Heimreise Dagen etter operasjonen reiser du heim. Før heimreise får du snakke med lege som informerer deg om operasjonen og eventuelle forholdsreglar. Bandasjen rundt hovudet vert fjerna. I øyremuslingen er det lagt inn tupferar eller gastrimlar dynka med salve, dei skal ligge på til du skal fjerne stinga etter ei veke. Om du ønsker det kan du legge på ein mefix bandasje over, men det er ikkje medisinsk grunn for å dekke til området. I øyregangen ligg ein tampongen av gelfoam som vert fjerna når du kjem til kontroll hos ØNH-lege etter 3 veker. Det kan sive litt brun væske frå øyregangen, dette er gelfoamen som løyser seg opp, og er ufarleg. Du skal ikkje snyte nasen eller blåse luft inn i øyret (trykkutlufting) i 2 veker etter operasjonen. Dersom du vert forkjøla, bruk avsvellande nasespray, Otrivin, Rhinox eller lignande. Du kan «trekke inn» sekretet gjennom nasen. Du må sjølv avtale time for å fjerne sting hos fastlegen ei veke etter operasjonen. Fastlegen skal også fjerne tupferar og gastrimlar frå øyremuslingen. ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Til deg som skal til øyrekirurgi i narkose Vaksen Smerter: Som smertestillande kan du bruke paracetamol eller ibux ved behov. Hygiene: Du kan dusje og vaske håret, men må unngå å rette dusj-strålen rett mot øyret. Ikkje skrubb på såret når du tørkar deg, men bruk ein hårfønar til å blåse huda rundt øyret tørr. Velkomen til Øyre- Nase- Hals avdelinga Aktivitet: Kor lenge du vert sjukmeldt etter operasjonen er avhengig av yrket ditt, operatøren vil drøfte dette med deg. Du bør unngå brå bevegelsar med hovudet i to veker etter operasjonen. Også støt eller slag mot hovudet må unngås, derfor er kampsport og ballspel forbode. Du kan anstrenge deg fysisk etter ei veke dersom du held hovudet i ro (styrketrening, roing og sykling). Komplikasjonar: Dersom du har feber over 38 gradar i meir enn 3 timar, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Det same gjeld om du vert raud i huda rundt operasjonssåret, vert hoven, får aukande smerter og vert kraftig svimmel. Telefon: ØNH/ kir1: 70105670 ØNH-ekspedisjon: 70105832 (man-fre 0800-1530) NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Før operasjonen Operasjonsdagen Du har fått time til tympanoplastikk (rekonstruksjon av trommehinna/ øyrebeinsknoklar og/ eller øyregang) eller kolesteatomoperasjon. Du møter fastande om morgonen operasjonsdagen og vert innlagd ved ØNH/ Kir1 til neste dag. I ØNH-avdelinga vert du møtt av sjukepleiar, og du får pyjamas og seng. Det er nødvendig å fjerne håret 4-5 cm rundt øyret som skal opererast. Sminke, smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast råd. Faste Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting. Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24. Hygiene: For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret om morgonen før operasjonen. Menn med skjeggvekst må fjerne skjegg og kinnskjegg. Sminke, smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast. Medisinar: Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje er avklara på førehand. Premedikasjon: Før du køyrast til operasjonsstova får du paracet smertestillande tablettar som premedikasjon. Operasjon: Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 35 timar. Observasjon: Etter operasjonen vert du liggande på overvakinga 2-4 timar. Deretter kjem du oppatt i ØNH-sengepost. Drikke: Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn så snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete mat etter nokre timar. Smertestillande: På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det, seinare får du smertestillande tablettar. Bløding: For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha lett heva hovudende i senga. Bandasje: Etter operasjonen har du fått ein sirkulær bandasje rundt hovudet. Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov. Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til sjukehuset. ØNH sengepost/ Kir1: Operasjonsdagen skal du møte i mottaket for innskriving før du går vidare til ØNH / Kir1 i 5.etg. www.helse-mr.no www.helse-mr.no
© Copyright 2024