Pen Say Poe i Nordhordland

Kåra til «årets lærling»
Dobbelsiger til Knarvik vidaregåande
MELAND: Pen Say Poe
(20) frå Rossland er kåra
til «Årets lærling» i byggog anleggsbransjen.
Premien er på 10 000
kroner og eit diplom.
ARTHUR KLEIVELAND
[email protected]
Kåringa av «Årets lærling» er
gjort blant 290 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og
Sogn og Fjordane.
– Det er veldig overraskende og
grådig kjekt å bli kåra til «Årets
lærling», seier den glade vinnaren.
20-åringen er frå Myanmar
(Burma) og kom til Norge for fem
år sidan etter å ha budd 12 år i
flyktningeleir i Thailand. Pen Say
utdannar seg i betongfaget og
skal ta fagprøve til sommaren.
Han er tilsett i Stoltz Entreprenør
og jobbar for tida på Kysthospitalet i Os.
Verken norsk eller engelsk
Pen Say kunne verken norsk eller
engelsk då han kom til Norge i
2007. Han begynte på Knarvik
vidaregåande skule, og trass i
språkproblem fullførte han dei
fleste faga. Han viste stor inter-
esse for betongfaget, og fekk plass
som lærling hjå Stoltz Entreprenør i fjor.
Usedvanleg god utvikling
Det er bedriftene som nominerer
sine beste kandidatar til konkurransen om å bli «Årets lærling».
Dei gir ei vurdering av den enkelte sine kvalifikasjonar i forhold til
ni fastsette kriterier, og Pen Say
sine overordna gav han høgaste
score på dei fleste kriteria.
Stoltz Entreprenør har med
bakgrunn i Pen Say sin spesielle
bakgrunn og språkbarriere også
uttalt at han har vist usedvanleg
flott progresjon i betongfaget. I
tillegg blir Pen Say sine haldningar til HMS og dokumentasjon av
arbeidet sitt framheva. Det tel
også positivt at han alltid møter
fram på jobb i god tid.
Trivst i betongfaget
Arbeidet hjå Stoltz er variert og
eg får veldig god rettleiing. På
Kysthospitalet er eg i gang med å
laga heissjakter, og før det var eg
med på eit prosjekt med utviding
og forsterking av ein kai på CCB
på Ågotnes, fortel han.
Dobbel Knarvik vgs
På andreplass i kåringa kom
Kristin Haustveit (19), som er
betonglærling hjå NCC Anlegg,
og som også er elev ved Knarvik
vidaregåande skule.
Ho jobbar for tida på eit gangbruprosjekt i samband med
bybaneutbygginga til Lagunen og
skal ta fagprøve til sommaren.
Ho delte andreplassen med Torjus Pettersen Nordheim (20) som
i juni fekk fagbrev som tømrar.
Læretida hadde han hjå Åsen &
Øvrelid i Førde, der han har fått
fast jobb.
Takkar bedriftene
– Vi vil takka bedriftene som gjer
ein veldig god jobb med å gi lærlingar den praktiske treninga dei
treng for å få fagutdanning, seier
Jonny Olsen, som er leiar for
BYGGOPP i Hordaland.
BYGGOPP tilrettelegg for
opplæring innan bygg- og
anleggsteknikkfaga og følgjer
opp lærlingane. BYGGOPP har
60 medlemsbedrifter i Hordaland og 139 i Sogn og Fjordane.
Ein jury med representanter
for BYGGOPP i Hordaland og
Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet
står for den endelege kåringa av
Årets lærling.
SATSAR I BETONG: Pen Say Poe (20) frå Meland har imponert stort med si utvikling innanfor betongfaget, og er kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Premien på 10.000 kroner vart overrekt av av Svein Erik Røskeland frå fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune på eit arrangement i regi av EBA Vestenfjelske.
(Foto: EBA Vestenfjeldske)