SANDKASSA 2015

SANDKASSA 2015
AVIS FOR STOREVATN BARNEHAGE KR 20,-
Mellom bakkar og berg
utmed havet…
Vi
sparka
i
gong
Friluftsåret 2015 med ei
opprydding i nærområdet.
Les meir inne i avisa om
korleis vi har fokusert på
friluftsliv i dei ulike aldersgruppene våre, -og mykje
anna vi er opptekne av i
kvardagen.
Avisa er eit fellesprosjekt frå personalet i
Storevatn Barnehage, E.M. Holevei 23, 6900 Florø
Tlf: 57 74 10 90 epost: [email protected]
2
FRÅ STYRAREN…
Barnehagesektoren har gjennom dei seinare åra vore i
sterk utvikling både i høve tal plassar og i høve innhaldet i barnehagen. St.meld. nr. 41, Kvalitet i barnehagen (2008-2009) ga mange føringar, som sektoren
og den enkelte barnehage har teke på alvor i løpet av
desse åra. For tida har personalet sin
kompetanse eit stort fokus, og i den same st.meldinga
kan vi lese: Personalets faglige og
personlige kompetanse er barnehagens viktigste
ressurs og en forutsetning for at barnehagen skal
være en god arena for omsorg, lek, læring og sosial
utjevning.
Klipp frå overhøyrt samtale..
Barn 1: ..det er stjeling. Sant vi kjem`i fengsel viss vi stjele?
KS (kommunesektorens organisasjon) har sagt det
slik: Forutsetningen for å lykkes med utvikle barnehager og skoler som gode kunnskaps organisasjoner
er kontinuerlig å jobbe med utvikling av kollektiv
kapasitet. Individuell kompetanseutvikling vil alltid
være viktig, men aldri tilstrekkelig.
Vaksen: Barn kan ikkje settast i fengsel. Det er ikkje lov.
Dypere profesjonsutvikling skjer i arbeidsfellesskap
der det er kultur for stadig å analysere og videre
utvikle et felles lærings- og undervisningsrepertoar
som kan bidra til optimal læring og utvikling for barn
og unge.
Barn 1: Men det er lov å selje!?
Barn 1 : Jamen, viss vi stjele då?!
Vaksen: Då må vi snakke med foreldrene, og så må vi
snakke med barnet.
Barn 2: Det er ikkje lov å stjele!
Vaksen: Nei, det er det ikkje.
Kvalitet skapes av kompetente og løsningsorienterte
mennesker som jobber i lag.
I Storevatn barnehage har vi vore så heldige å få
komme med på eit nybrotsarbeid, eit såkalla pilotprosjekt, i regi av høgskulen i S og Fj. der heile
personalgruppa skal ta vidareutdanning saman det
kommande året. Studiet er todelt, og har forkortingane
PUB (pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen) og
KOMPASS (kompetanseheving for assistentar).
Vi er i støypeskeia enno, men målet er at vi som samla
personalgruppe skal få eit løft ang. kunnskap om bruk
av struktur og organisering i leiing av barnegrupper.
Kunnskap om korleis vi som profesjonelle medarbeidarar skal fremje læring og utvikling ved å vektlegge barnehagen sitt særpreg;
- eit heilskapleg syn på omsorg, leik, læring og
danning.
God sommar! Siv Årdal
Mille 4 år; I går, så trudde pappa at eg hadde feber. Men
så hadde eg ikkje det, dessverre.
Jente 4 år; I dag e eg ordens. Eg har ansvar for samlingsstunda og sånn.
Jente 4 år; Kjellfrid seier at eg berre kan begynne på skulen. Fordi eg veit ka 100+100 er!
3
Våronn
Marit Haugstad
Potetene skal vel helst vere i jorda før 17.mai. V sette poteter 19.mai, men det
går nok bra det òg. Potetene har lege til groing inne i vindaugskarmen i nokre
veker og har utvikla kraftige groer /spirer.
Alle hadde si potet med namnet på, og potetene blei frakta med ærefrykt bort til gjerdet der vi hadde tenkt
å ha potet "åkeren". Barna fekk grave hol til si potet, og nokre av
dei hadde først vore med på Rognaldsen gartneri for å kjøpe litt
ekstra mold.
