Kulturmidler

Innsendt: 12.01.2015 14:00:13
Ref.nr: JRBLNL
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
Fylkeshuset, Askedalen 2
6863 LEIKANGER
Telefon: 57 65 61 00
Telefaks: 57 65 61 01
E-post: [email protected]
Hjemmeside: http://www.sfj.no
Kulturmidler - søknad
Søknadstype
Kulturmidler fordeles årlig som driftstilskudd til lag, kulturorganisasjoner og til ulike kulturaktiviteter.
Grunnstønad:
- kan søkes av organisasjoner og lag med kulturell aktivitet
som hovedformål. Organisasjonene må dekke hele fylket eller en
region (minst 3 kommuner).
Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt:
- kan søkes av alle som driver med kulturelle aktiviteter som har
allmenn interesse, som har innvirkning på hele eller større deler
av fylket, eller tiltak som viser nye veier i kulturarbeidet.
Kulturstipend:
- kan søkes innenfor alle deler av det kulturpolitiske arbeidsområdet. Stipendmidlene skal brukes til å gjennomføre spesielle
kulturarbeidsoppgaver.
Hva slags kulturmidler søkes det om?
o Grunnstønad
T Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt
o Kulturstipend
Opplysninger om søker
Søker er
o Person, enkeltpersonforetak
T Organisasjon, lag eller forening
Org.nr.
976995899
Navn
FEIOS SOKN
Adresse
6895
Postnr.
6895
Poststed
FEIOS
E-postadresse - kontaktperson
Telefon
[email protected]
57 69 82 92
Kontaktperson:
Kontaktperson - etternavn
Rinde
Kontaktperson - fornavn
Telefon
Jan Magne
22379085
Leder - fornavn
Leder - telefon
Gyda Tveit
47829198
Leder:
Leder - etternavn
Lunde
Mottaker av tilskuddet
Kontonummer
3800 15 67834
Er mottaker av tilskuddet den samme som søker?
o Ja
T Nei
Mottaker av tilskuddet
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 1 av 6
Kulturmidler - søknad
Org.nr.
Navn
976995899
FEIOS SOKN
Adresse
Postnr.
Poststed
6895
FEIOS
E-postadresse
[email protected]
Enkelttiltak/aktivitet(er)/prosjekt
Beskrivelse av tiltaket/prosjektet
Jan-Magne Rinde
Marcus Thranesgt.4J
0473 Oslo
Tel. 22379085/92850228
[email protected]
Prosjektsøknad frå Jan-Magne Rinde i regi av Feios sokneråd
Rinde kyrkjestad, Feios kyrkje 150 år i 2016
På søre sida av Sognefjorden
ligg Feiosbygda vår heimstad kjær.
Til alle tider, men mest om våren,
med dal og lier ho fager er.
(H. Halvorsen)
Målet med prosjekt:
1. Kyrkjehistorikk- arkitektur
Feios har vore kyrkjestad sidan 1300-talet i fylgje skriftlege kjelder. Stavkyrkja vart riven i 1866, og
ny kyrkje bygd same året. Dette forskingsprosjektet rettar seg mot jubileet i 2016 for noverande Feios
kyrkje. Nye Feios kyrkje er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Roar Hauglid omtalar stavkyrkja
som Rinde kirke II. ( Hauglid, R. 1969 s. 62.) I Fortidsminneforninga si Årbok for 2013 vert det
referert informasjon frå treboreprøver frå plankar på kyrkjeloftet i Feios. Den eine planken er tidfesta
til 1173 og den andre planken stammar truleg frå eit tre felt i 1170 (Årbok. Fortidsminneforeningen
2013, s. 242.) Rinde seinare Feios som kyrkjestad er omtalt første gongen i 1322 eller 1323. Da skulle
presten Erling av Fedjum syta for kost til biskopen og staben hans som var på visitas på alle
kyrkjestadene langs Sognefjorden. Rinde er nemnt som den siste visitasstaden på denne ferda. (
Gunnes, E og Kjellberg, H. 1979.) Denne prestegarden på Rinde vert det òg referert til i Bergen
Kalvskinn ( Bergen kalvskinn, s. 44.) Historikaren Johs. B Thue omtalar kyrkjestaden Feios som eige
skipreide frå 1563. Gardane i Balestrand, Fjordane(Vetlefjorden, Sværafjorden), Fjærland og Eitorn
låg ein periode under Feios skipreide fram til 1567. Målet er difor å kartleggja og samla kunnskapen
om denne kyrkjestaden fram til kyrkjejubileet i 2016. Rinde er i dag gardsnamnet i grenda, medan
bygdenamnet er Feios.
