Styresak 17-15 Årsmelding internkontroll for

Årsmelding 2014
Internkontroll for tryggare helsetenester
i Helse Bergen
«Kulturendring for tryggare tenester»
Bakgrunn
Helse Vest styresak 05/117B
Helse Bergen Styresak 55/10
Denne meldinga inneheld viktige sider og resultat frå arbeidet med
internkontroll for tryggare helsetenester i 2014.
Helse Bergen
Forskings- og utviklingsavdelinga
Stig Harthug
Kvalitetssjef
1
Innhald
Innleiing ..................................................................................................................................... 3
Internkontroll i Helse Bergen ..................................................................................................... 3
Uønskte hendingar i Helse Bergen ............................................................................................. 3
Program for Pasienttryggleik ..................................................................................................... 7
Kartlegging av pasientskadar i Helse Bergen......................................................................... 7
Legemiddelsamstemming....................................................................................................... 8
Kulturmåling .......................................................................................................................... 8
Fall .......................................................................................................................................... 8
Hjerneslag............................................................................................................................... 9
Førebygging av sjølvmord i akuttpsykiatriske døgnavdelingar ............................................. 9
Førebygging av overdosedødsfall etter utskriving frå institusjon ........................................ 10
Trygg ortopedi - NPE ........................................................................................................... 11
Trygge fødsler – NPE ........................................................................................................... 11
Trygg Kirurgi med fokus på postoperative infeksjonar ....................................................... 11
Andre innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet .......................................................... 12
Prevalensregistrering av infeksjonar ........................................................................................ 12
Overvaking av kirurgiske sårinfeksjonar ................................................................................. 13
Konklusjon ............................................................................................................................... 14
2
Innleiing
Årsrapporten «Internkontroll for tryggare tenester 2014» vert med dette lagt fram. Meldinga
er metodisk tverrfagleg, men har i hovudsak vekt på tryggleiken til pasientane. Ein stor del av
meldinga omhandlar aktivtetar som no er teken inn i Handlingsplan for Internkontroll og det
nasjonale programmet for pasienttryggleik. Dessutan er det førebyggjande arbeidet innanfor
smittevern omtalt.
Internkontroll i Helse Bergen
Ved tilsyn frå ulike offentlege tilsynsorgan, har Helse Bergen fått avvik og merknadar som
tilseier at den overordna styringa av internkontrolltiltaka kan bli betre. Føretaksleiinga vedtok
i november 2014 ein handlingsplan som skal bidra til å styrkje kvaliteten på alle tenester i
føretaket ved systematisk internkontrollverksemd. Tiltaka gjeld både for sentral stab og
fageiningar.
Eit av tiltaka er å ta i bruk leiingas gjennomgang, dette er ei sjølvevaluering leiarar gjer årleg
for å få ein status på internkontrollarbeidet.
Eit anna tiltak er ein auke av interne systemrevisjonar for å kontrollere etterleving av krava
som gjeld for verksemda. Dette inneber eit utviklingsarbeid samstundes som ein skal
koordinere aktivitetane betre. Fleire einingar og fagområde gjer internrevisjonar og ein ser
difor ein nytte av å samordne dette arbeidet. Funna frå internrevisjonane vil gje eit godt bilete
på kva område ein har moglegheiter for forbetring, og dermed kan ein bruke dette som eit
styringsverktøy. Det er utarbeidd og vedteke ein årsplan for 2015 for interne systemrevisjonar
i føretaket. Fleire tema innanfor pasientsikkerheit og HMS vert dekka i revisjonane, t.d.
legemiddelhandtering, smittevern og strålevern.
På oppdrag frå føretaksleiinga vart det i november og desember 2014 gjennomført
internrevisjon på organisering av forsking ved Hjarteavdelinga og ved Nevroklinikken.
Revisjonsgrunnlaget var helseforskingslova, forskrift om organisering av helseforsking og
forskingsrutinar for Helse Bergen. Det vart notert i alt seks avvik og fire merknadar. Avvika
omhandla mellom anna oversikt og kontroll med forskingsprosjekt, handsaming av
personopplysingar og kompetanse hjå forskarane etter lovkrava til organisering av medisinsk
og helsefagleg forsking.
