Heimreise Dagkirurgiske pasientar kan reise etter 3 timar, om dei er i form til det, men skal alltid ha tilsyn av ein vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde pasientar reiser heim neste dag. Velkomen til Dagkirurgisk seksjon ØNH Ålesund sjukehus Smerter: Det er vanlegvis lite smerter etter operasjonen, men barnet kan trenge smertestillande nokre dagar. Det held oftast med paracetamol/ ibux smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket. Mat og drikke: Det er ingen restriksjonar i samband med mat og drikke. Aktivitet: Barnet skal ta det med ro den første uka etter operasjonen. Skulebarn kan gå på skule som vanleg om dei er i form til det, men skal ha fritak frå gymnastikk eller anna fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen. Ungdom som er i arbeid vert ofte sjukemeldt i 7-14 dagar. Hygiene: Bandasjen skal vere på til stinga fjernast etter 7-10 dagar. Barnet kan dusje kroppen, men de må passe på så bandasjen ikkje vert våt. Pasientinformasjon Til deg som skal fjerne kul på halsen Barn/ungdom og pårørande Sunblock: Det første året etter operasjonen bør arret dekkast med plaster eller sunblock når barnet er ute i sola. Dette for at arret skal verte penast mogleg. Komplikasjonar: Dersom barnet/ ungdomen har feber over 38 gradar i meir enn 3 timar, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om barnet vert hoven og raud i huda rundt operasjonssåret, eller får aukande smerter etter operasjonen. Telefon: Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700) ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500) ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Før operasjonen Operasjonsdagen Barnet/ ungdomen har fått time for å fjerne ein kul på halsen i narkose. Inngrepet vert oftast gjort dagkirurgisk, men nokon vert innlagd til neste dag av medisinsk grunn. Plassforholda ved overvakinga er begrensa, og det kan vere at pårørande må veksle på og vere inne hos barnet, om to vaksne er med. Operasjonsdagen melder de dykk i luke 3 ved Dagkirurgisk seksjon, 1 etg. Deretter vert de møtt av ein sjukepleiar som vil førebu barnet til operasjon. Det kan somme tider vere naudsynt å barbere vekk litt av håret på den sida kulen er. Pasienten får pyjamas og seng. Det kan bli litt venting, så ta gjerne med smokk, kosedyr, nettbrett o.a. slik at barnet kjenner seg trygg. Ventande og ferdigopererte barn ligger nærme kvarandre, så vi prøver å skape ro ved å snakke med dempa stemme og har lågt støynivå. Barnet/ ungdomen må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om de er i tvil. Dersom de av anna grunn er forhindra frå å møte til tildelt time må de gje beskjed snarast råd. Faste: Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting. Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For ungdom som røyker eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24. Hygiene: For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen eller operasjonsdagen. Ungdom med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg. Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Lokalbedøvande krem: Små barn bør få ein lokalbedøvande krem på venstre handbak og på innsida av venstre olboge der det skal settast ei kanyle før narkosen. Emla krem/ plaster får ein kjøpt reseptfritt på apotek, og skal påførast ein time før frammøte. Medisinar: Om barnet/ ungdomen har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som vanleg operasjonsdagen. Det er viktig å ta med alle medisinar til sjukehuset. Astmamedisin skal ein ta med, sjølv om det brukast kun ved behov. De som skal overnatte på pasienthotellet MÅ også ta med dei smertestillande medisinane som de har fått resept på. Operasjon: Ein pårørande får bli med til barnet/ ungdomen søv på operasjonsstua, deretter vert vedkomande følgd ut. Operasjonstida er vanlegvis ca. 2-4 timar. Observasjon: Når operasjonen er ferdig blir pårørande henta, og er saman med pasienten resten av tida. Dagkirurgiske pasientar kan reise heim etter 3 timar om dei er i form til det, og må ha tilsyn av ein vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde pasientar vert overflytta til Barne- og Ungdomsavdelinga etter 1-3 timar. Drikke: Under og etter operasjonen får alle pasientar væsketilførsel i armen. Barnet/ ungdomen får drikke vatn så snart det er i form til det etter operasjonen, og kan ete mat etter nokre timar. Smertestillande: På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om barnet har behov for det, seinare kan barnet få stikkpiller eller tablettar. Bløding: For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha lett heva hovudende i senga. Bandasje: Det vert lagt på ein bandasje over operasjonssåret, som skal ligge på til stinga skal fjernast. Somme tider er det naudsynt å legge inn dren, dette vert i så fall fjerna etter 1-2 dagar. www.helse-mr.no www.helse-mr.no
© Copyright 2024