2. Kyrkja sin rolle i samfunnet – kyrkja som institusjon
I denne delen av prosjektet er delmålet å ha hovudfokus på kyrkja si rolle i nyare tid med omsyn til
ulike livsfasar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Målet er å samla inn biletmateriale frå
slike hendingar frå kyrkjelydsbrukarane, fastbuande og utflytta i soknet. Her vil det også vera av
interesse å få inn folkelivsskildringar frå kyrkjelydsmedlemmene. Desse skikkane var knytt til ulike
livsfasar og dei har til ein viss grad endra seg. Målet er å samla biletmateriale og anekdotar om desse
skikkane i eit kulturhistorisk perspektiv. Dette inngår i forprosjektet.
3. Bokprosjekt – jubileumsbok Feios kyrkje 150 år i 2016
Hovudprosjektet i denne forskinga har som mål å gje ein kulturhistorisk presentasjon av Feios
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 2 av 6
Kulturmidler - søknad
kyrkje som folkekyrkje. Innhaldet i jubileumsboka er tenkt presentert I lys av kyrkjearkitekturen i
ulike tidsepokar og kulturelle straumdrag. Korleis har kyrkja i eit lokalsamfunn vore påverka av
nasjonale straumdrag?
Bokutgjeving er kostnadskrevjande, og det er ein føresetnad at Feios sokneråd får økonomi til å gje ut
denne boka i samband med 150 års feiringa i 2016. Forlaget Skald har bidrege med rettleiing i denne
prosessen.
Bakgrunn for prosjektet og framdrift
Arbeidet med prosjektet starta i februar 2013. Soknerådsleiar Gyda Tveit Lunde tok da kontakt med
førespurnad om å bidra til eit jubileumshefte eller ei bok til kyrkjejubileet i 2016. Sidan tematikken
knytt til kunsthistorie, arkitektur og samfunnsutvikling har vore innan mitt interessefelt, sa eg meg
viljug til å arbeide med prosjektet. Etter ein periode på leit etter mogleg kjeldetilfang, har søknad om
prosjektmidlar vore sendt ulike instansar. Søknad har vore sendt til:
• Opplysningsvesenets fond, Bjørgvin bispedøme
• Vik kommune
• Vik sparebank.
•Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
•Unifor, UiO
Det har vore positiv respons frå Vik kommune og Vik Sparebank som har gitt oss startkapital, me
takkar for det. Ei prosjekt-referansegruppe er etablert. Referansegruppa vil ha som funksjon å hjelpa til
i denne prosessen med å ta i mot og formidla data som bilete og/eller historier frå bygdefolk og utflytta
bygdefolk. Frå kulturavdelinga i fylket vart det poengtert at det er viktig å søkje prosjektmidlar på
fleire arenaer. Me er no inne i ny søknadsrunde, søknad vil verta sendt til institusjonar som disponerer
forskingsmidlar. Fortidsminneforeninga stiller seg positiv til prosjektet.(Separat e-postvedlegg). I
prosjektet har kunst - og handverkslærar Kirsten Tangen, Isdalstø, sagt seg villjug til å skriva ein
artikkel om kyrkjetekstilar. Eivind Berdal, Haslum, har skrive om kyrkja som institusjon ut frå eit
nasjonalt perspektiv, og korleis dette har nedfelt seg lokalt. Den 26.05.14 vart prosjektet og førebels
disposisjon presentert for Feios sokneråd og prosjektgruppe på Feios skule. Prosjektgruppa er utvida
med Terje Harbakk som er kasserar. Kontonummeret er 38001567834 : Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje
150 år. Søknad vil vidare verta sendt til eventuelt andre instansar som fordeler forskingsmidlar.
Sokneprest Audun Systad, Balestrand har sagt seg viljug til å skriva ein artikkel. Det er sendt
førespurnad til fengselsprest Olav Martin Hove om han kan skriva om sakramenta i eit teologisk
perspektiv.