Barna hadde skrive namnet
sitt på lappar, og desse
blei hengd opp på gjerdet
ved deira potet. Slik kan
barna følgje med på utviklinga. No kan vi berre
sjå framover og glede oss
til det er tid for potetopptaking. Vi må nok dele med Friluftsgruppa, sidan mange av barna våre skal over dit til hausten.
Og poteter kan brukast til mykje. Mest truleg blir det i ei
grønsakssuppe - eller kanskje potetkaker?
Mille: Siv, veit du at tre leve, akkurat slik som oss?
Siv;
Ja…-korhen har du lært det, då?
Vetle; Vi lærte det når vi var født.
Frida:
Eg er så varm at eg må ta
av meg klemma!
Mille; Nei-ei! Når vi var født kunne ikkje vi norsk engang!
Konsert med lærarar frå kulturskulen
Tone B. Osland
Det blir fort eit høgdepunkt i kvardagen
når vi får eksterne kulturelle innslag.
Denne gongen vart ikkje noko unntak .
4 lærarar frå kulturskulen kom på besøk med eit Prøysen
repertoar. Dei presenterte instrumenta sine for oss;
chello, trekkspel, blokkfløyte, klarinett og fiolin. Eit
instrument for kvar song. Barna var fokuserte og
interesserte tilhøyrarar—og song med på alle songane. God stemning på ein minikonsert som enda i
ekstranummer etter ein kraftig applaus. Vi takkar for besøket og ønskjer dei velkomne tilbake.
4
Ole Brumm ved gapahuken
Solfrid Tonheim
I følgje handlingsplanen for 2015, er temaet Friluftsliv.
Vi ville bruke nærområde vårt ved gapahuken der vi ville ha ein møteplass med Løvetanna.
Dei første gongane tok vi utgangspunkt i "Bjørnen sover", som dei fleste kjenner frå før.
Reidun hadde også med seg Ole Brumm ved eit par høver. Med dette kom idèen om å lage
ein eller annan figur som kunne likne.
Som forarbeid vart avispapir krølla saman og surra med tynn
streng. Etterkvart tok det form ;
hovud, armar og bein, - klar for
vidare samarbeid ved gapahuken.
Denne dagen hadde Reidun med
seg Ole Brumm ,og vi song til
han og kosa oss. Borna vart så
inviterte til å vere med på å lage
vår eigen Ole Brumm. Vi ville
prøve å "kle han" med mose. Borna var ikkje vanskelege å be
om hjelp til å hente mosen. Dei gjekk i gang med å hente flak
av mose som dei bar bort til meg der på trammen.
Ivrige barnehender la på, lag på lag med mose, og vi surra med streng. Enda meir mose vart henta,
og prosessen vart gjenteken.
Etter som figuren tok form, kom eit par småjenter med nokre kongler dei hadde
plukka. Han måtte jo sjølvsagt ha auge og knappar i dressen sin… Med iver og
glede hadde vi snart fått karen klar, akkurat i det sola steig over åskammen.
Deretter måtte vi finne ein plass kor han kunne stå, og valget vart i kroken ved
gjerdet. Der kunne han stå og sjå mot barnehagen og dissene.
Og sjølvsagt skulle han heite Ole Brumm.
Undring på Løvetanna
Mona Erstad
Er det noko vi på
Løvetanna brukar tid på,
så er det å utforske. Kvar
dag kjem vi opp i situasjonar der vi undrar oss
saman. Det kan vere alt
frå eit sår på fingeren,
lyden frå kjøttmeisa i
skogen, at nokon er lei
seg eller at det vert
bokstavar av å sette strekar saman. Nokre av dei eldste utforska bokstavane
sine i mai. Gjennom leik fekk dei eit innsyn i skriftspråket. No finn vi bokstavar fleire stader på
avdelinga, spennande undring! Med våre 3 T’ar i botnen har vi på Løvetanna ein kvardag fylt med
samspel, leik og læring.