Nivå 2-einingane skal handsame avvika og merknadane i meldesystemet Synergi innan mars
2015.
Uønskte hendingar i Helse Bergen
Ei uønskt hending er eit irregulert resultat frå verksemda, som representerer eit
skadepotensiale for pasientar, dei tilsette eller verksemda sjølv. Slike skadar kan vere
medisinsk skade hos pasientar eller tilsette. Andre konsekvensar er forseinkingar, omdømetap
og økonomisk tap i verksemda.
Arbeidet med læring frå hendingane er ein del av internkontrollverksemda og går føre på
fleire måtar. Leiarane mottar dei meldte hendingane, gjer årsaksanalyse på einskilde
hendingar, gjennomfører risikovurderingar og nyttar statistiske data for å kartleggje tendensar
og utviklingstrekk i verksemda.
3
Tabellen under syner utviklinga i talet på meldte uønskte hendingar i Helse Bergen, uansett
kategori.
16000
14000
12000
10000
8000
6000
4000
2000
0
2010
2011
2012
2013
2014
Figur 1 – 56795 meldte uønskte hendingar i Helse Bergen i perioden 2010 – 2014.
Den gode meldekulturen held fram i Helse Bergen, med ein auke på 2586 meldingar frå 2013
til 2014. Fleire einingar nyttar meldesystemet og andre kjelder aktivt i forbetringsarbeidet.
Dersom ein tek ut tala for 2014 og fordeler dei på nivå 2 einingane, vert bilete som i figur 2
under:
4
Nivå 2-einingar 2014
2500
2000
1500
1000
500
Radiologisk avdeling
ReHabiliteringsklinikken
Revmatologisk avdeling
Voss sjukehus
Yrkesmedisinsk avdeling
Økonomi- og finansavdelingen
Øyeavdelingen
Kreftbehandling/Medisinsk Fysikk
Avdeling for rusmedisin
Barneklinikken
Divisjon psykisk helsevern
Drift- /teknisk divisjon
Forsknings- og utviklingsavdelingen
HBE Kommunehelsetjenesten
Hjerteavdelingen
Hudavdelingen
Kirurgisk klinikk
Kirurgisk serviceklinikk
Klinikk for hode/hals
Kommunikasjonsavdelingen
Kvinneklinikken
Laboratorieklinikken
Lungeavdelingen
Medisinsk avdeling
Mottaksklinikken
Nevroklinikken
Ortopedisk klinikk
0
Figur 2 – 14535 meldingar fordelt på nivå 2-einingar i 2014 (alle sakstypar)
Meldepliktige hendingar
Tala viser at Divisjon psykisk helsevern, Drift-teknisk divisjon, Kirurgisk serviceklinikk,
Kvinneklinikken og Laboratorieklinikken er store einingar, som også har ein god meldekultur.
Pasientrelaterte hendingar som har ført til eller kunne ført til ein «betydelig» skade eller
dødsfall, skal også meldast til Kunnskapssenteret for helsetenesta. I Helse Vest området skjer
dette direkte via meldesystemet. Helse Bergen sender om lag 900 § 3-3 meldingar til
kunnskapssenteret kvart år, der dei vert klassifisert i den nasjonale meldeordninga. Under ser
ein fordelinga av § 3-3 meldingar pr. kvartal i 2013 og 2014.
5
§ 3-3 meldingar pr. kvartal 2013 - 2014
350
300
250
200
150
100
50
0
2013 1
2013 2
2013 3
2013 4
2014 1
2014 2
2014 3
2014 4
Figur 3: 1877 § 3-3 meldingar frå Helse Bergen til Kunnskapssenteret i 2013 og 2014, fordelt
på kvartal.
