ONEN 2/2015 Ute på tur kan tankane vandra fritt. I Friluftsåret 2015 oppmodar Hauge-senteret alle til å oppleva den flotte naturen i og omkring Ulvik. Hugs å ta med deg undringa på turen. Foto: Rolf M Aagaard Kolon forlag Foto: Christina U. Andersen Foto: Robert Mapplethorp Foto: Oddleiv Apneseth NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 5. ÅRGANGEN FORFATTARMØTE MED STEINAR OPSTAD Steinar Opstad gjev ut ny diktsamling i haust, Kjærlighetstapene, og gjester Ulvik laurdag 31. oktober. Opstad har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og debuterte med diktsamlinga Tavler og bud i 1996, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2013 gav han ut Å høye dag som fekk strålande mottaking hjå kritikarane. Her er det tilhøvet mellom lengsel og det å vera bunden som står sentralt. Opstad blir rosa for sitt klare, poetiske språk og for å ha ei brennande tru på poesien. Tidlegare i år fekk han Wildenveys poesipris. Kjærlighetstapene er den åttande diktboka hans. På Drøs kafé vil du denne kvelden få møta Opstad i samtale og opplesing. DIKTARTAVLA TIL KJARTAN HATLØY Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Kjartan Hatløy med Diktartavla 2015. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blir med dette utvida med steintavle nr. 24. Prisvinnar Kjartan Hatløy debuterte i 1996 med Solreven og har til no gjeve ut 11 diktsamlingar. Naturmotiva pregar poesien hans, men der er variasjon og spennvidd i forfattarskapen. Hatløy framfører utvalde dikt under prisutdelinga søndag 23. august, som blir avslutta med konsert med pianist Inger-Kristine Riber og operasongar Ekatarina Kardakova. PUNKENS GUDMOR GJENDIKTA TIL NYNORSK Den amerikanske artisten Patti Smith er like mykje poet som musikar og utmerkar seg med sterke, visjonære tekstar. Tre norske forfattarar er blitt inspirerte av hennar tekstunivers og har gjendikta henne til nynorsk: Ragnar Hovland, Agnes Ravatn og Brit Bildøen. Songar Kari Harneshaug har samarbeidd med desse forfattarane og framfører gjendiktingane saman med gitarist Karl Gøsta Klaseie. Dette blir eit intimt møte med punkens gudmor på nynorsk, på Drøs kafé 10. oktober. HAUGE-SENTERET I FRILUFT Hauge-senteret har samarbeidd med Ulvik Sogelag og Ulvik Turlag om ulike aktivitetar i Friluftsåret 2015. På programmet står mellom anna stølsdag på Furusete og tur frå Hallingskeid til Osa, med Hauges artikkel «Fjellet kring Upsæte, Hallingskeid og Finse i eldre tid» frå 1950 som bakteppe. I tillegg får stølstrimmen eit nytt tilskot i år. Under tittelen Tankegang er det i postkassane på dei ulike stølane plassert ut litterære og filosofiske tekstar om vandring. Me vonar tekstane kan gje dei vandrande både refleksjon og kveik! O L AV H . H A U G E - S E N T E R E T eit dokumentasjons- og formidlingssenter lyrikk i mange former på tvers av språkgren ARRANGEMENT HAUSTEN 2015 TYSDAG 18. AUGUST 11.00 Hauge-senteret, Ulvik Olav H. Hauges 107. fødselsdag Me markerer Hauges fødselsdag og inviterer til eit lite dykk inn i boksamlinga hans Gratis SØNDAG 23. AUGUST 14.30 Hardanger folkemuseum, Utne Diktardagen 2015 Opplesing ved prisvinnar Kjartan Hatløy. Konsert med Inger Kristine Riber og Ekatarina Kardakova. I samarbeid med Hardanger folkemuseum Kr 200 LAURDAG 10. OKTOBER 21.00 