5
Tur i skogen
Marit Haugstad
Vi har ein fast plass i skogen der vi som oftast legg turane våre. Det er passe
langt å gå for små føter, og der er alltid noko å finne på. Det er kjekt å komme
tilbake til det same området, og barna finn att sine leikeplassar.
Mellom anna er der eit digert rotvelta tre som er ein
super klatreplass. Det gjev barna opplevingar og
meistring, medan det gjev meg hjartebank. Men kunsten
er å la barna få utfalde seg , og for meg å stå i frykten for
at noko kan skje – om dei er uheldige.
Eit barn hadde ein kommentar ein dag;
-Du skulle ta imot meg, seier han anklagande, -eg holdt
på å dø. (Det var ca. 10 cm ned til bakken)
-Det var ikkje så langt ned til bakken at det var farleg,
seier eg.
-Det var ikkje langt, det var kort….
Når vi er ute i skogen prøvar vi å lære namn på fuglar,
tre og blomster. Når namna er litt like kan det fort gå litt
i ball. Det blir gjerne kjøttveis, kvitmeis og blåmus .
Ein dag tok vi med oss fugleboka vår med fuglelydar.
Då blei det liv i fuglane rundt samlingsplassen der vi sat.
Fleire fuglar kom tett innpå, kvitra i veg og brusa med
fjørene. Dei ville nok ha oss inntrengarane ut av deira
territorium. Barna sat heilt stille og betrakta det heile.
Dugnad på Tertitten
Tone B. Osland
Praktisk arbeid er kjekt for barna å delta i. På Tertitten bestemte vi oss for å
ordne på blomsterbedet.
Vi hadde ein god dugnadsgjeng med på å
koste og rydde vekk løv og mold. Dei
samla steinar og blanda sement. Til slutt la
dei på sement og stabla på steiner, og ikkje
minst pynta i sementen med kongler.
Barna viste stor iver over fleire dagar.
Fint blei det
og!
6
Ein heilt "vanleg" morgon på
Trollfjell…
Rigmor Osland
Jørgen hjalp Inger Hanne å lage salat med kitt. Det var sånn det starta.
Så vart fleire med, og vi laga 17. mai -kiosk, med påfølgande tekstskaping:
(Enkeltbarn har fingerspråk og/eller dårleg uttale, så her tolkar /omset underteikna, slik at bodskapen vert forstått)
EG LAGA TROLLKAKE, SA JØRGEN. EG LAGDE TIL
OG MED EI GULROTKAKE. NEI, BERRE EI GULROT.
EG LAGA KÅL OG SALAT OG LØK, SA DANIEL.
EG LAGA PANNEKAKE OG HAMBURGER OG
KJÆRLIGHET PÅ PINNE. OG NOKE MED PAPIR
I OG GULROT, SA BRAGE.
EG LAGA NOKEN MED KAKAO OG EI KAKE ,OG SÅ
EN IS OG EI SOL OG KJEKS.
NOKEN RUNDE TING MED HULL I, OG SÅ
HAMBURGER OG GULROT OG MASSE FRUKT,
SA FRIDA.
EG LAGDE BRUSFLASKE MED SUGERØR OG KJØRLIGHET.
EG LAGDE BARE DET, SA PEDER.
EG LAGDE HAMBURGERE OG PANNEKAKE, OG SÅ HJALP EG LITT TIL MED KRANSEKAKA, SA
MILLE.
EG LAGDE EN FIN KANT RUNDT FATET , OG EG VAR MED Å PYNTE, SA MAJA.
EG SAT OG SÅG PÅ, SA KAYA.
EG LAGA BRØD I KJØKKENKROKEN, SA MATHIAS.
EG HADDE KLEDD MEG UT SOM EI PRINSESSE MED
ROSA HÅR, OG SÅ KLEDDE EG MEG UT SOM ELSA, SA
THEA.
EG HAR LEIKA MED ESPEN OG LAITH. VI LEIKA
MASSE MED LEGO, SA CHRISTOFFER.
EG LEIKA I SANDKASSA MED CHRISTOFFER,
SA ESPEN.
