KOMMUNEAVISA Øyriket 2015 Emilie Veierland var godt vertskap då Øyriket i Romsdal inntok Molde 19. september. NR. 3 • 2015 INFORMASJON INNHALD 5 Aukra holdt sin første drakefestival i august. 6 12 Lillian Havnes er stolt sjukepleiar på Aukraheimen. Øyriket i Romsdal i byen. Ordføraren har ordet : 3 TV-aksjonen 2015 : 3 Støttekontaktar:3 Høyring av namneforslag : 3 Rådmannen har ordet : 4 Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid : 4 Ny tilsett : 4 Drakane kjem! : 5 Kulturminnedagen : 5 Jobben min : 6 TEMA: Demens : 7 Informasjon frå NAV Aukra : 8 Ny byggesaksportal på heimesida : 9 Aukra kulturskole : 11 Nye heimesider for skolane : 11 Øyriket 2015 : 12 Juniorsiden : 14 Trollmyra Barnehage 10 år : 15 Kommunestyre- og fylkestingval 2015 : 16 Planarbeid : 17 Nytt frå Aukra Næringsforum : 18 Barnehagane utdannar eigne tilsette : 22 Leikegrenda på Riksfjord : 22 Aukra ungdomsråd : 24 2 20 Romsdalspatrioten Steinar Melbø blir pensjonist. Vi skal vokte regnskogen … er bodskapen for årets TV-aksjon den 18. oktober. Innsamla pengar går i år til Regnskogfondet og skal hjelpe til å bevare eit regnskogsområde så stort som Noreg og Danmark saman. Regnskogen har eksistert i minst 60 millionar år, men den er blitt halvert sidan 2. verdskrig. Vi alle er avhengig av at regnskogen ikkje forsvinn. Den forsyner oss ikkje berre med mat og vatn, men også med medisinar, som vert utvikla på basis av planter og dyr som lever i regnskogen. Desse medisinar vert brukt til behandling av bl.a. kreft, malaria, hjartesjukdommar, bronkitt og tuberkulose. Regnskogen bidrar til å redde klimaet på kloden, har utroleg mange dyre- og plantearter og er heimen til 260 millionar menneske. Store delar av regnskogen er allereie forsvunne – for alltid. Menneske har ingen tid å miste. Kjære innbyggarar og «ambassadørar» Først av alt vil eg gratulere alle kommunestyremedlemmane i Aukra kommune med valet og vervet, som demokratisk valte representantar, og ønske kvar einskild lykke til i denne viktige jobben. Der skal vi arbeide for å kunne gjere det beste for våre innbyggarar og Aukrasamfunnet på ein god, framtidsretta og tillitsvekkande måte. Det er eg overtyda om at vi alle vil bidra til, med eit godt og konstruktivt samarbeid på alle plan. Mellom kl.16.00 og 18.00 er bøsseberarane på tur kring i kommunen. Ta dei godt i mot og hjelp Regnskogfondet nå sitt mål å bevare regnskogen for kommande generasjonar og for dei menneska som har denne skogen som sitt heim. Saman skal vi vokte regnskogen! På nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå er vi no vitne til antakeleg den største flyktningekatastrofen som rammar dei mange uskyldige. Denne utfordringa for å kunne gjere det beste ut av denne vanskelege og utfordrande situasjonen er eg overtyda om berre kan løysast, gjennom eit breitt og godt samarbeid mellom alle demokratiske nasjonar i og utanfor Europa. Støttekontaktar Aukra kommunestyre vedtok einstemmig i sitt siste møte 17. september i år, å gå imot regjeringas forslag om endringane av eigedomsskatteordninga for verk og bruk i norske kommunar. Utover hausten vert det haldne ein del møter og samlingar, der dei aktuelle kommunane som har vindkraft, industri, ilandføringsanlegg og kraftanlegg igjen vil vise våre haldningar og motstand mot dette lovforslaget. Dersom ein skal forsøke å tolke dei politiske signala som kom fram etter alle våre felles møter i løpet av sommaren, er det slik eg oppfattar det, berre Høgre og Framstegspartiet som fortsatt ønskjer å ville fjerne denne rettmessige kommunale ordninga, når denne saka eventuelt vert lagt fram til stortingsbehandling. Aukra kommune har behov for støtte kontaktar til barn, vaksne og eldre. Støttekontakten er ein hjelper som gjer det mogleg for deltakaren å ta del i aktivitetar i fellesskap med andre: t.d. å gå på konsert, trene, gå tur eller berre prate over ein kopp kaffi. Om du kan tenke deg å vere støttekontakt ta kontakt med: avdelingsleiar Bergtun, Wenche Småge tlf. 71 17 30 02, avdelingsleiar Heimetenesta, Linda Eckhoff, tlf. 71 17 14 20 eller rådgjevar pleie og omsorg, Åse Breivik, tlf. 957 39 281. Kommunereforma: Aukra kommune vil etter ønske og vedtak i kommunestyret gjennomføre fleire folkemøter utover hausten 2015, og i tida fram til juni 2016, der kommunereforma som alle kommunane er pålagt å gjennomføre, vert sett på dagsorden. Kommunestyret som no vert avløyst av det nye, trur eg også vil ønskje ei rådgivande folkeavstemming før Aukra kommunestyre innan 1. juli 2016. Då kan dei gjere sine endelege vedtak i saka om kommunesamanslåing. Du kan og ta kontakt via e-post: [email protected]. Merk e-posten støttekontakt. Vi har den siste tida sett og høyrt mange grufulle historier frå dei som vert utsett for mobbing over heile landet. Dette er ein total uakseptabel oppførsel for dei som står for denne ugjerninga. Eg oppmodar oss alle til å bidra der vi ferdast og deltek i forskjellige samanhengar, om å ta klar avstand og ha null toleranse på dette området. Eg trur ikkje dette problemet i Aukra kommune verken er verre eller betre enn i andre kommunar, men eitt tilfelle av mobbing, er eitt for mykje. Høyring av namneforslag Aukra kommune arbeider med adressering av Mevoldfeltet gnr/bnr 21/3. Namneutvalet har foreslått namnet «Langnesvegen». Eventuell forslag/merknader sendast til: [email protected] eller Aukra kommune, Aukraringen 25, 6480 Aukra. Fristen er sett til 27.10.15. Då gjer vi oss vel klar til å ta imot hausten og det som den medfører av sysler, sansar og mørkare kveldar. Og for den av oss som ikkje likar hausten, er det ikkje lenge til den neste årstida står for tur. 3 RETT TIL REDUSERT FORELDREBETALING OG GRATIS KJERNETID I BARNEHAGEN Nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen for hushaldningar med låg inntekt frå 1. mai 2015. Barnehagar i Noreg, private og offentlege/kommunale, skal frå 1. mai 2015 ikkje ta meir i brukarbetaling enn 6 % av hushaldninga si samla skattbare inntekt. Det vil seie at om samla inntekt er lågare enn kr 473.000,-, så har familien rett til redusert månadleg betaling for barnehageplassen. Dersom inntekta til hushaldninga er lågare enn kr 405.000,-, har barn på 4 og 5 år (og barn med utsett skolestart) rett til 20 timar i veka gratis kjernetid i barnehagen. Kjernetida i barnehagen i Aukra er frå kl. 10 – 14 kvar dag i veka. Rådmannen For meir utførleg forklaring av ordningane viser vi til informasjon på Utdanningsdirektoratet sin nettside www.udir.no, søk etter «Foreldrebetaling» og «Moderasjonsordningar foreldrebetaling» Dersom de har spørsmål om ordningane kan du/de rette dei til den enkelte barnehage. Vi ber dei som meiner at dei fell inn under ei eller begge ordningane om å melde frå til kommunen anten på telefon (71 17 15 00) eller e-post [email protected] Vi vil då ta kontakt og saman med dykk sjå på ordningane og kva rettar de eventuelt har. Å vere leiar er eit stort ansvar, du skal vere glad å arbeide med - og saman med dine medarbeidarar. For min del er det ei spanande oppgåve. Det å sjå heilskap og samanheng har over fleire år vore eit «mantra» for heile kommuneleiinga. Leiarane sine kunnskapar og erfaringar skal vere med på å bygge Aukra kommune no og framover. Eit leiaransvar har også dei politisk valte representantane i kommunen vår. Dei er sett til å fatte vedtak, prioritere mellom ulike dilemma og ikkje minst ha eit leiaransvar overfor rådmannen med sin administrasjon. NY TILSETT: Det er med spaning vi no tek fatt