Sjå planprogram for Vabakkjen nord her.

Planprogram - detaljregulering for gnr/bnr /41/1, 41/2,
41/3, 41/141 m.fl.
Vabakkjen Nord Studalen
Stord kommune
FORORD
Plan Vest AS har fått i oppdrag frå Vabakken Invest AS å utarbeide detaljreguleringsplan med
konsekvensutgreiing for. Planarbeidet vert gjennomført som detaljregulering etter pbl. § 12-3.
Planområdet er om lag 42 daa, og omfattar delar av eigedommane 41/1, 2 og 3. Målsetjinga med
reguleringsplanen er å legge til rette for bustadbygging.
I forkant av planarbeidet skal det vedtakast eit planprogram (jf. pbl. § 12-9) som gjer greie for
intensjonane ved planen, og korleis planarbeidet er tenkt organisert og gjennomført.
Planprogrammet fastset også kva utgreiingar som skal gjennomførast før planen kan vedtakast.
Rapport nr.
S115975
Dato
20.05.15
Prosjekttype
Planprogram Pbl.§4-1
Prosj.nr.
15975
Tittel
Detaljregulering for gnr/bnr 41/1, 41/2, 41/3, 41/141 m.fl. Vabakkjen
nord Studalen
Planid: 201505
Vabakken Invest AS
Plan Vest AS v/ Ingunn Varanes
Oppdragsgjevar
Prosjektorganisering
Referat
oppstartsmøte
Produsert av
18.06.2014
Kontrollert av
KV
Tlf.53 40 37 80
Plan Vest AS avd. Stord
Postboks 667
Mail: [email protected]
5404 Stord
Web: www.planvest.no
1. INNHALD
2.
INNLEIING ........................................................................................................................................ 2
2.1.
Bakgrunn for planarbeidet .................................................................................................. 2
2.2.
Målsetting............................................................................................................................ 2
3. PLANSTATUS OG OVERORDNA RETNINGSLINJER............................................................................ 3
3.1.
Kommuneplan ..................................................................................................................... 3
3.2.
Eksisterande reguleringsplanar ........................................................................................... 3
3.3.
Nasjonale, regionale og kommunale føringar ..................................................................... 4
4. PLANPROSESS .................................................................................................................................. 6
4.1.
Framdrift.............................................................................................................................. 6
4.2.
Medverknad ........................................................................................................................ 6
5. OMTALE AV PLANOMRÅDET ........................................................................................................... 7
5.1.
Lokalisering .......................................................................................................................... 7
5.2.
Topografi og grunnforhold .................................................................................................. 7
5.3.
Infrastruktur ........................................................................................................................ 7
5.4.
Landskap og arealressursar ................................................................................................. 7
5.5.
Naturmangfald .................................................................................................................... 7
5.6.
Kulturminne og kulturmiljø ................................................................................................. 7
5.7.
Eigedomsforhold ................................................................................................................. 7
6. INTENSJONAR OG UTFORDRINGAR ................................................................................................. 8
6.1.
Bustadar/busette/befolkningssamansetnad ....................................................................... 8
6.2.
Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik ...................................................................... 8
6.3.
Universell utforming ............................................................................................................ 9
6.4.
Folkehelse / born og unge sine interesser .......................................................................... 9
6.5.
Skule og barnehage ........................................................................................................... 10
6.6.
Beredskap og ulykkerisiko (risiko og sårbarheit) ............................................................... 10
6.7.
Støy/ureining ..................................................................................................................... 10
6.8.
Landskap, estetikk og omsyn til naboar ............................................................................ 11
6.9.
Naturmangfald .................................................................................................................. 11
6.10.
Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser ........................................................................... 11
6.11.
Energiløysingar .................................................................................................................. 11
6.12.
Kulturminne og kulturmiljø ............................................................................................... 12
7. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING.................................................................................... 13
7.1.
7.2.
7.3.
Metode .............................................................................................................................. 13
Alternativ som skal utgreiast ............................................................................................. 14
Utgreiingstema .................................................................................................................. 14
1
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
2. INNLEIING
2.1.