EG HAR BYGGA MED LEGO, SA LAITH
Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen seier at: I barnehagen er gjensidige samhandlingsprosessar med barn og vaksne i leik og læring, og omsynet til kvarandre, føresetnadar for danninga
til barnet. Den seier også at; Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at
barna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede.(RP11, s.15, 44) Dette synest eg denne stunda er
eit godt eksempel på.
7
Kvardagsglimt….
Artige kommentarer frå barnemunn,
etter at eg har bestemt meg for å la
naturen gå sin gang, og la håret bli
grått...

Har du fått nytt hår, eller?

Har du mala håret ditt?

Hei Farmor!
...og ikkje minst mitt barnebarn i
diskusjon med dei vaksne i barnehagen som diskuterer farging av hår:
- Ho besta mi, ho elsker det grå håret
sitt!
Helsing besta med grått hår
DEN LILLE LARVEN ALDRIMETT
Det satt en larve på et blad,
og larven var så veldig glad!
For larvers aller beste mat,
er blader, blomster og salat.
Og larven spiste seg så mett,
at skinnet sprakk,- ja rett og slett!
Den kastet skinnet og sa "Pytt",
"jeg har et til, helt splitternytt"!
Den lille larven ble så trett,
for maten gjorde larven mett.
Den skrudde på sitt vekkerur,
og tok en deilig sovelur.
Et hylster var dens sovetøy,
men plutselig så hørtes støy,fra Aldrimetts pyjamasskjul,
det fløy en vakker sommerfugl.
RBB
8
Dagen som var betre en dei aller
fleste andre dagar
Lars B. Håland
Det er ein relativt kjip og sur fredags morgon seint i mai. Det regnar, - og det
bles. Det faktum at det er fredag er kanskje det positive vi kan sei om denne
dagen..? Men ikkje for oss på Skogmusa. Langt der i frå! Vi har nemleg planar...
FOTO: Firdaposten 30/5
Vi aktar ikkje å sitje inne å sture i dag. Vi skal faktisk opp på heliporten og sjå på den nye brannbilen,
møte ekte brannfolk og kanskje ta ein tur til et fjernt land i helikopter.
Eg skriv kanskje, sidan ingen var heilt sikker på dette, men det må då vere lov til å håpe?
Klokka nærmar seg 09:30, og så godt som alle har
komme. Vi har tatt sjansen på å gå utan regnbukse denne
dagen. Det var jo tross alt opphaldsbyer! Barna står og
pressar ute i gongen og ventar utolmodig på at dei vaksne
skal få nedste del av ryggen i gir så vi kan komme oss av
garde. Barna har snakka om denne dagen nokre dagar og
gleda var stor da den endelig var her.
Vi legg i veg , og ungane gler seg stort. Vi slepp å bli
gjennomvåte sidan det berre var 4(!!) regnbyer på den ca.
30 min lange turen opp til flyplassen og heliporten... Då vi
kjem opp blir vi møtt av ein gedigen gul brannbil som
sprutar mot oss, der vi kjem gåande. Barna hylar og ler.
Dei vaksne smiler breidt. Dette blir ein bra dag! Brannmann og avdelingspappa Ole J. Huus tek godt i mot oss,
og jammen kjem sikkerhetskontrollør og avdelings
mamma Tina Aga også og mønstrar på. Aldri har vi følt
9
oss tryggare! Både ein brannmann og ein sikkerhetskontrollør i
tillegg til fem vaksne frå avdelinga på ei og same tid. Sjefen, Siv,
helser også på oss.
Vi begynner denne smått legendariske turen med å legge frå oss
sekkane våre i ei stor garasje - før vi går ut og ser litt på brannbilane.
Dei som vil får prøve brannslagen saman med brannmann Huus.
Dette går meir eller mindre som smurt. Kunn eitt barn blir vått då eit
barn utvidar strålen litt meir en planlagt,…- utan at dette såg ut til å
plage nokon som helst.
Etter ei stund med spyling var det endeleg tid for å få kjøre brannbil.
