Her kan du lese hele Olav Veums tale til årsmøtet

Norges Skogeierforbund – Årsmøte 2015
Clarion Gardermoen Airport Hotel - 26. mai 2015
Styreleders tale
Møteleder, årsmøte, gjester – gode skogvenner ! Det er med stor glede eg kan ønske
velkommen hit til årsmøte i Norges Skogeigarforbund. Skognæringa er inne i ei skjebnetid.
På mange vis er det vel alltid slik at vi har store utfordringar. Men i dag, ved årsmøtet 2015,
opplever eg at både vi som organisasjon og vår næring, står framfor større moglegheitar enn
på lenge.
Skogeierforbundet på offensiven
Vi skal behandle styrets årsberetning for 2014, og det er naturlig med eit tilbakeblikk på året
som har gått. Når vi sto her i fjor, hadde vi nyleg tilsett ny administrerande direktør. Vi la
fram eit årsresultat for 2013 med eit vesentleg underskot. Vi har i mange år hatt ein
utfordrande situasjon med å tilpasse kostnadsnivået til den økonomien Skogeierforbundet
må leve med etter bortfall av finansinntekter. Dei siste 6 -7 åra har vi hatt relativt store
årlege underskot, og egenkapitalsituasjonen har vore pressa. Det er derfor ei stor glede, men
også heilt nødvendig å kunne melde, at vi er forbi botpunktet. Styret legg fram eit årsresultat
for 2014 som ligg tett opp mot eit null-resultat. Rekneskap og prognoser for 2015 viser klare
plusstal. Vi har fått kontroll på kostnadene, og ligg for framtida godt an til å drive denne
organisasjonen med eit sunt positivt resultat.
Dette har tatt tid, og det har kosta. Særleg for våre tilsette. Vi har gjort viktige grep med
tanke på pensjonsordningar. Vi har nedbemanna. Vi har flytta hovudkontoret som både har
medført samlokalisering med andre ”skogfolk”, men også vesentleg lågare kostnader. Vi har
effektivisert og endra måten vi driv på, som har skapt grunnlag for større eksterne inntekter.
Mykje av dette har skjedd fordi vi har dyktige og engasjerte medarbeiderar.
Skogeierforbundet står no svært godt rusta. Vi er og skal vere skogeigarens viktigaste
verktøy for å skape betre rammevilkår og sikre ei god framtid for skognæringa i Norge. For
fyrste gong på lenge skal vi nå tilsette fleire medarbeiderar. Det betyr ikkje at vi går vekk frå
ein tydeleg kostnadskontroll, men det viser at vi satsar offensivt innanfor dei rammene vi
har.
Så lenge eg har vore ein del av dette systemet har vi som eigerar vore særleg opptatt av to
ting. Gjennomslag for viktige politiske saker og auka synlegheit. Eg vil derfor berømme vår
gode administrerande direktør for å ha tatt oss opp i ein ny divisjon. Vi har aldri hatt så
mange treffpunkt med dei viktigsaste beslutningstakerane for vår næring. Vi har heller aldri
hatt større gjennomslagskraft i media med våre saker. Men la meg også raskt skyte til –
dette er ingen ”one man show”. Skogeigarforbundet har i dag nasjonal ekspertise på fleire
viktige felt. Skog, biomangfold og klima – der Nils og Svein er i særklasse. Samferdsel og
infrastruktur der Dag er heile næringas ekspert. Sertifisering og FoU med Thomas som ein
nøkkelperson. Europeiske spørsmål, tomtefeste og konsesjonslov – med Ellen som stødig
fagperson. Ein offensiv mediestab, men Norges desidert største skogfaglege tidsskrift SKOG
– der Åsmund, Inge, Anders og Trond gjer ein kjempejobb. Ikkje minst Øyvind, Unni og Lene
som sikrar god økonomistyring og effektiv praktisk drift. Tusen takk alle saman, eg trur vi har
mykje spennande i vente!
