Møtebok 11.11.14 - Fjellstyra på Hardangervidda

MØTEBOK
Tidspunkt: Tysdag 11 november 2014 kl 1800
Stad: Rauland Kraftforsyningslag
Desse møtte:
Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit,
Meldt forfall:
Dorthe Huitfeldt.
Det vart freista å kalle inn vara, men denne kunne ikkje møte.
Andre til stades på møte:
Sveinung Olsnes, sekretær
Saker til styremøtet:
Sak 12/14: Referat og meldingar
Sak 13/14: Oppsummering av reinsjakt 2014, samjakt, reglar
Sak 14/14: Rupejakt, status, ordning for 2015
Sak 15/14: Økonomi
Sak 16/14: Planlegging for vintersesongen
Sak 17/14: Eventuelt
Me stadfestar med dette at møteboka er i samsvar med det som vart
bestemt under møtet:
Halvor Fehn /s/
Tor Aaage Dale/s/
Jarle Nordjordet/s/
Marit Jordtveit/s/
Rauland Fjellstyre – Åmotvegen 8 –3890 Vinje
Telefon: 902 13 655 - E-post: [email protected]
Bankkonto: 2620 27 01336
Sak 12/14: Referat og meldingar
Saksdokument:
Ingen
Sakssutgreiing:
04/14: Frå: NFS: Utkast til nytt kontrollkort for villrein
05/14: Frå: HF: Sluttoppgjer for tenestekjøp 2013
06/14: Frå: Vinje rekneskapskontor: melding om ferdig rekneskap
07/14: Til: Miljødirektoratet: høyringsuttale på kontrollkort for villrein
08/14: Frå: Miljødirektoratet: melding om motteke høyringsuttale
09/14: Til: TU Telemark: søknad om landingsløyve og motorbåt
10/14: Til: Vinje kommune: førespurnad om søknadsplikt for ombygging av uthus
11/14: Frå: Vinje kommune: svar søknadspl uthus
12/14: Frå: Villreinutvalet: høyring på villreinkvote 2014
13/14: Til : Villreinutvalet: svar på høyring om villreinkvote for 2014
14/14:Frå: HF: Økonomisk oversikt tom april
15/14:Frå: TU Telemark: avslag på søknad om landingsløyve
16/14:Til: TU Telemark: klage på avslag om landingsløyve
17/14:Frå: Miljødirektoratet: svar på klage om landingsløyve
18/14:Frå: TU Telemark: utviding av løyve for motorferdsle i NP.
19/14: Frå: Statskog: Registrering av faste innstallasjonar i Rauland SA.
20/14: Til: Statskog: svar på førespurnad om faste innstallasjonar i Rauland SA
21/14: Frå: Statskog: forslag til avtale om punktfeste for naust på Meinsvatn.
22/14: Frå: NFS: høyring på forskrift om utøving av jakt og fangst.
Framlegg til vedtak:
Referat:
Gjennomgang av meldingssaker ved sekretær. Kort ordskifte omkring avslag på
landingsløyve.
Styret gjekk gjennom forslaget til avtale om punktfeste for naustet på Meinsvatn.
Dette vart godkjent og underskrive av nestleiar i leiars fråver.
Vedtak:
Styret tek gjennomgangen til vitande og godkjenner forslaget til avtale om
punktfeste for naustet på Meinsvatn.
Samrøystes
Sak 13/14: Oppsummering av reinsjakt 2014, samjakt, reglar
Saksdokument:
Ingen
Sakssutgreiing:
Reinsjakta er over og resultatet for RS vart 35,5 % felling mot 57,6 % i fjor.
Tilbakemeldingane på årets ordningar har vore positive så langt.
Det har i år vore samjaktavtale med Berunuten Vest og Ulvik Fjellstyre. Om lag
10 dyr av 27 er felt på andre vald enn Rauland SA. Det er då i hovudsak Mårfjell,
Berunuten og Gjuvsjåen det er tale om.
Det var vanskeleg å verte kvitt korta i år, men til slutt vart alt seld. Det er verd å
merke seg at ordninga med at alle bruksberettiga i allmenningen kan ta med seg
kort inn kanskje kan vere med å undergrave eige kortsalg. Med så stor kvote vil
det vere veldig mange rimelege kort å få kjøpt vestpå og elles i Vinje. Det har
vorte seld fritt dyr kort ned i under 1000 kr før jakt og heilt ned i 500 litt uti jakta.
Då seier det seg sjølv at det vil bli veldig rimeleg å kjøpe kort her og ta med seg
inn framfor å betale full pris direkte frå RF. Dette er noko ein bør diskutere i
styret.
Samjakta med Ulvik har fungera godt og det har kome tilbakemeldingar frå Ulvik
FS at desse jegerane vart teke godt imot.
Det vart i år seld kort til 10 utanbygds jegerar før jakta. Det har ikkje kome
negative tilbakemeldingar på denne ordninga og dette representerar ei viktig
inntektskilde for Rauland SA.
