Bassengstruktur og symjing i Kvammaskulen

Bassengstruktur og symjing i Kvammaskulen
Situasjonen pr i dag for symjeopplæringa i Kvammaskulen.
Elevane i Kvam har symjing på alle klassesteg, med unntak av elevane ved Kvam ungdomsskule.
Årstimetalet varierer mellom skulane, da nokre elevar har symjing ein time kvar veke mens andre har
symjing ein time kvar veke i kortare periodar. Bassenga er opne i 6 månader i perioden frå og med
oktober til og med mars, noko som utgjer 20 veker symjing for skulane grunna bortfall av veker i høve
ferie. Bassenget i Strandebarm er ope heile året, men pr i dag vert det nytta til symjeopplæring for
elevane i den perioden dei andre bassenga er opne – strekt til 24 veker. Tal timar i basseng for elevane
gjennom grunnskuleløpet i Kvam er fordelt omtrent slik:
Skule
Tal timar i basseng pr
Totalt timar i basseng, grunnskule
skule
Ålvik barneskule
140
140
Øystese barneskule
140
Norheimsund barneskule 140
Kvam ungdomsskule
0
Elevane frå Ålvik, Øystese, Norheimsund og Kvam u får 140 timar i basseng frå 1. til 10. steg.
Elevane frå Kvam ungdomsskule har pr i dag ikkje symjing. Dette skal under alle høve inn i planane frå
hausten 2015, og det er naturleg at dei får eit tilbod i bassenget ved Øystese barneskule.
Skule
Tal timar i basseng pr
Totalt timar i basseng, grunnskule
skule
Tørvikbygd barneskule
56
128 (elevane frå Tørvikbygd skule)
Strandebarm skule
168
240
Elevane frå Strandebarm får 240 timar i basseng frå 1. til 10. steg.
Elevane frå Tørvikbygd får 128 timar i basseng frå 1. til 10. steg.
Elevane frå Tørvikbygd skule får si symjeopplæring ved Strandebarm skule. Elevane sym i 3 puljr i
løpet av skuleåret, 8 gonger kvar. Gruppene er på mellom 15 og 20 personar, elevar og lærarar.
Dei reiser med rutebuss etter fyrste time på skulen og kjem heim med buss litt etter skuleslutt. Dette er
den skulebussen som har avlevert elevane frå Strandebarm på Innstranda og som køyrer tilbake til
Tangerås for å henta symjeelevane frå Tørvikbygd. Elevane frå Tørvikbygd nyttar tida på Strandebarm
til ein time på biblioteket òg, med opplæring i ulike fagboktema.
Transportkostnad for elevane frå Tørvikbygd: Mellom kr 500,- og kr 600,- pr tur, mellom kr 1000,- og
kr 1200,- pr dag. Med 24 slike turar pr skuleår vert kostnaden mellom kr 24 000,- og kr 28 800,- pr
skuleår for Tørvikbygd skule.
Kommentarar til timer i basseng pr elev.
Eksempel frå andre kommunar og Norges Svømmeforbund:
-
-
Drammen kommune har 18 timer i basseng pr elev i grunnskulen, fordelt med 8 timar på 3.
steg, 7 timar på 4. steg og 3 timar på 9. steg. Kommunen har symjeopplæring i
Drammensbadet, som og stiller med symjeinstruktørar. Elevane har 60 effektive minutt i
bassenget kvar gong. Informasjonen er henta frå eit saksframlegg i høve organiseringa av
symjeopplæringa i Drammen kommune frå 23.04.2014. Arkivsaksnr.: 14/2870-1.
For Bergen kommune er tilbodet varierande ettersom skulane har eige basseng eller ei. Det
kan vera symjing kvar veke eller i periodar. Nokre skular tilbyr symjing i SFO-tida. Me har
ikkje gått inn i planane til Bergen kommune, men har fått noko munnleg informasjon frå
einskiltskular.