Bakgrunn for planarbeidet
Forvaltningsstyret i Stord kommune gav i møte 05.03.2015 løyve til oppstart av planarbeid for
Vabakken nord. Saksprotokoll følgjer som vedlegg.
Krav om planprogram er sett fram med heimel i plan- og bygningslova § 4-1. Planområdet er i
kommuneplanen synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelda. Gjeldande reguleringsplan
syner område for offentleg føremål. Ny reguleringsplan vil dermed vere i strid med overordna plan.
2.2.
Målsetting
Målet med planarbeidet er å legge til rette for:
-
Bustadbygging nær sentrum
Utnytte eksisterande infrastruktur
Kort avstand til skular og idrettsanlegg
Figur 1 Lokalisering av planområdet
Figur 2 Planavgrensing
2
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
3. PLANSTATUS OG OVERORDNA RETNINGSLINJER
3.1.
Kommuneplan
Kommuneplanen syner planområdet som areal der reguleringsplan fortsatt skal gjelda. Området er
også synt med støysone og med bandlegging for regulering etter pbl.
Figur 3 Utsnitt av gjeldande kommuneplan.
Kommunedelplan for E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita, som omfattar planområdet, er under
utarbeiding. Planprogram vart fastsett 12.02.2015.
3.2.
Eksisterande reguleringsplanar
Området er omfatta av reguleringsplan Vabakken. Stadfesta 15.5.1981 og er regulert til område for
offentlege bygg ,samt eit lite område avsett til friområde. Planområdet omfattar også del av plan for
Studalen kjøpesenter, vedtatt 24.09.1987. Området som er berørt i den planen er synt som veiareal.
Figur 4 Gjeldande planar. Reguleringsplan Vabakken t.v. og reguleringsplan Studalen t.h.
3
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
3.3.
Nasjonale, regionale og kommunale føringar
Det må takast omsyn til føringane og retningslinjene som lista opp nedanfor:
Rikspolitiske retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging (Rundskriv T-5/93).
Retningslinjene gjev føringar for å oppnå gode regionale heilskapsløysingar på tvers av
kommunegrensene.
Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegging (1995) set krav til
planprosessen og til fysisk utforming.
Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging (T-1497, 2011) inngår som ein del av
plansystemet etter ny plan- og bygningslov. I dokumentet framset regjeringa forventningar til
kommunar og fylkeskommunar i forhold til nasjonale interesser.
Tilgjengelighet for alle (T-5/99) tar opp korleis tilgjenge i de fysiske omgjevnadane og omsyn til
funksjonshemma kan sikrast gjennom planlegginga.
Handlingsplan Norge universelt utformet 2025. Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming
og auka tilgjenge 2009-2013.
Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442 /2012) grenser for akseptabel støy,
og gjev retningslinjer for støytiltak i forbindelse med arealplanar.
Bedre miljø i byer og tettsteder (St.meld.nr.23, 2001-2002) presenterar ein modell for miljøvenleg
byutvikling som bygger på at framtidas byar og tettstader bør vere tette, funksjonelle, mangfoldige
og i større grad basert på miljøvenleg transport.
Statens Vegvesens standarder for riks- og fylkesveier gjev rammer for vegstandardar,
kryssløysningar i forhold til dimensjonerande fart og trafikkmengd.
Rammeplan for avkjørsler og byggegrenser på riks- og fylkesvegar i Region vest 2013 – 2016 gjev
føringar for utforming av avkjørsler og plassering av byggegrense mot veg.
Fylkesdelplan for Sunnhordland inneheld ei framstilling av utbyggingsmønster og transporttilhøve i
regionen under eitt, hovudutfordringar for vidare utvikling, framlegg til strategiar og utvalde
satsingsområde.
Fylkesdelplan for areal og transport på Haugalandet
Regional transportplan skildrar dagens situasjon og kva transportmessige utfordringar Hordaland
står overfor i løpet av planperioden (2013 – 2024)
Regional plan for folkehelse 2014 – 2025 – Fleire gode leveår for alle skildrar eit langsiktig
folkehelsearbeid i kommunane, fylkeskommunen og statlege organ. Har som mål å jamne ut sosiale
forskjellar.
