Korsbrekkeelva Coandainntak ved Dyrekorn kraftverk Foto: Tafjord Kraftproduksjon - dialog for laksens beste Nært samarbeid mellom kraftselskap og elveeigarlag har lagt til rette for at Korsbrekkeelva på Sunnmøre – ei av distriktets beste lakseelver – har kontinuerlig gode leveforhold for fisk – også ved uventa driftsstans ved det lokale kraftverket. Stadheim kraftverk i Stranda vart bygd utan ventil for å sleppe vatn forbi ved uventa produksjonsstans. Derfor førte korte periodar med stopp i kraftverket til tørrlagte elvestrekningar og skade på fisk. Det er fullt mogleg å sameina kraftproduksjon med forvaltning av ei god lakseelv, understrekar Ragnar Kaland, leiar for Korsbrekkeelva Grunneigarlag. Like etter at Tafjord Kraftproduksjon kjøpte kraftverket i 2001, vart det innleia eit samarbeid med elveeigarlaget for å finna gode miljøløysningar. Ein «forbislippings-ventil» blei montert i 2003, samtidig med innføring av strenge rutinar for å unngå variasjon i vassføringa. Seinare har kraftselskapet også medverka til biologiske undersøkingar av elva. – Når samarbeidsklimaet er godt, set vi oss fort saman og løyser utfordringar undervegs, seier han. – Vi søker kontinuerleg å optimalisere balansen mellom kraftproduksjon og miljøomsyn ved anlegga. Samarbeidet med elveeigarlaget i Korsbrekkelva har gitt oss mykje kunnskap om temaet, seier administrerande direktør Stig Falling. FISKEVENNLIG INNTAK Tradisjonelle inntak fører også til store miljøutfordringar ved elvekraftverk ettersom fisk kan passera igjennom inntaket og bli drepen når den kjem til turbinen. For på å unngå dette, bygde Tafjord Kraftproduksjon det første coandainntaket i Norden i Dyrkornelva i 2011. Eit coandainntak siler vatnet gjennom opningar på ein millimeter slik at levende organismar slepp forbi inntaket og blir ført direkte vidare til vatnet nedanfor. Inntaket er sjølvreinskande og løyser mange kjente miljøproblem, avsluttar Falling.
© Copyright 2024