1
-
-
-
Os kommune har 40 timar à 45 minutt til elevane på 3. og 4. steg, med mål om at alle er skal
vera symjedyktige etter 4. steg. PÅ mellomsteget varierar timetalet etter korleis skulane
organiserer tida dei får tildelt i bassenget, med alt frå 7 til 40 timar. På ungdomssteget får dei
om lag 7 timar kvar. Timane er 30 – 45 min effektiv tid i basseng.
Norges Svømmeforbund seier ut frå erfaring at tar det om lag 40 timar frå ein elev på 1. -4.
årssteg startar med vasstilvenninga til vedkomande er symjedyktig. Dei har gjeve ut eit hefte
med timeopplegg på 40 timar for symjeundervisning i skulen «Veien mot svømmedyktighet».
Det inneheld instruksjon og øvingar for 40 undervisningsøkter på 30 minutt, og dekkjer
saman med boka «Slik lærer du å svømme» krava i opplæringslova og læreplanverket.
For skulane i Kvam er det ulikt kor mange effektive minutt elevane er i bassenget for kvar
time, men det kan variera mellom 20 og 40 minutt. (Jfr. 60 minutt i Drammen). Om ein nyttar
dobbeltimar kan elevane få om lag 60 minutt effektiv bassengtid.
Kvam herad er godt stilt i høve tid i basseng for elevane, sjølv om det er noko ulikt innan heradet.
Kvalifiserte lærarar i symjopplæringa.
Hardanger-Voss-Kompetanseregion gjennomfører årlege kurs for instruktørar med kommunalt ansvar
for å sertifisere lærarar med symjeopplæring og tilsynsansvarlege knytt til symjeopplæringa ved
skulane. Kurshaldar for sertifiseringskurset er godkjent av Norges Livredningsselskap, og det er
hovudkurs i partallsår og kontroll/ oppfriskingskurs i oddetalsår.
Bassengsituasjonen i dag - tilstand.
Bassenga i Øystese, Norheimsund og Ålvik har følgjande driftskostnadar og investeringsbehov*:
Basseng ved skule
Årlege driftskostnad
Investeringsbehov
pr mars 2015
eks mva
Ålvik skule
436 440,3 210 000,Øystese barneskule
359 640,2 250 000,Norheimsund, gamle ungdomsskulen
412 440,650 000,Sum
1 208 520,6 110 000,*Berekningane vart gjort i februar 2015 og tek ikkje høgde for uførutsette kostnadar, overskridingar,
prisauke el. Sjå fullstendig oversikt frå FDV bygg.
Krav til symjeopplæring i grunnskulen.
Grunnskulen er styrt av sentrale lover, forskrifter og læreplanar i organisering av all opplæring. Her er
vist til dei som regulerer symjeopplæringa spesielt:
Forskrift til opplæringslova: § 12-1. Tryggleik for elevane.
I tillegg til dei krav om førebygging av skade og ulykke som følgjer av andre lover og forskrifter,
deriblant m.a. opplæringslova, dei delar av arbeidsmiljølova som er gjorde gjeldande for ulike
opplæringssituasjonar og forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v., gjeld dette:
a) Når skulen er ansvarleg for tryggleiken til elevane, må tilsynet i praksis vere forsvarleg i
forhold til risikoen for at skade eller ulykke kan skje.
b) I situasjonar der skolen er ansvarleg for symjing og bading i grunnskolen, skal det alltid vere
ein tilsynsansvarleg, vaksen person til stades. Dersom den gruppa skulen har ansvaret for,
overstig 15, skal tilsynet aukast med ein vaksen tilsynsperson for kvar påbegynt gruppe på 15.
Dei som fører tilsyn, må vere flinke til å symje og dykke, og må kunne livredning. Tilsynet må
aukast ytterlegare når omsynet til tryggleik gjer det nødvendig. For vidaregåande skole gjeld
her berre det generelle kravet om tryggleik, slik det er formulert i bokstav a.