To brannbilar vart stilt til vår disposisjon og barna gliste frå øyre til
øyre. Sirener, vannkrig mellom brannbilane og tendensar til kappløp
på rullebana, gjorde at barna fekk ei oppleving som dei færraste kan
skryte på seg. Alle som ville fekk tilbodet, og alle tok villig i mot.
Etter kappløpa, der ingen var einige om kven som vant, var det lunsjtid. Pølse med brød og jus vart servert til alle si store glede! Kunne
dagen bli betre en det her? Var det fysisk mogleg? Ja. Det var faktisk
det.
For etter lunsj hadde
nemlig
brannmann
Huus
invitert
to
pilotar som kunne
vise oss rundt i et lite
småfly som sto utanfor garasjen vi heldt oss i. Nokre av
barna var skeptiske i begynninga, men då dei fekk med seg
ein trygg vaksen og ei hand å halde i, så gjekk dette veldig
bra, og dei skeptiske barna ville til slutt ikkje forlate flyet.
Etter omvisinga i
flyet fekk vi is.
Trass i vind og
regn var det berre
smil og sjå på dei
18 barna som var
med på turen!
Etter ein lang dag
med mykje vandring og opplegg var det dags å vende nasa heimover til vår trygge
og varme base på Skogmusa. Det var ikkje mykje klaging på
heimvegen, sjølv om mange var trøytte og slitne i beina.
Tusen takk til alle dei flotte
barna som var med, foreldre som
stilte opp, Siv på flyplassen og
mine flotte kollegaer som gjorde
dette til ein minneverdig dag for
både store og små!
10
Året på Friluftsgruppa
Johanne Røyrvik
Det er spennande kvar haust; å starte opp med ei heilt ny gruppe på Friluftsgruppa. Det er to grupperingar av barn frå kvar side av huset, og av og til også
heilt nye barn. For nokon kan dette vere utfordrande. Vår erfaring er at det er ei
fin trening før skulen i å utvide sine eigne grenser i trygge omgivnader.
Vi starta så snart som mogleg med å snakke
om at vi er eitt lag som må samarbeide for at
alle skal få den tryggleiken, trivselen og
tilliten som vi alle treng i kvardagen. Dette
temaet følgjer gruppa gjennom heile året. Som
vaksne synest vi at det å meistre det
sosiale er den viktigaste bagasjen dei får med
seg frå barnehagen.
Friluftsgruppa i år var så heldige at vi
fekk ta i bruk ein ny lavvo. Der har vi
kosa oss mykje, både med niste og
også
med
sjølvlaga
mat.
Vi har som oftast tatt ned lavvoen etter
bruk, men den har også stått ute i ver og
vind. Og mykje ver og vind har vi hatt
dette året, men det er berre då
lavvoen stod i barnehagen at den låg
flat då vi skulle sjå til den.
11
Vi hadde nesten ei veke
med snø, sol og retteleg
vinterver. Det var ei
fantastisk
veke
med
mykje aking og litt
skigåing på Gjelsvikmarka.
I år hadde vi også nok snø
til at vi kunne ta turen til
Humlestølen. Fin tur, og
mange barn som var
flinke i skisporet.
På ein av dei få fine dagane i april hadde vi ein kjempetur på Brandsøyåsen med 17 spreke barn.
Turen dit vert ofte den siste store turen for denne gruppa .Det er fint å sjå at barna har utvikla seg
med fysisk styrke og tålmod på dette året.
Vi kjem ut og Henrik
ser på gravemaskina.
Henrik: -Det er ingen
mann der i dag!
Vaksen: -Nei, han
har
sikkert fri i dag.
Henrik: -Nei, han
spiser frokost, -for
det er
pappaen til Brage!
Personalet på Friluftsgruppa ynskjer alle barna lukke til på skulen,
og hugs slagordet vårt:
Vi er eitt lag!
12
Det e´kje noke "berre berre" å lage
til frukt…
Reidun Hjelle
Dagens fruktstund skal vere eit lite måltid med påfyll av frukt, drikke og ein
skivebit for dei som vil. Kven skal lage til frukta?? På Løvetanna har vi mange
gode hjelparar, alle vil eigentleg vere med "å lage frukt"……
Kven sin tur er det i dag? Kva er rettferdig? Er det den som ropar høgast?