Men – og det er eit men – vi kan ikkje lene oss tilbake med dette. Som eg sa innledningsvis
er vi inne i ei skjebnetid. At vi har fått Skogeigarforbundet i ein offensiv posisjon er i grevens
tid. For fyrste gong på mange år virkar det som om Norge har vakna litt frå det eg vil kalle ein
oljedøs. Alle er enige om at ein av dei viktigaste vegane framover for nasjonen Norge er
gjennom det ”grønne skiftet”. Vår oppgåve er å sikre at denne vegen også går gjennom
skogen!
SKOG 22
For oss som skogeigerar og skogbrukerar er fotosyntesa eit kjent begrep. Vi har lært det,
fortalt om denne fantastiske mekanisma, og satsa på at fleire med oss skal sjå at dette er
grunnlag for ei bærekraftig lønnsom utvikling. Vi har lenge snaka om olje på land. Nå er det
på tide å bruke denne langt meir aktivt.
Vi var derfor svært fornøygde med at både den Raudgrøne regjeringa foreslo å lage ein
nasjonal strategi for skog- og trenæringa, og at Høgre / FrP regjeringa følgde det opp.
SKOG 22 og har prega mykje av arbeidet i Skogeierforbundet i 2014. Vi har fått ein offensiv
strategi. Ambisjonen er ein firedobling av omsetningsverdien i sektoren, 30-50 % auke i
avvirkninga og 20 % reduksjon av klimagassutslepp. Rapporten er tydeleg på kva slags tiltak
som må til, og relativt tydeleg på kva næringa sjølv bør bidra med. Arbeidet har blitt eit
referansearbeid – og dokumenterar skogens potensielle rolle i det grønne skiftet.
Flott - vi har ein rapport! Men det hjelper nesten ingen ting. SKOG 22 har ingen verdi med
mindre vi klarer å følge han opp – både frå styresmaktenes side og ikkje minst som næring.
Og la meg vere veldig tydeleg på dette. Vi kan ikkje rekne med at framtida for vår næring
skal komme seglande inn på sølvfat bare vi får staten til å gjere sitt. Eksportandelen av norsk
tømmer er rekordhøg. Vi går med store skritt mot ein situasjon der vi blir råstoffeksportørar.
I det korte bildet kan det vere OK. Men på lang sikt er verdien på vårt råstoff avhengig av at
vi har ein moderne, lønsam industri som lagar dei mest verdifulle produkta av vårt råstoff, og
som ligg slik til at transportkostnadene for både tømmer og ferdigprodukt er lågast mogleg.
Arbeidet med SKOG 22 viser at norske skogeigerar har under halvparten i nettofortjeneste
på tømmeret samanlikna med våre svenske venner. Råstoffkostnaden til industrien er
imedan ganske lik. Prisen på tømmer er i all hovudsak bestemt i ein internasjonal
konkurranse. Skogeigaren har i veldig stor grad tatt kostnaden med å sikre skognæringa
konkurransekraft. Dette kan ikkje halde fram. Vårt fokus må derfor være å redusere
kostnadane mellom skog og marked, samt bidra til at verdien på dei produkta som kan lagast
av tre får høgare verdi.
Skog 22 peikar på mange konkrete tiltak. Både innanfor samferdsel, industrielle
rammevilkår, energipolitikk, skatteordningar og byggforskrifter. Skogeigarforbundet jobbar
med dette kvar dag, og interessa er stor. Utredninga er gjort – tiltaka er gryteklare.
Misforstå meg rett. Det er veldig positivt at vår landbruks- og matminister ønskjer å lage ei
eiga skogmelding. Ho meiner vår næring fortjener eit spesielt fokus – og eg er einig. Men la
det ikkje bli ei sovepute for å vente ytterlegare eit år med å ta tak i dei konkrete
utfordringane.
For krisa er på ingen måte over. Vi malte eit ganske skremmande bilde av næringas
utfordringar når Tofte vart lagt ned. Året etter – i 2014 – opplever vi rekordhogst.
Superaktivitet. Optimisme. Flott!