Regional klimaplan 2014 – 2030 Planen tek opp samanhengen mellom klimagassutslepp og energi.
Korleis vi kan redusere utsleppa av klimagassar, korleis energibruken kan bli meir effektiv og med
meir fornybar energi, og korleis vi kan tilpasse oss klimaendringane.
4
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
Kommunedelplan for avløp og vassmiljø 2015 – 2026 Føremålet med planen er å sikra at transport
og reinsing av avløpsvatn skjer på ein slik måte at forureiningane ikkje fører til helseskade, går ut
over trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.
Kommunedelplan for vassforsyning 2015 – 2026 Føremålet med Kommunedelplan for vassforsyning
er å sikra at alle i Stord til ein kvar tid har tilgong på nok drikkevatn av god kvalitet.
Hovudplan veg 2014 – 2019 – Kommunedelplan Hovudplan veg er utarbeidd for å leggja eit betre
grunnlag for framtidig ressursinnsats innan vedlikehald og forsterkning av det kommunale vegnettet,
og planen skal vera eit handlingsretta verkty med prioriterte tiltak det skal satsast på i planperioden.
Kommunedelplan for E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita (vedtatt planprogram, planen er under
arbeid) Føremålet med planarbeidet er å fastsetja endeleg trase for framtidig E39 på strekninga og
avklara tilknytinga til lokalvegnettet.
Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Stord 2013 – 2021 (under arbeid). Eit av
dei viktigaste føremåla med planen er å få eit grunnlag for å kunne søkja om spelemidlar til idrettsog friluftsanlegg og å fremja folkehelsa.
Kommuneplan for Stord 2010 – 2021 Kommuneplanen skal vera ein lokalpolitisk styringsreiskap i
samspel med nasjonale og fylkespolitiske planar og føresegner, med lokalt tilpassa strategiar og
aktuelle tiltak.
Kommunedelplan for Leirvik Kommunedelplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning
og utbygging innanfor planområdet.
Klima og energiplan for Stord kommune Klima- og energiplan for Stord kommune omfattar
langsiktige og kortsiktige mål og tiltak på alle nivå i kommunen.
Kommunedelplan for barnehage 2015 – 2025 legg føringar for utvikling av barnehagetilbodet i Stord
kommune.
5
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
4. PLANPROSESS
4.1.
Framdrift
Planen vert utarbeida av Plan Vest AS på vegne av Vabakken Invest AS. Det vart halde oppstartsmøte
med kommunen 18.06.2014.
Oppstart av planarbeid vert varsla og planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn i juni 2015.
Det skal utarbeidast reguleringsplan, planbeskriving og supplerande konsekvensutgreiing som vert
lagt ut til offentleg ettersyn. Planen vil bestå av plankart, føresegner og planbeskriving med
konsekvensutgreiing.
Tabell 1 Milepæler i planprosessen
AKTIVITET
Oppstartsmøte
Varsel om oppstart/ høyring av planprogram
Høyringsperiode, jf. pbl § 12-9
Fastsetting av planprogram
Fyrste gangs handsaming av planforslag
Høyringsperiode, jf. pbl § 12-10
Merknadshandsaming og andre gangs
handsaming/vedtak
Kunngjering/ ev. klagehandsaming
4.2.
PERIODE
18.06.2014
Mai 2015
Min 6 veker
August/september 2015
Medverknad
Reguleringsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn og naboar og andre partar vert varsla i samsvar med
føresegnene i plan- og bygningslova § 12-10. Det vert opna for dialog med naboar som er direkte
berørt, og dei vil få anledning til å stille spørsmål og diskutere med planleggar og tiltakshavar.
6
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
5. OMTALE AV PLANOMRÅDET
5.1.
Lokalisering
Planområdet dekkar 41,5 m2. Området ligg mellom Leirvik barneskule og Kiwi Studalen, aust for E39
og i underkant av 1 km frå Leirvik sentrum.