Er det dei to som treng å bli litt betre
kjende med kvarandre? Er det den som
treng litt åleinetid med ein vaksen? Er
det viktigast for dei største? Skal vi
følgje lista? Her kan det vere mange
omsyn å ta...og behova i gruppa
endrar seg, så difor kan måten ein gjer
det på også endre seg i løpet av året.
Når det er avklara kven som blir med,
går vi på kjøkkenet for å gjere ein
jobb. Og her kan vi dra nytte av alle
våre positive eigenskaper som å samarbeide og hjelpe kvarandre, ta omsyn
til kvart enkelt barn sine behov og
omsorg for fellesskapen. Ja ,allereie her startar vi den livslange "læringa for livet"
* Inn på kottet og sjå kva vi har av frukt, kva skal vi ta med, kor mykje treng vi?
* Så må vi må finne fram eit stort fat, vi treng ein skarp kniv og skjerefjøl
* Ved kjøkkenbordet har vi ei fin stund der vi snakkar om kva vi likar,
kva likar dei andre? Er det nokon som ikkje toler noko av det vi har funne
fram, kva kan dei få? Kanskje er det nokon som
har vore med på butikken og kjøpt druer, eller
har ei bestemor med epletre i hagen – eller det
kan vere at nokon har vore på tur i helga og vil
fortelje om det. Små ting kan bli store, store
ting kan bli akkurat passe.

Vi deler frukta i passelege bitar, luktar på
og smakar – men ikkje meir enn at vi har med
mesteparten inn til dei andre og deler med dei
* Vi tel og reknar – kor mange eple hadde vi, kor mange bitar vart det? Er det mest
appelsin eller mest banan?
* Vi legg frukta på fatet, i fint mønster, eller hulter til bulter? Her kan kreativiteten
blomstre...
Ei god kvardagsoppleving?
JA—når barnet og den vaksne får ta den tida dei treng.
Og så kan frukta nytast, vi deler og må vente på tur, men alle får. Og
i "Friluftslivets år" kan vi til og med ta det med ut, iallfall når det er
plussgrader og alle er vakne…
Berre lage til frukt? - Nei, det er ikkje noko berre berre…
13
Gøy med gym
Marianne Myklebust
Friluftsgruppa har avslutta gym for dette semesteret, og gitt ”stafettpinnen” over
til Tertitten. I dag var første gang; vi tok med oss Leah Mari og Tilde fra
Løvetanna og la i vei til Storhallen med store forventninger.
Vi fant frem en diger, tykk madrass som vi
hoppa på fra ribbeveggen. Alle fikk også hver
sin ball som ble brukt både å sparke og kaste
på. Og med den store hallen og god plass, var
det kult bare å løpe. Til og med løpe om
kapp—Klar– ferdig-gå—fram og tilbake var
kjekt.
Tilslutt laga vi store og små bølger med en stor
fallskjerm i rødt, gult, grønt og blått—noen
holdt og noen var under. Etterpå slappet vi av
oppå den ”Når trollmor har lagt sine elleve
små troll….”
Alle var både tørste og sultne, og veldig
fornøyde da vi var tilbake i barnehagen.
Foreldredugnad
Nina Anette Steindal
Laurdag 18. oktober var det klart for årets foreldredugnad her i barnehagen. I handlingsplanen vår har vi dei siste åra hatt Uteområdet vårt som tema—det har og gjenspegla seg i
arbeidet som er gjort.
Barn og vaksne arbeider med grua
Det vart arbeidd med sandkassa frå
tidlig morgon til sein ettermiddag
Innsida på sementringen vart støypt
med eldfaste fliser
Tusen takk til alle foreldre som stilte med sag, hammar, drill, trillebår, mat, drikke og eit
tonn av innsatsvilje! Må rette ein ekstra takk til Terøy Maskin AS som stilte opp med
gravemaskin og mannskap, og til FAU for gjennomføring av dei ulike prosjekta!
14
Med pil og boge i Indianerskogen.
