FJELL.KOMMUNE.NO Vil du bli lærling i Fjell kommune?

Vil du bli
lærling i Fjell
kommune?
Fjell kommune tek inn lærling kontinuerlig,
men søkjer vanlegvis etter lærlingar om våren.
Det vert annonsert på heimesida til
kommunen i BT og Vestnytt. Dei som ønskjer
å ta fagbrev eller kompetansebevis, kan til ein
kvar tid sende søknad eller kontakta
kommunen for meir informasjon.
Alle lærlingane får eigen rettleiar på
arbeidsplassen sin.
Fjell kommune tilbyr læreplass i seks fag:
• Barne- og ungdomsarbeidarfaget
• Byggdrifterfaget
• Helsefagarbeidar
• IKT-faget
• Institusjonskokk
• Kontor- og administrasjonsfaget
FJELL.KOMMUNE.NO
Barne- og
ungdomsarbeidar
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du
vere med å bidra til tilrettelegging og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barn og unge i
alderen 0-18 år. Du skal vere med å fremme
fellesskapet og samhaldet i eit miljø prega av
leik, utforsking og læring.
Opplæringa skal leggje til rette for å kunne
tilpasse det pedagogiske tilbodet til ulike
aldersgruppar, funksjonsnivå og
livssituasjonar. Du skal vise til god
kommunikasjon og samhandling i lag med
barn, unge og føresette.
Læretid
Læretida kan variere i tid. Den er fordelt på
barnehage, SFO, skule og ungdomsskule.
Grafisk utforming: Monica Hovland, Fjell kommune
Kor kan du få arbeid?
Barnehage, skule, SFO, ungdomsskule og
ungdomsklubb.
Kontakt oss
Har du lyst til å bli lærling i Fjell kommune?
Ta gjerne kontakt for nærare opplysningar.
Fagleg leiar Nina Høiem
Epost: [email protected]
Tlf.: 55 09 72 35
FJELL.KOMMUNE.NO