5.2.
Topografi og grunnforhold
Området er småkupert, og strekk seg frå om lag 55 til 65 moh.
Lausmassar i området består av forvitringsmateriale, medan berggrunnen er fylitt med enkelte
svartskifterlag. (Kjelde: Skog og landskap og ngu.)
5.3.
Infrastruktur
Det er per i dag ingen eksisterande vegar i sjølve utbyggingsområde. Planområdet omfattar imidlertid
del av E39, Studalen og Bandadalen. Det kan finnast leidningsnett som må takast omsyn til ved
utarbeiding av planen.
5.4.
Landskap og arealressursar
Planområdet består per i dag av ubebygd skogsområde og noko myr. Området er grunnlendt, med
barskog av høg bonitet.(Kjelde: Skog og landskap) Arealet har ikkje særskilde verdiar for jakt, beite,
lausmassar el.l.
5.5.
Naturmangfald
Det er ikkje registrert raudlista artar eller prioriterte naturtypar i planområdet (Kjelde: Naturbase og
artsdatabanken).
5.6.
Kulturminne og kulturmiljø
Det er ikkje kjend verken automatisk freda kulturminne, sefrak- registrerte bygg eller nyare tids
kulturminne innafor planområdet. Hordaland fylkeskommune har vurdert potensiale for nye funn
som lågt, og ser ikkje behov for ytterlegare undersøkingar.
5.7.
Eigedomsforhold
Planen omfattar i hovudsak eigedommane gnr. 41 bnr. 1, 2 og 3. Tiltakshavar har avtale om kjøp av
desse eigedommane. Naboeigedommar er berørt i form av areal for samferdselsanlegg og
sikringssoner for m.a. sikt.
Planen omfattar delar av følgjande eigedommar:
Gnr/bnr: 38/217, 38/218, 41/1, 41/2, 41/3, 41/141, 41/148, 41/151, 41/153
7
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
6. INTENSJONAR OG UTFORDRINGAR
Planområdet har per i dag status som område for offentlege bygg. Ut frå det kan ein forutsetje at
kommunen allereie har vurdert arealet for utbygging, og legg mindre vekt på å vurdere desse
konsekvensane sjølv om konsekvensar for naturmangfald, landskap etc. skal likevel omtalast.
Hovudfokus vil være samfunnsmessige konsekvensar, og kva betydning det vil ha å omdisponere
arealet i forhold til behov for utbygging av offentlege tenester. Også dei samfunnsmessige
konsekvensane av auka tal på bustadar, og kva betydning dette har for m.a. infrastruktur er viktige
tema.
6.1.
Bustadar/busette/befolkningssamansetnad
Planområdet tilhøyrer i følge kommuneplan for Stord bydelen Leirvik. Det vil vere i tråd med både
lokale og overordna målsetjingar med sentrumsnær bustadbygging og fortetting.
Mål
Planen skal legge til rette for eit godt bumiljø med attraktive bustadar.
Utgreiingsbehov
Gjennom planarbeidet skal ein vurdere kva type bustadar som vil passe inn i planområdet, ut frå
befolkningssamansetjing og behov. Det må klarleggast antal bueiningar og vidare forventa tal på
busette og forventa alderssamansetjing.
6.2.
Samferdsel, infrastruktur og trafikktryggleik
Temaet omfattar framkomst og tryggleik for alle trafikantgrupper, parkeringsdekning og anna teknisk
infrastruktur slik som anlegg for vatn og avlaup og renovasjonsløysingar.
Delar av planområdet er bandlangt for regulering for å sikre areal til utviding av E39. Planarbeidet for
oppgradering av E39 er i gang, og det er fastsatt planprogram for E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita.
Planområdet for Vabakken Nord ligg i si heilheit inne i området for kommuneplanen, og val av
alternativ for ny E39 vil vere avgjerande for realisering av denne planen.
