Oppgåver for kontaktlærarar ved Fagerlia videregående skole

OPPGÅVER FOR KONTAKTLÆRAR VED FAGERLIA VIDEREGÅENDE SKOLE
Kontaktlæraren
 er eleven sin næraste kontaktperson i skulemiljøet
 skal skape tryggleik, tillit og vere tett på klassen sin.
 syte for at den einskilde elev opplever seg sett, høyrt og respektert som ein fullverdig deltakar i klassen.
 har det administrative ansvaret for elevane i si klasse
 har årshjulet og INFO-permen i Fronter som basisverktøy

Administrativt ansvar:
Syte for at alle arkivverdige dokument blir levert til resepsjonen
(klager på karakterar, eksamen, vitnemål, varsel om nedsett karakter, sjukemeldingar, permisjonssøknadar, alt som er knytt til PPT, IOP,
søknadar om tilrettelagt eksamen)







Syte for at fråvær blir ført nøyaktig kvar veke i Skolearena
Følgje opp elevfråver ut frå «Rutiner for fraværsoppfølging ved Fagerlia videregående skole»
Følgje opp elevar som bryt skulen sitt reglement
Sette seg inn i all informasjon som gjeld elevane og dele denne med faglærarane og fagarbeidarane i klassen
Sikre at all informasjon som elevane skal ha, kjem fram til kvar einskild i si klasse
Syte for å ha oversikt over korleis eleven trivast og klarer seg samla sett
Gjennomføre samtalar med alle elevar i starten av skuleåret og i kvar termin
•
•
•
Fagleg ansvar:
Legge til rette for at læringsmiljøet i klassa er positivt og prega av elevmedverknad
Legge til rette for at det er tydelege rammer for opplæringa
Medverke til at elevane får gode arbeidsvanar og lærer å ta ansvar for eiga læring













Klassemiljø:
Følgje opp rutineskriv om «Tett på eleven ved Fagerlia videregående skole»
Ha god kontakt med og vere tett på alle elevar og opptre rettferdig og pårekneleg
Gå gjennom reglementet til skulen for å legge til rette for eit positivt klassemiljø og gjere elevane merksame
på pliktar og rettar
Syte for at det blir skrive referat frå klassemøta og lagt i klassa sitt rom i Fronter
Kommunikasjon med heimen:
Vere bindeledd mellom heimen og skulen, gjennomføre samtaler og ha god dialog med føresette
Informere om tilgang i Skolearena for føresette til elevar under 18 år og gi desse tilgang
Sosialpedagogiske oppgåver:
Skaffe seg oversikt over og følge opp elevar med enkeltvedtak, meldeskjema m.m og formidle informasjon til
aktuelle faglærarar
Følgje opp NyGIV-elevar og elevar knytt til fokusgruppe i samarbeid med faglærar og rådgivar
Veilede og hjelpe aktuelle elevar med søknad om tilrettelegging av tentamen og eksamen
Legge til rette for at IOP og åresevaluering blir utarbeidd og koordinere dette arbeidet. Kontaktlærer syt for
signatur frå føresette/elev før den vert levert kontoret for utsending til PPT og Utdanningsavdelingen
Samarbeide med spes.ped.koordinator, PPT og andre eksterne samarbeidspartar for dei elevane som treng
særskild oppfølging og melde saker skriftleg til spes.ped.koordinator når elevar har behov for det
Yrkes- og utdanningsveiledning:
Gjennomføre karrieresamtaler/utviklingssamtalar/elevsamtalar jf forskrift til opplæringslova.
Rettleie og orientere elevane kring yrkesval i samarbeid med rådgivarane ved skulen
Oppdatert 07.08.2015