Prosjektinnhald
Nye Feios kyrkje
I denne prosessen er målsetjinga å framskaffa data om Rinde kyrkjestad med to kyrkjer, og utarbeida
ein rapport. Den nye kyrkja vart bygd fordi det I 1851 kom ei forordning frå kyrkjedepartementet om
at kyrkjene skulle ha plass til 2/3 av folketalet i soknet. (Tschudi-Madsen, 81.) Det medførte at dei
gamle kyrkjene måtte rivast eller utvidast. Konsekvensen for kyrkjestaden på Rinde var at stavkyrkja
vart vedtatt riven. Planprosessen av ny kyrkje vekte ein del diskusjon i soknet og
”kommunestyrelsen” i Leikanger kommune (Orginalbrev frå Fylkesarkivet i S og Fj.) Mellom anna
kom landhandlaren og kunstmålaren Tycho Jæger med friske innspel i diskusjonen.
Feios nye kyrkje vart bygd i 1866, og innvigd i desember same året. Tidleg det året vart Rinde
stavkyrkje riven. Nye kyrkja var teikna av arkitekt J.W. Nordan og byggmeister var J. Øvsthus.
Kyrkja er bygd i nygotikk og sveitserstil. (Rasmussen A.1993.) Tycho Jæger (1819-1889) hadde
kunstutdanning frå København. Han har med sirleg skrift og eit ”tungt kansellispråk” engasjert seg i
denne diskusjonen. Bileta til denne kunstnaren har i nyare tid vore presentert i ei utstilling på
Universitetet i Bergen, Historisk museum ( Sæverud/Kloster, 1967.) Her kan ein mellom anna finna
tittel som ”Frå Rinde, Feios, Sogn 1880” eller ” Fra Feios, Sogn, Vinteraften” mellom dei 93 omtalte
kunstverk i denne utstillinga. Forordninga som kom 1851, førte til at det vart trong for å byggja mange
nye kyrkjer i Noreg. Inspirasjonen til denne nye kyrkjearkitekturen har kome frå Preussen og seinare
Tyskland. Derfrå spreidde arkitekturen seg utover Nord-Europa. Gjennom det såkalla Eisenachregulativet stod typeteikningar av langkyrkjene i fokus. I Noreg starta arbeidet med å utvikla slike
kyrkjetypeteikningar alt i 1850 i fylgje Ole Petter Bjerkek. (Bjerkek 2005.)
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 3 av 6
Kulturmidler - søknad
Rinde stavkyrkje
Teikningar av den gamle stavkyrkja er nedteikna og lagra på Riksarkivet, oppteikninga er etter Georg
Andreas Bull, skisse frå 1852. Ein del av materialet frå den gamle kyrkja vart seld på auksjon, og
materiale frå den tida har vore gjenbrukt i bygningar rundt i bygda. Gjert Heiberg ved Sogn
Folkemuseum har dessutan teke vare på ein del materiale som i fylgje Sogn Folkemuseum er i
magasinet. I samband med denne prosessen vil dette materialet verta tilgjengeleg for synfaring. Eg har
og vore i kontakt med Bergen Museum, der eg har fått informasjon om at det skal vera ein
stokk/planke registrert frå denne kyrkja. Ein planke med fragment av treskurd er presentert i boka
Norwegian Stave Churche Sculpture- ( Hohler, 1999.) I samlingane til kunstnaren Knut Rumohr i
Frønningen finst det eit alterskap frå Rinde kyrkje. (Aarås, Djupedal, Vengen Førsund, 2009. ) Deler
av kyrkjematerialane var auksjonert bort, dette finst også i gamle bygningar rundt i bygda.
(Samland,B.2012) Slike gjenstandar til dømes, vil vera av interesse for ei eventuell utstiling i samband
med kyrkjejubileet, da saman med bilete, teikningar av kyrkjene og kyrkjetekstilar som måtte finnast.
Målet er å laga ein kulturpresentasjon over gjenstandar og kyrkjetekstilar i samband med
kyrkjejubileet. Dette kan sjølvsagt vera kostnadskrevjande, men er inkludert i prosjektplanen.