på ei ny «periode», fleire politikarar er kjende medan andre ikkje har vore i kommunestyre tidlegare. Ingrid Ilestad Kulturen i ein «organisasjon» er viktig. Korleis vi skal passe til kvarandre, korleis vi skal vise omsyn og respekt og korleis vi skal få oppgåvene gjort. Dette skjer på ulikt vis i alle grupper og organisasjonar. Det er viktig å kjenne sitt eige ansvar i slike høve. I administrasjonen arbeider vi med å dele ansvar og å fullføre oppgåver, slik er det også i alle politiske utval. Som rådmann ser eg sjølvsagt fram til å legge fram forslag til budsjett for 2016, eit stort og krevjande arbeid som er godt i gang i kommuneadministrasjonen. Rådmannen har fått klare signal frå politikarane på at vi skal arbeide vidare med kostnadsreduksjonar. Eg ser det er ei stor vilje for å få dette til. Det er rådmannen sitt ansvar å greie ut sakene slik at dei politiske vedtaka vert gjort på eit så godt grunnlag som muleg. Arbeidet til administrasjonen blir då å utføre «bestillinga» frå politikarane. Slik er arbeidsfordelinga, og den er klar og tydeleg. Eg er 35 år, er gift og har to barn som går i 1. og 2. klasse. Eg er fødd og oppvokst på Gossen. Eg har mastergrad i miljøgeologi frå NTNU og eitt år med biologifag frå Høgskulen i Ålesund. Eg har arbeidd i Miljødirektoratet ei kort periode og har 4 års erfaring frå Statens vegvesen. Der jobba eg med drift og vedlikehald av kontraktar på regionalt nivå. Eg starta som saksbehandlar i Aukra kommune i mai i år. Eg synest det er veldig kjekt å jobbe i Aukra kommune. Eg er serviceinnstilt og trivast godt med mange telefonar og publikum som stikk innom kontoret med spørsmål. Bonusen er at eg blir godt kjent i kommunen, både med folk og lokalgeografi. Innimellom saksbehandlinga prøvar eg å sette meg godt inn i plan- og bygningslova og anna relevant regelverk. Det administrasjon - og heilt sikkert også politikarane ventar litt utålmodig på no - er svaret frå konsulentane om kostnad på prosjektet Kjerringsundet. Om dette skal bli ein realitet, bør kommunen absolutt vurdere kva som skal setjast i gang av nye prosjekt i dei næraste åra. Vi vil måtte setje av eit stort beløp av eigedomsskatteintekta. Det er muleg om vi verkeleg vil, og om kostnadane på prosjektet er slik at kommunen kan makte dette økonomisk. Før jul i 2015 har vi svaret. På fritida går det mest i å følgje opp barna og deira aktivitetar. Eg er også engasjert som sekretær i FAU, noko eg synest er givande. Elles likar eg å trene, og sett stor pris på ein fjelltur eller padletur når veret tillet det. Det er sjølvsagt at vi då får behalde eigedomsskatten på verker og bruk. Om den fell vekk, vil det vere umuleg å gjennomføre prosjektet. Det vert spanande kva som vert bestemt i stortinget om denne saka. Dette veit vi om ikkje så alt for lenge. Aukra kommune gjer ein flott jobb i arbeidet med å ta i mot flyktningar. Der er noko å vere stolt av. Eg vil rette ein stor takk til dei mange innbyggjarane i Aukra som gje tilbod om hus og rom til leige. Kommunen har fått tilbod om fleire leilegheiter og hus, ikkje alt kan nyttast no. Dette har ført til at vi rett og slett er skikkeleg gode på å effektuere mottak av flyktningar i vår kommune og det kan vi gratulere oss sjølve med! 4 KULTUR DRAK ANE KJEM! Den 21. - 23. august gikk Romsdal sin første drakefestival av stabelen i Røabukta på Gossen. Drakemeister Sveinung Dybvik, kom opp frå Sola, kor han er sjef for Sola-drakeklubb og har arrangert drakefestivalar i over 30 år. Fredag var det opplæring av kurshaldarane, kor fokus var slededrakar, ein god nybegynnardrake, som flyg i dei fleste forhold. Laurdag var det kurs for store og små. Det var ein enorm pågang, så ekstra kurs måtte setjast opp for å få med alle. Til saman blei det laga over 100 drakar på kurset. Søndag var alle store og små drageentusiastar samla i Røabukta i strålande vêr. Velforeninga på Rød gjorde ein kjempe innsats med mat og forfriskingar, levande musikk og fantastisk stemning. Håpet er at dette blir ein årleg tradisjon, og ambisjonane for neste år er høge. Fleire drakar på kursmenyen og fleire kurshaldarar. Blei du bitt av basillen, finn du den nystarta interessegruppa «Aukra drageklubb» på Facebook. KULTURMINNEDAGEN OG PÅ TUR MED ORDFØRAREN På dette årlege arrangementet ønskjer kommunen å samarbeide med frivillige lag og organisasjonar. Aukra er heldige som har mange flinke og aktive velforeiningar. I år var det Løvik og Skarshaug vel som sto som arrangør. Løvikremma var eit flott utgangspunkt for turen som gjekk på stiar i Løvika, til Purkeneset med retur. Bernhard Riksfjord var på plass og ønska velkomen til forsamlinga som var på om lag 50 personer. Alle hadde nok ønska seg fleire deltakarar, særleg velforeininga som hadde laga kaker til eit heilt kompani. Arve Oterhals fortalde frå krigens dagar. Han har stor kunnskap om dette temaet og fortalde skildringar om personar som var her under krigen. På vegen til Purkeneset gjekk vi innom ein stor bunkers som velforeininga hadde rydda og lyssett. Stiane til purkeneset er nyleg sett i stand, så ein kan gå tørrskodd heile vegen. 5 JOBBEN MIN: Lillian Havnes Eg er stolt sjukepleiar ved Aukraheimen. Eg er relativt fersk i både jobben og i yrket. For å kunne kalle seg sjukepleiar må ein fullføre ei fullføre ein bachelorgrad i sjuke pleie, for så å søkje staten sitt autorisasjonskontor for helsepersonell om autorisasjon. Eg fekk min 11. juni i år. Nøyaktig fire dagar seinare begynte eg i ny jobb i Aukra kommune. gode stunder og gode augneblink, bringe fram smil i all fortviling, skaper tryggleik, stønad, motiverer, pratar og trøyste der det er nødvendig. Mine pasientar har levt eit langt liv. Dei har visdom og erfaringar. Som sjukepleiar og medmenneske er eg heldig når dei deler desse minna og erfaringane med meg. EIT FAG I UTVIKLING Sjukepleiefaget er i konstant utvikling. Det blir jobba mykje med forsking og kunnskapsbasert praksis. Takket vere teknologien har vi mange hjelpemiddel i kvardagen i dagens sjukeheim, som eg er veldig glad for. Likevel er det nokre arbeidsoppgåver som berre kan utførast av medmenneske, derfor syna sin eg det er viktig at Aukra kommune framleis sørgjer for god rekruttering av fagkompetanse i framtida. Både før, under og etter utdanninga har eg via medier høyrt om utfordringane som møter oss i eldreomsorga, og kor tungt det til tider kan vere. For meg er det med ei stor ære å jobbe innanfor eldreomsorga i kommunen. Dersom somme spør meg om kvifor eg har valt å utdanne meg til sjukepleiar, var min fyrste tanke at det må ha vore tilfeldig, men etter å ha tenkt meg om ser eg at det ikkje er så tilfeldig som fyrst tenkt. Fyrste gong eg sat mine bein innanfor ei sjukeheimsavdeling var då eg som 16. åring fekk meg sommarjobb som reinhaldar. Lite viste eg at etter desse fem vekene skulle eg ha bestemt meg for karriereveg. Den sommaren beundra eg sjukepleiarane som jobba der. Det inspirerte. Eit brennande engasjement blei tent i meg, ein dag skulle eg kalle meg sjukepleiar. Med tida fekk eg meg jobb som pleiemedarbeidar på eit omsorgssenter i heimkommunen, mens eg fullførde studiespesialisering på vidaregåande. I 2011 starta eg på sjukepleiarutdanninga ved Høgskolen i Sør Trøndelag. Etter ein liten barselpermisjon midt i, fullførde eg utdanninga ved Høgskolen i Molde no i juni. MENNESKEVERDET I SENTRUM Ein stor del av kvardagen som sjukepleiar byggjer på omsorg, pleie, helsefremjande og førebyggjande arbeid. Det er også viktig at pasientane