Hefte

HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE
Din kunnskap - vår framtid
ELEVINFORMASJON
2015/2016
Velkommen til Hafstad vidaregåande skule!
Skulen vår legg stor vekt på å utvikle eit godt og trygt skulemiljø og fellesskap. Det nye skuleåret
startar med det vi kallar ”mjuk skulestart”, der lærarar og elevar arbeider i lag for å skape eit godt
klassemiljø.
Ei aktiv deltaking i eige læringsarbeid og i skulesamfunnet er avgjerande for di faglege og sosiale
utvikling. Vi har dyktige og engasjerte lærarar som vil vere fagpersonar, formidlarar, rettleiarar og
medmenneske i læringsarbeidet ditt. Vi ønskjer at tida di ved skulen skal førebu deg godt til vidare
utdanning, til eit yrke du kan trivast med og til eit godt liv saman med andre.
Velkommen til eit lærerikt, utfordrande og spennande skuleår!
Grethe Øren
Rektor
Hafstad vidaregåande skule - din kunnskap, vår framtid
17.08.15
INFORMASJON OM SKULEN
Hafstad vidaregåande skule
Postboks 294
6802 FØRDE
Telefon 57 63 75 00
e-post [email protected]
heimeside
www.hafstad.vgs.no
Rektor
Assisterande rektor/pedagogisk leiar
Administrativ leiar
Opplæringsleiar for filologiske fag og samfunnsfag
Opplæringsleiar for realfag, øk. fag og kroppsøving
Opplæringsleiar for medium og kommunikasjon og
formgjevingsfag
Grethe Øren
Inger Karin Oppedal
Magne Frøholm
Anette Drage
Jan T. Taule
Rådgjevar
Rådgjevar
Spes.ped.koordinator
Magne Aardal
Bjørg S. Indrebø
Ellrun Enny Aarseth
Miljøkoordinator
Ane Østby Birkeland
Bibliotekar
IT-ansvarleg
IKT-medarbeidar
e-Pedagog
IKT-lærling
Anne Kari Faleide
Alf-Tore Kirkeli
Bjørn Heggheim
Stig Jonny Fitje
Morgan Myrmel
Kontorpersonalet
Rådgjevar
Konsulent
Førstesekretær
Margunn Brede
Vibeke Gjelsvik
Magnhild W. Breilid
Kantineansvarleg
Hege Mathisen
Helsesøster
Skulelege
PPT-kontoret/psykolog
Jorunn Eldegard
Roy Båtevik/Thomas Fölsche
Jan Hansen
Mona Fossdal
Kantina er open frå tysdag 18. august. Opningstid: kl. 08.00 -12.45.
Skulen driv kantina for eiga rekning. Bruk kantina, så vi får behalde ho!
Skuledagen er frå kl. 08.20 til kl. 15.05 – 6 timar og 45 min.
Alle elevane får tilbod om skåp etter oppsett plan. Namn og klasse skal skrivast på tilvist plass.
Parkering
Det er sykkelparkering i sykkelstativa ved hovudinngangen og inngangen mot E39 og på austsida.
Kunnskap Engasjement Toleranse Nysgjerrigheit Respekt
Hafstad vidaregåande skule - din kunnskap, vår framtid
17.08.15
Bilar skal parkere på parkeringsplassen v/Festplassen på nordsida av Jølstra eller på offentleg
parkeringsplass v/Politiet. Det er ikkje lov å parkere på naboeigedomane v/Viking, Shell og Esso,
eller framfor hovudinngangen v/gangbrua. Parkeringsplassen på austsida er reservert tilsette og
gjester, jfr. skulen sitt ordensreglement § 3.12. Motorsyklar, mopedar og syklar kan parkerast på
tilvist plass mot volleyballbanene på austsida av skulen.
Forbod mot røyk og snus i skuletida gjeld frå 01.07.14:
Stortinget vedtok 19.03.2013 endringar i Lov om vern mot tobakksskader. Endringane medfører
tobakksforbod i skular og barnehagar frå 01.07.2014. Etter dette skal alle elevar i vidaregåande skule
vere tobakksfrie i skuletida. Tobakk omfattar både røyk og snus. Elevane har etter dette ikkje lov å gå
utanfor skulen sitt område for å røyke eller bruke snus i friminutta.
Nytt punkt i ordensreglementet:
3.6 Det er forbod mot tobakksbruk i skuletida. Tobakksbruk er forbode i skulen sine
lokale og på skulen sitt område heile døgnet.
Eleven sin rett til eit trygt læringsmiljø
Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette
følgjer av opplæringslova §9a-1. Det er eleven si oppleving av det psykososiale miljøet som avgjer
om miljøet er godt nok eller ikkje, og det er skulen sitt ansvar å sikre at kvar elev har det bra. Elevar
og foreldre har rett til å be om tiltak dersom dei meiner skulemiljøet ikkje er godt nok. Kontaktlærar
vil ved skulestart informere om kva elevar og foreldre kan gjere for å sikre eit godt læringsmiljø. Det
blir vist til ein brosjyre som ligg på skulen si heimeside og til Utdanningsdirektoratet sin informasjon ;
www.udir.no/Laringsmiljo/Informasjon-til-elever-og-foreldre/
Midttimar og studietimar
Midttimar (5.time, kvar dag kl. 1155-1240) er timar der det vanlegvis ikkje er undervisning.
