Framlegg til planprogram SOS.docx

OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR
SOS – Trudvang –
Prestadalen og
omkringliggande
område
Framlegg til planprogram
Sogndal kommune
14. juni 2012
Innhald
INNHALD
1
1
2
1.1
1.2
1.3
1.4
1.5
INNLEIING
BAKGRUNN OG FØREMÅL
STATUS FOR PLANPROGRAMMET
UTGREIINGSBEHOV I PLANPROSESSEN
LOVGRUNNLAGET
GRUNNLAGSDOKUMENT
2
2
2
2
3
2 PLANPROSESS
3
2.1 ORGANISERING
2.2 PLANPROSESS OG MEDVERKNAD
3
3
3 PLANOMRÅDET
5
3.1
3.2
3.2
3.3
3.4
3.5
5
5
0
6
6
7
LOKALISERING OG PLANAVGRENSING
PLANSTATUS
EIGEDOMSSTATUS
BRUKEN AV OMRÅDET
KULTURMINNE OG KULTURMILJØ
NATURTILHØVE
4 TEMA SOM MÅ UTGREIAST I PLANPROSESSEN
7
4.1 BEHOV FOR UTGREIING AV VERKNADER FOR MILJØ OG SAMFUNN
4.2 V URDERING AV ALTERNATIV
7
7
VEDLEGG 1 KART OVER GRUNNEIGEDOMAR I PLANOMRÅDET
8
1
1
Innleiing
1.1
Bakgrunn og føremål
Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av helse- og omsorgstenestene i
kommunen. I økonomiplanen til Sogndal kommune 2012-2015 heiter det i eit av 10 på topp punkta
at:
«vi skal fylgje opp samhandlingsreforma ved å planleggje utbygging av helse- og
omsorgstenestene i kommunen, slik at kommunen sjølv kan levere tenester som vi kan ta over
frå spesialhelsetenesta, m. a ved å styrkje det førebyggjande helsearbeidet og auke
kompetansen innan helse- og omsorgstenestene og planleggje utbygging av helse- og
omsorgstenestene. I utgreiingsarbeidet må vi ta i bruk all kunnskap om førebyggjande
helsearbeid og aldring med meir, inkludert den erfaringsbaserte kompetansen».
Kommunestyre har i møte 26. 04. 2012 sak 13/12 gjort vedtak om at det skal arbeidast vidare med
utbygging av Sogndal omsorgssenter/ Sogndal lokalmedisinske senter. Folketalsutviklinga og nye
oppgåver i samband med samhandlingsreforma gjev behov for ei utviding av eksisterande helse- og
omsorgstilbod.
1.2
Status for planprogrammet
For reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn skal det utarbeidast
planprogram som grunnlag for planarbeidet, dette er gjort i medhald av plan og bygningslova §§ 4-1
og 12-9.
Planprogrammet skal:
•
•
•
•
•
1.3
Gjere greie for føremålet med planarbeidet
Gjere greie for planprosess, framdrift og medverknad
Vise planavgrensinga
Vise behov for utgreiingar
Gjere greie for alternative vurderingar
Utgreiingsbehov i planprosessen
Etter vår vurdering er områdereguleringa omfatta av forskrift av konsekvensutgreiing etter plan og
bygningslova § 4-2. 2. ledd. Reguleringsplanen kan gje ramme for ei større utbygging i området,
førebels byggjevolum er vurdert til 5 400 m2 nybygg. Utbygginga vil skje i nærleiken av og kan berøre
Sogndal Prestebustad, som er freda med vedtak etter kulturminnelova (KU-forskrift § 4a).
Reguleringa kan også innebere at friområdet Stitoppen vert omregulert til utbyggingsføremål (KUforskrift § 3d).
1.4
•
•
Lovgrunnlaget
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan og bygningslova, pbl) av 27. juni 2008
Forskrift om konsekvensutgreiing av 26. juni 2009.
2
•
•
•
1.5
•
•
•
Lov om forvaltning av naturens mangfald av 19. juni 2009 (naturmangfaldlova, nml)
Lov om kulturminner av 10. juni 2005 (kulturminnelova)
Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming.
Grunnlagsdokument
Geoteknisk vurdering. Rapport frå Norconsult datert 13.12.2011.
Utviding av Sogndal pleie- og omsrogssenter, skisseprosjekt. Rapport utarbeidd av
Arkitektkontoret 4B
Økonomiplan 2012-2015
2
Planprosess
2.1
Organisering
Utarbeide planprogram og plan
Administrativt
Plan og næring
Godkjenning av planprogram
Politisk
Kommunestyret
Godkjenning av områdereguleringsplan
Politisk
Kommunestyret
2.2
Planprosess og medverknad
Reguleringsplanen vil verte utarbeidd som ein områdereguleringsplan, i medhald av plan og
bygningslova jf. § 12-2. Førebels framdriftsplan er vist i tabell 1.