Forprosjektet – 2013 til juni 2015
Råmeverket for dette prosjektet er 3 år. Forprosjektet med å framskaffe data er i gang. Informasjon om
prosjektet har vore sendt gjennom brev og pamfletten Feiosposten. Sidan målet er å sjå Rinde
kyrkjestad i eit historisk og kulturhistorisk perspektiv med vekting av kyrkjearkitekturen i to kyrkjer,
vil det krevje ein del arbeid med kjeldematerialet, så vel litterært, som å få oversikt over kyrkjekunst
og materiale tilgjengeleg ved musea. I denne perioden som eg har arbeidd med prosjektet er det musea
lokalt og regionalt, som har avteikna seg som moglege arenaer for kjeldetilfang. Statsarkivet i Bergen
er eit alternativ. Ein del av kyrkjeinventaret frå dei kyrkjene som vart rivne etter lovendringa i 1851,
kan vera deponert i ulike magasin. Frå heftet ved 100-årsmarkeringa i 1966, finn ein også referansar til
Bergen Museum. (Tjønn, 1966.) Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlingar har deler av to
plankar frå Rinde stavkyrkje, desse vart tekne fram frå magasinet ved synfaring den 2.09.14. Det er
elles av interesse å få oversikt over eventuelle restar frå kyrkjematerialet som kan vera i bygningar i
Feios, dette arbeidet er i gang. Det ser ut til å vera ein del utfordringar med å skaffe økonomiske
midlar til prosjektet. Dersom det skulle verta eit bokprosjekt, og eit bokprosjekt som går med overskot,
er formålet å avsetje desse til eit kunst- og kulturhistorisk senter ved Feios skule. (Forslag til
reguleringsplanen sendt Vik kommune tidlegare.)
Prosessen med å byggja ny kyrkje vekte ein del diskusjon i Leikanger, ved ”kommunestyrelsen”på
slutten av 1850-åra. Eg har starta arbeidet med å tolke handskrivne brev motteke frå Fylkesarkivet i
Sogn og Fjordane. Men har og fått ein avtale om supplerande hjelp til dette tolkingsarbeidet ved Berit
Selseng. Den nye kyrkja var truleg ein konsekvens av kyrkjedepartementet sitt prosjekt for å få
introdusert den nye stilarten i kyrkjene, og gamlekyrkja skal dessutan ha vore i elendig forfatning. I
tillegg vil historiske kjelder verta supplert av datamateriale frå brukarkulturen i kyrkja dei siste 50åra, da i høve til anekdoter og biletmateriale frå kyrkjelege handlingar i seinare tid. Denne søknaden
gjeld økonomiske midlar til å vidareutvikla forprosjektet. Men budsjettforslaget femner i sin heilskap
over heile planperioden i tabelloppsettet under. Det vert nokre endringar i høve til opphavleg
prosjektplan, eg har til dømes fått grunnforskingsmateriale tilsendt digitalt frå Fylkesarkivet i Sogn og
Fjordane. Eg deltok 13.januar 2014 på fagkurs/studietur til Kiel om Kieltraktaten, arrangert av
Riksarkivet, men kurset er ikkje belasta budsjettet på dette tidspunktet. Dette kurset gav meg nye
perspektiv på bruken av ein del historisk kjeldemateriale.
Forprosjekt – budsjett - prosjektplan
Formål - aktivitet
Reiser i samband med datainnsamling, feltarbeid, studietur Bergen – Oslo, Feios – Sogn
Folkemuseum, Kaupanger
kr. 5000,Skanning og biletbehandling (a kr 850,00 pr time x 15)Kr.12 750,Reiser mellom aktuelle arkiv i Oslo, Riksarkivet, Norsk Folkemuseum, Nasjonalbiblioteket –
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 4 av 6
Kulturmidler - søknad
Universitetsbiblioteket, 10 mnd. ½ månedskort, 2 år a kr 300,- kr. 6 000,Kontorteknisk utstyr kopiering, kopieringskort, minnepinne, blekkpatroner, kjøp av bilete ved institusj.
o.s.v.kr. 4 600,Papir, konvoluttar, porto/frimerker ( a 2400,00 - 3år)kr. 7 200,Telefonutgifter 3 år a kr 1500,- kr 4 500,Faglege kurs a 3000,- i 3 år + bok/ litteraturkjøp kr 15 000Referansegruppe, eventuelt frikjøp, og hjelp til datainnsamlinga kr 10 000,TOTALT budsjett for forprosjektet Kr 65 050,-
Eigeninnsats – dugnad 30%-50% i 3 år, a 250000,00Kr 750 000,Hovudprosjektet juni 2015 – juni 2016
Hovudprosjektet er planlagt for utskriving frå juni 2015 til medio 2016, i denne sekvensen skal data
analyserast og skrivast ut. Metoden er vel det som primært kan definerast som kvalitative metodar.
