K R O K A NE NY TT Mai 2015 LITT OM NESTE SKULEÅR, 2015 - 16: «Ta ei potet» er eit felles prosjekt for barnehage og skule som har som mål å gje elevane i 1. klasse ein god start på skulegangen. Prosjektet startar opp om våren når barna går siste året i barnehagen og avsluttast om hausten når dei same barna er blitt elevar i 1. klasse. Gjennom praktiske læringsaktivitetar knytta opp mot temaet «Poteten», ønsker vi å skape ei felles referanseramme og kontinuitet i arbeidsmåtar og læringsstrategiar når barna kommer frå barnehagen og inn i ulike grupper i skulen. Innhaldet er forankra ut frå Flora si historie med «sild og potet» som det viktigaste for etableringa av byen Florø, og Kystmuseet vil vere ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet. Prosjektet er også forankra i Rammeplan for barnehagen og Læreplanverket for Kunnskapsløftet i skulen (K06) og klart definerte læringsmål for elevane. «TEAM KROKANE» med atterhald om uføresette endringar 1.klasse Kontaktlærarar: Elisabeth Løseth Østvik / Heidi Mortensen Fag-/timelærar: Anne Merethe Oddekalv Assistent/fagarbeidar: Sigrunn Pedersen / Elda Krogsæter Buanes 2.klasse Kontaktlærarar: Bente Ryland Førde / Snefrid Lervik Midtbø Fag-/timelærarar: Anne Merethe Oddekalv / Susette Rockwell Esp Assistent/fagarbeidar: Wenche Aldeholm Skavøy / Ersada Sijaric 3.klasse Kontaktlærarar: Ingunn Vigdal / Janne Kristin Fristad Fag-/timelærar: Eli Kristin Pedersen Kalland1) Assistent: Norgunn 4.klasse Kontaktlærarar: Charlotte Nygård / Marianne Solberg Fag-/timelærar: Kristian Havn2) 5.klasse Kontaktlærar: Magne Aldeholm Skavøy Fag-/timelærar: Ingrid Wiik Assistent: Kurt Midtbø 6.klasse Kontaktlærarar: Annika Klocke / Siv Jannicke Refvik-Hopland Fag-/timelærar: Torhild Madsen 3) Fagarbeidar Merete Kjellevold Aase 7.klasse Kontaktlærarar: Liv Langeland / Siv Madsen Folkestad Fag-/timelærarar: Geir Sunde og Eli Kristin Pedersen Tilleggsfunksjonar, skulen Saed Bariise; morsmålsassistent 1)Norgunn 2)Kristian 3)Torhild Kalland; Sekretær, administrasjonen Havn; Spesialpedagogisk ansvarleg ved Krokane skule Madsen; Skulebibliotekar Krokane skule fritidsheim Baseleiar: Lillian Fimland Sørheim Assistentar/fagarbeidarar: Ragna Berg Rolness, Sigrunn Pedersen, Elda K. Buanes, Wenche A. Skavøy og Ersada Sijaric, Skuleleiing Rektor: Bjørg Aslaksen Inspektør: Gunnfried Sund LEKSEHJELP Skulen har dei siste åre tilbudt frivilleg leksehjelp fordelt på 1.-4. klasse. Erfaringane syner at denne leksehjelpa generelt sett har hatt liten effekt, spesielt for dei yngste klassane. Vi vel derfor å endre tilbodet om leksehjelp frå dei lågaste trinna og til høgare klassetrinn frå neste skuleår. Det som førebels er klart er at 1. og 2. klasse ikkje lenger vil få tilbod om leksehjelp. Om vi samlar all leksehjelp på 5. - 7. klasse, ev tek med 4., og kanskje 3. klasse i ordninga, er enno ikkje avklart. De som foreldre kan formidle meiningane dykkar om dette til skulen gjennom samarbeidsutvalet (SU). Namn, mobilnummer og e-postadresse til medlemma i SU finn de på heimesida til skulen. SU har uttalerett, og skal bli høyrt, men det er skulen ved rektor som tek den endelege avgjersla. Kontaktinformasjon, Krokane skule: Administrasjonen: 57 75 64 00 (08.00 - 15.30) Fritidsheimen (i opningstida): 480 13 158 Rektor: 480 80 563 (ver merksam på at det kan ta tid før sms blir besvart) E-post: [email protected] Heimeside: krokane.floraskulen.no 17. mai 2015 På baksida av Krokane Nytt finn de informasjon om barnetoget i Florø og program for feiringa på Krokane. Barnetoget i Florø Søndag 17. mai møter elevane ved Florø barneskole kl. 09.15, med avmarsj kl.09.30. Barnetoget avsluttast ved kyrkja, og de foreldre må avtale møteplass med ungane dykkar der. Etter at barnetoget er ferdig i byen, vert klassefanene frakta til Krokane og det lokale toget. 17.maiprogram for Krokane kl. 11.45 Oppstilling ved sjukeheimen kl. 12.00 Brassbandet spelar. Avmarsj med rute: Sjukeheimen - Jakob Sandeveg - Selhaugvegen - Bekkefaret Jakob Sandeveg - rundkøyringa - Krokane skule ca kl. 12.30 Opning v/ 17.maikomiteen Floraskulen brassband og drilljentene opptrer Song v/ 4. klasse Tale for dagen v/ 7. klasse Barneleikar med premiar Sal av kaffi, kaker, pølse m/brød, brus, is og lodd 17.maikomiteen oppmodar alle om å ta med mynt(og småsedlar) 7l kjøp i kaféen Vel møtt til ein triveleg nasjonaldag! 17. maikomiteen for Krokane skule ! Personalet ved Krokane skule håpar alle får ein fin dag og ønsker lukke til med feiringa.
© Copyright 2024