Kunnskapsløftet: Symjing utgjer ein liten del av kroppsøvingsfaget, som har eit timetal på 478 timar
på 1. til 7. steg, og 223 timar på 8. til 10. steg, totalt for grunnskulen 701 timar. Timane er 60 minutt. I
2
Læreplanverket for Kunnskapsløftet er det gjeve kompetansemål for symjing i læreplanen for
kroppsøvingsfaget. Kunnskapsdepartementet har gjeve Utdanningsdirektoratet i oppdrag å justera
kompetansemåla før symjing, samt presisera ein definisjonen av «symjedyktig». Endringane vert
gjeldande frå skuleåret 2015-16:
«Bakgrunnen for oppdraget er å styrke svømmeopplæringen slik at flere barn og unge lærer å
svømme. Undersøkelser fra Norges Svømmeforbund (NSF) viser at om lag 50 % av norske tiåringer
ikke innfrir dagens kompetansemål på fjerde trinn om å vere trygg i vatn og vere symjedyktig.
Norge har en lavere prosentdel av tiåringer som kan svømme sammenlignet med andre nordiske
land (Island og Sverige 96%). Norge har en høyere andel av drukning pr. 100.000 innbyggere i
Norden (Norge 1,03, Sverige 0,84 og Island 0,62)».
Høyringsforslaga til justering av kompetansemåla for symjing ser slik ut:
Etter 4. trinn
Leike og utføre grunnleggjande
øvingar for vasstilvenning som å
dykke, flyte, hoppe uti og orientere
seg i vatn
Rulle uti på djupt vatn, symje 100
meter på magen, og underveis
plukke opp ein gjenstand frå botnen
med hendene, stoppe og kvile (flyte
på magen, orientere seg, rulle over,
flyte på rygg, samla i 3 minutt) symje
100 meter på rygg, og ta seg opp på
land
ferdast trygt i, ved og på vatn, gjere
greie for farane, og tilkalle hjelp
Etter 7. trinn
utføre grunnleggjande
teknikkar i symjing på magen,
på ryggen, på sida og under
vatn
praktisere trygg ferdsel og
gjere sikkerheitsvurderingar i,
ved og på vatn under varierte
vêrforhold
Etter 10. trinn
utføre varierte og effektive
symjeteknikkar over og
under vatn
symje ein lengre distanse
over 200 meter, basert på
eiga målsetjing
Rundskriv 1-2008: Rundskrivet Forsvarlig svømme- og livredningsopplæring i
grunnskoleopplæringen Udir-1-2008, vart revidert i november 2014. Rundskrivet tydeleggjer
skuleeigar sitt ansvar i høve symjeopplæringa i skulen. Det omhandlar sider ved tryggleik i og ved vatn,
og gjev rettleiing til skuleeigar og skular i høve krav om forsvarlegheit i forskrift til opplæringslova §
12-1
Symjeopplæring i Kvammaskulen ved sentralt plassert basseng.
Kva ønskjer me med symjeopplæringa i Kvam herad? Me er ein kommune med lang kystline,
og våre born og unge er stadig i nær kontakt med sjø og vatn. Me har ingen å mista! Symjedugleik er
den viktigaste førebygginga mot drukningsulukker, saman med grunnleggande kunnskap om trygg
ferdsel i og ved vatn. Om lag halvparten av tiåringane i Noreg er ikkje symjedyktige, og
drukningsstatistikken i landet er svært høg. For skulane i Kvam er det viktig å oppfylla krava i
opplæringslova og sikra at kompetansemåla vert realisert for kvar elev i størst mogleg grad. På den
måten vil heradet påverka statistikken på landsbasis i positiv retning, og for skulane i Kvam tyder det
klare mål for symjeopplæringa:
Mål: Alle barn i Kvam skal læra å symja. Målet er at ved utgangen av 4. steg skal elevane vera
symjedyktige etter definisjonen av «symjedyktig» i Kunnskapsløftet. Vidare skal kompetansemåla for
3
4., 7. og 10. steg vera oppfylt for alle elevane. Opplæringa skal i størst grad bestå av instruksjon og
læring, og i liten grad av fri bading. Elevar som ikkje når måla skal få tilbod om intensivopplæring.