sin integritet og verde blir oppretthaldne på best mogeleg måte. For meg er det viktig at sjukepleia som eg utøver blir basert på omsorg og respekt for pasienten sitt grunnleggjande behov, med ein god fag kompetanse i botn. Ein stor del av kvardagen vår består også av prioritering av ressursar, effektivisering, koordinering, dokumentasjon, tverrfagleg samarbeid og samhandling mellom ulike nivå og sektorar slik at pasientane våre får god helse, gjenvinn sjølvstendet sitt eller får ein verdig død. Kvardagen er ofte prega av faste rutinar, men som sjukepleiar må ein vere førebudd på at desse kan forandrast, akutte situasjonar kan oppstå. Å vere fleksibel blir derfor ein del av «gamet». GODE KOLLEGAER, GODT SAMHALD I skrivande stund har eg snart vore sjukepleiar i 3 månader. Dette har vore hektiske månader å vere nytilsett i kommunen. Det har vore ferieavvikling og mykje av det faste personalet har ikkje vore tilstade. Samtidig har det teke tid å venje seg til den nye rolla mi som sjukepleiar. Sjølv om mykje av utdanninga vår byggjar på kunnskap vi har opparbeidt oss i praksisfeltet, er det ein del ting som må kome med erfaring. Det har vore ein krevjande periode med mange nye arbeidsoppgåver som følgjer med stillinga. Det at Aukraheimen er lokalisert i eldre lokale, ser eg også kan til tider vere utfordrande. Det er derfor med stor glede og spenning at det er vedteke å byggje nytt. Det vil nok vere med å utvikle fagkompetansen vår i framtida og sikre at vi kan tilby kommunen sine innbyggjarar ein enda betre teneste i framtida. Til slutt må eg må takke dei trivelege kollegaene mine som har teke meg i mot med opne armar. Det er eit flott samhald på arbeidsplassen vår. Av dykk lærer eg noko nytt kvar dag. Saman har de ein høg fagkompetanse som byggjer på kunnskap og erfaring. Sjølv om eg er ferdig utdanna sjukepleiar, er eg ikkje ferdig utlært. Eg håper og trur at Aukra kommune vil vere ein plass kor eg får utvikla brei fagkompetanse i framtida. EIN TITTEL SOM HENG HØGT For meg er tittelen sjukepleiar ein tittel som heng høgt, men også ein tittel som inneber eit stort ansvar. I dag er eg stolt over å kunne kalle meg sjukepleiar. Samtidig er det med stor takksemd og audmjuke eg tek fatt på jobben som sjukepleiar ved Aukraheimen avdeling Sørbo. Dette er ei sjukeheimsavdeling med 16 korttid/langtidsplassar samt ei lindrande eining for palliasjon i livet sin sluttfase. Kvifor eg akkurat valde Aukra kommune som arbeidsgivar byggjer mykje på praktiske årsaker som er nærleiken til arbeidsplassen, då eg ikkje ønskte å pendle kvar dag. Det at dei også kunne tilby meg 100 % fast stilling var avgjerande, då mange i vårt yrke ofte jobbar uønskt deltid med låg fast stillingsprosent. Dersom du spør meg om kvifor eg valde sjukepleiaryrket, er det nok fleire grunnar til det, men hovudgrunnen er pasientane, då dei er det viktigaste for meg. Mange av pasientane på ein sjukeheim er personar med ein demensdiagnose. For meg er det viktig at sjukepleiar er tilstade, skapar DRØMMER DU OM HØYFJELLET? Et selskap i MIFO-gruppen STERK-/SVAKSTRØM Bolig • Industri • Skip • Internkontroll Kontortelefon: Telefax: 71 27 88 70 71 27 88 71 Vakttelefon: 71 27 88 75 E-post: [email protected] Mobiltelefoner: Jofred Skogvoll: 982 43 660 Jostein Stormyr: 982 43 659 Magne Heggdal: 982 43 658 Steffen Sandnes: 982 43 661 Horst Wichmann: 982 43 664 [email protected] | tlf: 99 69 80 15 | www.felt24.no 6475 Midsund • www.sund-elektro.no 6 DEMENS SAMAN I AKTIVITET OG GLEDE Aktiv omsorg er omtalt i Aukra kommune si Omsorgsplan 2020. Det står: «Aktivitet skal vere ein raud tråd i alt omsorgsarbeid i Aukra. Kultur, aktivitet og trivsel bør vere heilt sentrale og grunnleggande i eit heilskapleg omsorgstilbod. Engasjerte medarbeidarar ved Aukraheimen ønska å betre aktivitetstilbodet for bebuarane, og prosjektet «Saman i aktivitet og glede» kom til. Den nyetablerte Nasjonalforeningen Aukra demensforening har og satt aktivitet og meiningsfulle opplevingar for personar med demens på dagsordenen. Dei er med sitt engasjement og kunnskap ein viktig medspelar i dette arbeidet. I Aukra har vi eit landskap og terreng som er som skapt for sykling. Vi ønskjer å medverke til at dei som bur og lever på Aukra heimen, også skal få lov til å glede seg over ein sykkeltur, og å kjenne vinden i håret, lukta av nyslått gras eller sjå påskeliljene blomstre. For å få dette til treng vi egna syklar. Fleire sjukeheimar i Oslo er allereie godt i gang med sykkelturar, og erfaringane er gode. Eit sitat frå ein av bebuarane som hadde vore på tur var «No kjenner eg at eg er i live!», andre beskreiv opplevinga som eventyrleg. Ein biltur er ikkje det same, det å kunne stoppe opp i omgivelsane, klappe ein hund lukte, sjå barn som leiker -det gjer ein god følelse. Gode opp levingar sett seg i kroppen, sjølv om hukommelsen kanskje ikkje er som før. El-syklane som er aktuelle er såkalla rickshaws. Dei er stabile, har tre hjul, ein elektrisk hjelpemotor og har sete i front med sitteplass for to personar. I tillegg er det fastmontert kalesje og regntrekk, så dei kan nyttast uansett vér! El-syklane kan køyrast av personale, på rørande eller frivillige, med bebuarar frå Aukraheimen som passasjerar. Brukarar av heimetenester eller dagtilbod vil òg kunne nytte seg av syklane. Om det er nokon som ønskjer å bidra, så er dei hjerteleg velkommen til det. Vi treng økonomisk støtte for å skaffe syklane og vi treng frivillige som vil sykle! Om ein ønskjer å støtte denne saka, kan ein nytte Aukra demensforening sin konto 3910 53 34587. AUKRA DEMENSFORENING Aukra demensforening er no danna. Dette er eit lokallag av Nasjonalforeningen for folkehelsen, som er ein frivillig humanitær organisasjon, som jobbar med forsking, informasjon, førebyggande tiltak og helsepolitisk arbeid til det beste for personar med demens og deira pårørande. Frå venstre: Dagleg leiar Else Marie Gulseth, Mary Ann Hammerø, Torunn Edøy og Inger Lyngvær Aukra demensforening vil arbeide for auka openheit og kunnskap om demens i lokalsamfunnet. I samarbeid med Aukra kommune, vil det bli arrangert opne møter og pårørandeskole. Elles vil Aukra demensforening arrangere hyggelege aktiviteter og sosiale møteplassar for personar med demens og deira pårørande. Foreininga ønskjer og å få til eit godt samarbeid med Aukra kommune for å medverke til gode kommunale tilbod og tenester. Aukra demensforening vert starta opp av engasjerte personer i lokalsamfunnet som ønskjer å gjere ein forskjell for dei som har demens eller er pårørande. Foreininga ønskjer seg fleire medlemmer, ein kan melde seg inn på Nasjonalforeningen for folkehelsen sine nettside, www.nasjonalforeningen.no, eller ein kan sende e-post til [email protected]. 7 INFORMASJON FRÅ NAV AUKRA Leiger du privat eller kommunal bustad med tidsavgrensa leigetid, kan kanskje Husbanken sine låne- og tilskots ordningar bidra til at du kan kjøpe/bygge deg din eigen bustad og bu trygt og godt. Tilskot til etablering skal bidra til å skaffe eigna bustadar for vanskeleg stilte på bustadmarknaden. Tilskotet kan og nyttast til å sikre at vanskelegstilte kan bli buande i eigen bustad. STARTLÅN Tilskot til etablering kan gjevast til enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot. Kven kan få startlån?: zz Du har hatt/har langvarige problem med å finansiere eigd bustad. zz Du må ha nytta deg av moglegheita til sparing etter at nødvendige utgifter til livsopphald er dekka. Tilskot til tilpassing skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne skal få ein bustad som er eigna å bu i. Eldre som ønskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak er også i målgruppa. