ÆGIR VIKINGMENY – LUNSJ VARME SMØRBRØD KYLLING A LA MUNIN Kr 185,Strimla kyllingfilet med raudlauk servert på Ægir vikingbrød saman med steikte amandinepoteter, salat og Cæsardressing. Munin var ein av Odin sine to ramnar og namnet tyder minne. Munin ait på skuldra til Odin og kviskra han dei siste nyhenda den har fått på dagens flygetur. SVINESKANKE SÆRIMNE Kr 198,Svineskanke med honning-glasert grillsaus, toppa med bacon, tomat og gratinert lokal blåmuggost servert på Ægir vikingbrød. Særimne var ein gris som vart eten kvar dag i Valhal når Odin inviterte til etegilde. Om kveld vart grisen på ein magisk måte levande igjen og kunne på nytt etast. GRILLA GRAVLAKS MIDGARDSORMEN kr 275,Grilla gravlaks servert på Ægir vikingbrød saman med sennepsaus tilsett honning, salat og dillstua poteter. Midgardsormen var er ein sjøorm som hadde ete seg så stor at den kunne bite seg sjølv i halen, og han omkransa menneskeverda. Under Ragnarok kom Midtgardsormen opp på land og Tor kjempa mot han, og det enda med at dei drap kvarandre. SALATAR SALAT LEIV EIRIKSSON Kr 175,Salaten inneheld laks, blåskjell, vårlauk, cherrytomat, agurk, egg, brødkrutongar og kvitlauksdressing. Brød og smør vert servert til. Leiv Eiriksson var ein norrøn oppdagingar som er kjend for å ha oppdaga Nord-Amerika i omlag år 1000, nesten 500 år tidlegare enn Christofer Columbus. Dette syner kor dugandes sjøfararar dei var i vikingtida. Landet Leiv oppdaga kalla han Vinland, som er Canada i dag. Flåmsbrygga Hotell AS | Pb 44 | N-5742 Flåm | NORWAY | (+47) 57 63 20 50 | [email protected] | flamsbrygga.no – BRYGGERIHOTELL – SALAT A LA ODIN Kr 185,I salaten får du spekeskinke, egg, melon, cherrytomat, agurk, raudlauk og rømmedressing. Brød og smør vert servert til. Odin var den mektigaste og visaste guden i norrøn mytologi. Han var med på å skape verda. Kunnskapen sin fekk han då han ofra det eine auge sitt for å drikke av kunnskapen sin brønn, Mimes brønn. Dette gjorde han for å forstå den verda han hadde skapt. HOVEDRETTAR FISK OG SKALLDYRSUPPE OLAV TRYGGVASON Fyldig suppe med fisk, skalldyr, grønsaker og innslag av Witbier og honning. Brød og smør vert servert til. Kr 230,- Olav Tryggvason var truleg barnebarn av Harald Hårfagre og han var konge i Noreg i perioden 995 - 1000. Olav var viktig for innføringa av kristendomen til landet og vert rekna som ein av dei sentrale kongane. Olav bygde Noregs eldste kyrkje på Moster i 995 og grunnla Trondheim i 997. ÆGIR VIKINGPLANKE Kr 450,Vår unike fem-rettar øl- & matmeny. Du får smake: røykt rein, skalldyr, fisk og skalldyrsuppe, villsvin og sjokoladeganach kake med Lynchburg Natt. Planken serverast med 5 ulike typar Ægir-øl. Kvart år bad Ægir Æsene til ete- og drikkegilde i festsalen sin Brime, der fata og drikkehorna fylte seg sjølve. Hjå oss kjem servitøren med ei matoppleving servert på ein vikingplanke saman med godt øl. Flåmsbrygga Hotell AS | Pb 44 | N-5742 Flåm | NORWAY | (+47) 57 63 20 50 | [email protected] | flamsbrygga.no – BRYGGERIHOTELL – DESSERTAR TILSLØRTE ÆGIR DØTRE Kr 120,Tilslørte Ægir døtre kan lokke med «rørete» jordbær, piska seterrømme, sukker, kanel og rista kavring. Ægir, havets gud, er gift med Ran, havets herskerinne, og saman har dei 9 døtre som er dei nordiske havfruene. Dei er personifikasjonar (menneskeliknande figurar) av bølgene. SJOKOLADEGANACH KAKE FRIGG Kr 135,Vår mørke sjokoladeganach kake med Porter vert servert med ein frisk bringerbærsorbet. Frigg, hustrua til Odin og den mektigaste av gudinnene, var ei utruleg vakker og moden kvinne som spann og vevde skyer på rokken sin. Frigg hadde kontroll over naturen og er kjærleiks- og skjebnegudinna. Med atterhald om endringar. Allergener: Gluten Mjølk Egg Fisk Skalldyr Blautdyr Nøtter Sulfitt Flåmsbrygga Hotell AS | Pb 44 | N-5742 Flåm | NORWAY | (+47) 57 63 20 50 | [email protected] | flamsbrygga.no – BRYGGERIHOTELL –
© Copyright 2024