Sakstypar
Ved sakstypeinndelinga vert hendingane klassifisert på hending «med konsekvens», hending
«utan konsekvens», og områda HMS, pasient, drift og informasjonstryggleik . Biletet under
6
viser sakstype-fordelinga for 2013 og 2014 i Helse Bergen
Uønskt hending - med og utan konsekvens
uten konsekvens IKT/Informasjonssik
kerhet
uten konsekvens Driftsrelatert
uten konsekvens HMS/Ansattskade
uten konsekvens Pasientrelatert
med konsekvens IKT/Informasjonssik
kerhet
med konsekvens Driftsrelatert
med konsekvens HMS/Ansattskade
med konsekvens Pasientrelatert
7000
6000
5000
4000
3000
2000
1000
0
Figur 4: Sakstyper med og utan konsekvens for 2013 og 2014.
Ein ser at største sakstypen i dette uttrekket er pasientrelaterte uønskte hendingar utan
konsekvens - 6487 meldingar, mot pasientrelaterte hendingar med konsekvens - 1992
meldingar for 2013 og 2014. Tydinga bør vere at meldarane er medvitne læringsverdien frå
alle uønskte hendingar, også dei som ikkje har påført pasienten ein skade. Det same mønsteret
er innafor områda HMS og drift. Talet på meldingar «med konsekvens» er truleg meir
representativt for det reelle underliggjande tilhøvet i sin kategori, enn kva talet på meldingar
utan konsekvens er i sin kategori. Dei tilsette vil med andre ord oftare skrive ei melding
dersom pasienten fall og fekk ein skade, enn om pasienten fall og ikkje fekk ein skade.
For å finna ut kor mange uønskte hendingar ein faktisk har i helsetenesta, må ein nytta
forsking eller ein metode for strukturert gjennomgang av journalar, sjå under (GTT).
Program for Pasienttryggleik
Det nasjonale programmet for pasienttryggleik er koordinert av Helse Vest RHF, i samarbeid
med kvart helseføretak i regionen. I Helse Bergen har ein i 2014 arbeidd med tiltaksområda
under:
Kartlegging av pasientskadar i Helse Bergen
Helse Bergen har årleg sidan 2011 gått gjennom 240 tilfeldig utvalde pasientjournalar, for å
sjå kor mange pasientar som vert påført fysisk skade under sjukehusopphaldet. Rapporten er
etterskotsvis, og dei siste oppdaterte tala er pr. dags dato frå 2013.
Undersøkinga, som tek for seg vaksne somatiske pasientar innlagt på sjukehuset i minimum
eit døgn, er del av ei årleg nasjonal kartlegging på helseføretaksnivå. Den validerte metoden
Glober Trigger Tool (GTT) vert brukt til registreringane.
Resultata frå Helse Bergen viser at den prosentvise delen innlagte pasientar som vart påført
ein eller fleire skader var 15,4 %, 12,9 % og 13,3 % for høvesvis 2011, 2012 og 2013.
7
Variasjonen kan skuldast tilfeldige omstende ved uttrekket av pasientar, eller at dei som
gjennomfører undersøkinga er meir konsistente i sine vurderingar av skadane.
Av dei 240 undersøkte pasientjournalane i 2013, fekk 16 pasientar ein skade som trong
behandling, 16 fekk ein skade som førte til forlenga sjukehusopphald, 4 pasientar fekk varig
men, og ein pasient døde. Dei hyppigaste skadane var kirurgisk komplikasjon, annan
infeksjon (enn urinvegsinfeksjon og lungebetennelse), urinvegsinfeksjon, lungebetennelse og
bløding.
Undersøkinga skil ikkje mellom skadar som kan førebyggjast og skadar som ikkje kan
førebyggjast. Dei alvorlegaste skadane er postoperative komplikasjonar og blødingar. Mange
behandlingar, som til dømes kirurgi, er forbunden med ein viss risiko, men alle skadar og
komplikasjonar er i utgangspunktet uønskte.
Legemiddelsamstemming
Medisinlista til pasienten må samstemmast når pasienten kjem til og dreg frå sjukehuset. Eresept vart innførd våren 2014, og er ein viktig føresetnad for utviklinga av innsatsområdet.
