Aurikkelplastikk med lokalbedøving

Heimreise
Du reiser heim så snart du er i form til det etter operasjonen. Vi anbefaler at du
ikkje køyrer heim sjølv, men får nokon til å hente deg, eller tar buss heim.
Velkomen til Dagkirurgisk seksjon
Smerter: Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom
du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol/ ibux
smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
ØNH Ålesund sjukehus
Mat og drikke: Det er ingen restriksjonar i samband med mat og drikke.
Aktivitet: Du skal ta det med ro den første veka etter operasjonen, og du skal ikkje
delta på trening eller tung fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen. Har
du tungt fysisk arbeid kan sjukmelding vere aktuelt. Skuleungdom kan gå på skule
som vanleg om dei er i form til det, men skal ha fritak frå gymnastikk eller anna
fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen. Ein skal unngå kontaktidrett
ein månad etter operasjonen (til dømes fotball, handball og liknande).
Kompresjonshette: Nettingbandasjen du fekk på hovudet etter operasjonen skal
vere på dag og natt i 10 dagar. Når bandasje og sting er fjerna skal eit breitt
panneband brukast dag og natt i 10 dager, deretter kun om natta ytterlegare 10
dagar.
Pasientinformasjon
 Dagkirurgi
Til deg som skal operere utstående øyrer
(aurikkelplastikk) i lokalanestesi
Hygiene: Du kan dusje kroppen, men må vente med å vaske håret til etter
bandasjen og stinga er fjerna etter 10 dagar.
Komplikasjonar: Dersom du har feber over 38,5 gradar i meir enn 3 timar, kan
det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om du vert raud i
huda rundt operasjonssåret, vert hoven eller får aukande smerter etter
operasjonen.
Telefon:
Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Før operasjonen
Operasjonsdagen
Du har fått time til dagkirurgisk operasjon av utståande øyrer (aurikkelplastikk).
Inngrepet vert gjort med lokalbedøving. Du skal møte på dagkirurgisk avdeling til
avtalt tid operasjonsdagen. Meld deg i luke 3. Ver merksam på at det er
betalingsautomat på parkeringa ved sjukehuset.
Ved Dagkirurgisk avdeling vert du undersøkt av ØNH-lege før operasjonen.
Etter legeundersøkinga vil sjukepleiar ved dagkirurgisk seksjon førebu deg til
operasjon. Sjukepleiaren barberer vekk håret i 4-5 cm bredde rundt øyrene dine
før operasjonen.
Du bør vere frisk, ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom
du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd.
Operasjon: Operasjonen vert gjort i lokal bedøving, og operasjonstida er
vanlegvis 2-4 timar.
Hygiene
For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen
eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne skjegg og kinnskjegg.
Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast.
Smertestillande: Lokal bedøvinga går ut etter eit par timar. Om du har behov
for det etter inngrepet kan du ta smertestillande tablettar.
Medisinar
Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du
kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje
er avklara på førehand.
Bandasje og hette
Du vil ha på bandasje over øyrene og ein nettingbandasje på hovudet etter
operasjonen.
Blødning: For å minske risikoen for blødning skal du halde deg i ro etter
inngrepet.
Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta med
deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset.
Mat og drikke
Sidan inngrepet vert gjort med lokal bedøving skal du ete frukost som vanleg
operasjonsdagen.
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no