Drøs kafé, Ulvik Patti Smith på nynorsk Konsert med songar Kari Harneshaug og gitarist Karl Gøsta Klaseie Kr 150 LAURDAG 31. OKTOBER 19.00 Drøs kafé, Ulvik Forfattarmøte med Steinar Opstad Opplesing og samtale Kr 150 Omvising i basisutstillinga I samarbeid med Den kulturelle spaserstokken, Ulvik herad og Ulvik pensjonistlag Kr 150 / pensjonistar gratis SØNDAG 13. DESEMBER 13.00 Hauge-senteret, Ulvik Familiedag med juleverkstad Forfattar og illustratør Martine Grande les Juleverkstad i Poesiverkstaden Julegraut på Den grøne kafé Kr 50 / 150 familie Foto: Oddleiv Apneseth Foto: Arkiv, OHH LAURDAG 22. AUGUST 15.00 Furusete, Ulvik Friluftsåret 2015: Stølsdag Stølsdag på Furusete med ulike aktivitetar og tradisjonell stølskost Arrangør: Ulvik Sogelag i samarbeid med Ulvik bygdekvinnelag, Ulvik Turlag og Hauge-senteret Gratis MITT HAUGE-DIKT Det er den draumen Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, LAURDAG 19. SEPTEMBER 08.00 Allmenningen, Ulvik Friluftsåret 2015: I Hauge sine fotefar Hallingskeid til Osa Vandring frå Hallingskeid til Osa med faglege og kunstnarlege innslag undervegs Det vert sett opp transport. Påmelding til turlaget I samarbeid med Ulvik Turlag og Ulvik Sogelag Kr 250 Foto: Knut Utler TORSDAG 26. NOVEMBER 17.00 Hauge-senteret, Ulvik Knut Hamre og Ranveig Lægreid Konsert i heradstyresalen med utgangspunkt i Hauges dikting Foto: Samlaget På begynnelsen av nittitallet studerte jeg ved Universitet i Bergen. Jeg var et par og tyve år gammel og fortsatt dypt fanget av ungdomstidens melankoli. Grytidlig en morgen beveget jeg meg gjennom regnet med paraplyen oppslått. Da oppdaget jeg brått at en av de høye murene i hellingen på vei opp til Sydneshaugen var blitt dekket av ”Det er den draumen” i løpet av natten. Hele diktet var skrevet med rødt og gult kritt på muren. I det samme jeg sto der og beundret diktet sluttet det å regne og solen brøt gjennom skylagene. Jeg slo paraplyen sammen og leste diktet mange ganger og kjente på en stor takknemlighet over livet. Det var som om diktet der på muren åpnet sinnet og ga dagen en helt ny giv, og ikke bare den dagen: synet av Hauges dikt denne morgenen har jeg ofte tenkt på som et nærmest at me ei morgonstund skal glida inn epifanisk øyeblikk og et vendepunkt i livet. Steinar Opstad på ein våg me ikkje har visst um. GJESTENE HAR ORDET Det var ei stor oppleving å vera her! Takk for god orientering om Olav H. Hauge. Vitjinga her har lyfta oss ut av kvardagen. Vi kjem att! Kåre Skadberg og Ragnhild Sohr frå Oslo 23.5.2015 om Olav H. Hauge og enser SKULEBESØK PÅ HAUGE-SENTERET T I L S K O T S G I VA R A R ULVIK HERAD Under tittelen «Ein tanke slo meg har um dagen» har 200 elevar i 8. klasse fått bli betre kjende med Olav H. Hauge på Hauge-senteret i vår. Tittelen er den fyrste linja som Hauge skreiv i dagboka si som 15-åring. I møtet med den unge Hauge som søkte seg mot litteraturen, er elevane blitt utfordra til å tenkja på seg sjølve som lesararar og skrivarar, og dei har fått utfalda seg kreativt i Poesiverkstaden. Gjennom eit samarbeid med Sparebanken Vest har Hauge-senteret kunne sponsa inngang og transport. Det går ut ny invitasjon til hausten. FRÅ BOKSAMLINGA Platon Olav H. Hauge las mykje forskjellig litteratur, men nokre tema hadde han eit