Arbeidet med E39 slik utbyggar vurderar det er ikkje til hinder for at denne planprosessen kan skje
parallelt. Forslag til kommunedelplan skal oversendast frå Statens Vegvesen til Stord kommune innan
1. september 2015.
Truleg vil ikkje utviding av E39 berøre planområdet direkte. Gang- og sykkelveg kan innpassast i
planområdet. Derimot er kryssløysingar meir avgjerande. Dersom ei vel alternativ med ny trase for
E39 vest for dagens veg, vil det truleg ikkje verte behov for omfattande utbygging av krysset ved
Studalen.
Reguleringsplanen må forhalde seg til den løysinga som vert valgt for ny E39, og tilhøyrande
kryssløysingar. I tillegg må berørte kryss mot Studalen vurderast i planen.
Mål
Syne gode og trygge trafikkløysingar for alle trafikkantgrupper. Området skal ha tilfredstillande
støynivå og hensiktsmessige parkeringsløysingar. Det skal sikrast tilstrekkeleg kapasitet på
leidningsnett for vatn og avlaup.
8
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
Utgreiingsbehov
Løysingar for ny E39 må klarleggast, samt tilhøyrande kryssløysingar. Behov for eigne trasear for
gåande og syklande må vurderast. Trygge kryssingspunkt og god framkome til skule, barnehage,
butikk og andre viktige funksjonar skal sikrast.
Vurdering av kapasitet for vatn og avlaup må skje i samarbeid med Stord vatn og avlaup (SVA). SVA
har skissert at dei i samband med planarbeidet ser for seg oppdimensjonering av hovudvassleidning
langs E39.
Renovasjonsløysingar må synast i planen, i samsvar med gjeldande krav for Sunnhordland
Interkommunale Renovasjonsselskap (SIM).
6.3.
Universell utforming
Definisjon av universell utforming:
«Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske
forholdene, herunder informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at virksomhetens
alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig.» (Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven)
«...utforming av produkter, omgivelser, programmer og tjenester på en slik måte at de kan brukes av
alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming.»
(FN-konvensjon om rettigheter for personer med nedsatt funksjonsevne)
Målet er å utforme tiltak slik at de er like funksjonelle og naturlige å bruke for både funksjonsfriske
personer og de med ulike funksjonshemminger.
Mål
Prinsipp for universell utforming skal leggast til grunn for planen. Reguleringsplanen skal legge til
rette for ei utbygging som er inkluderande for alle, uavhengig av funksjonsnivå. Framkomst for
rørslehemma, tydelege gangsoner og oversiktlege areal er vesentleg for å oppnå dette.
Utgreiingsbehov
I planen skal det gjerast greie for krav til antal tilgjengelege bueiningar, og korleis universell
utforming vert løyst for tilkomstvegar, leikeplassar og uteområde innafor planen. Løysingar i planen
må vurderast ut frå dei 7 prinsippa om universell utforming:
-
6.4.
Forståeleg informasjon
Toleranse for feil
Like mogelegheitar for alle
Fleksibel i bruk
Låg fysisk anstrenging
Storleik og plass for tilgang og bruk
Enkelt og intuitiv i bruk
Folkehelse / born og unge sine interesser
Folkehelse handlar ikkje bare om fysisk aktivitet, men også om inkludering, psykisk helse, gode
bumiljø og gode vanar. I reguleringsplan vil likevel hovudfokuset vere å legge til rette for fysisk
aktivitet og planlegge for bumiljø der ein opplever tryggleik.
9
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
Mål
Planen skal ha tilstrekkelig areal for leik og uteopphald. Det skal vere naturleg å ferdast til fots eller
med sykkel mellom heimen og andre funksjonar.
Utgreiingsbehov
Det må gjerast greie for behovet for gangtrasear og mogelegheit for framkome med sykkel. Planen
må stille krav til utforming av uteareal og leikeområde.
6.5.
Skule og barnehage
Ettersom området har status som areal for offentlege bygg, må ein vurdere konsekvensen av at
arealet omdisponerast til andre føremål, i tillegg til kva konsekvens utbygginga elles vil ha for skuleog barnehage. Dersom det er behov for, og kommunen ynskjer det, vil tiltakshaver setje av areal til
barnehage.