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot vert vurdert i sin heilheit ut frå husstanden sin økonomiske situasjon. Startlån kan vere ei moglegheit dersom du ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar, eller ikkje får tilstrekkeleg lån til å finansiere eigd bustad. For å få startlån må du kunne betene lånegjelda di over tid, og framleis ha nok til nødvendige utgifter til livsopphald. Meir om tilskudd til etablering og/eller tilpassing finn ein på Husbanken sine sider www.husbanken.no/tilskudd/ Er det born i husstanden, eller særlege sosiale- og/eller helsemessige utfordringar, skal det takast omsyn til dette i vurderinga av søknaden. Slik søkjer du: Søknaden skal sendast til Aukra kommune v/NAV Aukra, Aukraringen 9, 6480 Aukra. Det er ikkje søknadsfrist på tilskot, men det er avgrensa midlar til disposisjon. Du kan få startlån til: zz Kjøp zz Utbetring zz Oppføring av bustad (topplån) Har du spørsmål om tilskot, ta kontakt med NAV Aukra, tlf. 55 55 33 33/ e-post: [email protected]. Dersom du har problem med å betale bustadutgiftene dine, kan kanskje refinansiering med startlån vere ei aktuell løysing. BUSTØNAD Kven kan søkje: zz Du må vere fylt 18 år. Personar i førstegongsteneste kan ikkje søkje. Bustaden det vert søkt om lån til skal vere eigna for husstanden, nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået på staden. Startlånet kan gjevast som topplån, der private eller Husbanken gjev grunnfinansiering. I enkelte høve også som fullfinansiering. Er du student er det eigne kriteriar, sjå www.husbanken.no eller kontakt NAV Aukra. zz Bustaden din må vere ein heilårsbustad med eigen inngang, bad/ toalett, opphalds-/kvilerom og moglegheit for matlaging - kjøkken/ kjøkkenkrok. zz Alle i bustaden må vere registrert på bustadadressa i Folkeregisteret den 1. i den månaden det vert søkt om bustønad for. Meir om startlån finn ein på Husbanken sine sider: www.husbanken.no/startlaan/ Slik søkjer du: Søknaden skal sendast til Aukra kommune v/NAV Aukra, Aukraringen 9, 6480 Aukra. Det er ikkje søknadsfrist på startlån. Har du spørsmål om startlån, ta kontakt med NAV Aukra, tlf. 55 55 33 33/ e-post: [email protected]. Slik søkjer du: Du kan søkje elektronisk eller på papir. Du finn begge skjema på www.husbanken.no. Fristen for å søkje er den 14. i kvar månad. Papirsøknad, som du også kan få frå NAV Aukra, skal du sende til Aukra kommune v/ NAV Aukra, Aukraringen 9, 6480 Aukra. TILSKOT TIL ETABLERING OG/ ELLER TILPASSING AV EIGEN BUSTAD Har du spørsmål om bustønad, ta kontakt med NAV Aukra, tlf. 55 55 33 33/ e-post [email protected]. Aukra kommune har framleis frie tilskotsmidlar til vidaretildeling. FAST SPARING? Ta kontakt, saman finn vi den spareforma som passar best for deg. Litt er nok! Barbro Tlf. 930 32 933 Nils Arve Tlf. 915 43 185 Ann Iren Tlf. 476 34 461 Mary Ann Tlf. 958 87 989 8 NY BYGGESAKSPORTAL PÅ HEIMESIDA Aukra kommune har fått ein ny byggesaksportal på heimesida. Vi har samla det som finnest av informasjon om byggesak, slik at det skal vere lettare for deg som innbyggar å finne fram. Her finn du mellom anna informasjon om korleis ein skal søke, kva for byggjeprosjekt som ikkje treng søknad, kart, skjema og gjeldande takstar. Menypunktet «Regulerings planar» er ikkje ferdig, men vi jobbar med saka. Før du tek til med eit byggeprosjekt, bør du finne ut om du må søke om løyve. Endringane i byggesaksforskrifta inneber at det er ein del du må setje deg inn i før du kan byggje. Det er likevel framleis høve til å søkje om byggjeprosjekt sjølv om desse ikkje er søknadspliktige. Er du i tvil, kan du ta kontakt med kommunen på tlf.nr. 71 71 15 00. Når byggeprosjektet er ferdig, må du melde frå om det til kommunen slik at det blir teikna inn i kommunen sine kartdata. Meir om dette finn du på byggesaksportalen. Portalen finn du nedst til venstre på hovudmenyen under punktet «Byggesak» eller scan QR-koden under: ET! NYHnental i Cont ntact 2 o IceC lager på SEND SOMMERDEKKENE DINE PÅ HOTELL – OG SKO BILEN MED VINTERDEKK I TIDE La oss ta hånd om sommerdekkene dine. Her ligger de trygt og godt til våren kommer, da bytter vi tilbake igjen og gjør det samme med vinterdekkene. Enkelt og greit. Vi har vinterdekk med og uten pigg fra norgesfavoritten Continental. Vi vet når du skal ha EU-kontroll, kontakt oss allerede idag! AUKRA BIL DIN LOKALE LEVERANDØR AV VERKSTEDTJENESTER Vi gjør BilLivet enklere 9 Åpningstider: Alle hverdager 07.30-16.00 Tlf. 71 17 19 00 LUTEFISK & KLIPPFISK AFTEN 23. oktober og 13. november Begrenset antall plasser – kun bordreservasjon RESERVASJON: Tlf 71 17 11 80 [email protected] KO M M U N ANNONSERE I KOMMUNEAVISA? EAVI SA EAVI SA EAVI SA KO M M U N KO M M U N God jul! TEMA: orm Komm uneref Ta kontakt med Berit Breistrand tlf.: 404 01 782 eller [email protected]. Au kradagen N INFORMASJO 2015 med vinnar d Riksfjord Ordførar Bernhar ring, Aukra kystlag. av Årets Aukravæ N INFORMASJO N INFORMASJO 014 NR. 3 • 2 015 NR. 1 • 2 015 NR. 2 • 2 10 AUKRA KULTURSKOLE HAR LEDIGE PLASSAR PÅ FØLGJANDE TILBOD: Aukra kulturskole søkjer born og ungdom frå h eile verda som har flytta til Aukra og som kan tenkje seg å være med i ei musikalsk framsyning. der born og ungdom frå heile verda deltar. Framsyning av «Fleire Fargar» vert laurdag 24.04.16. Sett av datoen, dette blir ei oppleving alle berre MÅ få med seg! Kulturskolen skal våren 2016 sette opp «Fleire Fargar» som er eit multikulturelt kunst prosjekt For meir informasjon om Fargespill og Fleire Fargar sjå www.fargespill.no. zz Fiolin og Cello. zz Klassisk, jazz og moderne dans. (Vi har også tilbod om dans på Julsundet) zz Tverrfløyte. zz Klarinett og saksofon. zz Intro (Gruppe 6-8 år. Praktisk grunnopplæring i musikk med hovudvekt på rytmikk og perkusjon.) Kan tenkje deg å være med eller vite meir om prosjektet så ta kontakt med kulturskolen på: E-post: [email protected], Miriam Venås, mobil: 984 05 406 eller Malin Solberg, mobil: 932 66 609. Tilbodet «Intro». NYE HEIMESIDER FOR SKOLANE Ved skolestart lanserte både Gossen barne- og ungdomskole og Julsundet skole nye heimesider. Desse skal gje deg eit innblikk i livet på skolen, og samtidig vere ein informasjonskanal. For å finne desse sidene må du gå på «Skole» i hovudmenyen. Der kan du klikke deg inn på den einskilde skolen frå venstremenyen. ODD SMÅGE AS M A S K I N E N T R E P R E N Ø R Vi produserer alle typer masser på Aukra. Ta kontakt med oss i dag for levering! EKH.no – strekker seg enda litt lengre Strøsand til vinteren? Tlf. kontor: 4000 6462 • [email protected] • www.oddsmaage.no 11 ØYRIKET 2015 Øyriket i Romsdal har no fått ein tradisjon på å flytte inn til byen ein dag i løpet av hausten. Også i år blei området på Gørvellplassen fyllt med liv og røre med representantar frå øykommunane i Romsdal. Både lokalt næringsliv og kommunane sjølv fikk vist seg fram, sjølv om vêret kanskje ikkje var det beste. i Aukra, ngforaene ei tre Næri den offisielle d r fo e n d for Leiara Sandøy sto Misund og yriket i By`n. Ø opninga av Sjølv om vêre t folket til mar kanskje ikkje var så bra, st knaden på G ørvellplassen røyma . na ble Bålpan . n r popco kt til å gen bru gan i denne jef d, økonomis gunn Misun id H. Rimstad In t en ul ns Personalko dmann Ingr nblikk i kva augvik og rå in Erna L. Varh for å gje