Desse måla vert det i stor grad jobba etter i dag, men det er ønskjeleg å presisera dei i ein felles
overordna symjeplan for heradet. På den måten får lærarane eit reiskap som sikrar likskap og kvalitet i
opplæringa. Ein slik symjeplan er og ein naturleg konsekvens av dei kommande justeringane for faget i
Kunnskapsløftet.
Det er to spørsmål som dukkar opp i diskusjonen om eit sentralt basseng:
1. Kva skal vera minimumstilbod for å sikra at måla vert nådd?
2. Kva omfang ønskjer me at tilbodet skal ha?
1.
Kompetansemål etter 4. steg
Kompetansemål etter 7. steg
Kompetansemål etter 10. steg
40 timar
16 timar
8 timar
Organisert på 3. og 4. steg.
Organisert på 7. steg.
Organisert på 8. eller 9. steg.
Samla timetal i symjing for grunnskulen på 64 timar
For å oppfylla krava i opplæringslova og læreplanverket vil eit forsvarleg tilbod for symjeopplæringa i
Kvam vera eit minimumstilbod som skissert over. Dette utgjer eit samla tal timar i basseng på 64
timar for elevane i grunnskulen i Kvam. Desse timane gjev realistisk sett om lag 30 minutt effektiv
bassengtid. Om timane vert organisert som dobbeltimar vil elevane få om lag 60 minutt effektiv
bassengtid, og tal turar til bassenget vert halvert.
2.
Kompetansemål etter 4. steg
Kompetansemål etter 7. steg
Kompetansemål etter 10. steg
68 timar
32 timar
16 timar
Organisert på alle fire stega.
Organisert på 6. og 7. steg.
Organisert på 8. eller 9. steg.
Samla timetal i symjing for grunnskulen på 116 timar
Det er ønskjeleg at reduksjonen i tal timar i basseng ikkje vert så stor som skissert over, og dette vil
diverre utelukkande vera eit ressursspørsmål. Minimumstilbodet gjer forskjellen mellom skulane
større, då Strandebarm og Tørvikbygd ikkje vert råka av endringa. Om me reduserer endringa slik at
situasjonen vert meir ønskjeleg, så kan dette vera ein modell å følgja.
Dette utgjer eit samla tal timar i basseng på 116 timar for elevane i grunnskulen i Kvam. Dette vil gje
eit meir likeverdig tilbod til elevane i Kvam, og det er pedagogiske og symjetekniske argument for at
fleire økter i bassenget gjev auka læring og betre resultat.
I praksis kan dette sjå slik ut for Ålvik-, Norheimsund- og Øystese barneskule og Kvam ungdomsskule:
Skule
Minimumstilbod
Ønskjetilbod
Enkeltime
Dobbeltime
Enkeltime
Dobbeltime
Ålvik
1.til 4. steg: 40 t 1.til 4. steg: 40 t 1.til 4. steg: 68 t 1.til 4. steg: 68 t
51 elevar pr
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
oktober 2014.
40 turar pr år.
20 turar pr år.
68 turar pr år.
34 turar pr år.
Utgjer 1 gruppe
5.til 7. steg: 16 t
5.til 7. steg: 16 t
5.til 7. steg: 32 t 5.til 7. steg: 32 t
frå 1. til 4. steg og
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
1 gruppe frå 5. til
16 turar pr år.
8 turar pr år.
32 turar pr år.
16 turar pr år.
7. steg, i høve
Turar pr år
Turar pr år
Turar pr år
Turar pr år
symjing.
totalt:
totalt:
totalt:
totalt:
56 turar
28 turar
100 turar
50 turar
Norheimsund
1.til 4. steg: 40 t 1.til 4. steg: 40 t 1.til 4. steg: 68 t 1.til 4. steg: 68 t
279 elevar pr
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
oktober 2014
2X40 turar pr år.
2X20 turar pr år.
2X68 turar pr år.
2X34 turar pr år.
Utgjer ca 2
5.til 7. steg: 16 t
5.til 7. steg: 16 t
5.til 7. steg: 32 t 5.til 7. steg: 32 t
grupper pr steg.
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
gjev transport for
2X16 turar pr år.
