratet sitt
framlegg til at det er den einskilde forelder/føresette og ikkje foreldra/føresette som gruppe
som skal avgjere kven som skal kunne sykle til skulen.
Det følgjer av læreplanen i kroppsøving at målet for opplæringa i faget er at elevane etter 4.
årssteg skal kunne følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar. Etter 7. årssteg er målet at
elevane skal praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel.
Det er Utdanningsforbundet si erfaring at dei fleste grunnskulane driv god trafikkopplæring,
ofte i nært samarbeid med Trygg Trafikk. Dei fleste skulane gjennomfører Sykkelprøva, som ei
tredelt ordning med teoriprøve, sykling i skulegarden og sykling i trafikken.
4
Vi konstaterer elles at Trygg Trafikk si generelle tilråding «er at barn bør være 10-12 år før de
sykler alene der de må forholde seg til biler og andre kjøretøy.»
Sykling til skulen kan gje ein helsegevinst gjennom gode felles opplevingar og fysisk aktivitet.
Sykling kan også gje ein miljøgevinst gjennom at færre elevar vert køyrde til skulen.
Utdanningsforbundet meiner såleis at det er gode grunnar til at elevar bør sykle til skulen når
dugleiken på sykkel og trafikkforståinga er forsvarleg. Vi er ikkje usamde i at foreldre og
føresette er dei beste til å vurdere dette for eigne barn. Vi meiner samstundes at det utan felles
reglar på skulen truleg vil kunne oppstå mange situasjonar der elevar og foreldre/føresette
opplever sterkt press om å tillate sykling når andre elevar får lov, sjølv om foreldra si
vurdering er at sykling for deira barn ikkje er forsvarleg.
Utdanningsforbundet meiner at foreldreretten skal vege tungt, og at den endelege avgjerda om
sykling på skulevegen bør vere knytt til foreldreansvaret. Vi meiner likevel at dei fleste
skulane har funne gode og tenlege felles ordningar for sykling til og frå skulen innanfor
dagens regelverk.
Ulukkesforsikring til og frå skulen
Det følgjer av opplæringslova § 13-3b at kommunane har plikt til å sørgje for
ulukkesforsikring for elvane, jf. forskrift til opplæringslova § 8-1. Det følgjer vidare av § 8-4
første ledd bokstav b i forskrifta at skulen si ulykkesforsikring for elevane også skal omfatte
«på veg mellom heim og opplæringsstad.» Tilsvarande gjeld for private skular, jf.
privatskulelova § 7A-4 bokstav b.
Utdanningsdirektoratet gjer ikkje framlegg om endringar i gjeldande rett. Kommunen skal
framleis ha ei ulukkesforsikring som omfattar skulevegen og vere ansvarleg for ulukke også
når foreldre og føresette ikkje har følgd skulen si tilråding om sykling.

Bør skoleeierne fortsatt ha ulykkesforsikring som dekker all ulykkesskade mellom
hjem/oppholdsplass og opplæringssted
Når framlegget frå Utdanningsdirektoratet inneber at foreldre og føresette skal avgjere at deira
barn skal kunne sykle til skulen sjølv om dette ikkje vert tilrådd av skulen, kan det stillast
spørsmål om kor langt kommunen si erstatningsrettslege plikt skal verke dersom ein skade
oppstår på ein slik sykkeltur.
Utdanningsforbundet meiner det er eit dilemma å gjere skuleeigar ansvarleg for ulukker i
samband med sykling på skulevegen når skulen har råda frå slik sykling, og foreldre/føresette
har valt ikkje å følgje denne tilrådinga.
Utdanningsforbundet meiner likevel, mellom anna ut frå omsynet til barnet sitt beste og
behovet for universelle rettar på området, at kommunen framleis må ha plikt til å ha ei
ulukkesforsikring som omfattar skulevegen sjølv når foreldre/føresette ikkje følgjer skulen si
tilråding om sykling til skulen.
Økonomiske og administrative konsekvensar
5
Utdanningsdirektoratet meiner framlegga i høyringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske og
administrative konsekvensar, men at nokre skuleeigarar vil kunne sjå ei lita auke i
forsikringspremien til ulukkesforsikring for elevar.
 Har dere kommentarer
Utdanningsforbundet er samd med Utdanningsdirektoratet i at framlegga truleg ikkje vil ha
store administrative konsekvensar. Dei økonomiske konsekvensane er vi meir usikre på.
Nokre kommunar/skular vil måtte endre ordensreglementa/rammene for fastsetjing av slike
reglement, men dette er vurderingar som likevel bør gjerast med visse mellomrom.
Det er Utdanningsforbundet si vurdering at det er vanskeleg å slå fast om forskriftsendringa vil
innebere ei generell prisauke på kommunane sine forsikringspremiar knytt til
ulukkesforsikring av elevar. Nokre kommunar med særlege utfordringar vil kunne oppleve
større auke i forsikringspremiane.
Det er dessutan vår vurdering at forskriftsendringa vil kunne innebere ei dreiing frå korleis
elevane kjem seg til skulen til infrastrukturen og i kva grad skulevegen er trygg. Denne
vurderinga vil kunne innebere auka forsikringspremiar dersom skulevegen er smal, er lite
opplyst, er utan gang- og sykkelsti, har høge fartsgrenser, har mykje tungtrafikk eller har høg
trafikktettleik.
Forslag til endringar i forskrift til opplæringslova § 12-1
 Har dere kommentarer til forskiftsteksten?
Utdanningsforbundet finn framlegget til ny ordlyd i forskrifta logisk sett i lys av endringane
som direktoratet gjer framlegg om.
Vi konstaterer at første ledd vert endra, at bokstav c vert oppheva og at ny ordlyd i noverande
bokstav d vert ny bokstav c. Vi vil likevel peike på at det ser ut som ein inkurie at noverande
bokstav e framleis skal vere bokstav e, og ikkje ny bokstav d når noverande bokstav d vert ny
bokstav c.
Med vennleg helsing
Torbjørn Ryssevik
Seksjonsleiar
Einar Ove Standal
Seniorrådgjevar