publikum eit p stilte villig op e har å by på. un Aukra komm Som seg hø imot i by r og bør blei Øyri en av ord k førar Torg et teke godt eir Dahl. lage et mest nskje d ar var ka ncho Gule po t. ge klesplag populære Friluftsråd et stakk se g ut med St ikk Ut. Sander Sven dsen og Eiri k Hæstad re MFK denne presenterte dagen. ommane otte ungd anna in av dei fl e m r llo va e d m an te rl Emilie Veie til på dagen. Ho skap s til publikum. p te ro lp d je t h u som dele ing med å god stemn 12 KULTURKONSERT PÅ TEATRET VÅRT Aukra var godt representert på Kulturkonserten som fant stad på Teatret Vårt. I to og ein halv time fekk publikum fylt øyra med vellyd frå over 30 artistar frå heile Øyriket. funky med eit showet Tangen frå a n p o d te storban alistane Mere ik frå Aukra. Øyriket v vok augv a h r ia a V le , y Jonn smell og Arnt Misund Konferansiera r fo Gunnar Kvalsu r kvelden var Anne Iverse n og nd. Dei leia os s med både hu mor og god in gjennom kvelden formasjon. e, som tolk sk ensembl klassi TRIO er eit o. og tang a både vals Fredrik Ra knes tolka mange kje strålande nde låtar måte. på ein g heim o l Spors gossisk ti je K t s d o ali ed vok presenterer g nge kjenner , her m a re Strie Tie erje Ræstad kale tekstar m T gitarist disjon, med lo a skrivetr i. n je ig g se Johanna K ir Heim gav keland med John R oss kjend e låtar av eitan og Walter B. høg kvalit et. 13 e nydelig med to . ik v r o T Arne Therese Lech og lodi av Therese e tekst og me d med bå låtar KAKAO med A tl god fo rteljarte e Ødegård i sp sin vise knikk, o jazz. g trollb issen har ein ind pu s blikum jeldan med nserten en avslutta ko nar av Fistelsprekk jo t rs re ve ko e te am nu Årek moros denne rt med sine på Teatret Vå Stemninga gikk i taket av ar. kjende song a. ng ni ut sl av JUNIOR SIDEN Har du te ikningar, vitser eller ann a du vil h a med på Juniorsid en? Send en e -post til jata@auk ra.komm une.no eller ringe tlf 71 17 1 5 14 Øyriket i By`n hadde mykje å tilby publikum, så også dei minste. Ein kunne få smake mykje spanande mat og ta del i ei øyhopping, i kanskje ein litt mindre skala. Tidleg på da gen måtte ei n til med re øyvasking. tt MFK bua var po pulær for dei fle og slett litt ansk Ein må k a i ansiktet. lik å bli mal rn som Ikkje berre ba Blei no k ein k atteva sk ut a r ein kan rabbe fø eg (å) k je lære s gå. ogleg å Det var m fasongar. Ville du teikne kunne du få lov v dette . ga erhaldnin tt av und 14 ar og t i alle form få ansikte til det. d for li korps sto Skole Gossen n. frå scene ste. Korleis fi n med øyh ne fram på øya ne opping i liten ska ? Her var det m ogleg la. TROLLMYRA BARNEHAGE 10 ÅR Torsdag 10. september feira Troll myra Barnehage Aukra AS 10 gjennomførde år. Dagen markerte vi med hoppeslott, som var veldig stor stas. Vi åt pizza og hadde sjølvsagt bursdagssamling for 10-åringen. På ettermiddagen spanderte vi marsipankake på dei som kom for å hente barna sine. Vêret var flott, så vi koste oss ute med god kake og hoppande barn. Vi hadde også gjesting av nokre av barna som gjekk her det året vi starta opp, og det var veldig kjekt! Men det viste oss at vi faktisk har heldt på ei stund sidan desse barna har blitt ganske store. I alle desse ti åra har vi vert så privilegert å hatt utruleg flotte tilsette. Nokre av barna som starta her i 2005. Bursdagssamling for 10 åringen med bursdagssong og rakettar. Det har stort sett vert den same gjengen heilt frå starten, det er ein veldig stor grunn til at vi trivst så godt i Trollmyra og at vi framleis er i drift. I tillegg har vi hatt fleire fine tilsette innom i løpet av åra, dette er vi veldig takksame for. Etter ein enorm dugnadsinnsats våren 2005 så kunne vi starte i nyoppussa lokale i Breivik Bedehus i august 2005. I starten leide vi 1. etasjen av Breivik Bedehus, og i 2008 kjøpte vi huset. Vi har alltid vert liten med berre ei avdeling for barn i alderen 1-3 år, men i år har vi berre 1 og 2 åringar. Vi trivst godt med å vere ein liten trygg base for dei minste barna. Marsipankaka. Sidan oppstarten har vi hatt 64 barn innom og alle har sett så fine spor på både barnehagen og personalet. No er vi i gong med det 11. året og gleder oss til framhaldet! Årets kull med eigarane samla i hoppeslottet. R YOB I-KAMPANJ E! Ryobi drill med lader og 1 stk 1,5AH batteri KUN 999,- Vi har Ryobi One Pluss System som lar deg bruke samme lader og batteri på 50 forskjellige produkter! (alt fra verktøy til hageredskaper) Denne drillen er en fin startpakke for den som vil komme i gang. Da har man lader og batteri og kan kjøpe til de andre verktøyene etterhvert. 08 - 17 (09 - 14) 15 14. 15. t Kandida KOMMUNESTYRE- OG FYLKESTINGVAL 2015 Den 14. september vart det gjennomført kommune styreval og fylkestingval. eddelnr felt for ev. stemmes lnr esedde v. stemm felt for e felt for ev. seddel id På valdagen møtte 993 gossingar og 330 julsundingar opp i vallokala for å stemme. Dei fleste valde å stemme både på kommunestyrevalet og fylkestingvalet. Totalt vart det tatt i mot 2.653 stemmegjevingar på valdagen. KVEN KUNNE STEMME? zz Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2015 og som er, eller har vore, registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg. zz Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av 2015, og som har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg seinast 30. juni 2015. zz Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2015, og som har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. DET NYE KOMMUNESTYRET Nedanfor følgjer ein oversikt over kven som er medlemmar i det nye kommunestyret i komande periode. Tabellen er sortert etter parti. I neste kommuneavis vil vi presentere alle representantane ytter legare. I det konstituerande kommunestyremøtet 15. oktober vert det val av ordførar og varaordførar. Det blir også vedteke representantar som skal vere i formannskapet, drifts- og arealutvalet, livsløpsutvalet og kontrollutvalet. I tillegg skal kommunestyret velje representantar i andre råd og utval. LITT STATISTIKK I Aukra kommune hadde 2.577 personar rett til å stemme ved valet i 2015. Av desse valde 1.323 personar å stemme på sjølve valdagen og 310 under førehandstemmeperioden. Totalt 1.633 av dei stemmeberettiga nytta stemmeretten sin, dvs. eit frammøte på 63,3 %, som er ein liten nedgang samanlikna med 2011, der frammøte var på 65,5 %. Dersom du ønskjer å lese meir om kommunestyrevalet og fylkestingvalet, finn du informasjon om dette på heimesida (www.aukra.kommune.no). I førehandsstemmeperioden hadde kommunehuset besøk av 271 personar som ønskja å stemme på førehand. Dette var personar som anten budde i Aukra kommune (257) eller var busett i ein annan kommune (17). I tillegg hadde 53 aukraværingar vald å stemme frå ein annan kommune. Desse setlane vart sendt til Aukra kommune via posten. Totalt registrerte valmedarbeidarane 327 stemmer under førehandstemmeperioden. Ca. 11,8 % av dei stemmeberettiga i kommunen nytta mulegheita til å førehandstemme i perioden 1. juli til 11. september. DET NYE KOMMUNESTYRET NAMN PARTI Bernhard Riksfjord Audhild Mork Katrine Rindarøy Rolf Harald Blomvik Kevin Solem Anne Elin Øverbø Berit Cesilie Bytingsvik Odd Jørgen Nilssen Ingebjørg Nergaard Ole Rakvåg Baard-Andrè Fanghol Amalie Sandøy Helge Kjøll Arne Hjelmås Oddvar Hoksnes Heidi Evelyn Løklingholm Rune Stig Skeide Rita Rognskog Olav Myrseth Oterhals Grant Johansen Solem Pål Terje Huse Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Arbeiderpartiet Høgre Høgre Høgre Høgre Høgre Kristeleg Folkeparti Kristeleg Folkeparti Kristeleg Folkeparti Senterpartiet Senterpartiet Venstre Venstre Framskrittspartiet Aukralista KVOTIENT TOTALT TAL STEMMETILLEGG OG PERSONSTEMMER REPRESENTANTNR. 