Beredskap og krisehandtering - Møre og Romsdal fylkeskommune

Overordna rammeverk for handtering
av beredskaps- og krisesituasjonar i
Møre og Romsdal fylkeskommune
Bakgrunn
• Starta arbeidet hausten 2013
• Arbeidsgruppe:
– Martin Hauge, Inger Johanne Moene, Dagfinn
Grønvik, Stein Ove Lianes og Eirik Jenssen.
• Kartlegging av regelverk med krav om risikovurderingar
og beredskap
• Overordna risikokartlegging/fareidentifikasjon
• Utarbeiding av utkast til rammeverk, vår/haust 2014
• Behandla i beredskapsplanleiinga jan. 2015.
Rammeverket
Oppbygging av rammeverket
• Administrativ del
– Mål for og administrasjon av planverket
– Beredskapsprinsipp, ansvars- og rollefordeling
– Overordna organisering av verksemda ved beredskapssituasjon
• Operativ del
– Hovudprinsipp for varsling og mobilisering av mannskap.
– Beredskap for psykososial omsorg.
– Informasjonshandtering i beredskapssituasjonar.
– Innsatsplaner for ulike typar ulykkeshendingar med tilhøyrande
oppgåvefordeling for nøkkelpersonell som skal handtere
hendinga.
– Normalisering
Mål
• Målet med denne planen er at den skal legge grunnlag
for ei effektiv og god krisehandtering i Møre og Romsdal
fylkeskommune. Sentral beredskapsplan er leiingas
verktøy for krisehandtering, samt at den gir føringar for
lokale beredskapsplaner i dei fylkeskommunale
einingane.
• Planen skal også avklare grensesnitt og forventningar
ovafor avdelingar/fagseksjonar/administrative einingar,
og ovafor eksterne samarbeidspartnarar og
redningsetatane.
Generelle prinsipp
• Ansvarsprinsippet: Den som har ansvaret i ein
normalsituasjon har også ansvaret ved ekstraordinære
hendingar.
• Likhetsprinsippet: Den organisasjonen ein opererer
med under kriser, skal vere mest mogleg lik den ein har i
det daglege.
• Nærhetsprinsippet: Ei krise skal handterast på lågast
mogelege nivå i organisasjonen.
• Samvirkeprinsippet: Den som har ansvaret for ei krise
har og ansvaret for å sikre best mogleg samvirke med
relevante aktørar og verksemder i arbeidet med
førebygging, beredskap og krisehandtering.
Beredskap er eit leiaransvar
• Fylkesrådmannen er beredskapsansvarleg og har det
overordna administrative ansvaret for beredskapsarbeidet.
• Toppleiargruppa, med fylkeshovudverneombodet og
personalsjefen, utgjer beredskapsplanleiinga. Saman med
beredskapsansvarleg fungerer desse som styringsgruppe for
arbeidet med beredskap.
• Fylkesrådmannen er beredskapsleiar og har ansvar for å leie
fylkeskommunen si handtering av beredskapssituasjonar når
dei oppstår. I tillegg har beredskapsleiar ansvar for
utarbeiding, revisjon, opplæring og øvingar knytt til sentral
beredskapsplan.
• Alle avdelingsleiarar har ansvar for utarbeiding, revisjon,
opplæring og øvingar knytt til eiga krise- og
beredskapsplanar. Dei skal også leie handteringa av
beredskapssituasjonar når dei oppstår på eiget nivå.
Beredskap er alles ansvar
• Det er også alle tilsette sitt ansvar å vise aktsemd, og
melde frå om alvorlege hendingar eller situasjonar som
kan utvikle seg til å bli alvorlege.
• Det er viktig med tidlegast mogleg varsling. Det er betre
å varsle ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Nivå 1 – sentral beredskapsleiing
• Den sentrale beredskapsleiinga skal handtere
situasjonar som påverkar heile/store delar av
organisasjonen, hendingar som omfattar fleire
avdelingar, og hendingar der fylkeskommunen sitt
omdømme er truga. Beredskapsleiar vurderer, og
eventuelt tek avgjersle om heva beredskap og at sentral
beredskapsplan trer i kraft.
Nivå 2 – lokal beredskapsleiing
• Lokal beredskapsleiing skal handtere mindre omfattande
hendingar som har tilknyting til avdeling/administrativ eining.
Beredskapsleiar i lokal beredskapsleiing vurderer og ev.
avgjer at lokal beredskapsplan trer i kraft og varslar sentral
beredskapsansvarleg. Lokal beredskapsleiing ber om bistand
frå sentral beredskapsleiing ved behov, og
informerer/rapporterer til sentral beredskapsansvarleg
(fylkesrådmannen).
• Sjølv om sentral beredskapsleiing har/overtar den overordna
kriseleiinga, vil lokal beredskapsleiing fortsatt ha det primære
oppfølgingsansvaret ovafor eigne tilsette og elevar. Ved
hendingar som påverkar drift, vil den lokale beredskapsleiinga
ha oppfølgingsansvar for at eiga verksemd raskast mogleg
kjem tilbake i normal drift.
Hendingar og ansvar
Opplæring
• Alle tilsette skal ha kjennskap til fylkeskommunens
beredskapsarbeid, beredskapsplanen og kor den er
tilgjengeleg på http://www.mrfylke.no/beredskap. Dette skal
inngå i opplæringa ved tilsetting.
• Alle tilsette og leiarar som har eit definert ansvar i høve
beredskapsplanen, skal få ei innføring i sine oppgåver.
Rektor/avdelingsleiar har ansvar for at nødvendig opplæring i
beredskapsarbeid inngår som ein del av opplæringa for dei
tilsette. Han/hun har også ansvar for at eininga har ein plan
som inneheld opplæring i beredskapsarbeid.
• Som ein del av opplæringa av dei tilsette skal det vere ei årleg
overordna gjennomgang av beredskapsplanen. Det skal skje i
løpet av 1.kvartal. Beredskapsansvarleg og personalsjefen er
ansvarleg for å gi ev. innspel om det er spesifikke forhold som
det skal vere fokus på, og biståravdelingane med opplæringa.
Øvingar
• Øvingar er eit viktig element i kvalitetssikringa og
handteringa av hendingar man normalt ikkje får trening i.
• Det finnast ulike øvingsformer. Det kan vere alt frå enkle
varslingsøvingar, via såkalla skrivebords-/simulerings/spilløvingar, til store øvingar med markørar og faktisk
ressursinnsats.
• I både sentral og lokal beredskapsplan skal det
beskrivast korleis krav om tilstrekkeleg
beredskapskompetanse hos eiga personell skal følgjast
opp.
Operativ del
• Prinsipp for varsling / deteksjon
• Mobilisering av personell og tilleggsressurser
• Beredskap for psykososial omsorg.
– Eiga plan
• Informasjonshandtering i beredskapssituasjonar.
– Eiga plan
• Innsatsplaner for ulike typar ulykkeshendingar med
tilhøyrande oppgåvefordeling for nøkkelpersonell som
skal handtere hendinga.
• Normalisering
– Evaluering og rapportering
Innsatsplaner
1 Skade/død på elev, tilsett eller besøkande
2 Brann, eksplosjon og evakuering
3 Truslar, vald, terror eller gisseltaking
4 Kriminell handling utført av elev/tilsett i teneste
5 Spreiing av smitte og utbrot av smittefarleg
sjukdom/pandemi
6 Bortfall av kritisk infrastruktur og ressursar
(7 Hendingar med negativ konsekvens for ytre miljø )
(8 Ulykker, uhell og unormale hendingar med
strålekjelder )