Men kva har skjedd. Jo, vi fekk ein vesentleg styrka konkurransekraft både for tømmer og
trebaserte produkt på grunn av ei svekka norsk krone. Vi fekk ein viss oppgang i etterspørsel
etter trelast, og ein vesentleg vekst i særleg den svenske produksjonen. Og som nevnt –
stadig større volum er flytta over på langdistansetransport som tog og båt. Nå i våres har
delar av verdikjeda stoppa opp. Det er formidable lager av massevirke og flis på sagbruka.
Prisen er svært låg, enkelte stader dekker ikkje massevirkeprisane driftskostnaden. For
energivirke er reknestykket mange stader direkte negativt.
Så la meg oppsummere SKOG 22. Strategien er god. Ambisjonsnivået og potensialet burde
vere svært interessant både for investorar, næringa sjølv og samfunnet. Men det må
handlast. Vi treng ikkje fleire strategiar men konkrete prosjekt og etableringar. Eg er derfor
veldig glad for at vi seinare i dag skal få ein presentasjon av eit knippe heilt konkrete prosjekt
for ny trebasert foredling. Det skapar framtidstru og optimisme – men det kjem også til å
stille oss ovanfor ein del valg.
Skogeigarar og industri
Eg er ein av dei som meiner at skogeigerar har særleg stor interesse og evne til å bidra til
styrking av eksisterande og etablering av ny industri. Vi har ei særleg interesse i å skape
avsetning for tømmer som opprettheld verdien av vår skog. I samarbeid med andre
interesser både frå industri- og kapitalsida, bør vi legge til rette for ny nasjonal skogindustri. I
tillegg bør staten sjå på dette som ei god investering. Næringsnøytralitet blir naivt.
Skogressursen er eit komparativt fortrinn for Norge. Det må vi utnytte slik at vi kan sikre høg
verdiskaping, sysselsetting og vekst for landet.
For ganske nøyaktig eit år sidan la Skogeierforbundet fram eit forslag til ein modell som
skulle gjere det mogleg å omplassere skogfondskapital til investeringskapital. Dette er ei
direkte oppfølging av eit forslag som er formulert i regjeringserklæringa. Forslaget er drøfta i
SKOG 22 og er anbefalt som tiltak. Vi har nyleg jobba vidare med modellen. Det er opplagt
utfordrande å røre ved skogfondsordninga, det skal vi vere forsiktige med. Eit foredla forslag
går nå ut på at ein etablerar ei separat ordning som gir moglegheit for ein skogeigar til å
gjere ei skattefri avsetning frå ei tømmerdrift til industriellt formål. Beløpet blir som
skogfond untatt beskatning, ved at det settast av i eit fond som kan disponerast til utvikling
av foredlingsindustri. Avkastning og/eller realisering vil medføre skatteplikt. Ordninga
inneber med andre ord ikkje skattefritak men ein skattekreditt. Vi har ennå ikkje alle detaljar
på plass, men eg håpar dette er ei ordning vi i fellesskap kan få til, som eit tiltak for å gjere
den samla skogkapitalen meir verdt, både for skogeigerar og samfunn.
Diskusjonen om foredling bringer meg over på eit anna tema.
Konkurranse og struktur blant aktørane i virkesmarkedet
Som eg innleda med er vi inne i ei tid med klare signal om endring. Vi har lenge hatt sterk
konkurranse mellom aktørane i salget av tømmer, men vi har den siste tida fått vesentleg
sterkare konkurranse i innkjøpet av tømmer. Også mellom andelslaga. Konkurranse er sunt
og utviklar. Men vi må samtidig stille oss spørsmålet kva konkurransen oss imellom fører til.
Til nå er det ein konkurranse i lågast mogleg tømmermargin. Prinsippet om lik pris levert
bilveg er mange stader ein saga blott.
Vårt prinsipp om lik prispolitikk kom for alvor i forbindelse med etableringa av felles industri.