Anne-Elise Moritsgård
Ein dag i mai ville gutta boys og eg på tur. Vi ville i skogen og spikke pil og
boge. Vi tok med knivar, tau og masse plaster.
På vegen fann vi mange gode og mindre gode emner
til boge, men landa på nokre gode og bøyelege
småtre. Vi kvista og spikka, og jobba lenge og vel før
vi kunne seie oss ferdige med bogane. Så var det å
feste tau på så det vart stramt og fint og godt spenn i,
og prøve pilene.
Det var ikkje heilt enkelt, men nokre fekk ganske
god dreis på det.
Eg hadde ein liten ide om at vi kunne leike
indianarar, sidan vi laga pil og boge og vi var i
indianerskogen, men nei.
Dagens ungar leikar ikkje cowboy og indianer, dei
leikar Hawkeye. Så vi fekk fire Hawkeye og ein
indianer på tur. (Og plasteret fekk vi ikkje bruk for.)
Ved bordet på Trollfjell.
Ein av gutane får beskjed om å
slutte å skru på knottane på ei
knaggrekke på veggen, då dei
kan løsne.
Thale; -Vi må ikkje ødelegge
barnehagen, for då blir ho Siv
lei seg.
I garderoben på Trollfjell.
Jørgen ligg flat ut på golvet, heilt
stille. Klokka er 09:50...
Mathias: -Er du død?
Jørgen svarer: -Nei, eg e’ utslitt!
15
Dyreskogen på Skogmusa
Anne Elise Moritsgård
Tema Friluftsliv; kva dyr finst i naturen vår? Vi ville vise rovdyra våre og deira
byttedyr. Då ville vi vise dei i deira (mest mogleg) naturlege omgjevnader. Altså
måtte vi lage eit landskap/ein skog til dei.
Vi starta med hønsenetting som vi forma til, så var det store mengder avispapir og lim.
Så måla vi landskapet, før vi til slutt plasserte ut alle dyra:
Frida: Veit du ken Besta i Stranda è?
Siv: Nei...?
-Ho bur i eit kvitt hus. Med svart peis.
-Å ja.
-Ho har svart hår. Og kvit veske.
Vi sit og limer og teikner på nisseposane våre. Jørgen
teikner auge, munn, nase og mykje prikkar!
Inger Hanne: Kvifor teikner du prikkar?
Jørgen: Nissen har vannkopper!
16
Ta ei potet
Johanne Røyrvik
Våren 2015 starta prosjektet «Ta ei potet» opp for første gong. Prosjektet har
som mål å leggje til rette for best mogleg overgang frå barnehage til skule/SFO.
Barnehage og skule skal med dette få ei felles referanseramme. Barna i Flora
kommune skal, uansett kva barnehage dei
kjem i frå, kjenne att temaet. Dette vil kunne
skape tryggleik ,og med det ein god start på
haustens nye kvardag.
Prosjektet femna om stort sett alle fagområda i rammeplanen,
men fagområde Natur, miljø og teknikk vert mest vektlagt.
Dette fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med og får
forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vêr. Det er
også eit mål at barna skal få ei gryande forståing av kor
viktig ei berekraftig utvikling er.
Sjølve innhaldet i prosjektet er å lære om poteta, barna skal
få dyrke poteter, vi skal lage ulike rettar av
potet osv. Alle barnehagane har ei oppskrift på framgangsmetode, songar, dikt og eventyr. Dette er også i samarbeid
med Kystmuseet, dei skal også gjere oss kjend med historia
på Brendøya og potetene skal bli sett der.
Potetkaker
8 middels store poteter
1 ts salt
6ms fint kveitemjøl
Skrell og kok potetene. Når dei
er nesten kalde, mel du dei på
kjøtkverna. Bland poteter, salt
og mjøl til ein passe fast deig.
Bak ut til fingertjukke kaker på
storleik med eit lite fat. Kakene
kan lagast både ute og inne.