Det vart då mogeleg å gjere automatisk samstemming mellom den godkjente legemiddellista
ved innlegging og legemiddellista ved utskriving. Heile føretaket tok i bruk løysinga innan
tidsfristen i juni 2014. Ein er likevel ikkje i mål med innføringa av samstemmingsdelen av ereseptløysinga for heile organisasjonen; det krev endå meir fokus og opplæring.
Pilotering av elektronisk kurve vil skje i Helse Bergen i 2015.
Kulturmåling
Pasienttryggleikskulturen er summen av dei verdiar, haldningar, oppfatningar, kompetanse og
åtferdsmønster hos individet og grupper som har påverknad for korleis sikkerheit vert
prioritert og gjennomført i pasientbehandlinga.
Ei ny kartleggingsundersøking vart gjennomført våren 2014. Spørjeskjema og kriteria var dei
same som i 2012, slik at ein kan samanlikne data frå desse to åra. Svarprosent i 2014 var 71,3
% mot 73,6 % i 2012.
Når meir enn 60 % av de tilsette i ei eining har ein score på 75 poeng eller meir, har eininga
ein positiv pasienttryggleikskultur. I Helse Bergen har 94 % av einingane teamarbeidsklimaet
til 75 poeng eller meir. Når det gjelder «sikkerhetsklima», har 65,8 % av einingane score på
dette til 75 poeng eller meir. Det må seiast å vere eit svært god resultat.
Der er variasjonar innanfor og mellom klinikkar. Resultata er presentert for klinikkleiinga
som skal setje i verk naudsame tiltak for å oppretthalde den gode kulturen.
Fall
Føretaket har prioritert fallførebygging. Helse Bergen har i samarbeid med Bergen kommune
laga eit e-læringskurs som er tatt i bruk i helseføretaket og elles er brukt i nasjonal
samanheng. E-læringskurset fokuserer på å vurdere og dokumentere risiko og iverksetting av
relevante tiltak. Piloten i Ortopedisk klinikk viser at 456 personar gjennomførte kurset
hausten 2014 (tilsette i Ortopedisk klinikk, portørtenesta og studentar frå Høgskolen i
Bergen).
No skal tiltaket breiast ut til alle klinikkar i Helse Bergen som har pasientar med fallrisiko.
8
Kurslink: https://e-laering.ihelse.net/kurskatalog/fall_og_fallforebygging/landing-page-velgmaalgruppe.html
Hjerneslag
Helse Vest gjennomførte ein regional informasjonskampanje om hjerneslag i perioden 5. mai
til 2. juni 2014. Helse Bergen tok del i kampanjen, som var retta mot heile folkesetnaden.
Program for pasienttryggleik og kommunikasjonsavdelingane i føretaka samarbeidde om
dette. Symptom på hjerneslag vart presentert og det vart vist at det er viktig å kontakte
sjukehus raskt ved å ringje 113. Målet var at hjerneslagpasientar, pårørande og /eller andre i
omgjevnadane tidleg skulle ta kontakt med medisinsk nødtelefon ved mistanke om hjerneslag.
På denne måten kan fleire hjerneslagspasientar bli behandla i akuttfasen. I figur 3 viser data
frå Norsk Hjerneslagsregister at tid frå symptom til innlegging er halvert frå 2013 til 2014.
Talet på pasientar er lågare i 2013, då registreringa ikkje vart gjennomført før andre halvår
2013.
Figur 5: Tid frå symptomdebut (sikre data) til innlegging, kjelde: Hjerneslagsregisteret
Førebygging av sjølvmord i akuttpsykiatriske døgnavdelingar
I psykiatrisk klinikk har åtte av elleve sengepostar implementert programutvikla tiltak for å
førebyggje sjølvmord. Figuren under viser utviklinga frå ein av to akuttpsykiatriske
9
mottakspostar i Psykiatrisk klinikk, i perioden 2013-2014. Registreringane er gjort ved intern
overføring av pasientar i klinikken i kortare periodar. Resultata viser at eit
forbetringspotensiale er utløyst innafor fleire av arbeidsprosessane.