2X8 turar pr år.
2X32 turar pr år.
2X16 turar pr år.
Turar pr år
Turar pr år
Turar pr år
Turar pr år
totalt:
totalt:
totalt:
totalt:
80+32 = 112 turar 40+16 = 56 turar
136+64=200
68+32 = 100
turar
turar
Øystese
Same som
Same som
Same som
Same som
230 elevar pr
Norheimsund
Norheimsund
Norheimsund
Norheimsund
4
oktober 2014
Utgjer ca 2
grupper pr steg.
Kvam u
257 elevar pr
oktober 2014
8.til 10. steg: 8 t
gjev transport for
8 turar pr år
8.til 10. steg: 8 t
gjev transport for
4 turar pr år
8.til 10. steg: 16
t gjev transport
for 16 turar pr år
8.til 10. steg: 16
t gjev transport
for 8 turar pr år
Organisering
Det er fleire faktorar som speler inn ved organisering av opplæringa i eit sentralt basseng. Os
kommune organiserer symjeopplæringa i Osbadet, og dei har delt nokre av sine erfaringar med oss.
Der det er mogleg er det teke omsyn til desse erfaringane i vurderingane under.
Sentralt basseng.
Utforminga av eit slikt basseng vil ha noko å seia for organiseringa av symjeopplæringa, som t.d.
storleiken på bassenget, om det skal vera eit terapibasseng eller barnebasseng i tillegg o.l. Om skulen
kan nytta heile eller delar av anlegget på dagtid vil og ha noko å seie for korleis opplæringa vert
organisert. Det vil vera ein fordel for alle partar om tida som vert sett av til skulane er jamt fordelt over
heile året. Skulane kan da organisera seg innafor denne ramma. Korleis timeplanen i eit sentralt
basseng vert lagt vil og ha betyding for skulane sin bruk av tida. Osbadet opererer med økter på 30
minutt, og tildeler skulane tal økter etter behov og kapasitet.
Bassenget i Strandebarm er opent heile året, og ein tek utgangspunkt i at eit sentralt basseng vert
opent tilsvarande heile året, slik at ein kan nytta kapasiteten gjennom heile skuleåret. Det vil seie eit
symjetilbod gjennom 34 veker i staden for 20 (24) veker. (Elevane sitt skuleår er på 38 veker. Det er
ulik aktivitet knytt til starten og avslutninga av eit skuleår, slik at det kan vera naturleg å starta
symjeopplæringa to veker etter skulestart i august og avslutta to veker før skuleslutt i juni. Derav
forslaget om 34 veker.)
Transportkostnadar: For å avgrensa kostnadane ved transport så kan ein komprimera opplæringa i
periodar og ha dobbeltimar slik at tal bussturar vert minimert. Kvam herad har innhenta prisar frå
Tide for transport av elevar på dei aktuelle strekningane. Prisane er eks 8 % mva, og berre omtrentlege
anslag da detaljane er uklare. Prisane gjeld for buss med 45 seter. Evt minibuss (19-22 seter) vert 10%
rimelegare, men dei har ikkje så mange tilgjengelege minibusser til skulekøyring. Tide presiserer og at
dei har anbodskontrakt til august 2016, og kan ikkje garantera transport lenger enn det. Samstundes
legg dei vekt på at dette er køyring som er svært aktuell for Tide, slik at dei kan nytta sjåførane mellom
skulerutene. Når timeplanar og driftsform er meir kjent kan dei sannsynlegvis skreddarsy eit
rimelegare tilbod.
Strekning
Pris pr tur
Norheimsund - Øystese
Ålvik – Øystese
Tørvikbygd - Tangerås
Priser eks 8 % mva.
Kr 1 500,Kr 2 100,Kr 2 200,-
Pris tur/ retur med 2 timer
venting
Kr 2 200,Kr 3 400,Kr 2 700,-
Reisetid
10 min
22 min
20 min
Os kommune kjøper transport for sine elevar frå Tide, «Badebussen». 11 av 12 skular nyttar
Badebussen, og nokre av skulane har samkøyring. Kostnaden for kommunen var kr 434 533,- i 2014.
