Her

Dei nominerte til soknerådsTil soknerådsvalet i Samnanger har me 13 kandidatar å velja mellom. Me skal velja 6 soknerådsmedlemer og
fem varamedlemer. Me har berre ei liste, så valet går eigentleg ut på å merkja av dei du helst vil ha inn. Du kan
kumulera inn til tre stk. som får ei ekstra stemme av deg. Du kan også føra inn til tre nye namn på lista.
Men kven er desse kandidatane? Sjølv i Samnanger kjenner ikkje alle alle. For at du skal vita litt meir om kven
du stemmer på, har me stilt dei nye kandidatane tre spørsmål og bede dei svara kort på dei.
1. Fortel litt om deg sjølv.
2. Kvifor stiller du til val på soknerådslista?
3. Er det eit spesielt/ spesielle område innanfor kyrkja sitt arbeid du er særleg oppteken av?
1. Hilde Maraas Aarvik
52 år. Gjerde
1.
Eg er opprinneleg frå Bergen, men flytta til
Samnanger i 1988. Gift og har fire barn. Utdanna
musikklærar og har jobba i grunnskulen i Samnanger sidan
me flytta hit. Har også jobba ein periode i kyrkja med
ansvar for barne- og ungdomsarbeid. Eg har jobba med
frivillig arbeid både innanfor og utanfor kyrkja sidan eg
var tenåring, og har funne stor glede i det. Mine hobbyar
er song og musikk, lesing, handarbeid og altfor vanskelege
kryssord. Elles blir eg lett fascinert av mange ulike ting. Eg likar å læra noko nytt, og synest det er spennande med
utfordringar.
2.
Eg stiller som kandidat til soknerådsvalet fordi
eg ønsker at Samnanger Sokneråd skal vera med å gjera
Samnanger til den beste staden å leva for folk i alle aldrar. Eg ønsker at kyrkja i Samnanger skal få vera eit positivt
bidrag i lokalsamfunnet, for menneske i ulike situasjonar,
også i kvardagen. Barne- og ungdomsarbeid har vore
min lidenskap heilt frå eg sjølv var ung, og eg har mange
gonger fått sjå kva forskjell kyrkja kan bety i eit menneske
sitt liv. For meg er kyrkje fellesskap, nåde og utfordring. Her har eg fått både livshjelp og trushjelp, Ein klok mann sa
ein gong at ”den lokale kyrkjelyd er håpet for verda!” Eg
ønskjer å vera med å representera dette håpet i lokalmiljøet
vårt. Kyrkja skal vera ein ”kraftstasjon” for menneske i
alle livets fasar, eit fast haldepunkt når det stormar, ein
stad å markera dei store gleder og sorger i livet, ein stad
for glede, fridom og fellesskap med Gud og menneske. I barne- og ungdomsarbeidet i Samnanger kyrkjelyd,
har me mottoet: ”Saman med venner, saman med Jesus,
saman for andre!” Dette mottoet kan gjerne setjast som
overskrift for alt kyrkjelydsarbeid, ja, kanskje er det dette
som er å vera kyrkje - eit fellesskap å høyra til, ein stad å
få koma med alle våre spørsmål om identitet, tru og tvil,
ein stad å læra å venda blikket utover mot andre, anten det
er dei som er nær oss eller dei som er langt borte, t.d. på
skulen som kyrkjelyden driv i Zambia, og ein stad å læra å
ta vare på skaparverket. Eg håpar det nye soknerådet kan
bidra til å gjera kyrkja synleg som ein relevant og livsnær
del av lokalsamfunnet i Samnanger.
3.
Eg er opptatt av at barn og unge skal ha eit trygt,
godt og spanande tilbod i kyrkja, men samtidig skal kyrkja
vera for folk i alle aldrar og livssituasjonar. I tillegg er
eg opptatt av gudstenesteutvikling, og svært opptatt av
skuleprosjektet vårt i Zambia, der me tilbyr skulegong til
barn som på grunn av fattigdom elles gjerne ikkje hadde fått
gå på skule i det heile. Det har vore ei utruleg oppleving å
følgja heile denne historia frå 2001 til no! Me har funne venner for livet.
