Program landskonferansen med presentasjon av bidragsytarar

Program LNUs landskonferanse 2015
NORSKFAGLEG KREATIVITET I MÅLSTYRINGAS TIDSALDER
20.-21. mars 2015
Clarion Hotel The Edge, Tromsø
Dag 1: FREDAG:
11:30–11:45: Elevinnslag litterært program
11:45–12:00: Velkommen ved styreleiar i LNU, Lars A. Fodstad
12:00–12:15: Helsing til konferansen: Helge Øye (Ludvigsen-utvalet)
2:15–13:00: Paul Roberts: «But no-one knows what God looks like........ »
1
Paul vil utforske kva kreativ kompetanse er, kvifor det er viktig, og korleis han blir utvikla. Paul ser nærare på forholdet mellom kreativ læring og jakta på PISA-poeng, og foreslår ein modell for det kreative klasserommet. Til slutt vil han formulere nokre utfordringar for LNU-medlemmene og årets konferanse.
13:00–14:00:LUNSJ
4:00–14:15: Elevinnslag litterært program
1
14:15–15:00: Jon Smidt: «Kreative tekstar? Iallfall kreative norsklærarar og (kan vi håpe) kreative elevar».
Fortelling, novelle, kåseri, essay, ja, til og med artikkel er ute av eksamensoppgåvene både etter ungdomstrinn og vidare-
gåande, men til eksamen i Vg3 inviterer ei av oppgåvene dei dristige til å skrive ein «kreativ tekst». Den oppgåva skal tydeleg-
vis erstatte «kreative» sjangrar som novelle, kåseri og essay, til forskjell frå oppgåver som krev «presist fagspråk». Men kva om det kreative i norskfaget handlar om å bruke språk og tekstar av alle slag til å skape noko som gjev meining for ein sjølv og for
andre, og til å sjå verda på nye måtar? Det er kanskje på tide å slå eit slag for den kreative norsklæraren som kan inspirere elevar til å bli kreative i alle sjangrar, medier og arbeidsformar.
5:00–15:15: PAUSE
1
15:15–16:00: Margreth Olin: «Ømheit for menneskeverdet».
Margreth Olin snakkar om menneskemøte. Ho løftar fram episodar frå eiget liv, sine filmar og dei ho har portrettert. Kva for hendingar blir bestemmande for kven vi blir, og korleis vi ser oss sjølv.
16:00-16:15: PAUSE
6:15–17:00: Jonas Bakken: «Retorikk som katalysator for kreativiteten»
1
Det sterke fokuset på reglar for god kommunikasjon og på etterlikning av eksempeltekstar som pedagogisk metode kan lett gje inntrykk av at kreativitet og originalitet er retorikken framand. I dette innlegget vil Jonas Bakken vise kva kreative rom som kan finnast innanfor retorikkens mange regelsystem. Han vil også argumentere for at desse reglane paradoksalt nok kan fungere som ein katalysator for elevanes kreative språklege utfolding.
Kveldsprogram:
19:00: BOKBAD! Kirsten Kalleberg intervjuar Hans Olav Lahlum.
20:00: Festmiddag! Underhaldning! Musikk av Anne Nymo Trulsen!
Utdeling av LNU-prisen!
LANDSLAGET FOR
NORSKUNDERVISNING
Bokbadet blir arrangert med støtte frå Norsk Forfattersentrum
Følg oss!
Dag 2: LAURDAG:
09:00–09:15: Elevinnslag litterært program
09:15–10:00: Henning Fjørtoft: «Mysterium tremendum et fascinans? Vurdering, literacy og kreativitet i norskfaget»
Korleis kan vi vurdere kreative læringsprosessar i norskfaget? Er det mogleg å ha tydelege forventningar til kreative elev-
prestasjonar? Og korleis kan elevane sjølv delta i vurderinga?
10:00–10:15: PAUSE
10:15–11:00: Parallelle sesjonar: Kreativt-didaktisk påfyll I
1. Anita Normann: «Digitale forteljngar som kreativ tekstproduksjon i skulen».
Arbeid med digitale forteljingar gjev elevar rikeleg høve til å vere kreative i tekstskapinga si. Kva slike forteljingar er, korleis
dei kan brukast i arbeid med ulike fag og korleis dette kan vere ein fagleg god måte å arbeide på, vil vere fokuset for denne økta.