Ein kunne lokalisere industrien der forholda låg best til rette. Gjennom å tilby relativt like
vilkår til alle skogeigerar var det mogleg å sikre ein forutsigbar råstofftilførsel og unngå
utmattande lokaliseringsdiskusjonar.
Dersom vi som skogeigerar skal reise industri på ny må vi tenke nøye gjennom korleis vi skal
løyse denne utfordringa. Vi må vere tydelege på å skille leverandør- og eigarrolla. Samtidig
vil det nok vere vanskeleg å få ein skogeigar i ein del av landet til å vere med på ei
investering langt unna, dersom ikkje vedkommande har glede av dette i form av lønsam
avsetning.
Skal vi som verktøy for våre skogeigerar kunne bidra til ny nasjonal foredling, må vi evne å
samarbeide om desse sakene. Eg er redd for at ein vidareføring av norgesmeisterskapen i
lågast mogleg margin ikkje vil gjere oss i stand til det. For det fyrste vil vi ikkje ha kapital, for
det andre vil vi aldri bli einige om kor fabrikken skal ligge.
Av fleire årsaker, men også denne, meiner eg derfor at det som nå skjer i skogeigarsamvirket
på struktursida er bra. Viken AT Market er eit døme. Dette er med på å skape større
proffesjonalitet i eit internasjonalt marked, og vil kunne føre til samarbeid om infrastruktur
og foredling. Fusjonen i Vest likedan. Ei nødvendig styrking. I Mjøsen har ein gått så langt
som å gjere eit årsmøtevedtak på å etablere eit nasjonalt skogeigarsamvirke. I Havass og
Glommen signaliserar ein ønske om å starte samtalar med tilgrensande aktørar. I Allskog er
ein avventande til prosessen i Sør-Norge, men har signalisert at dette er eit viktig og
nødvendig tema. Vi er med andre ord i bevegelse. Så er det viktig for meg på talarstolen i
Skogeierforbundets årsmøte, å understreke at dette ikkje fyrst og fremst er ei sak for
forbundet. Dette er opp til kvart enkelt andelslag. Men eg dristar meg likevel til følgjande
vurdering: Skogeigarsamvirket er den desidert største aktøren i skogenden av den norske
verdikjeden. Vi representerer over 80 % av tømmeromsetninga og nær 36.000 skogeigerar.
Skal målsetninga i SKOG 22 innfris tur eg at både vi og heile næringa er avhengig av at vi
evnar å samarbeide om dei store spørsmåla framover. Utover bare det som handlar om
rammevilkår. Dette må ikkje gå utover vårt arbeid med å bli endå meir konkurransedyktige
og rasjonelle, men evnar vi å samle kreftene vil vi klare meir enn kvar for oss. Eg helsar
derfor velkommen den debatten vi no er midt inne i. Dette kjem frå grasrota, frå
skogeigarane. Det er vår plikt som tillitsvalde å møte desse ønska samtidig som vi må vise
lederskap. Så er de fleire enn oss som skal meine noko om dette, men SKOG 22 rapporten
har peikt på nettopp dette som eit nødvendig tiltak.
SKOG Norge - Samarbeid i Verdikjeden
Ei av dei vansklegaste og viktigaste sakene for Skogeierforbundet i 2014 var SKOG Norge
prosessen. Saka hadde sin bakgrunn i vårt ønske om å skape ein sterkare og meir omforent
næringspolitisk organisasjon. Skogeigarane treng ein kraftfull nasjonal næringspolitisk
spydspiss. Vårt næringspolitiske felt er smalt og dess betre vi klarer å forene kreftene og
jobbe saman som næringspolitiske aktørar, dess meir vil vi oppnå.
Skogeierforbundet inviterte åpent til ei samling under paraplyen SKOG Norge. Fokus var inn
mot skogdelen av skognæringa, men med klar ambisjon om eit tett alliansesamarbeid med
resten av verdikjeden. Målet av at 1+1 skulle bli meir enn 2.