2. Alfred Martin Bruvik
72 år. Ytre-Tysse
1.
Jeg arbeider i familiebedriften AS Safa Samnanger
Fabrikker der jeg er ansvarlig sammen med min fetter
Gunnar Bruvik. Jeg er utdannet som tekstilingeniør.
2.
” Kyrkjelydsarbeid ” har interessert meg i mange
år. Siste periode har jeg ikke vært med i soknerådet men
vært innvalgt i flere perioder gjennom årene. Jeg var blant
annet med som leder av Kyrkjesamskipnaden da kirken på
Haga ble realisert.
3.
Jeg mener barne- og ungdomsarbeidet er spesielt
viktig for en menighet. De er menighetens fremtid og må
ivaretas slik at gudstjenestene og ”kyrkjelydsarbeid” blir
noe de ønsker å ta del i. Jeg ønsker å bidra på en positiv
måte.
valet i Samnanger 2015-19
3. Gullborg Marie
Kongestøl Aasgaard
3.
En av hjertesakene mine er skolen som vi driver i
Zambia. Ellers synes jeg at barne- og ungdomsarbeidet er
viktig arbeid for fremtiden til menigheten.
57 år. Eikedalen
5. Anlaug Røen Hauge
68 år. Rødne
1.
Gift med Inge, mor til 4, svigermor og bestemor. Utdanna spesialsjukepleiar innan geriatri, har vore tilsett
dei 10 siste åra på Haraldsplass Diakonale sjukehus.
Tidlegare var min arbeidsplass i Samnanger kommune. Interesser: familieturar, venne/nabovisittar, el-sykkel,
slalom, barnebarn, song, handarbeid mm. Den lokale 1.
Eg har vore pensjonist sidan 2010. Før det var eg
kyrkjelyden betyr mykje for meg.
tilsett som lærar i Samnanger kommune i 41 år. Eg har
vore engasjert i ymse barne- og ungdomsarbeid i mange av
2.
Eg har tru på den lokale kyrkja. Kyrkjelyden kan desse åra, og då særleg i barnekoret og søndagsskulen. Dei
vera med å gjera ein positiv forskjell i bygda vår. Tru og siste åra har eg vore med som leiar i “Kompis”, eit tilbod
liv heng tett saman, Diakoni er viktig. Det vert spennande til born i 5., 6. og 7. klasse. Eg er medlem i Soknerådet der
med ny prestefamilie. eg har vore leiar i eit par år.
3.
Bønn og lovsong er åndelege kraftkjelder som eg 2.
Eg stiller til val fordi eg trur at eg framleis kan
ønskjer vi skal kunna ause meir av. Gudstenestene ønskjer gjera ein jobb sjølv om eg er pensjonist, - og fordi eg er
eg skal vera gode møteplasser for alle aldrar. Song, musikk spurd om å stilla.
og visuelle uttrykk er viktige inspirasjonskjelder. Eg likar prosjekt og kursverksemd. F.eks Alpha-kurs der me 3.
Som det går fram av punkt 1, ligg arbeid mellom
gjennom humor og alvor vert betre kjente med kvarandre born og unge hjarta mitt nær. Eg ser det som svært viktig
og kan snakka om den tru/tvil som bur i oss.
at kyrkja får følgja opp borna med god dåpsopplæring no
når trusopplæringa er teken ut av skulen.
Eg er også interessert i song og musikk.
4. Jostein Lennart Loe
45 år. Reistad
6. Inger Elisabeth
Odland
1.
Jeg er 45 år født og oppvokst på Laksevåg. Har
bodd i Samnanger i ca 22 år. Jobber som avdelingsleder
i et firma som driver med miljøovervåkning til havs.