2. Line Ellingsen: «Kor relevant er Ibsen i 2015? Kreativt arbeid med Rosmersholm i klasserommet».
Gjennom kreative metodar som lærar i rolle, skuespill og ulike skriveteknikkar, kopla opp mot vår tids politikarroller og medias tabloidisering, blir elavene veileda fram til ei tenking om skuespillet Rosmersholm frå 1886. Opplegget har som
mål å vise betydninga Noregs fremste dramatikar framleis har. Samstundes lærer elevane å nærlese tekstar, tolke skjønnlitteratur, reflektere sjølvstendig og skrive fagoppgåver av høg kvalitet.
3. Marte Blikstad-Balas: «Gåta ’kreativ tekst’ - korleis kan vi fremje den kreative skrivinga hjå elevane?»
Kva seier eigentleg den reviderte læreplanen i norsk om ”kreativ tekst”? Korleis kan vi jobbe med dette i klasserommet? Konkrete tips! Kva type kreative tekstar vil kunne gje gode svar på eksamen, og korleis kan vi førebu elevane på å skrive nettopp kreative tekstar?
11:00–12:15: UTSJEKK OG LUNSJ
12:15–13:00: Parallelle sesjonar: Kreativt-didaktisk påfyll II
1. Filmveksthuset Tvibit v/ Espen Nomedal: Arbeid med film i klasserommet.
Dette foredraget handlar om formidling av praktisk filmskaping innanfor skolerammene. Kvar haust i ei rekke år har 9. trinn
frå alle ungdomsskolene i Tromsø laga film på ein dag på Filmveksthuset Tvibit gjennom Den Kulturelle Skolesekken. Hausten 2013 var 695 niendeklassingar innom Tvibit, og 87 filmar blei produsert. Filmeksempel frå dette fiksjonsfilmkurset vil bli vist og gjennomgått for å illustrere erfaringar frå undervisninga. I tillegg vil vi komme innom tema som pedagogisk metode, tilpassing av innhald, elevåtferd i kurset, lærarrolla og dokumentarfilm i klasserommet.
2. Hanne Bjørklid og Camilla Johansen (lærarar ved Kongsbakken vgs.): Litterært program: kva og korleis?
Kva er eigentleg litterært program? Korleis kan vi jobbe med dette på ein meiningsfull og god måte i klasserommet? Lærarane frå Kongsbakken vgs. kommenterer og oppsummerer elevarbeida vi har blitt presentert for på konferansen.
3. Solveig Hirsch: «Ravgale inntil kunst. Hamsunsenteret – litteraturundervisninga ingen forlét før dei har fått merke av ho»
Kva får du når du miksar Noregs skeivaste bygg, Hamsuns forfattarskap og ein forteljar og scenekunstnar? Jo, blant anna elevar som les Markens grøde i sommarferien. I dette foredraget deler Solveig Hirsch erfaringane sine med opplevingsba-
sert litteraturundervisning. Ho viser korleis Hamsunsenteret bruker skapande skriving, munnleg forteljing, drama og
tolkande opplesing for å skape engasjerande og utfordrande møte med Hamsuns litterære univers.
13:00–13:15: PAUSE
13:15–14:00: Avslutningsforedrag: Stine Eidsør: «3 x 3 år som norsklærar = JA! Kva triggar oss i ein travel kvardag?»
Stine Eidsør som vann prisen for fabelaktig formidling 2014, deler erfaringar som norsklærar, ressurslærar og leiar av lese prosjekt. Kva tankar, tips og triks har ho for kva som triggar henne, kollegaene, og ikkje minst elevane?
Introduksjon til foredraget ved Hege Lunde, Kopinor/Fabelaktig formidling. Les meir på www.fabelaktigformidling.no
14:30–15:30: Årsmøte i LNU
LANDSLAGET FOR
NORSKUNDERVISNING
Følg oss!
