Det dansknorske Rosendal

Det dansknorske Rosendal
Av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og forskar ved Baroniet Rosendal
Det som var felles for Danmark og Noreg i den lange perioden frå 1397 til 1814 omtalar ein gjerne
som det ‘dansk-norske’. Men sidan denne fellesskapen var så sterk kan den kanskje heller omtalast
som det ‘dansknorske’. Å snakka om det dansknorske er i alle høve passande i samband med
Baroniet Rosendal.
Ein reknar med at slottet på Rosendal, det som vart Baroniet Rosendal i 1678, stod ferdig i
1665. Baroniet Rosendal kan med rette kallast ein dansknorsk institusjon. Den var eit resultat av
ambisjonane til adelsmannen Ludvig Rosenkrantz, med familiebakgrunn frå Rosenholm slott på
Jylland i Danmark. Og denne institusjonen, Baroniet Rosendal, vart ein realitet då han gifta seg med
den rike adelskvinna Karen Mowat, med familiebakgrunn både frå Hovland i Sunnhordland i Noreg,
og frå Hougaland på Shetland.
Fleire av eigarane på Baroniet Rosendal sat i sentrale embete i den dansknorske staten. Den
fyrste baronen til Rosendal, Ludvig Rosenkrantz, var krigskommisær for Noreg Nordenfjelske,
dommar i Overhoffretten i Kristiania, stiftamtmann i Stavanger og seinare Kristiansand på siste
halvdel av 1600-talet. Den andre baronen til Rosendal, Axel Rosenkrantz, var i overgangen mellom
1600- og 1700-talet amtmann i Søndre Bergenhus amt. Den neste eigaren, Ditlev Vibe, var
statthaldar i Noreg på fyrste halvdel av 1700-talet. Den tredje baronen til Rosendal, Marcus Gerhard
Londeman de Rosencrone, var ambassadør til Prøysen og statsminister i Guldberg si regjering i
København på siste halvdel av 1700-talet. Den fjerde baronen, Christian Henrik Hoff-Rosencrone, var
i ein kort periode kammerherre for kong Christian Fredrik i 1814, men dette var meir ei ære enn ei
politisk stilling. Stamhusbesittar Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone vart førespurt av kong Carl XV om
å verta både kabinetskammerherre i 1859 og seinare ambassadør i Paris. I tillegg ønskte Johan
Sverdrup Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone som norsk statsminister i Stockholm, men Marcus
Gerhard sjølv valde medvite bort ein politisk karriere.
Baroniet Rosendal spelte ei meir sentral rolle i det norske kulturlivet enn i det dansk-norske
politiske livet. På 1600- og 1700-talet var Rosendal fyrst og fremst ein stad med kapital til å bringa inn
europeisk arkitektur, hagekunst, møbeldesign, gullsmedkunst og kledesign for å nemna noko. Som
andre adelsgods i det dansk-norske riket var Rosendal kulturelt eit Europa i miniatyr: Ein
inngangsport for kulturimpulsar og europeisk åndsliv.
På 1800-talet var Baroniet Rosendal ein aktiv aktør i det norske kulturlivet som vaks fram frå
sitt dansk-norske fundament. Det vart det fyrst gjennom virket til den danskfødde baron Christian
Henrik Hoff-Rosencrone. Alle dei tre døtrene hans vart utdanna i København, familien hadde eit
husvære der og dei nytta aktivt kulturtilbodet i byen. Baron Christian Henrik Hoff-Rosencrone var
også levande oppteken av framveksten av eit norsk åndsliv. Han støtta etableringa av eit universitet i
Oslo og vart seinare hylla av Henrik Wergeland for det nasjonale engasjementet sitt.
Det store løftet kom likevel med sonen, stamhusbesittar Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone.