Instruksjon og tilsyn: Det er lærarar som står for symjeinstruksjon og vurdering. For symjedyktige
elevgrupper er det tilstrekkeleg med ein person som har både instruksjon og tilsyn for inntil 15 elevar.
Overstig elevtalet 15 så skal det vera ein vaksen i tillegg. Ved begynnar-opplæring bør det vera to
personar uansett gruppestorleik. Det er og naudsynt å vurdera elevgruppa i det heile, om det er behov
for fleire tilsynspersonar, sjå UDIR 1-2008. Norges Svømmeforbund tilrår to instruktørar for inntil 15
symjedyktige elevar og tre instruktørar for inntil 15 elevar som ikkje er symjedyktige.
5
Os kommune betaler delar av badevakta som er knytt til Osbadet, i dei timane skulen nyttar bassenga.
Badevakten har da oppsyn med alle som nyttar anlegget på dagtid, både elevgrupper og publikum
elles. Badevakten har ikkje særskilte oppgåver knytt til elevane, så skulane har med instruktørar og
tilsyn sjølv. Os kommune ser UDIR 1-2008 som eit minimumskrav, og bemanninga i Osbadet kjem på
topp. Dei har verken kompetanse eller kapasitet til å driva symjeopplæring av skulelelevane. Det er
kvalifiserte kroppsøvingslærarar som har symjeopplæringa pr i dag. Det er sett av ein stillingsdel på 12
% som fagrettleiar, fordelt på to personar i kommunen og som utgjer 1 og 2 veketimar på kvar av dei.
Desse har ansvar for organisering og planar, kurs for lærarar og sertifisering. Os kommune har sett på
om det er mogleg å legga all symjeinstruksjon på eit par personar som tek i mot dei ulike elevgruppene
i Osbadet, men dette har dei ikkje fått til så langt.
For Kvam vil det me desse betraktningane vera naudsynt for skulane å stilla med same bemanning i eit
sentralt basseng, som dei gjer i dag i dei lokale. Dette er lagt til grunn i vurderingane under. Det er og
mogleg å ha eit system som Drammen, med profesjonelle instruktørar i Drammensbadet, men det krev
ei heilskapleg satsing som det ikkje er teke høgde for her.
Ulike alternativ for bassengstruktur i Kvam
Under er det skissert tre ulike alternativ for plassering av basseng og organisering av symjeopplæringa
i grunnskulen i Kvam:
1. Gjeldande struktur vert ståande.
2. Sentralt basseng (Bassenga i Øystese, Norheimsund og Ålvik vert lagt ned).
3. Sentralt basseng (Øystese og Norheimsund vert lagt ned, Ålvik vert sett i stand).
Med utgangspunkt i informasjonen over er det satt opp 3 ulike forslag til organisering.
Alt 1. Gjeldande struktur vert ståande.
Organisering Symjeopplæringa vert organisert som nå, med nokre justeringar slik at elevane ved
Kvam ungdomsskule får sin symjeopplæring ved Øystese barneskule.
Kostnadar
Transportkostnadane for elevane frå Tørvikbygd skule vert uendra.
(Det pristilbodet som Tide har gjeve for strekninga i samband med denne
saka er meir enn dobbelt så høg som i dag). Årlege kostnadar vert med
denne organiseringa avrunda til kr. 1 240 000,-.
(rekna ut frå: driftskostnadar basseng kr 1 208 520,- + transportkostnadar
kr 28 800,- = kr 1 237 320,-). Sjå tal frå FVD bygg.
Investeringane kjem i tillegg: kr 6 110 000,Fordeler
Elevane får symja lokalt og slipp å reisa.
Ulemper
Høge driftskostnadar og investeringsbehov, både i nær framtid og på sikt.