BIDRAGSYTARAR:
HELGE ØYE
Helge Øye er medlem av Ludvigsen-utvalet og prosjektleiar for Musikkregionen Gjøvik. Han er faglærar
i musikk, med master i musikkpedagogikk frå Norges Musikkhøgskole. Øye har arbeidd i kultursektoren,
dei seinare åra i Oppland fylkeskommune med spesiell vekt på å utvikle ordningar for gode samarbeid
mellom kunstnarar og skolar.
Ludvigsen-utvalet er eit offentleg utval nedsett av Kunnskapsdepartementet som skal vurdere i kva grad
skolen dekker dei kompetansane elevane vil trenge i framtida. For meir informasjon om arbeidet og
mandatet til utvalet sjå bloggen deira: http://blogg.regjeringen.no/fremtidensskole/
PAUL ROBERTS
Paul Roberts er utdanna i filosofi og matematikk, og har vore lærar og skoledirektør. Han har også vore
rådgjevar for den britiske regjeringa om kulturell og kreativ utdanning. Han har fleire viktige roller i råd
og utval for den britiske regjeringa knytt til kulturell utdanning. Pauls seinare skrivearbeid inkluderer delt
forfattarskap av «The Virtous Circle – why creativity and cultural education count». Han har motteke Den
britiske imperieordenen (OBE) for arbeidet han har gjort innan utdanning og kreativitet.
JON SMIDT
Jon Smidt har vore norsklærar i heile yrkeslivet: mange år i vidaregåande skole og i seinare år som
professor i norskdidaktikk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning på Høgskolen i Sør- Trøndelag. Han
har skrive fleire bøker om norskfaget, om litteraturundervisning og skrivepedagogikk, mellom anna Seks
lesere på skolen – hva de søkte, hva de fant (1989), Fornyelsens konflikter (1996) og Sjangrer og stemmer i
norskrommet (2004). Han har også redigert fleire bøker spesielt om norskdidaktikk og om skriving, bl.a.
Norskdidaktikk – ei grunnbok (2009), Skriving i alle fag – innsyn og utspill (2010), og (saman med Randi
Solheim og Arne Johannes Aasen) På sporet av god skriveopplæring (2011).
MARGRETH OLIN
Margreth Olin er ein norsk filmregissør, som særleg er kjent for mange ulike dokumentarfilmar. Dei skildrar
ulike sider ved det norske samfunnet, særleg frå ståstaden til menneske i utsette livssituasjonar. I filmen
Ungdommens råskap (2004) skildra ho problema til ein klasse i den vidaregåande skolen. Andre av Olin
sine kjende filmar er Onkel Reidar (1997), Kroppen min (2002), spelefilmen Engelen (2009) og De andre
(2011). Ho er tildelt ei rekke prisar, mellom anna Amandaprisen (1998 og 2002), Livsvernprisen (2008) og
Amnestyprisen (2010).
JONAS BAKKEN
Jonas Bakken er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning og
skoleforsking, Universitetet i Oslo, og knytt til ProTed – senter for framifrå lærarutdanning. Han har
allmennlærarutdanning, hovudfag i nordisk språk og litteratur og doktorgrad i retorikk. Han har mellom
anna skrive Retorikk i skolen (2. utgåve 2014) og er leiar for den vitskaplege komiteen til tidsskriftet
Norsklæraren.
Foto: Ram Gupta
KIRSTEN KALLEBERG
Kirsten Kalleberg er norsklektor og tidlegare skriftstyreleiar i Landslaget for norskundervisning. Ho
arbeider no i Cappelen Damm med lærebøker i norsk for vidaregående skole.
HANS OLAV LAHLUM
Hans Olav Lahlum er historikar og forfattar. Han debuterte i 2007 med den kritikarroste boka Oscar Torp.
En politisk biografi. Han har også skrive biografi om Haakon Lie (2009) og om den unge leiaren av Oslo AUF
som omkom på Utøya, Håvard Vederhus: Et kvart liv. Håvard Vederhus 1989–2011 (2013). Han har dei siste
åra skrive fleire krimbøker om ettarforskarparet K2 og Patricia (frå 2010) som har blitt seld til fleire land.