7 836,43 3 657,00 2 194,20 1 567,29 1 219,00 997,36 843,92 6 107,14 2 850,00 1 710,00 1 221,43 950,00 3 044,29 1 420,67 852,40 2 022,86 944,00 1 717,14 801,33 1 519,29 1 313,57 440,75 273,75 95,00 81,00 46,00 32,00 30,00 386,00 146,00 143,00 84,00 59,00 200,00 65,00 59,00 141,00 34,00 123,00 100,00 49,00 59,00 1 2 6 10 15 16 20 2 5 9 14 17 4 12 19 7 18 8 21 11 13 16 o_ PLANARBEID H140_ B/F/K 1 R4 o_ 2 1.8 daa %-BYA=60% f_Annan veggrunn grøntareal Annen veggrunn grøntareal H140_ O5 Annan veggrunn -2.1 daa %-BYA=60% grøntareal f_Annan veggrunn grøntareal Kollektivholdeplass H140_ o_ H140_ O4 Annen veggrunn grøntareal 2.1 daa %-BYA=60% H140_ G3 7 6 7 O 1 Omsorgssenter R8 No er konkurransegrunnlaget for utforming og bygging av Aukra omsorgssenter sendt ut. Seks grupper som består av entreprenør, arkitekt og tekniske rådgjevarar er kvalifisert til å delta i konkurranse. Dei skal levere sitt forslag innan 11. januar. Annen veggrunn grøntareal 2.4 daa %-BYA=60% 2.1 daa H140_ G1 O3 O2 Gang/sykkelveg H140_ AUKRA OMSORGSSENTER G3 H140_ 10.2 daa %-BYA=50% H140_ G4 Annen veggrunn grøntareal 3 H140_ R2 Annen veggrunn grøntareal R8 .5 H/K/B 4.3 daa %-BYA=50% 8 H570_Bunker R8 .5 2 333 8.8 daa Grønnstruktur H730_ H570_Bunker BF 7.1 daa %-BYA=30% Kjøreveg Annen veggrunn o_ Annen veggrunn V1 H140_ Annen veggrunn grøntareal o_H140_ Annen veggrunn grøntareal Annen veggrunn o_ Omsorgssenteret skal ha 30 institusjonsplassar. Dei aller fleste romma vil vere tilpassa personar med demens, men det vil også vere rom som er tilrettelagt for lindrande pleie, korttid/avlastning/rehabilitering. VISJONEN FOR PROSJEKTET Aukra kommune skal bygge Norges mest moderne omsorgssenter. I prosjektet er tre område spesielt fokusert på. 1. Omsorgssenteret og uteområdet skal ha ei utforming som støttar opp om ei demensvennleg og personsentrert omsorg. Praktisering av personsentrert omsorg krev kulturelle, organisatoriske og fysiske tilpassingar i tenestetilbodet gjennom fleksible og differensierte løysingar. Utforming av det nye omsorgsbygget skal gjenspegle desse verdiane og måla. 2. Omsorgssenteret skal være tilrettelagt for mestring av eige kvardagsliv gjennom fokus på rehabilitering og aktivitet i tenestene både for bebuarar og andre. (jfr. Aukra kommune sin Omsorgsplan 2020). Omgivelsane skal stimulere til aktive eldre. 3. Senteret skal vere eit ope og levande bygg, der pårørande, frivillige og kulturaktørar opplever at dei kan vere ein del av kvardagen. Aukra kommune ønskjer å legge til rette for at det nye omsorgssenteret skal kunne bli ein samlingsstad også for innbyggarane gjennom nærleik til andre tenester. Eit omsorgssenter har ein viktig rolle i samfunnsutviklinga fordi det er ein stor arbeidsplass og det har mange besøkande. At det er kort veg mellom arbeidsplass, kollektivog handelstilbod er viktige bidrag til å skape eit levande sentrum. Omsorgssenteret vil vere ein møteplass både innandørs og utandørs Senteret skal vidare innehalde 20 omsorgsbustader med heildøgns omsorg. I tillegg skal omsorgssenteret ha eit dag tilbod for personar med demens og eit dagtilbod om kvardagsrehabilitering. Basen for heimetenesta skal ligge i senteret og det skal innehalde ein kafe. TOMTA Tomta som omsorgssenteret skal byggast på er på heile 10,2 daa (rosa område på kartet). Totalt areal for bygget er berekna til om lag 5100 m2 BTO. Med eit bygg i to eller tre etasjar vert fotavtrykket til bygget halvparten av dette eller mindre. Tilbydarane skal levere ei plan for heile uteområdet i tillegg til teikningar av sjølve bygget. Alle bebuarar og andre brukarar av omsorgssenteret skal ha tilgang til sansehage i dette uteområdet. Friområdet ved tomta (det grøne området på kartet) vert planlagt og bygd ut i ei eiga entreprise seinare. SAMSPELSENTREPRISE Aukra omsorgssenter skal byggast gjennom ei samspelsentreprise. Ein jury skal ut frå ei sett med kriterier som er omtala i konkurransegrunnlaget, velje ein vinnar av konkurransen. Aukra kommune skal deretter, saman med gruppa som har teikna det valte forslaget, bruke dei neste 4-5 månadene til å foreta tilpassingar av bygget. I denne fasen skal dei sju brukargruppene delta med faglege innspel. ROM OG FUNKSJONAR I SENTERET Aukra omsorgssenter vil ha bebuarar i alle aldersgrupper og med ulike tenestebehov. Det er utarbeidd ei program som gjer greie for kva funksjonar bygget skal romme, og det er laga ei rom-matrise i tråd med dette. Denne matrisa viser kva areal som vert satt av til dei ulike funksjonane, for eksempel til pasientromma, omsorgsbustadane, kafeen, dagsenter osv. KRISTIANSUND Dale Industripark, Dalegata 137, 6518 Kristiansund // 71 57 10 70 20 Det har gått føre seg eit intenst arbeid dei siste månadane for å få ferdig konkurransegrunnlaget for omsorgssenteret. Sju brukargrupper har saman med prosjektleiinga og e ksterne rådgjevarar arbeidd med dette. Brukargruppene er satt saman av fagpersonar frå institusjonstenesta, heimetenesta, helsesektoren og ulike tekniske fag. MOLDE Eikremsvingen 2, Årø // PB 2040, 6402 Molde // 71 20 29 70 17 WWW.EKH.NO NYTT FRÅ AUKRA NÆRINGSFORUM Prosjektleiar Anne Jorunn Sandøy i «Øyriket i Romsdal», og dagleg leiar i Aukra Næringsforum, Arnt Sommerlund, vil at reiselivssatsinga skal bli varig. SATSAR VIDARE PÅ «ØYRIKET I ROMSDAL» Reiselivsprosjektet «Øyriket i Romsdal» har vore ein suksess. No har partane bestemt seg for å forsøke å gjere det til ei permanent reiselivssatsing. Øyhopping med sykkel og ferje, fisketurar, fjellturar og spennande oppdagingsturar i fjøra. Opplevingane er mange for dei som har lagt ferieturen til «Øyriket i Romsdal». – Naturen ligg her, kartet er teikna og no gjeld det å vise at dette er tilgjengeleg for alle, enten det er «guteturar», eller sykkeltur med heile familien, seier Anne Jorunn Sandøy. Ho er prosjektleiar for reiselivssatsinga «Øyriket i Romsdal» i tillegg til at ho er kultursjef i Aukra kommune. No skal ho jobbe fram ein plan for korleis dette kan gjerast om til ei permanent satsing for reislivet. Ferjekaia på Hollingen er ofte startpunktet for dei som driv øyhopping med sykkel. På kaia er det også kart og info. om kva som er av tilbod på øyane. – Vi har eit ønske om å ta dette prosjektet vidare, og målet er at vi til sommaren 2016 kan få lagt fram ein eller fleire vegar vi kan gå. 18 BRUKAR YOUTUBE FOR Å LOKKE BARNEFAMILIAR Vakre bilde og videofilmar skal lokke reisande til «Øyriket i Romsdal». Ein video som appellerer til barnefamiliar er lagt ut på både YouTube og Facebook. Filmen viser korleis ein kan legge opp ein to-dagar øyhopping med sykkel og barn. På nettsidene kan ein sjå ei detaljert reiserute og forslag til program og tidsskjema for ein slik helgetur. – Vi har planar om å lage fleire slike filmar. Det er viktig å vise folk kva dei kan oppleve, og vise at dette er godt eigna turar for barnefamiliar, seier Sandøy. I første omgang skjer marknadsføringa gjennom nett sidene og sosiale medium. Målgruppa er først og fremst nordmenn, og gjerne dei som allereie bur i nærområdet. Det er mange reiselivsprodukt i «Øyriket», som vil kunne få fordelar av eit tettare samarbeid. Etter planen kan vi då ha ei permanent reiselivssatsing på plass i 2017, seier Arnt Sommerlund i Aukra Næringsforum. SAMARBEID – Ja, no i