De 4 siste årene har eg vært medlem i Diakoninemda,
Kyrkjemusikalsk nemd og vara i Soknerådet. Er også
kirkevert i kirken på Ådland. Ellers er jeg med i barne- og
ungdomsarbeidet i kirken
2.
Jeg stiller til valg på soknerådslisten for å få være
med å utvikle livet i menigheten, og for å legge til rette for
at flere vil være med på aktivitetene som er i kirken.
63 år. Bjelkarvikvegen
1.
Eg er utdanna lærar og arbeider i barneskulen.
Er interessert i song og musikk, er med i korprosjekta, og
deltek elles i praktiske gjeremål i kyrkjelyden.
2.
Eg stiller til val fordi eg ynskjer å ta del i, og kunna
påverka, arbeidet i kyrkjelyden.
3.
Eg er oppteken av at alle skal kjenna at kyrkja er
ein god stad å vera. Song og musikk, bl.a. korprosjekta,
syns eg er eit viktig arbeid i kyrkjelyden.
7. Rune Flatabø
1.
Status: Utdanning: Erfaring: 62 år. Sagavegen
Pensjonist.
Økonomi/administrasjon.
Finansiering, forvaltning, fabrikasjon,
vedlikehold bygg og anlegg.
Tidligere medlem av soknerådet.
2.
Eg syns det er kjekt å ta eit tak der det trengst,
og å være med å utvikle planar/strategi for kyrkja, og det
arbeidet kyrkja har i lokalsamfunnet
3.
Kyrkja er avhengig av tilliten ein får på bakgrunn
av folks oppleving. Dåp, konfirmasjon, bryllup og
begravelse må derfor være gode opplevingar slik at folk i
større grad vil bruke kyrkja
8. Åshild Aadland Haga
56 år. Haga
1.
Eg jobbar for tida som lektor ved Fusa vidaregåande
skule. I skulen har eg jobba mykje med dei som treng ekstra
hjelp, og denne gruppa har ein stor plass i hjarta mitt. Frå
eigne barn var små, har eg vore med i ulikt frivillig arbeid
i kyrkja. Dette har blitt ein naturleg del av livet mitt ;
fellesskap og oppgåver. På fritida likar eg å gå turar, lesa
og snakka med folk !
2.
Eg har site ein periode i soknerådet. Det har vore
mange spennande saker både lokalt og sentralt - mange
ulike meiningar skal ha plass i Folkekyrkja. Dette er
ein stor utfordring, og eg vil gjerne vera med å påverka
utviklinga i kyrkjelyden vår vidare.
3.
Eg har tru på at dei lokale kyrkjelydane rundt om
i Norge er viktige for lokalsamfunnet. I Samnanger ser me
at Haga-kyrkja blir brukt av svært mange barn, unge og
eldre. Kyrkja på Aadand er flott for dei store høgtidene i
livet – og den stille ettertanken kombinert med orgelbrus.
Me er heldige her i Samnanger ! (Eg og mange opplever
at det er godt å få ein pause i den travle kvardagen , og her
er kyrkja eit godt rom.) Eg vil arbeida vidare for at kyrkja
skal vera ein open stad der alle skal kunna finna sin plass
og delta med det aktivitetsnivået dei kan og ynskjer. Som
bestemor ser eg kor viktig det er at barna får kjennskap
til fortellingane om Jesus på ein naturleg og trygg måte.
Kyrkja er her ei god hjelp for familiane med tilbod for alle
aldersgrupper frå 0-18 år.
9. Anne Gerd Tandstad
50 år. Ytre-Tysse
1.
Eg er gift og har 3 barn. Har vakse opp i Førde
i Sunnfjord. Har vore aktiv med barnekor, tensing,
Røde kors, speidar og korps. No er eg aktivt med i
barne – og ungdomsarbeidet i kyrkja i Samnanger, og
det har eg vore i 8 år. Eg jobbar for tida på Samnanger
barneskule som spesialpedagog og i kyrkja innan barneog ungdomsarbeidet. Av hobbyar kan eg sei at eg likar å
strikke, lese og lage mat.
2.