Steikast på tørr panne, eller
steiketakke
Når barna kjem på skulen/SFO skal dei same songane, dikta
og eventyra takast opp att. Når september kjem skal
klassane få kvar sin dag på
Kystmuseet der barna skal hauste
poteter og lage diverse matrettar ut
av det dei sjølve har dyrka.
Eit spanande prosjekt som eg
håpar vil vere eit av verkemidla er
med på å lette overgangen mellom
barnehage og skule/SFO.
17
Good Time Charlie
Tone B. Osland
Alle Flora-barnehagane var invitert til storkonsert på Flora Samfunnshus denne
dagen, og sjå kva som skjedde då dei
trengde ekstra hender...
"Hei vil du vere med oss å synge ?"
"Ja, det vil vi gjerne….."
Og med var vi. Kjekt å få komme på konsert med eit
slikt svingande band.
Til nokre av songane trengde artistane hjelp, og då
vart barnehagen vår godt representerte på scena.
Etterpå blei nokre av barna intervjua av NRK
Sogn og Fjordane
De som ikkje fekk med dykk den sendinga på
NRK-radio, har mulighet til å høyre den på
NRK si heimeside:
http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sognog-fjordane/DKSF02007215/10-042015#t=2h28m48s
Frida, Leah Mari, Felix (t.v) og Cornelius (t.h) fekk framføre
med bjeller
Teikningar til songen ”Rakettsjåfør”:
I januar kom Irene tilbake etter
å ha vore borte i desember
månad. Vetle ser ho, og spør
bekymra:
Kor har du vært alle desse åra?
Irene ler, og svarar:
Eg har no berre vore vekke 1
månad.
Vetle svarar, litt meir bekymra;
...og ikkje har du fått feira jul
eingong...
18
Operasjon Redd skogen
Nina A. Steindal
Barnehagen vår har no vore i drift i 34 år! Det første personalet stod på og
arbeidde for å få det flott, -både ute og inne. I 1988 vart uteområdet utvida, både
mot aust og vest, til det uteområdet vi har i
dag.
Uteområdet vårt har i 34 år blitt besøkt av store og små
føter, spader og bøtter. Tidens tann merkast, vi måtte gjere
tiltak for at vi ikkje skulle misse alle dei store flotte trea
våre.Mykje forsking er lagt ned i dette arbeidet.
Personalet her på huset var involvert i arbeidet, før vi
diskuterte saka med Vidar Andersen i Bygg og Vedlikehaldsavdelinga. Han tok tak i problemet, og kontakta ulike
spesialistar innanfor dette feltet.
Terøy Maskin AS vart hyra inn for utlegging
av jordmasse og såing av terrenget.
Målet er at denne massa skal feste seg, og
med det gi ny grobotn for trea. Uteområdet
vårt er framleis eit satsingsområde i
handlingsplanen, og kven veit kva framtida
bringer for denne delen av skogen når alt er
ferdig grodd. Men først skal graset få gro i
fred for små føter og spader.
Jente , 4 år: Ikkje ta meir enn eitt
papir! Du kan øydelegge skogen!
19
Eit tankekors…
I mai kunne ein lese i Firdaposten om korleis politikarane sine vedtak påverkar
arbeidskvardagen vår. Eit djupdykk i arkivet viser at denne kampsaka har vore
aktuell tidlegare, FØR gruppetalet vart auka både ein
og to gonger.
Utdanningsforbundet sine medlemmar frå vår barnehage gjekk saman
om å skrive dette skrivet, publisert i Firdaposten tysdag 26. mai.
Faksimile frå Sandkassa –84/85
Jente 4,5 år under frukosten
Jenta: kaffi er farlig for barn
Vaksen: Ååå, koffor det ?
Jenta: Då blir tennene våre svarte , og
det har skjedd med pappa!
20
Kvardagsglimt
”Ole, Ole, Sambaen er løs
Her i Florø er det karneval
Ole, Ole, Sambaen er løs
Her i Florø er det karneval!”
Frå Trollfjell
Jørgen har samling ,og har
akkurat hatt opprop med
bilder. Han gjev frå seg bilda
og set seg godt til rette på
benken med beina og
armane i kors og eit smil om
munnen og utbryter:
”Dette var gøy”.