Læringsverdi: Overføringar internt er tradisjonelt peika på som ein sårbar fase for pasientane.
Spesialistvurdering innan eit døgn er viktig også etter ei overføring, ikkje berre etter innkomst
til sjukehuset. Eit anna forbetringsområde er involvering av pårørande, både ved utskriving til
anna avdeling og ut frå sjukehuset.
Tiltak
0 måling
1 måling
2 måling
3 måling
4 måling
5måling
6 måling
(antall pas:20)
(antall pas:20)
(antall pas: 20)
(antall pas 20)
(antall pas 20)
(antall pas 20)
(antall pas 20)
Er spesialistvurdering foretatt
innen ett døgn?
70 %
90 %
90 %
100 %
100 %
100 %
100 %
Er beskyttelses-tiltak iverksatt?
Er selvmordsrisiko vurdert
foretatt ved følgende
tidspunkter?
a) Ved innkomst
b) Før utskrivning
Er følgende tre tiltak på plass
før permisjon innvilges?
a) Selvmordsrisiko
Vurdering ifm.
permisjon
b) Behandlingsplan
etablert
c) Pårørende involvert
95 %
100 %
95 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
75 %
100 %
95 %
100 %
85 %
100 %
100 %
100 %
95 %
100 %
100 %
100 %
95 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
100 %
95 %
100 %
95 %
100 %
100 %
100 %
100 %
95 %
100 %
95 %
100 %
100 %
5%
65 %
0%
95 %
15 %
90 %
75 %
100 %
100 %
100 %
95 %
100 %
100 %
90 %
40 %
45 %
40 %
75 %
60 %
50 %
50 %
Er følgende tre tiltak på
plass før utskrivelse?
a) Kriseplan utarbeidet
b) Pasient har mottatt
avtale om oppfølging
c) Pårørende involvert i
utskrivelsesprosessen*
Figur 1. Oversikt over utvikling av etterlevelse av tiltakene i pasientsikkerhetsprogrammet på PAN fra oppstart 2013 til årsslutt 2014.
*Dette tallet gjelder til annen avdeling i all hovedsak, men kan også være ut av sykehuset
Førebygging av overdosedødsfall etter utskriving frå institusjon
Helse Bergen (regional pådrivar) og Bergensklinikken har samarbeidd om dette tiltaket.
Brukarmedverknad har vore sentralt for utviklinga av tiltaka. Samarbeidet har også involvert
politi, kriminalomsorg og akuttmedisinsk seksjon, for å kunne sjå heilskapen i utfordringane i
eit komplekst område.
Kontrollspørsmål for vurdering av overdoserisiko:
1. Er det gjort spesialistvurdering innan eit døgn?
2. Er pasienten informert om overdosefare?
3. Er det utarbeidd kriseplan som pasienten har fått med seg?
4. Er desse tre tiltaka gjennomført før utskriving?
a) Pasienten har motteke overdosekort
b) Pasient har motteke tilbod om oppfølging (”time i handa”)
c) Pasienten er minna om kriseplanen
Konkret ser ein at undervisning i overdosefare, utdeling av overdosekort og hjarte/lungeredning er godt evaluert av brukarane og behandlarar som deltek på same kurset. På
10
AFR Askøy er det kurs kvar veke og kursa har vore fullteikna. Utarbeiding av kriseplan er eit
kontinuerleg arbeid og planen er felles for psykiatri og rusbehandling, også regionalt, slik at
kriseplanen er kjent for brukarar og behandlarar, uavhengig av kvar ein vert behandla.
Tiltaka er implementert i alle postar i avdeling for rusmedisin. Ein legg til rette for at tiltaka
også vert ein del av poliklinisk behandling våren 2015.
Trygg ortopedi - NPE
Trygg ortopedi er eit av to prosjekt som nyttar NPE-saker som empirisk grunnlag for
kartlegging av systemårsaker til pasientskadar. I 2014 er det gjort ein gjennomgang av 5638
ortopedisaker i samarbeid med NPE. Klassifiseringa av læringsverdien tek utgangspunkt i
klassifikasjon utvikla av NPE. Tiltak vert utvikla og sett i verk i 2015 i dette regionale
prosjektet.
