Heimreise Dagkirurgiske pasientar kan reise heim 2- 3 timar etter operasjonen er avslutta, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. . Innlagde reiser heim neste dag. Du kan ikkje køyre bil same dag. Smerter Det er vanlegvis lite smerter etter operasjonen, men du kan vere litt sår i halsen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol smertestillande, følg doseringa anbefalt på pakken frå apoteket. Mat og drikke Operasjonsdagen skal mat og drikke vere kald eller avkjølt for å dempe irritasjon og hevelse i svelget, seinare kan du ete og drikke som vanleg. Aktivitet Sjukmelding kan vere aktuelt, avhengig av yrket ditt og kva inngrep som er utført. Du skal ha stemmekvile 1-2 veker dersom det er gjort kirurgi på stemmebanda, det vil sei å snakke minst mogleg, og snakke med lav stemme (ikkje kviskre). Velkomen til Dagkirurgisk seksjon ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Til deg som skal til microlaryngoscopi Komplikasjonar Skade på tenner kan forkomme. Ved inngrep på stemmebanda kan ein bli forbigåande hes. Lokal hevelse i svelget kan gi pusteproblem, men det skjer svært sjeldan. Skulle du få pusteproblem etter heimreise, ta kontakt direkte med sjukehuset. Telefon: Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700) ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500) ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Før operasjonen Operasjonsdagen Du har fått time til undersøking, evt. prøvetaking eller fjerning av forandringar frå svelg/ luftvegar i narkose. Mikrolaryngoscopi vert oftast gjort dagkirurgisk, men nokon kan verte innlagd til neste dag av medisinsk grunn. Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter blir du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du får pyjamas og seng. Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd. Du vert undersøkt av ØNH-lege før operasjonen. Om du har tenner på stift, krone eller bru, må du informere om det. Faste Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting. Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24. Hygiene For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen eller operasjonsdagen. Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Operasjon Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er ca. ein time. Under operasjonen vert det ført eit stivt skop ned i svelget. Legen bruker mikroskop for å få god oversikt, og kan ta vevsprøvar, fjerne polyppar eller fortykka slimhinne. Det vert brukt tannvern i plast for å unngå tannskade. Observasjon Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter 2-3 timar om dei er i form til det, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde pasientar vert overflytta til sengeposten (ØNH/Kir1) etter 1-2 timar. Medisinar Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje er avklara på førehand. Drikke Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Det vert oftast spraya lokalbedøving ned i svelget under operasjonen, du må derfor vente med å ete og drikke til du klarer å svelgje. Operasjonsdagen skal mat og drikke vere kald eller avkjølt for å dempe irritasjon og hevelse i svelget. Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov. Smertestillande På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det, seinare kan du svelge tablettar. Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til sjukehuset. www.helse-mr.no www.helse-mr.no 08-2015
© Copyright 2024