starten vil det vere det. Vi har berre norsk tekst på heimesida vår, men etter kvart må vi jo vurdere om vi også skal legge til rette for at utanlandske tilreisande skal kunne nytte seg av tilbodet, seier Sandøy. «Øyriket i Romsdal» er eit samarbeid mellom dei tre kommunane Sandøy, Aukra og Midsund, og næringslivet representert med næringsforuma i dei tre kommunane. Prosjektet starta i 2011, og det har skjedd mykje sidan då. – «Øyriket» har etablert seg som ei god merkevare. No er utfordringa å få til pakkeløysingar, slik at det blir lettvint for folk å nytte seg av tilboda som er her. Vidare må vi få organisert betre det som går på informasjon og sal. Dette skal vere eit lågterskeltilbod for å gi folk ei oppleving på øyane, samtidig som det kan skape vekst i vårt lokale næringsliv, seier Sommerlund. VIL HA BETRE OVERSIKT I dag er det mange som tilbyr forskjellige reiselivsprodukt i området. Kartet med oversikt over forskjellige tilbydarar er revidert tre år på rad, men truleg er det plass til enda fleire. Eit spørsmål som det er viktig å få svar på, er i kor stor grad reiselivssatsinga er med på å gi ei større samla inntening for aktørane i Øyriket i Romsdal. – Vi har lagt inn i kartet alle dei tilboda som vi veit om, men vi har nok ikkje full oversikt. No er det viktig at vi får til ei betre samkøyring som er til beste for alle. For dei fleste er reiselivsproduktet noko dei gjer i tillegg til anna verksemd. For den totale satsinga vil det vere verdifullt om vi får til eit betre og tettare samarbeid, seier Sandøy. NETTSIDE Enkelte ting er allereie på gong. I sommar vart det lansert ei eiga nettside, www.oyriket.no, der interesserte kan finne relevant informasjon med konkrete turtips. Det er også laga ein film som skal inspirere (sjå eiga sak) folk til å legge turen til Romsdalskysten. – Folk må lett kunne finne ut av kva som er av tilbod, og for nærings aktørane er det viktig å samkøyre seg slik at vi får dei tilreisande til å leg ge att pengar og dermed vere med å utvikle dette vidare, seier Sandøy. For å nå breidt ut har «Øyriket i Romsdal» inngått eit samarbeid med det regionale reiselivsselskapet Visit Nordmøre & Romsdal, der alle dei tre kommunane er medeigarar. På den måten kan tilreisande også kople seg opp mot andre attraksjonar i området, som til dømes Atlanterhavsvegen og andre kystattraksjonar på Nordmøre. Tekst og foto: Odd Kristian Dahle 19 BAKGRUNN: zz Reiselivsproduktet «Øyriket i Romsdal», vart etablert i 2011 som eit utprøvingsprosjekt. zz Det er eit reiselivssamarbeid mellom kommunane Sandøy, Aukra og Misund, og næringslivet i dei respektive kommunane. zz Planen er å gjere dette til ei permanent og varig satsing på reiselivet i øykommunane. zz Sparebanken Møre er største private sponsor, og har inngått ein avtale som strekkjer seg over tre år. zz Det er oppretta ei eiga heimeside med informasjon for både næringsdrivande og tilreisande; www.oyriket.no. Steinar Melbø ser på seg sjølv som ein «romsdals patriot», og vil bruke mykje tid på både fjellet og sjøen når han no blir pensjonist. KORT OM STEINAR MELBØ Aktuell fordi han første oktober sluttar i Aukra Næringsforum, som han var med å etablere i 2004. zz Fødd i 1948 – fylte 67-år i april. zz Er oppvaksen på Åndalsnes, men har budd i Molde sidan 1976. zz Utdanna siviløkonom frå BI i 1972. zz Var stipendiat der til han flytta til Molde i 1976. zz Var disponent i EDB-sentralen Molde/ Pluss AS frå 1976 til 2000. zz Frå 2000 – 2003 var han administrasjonssjef ved Aak AS på Åndalsnes. zz 2004-2015 var han dagleg leiar i Aukra Næringsforum, til Arnt Sommerlund tok over i januar i år. Steinar Melbø hadde eit avbrekk på ni månader i 2013, då Åge Hareide var dagleg leiar. zz 2006-2015 var han dagleg leiar i det interkommunale selskapet GassROR IKS. zz Jobbar no som prosjektleiar i Aukra Næringsforum, og blir pensjonist frå første oktober. 20 ROMSDALSPATRIOTEN I 10 år har han vore talsmann og tilretteleggar for næringslivet på Aukra. Første oktober gir han seg. Framover skal Steinar Melbø (67) nyte friluftslivet og vere bestefar. av Ormen Lange i 2004. Då kom Hydro til Aukra og markerte starten på industriveksten. – Vi såg nok ikkje at det kom til å bli så stort som det har blitt. Tvert om, så var vi vel heller litt redde for at det skulle bli eit vakuum, då utbygginga av Ormen Lange var ferdig i 2007, seier han. Ski om vinteren, kajakk og sykkel om sommaren. Steinar Melbø har ikkje planar om å ligge på latsida, sjølv om han skal slutte å jobbe. I ti år var han dagleg leiar for Aukra Næringsforum. No jobbar han i halv stilling som prosjektleiar, men første oktober er det slutt. Men slik gjekk det ikkje. Kommunen innførte eigedomsskatt for å sikre at fellesskapet skulle få sin del av gassinntektene. Som ein kompensasjon for den ulempa dette vart for næringslivet, vart det sett av ein årleg sum på 500.000 kroner viss det vart etablert eit næringsforum i kommunen. – Det skal bli godt å bruke hovudet på andre ting enn jobb. Ikkje minst gler eg meg til å kunne bruke den vakre Romsdalsnaturen enda meir, seier Melbø. – Det var nok til at vi kunne starte opp næringsforumet i 2004, men det var nok fleire enn meg som var litt skeptiske til kvar dette skulle gå. Eg hugsar «oljeboomen» med bygging av oljeplattformar på Åndalsnes på 1970-talet. Det tok brått slutt, seier Melbø. Han skodar utover ein spegelblank Romsdalsfjord. I aust har vi Romsdalsfjella, og i vest ligg «øyriket». – Det er vakkert. Eg er heldig som får bu og leve her i verdas beste region for naturglade menneske. GRADVIS VEKST På Aukra varer derimot industrieventyret enno. Utbygginga av anlegget på Nyhamna er karakterisert som ei av dei største og mest vell ukka industriutbyggingane her i landet. Fleire nye lokale verksemder er etablert, og det har grodd fram eit omfattande næringsliv. Ifølgje Melbø er det fleire som skal dele æra for at utviklinga vart nettopp slik. STOLT AV MØRE OG ROMSDAL Intervjuet finn stad i Aukra-losjen på Aker Stadion i Molde. Ei praktisk tilnærming. For Steinar Melbø er ikkje spesielt fotballinteressert. Han er heller ikkje spesielt opptatt av heimbyen Molde, men ser heller på seg sjølv om Romsdaling. – Eg har far frå Isfjorden, mor frå Bud og har sjølv vakse opp på Åndalsnes. Dei siste 10 åra har eg jobba på Aukra. Eg ser vel heller på meg sjølv som ein Romsdalspatriot. Eg er veldig stolt av heile Møre og Romsdal, og brenn for at vi skal utvikle dette til ein slagkraftig region på Nordvestlandet, seier Melbø. – Det er fleire av dei eg har blitt kjent med gjennom desse åra som har imponert meg. Eg har stor respekt for det arbeidet som ordførarar og rådmenn gjer, noko eg også har opplevd gjennom mitt engasjement i GassROR IKS. Det har vore spennande å jobbe tett på dei to ordførarane Aud Mork og Bernhard Riksfjord, dei to rådmennene Ole Bjørn Moen og Dagfinn Aasen. Det har også vore kjekt å følge gründerar som Per Arne Rindarøy i Aukra Maritime, Per Olav Mevold i Vikenco og Tormod Hukkelberg i Brødrene Hukkelberg. Engasjementet for regionen har også lagt føringar for yrkeskarriera, der det å utvikle regionen har vore ein av motivasjonsfaktorane, både som dagleg leiar i Aukra Næringsforum, og som dagleg leiar i GassROR IKS som han har leia sidan 2006. Når han ser tilbake er han glad for det han har fått vere med på. Melbø trekker også fram Merete Mikkelsen som var styreleiar frå starten i 2004 og fram til 2012. – Eg jobba først 25 år innan databransjen og deretter 15 år tett