Han var fødd etter at det norske Stortinget oppheva norsk adel i 1821, men han brukte likevel den
danske barontittelen sin i utlandet. Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone snakka dansk gjennom nasa,
1
slik vanen var blant dei kondisjonerte i Bergensregionen, og han brukte København som
utgangspunkt for dei mange utanlandsreisene sine. Samstundes var han, som far sin og resten av
familien, levande opptatt av det lokale og det norske i folkedrakter, folkeeventyr, litteratur,
målarkunst og musikk. Dette var tema han til dømes diskuterte med diktaren Carsten Hauch, som
vaks opp på Malmanger prestegard nedanfor residensen på Rosendal, men som verka i Danmark.
Rosendal tilførte norsk kunstliv kapital ved mellom anna å bestilla kunstverk som til dømes
Gude sitt maleri Høifield, som i dag heng i Den Røde Sal. Rosendal gav òg rein økonomisk støtte til
kunstnarar som Bjørnstjerne Bjørnsson. Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone sitt studenthusvære i
Kristiania var ein samlingsstad for kunstnarar som Halfdan Kjerulf, Hans Gude og Jørgen Moe på
1840-talet. Baroniet Rosendal var også ein rekreasjon- og samlingsstad for dei same kunstnarane, i
tillegg til Peter Christian Asbjørnsen, Ole Bull, Andreas Munch og Alexander Kielland for å nemna
nokre.
Rosendal var ikkje berre ein møtestad for kunstnarar, men også ein kulturinstitusjon med ei
av dei største kunst- og boksamlingane i Noreg og med fleire høgkvalitets flygel. Boksamlinga vart
kontinuerleg utvida gjennom jamne sendingar med aviser, tidsskrift og bøker frå Paris. På Rosendal
vart det halde konsertar, bokopplesingar og skodespel. Staden var rett og slett ein levande
kulturinstitusjon heile året i kraft av kulturinteressene til dei som hadde opphald der.
Frå 1980-talet av vart Rosendal på ny ein kulturinstitusjon og ein samlingsstad for kunstnarar.
Dei held utstillingar og konsertar og dei samlar inspirasjon frå møte med kvarandre og den mektige
naturen til vidare verksemd i dag som på 1800-talet.
Men ved sida av å vera ein norsk kulturinstitusjon, har Rosendal også vore ei viktig
økonomisk drivkraft og ein kunnskapsinstitusjon.
Kapitalen som Rosendal forvalta kan aldri seiast å ha vore ein daud kapital, men har derimot
vore ein kapital det har blitt investert i. Med dette meinast at Rosendal investerte i eiga verksemd,
som skogsdrift, sagbruk, østersoppdrett, avl på husdyr og foredling av frukttre. Til dette henta dei inn
ekspertise frå til dømes Danmark, Tyskland, Skottland og Sveits. Ekspertisen og kunnskapen utvikla
på Rosendal kom den lokale og regionale økonomien til gode. Familien Hoff-Rosenkrone, særleg frå
starten på 1800-talet, lånte mellom anna ut kapital til ei låg rente til dei som ville starta eiga
verksemd. Dette vart starten for mang ei lita verksemd særleg i Sunnhordland og Hardanger.
Kunnskapen på Baroniet Rosendal har heller aldri vore ein daud kunnskap. Dei som søkte
kunnskap om avl av husdyr og foredling av frukttre kunne finna den på Rosendal. Stamhusbesittar
Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone kosta, og delvis underviste på, ein eigen skule for gåverike
ungdomar som hadde evner til å studera på universitetet. Han gav og økonomisk stønad til dei som
ville studera vidare, i inn- og utland.
Gjennom museumsverksemda si er Rosendal framleis viktig både som ei lokal økonomisk
drivkraft, men også som ein kunnskapsinstitusjon. Rosendal er lokalt ei middels stor bedrift som gir
inntekter til lokalmiljøet både som arbeidsgjevar og som oppdragsgjevar i ulike oppussings- og
opprustingsprosjekt. Ved sida av kulturformidling driv Rosendal også kunnskapsformidling gjennom
årlege publikasjonar og føredrag i tillegg til opne seminar og omvisingar.
2