Tabell 1 Framdriftsplan for prosessen
Planprosessen
Vedtak om oppstart av planarbeid og utlegging
av planprogram til offentleg ettersyn
Annonsert oppstart i Sogn Avis
Varsel om oppstart og høyring av planprogram
til berørte partar og høyringsinstansar
Frist for å kome med innspel og merknader til
planprogrammet og planarbeidet
2. gong handsaming av planprogram
Utøvande myndigheit
Forvaltningsutvalet
Framdrift/fristar
21. juni 2012
Plan og næring
Plan og næring
23. juni 2012
23. juni – 6. aug. 2012
Plan og næring
6. august 2012
Forvaltningsutvalet
23. august 2012
Fastsetting av planprogram
Utarbeiding av planframlegg
1. gongs handsaming av planframlegg
Offentleg ettersyn
Høyringsfrist
2. gongs handsaming
Vedtak av reguleringsplan
Kunngjering
Kommunestyret
Plan og næring
Forvaltningsutvalet
Plan og næring
Plan og næring
Forvaltningsutvalet
Kommunestyret
Plan og næring
6. september
August – sept. 2012
20. september 2012
22. sept. – 5.nov. 2012
5. november 2012
6. desember 2012
13. desember 2012
Desember 2012
3
Varsel om oppstart av planarbeid vert kunngjort i slutten av juni 2012. Samstundes vert framlegg til
planprogram sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for å gjeva uttale til framlegget er
lovbestemt minimum 6 veker frå utleggingsdato. Fastsetting av planprogram vert gjort i
kommunestyremøte i september. Ved fastsetting av planprogram vert det teke stilling til om det er
behov for tilleggsutgreiingar, jf. § 11 i Forskrift om konsekvensutgreiingar.
Utarbeiding av framlegg til reguleringsplan med ROS- analyse, jf. pbl § 4-3 og konsekvensutgreiing
vert gjort i august – september, med 1. gongs handsaming i forvaltningsutvalet i september 2012.
Framlegg til områdereguleringsplanen vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i
minimum 6 veker. Etter høyring vert planen handsama andre gong i forvaltningsutvalet i starten av
desember 2012 og vedteken i kommunestyret i desember 2012.
Medverknad:
Arbeidet fylgjer planprosessen i medhald av plan og bygningslova §§ 5-1 og 12-8:
Alle grunneigarar og festarar innafor plangrensa og naboar til planområdet, offentlege instansar og
andre interesserte/ interesseorganisasjonar vil verta gjort kjent med planarbeidet pr. brev om
oppstart av planarbeid, høyring/offentleg ettersyn av planprogrammet, høyring/ offentleg ettersyn
av sjølve planframlegget og vedtak av plan. I tillegg vil ovannemnde verta varsla i Sogn Avis og på
kommunen si heimeside.
Etter oppstart av planarbeidet er meldt og framlegg til planprogram er sendt på høyring og lagt ut til
offentleg ettersyn, er det høve til å koma med innspel og merknader til planen. Frist for å koma med
innspel / merknader er sett til:
6. august 2012
Når planprogrammet er fastsett, vil det verta utarbeidd framlegg til områdereguleringsplan med
risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing. Alle innspel og merknader på varselet om
oppstart vil verta kommentert og vurdert.
Etter 1. gongs politisk handsaming i forvaltningsutvalet vil framlegget bli sendt ut på høyring og lagt
ut til offentleg ettersyn i minimum 6 veker. Det er høve til å koma med innspel og merknader til
framlegget i løpet av desse 6 vekene. Innspela og merknadene vil verta kommentert og vurdert. Det
vil i verta lagt opp til eit ope informasjonsmøte i høyringsperioden.
Etter 2. gongs politisk handsaming i forvaltningsutvalet vert planframlegget lagt fram for
kommunestyret for vedtak. Vedtaket vil verta annonsert og kan påklagast av berørte partar.
Klagefrist er 3 veker.
4
3
Planområdet
3.1
Lokalisering og planavgrensing
Planområdet er på om lag 70 daa og ligg i
Sogndal sentrum, nord og vest for Sogningen
Storsenter (figur 1). Området omfattar Sogndal
omsorgssenter, Sogndal prestegard, Trudvang
skule, Stitoppen, bustader i Prestadalen og
nord til Leitevegen/Rutlinslid, samt delar av
Aarvoll-Hove.
Figur 1 Planavgrensinga
merka med svart stipla line.
Grunnkart: Topografisk
Norgeskart.
3.2
Planstatus
I arealdelen til kommuneplanen, 2008 – 2018, er området dels sett av som «område unntatt frå
rettsverknad» grunna gjeldande reguleringsplanar, dels som eksisterande bustader (Prestadalen nord
til Leitevegen/Rutlinslid) og dels utan arealføremål (Trudvang). Sistnemnde er heller ikkje regulert i
reguleringsplan.
Reguleringsplanar som inngår i planområdet, og vert erstatta av ny plan (sjå figur 2):
1.
2.
3.
4.