særskilt blikk for. Hauge var til dømes oppteken av korleis diktaren vert forstått. Etter å ha lese den greske filosofen Platon skreiv han i dagboka: «Platon skil millom ‘heilagt vanvit ‘ – det er det poetar og profetar har – og sjukdom som doktorar lyt ta seg av.» Olav H. Hauge i dagbok 25. september 1954 MUSEUMSBUTIKKEN Museumsbutikken på Hauge-senteret har eit godt og breitt utval i Olav H. Hauge-titlar, samtidslyrikk og nynorsk litteratur for born og vaksne. Hos oss kan du oppdaga nye og spennande produktmed ulike sitat frå Hauge si dikting: kaffikopp, handlenett, kjøleskåpsmagnetar, babysmekke, sofaputer og postkort. Speledåse med ”Blåmann, Blåmann” og Jakob og Neikob-kopp finn du òg i hyllene våre. Velkomen innom butikken her i Ulvik eller på www. handlenett.no. OPNINGSTIDER 1. mai - 31. august Tysdag - fredag Laurdag og søndag 1. september - 30. april Tysdag – fredag Søndag KONTAKT OSS Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik Tlf. 56 52 70 70 [email protected] www.haugesenteret.no 10 - 16 11 - 17 10 - 16 12- 17 UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD VIKARIAT PÅ HAUGE-SENTERET 2015 / 2016 Per Magnus Finnanger Sandsmark (25) er tilsett som formidlar ved Hauge-senteret. Han kjem frå ei stilling som politisk rådgjevar for Venstres stortingsgruppe og har master i kulturhistorie og museologi frå Universitetet i Oslo. Elisabeth Tveite (25) frå Voss er ny salssekretær. Ho har master i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og kjem frå ei stilling i Fagforbundet i Oslo. Med desse to tilsetjingane får me på plass særs kompetente vikarar for dei to tilsette som går ut i permisjon i september. NYTT FRÅ AASEN-TUNET Du opnar ei avis om morgonen, ventar på bussen, sjekkar om det har skjedd noko i den store verda. Eller slår på fjernsynet på kvelden. Om noko er sikkert, så er det at du blir utsett for at nokon vil selje deg noko. Kjøp! kunne det like gjerne stått. Men reklamespråket er meir subtilt enn det, sjølv om det er nettopp det reklameskaparane vil at du skal gjere. Temautstillinga om språk i reklame har fått tittelen Språk til sals!, og er sett saman av tolv plansjar og seks banner. Den autoritative røysta vil ein ikkje finne – i staden er den berande bjelken i formidlinga det råkande sitatet, som utstillingsgruppa har gravd seg fram til i mykje av det som er sagt om reklame og språk. SPRÅKFAKTA OM HEILE VERDA På den europeiske språkdagen 26. september publiserer Nynorsk kultursentrum Språkfakta 2015 og Language facts 2015 på Aasentunet.no. Dette arbeidet med statistisk dokumentasjon av språk i Noreg, Europa og verda tok til for nesten 20 år sidan, og no er det klart for fjerde utgåve. – Prosjektet har vakse oss over hovudet, seier Ottar Grepstad. I tillegg til alt som trengst om skule, kyrkje, offentleg forvaltning og massemedium lovar han snadder og snop som vil fornye mang ein kvisskveld. – No vil det finnast sikre svar på kor mange språk Olav H. Hauge er omsett til, og kva land som første gong hadde ein song på dialekt i finalen i Eurovision Song Contest. Eit eige kapittel presenterer alle dei meiningane nordmenn har hatt om språk dei siste 70 åra. Tilbod frå nettbutikken zzzzGH Hauge-kopp Midtpunkt Kr 199 Handlenett Hauge Kr 99 Babysmekke Kr 89
© Copyright 2024