Framlegg til vedtak:
Ingen
Referat:
Styret diskutera årets jakt. Kort ordskifte. Ingen negative tilbakemeldingar er
registrera.
Vedtak:
Styret tek orienteringa til vitande og kjem attende til ordningar for neste års jakt
på fyrste styremøte i 2015.
Samrøystes
Sak 14/14: Rjupejakt
Saksdokument:
Sakssutgreiing:
Rjupejakta har etter vedtak gjort i fjor vore freda i 2014. I vedtaket vart det
bestemt å ta dette opp til ny handsaming hausten 2015.
I 2014 har me hatt eit formidabelt smågnagarår på Hardangervidda. Dette har
gjeve utslag i større kull og meir rype enn på mange år. Dette ser ein på
takseringar utført på Eidfjord og Øvre Numedal statsallmenningar.
Tilbakemeldingar frå jegerar og oppsyn fortel og om meir fugl i våre område i år.
Det synast å vere ei svakt positiv utvikling på rjupebestanden i år og ein bør
derfor vurdere om ein skal opne for jakt i 2015. For å unngå for mykje jegerar i
området bør ein vurdere tiltak i kortsalet som hindrar dette. Til dømes avgrensa
tal på jegerar pr dag. Dette kan enkelt regulerast gjennom vår salsløysing på
Inatur.
Framlegg til vedtak:
Rauland Fjellstyre opnar for rjupejakt fom 1 oktober 2015 og ut året. Det skal
selgjast maksimalt 10 kort per dag til utanbygds jegerar og maksimalt 5 kort per
dag til innanbygds jegerar. Det er ikkje høve til å jakte med hund. Kvar jeger kan
skyte maksimalt 3 ryper per dag. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag.
Vedtaket er gjort med heimel i Fjellova § 23.
Referat:
Kort diskursjon om saka. Fjellstyret samlar seg omkring forslag til vedtak.
Vedtak:
Rauland Fjellstyre opnar for rjupejakt fom 1 oktober 2015 og ut året. Det skal
selgjast maksimalt 10 kort per dag til utanbygds jegerar og maksimalt 5 kort per
dag til innanbygds jegerar. Det er ikkje høve til å jakte med hund. Kvar jeger kan
skyte maksimalt 3 ryper per dag. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag.
Vedtaket er gjort med heimel i Fjellova § 23.
Samrøystes
Sak 15/14: Økonomi
Saksdokument:
Sakssutgreiing:
Økonomien til fjellstyret har betra seg noko i 2014. Dette skuldast auka inntekter
på sal av reinsdyrkort og redusera tenestekjøp frå Fjelloppsynet.
Framlegg til vedtak:
Ingen
Referat:
Kort orientering om økonomi ved sekretær.
Vedtak:
Styret tek orienteringa til vitande.
Sak 16/14: Planlegging vintersesongen 14/15
Saksdokument:
Dugnadsliste, vert lagt fram på møte
Plan for 2014, vert lagt fram på møte
Sakssutgreiing:
Planlegging av vinteren 2015: transport, arbeidsoppgåver, vedlikehald, søknadar
mv.
Framlegg til vedtak:
Ingen
Referat:
Dugnad: liste over dei som er viljuge til dugnadsjobbing vart lagt fram. Det vart
trekt liste over tildeling av løyve for dette arbeidet. Ansvarleg for ved og
dugnadskøyring vert Halvor Fehn.
Uthus Meinsvatn: Uthuset på Meinsvatn er i dårleg forfatning og det vil vere lite
føremålsteneleg å vøle på dette. Styret ser for seg at det vil vere betre å rive dette
og så byggje nytt etter same mål som det gamle.
Styret ynskjer å prioritere dette denne vinteren og så kome attende til arbeidet
med å vindtette og kle hytta eit seinare år.
Ansvarsfordeling for framdrift og arbeid med uthus:
Jarle Nordjordet: utarbeide teikningar og lage kostnadsoverslag
Halvor Fehn: ordne med plass til prefabrikkering av uthuset, dugnadsfolk
Sekretær: søkje om løyve til tiltaket inkl transportløyve
Vedtak:
Styret ynskjer å rive og bygge nytt uthus på Meinsvatn. Arbeidet startar opp
vinteren 2015.
Samrøystes
Sak 12/13: Eventuelt
Saksdokument:
Sakssutgreiing:
Framlegg til vedtak:
Referat:
Halvor Fehn orienterar om innkjøp av ny båt til Meinsvatn. Dette er ein
aluminiumsbåt av merket Viking. Styret ynskjer den gamle båten køyrt til
Kostveit for å få opp fisket der. Denne må førebels leggjast ute ved hytta, men ein
skal freiste å finne ein eigna stad for den nedmed vatnet ila vinteren.
Tor Aage Dale ordnar med årer og redningsverstar til båten ved Kostveit.
Vedtak:
Styret tek orienteringa til vitande.