Oversendingsbrev - Fylkesmannen.no

Sakshandsamar, innvalstelefon
Fredrik Arnesen, 5557 2369
Vår dato
20.12.2016
Dykkar dato
Vår referanse
2015/12072 350
Dykkar referanse
Sund kommune
Postboks 23
5371 Skogsvåg
Rapport etter tilsyn med samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i Sund
kommune
Fylkesmannen viser til tilsynsbesøk i Sund kommune 6. desember 2016. Vedlagd følgjer rapport frå
tilsynet.
Innleiingsvis vil vi takke for fin mottaking og godt gjennomført program på tilsynsdagen. Samstundes
tykkjer vi det er leit at ikkje ordførar og rådmann prioriterte deltaking i sluttmøtet.
Sund kommune har vore delaktig i utarbeidinga av Kyst-ROS, men kommunen manglar likevel ein
eigen risiko- og sårbarheitsanalyse som kompletterer denne. Kommunen har ein beredskapsplan
som har fungert bra under hendingar og øvingar, sjølv om den framleis ikkje er endeleg ferdigstilt.
Kommunen øver regelmessig, og hendingar og øvingar vert i nokon grad også evaluert. For å
tilfredsstille alle krav i lov og forskrift må kommunen likevel i større grad også fokusere på
førebygging, og bli meir systematisk i tilnærminga til arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
Vi minner om at tilsynsmetodikken er negativ i den fortstand at den berre peikar på avvik og
merknader i høve til lov og forskrift, og eventuelt anna forbetringspotensiale. Rapporten peikar difor
i liten grad på dei tilhøve som er tilfredsstillande.
Frist for skriftleg tilbakemelding på tilsynsrapporten er 3. februar 2017.
Vi ønskjer lykke til med oppfølgingsarbeidet, og minner om at vi gjerne står til rådvelde med
informasjon og rettleiing.
Med helsing
Arve Meidell
fylkesberedskapssjef
Fredrik Arnesen
seniorrådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
Statens hus
Kaigaten 9, 5020 Bergen
Telefon: 55 57 20 00
Telefaks: 55 57 28 51
Kommunal- og samfunnsplanavdelinga
Postboks 7310, 5020 Bergen
Org.nr: 974760665
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/hordaland