I ettertid kan vi konstatere fleire ting. For det fyrste kan det sjå ut som vi ikkje er like einige
om dei viktigaste sakene som vi trudde. Eller for å sei det på ein anna måte, vi er ueinige om
kva som er viktigast. Vi ser også ulikt på verdien av fleire mindre aktørar kontra ein stor og
slagkraftig. Vi hadde denne saka oppe til drøfting på lederkonferansen i november 2014. Vår
organisasjon meinte ei utvikling av ein sterkare allianse der ein kunne samle og styrke
kreftene i det næringspolitiske arbeidet var viktig, men det kunne sjølvsagt ikkje skje med
mindre aktørane sjølv ville. Ein ville derfor avvente å sjå korleis ein konkret skulle følge opp
SKOG 22, før ein konkluderte.
I verdikjedesamarbeidet som består ev dei fleste sentrale aktørane i skog-og trenæringa,
fremma også Skogeierforbundet eit ønske om å samle ressursane og satse i fellesskap bl.a.
gjennom ein felles sekretariatsfunksjon. Ikkje som eit alternativ til SKOG Norge, men for å
sikre at næringa var betre rusta til å følge opp SKOG 22 som ei samla næring. I tillegg var det
fleire nye aktørar som ønskte å gå inn, både med kapasitet og ressursar. Heller ikkje her var
det konsensus om å utvide og formalisere for å få meire kraft. Dagens verdikjedesamarbeid
for skog og trenæringa er verdifullt, men vil i mindre grad enn om vi hadde satsa meir i
fellesskap, evne å samle og spisse budskapet og med det sikre gjennomslag for dei tiltaka vi
har omtalt i SKOG 22. Det er synd. Skogeierforbundet bidrar vesentleg inn i dette
samarbeidet og kjem til å fortsette med det. Vi trur likevel at næringa ville stått seg på å
bruke meir ressursar i fellesskap og tydeleggjere budskapet, slik vi mellom anna ser at
maritim sektor har gjort med hell.
Vår tanke om eit meir koordinert og samordna initiativ for å oppnå saker i fellesskap har
likevel fått ei god løysing. Vi lykkast no i utgangen av april å få til eit 3 årig samarbeid på dei
viktigaste felta med aktørane NHO Mat- og Drikke/SL, Statskog og Norskog. Samarbeidet er
formulert som eit treårig prosjekt. Statskog og NHO MD bidrar med vesentlege økonomiske
ressursar, medan Skogeierforbundet og Norskog skal stå for det operative arbeidet.
Skogeierforbundet har ansvaret med å samordne satsinga.
Med dette samarbeidet har vi langt på veg lykkast med det som var grunnintensjonen med
SKOG Norge. Vi har like mange aktørar som før, men vi evnar å samle ressursane på fem
viktige fagfelt der vi i fellesskap kan jobbe fram eit solid grunnlag for den næringspolitiske
jobben. Samarbeidet vil vere eit vesentleg faglig bidrag inn i verdikjedesamarbeidet. Så får vi
bare konstatere at tida ikkje var mogen for eit meir formalisert samarbeid. Vi har vore veldig
opne på vårt forslag men kan ikkje legge premissar for andre. Eg er imedan sikker på at
Skogeierforbundet både gjennom den styrkinga og veksten vi får i eigen regi, men også
gjennom det gode samarbeidet vi nå etablerar, vil evne å bli ein endå tydlegare og fagleg
god aktør med større gjennomslagskraft. Styrken ligg i at vi i fellesskap som
skogeigarsamvirke står bak vår eigen organisasjon. Med det har styret valgt å legge saka om
SKOG Norge på is, og har ikkje valgt å legge saka fram for ytterlegare organisasjonsmessig
behandling.
Næringspolitiske saker
Med det som bakteppe, la meg kort nevne nokre av dei viktigaste politiske sakene vi har
jobba mykje med i 2014, og som blir viktige framover.
Eiendomslovverket
Heilt sidan regjeringsskiftet i 2013 har det vore varsla ei liberalisering av eigedomslovverket.