Mål
Målet er å ha tilstrekkeleg plassar i skule og barnehage, som del av gode oppvekstmiljø, og trygt
framkome dit.
Utgreiingsbehov
Det må gjerast greie for om det er behov for å setje av areal til barnehage i planen, ut frå
barnehagedekning og framtidig forventa behov for plassar. Det må også bereknast antatt antal nye
skuleelevar området vil ha.
6.6.
Beredskap og ulykkerisiko (risiko og sårbarheit)
Mål
Visjonen vil alltid vere eit samfunn med null ulukker. Dessverre er ikkje dette realistisk. Derimot vil
ein planlegge for å minimere risiko for ulukker, og sikre tilstrekkeleg beredskap slik at konsekvensane
av ulukker vert lågast mogeleg.
Utgreiingsbehov
ROS- analyse skal gjennomførast i samsvar med fastsette krav. Risikopunkt må identifiserast. I
hovudsak vil risiko knytte seg til samferdselsareal, desse må planleggast med trygge overgangar og
oversiktlege kryssingar.
6.7.
Støy/ureining
Det er ikkje kjend eksisterande ureining. Området ligg dels innafor gul og raud støysone på grunn av
trafikkstøy frå E39.
Mål
Gode bumiljø med tilfredsstillande nivå av støy og ingen skadeleg ureining.
Utgreiingsbehov
Støynivå er avhengig av korleis framtidig vegnett vert utforma. Det må gjerast analysar for å berekne
støy, og naudsynte tiltak for å oppnå tilfredsstillande støynivå for opphaldssoner må leggjast inn i
planen.
10
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
6.8.
Landskap, estetikk og omsyn til naboar
Planområdet ligg nært til vei og eksisterande bustadareal, og vil vere synleg for mange. Utforming av
areala er av betydning for inntrykket både bebuarane i sjølve planområdet, og andre brukarar av
nærområda, vil ha av området.
Mål
Ei estetisk god utforming som er tilpassa omgjevnadane.
Utgreiingsbehov
Terrenginngrep og utforming av bygg må vurderast, det må undersøkast kva verknadar planen kan få
for naboar og andre brukarar av området.
6.9.
Naturmangfald
Naturmangfold er i naturmangfoldlova definert som følgjer: «biologisk mangfold, landskapsmessig
mangfold og geologisk mangfold, som ikke i det alt vesentlige er et resultat av menneskers
påvirkning.»
Det er eit overordna mål å ta vare på viktige områder for naturmangfald og sikre friluftsområder for
oppleving av naturen. For å oppnå det må ein ha ein medviten arealbruk, og nytte potensiale for
fortetting og utbygging som ikkje fragmenterer nye utbyggingsareal.
Mål
Sentrumsnær utbygging med balanse mellom funksjonalitet og utnytting med ei utforming av
området som gjer minst mogeleg skade på sårbart naturmangfald.
Utgreiingsbehov
Potensiale for førekomst av sårbare artar eller naturtypar må vurderast. Førekomst av svartelista
artar må også undersøkast, og ev. tiltak for å hindre spreiing av desse inkluderast i planen.
6.10. Nærmiljø, friluftsliv og grøne interesser
Det er m.a. eit mål i Stord sin kommuneplan å «utnytte eksisterande fortettingspotensiale og
samstundes ta vare på dei grøne lungene.»
Mål
Enkelt tilkomst til friluftsområder, gode grøntareal nært bustad og mogelegheit for ulike former for
uteopphald og rekreasjon.
Utgreiingsbehov
Behov for uteareal internt i planområdet må vurderast og det må setjast krav i føresegnene. Avstand
og tilkomsten til nærliggande friluftsområder, og tryggleiken for desse, må vurderast.
6.11. Energiløysingar
Kommuneplan for Stord har som tiltak at det skal «utarbeidast minst eot alternativ utover
oppvarming med elektrisk kraft». Teknisk forskrift stiller krav til energieffektivitet og kor stor del av
varmebehovet som skal dekkast med anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet eller
fossile brensler.