Eg stiller til val på soknerådslista fordi eg er
opptatt av korleis vi som menighet kan være ein god plass
å være for alle generasjonar.
3.
Eg er aktivt med i barne- og ungdomsarbeidet. Det
er viktig å inkludera barn og unge i menigheten. Bidra til
at dei har ein trygg plass. Utover det er eg opptatt av at vi
skal ha ein menighet som er som ein storfamilie, der det er
plass til alle.
10. Fred Morten Ervik
46 år. Totland
1.
Eg er født og oppvaksen i på Øpstebø i Samnanger.
Sidan 1995, har eg budd på Totland i Frøylandsdalen, og
trivst godt der. Eg er utdanna og har fagbrev som industrimekanikar, men har ikkje kunna vert i ordinært arbeid sidan
1998 og er uføretrygda. Etter 2 år på skule med digital
mediedesign og medieproduksjon, så fekk eg ei brennande
interesse for foto og video som eg driv aktivt med i dag.
Det siste året har eg vert aktivt med i kyrkja på Haga og
deltatt mykje med opplegg for konfirmantane, og då kanskje
mest innan musikk. Eg spelar både trommer og gitar, og
har spelt på både konfirmantkveldar og gudstenester.
2.
Det eg ser på som ei utfordring, er rett og slett
det å få fleire inn i kyrkja. Det eg ser i dag er at det er
eit fåtal som kjem innom på gudstenester. Her er veldig
mange ledige stoler som kan fyllast opp, og eg vil finna
ut kva som skal til for å fylla desse plassane, og eg vil
prøva å gjera tiltak for at desse ledige stolane ikkje skal
stå tomme. Eg har veldig lyst å jobba aktivt for dette, og
meiner at soknerådet kan vera med på å påverka dette i stor
grad.
3.
Det å jobba aktivt i kyrkja, ser eg på som ein
mulighet til å få fleire til å bli med der, og eg meiner det er
ein god ide å jobba med ungdommar. Ein anna ting er, som
eg alt har nemnt, å jobba med musikk. Det er stor skilnad
på kva musikktype me liker. Her finns mykje forskjellig og
god musikk som har lovsong og Guds bodskap som tema,
og dette har eg lyst til å vera med på å visa og formidla til
alle som går i kyrkja. Visst eg kan få vera med på å få folk
til å smila, vera glade og få ein god følelse i seg, og i tillegg
få dei til å komma attende til kyrkja, så føler eg at eg er på
god veg til å gjera den jobben eg kjenner eg kan gjera.
11. Anne-Kjersti
Steinsvoll
57 år. Ådland
1.
Eg er lærar ved Samnanger ungdomsskule, og
har budd i Samnanger i 33 år. Eg har vore med i frivillig
arbeid innan fotball i mange år. Fritida mi brukar eg
gjerne til både å gå og springa turar i skogen og på fjellet.
2 og 3. Eg har også tidlegare stått til val på
soknerådslista. Eg har sagt ja til å stilla til val fordi eg
opplever at kyrkja er ein viktig institusjon i samfunnet
vårt, og det gjev meg moglegheiten til å arbeida for ei open
og inkluderande kyrkje. 12. Annbjørg Oma
Langeland
63 år. Tveit
ektemake, mor og ikkje minst bestemor. Eg er oppteken av
korleis barn og unge har det på skulen, heime, og i fritida.
2.
Eg meiner kyrkja er viktig. Den skal helst vera
ein stad der alle kan kjenna at dei høyrer til, og der alle
kan kjenna seg velkomne.. Livet i kyrkja er viktig, og det
er viktig å ta vare på kyrkjebygga våre. Tradisjon og tru.
3.
Kyrkja for alle: frå vogge til grav.
13. Ketil Vevle
44 år. Gjerde
1.
Eg er utdanna som Høgskuleingeniør, maskin.
Jobber i dag som Planlegger hos OneSubsea på Horsøy,
Askøy. Eg er skilt, har 2 barn, Julie 17 år og Sondre 15 år.