Det har blitt skapt eit bilete av at skogbruk er hobby. At ein må vere proffesjonell skogeigar
dersom ein skal nå målet om auka avvirkning. Og at det mest effektive virkemiddelet er å
fjerne alle reglar kring eigedomsomsetning slik at alle kan kjøpe skog, alt frå utanlandske
livselskap til skogeigaren på nabogarden. Regjeringa ønsker å fjerne heile konsesjonslova
samt bestemmelsane om buplikt. Det må vi seie er radikalt.
Kva så ? For det fyrste. Det er ikkje slik at aktiviteten på ei eigedom bare er avhengig av
størrelse. Mange små driv aktivt – vi ser eksempel på store eigedommar som driv lite aktivt.
Dernest – kva meiner ein med ein proffesjonell skogeigar. Skal det vere ein skogeigar som
lever av å vere skogeigar, som lever av å forvalte sine skogressursar. I så fall snakkar vi om
eigedommar med ei årleg avvirkning på 30-50.000 m3. Dei skogeigarane som har eit slik
ressursgrunnlag i Norge i dag driv heller ikkje sjølv. Dei fleste har folk til å forvalte dette. Dei
leiger inn driftskapasitet, dei kjøper tjenester til skogkultur og planting, dei kjøper
skogbruksplan frå eit planselskap. Akkurat som ein skogeigar med 200 mål skog. Det
viktigaste er interessa til den som eig, og sjølvsagt at tømmeret har ein verdi som gjer den
interessant til å forvalte og utnytte.
Verdien med den norske eigedomsstrukturen er at mange eig og at vi med det er ei stor
gruppe grunneigerar politikerane ikkje kan oversjå. Vår forvaltningsmodell med eit
generasjonsbasert familieskogbruk, sikrar langsiktig forvaltning av ein ressurs som må
skjøttast over mange tiår. Og så har vi nettopp skogeiersamvirka, som sikrar skogeigarane,
store som små, tilgang på det mest effektive og mest proffesjonelle fagmiljøet både innanfor
drift, skogkultur, marked og plan. Eit styrka skogeigarsamvirke vil vere garantisten for ein
meir effektiv ressursutnyttelse!
Skogeierforbundet meiner at skog bør bety meir for fleir. Det inneber at dei som er
interessert i å drive bør få god moglegheit til det. Vi har derfor foreslått fjerning av
gevinstbeskatning ved salg, slik regjeringa allerede har foreslått og som i dag virkar direkte
hemmande. Vidare har vi foreslått å innføre ei tidsbegrensning for dødsbo som eigarform,
vurdere grunnlaget for buplikt på reine skogeigedommar, forenkle prosessen rundt mindre
eigedomstransaksjonar, forenkle praktisering av delingsforbodet samt fjerne prisreguleringa
for skogeigendommar.
Skogeierforbundet meiner det ikkje er rett å fjerne konsesjonslova slik forslaget inneber.
Tomtefeste
Ei anna sak som har prega vår organisasjon lenge er Tomtefestelova. Eg skal ikkje dra heile
historikken, men vi kan konstatere at dersom det ikkje hadde vore for Skogeierforbundets
innsats hadde dette ikkje vore ei sak. Dommen i EMK har bana veg for ei revurdering av
grunneiers rett til å regulere leigeforholdet i tomtefestesaker jf § 33. Vi har no fått eit forslag
til ny lovtekst frå regjeringa som mellom anna gir bortfestar rett til å oppjustere festeavgifta
til 2,5 % av marknadsverdi, dog med eit tak på ca 11.000 kroner.
Tomtefestelova frå 2004 var eit regelrett ran og stor urett mot ei gruppe av bortfesterar.