Eventuell presentasjon vil ta utgangspunkt i innkomne biletmateriale og tekstar frå bygdefolket. Den
delen som går på folkelivsskildringar og skikk og bruk vil verta handsama i eige kapittel og supplert
med litterære kjelder som er aktuelle. Tilgangen på slikt datamateriale er nokså usikkert da me ikkje
har oversikt over informantar før i 2015. Men eg har fått nokre bilete med kulturhistorisk verdi som vil
kaste lys over kyrkjekulturen i bygda i eit historisk perspektiv. Bilete av ein dåpskjole frå 1913 til
dømes, er fotografert og sendt til prosjektet. Dessutan har eg bilete av eit ”kristnateppe”, eit lite vove
teppe med karakteristisk mønster. Dessutan vil det vera aktuelt å skaffe bilete/kopiar med relevans frå
offentlege instansar for å supplere teksten.
Publiseringsfase - del 2
Trykking og grafisk design på jubileumsboka kr 250 000,Utstilling av gjenstandar i samband med jubileet i 2016 i Feios kr
TOTALT budsjett for hovudprosjektet Kr. 300 000,-
50 000,-
Totalt budsjett for forprosjekt og hovudprosjekt
ForprosjektKr 65 050,00
HovudprosjektKr 300 000,00
Totalsum for prosjektetKr 365 050,00
Rinde stavkyrkje – teikningar frå Riksarkivet – døme på viktige kjelder
Litteraturliste:
Aarås, M. H. Djupedal, T. Vengen, S. Førsund, F. Borgen, F. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Selja
Forlag a.s. 2000
Bjerkek, O.P. Den preussiske regjerings typetegninger og Eisenach-regulativets påvirkning i Norge
omkring 1850-1862. Vestre Aker kirke 1850-2005.
Fylkesarkivet Sogn og Fjordane fylkeskommune – orginale brev digitalt tilsendt.
Gjerstad, Jo. Bergen - slik den var Tycho Jæger - en glemt billedkunstner. Bondoni 2012
Gunnes, E. Kjellberg, H. Regesta Norvegica IV. Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt, Oslo 1979
Halvorsen, H. Feiossongen. Leikanger Sparebank 100 år 1864-1964. Ingvald Husabø Prenteverk.
Leikanger 1964.
Hauglid, Roar. Norske Stavkirker Dreyers Forlag, Oslo 1969
Hødnebø, Finn. Bergen Kalvskinn. Selskapet til utgivelse av gamle norske håndskrifter. Oslo
MCMLXXXIX
Rasmussen, A.H. Våre kirker. Norsk Kirkeleksikon. Vanebo Forlag A/S 1993
Samland, Bjarnhild. Stavkyrkjerestar Vik Historielag. Pridlao nr. 2 -2012
Stornes, J.M. Thun, T. Bartholm, T.S. Årbok 2013 Fortidsminneforeningen. Oslo 2013
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 5 av 6
Kulturmidler - søknad
Sæverud, D.H. Kloster, R. Bergensmaleren Tycho Jæger 1819- 1889. Universitetet i Bergen. Historisk
Museum. 1967
Tschhudi-Madsen, Stephen. Norges Kunsthistorie. Nasjonal vekst. Bind 5. Gyldendal Norsk Forlag
1981.
Thue, Johs.B. Lys over fjord. Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år. Selja Forlag 2013
Tjønn, H. Feios kyrkje 100 år 1966 M4b:289/Feios 66/480
Kostnader
Spesifikasjon av kostnader
kr
forprosjekt 2014 -2015
65 050
Spesifikasjon av kostnader
kr
Hovudprosjekt bok og utstilling
300 000
Kostnader sum
365 050
Finansieringsplan
Finansiering
Kr
Egne midler
Egne midler
0
Kommunalt tilskudd
Kommunalt tilskudd
15 000
Statstilskudd
Statstilskudd
0
Fylkeskommunalt tilskudd
Fylkeskommunalt tilskudd
0
Andre tilskudd
Andre tilskudd
Vik sparebank
2 500
Andre tilskudd
Andre tilskudd
Totale kostnader forprosjektet 65065, ikkje
fullfinansiert
Beløp
Sum inntekter:
17 500
Søknadssum
Søknadssum *
10 000
Vedleggsoversikt - Enkeltaktiviteter
Vedlegg som skal følge søknaden
Budsjett og finaniseringsplan for tiltaket
Vedlegg
Beskriv
Jan Magne Rinde
Beskriv
Jan Magne Rinde
Last opp vedlegg
Ettersendes per post
Feios kyrkje, andre
søknadsrunde juli 2014,
jan.15.pdf
Last opp vedlegg
Ettersendes per post
Særutskrift pdf.pdf
700914, Sem & Stenersen Prokom AS
Side 6 av 6