Har tidlegare vore som 1. varamedlem i soknerådet.
2.
Eg har likt å vere med, det har vore interessant og
lærerikt.
3.
Ungdomsarbeidet og konfirmasjonsarbeidet synes
eg er svært viktig. Det er få andre tilbod for ungdom i
Samnanger, utanfor idretten. Der gjer kyrkja ein svært
viktig jobb i dag. Det er også ei spennande tid for kyrkja,
For soknerådskandidatane finn
du ikkje meir omtale på nettet
enn det som står her i bladet.
Ved Kyrkjevalet skal det veljast:
1.Sokneråd for Samnanger, 6 medl. og 5 vara.
2. Medlemmer til Bjørgvin bispedømeråd og
kyrkjemøtet, kyrkja sitt storting. 4 stk.
Perioden er fire år.
Det er lov å stemma ved berre eit av vala,
om ein ynskjer det.
Er kyrkja viktig for deg?
1.
Eg er førtidspensjonert. Har mesteparten av
livet mitt pendla ut av kommunen, og hatt arbeid i
bank og i teljesentral. Eg har og hatt arbeid på hotell, i
konfeksjonsfabrikk og i den vidaregåande skulen. Eg er
Gje di røyst ved kyrkjevalet!
Di røyst tel i ei spanande tid for kyrkja.
Kyrkjeval i Samnanger 2015
Når:
Valet i Samnanger finn stad 14. september 2015 kl.
10 – 20. Det er samstundes med kommunevalet.
Kvar:
Vallokala er i same husa som kommunevalet, men i
ulike rom. Det er berre val tre stader i Samnanger:
Tysse - ved Samnanger ungdomsskule. Gå til
hovudinngangen – valet skjer i eit klasserom. Følg
merking.
Gjerde – i Nesodden bedehus, på kjøkenet.
Nordbygda – i Nordbygda grendahus i kjellaren
(den gamle barnehagen). Inngang til høgre for
hovudinngangen .
Treng du skyss til valet?
Ring kyrkjekontoret i kontortida. (Sjå under) Sjølve
valdagen kan du ringja frå kl. 9.00 til kl.12.00. Me
vil då samordna skyss til vallokala etter kl. 12.
Førehandsrøysting:
Det vil vera mogeleg å røysta på førehand i tida
10. august til 11. september. Førehandsrøysting
i Samnanger sokn finn stad på kyrkjekontoret i
kontortida, og elles når det er folk på kontoret. I
tillegg laurdag 5. sept. kl. 10-14. Før 1.sept. kan du
også førehandsrøysta der for andre sokn.
Valkort:
Alle som er ført opp i Den norske kyrkja sitt
medlems-register med røysterett, fekk valkort ca.
veke 33. Dette er send ut frå kyrkja sentralt. Nokre
feilsende valkort har kome i retur til det lokale
kyrkjekontoret. Den som er medlem i DNK, men
ikkje har fått valkort, kan kontakta kyrkjekontoret
(sjå nedanfor). Det same gjeld den som får valkort,
men ikkje er medlem. Ta med valkortet til valet.
Om du ikkje finn valkortet, kan du likevel røysta. Ta
med annan legitimasjon.
Ettersyn av manntal:
Kyrkjeleg manntal for Samnanger sokn er lagt ut
til ettersyn på kyrkjekontoret i kyrkja på Haga, i
perioden 10. august til 9. september. Det er berre
høve til å kontrollera opplysningar som vedkjem ein
sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg
fullmakt frå.
Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan
urett har vorte ført inn i eller utelaten frå manntalet
i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet
skal vera skrifteleg og grunngjeve.
Kyrkjekontoret på Haga:
Kontortid mån.- fre. mellom kl. 10 og 14.
Tlf: 56 58 90 10
E-post: [email protected]
Dette valbladet er laga av valrådet i Bjørgvin og Samnanger kyrkjekontor
KYRKJEVALET - SKAPER FRAMTIDAS KYRKJE