EMK konstaterte at det var brudd på menneskerettighetane, og påla norske styresmakter å
bringe såkalla ”fair ballance” inn i det nasjonale lovverket. Det er dette som nå skjer. Så er
det forstemmande at enkelte miljø både næringspolitiske og politiske så til dei grader ikkje
vil ta inn over seg at det er begått ein urett. Det er imedan svært interessant at dommen i
EMK nå får konsekvensar for andre område enn § 33. Styret i Skogeierforbundet fekk nylig ei
orientering frå Advokat Flaaten om nye saker innan andre delar av tomtefestelovverket som
no prøvast for høgsterett med utgangspunkt i krenking av grunneigarretten etter Lindheimdommen i EMK. Skogeierforbundet skal vere stolte av at vi som einaste organisasjon følgde
denne saka heilt fram. Mange bidrar i oppfølgingsarbeidet om tomtefestesaka som no pågår,
men vi hadde aldri fått fram at grunneigarretten er ein menneskerett som ikkje kan
krenkast, utan at Skogeierforbundet hadde brukt til dels store ressursar på å fremme saka
for EMK.
Det er mange andre saker ein godt kunne ha snakka om. Vi har på trappen ei ny melding om
biomangfald. Vi har skog- og klima, der bl.a vårt arbeid har ført til at Regjeringas
klimamelding som kom i januar understreker skogens betydning i klimasamanheng. Vi kunne
nevt arbeidet med samferdsel, frivillig vern der vi sikra tilstrekkelege økonomiske rammer.
Ny PEFC standard. Vi kunne ha snakka om rammevilkår for biodrivstoff. Vi kunne ha snakka
om skatt. Feltet er stort.
Eg har lyst til å avslutte med eit blikk inn mot skogen og ut mot framtida. Det er veldig fort at
vi gløymer det viktigaste i vårt næringspolitiske engasjement. Eg er opptatt av skogbruk – av
faget. Eg er bekymra for at vi ikkje driv eit fagleg sett godt nok skogbruk i Norge. Tilveksten
har avtatt. Vi har vesentleg lågare investeringar i foryngelse og skogkultur enn kva vi burde
hatt. Hogstmogen skog blir ikkje avvirka. Som ein avslutning på mitt innlegg vil eg oppfordre
oss alle til å reise fana for eit meir aktivt skogbruk.
Det leder meg over til noko av det mest gledelege for framtida. Ja vi opplever fokus frå
politisk hald. Det snakkast om bioøkonomi og grønne skift. Det mest konkrete er likevel
rekrutteringa til næringa. Ved Evenstad var det nå i vår rekordsøkning, og søkninga til NMBU
auka med 159 % !! Vi har satsa offensivt lenge på VelgSkog og nå gir det resultat. Vi har også
satsa lenge gjennom Trefokus på auka trebruk. Nyleg opna senter for Husdyrfag ved NMBU
der det til saman var brukt 12.000 kubikk trevikre. I Bergen reiser verdens høgaste trehus
seg.
Vår næring har fått ei lissepasning. Moglegheitane er mange. Det er opp til oss om vi skal
sette ballen i mål og med det bidra til ei god framtid for norske skogeigerar.
Til slutt vil eg takke. For det fyrste vil eg takke for at eg får lov til å vere tillitsvald og ha det
privilegiet det er å lede Norges Skogeierforbund. Eg vil vidare rette ein stor takk til alle
ansatte. De gjer ein formidabel innsats alle saman. Eg må særleg få takke deg Erik. Du skal få
dele dine erfaringar etter eit år i vår bransje, men eg opplever som eg sa i starten at du har
fått oss opp ein divisjon, og at vi nå har ein unik posisjon for det vidare arbeidet.
La meg også takke mine gode kolleger i styret. Det er innimellom krevande å lede eit styre
som bare består av styrelederar. Det synast eg går veldig bra, vi har gode diskusjonar og er
eit sterkt kollegium.
Takk også til andelslaga, både tillitsvalde og tilsette. Eg er overbevist om at vi bare har skrapt
i overflata på måtar å samarbeide på framover. Vi har nå eit utruleg sterkt, framoverlent og
offensivt verktøy i Norges Skogeierforbund, la oss beholde og videreutvikle det til beste for
den norske skogeigaren.
Takk !
Olav A. Veum
Styreleder, Norges Skogeierforbund