Fylkestannlegens etatssamling - Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkestannlegens
etatssamling
Scandic Seilet , Molde | 21. og 22. april 2015
2015
Fylkestannlegens
etatssamling
Anne-Brit Skjetne
Geir Evensen
er tannlege med høg kompetanse på
akutt tannbehandling og ein mykje
brukt kurshaldar. Han har 36 års
erfaring frå den offentlege tann­
helsetenesta i Bergen og arbeidar no
ved Arken tannlegesenter i Bergen med akuttarbeid,
allmenn­praksis og rådgiving.
På dag to av etatssamlinga gir han oss ei grundig
innføring i akutt tannbehandling med vekt på:
•Generelle betraktninger,
jus og etikk
•Hva haster veldig, ganske
mye, eller litt
•Hvem legger vi inn
•Traumer
•Pulpa- og periapicale
symptomer
•Akutte marginale symptomer
•Abscesser
•Spyttkjertler
•Slimhinnesykdom
•Postoperative problemer
•Anestesi
•Ekstraksjoner
•Engstelse
•Håpløse tilfeller
•Hva behandler vi ikkje
•Lure tips
er administrerande direktør i Tannhelsetjenestens kompetansesenter
Midt Norge (TkMN). Ho er utdanna
tannlege og har brei leiarerfaring
frå både offentleg og privat
verksemd.
På dag 1 av etatssamlinga får vi høyre meir om
planane for korleis TkMN skal bli eit senter til
inspirasjon, og ei kjelde til fornying og fagleg
utvikling. TkMN skal være ein viktig aktør i
arbeidet med å kartlegge og framskaffe meir
vitskapeleg basert kunnskap om tannhelse,
behandling av tannsjukdom og gi tilgang til
tannhelsetenester.
Midt-Norge får dei nærmaste åra eit stort behov
for nye tannlegespesialistar, og ei sentral oppgåve
for TkMN blir å ta seg av veiledningsdelen i
spesialistutdanninga. Blant kjerneoppgåvene til
tannlegespesialistane ved senteret blir forsking
gjennom eigne forskingsoppgåver. Dei skal også
gi fagleg innspel til forskingsområde og bidra til å
auke forskingsinteressen i kliniske og praksisnære
miljø i offentleg og privat tannhelse i Midt-Norge.
Profesjonalitet og samhandling
Vi har ein visjon om å skape ei offentleg tannhelseteneste til det beste for brukarane våre. Vår overordna tannhelseplan, ”Regional delplan tannhelse”, gir retning for korleis vi må forvalte det unike samfunnsoppdraget vårt for å sikre kvalitet og pasientsikkerheit i behandlinga. Pasientane sitt behov skal vere førande
for struktur og innhald i tenesta, og tenestilbodet vårt må vere basert på fagleg
forsvarleg behandling utført av kompetent tannhelsepersonell.
På etatsmøtet hausten 2012 vart alle tilsette utfordra på kva vi skal legge i
omgrepet profesjonalitet. Gjennom gruppearbeid hausta vi inn mange gode innspel på korleis vi skal opptre profesjonelt i møte både med brukarar og medarbeidarar. I fjor jobba alle klinikkane vidare med å definerer kva som gjer oss til
gode, profesjonelle samhandlande medarbeidarar. Vi er stolte over å kunne presentere resultatet av denne prosessen på årets etatssamling!
Etatssamlinga tel 7 timar
tverrfagleg i 100-timars­
kvoten. (Den enkelte
tannlege registrerer
timane etter endt kurs)
Program
TYSDAG 21. APRIL
ONSDAG 22.APRIL
09:30 - 10:30 Registrering, kaffe/te og frokost
10:30 - 10:50 Opning v/fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik
10:50 - 11:40 Fylkestannlegens time, inkl. merksemd til med­
arbeidarar med 25 år i fylkets teneste
08:30 - 09:30 Kompetansebygging i eigen organisasjon
- presentasjon av spesialist- og spisskompetansen i
eigen organisasjon v/overtannlege Tone Nord
11:40 - 12:00 Pause
12:00 - 13:00 Profesjonalitet og samhandling på klinikkane
v/ tannpleiar Ing-Marie Sundqvist, tannhelse­
sekretær Grete Gussiås m.fl.
13:00 - 14:00 Lunsj
14:00 - 14:45 «Nytt og nyttig», v/konsulent Eva Refsnæs og
trainee Ingrid Walstad Larsen, som m.a. presenterer
introduksjonsprogram for nye medarbeidarar
14:45 - 15:15 Pause
15:15 - 16:00 Tannhelsetjenestens kompetansesenter i
MidtNorge v/administrerande direktør
Anne-Brit Skjetne
- Møre og Romsdals eige kompetansesenter
- eit spennande tilbod til tannhelsetenesten i
regionen
- gode moglegheiter til forsking, vidareutdanning
og brei fleirfagleg rådgiving og behandling
16:00 - 16:30 «Kommunereform og ny tannhelsetjenestelov
– utfordringer og muligheter for tannhelse­
tjenesten» v/ekspedisjonssjef Stig Pettersen i
Helse- og Omsorgsdepartementet.
I samband med at regjeringa jobbar for færre og
større kommunar, er det foreslått å overføre det
offentlege tannhelsetilbodet til kommunane.
Parallelt blir det jobba med ny tannhelsetenestelov,
med nye prioriterte brukargrupper. Departementet
deler siste nytt med oss.
16:30 - 16:50 Årsmøte og val i den norske tannlegeforening.
19:30
Vi samlast i Bjørnsonsalen til tapasaften,
underhaldning og sosialt samvær.
09:30 - 10:15 Kaffepause med utsjekk
10:15 - 11:00 «Når tiden er knapp» - akutt tannbehandling i
allmennpraksis v/tannlege Geir Evensen.
(Framhald etter pausen)
11:00 - 11:15 Pause
11:15 - 12:00 «Når tiden er knapp» - akutt tannbehandling i
allmennpraksis (framhald etter lunsj)
12:00 - 13:00 Lunsj
13:00 - 13:50 «Når tiden er knapp» - akutt tannbehandling i
allmennpraksis (framhald etter pausen)
13:50 - 14:10Pause
14:10 - 15:15 «Når tiden er knapp» - akutt tannbehandling i
allmennpraksis
15:15 - 15:30 Avslutning
Møre og Romsdal fylkeskommune | Fylkeshuset 6404 Molde
Telefon 71 25 80 00 | E-post: [email protected] | www.mrfylke.no