Tilbod om abonnement på karttenesta «AkvaGIS Fiskehelse Vest» Karttenesta «AkvaGIS Fiskehelse Vest» har sidan oktober 2012 vore tilgjengeleg for havbruksselskap knytt til FHL Vestnorsk Havbrukslag. Karttenesta har fram til no vore i ein utviklings- og testfase med gratis tilgang for aktørar som leverer data til karttenesta. Akvator AS har stått for utvikling og drifting av karttenesta. Utviklingsprosjektet går frå 1. mars 2015 over i ein driftsfase, og vil frå denne dato kun vere tilgjengeleg for abonnentar. Akvator AS vil på vegne av FHL Vestnorsk Havbrukslag administrere abonnementsløysinga og tilgang til karttenesta. Det er inngått avtale med FHL Vestnorsk Havbrukslag vedrørande kartrettar og distribusjon av desse. Kartet inneheld følgjande kartdata: Oppdaterte registreringar av PD, PDV (pos, ukjent, neg), AGD og AGDA for Vestlandet (Rogaland til Hustadvika) Utsett vår og haust Ikkje aktive anlegg Brakkleggings- og lusesoner for Hordaland (avtale med Veterinærinstituttet) Eksterne karttenester frå Fiskeridirektoratet og andre I tillegg: Tegneverktøy for enkel konstruksjon av brønnbåtruter, kan lagrast som PDF-filer Spørring som filtrerer ønska kartdata, t.d. oversikt over utsett eller PD-status filtrert på selskap Tilgang til karttenesta via nettbrett og smarttelefonar gjer kartet alltid tilgjengeleg Kartdata blir oppdatert av FoMAS minimum ein gong per veke. Datagrunnlag er rapportering frå den enkelte oppdrettar til fiskehelsenettverka, og inkluderer rapportering basert på mistanke om laksesjukdom. Abonnentar vil difor få optimal tilgang til oppdaterte kartdata som gjeld status for PD, PDV, AGD og AGDA per anlegg. Kombinert med anleggsstatus etter utsett vår/haust gir kartet unike høve for analysar som grunnlag for forebyggjande tiltak, til dømes i forhold til optimal fôring og brønnbåtruter. Me ser fram til å samarbeide med aktørar i bransjen som kan bruke kartet i arbeidet med å forebyggje spreiing av fiskesjukdom og gjennom dette betre fiskevelferd. Ta kontakt med Akvator AS for meir informasjon om abonnementsordninga og eventuell inngåing av avtale om abonnement, sjå kontaktinformasjon nedanfor. ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Akvator AS v/Svein Andersland Tlf: 913 99 524 E-post: [email protected]
© Copyright 2024