Trygge fødsler – NPE
Seksjon for pasientsikkerheit i Helse Bergen har i 2014 hatt pådrivaransvar for det regionale
prosjektet «Trygg Fødsel». Det overordna målet har vore å redusere frekvensen av alvorleg
fosterskade og fosterdød. Gjennomgang av behandla skadesaker i NPE der barn/foreldre har
fått medhald, syner at avvik frå godkjente metodar under induksjon og stimulering av fødsel
var tilfelle i 11 % av skadane, og at sakkunnige har vurdert at ri-stimulerande medikament
(oksytocin) var feildosert i 20 % av tilfella. Risikoreduserande tiltak i prosjektet i 2014 har
derfor vore knytt til bruken av ri-stimulerande midlar. Fyrste steg har difor vore utvikling og
innføring av sjekkliste for oksytocin-stimulerande behandling.
Prosjektet vil følgje den prosentvise utviklinga for bruk av sjekklista ved fødslar. Resultata frå
piloten på Kvinneklinikken syner mellombels at måloppnåinga for bruk av sjekklista har auka
frå 48 % i november, til 75 % i 1.halvdel av januar. Sjekklista er innført i Helse Bergen, og er
planlagt innført i heile Helse Vest innan 2015.
Hovudaktivitetar i 2014 har omfatta eit tverrfagleg samarbeid mellom jordmødrer og
gynekologar i heile regionen, og dessutan fagpersonar frå tilsvarande prosjekt i Danmark. Ein
har også nytta røynsler frå innføring av sjekkliste for «Trygg Kirurgi». For å auke merksemda
mot prosjektet endå meir er det oppretta ei eige webside på intranett. Etter innspel frå
brukarrepresentantar vil ein og lage ei webside på internett.
Trygg Kirurgi med fokus på postoperative infeksjonar
«Sjekkliste for Trygg Kirurgi» er no innført ved alle opererande einingar i Helse Bergen.
Seksjon for pasientsikkerheit har i 2014 vore pådrivarar i arbeidet med å utarbeide indikatorar
og kvalitetssikre innhaldet i dei elektroniske rapportane i styringsportalen i Helse Vest.
Innføring av denne sjekklista har vist seg å ha særs god verknad på reduksjon av
komplikasjonar for pasientar jf. tal frå forsking. Samstundes syner rapportane ein stor
variasjon i frekvens når det gjeld bruken av sjekklista ved ulike inngrep. Rapportane gjev
såleis eit godt grunnlag for vidare forbetringsarbeid i kvar einskild klinikk.
Ansvaret for oppfølging er i Helse Bergen overført til klinikken. Kvar klinikk er då ansvarleg
for resultata relatert til eigne operasjonar. I tillegg er retningslinja for bruk av «Sjekkliste for
Trygg Kirurgi» utvida til også å gje føringar for revisjon/ modifisering av innhaldet i
sjekklista. På denne måten vil sjekklista kunne reviderast og tilpassast i tråd med utviklinga på
den aktuelle operasjonsstova.
11
Andre innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet
Blodbaneinfeksjonar relatert til sentralt venekateter, urinvegsinfeksjonar og trykksår er
innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet som ein ikkje har spreidd ut i organisasjonen
etter gjennomført pilot. Arbeidet med utvikling av tiltak og indikatorar er ikkje ferdig enno.
Prevalensregistrering av infeksjonar
Det er utført 4 prevalensregistreringar (førekomst av infeksjonar på bestemte tidspunkt) av
sjukehusinfeksjonar i Helse Bergen i 2014.
Folkehelseinstituttet endra definisjonane på sjukehusinfeksjonar frå 2014 med bakgrunn i at
EU kommisjonen har avgjort at ECDC sine definisjonar skal nyttast ved rapportering av
smittsame sjukdommar til det europeiske nettverket.