Mål
Legge til rette for lågast mogeleg energibruk ut frå området sine føresetnadar.
11
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
Utgreiingsbehov
Gjennom planarbeidet må det vurderast kva alternativ som er realistisk for utbygging av området.
6.12. Kulturminne og kulturmiljø
«Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder
lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes
områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.»
(Kulturminneloven §2)
Mål
Målet er å i nødvendig grad ta naudsynt omsyn til dei kulturminne som finnes i området.
Utgreiingsbehov
Det er ikkje kjend verken arkeologiske- eller nyare tids kulturminne i eller rundt planområdet. Det er
heller ingen sefrak- registrerte bygningar som vert påverka av planen. Hordaland fylkeskommune vil
vurdere potensiale for funn i området, og om det er behov for nærare undersøkingar.
12
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
7. PROGRAM FOR KONSEKVENSUTREDNING
7.1.
Metode
§ 14-2 i plan- og bygningsloven og § 1 i forskrift om konsekvensutgreiingar gjev følgjande føremål for
ein konsekvensutgreiing: «Formålet med bestemmelsene er at hensynet til miljø, naturressurser og
samfunn blir tatt i betraktning under forberedelsen av planen eller tiltaket, og når det tas stilling til om,
og eventuelt på hvilke vilkår, planen eller tiltaket kan gjennomføres.»
Planen skal utarbeidast som detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing. Planarbeidet vil bli
presentert med plankart, føresegner og planbeskriving med konsekvensutgreiing og ROS analyse.
Konsekvensutgreiinga vil bli integrert i planarbeidet. KU‐ prosessen vil gå parallelt med planarbeidet
og konklusjonar innarbeidast i planbeskrivinga. Konsekvensutgreiinga skal omfatte tema som er
relevant for planavgjerda.
Det vert nytta temakart og andre typar illustrasjonar der dette kan klargjere presentasjonen. Med
nokre tilpassingar vil metode for utgreiing av konsekvensar baserast på Statens Vegvesens Handbok
V712. Innhenting av ny kunnskap skal avgrensast til det som er relevant i forhold til handsaming av
planen. Vurdering av konsekvensar av forslag til endra arealbruk skal ta utgangspunkt i relevante
nasjonale, regionale og lokale mål for miljø‐ og samfunnsutviklinga (som f.eks. rikspolitiske
retningslinjer, fylkesdelplanar, kommunale planer).
Metode for konsekvensvurdering vil variere for de enkelte tema, i forhold til temaets karakter samt på
kva måte tiltaket innverkar på det enkelte tema og på planutforminga. Som hovudprinsipp vil
konsekvensvurderinga verte gjennomført etter følgjande metode:
1) Temaet sin verdi, uttrykt gjennom tilstand, eigenskapar og utviklingstrekk for vedkomande og
interesse/tema i det området tiltaket planleggast. Verdien vert gitt på en tredelt skala: liten –
middels - stor.
2)
Vurdering av tiltakets omfang / påverknad på det enkelte tema. Omfanget vurderast for dei
same miljøa eller områda som er verdivurdert. Omfang vert gitt på en femdelt skala:
o
stort negativt
o
middels negativt
o
lite/ingen
o
middels positivt
o
stort positivt
3)
Konsekvensen si betyding, som vert fastsett ved å samanhalde opplysningane om berørte
områder sin verdi med opplysningar om konsekvensens omfang.
Vekting av konsekvens vert gjennomført etter følgjande metode:
o Stor negativ konsekvens (- - -)
o Negativ konsekvens (- -)
o Liten negativ (-)
o Ingen konsekvens (0)
o Liten positiv (+)
o Positiv konsekvens (+ +)
o Stor positiv konsekvens (+ + +)
13
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM
4) Avbøtande tiltak. For kvart tema blir det vurdert mulige avbøtande tiltak eller
retningslinjer/føringar for den vidare planlegginga av området for å redusere de negative
konsekvensar.
