Vil du bli lærling i Fjell kommune?

Vil du bli
lærling i Fjell
kommune?
Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig,
men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren.
Det vert annonsert på heimesida til
kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer
å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein
kvar tid sende søknad eller kontakta
kommunen for meir informasjon.
Alle lærlingane får eigen rettleiar på
arbeidsplassen sin.
Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag:
• Barne- og ungdomsarbeidarfaget
• Byggdrifterfaget
• Helsefagarbeidar
• IKT-faget
• Institusjonskokk
• Kontor- og administrasjonsfaget
FJELL.KOMMUNE.NO
kontor- og
administrasjon
Lærlingane i dette faget held til i Fjell rådhus
under Servicetorgssjefen. Oppgåvene er
varierte, og ein er innom fleire avdelingar som;
personal, økonomi og plan- og utbygging.
I servicetorget arbeidar lærlingane med
postføring/journalføring, telefonsentral,
kundekontakt, sortering av post m.v.
Lærlingane får innblikk i personaloppgåver,
økonomi, barnehagemynde, informasjon,
politikk- og næringssenter.
Læretid
To års læretid på rådhuset i Fjell kommune.
Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune
Kor kan du få arbeid?
Kommunal, offentleg eller privat bedrift.
Kontakt oss
Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune?
Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.
Fagleg leiar Kristine Melsbø
Epost: [email protected]
Tlf.: 55 09 70 37
FJELL.KOMMUNE.NO