på oljeog gassnæringa i Romsdal. Det er to viktige epokar i norsk historie, som har vore veldig spennande å følge så tett som eg har fått gjort, seier han. – Vi har hatt eit veldig tett og godt samarbeid gjennom alle desse åra. Merete er nok ein viktig årsak til at eg har trivst så godt i jobben, seier Melbø. SAMFERDSEL NY KVARDAG Ifølgje Melbø er gode løysingar for samferdsel ein vesentleg faktor for at næringslivet på kysten skal lukkast i konkurransen. Samferdsel har også vore ei av oppgåvene som dagleg leiar i Aukra Næringsforum. Heilt frå starten har Møreaksen med forgreining til Aukra over Kjerringsundet, vore ei viktig sak for næringslivet på Aukra. I 2023 kan vegen stå ferdig. Ei vegstrekning som vil korte ned reisetida mellom Ålesund, Molde og Kristiansund vesentleg i forhold til i dag. Om han ikkje sjølv er gründer, så har nok Steinar Melbø litt av den same drivkrafta. Ein som er litt utålmodig, ikkje så veldig grundig, likar at ting skjer og helst nokså effektivt. Desse eigenskapane kan han også få nytte av no når den nye kvardagen ventar. I tre år sat han som leiar i Molde og Romsdal Turist foreining. Når han no får meir tid ønskar han å trappe opp engasjementet sitt som turleiar for fellesturar. – Kommunegrensene er ofte uinteressante, men gode samferdselsløysin gar kan vere avgjerande for å tiltrekke seg den rette arbeidskrafta og skape nye arbeidsplassar, seier Melbø. – Å arrangere turar er ein fin måte å kome seg ut i naturen sjølv, samtidig som ein får vist fram det vakre landskapet som er rundt her, enten det er snakk om toppturar eller sykkelturar i øyriket. Så dette er noko eg kjem til å bruke enda meir tid på framover, seier han. Og arbeidsplassar har det blitt på Aukra og området rundt. Ifølgje tal frå Møreforsking har ilandføringa av gassen til anlegget på Nyhamna gitt ringverknader til regionen på 1,5 milliardar kroner. Han ser også fram til å kunne bruke meir tid på familien og barnebarna. – Ei av dei største utfordringane i starten, var å legge til rette for varig vekst og arbeidsplassar på Aukra. Når eg ser tilbake trur eg vi har lukkast med det, seier Melbø. – Ja, eg har fire døtre og åtte barnebarn. Fem av barnebarna bur i Molde, medan dei andre bur i Oslo. Det blir kjekt å få sjå meir til dei. Eg ser fram til pensjonslivet. GASSEVENTYRET Tekst og foto: Odd Kristian Dahle I dag er det 90 medlemsbedrifter i Aukra Næringsforum, og mange av dei har fått sin del av gasseventyret som starta med utbygginga 21 BARNEHAGANE UTDANNAR EIGNE TILSETTE TIL BARNE HAGELÆRARAR På landsbasis manglar det om lag fire tusen pedagogiske leiarar med godkjent utdanning i barnehagane. Aukra kommune sine barnehagar er ikkje noko unntak. Heldigvis finns det gode tilbod frå utdanningsinstitusjonane som gjer at Aukra kommune kan utdanne eigne tilsette til barnehagelærar. • VVS • Gass • Varmepumper Tlf.: 71 17 39 11 Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap IKS gratis! Min Renovasjon På Bergetippen barnehage er Irene Bonsaksen Hagås og Silje Nordhaug halvvegs i utdanningsløpet på fire år. Dei tek bachelor i barnehagelærarutdanning ved Dronning Mauds Minne Høgskole i Trondheim. Siv Kristine Pedersen ved Barnebo barnehage går same utdanning og er komen like langt i utdanningsløpet, men ho er knytt til Høgskolen i Nord-trøndelag og samlingane er lagt til Orkanger. Monika Hjelmås skal ta til på Dronning Mauds minne Høgskole si nyoppstarta arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanning no i haust. LAST NED APP FRA RIR RIR lanserer nå en app for renovasjonstjenestene i kommunen. Denne kan settes til å varsle deg slik at du husker å sette ut dunken. Siv Kristine Pedersen og Monika Hjelmås, begge frå Barnebo barnehage. Felles for alle fire er at dei er tilsette i Aukra kommune sine barne hagar og kombinerer arbeid, studie og familie på vegen til ei barnehagelærarutdanning. Studentane får permisjon med lønn når det er samlingar og i praksisperiodar. I tillegg får dei økonomisk støtte frå Aukra kommune sitt fond for etter- og vidareutdanning. Fondet dekker studieavgift og utgifter til reise og opphald når dei er på samlingar. I konkurransen om kvalifiserte arbeidstakarar er det godt å ha denne unike moglegheiten til å utdanne eigne tilsette. LEIKEGRENDA Dugnaden for å få satt i stand småhusa i leike grenda på Riksfjord er godt i gang. NYHET! Irene Bonsaksen og Silje Nordhaug frå Bergetippen barnehage. Gamleskolen frå Sporsem er no ferdig. På bildet ser du tidlegare rektor Knut Rød og initiativ takar til at Leikegrenda i si tid vart bygd. Saman med seg har han Leon Varhaugvik, som ivrig hjelper til med å reparere taksteinen som er laus. Trenger du hjelp eller har spørsmål vedrørende vår nye app? Ta kontakt på tlf. 71 21 34 50 Knut Rød er kyndig taktekkar saman med Leon Varhaugvik. 22 VIKTIG FOR REGIONEN. 45 PROSENT AV LEVERANSENE TIL ORMEN LANGE DRIFT PÅ NYHAMNA KOMMER FRA MIDT-NORGE. DETTE HAR SKAPT OM LAG 1000 NYE ARBEIDSPLASSER I REGIONEN. ORMEN LANGE ER INNOVASJON SOM BETYR MYE FOR MANGE. Scann QR-koden og finn ut hvorfor. Partnere: AUKRA UNGDOMSRÅD Aukra ungdomsråd har no valgt styre, og dei engasjerte ungdommane er klare til å ta fatt på dei mange oppgåvane som ligg føre. Ungdomsrådet skal vere dei unge i Aukra sitt talerør inn i dei politiske prosessane, der dei har moglegheit til å uttale seg og påvirke dei avgjerd som skal takast. Ungdomsrådet er også engasjert i andre aktivitetar som vedkjem ungdommen i Aukra. MEDLEMMER I UNGDOMSRÅDET Vilde Visnes (leiar) Hisham Mohamed Abdi Ole August Iversen Frida Sporsem Ivan Larsen Linnea Ødegård Patrycja Rogowska KOMMUNEAVISA VARA Gøran Gundersen (nestleiar) Sebastian Magnus Risung Lina Mathilde Leren Gabriela Anghel Marius Vassdal Lønseth Amalie P. Fanghol Lorenz Berge Sviggum FOTO Aukra kommune når ikkje anna er oppgitt. REDAKSJON KOMMUNEAVISA Ingrid Husøy Rimstad (ansvarleg redaktør) Bernhard Riksfjord Jan Inge W. Tangen Jan Erik Hovdenak Geir Göncz Aaslaug Søreide ANNONSERING Ta kontakt med Berit Breistrand Tlf.: 404 01 782, e-post: [email protected] MI Fra venstre bak: Vilde Visnes (leiar) Gøran Gundersen (Nestleiar) Sebastian Magnus Risung Frida Sporsem Ikkje til stade: Hisham Mohamed Abdi Ole August Iversen Ivan Larsen Linnea Ødegård Lina Mathilde Leren Marius Vassdal Lønseth Lorenz Berge Sviggum ÅRGANG 20 / UTGÅVE 3 UTGJEVAR Aukra kommune GRAFISK PRODUKSJON OG TRYKK EKH Grafisk, Molde Fra venstre fram: Amalie P. Fanghol Patrycja Rogowska Gabriela Anghel PLAN FOR UTGJEVING 2015 1 mars 16.–18. mars 2 juni/juli 29. juni–1. juli 3 okt 5.–7. okt 4 des 14.–16. des TIPS OSS! [email protected] eller [email protected] KONTAKTINFO e-post:[email protected] internett:aukra.kommune.no opningstid: 08.30–15.30 sentralbord: 71 17 15 00 Legekontoret Julsundet skole Gossen barneog ungdomsskole Barnebo barnehage Bergetippen barnehage Pleie og omsorg Vakttelefon heimetenesta NAV Vakttelefon vatn/avløp 71 17 14 00 71 17 18 80 71 17 14 70 71 17 14 40 71 17 14 88 71 17 11 30 41 85 90 00 74 73 38 80 91 51 67 40 L JØME RKET AUKRA KOMMUNE TEK VÅRT FELLES MILJØ PÅ ALVOR 1 9 0 2 04 Tr y k k e ri 0 6 Kommuneavisa er trykket på papiret Edixion som er sertifisert med miljømerket Ecolabel. Ecolabel er den e uropeiske versjon av den nordiske Svanen. Avisa produseres ved EKH Grafisk i Molde, som i sin helhet er m iljøsertifisert av Svanen. S vanemerket gir en garanti for at produktet er blant de minst miljøbelastende innenfor den aktuelle produktgruppen.
© Copyright 2024