Rektorane bruker mykje tid på å organisera utleige av basseng utanom
skuletid
Alt 2. Sentralt basseng. (Bassenga i Øystese, Norheimsund og Ålvik vert lagt ned)
Organisering Minimumstilbod
(sjå skissert
1. Enkeltimar
eks over
o Turar frå Ålvik: 56
avsnittet om
o Turar frå Norheimsund: 112
organisering)
2. Dobbeltimar
o Turar frå Ålvik: 28
o Turar frå Norheimsund: 56
Ønskjetilbod
1. Enkeltimar
o Turar frå Ålvik: 100
o Turar frå Norheimsund: 200
2. Dobbeltimar
o Turar frå Ålvik: 50
6
Kostnadar
-
o Turar frå Norheimsund: 100
Heradet sparar investeringar på kr 6 110 000,- og årlege driftskostnadar på
kr 1 208 520,- for bassenga som vert lagt ned.
Kostnadar knytt til oppføring av sentralt basseng; sjå saka elles.
Transportkostnadar (har berre rekna med prisane for tur/retur med
venting)
Minimumstilbod
1. Enkeltimar
o Ålvik: 56X kr 3400,- = kr 190 400,o Norheimsund: 112X kr 2200,- = kr 246 400,o Totalt: Kr 436 800,2. Dobbeltimar
o Ålvik: 28X kr 3400,- = kr 95 200,o Norheimsund: 56X kr 2200,- = kr 123 200,o Totalt: Kr 218 400,Ønskjetilbod
1. Enkeltimar
o Ålvik: 100X kr 3400,- = kr 340 000,o Norheimsund: 200X kr 2200,- = kr 440 000,o Totalt: Kr 780 000,2. Dobbeltimar
o Ålvik: 50X kr 3400,- = kr 170 000,o Norheimsund: 100X kr 2200,- = kr 220 000,o Totalt: Kr 390 000,-
Fordeler
Ulemper
Kommentar til transportkostnader.
Som nemnt tidlegare er prisane frå Tide svært omtrentlege, men med dette som
utgangpunkt kan me summera opp kostnadane som under:
o Dersom me går for Minimumstilbod og dobbeltimar vert
transportkostnadane: Kr 218 400,- pr år
o Dersom me går for Ønskjetilbod og dobbeltimar vert transportkostnadane:
Kr 390 000,-pr år
Symjeopplæringa kan leggjast over 34 veker for alle skulane.
Elevane får vera i eit moderne anlegg.
Heradet får eit moderne anlegg som vil vera tilgjengeleg for alle
innbyggjarane heile året, og den offentlege badinga vil vera organisert
sentralt og utan at rektorane vert involvert
Totalt timar i basseng vert truleg redusert for dei elevane som skal nytta det
sentrale bassenget, gitt at minimumstilbod/ ønskjetilbod vert gjennomført.
Det går meir tid til transport av elevane.
Alt 3. Sentralt basseng. (Øystese og Norheimsund vert lagt ned, Ålvik vert sett i stand)
Organisering Som i Alternativ 2. utan Ålvik skule som i dette alternativet vil få det lokale
bassenget sett i stand, og kan organisera symjeopplæringa der.
Kostnadar
Sparar investeringar på kr 2 900 000,-og årlege driftskostnadar på
kr 772 080,- for dei to bassenga som vert lagt ned.
Får investeringar på kr 3 210 000,- og årlege driftskostnadar på kr 436 440,for å setja i stand bassenget i Ålvik, i tillegg til kostnadar knytt til oppføring
av sentralt basseng; sjå saka elles.
Transportkostnadar (har berre rekna med prisane for tur/retur med
venting)
Sjå utrekningane i Alternativ 2 utan tala for Ålvik:
o Med Minimumstilbod og enkeltimar vert transportkostnadane:
Kr 246 400-, pr år
7
o
o
o
Fordeler
Ulemper
-
Med Minimumstilbod og dobbeltimar vert transportkostnadane:
Kr 132 200-, pr år
Med Ønskjetilbod og enkeltimar vert transportkostnadane:
Kr 440 000,-pr år
Med Ønskjetilbod og dobbeltimar vert transportkostnadane:
Kr 220 000,-pr år
Ålvik skule får behalda sitt lokale tilbod.