Midttimen måndagar er reservert i timeplanen til kontaktlærar sin time med klassen. Det er
obligatorisk frammøte til desse timane. Dei andre midttimane , der det ikkje er undervisning, kan
nyttast til studietimar, prøvar, informasjon, møte i elevrådet/elevrådsstyret, russestyret og anna.
Studietimar, tid til møte, samarbeid og samtale med lærar, m.m.
Undervisningsfrie timar, i tillegg til midttimar, nyttar elevane til studietimar, møte, samarbeid, samtale
med faglærar m.m. Undervisningsfrie timar kan også nyttast til prøvar, informasjon og anna.
Midttimar og undervisningsfrie timar som blir brukte til obligatoriske aktivitetar, vert kompenserte
med avspasering i perioden mai/juni og etter skulen sin plan for avslutning av skuleåret.
Det er viktig at ein i løpet av skuledagen får tid til andre aktivitetar enn undervisning og arbeid med
lekser. Noko av undervisningsfri tid treng ein til nødvendige pausar og sosialt samvære med andre
elevar. Det er likevel viktig å minne om at dersom ein brukar skuletida godt, vil ein få meir tid til
andre aktivitetar etter at skuledagen er slutt. I studietimane kan ein nytte både lesesalar, arbeidsplassar
i fellesområde, ledige klasserom og kantina. Hugs at god og stabil innsats er ein føresetnad for gode
resultat.
Skuleskyss
Det er avstiging om morgonen ved skulen på sørsida for elevar som kjem med bussar frå
Jølster/Holsen/Viksdalen. Alle andre går av på Festplassen på nordsida av Jølstra.
Kunnskap Engasjement Toleranse Nysgjerrigheit Respekt
Hafstad vidaregåande skule - din kunnskap, vår framtid
17.08.15
Det er påstiging til skulebussane på Festplassen. Dette gjeld alle utanom elevar frå
Sande/Bygstad/Dale (busslomme E39) og elevar frå Angedalen (busslomme i Angedalsvegen).
NB! Fleksibel skuleskyss er avgrensa til ei dagleg heimreise kvar skuledag. Nokre av ekspressbussane
er unnateke ordninga (gjeld bussar frå Førde mot Skei kl. 0930, 1145, 1230, 1545, 2030 og mot Sande
kl. 0845, 1145,1445, 1645, 1815, 2015)
Ved innlevering av utfylt søknadsskjema vil ein få utlevert skuleskysskortet. NB! Fullstendig adresse
– gatenamn og husnummer eller gards- og bruksnummer.
Reglar for lån av bøker på skulebiblioteket
 Lånetid: 4 veker (10 månader for lærebøker på Vg1, Vg2 og Vg3)
 Utlånet skal registrerast på biblioteket – nasjonalt lånekort for bibliotek kan brukast
 Stell bøkene fint og lever dei tilbake til bibliotekar, ev. i kassa ved biblioteket
NB!
Dersom bøker blir skadde eller kjem bort, er du erstatningspliktig (innkjøpspris). Du er også
erstatningspliktig om du har skrive, brukt markeringspenn eller streka under i bøkene.
Arbeidsbøker skal ikkje skrivast i, verken med blyant eller penn, dersom dei skal leverast inn
att.
Skulebøker for skuleåret 2015/2016 vert ikkje leverte ut til elevar som ikkje har levert inn alle
skulebøker for siste skuleår.
SKULERUTE
HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE
2015/2016
August
September
Oktober
November
Desember
Januar
Februar
Mars
Mai
Juni
Timetabell
1./2. time
3. time
4. time
Matpause
5. time
6. time
7./8. time
Skulestart: måndag 17. august
Haustferie måndag 5. – fredag 9. oktober (veke 41)
Elevfri dag/OD-dag måndag 2. november
Siste skuledag før jul: fredag 18. desember
Første skuledag etter nyttår: måndag 4. januar.
Vinterferie: måndag 15. – fredag 19. februar (veke 7).
Siste skuledag før påske: fredag 18. mars
Første skuledag etter påske: tysdag 29. mars
Elevfri dag: 6. mai
Siste skuledag: fredag 17. juni
08.20 - 09.50
10.00 - 10.45
10.50 - 11.35
11.35 - 11.55
11.55 - 12.40
(NB! Basistime måndagar 11.55- 12.40)
12.45 - 13.30
13.35 - 15.05
Du finn meir informasjon og kart over skulen på heimesida vår: www.hafstad.vgs.no
Kunnskap Engasjement Toleranse Nysgjerrigheit Respekt