I Helse Bergen vart dei nye kasusdefinisjonane tatt i bruk frå 2. kvartal 2014. Endringa
medførte at smittvernpersonell no systematisk går gjennom alle sjukehusinfeksjonar som er
registrert og ser om kriteria for infeksjon er oppfylt. Det har i noko grad bidrege til at talet på
urinvegsinfeksjonar, nedre luftvegsinfeksjonar og septikemiar har gått ned. Det har ikkje
påverka talet på postoperative sårinfeksjonar.
Resultata for Haukeland universitetssjukehus (HUS), Voss sjukehus (VS) og Kysthospitalet i
Hagevik (KIH) er vist i tabellen nedanfor.
1.kvartal
Haukeland
universitetssjukehus
Voss sjukehus
Kysthospitalet i Hagevik
Helse Bergen samla
5,5 %
2,5 %
6,5 %
5,3 %
2.kvartal
4,2 %
3,9 %
0,0 %
4,0 %
3.kvartal
3,0 %
0,0 %
8,3 %
2,9 %
4.kvartal
4,1 %
1,6 %
0,0 %
3,8 %
Gj.snitt
4,2 %
2,2 %
3,9 %
4,1 %
12
Overvaking av kirurgiske sårinfeksjonar
Helse Bergen (HUS, VS, KIH) har levert data for alle inngrepa Helsedirektoratet har fastsett
skal inngå i overvakinga; aortakoronar bypass, keisersnitt, innsetting av protesar i hofteledd,
kolecystektomi og kolonkirurgi (reseksjon av tarm og tarmanastomoser). Årsrapport føreligg
ikkje enno då innsamling av data for desember ikkje er ferdigstilt. Oppfølgingsprosenten ligg
på 85-100 %, med unntak av infeksjon etter innsetting av hemiproteser der den er 78 %.
Nasjonale rapportar vert sendt til aktuelle avdelingar.
13
Helse Bergen
Aortakoronar bypass
(sternum)
Keisersnitt:
KK - HUS
Voss
Hofte totalprotese:
HUS
KIH
Voss
Hofte hemiprotese
HUS
Voss
Laparaskopisk
kolecystektomi
HUS
Voss
Kolonkirurgi
HUS
Voss
Antal inngrep Antal inf.
lokal
insidensandel
Nasjonal
insidensandel
(95% KI)*
Insidensandel djupe og
organ/holrom
infeksjonar
Lokalt
Nasjonalt*
213
6
2,8 %
3,9% (2,5-5,3)
0,9 %
1,4 %
433
65
24
3
5,5 %
4,6 %
4,7% (4,1 - 5,3)
4,7% (4,1 - 5,3)
1,6 %
3,1 %
1,2 %
1,2 %
58
234
39
1
0
2
1,7 %
0,0 %
5,1 %
1,8% (1,4 - 2,2)
1,8% (1,4 - 2,2)
1,8% (1,4 - 2,2)
0,0 %
0,0 %
2,6 %
0,8 %
0,8 %
0,8 %
88
54
1
2
1,1 %
3,7 %
3,0% (2,2 - 3,7)
3,0% (2,2 - 3,7)
1,1 %
1,9 %
1,4 %
1,4 %
42
98
2
2
4,8 %
2,0 %
4,3 %
4,3
0,0 %
1,0 %
1,2 %
1,2 %
112
19
10
1
8,9 %
5,3 %
12,9% (11.4 - 14,4)
12,9% (11.4 - 14,4)
5,4 %
0,0 %
7,1 %
7,1 %
* Nasjonale data er ikkje komplette då det er endå nokre sjukehus som ikkje har levert data.
Konklusjon
Internkontrollen for tryggare tenester er i 2014 gjort på mange område og ved bruk av fleire
metodar. Utviklinga skjer tverrfagleg og langs fleire liner. Det har i Helse Bergen vore meir
samhandling, meir felles metodebruk og tydelegare klårgjering av ansvar og oppgåver ved
kvalitetsarbeidet i 2014 enn tidlegare.
14