Del av Prestegarden, vedteken 26.6.1975
Sogndal sentrum område B2, Leighgota, vedteken 25.4.2001
Aarvoll-Hove, vedteken 30.6.1989
Aarvoll-Hove, endring felt B og I, vedteken 18.2.1993
Reguleringsplanar som delvis inngår i planområdet:
5. Del av Studentheimen – Rutlin – Ulvahaugen, endring, vedteken 15.12.2005
5
3
5
4
1
2
3.2
Figur 2 Utsnitt frå det digitale
planregisteret til Sogndal
kommune. Reguleringsplanar
er merka med nummer etter
lista på føregåande side.
Planavgrensinga er merka med
svart, stipla line.
Eigedomsstatus
Fylgjande eigedomar inngår i planområdet (sjå kart vedlegg 1):
20/15/1, 20/15/2, 20/15/3, 20/15/22, 20/15/18, 20/15/23, 20/15/21, 20/6/2, 21/119, 21/117,
21/140, 21/111, 21/1/95, 21/147, 21/57, 21/168, 21/167, 21/11, 21/92, 21/153, 17/157, 17/156,
21/4, 21/155, 21/154, 21/141, 21/157, 21/1, 21/1/77, 21/133, 21/127, 21/140, 21/142, 21/110,
21/61, 21/130, 21/136, 21/137, 17/2, 17/5, 17/137, 17/52, 21/64, 21/37.
Fylgjande eigedomar inngår delvis/ marginalt i planområdet:
20/27, 20/6, 20/26, 17/94, 20/15, 21/1/56, 21/59, 21/43, 21/53, 20/17.
3.3
Bruken av området
Innafor planområdet er det mellom anna lokalisert ein barneskule, eit omsorgssenter med
sjukeheimsavdeling, ein prestebustad med uthus og hage, ein kommunal bustad, eit velferdssenter,
eit friområde (Stitoppen), eit tjuetals private bustader og to leilegheitsbygg.
Trudvang skule har elevar frå 1. til 5. klasse med tre parallelle klasser på kvart trinn, til saman rundt
330 elevar og rundt 40 vaksne tilsette. Uteområdet ved skulen er på om lag 7000 m2 og er under
utbetring (2011/2012).
Sogndal omsorgssenter har 33 sjukeheimsplassar i Skulevegen 7 A og trygde-/omsorgsbustader i
Skulevegen 7 B, 7 C og 9.
Stitoppen vert nytta av born og unge til leik (t.d. til aking, klatring osv.) og som snarveg til skule.
3.4
Kulturminne og kulturmiljø
Registrerte kulturminne innafor planområdet:
•
•
Eitt freda bygg på gbnr 21/1: Hovudbygning, Sogndal prestegard
To SEFRAK- registrerte bygg på gbnr 17/5: Bustadhus og stabbur, Årvoll.
6
3.5
Naturtilhøve
Området ligg sentralt i sentrumskjernen, med sterkt omforma vegetasjon og landskap. Unntaket er
skråninga opp mot Ulvahaugen/ Stitoppen, ei tydeleg markert terrasse. Vegetasjonen her består
hovudsakleg av krattskog, med bjørk, rogn, lerk, alm, samt noko gran og furu. Mange store stubbar
står att frå tidlegare planta gran.
Lausmassane i planområdet består for det meste av elveavsetningar, unnateke eit belte med tjukt
dekke av hav- og fjordavsetning langs Leitevegen. Grunnforholda i området kring Ulvahaugen/
Stitoppen er godt skildra i geoteknisk vurdering av Norconsult, datert 14.12.2011.
4
Tema som må utgreiast i planprosessen
4.1
Behov for utgreiing av verknader for miljø og samfunn
I samband med områdereguleringsplanen skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing (KU), som skal
ta for seg følgjande tema:
•
Bygningsmiljø og estetikk
•
•
•
•
Nærmiljø/ bumiljø
Kulturminne og kulturmiljø
Landskap og grøntstruktur
Infrastruktur
•
Støy
I tillegg til KU vil planomtalen ta for seg skildring av andre tema som ikkje har vesentlege verknader
for miljø og samfunn.
4.2
Vurdering av alternativ
Det har det tidlegare vorte vurdert ulike alternativ for utbygging av helse- og omsorgstilbodet i
kommunen. Desse alternativa ligg innafor planområdet for dette reguleringsarbeidet. Det har også
blitt vurdert eit alternativ der helsetenestene vert utbygd knytt til dagens Helsesenter, men
kommunestyret har konkludert med at vi skal planleggje for ei samla løysing, der m.a. legetenesta og
ambulansetenesta vert lokalisert i tilknyting til SOS.
Fylgjande tilhøve som må vurderast i reguleringsplanen er ulike alternativ:
•
•
Vegtilkomst knytt til utbygging av SOS/SLS
Parkering knytt til utbygging av SOS/SLS
7
Vedlegg 1
Kart over grunneigedomar i planområdet
8