For enkelte tema vil det være vanskelig å trekke klare konklusjonar med omsyn til konsekvens for
tiltaket /planen. Konsekvensvurderinga vil i desse tilfella bli beskrive utan vekting og konklusjon med
omsyn til konsekvens.
7.2.
Alternativ som skal utgreiast
I utgangspunktet er det berre eit alternativ som skal utgreiast. Det er imidlertid aktuelt å inkludere
areal for barnehage i området, dersom det er behov for det. Dermed vil ein få alternativ for
utbygging - med og utan barnehage. Det kan gjennom det vidare arbeidet med planen også vise seg
hensiktsmessig å vurdere alternativ på andre områder. Ut over spørsmål om barnehage vil planen i
utgangspunktet vurderast opp mot null- alternativet, som er dagens planstatus.
7.3.
Utgreiingstema
Konsekvensvurderingar er avgrensa til de tema som er nemnd nedanfor. Tema er fordelt på 2
kategoriar: SAMFUNN OG MILJØ. Andre tema som er underlagt utgreiingsplikt, men som ikkje skal
vurderast under konsekvensutgreiinga, er ikkje tatt med nedanfor.
SAMFUNN
TEMA
1. Bustadar,
bustadbehov, bukvalitet
2. Samferdsel og
infrastruktur
(vei/vann/avløp, elanlegg etc.)
3. Universell utforming
4. Folkehelse og barn og
unges interesser
5. Beredskap og
ulykkesrisiko ROS
FOKUS
 Talet på bustadar
 Bustadtypar
 Barnevenlege og tilgjengelege bustadar
 Utvendige opphaldssoner og leik
 Forventa tal på busette og alderssamansetjing
• Trafikktryggleik og tilgjenge
• Tilkomst/gjennomkøyring
• Vegstandard
• Trafikkmengd
• Byggegrenser
• Rekkefølgjekrav
• Kollektivtrafikk
• Parkering
• VA- kapasitet
• Renovasjonsløysingar
 Forståeleg informasjon
 Toleranse for feil
 Like mogelegheitar for alle
 Fleksibel i bruk
 Låg fysisk anstrenging
 Storleik og plass for tilgang og bruk
 Enkel og intuitiv i bruk
 Eksisterande bruk som leike og opphaldsareal
 Leike- og opphaldsareal i planen
 Trafikktryggleik
 Avstand og tilkomst til skule/barnehage/ fritidsaktivitetar
 Flaum og eller springflod
 Ras (stein, jord, leire, snø)
 Skrentar/ stup
 Radon
 Ureina grunn
 Klima
14
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM




6. Skule og barnehage


Vind
Elektromagnetiske felt frå kraftleidningar
Støybelastningar og tiltak
Særlege hendingar og mellombelse løysingar i forbinding med
gjennomføring av planlagt utbygging
Kapasitet og behov for utviding/utbygging
Skuleveg
8. Andre


Økonomiske konsekvensar for kommunen
Eigedomsinngrep
MILJØ
TEMA
8. Støy/ureining
9. Landskap, estetikk
og konsekvensar for
naboar
10. Naturmangfald
11. Nærmiljø, friluftsliv
og grøne interesser
12. Energiløysingar
13. Kulturminne og
kulturmiljø
FOKUS
 Klimaforhold
 Ureining av jordbotn, vassdrag
 Ureina grunn
 Støy/støytiltak
• Silhuettverknader
• Byggeskikk og visuell karakter
• Grøntstruktur
• Naturmangfald generelt (geologi, kulturlandskap etc.)
• Ivaretaking av arts- og naturtypeområde
• Vilttrasear og konfliktpotensiale
• Førekomst av raudlista arter
 Unngå spreiing av svartelista arter
 Forhold til friluftsområde, løyper og stiar
• Tilgjenge for ålmenta
 Alternativ energibruk
 Automatisk freda kulturminne
 Vedtaksfreda kulturminne
 Potensiale for kulturminne
15
PLAN VEST AS P.NR S15975
VABAKKEN NORD
PLANPROGRAM