Lahlum har blitt ein attraktiv medieyndling, og er kjend som sjakkdommar.
Foto: Fredrik Arff
ANNE NYMO TRULSEN
Anne Nymo Trulsen kjem i frå Målselv, men har budd i Tromsø i mange år. Ho er utdanna praktisk-estetisk
faglærar frå tidlerare lærarskolen i Tromsø, men livnærar seg for tida som artist. Ho har mange musikalske
prosjekt, mellom anna Hekla Stålstrenga og si eige solokarriere.
HENNING FJØRTOFT
Henning Fjørtoft er førsteamanuensis i norsk fagdidaktikk ved NTNU. Han arbeider med vurdering,
leseundervisning og skoleutvikling, og har blant anna skrive Effektiv planlegging og vurdering (2009) og
Norskdidaktikk (2014). Henning er medlem av LNU sitt skriftstyre.
ANITA NORMANN
Anita Normann har vore språklærar i ungdomsskolen i 28 år. Ho har brukt digital storytelling sidan
2003 med eigne elevar, og har kursa elevar og lærarar ved andre skoler i heile landet og halde mange
foredrag om metoden. Sidan 2012 har ho arbeidd ved Program for lærarutdanning ved NTNU der ho
underviser i engelsk. Normann er medlem i NTNU si koordineringsgruppe for det lærande nettverket for
kompetansemiljø i den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i Utvikling.
LINE ELLINGSEN
Line Ellingsen har vore norsklærar på vidaregåande skole i 20 år. Frå hausten 2000 har ho hatt ulike roller
ved Polarsirkelen vidaregåande skole i Mo i Rana. Som fagansvarleg i norsk er ho særleg opptatt av
kvalitet, relevans og skrivemetodikk. Ho er også ansvarleg for skoleutviklingsprosjektet FYR på skolen.
MARTE BLIKSTAD-BALAS
Marte Blikstad-Balas er utdanna norsklektor og har undervist i norsk både i grunnskole og i vidaregåande
skole. Ho har ein doktorgrad frå UiO der ho no arbeider som postdoktor og i lektorutdanninga. Marte
sine forskingsinteresser er særleg knytt til lesing og skriving av tekstar i skolen. Ho har publisert fleire
vitskaplege artiklar, mellom anna i Norsklæraren. Ho er medforfattar på det heildigitale læreverket Apropos
skriving 8–10.
ESPEN NOMEDAL
Espen Nomedal er filmskapar med bakgrunn frå Nordland Kunst- og filmfagskole, og drama ved
Universitetet i Stavanger. Espen har hatt ulike freelanceoppdrag i ei rekke kortfilmproduksjonar både
på fiksjonsfilm og dokumentar. Han arbeider i dag som filmkonsulent på Tvibit Filmveksthus i Tromsø,
mellom anna med Den Kulturelle Skolesekken.
HANNE BJØRKLID
Hanne Bjørklid er lektor i norsk ved Kongsbakken vidaregåande skole, der ho har vore sidan 2003. Ho
har også musikkutdanning frå Tromsø Musikkonservatorium og har i mange år vore tilsett ved Tromsø
Musikkskole.
CAMILLA JOHANSEN
Camilla Johansen er lektor i norsk på Kongbakken vidaregåande skole. Ho har master i nordisk, og historie
som fag nummer to. Ho har arbeidd ved Kongsbakken vidaregåande skole sidan hausten 2013.
SOLVEIG HIRSCH
Solveig er forteljar, scenekunstnar, pedagog og formidlingsleiar ved Hamsunsenteret på Hamarøy i
Nordland. Ho står bak prosjekt som «Ordlaboratoriet», «Benpipenes bønn» og «Poesigeriljaen».
STINE EIDSØR
Stine Eidsør er adjunkt ved Hommelvik ungdomsskole i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Ho har hatt rolla
som skulens ressurslærar i skulebasert kompetanseheving dei siste 1,5 åra, er mentor og praksislærar. Ho
vann Kopinors pris for fabelaktig formidling i 2014.
Foto: Trond Smith-Meyer