Høge driftskostnadar og investeringsbehov, både i nær framtid og på sikt.
Rektor må bruka tid på drift
Vurdering
Som skuleeigar må Kvam herad gjera ei overordna vurdering av kva som sikrar ei forsvarleg
symjeopplæring i tråd med opplæringslova med forskrifter og læreplanverket, og innanfor den tildelte
ramma. Pr i dag har elevane i Kvam svært mange timar i basseng samanlikna med andre, og det vil
vera fullt mogleg å gje eit kvalitativt godt tilbod med færre timar enn i dag. Timane er relativt kostbare
for skulane da bemanninga må aukast for å ta i vare tryggleiken til elevane i bassenget, samanlikna
med resten av kroppsøvingstimane. Kvam herad står ovanfor økonomiske utfordringar framover, og
det må gjerast stramme prioriteringar også i skulen i åra som kjem.
Kvam formannskap har bede rådmannen vurdera å oppretthalda bassenget i Ålvik. Sett i lyset av
heradet sin økonomiske situasjon meiner rådmannen dette vil vera vanskeleg dersom Hardangerbadet
vert realisert, kanskje òg uavhengig av om ein byggjer Hardangerbadet. Dette vil opplevast som eit tap
for Ålviksamfunnet då bassenget i tillegg er mykje i bruk på kveldstid, men reisetida mellom Ålvik og
Øystese er ikkje særleg forskjellig frå reisetida mellom Steinsdalen eller Vikøy og Øystese. Bassenget i
Ålvik er det bassenget som har størst oppgraderingsbehov og dei høgaste driftskostnadane. Oppussing
av bassenget er ikkje ein del av bygging av nye Ålvik skule.
Det er eit spørsmål om tid for kor lenge Kvam herad har økonomiske musklar til å oppretthalda fire
kommunale basseng. Bassenget i Ålvik har desidert høgast kostnad per elev. Det mest nærliggjande,
dersom Hardangerbadet ikkje vert realisert, er at kommunen vil leggja ned bassenget i Ålvik og bruka
deler frå det tekniske anlegget på dei andre bassenga slik at ein reduserer kostnadane for oppussing
der. Reelt sett vert kanskje oppgraderingsbehovet såleis mindre enn 6 mill.
Dersom Kvam heradsstyre vel å behalda bassenget i Ålvik må heradet si investering i Hardangerbadet
reduserast slik at dei samla årlege drifts- og kapitalkostnadane maksimum blir på dagens nivå. Den
årlege netto innsparinga vert då redusert til om lag kr 500.000, og kommunen sitt bidrag til
finansiering av Hardangerbadet KF må reduserast til kr 14 mill. Heradstyret må òg ta omsyn til at eit
slikt val mest sannsynleg vil svekka kundegrunnlaget til Hardangerbadet. Av omsyn til kvalitet er det
ikkje tvil om at Hardangerbadet vil vera eit særs mykje betre tilbod enn dagens kommunale basseng,
men heradsstyret må ta stilling til om det er villig til å satsa på ein vesentleg auka kvalitet på denne
tenesta, samstundes som kvaliteten på andre tenester må reduserast. Det må òg takast inn i vurderinga
at gjennom å investera 20 mill. i Hardangerbadet vil Kvam herad få eit nytt basseng vesentleg billegare
enn dersom heradet skulle byggja eit nytt basseng åleine.
Alternativ 2, eit sentralt basseng der bassenga i Øystese, Norheimsund og Ålvik vert lagt ned, kan gje
moglegheit for skulane til å nytta basseng gjennom store delar av skuleåret, det kan opna for reduksjon
av transportutgifter ved eventuell samkøyring, og det frigjer tida rektorane nyttar til driftsoppgåver i
høve bassenga til fordel for pedagogiske oppgåver. Dette alternativet vil gje alle elevane eit
symjetilbod i moderne anlegg som tilfredstillar krav om god ventilasjon og godt inneklima, og som kan
auka trivsel og motivasjon. Det vil med eit nytt bassenganlegg som vil vara i fleire år framover, og vera
føreseieleg for skulen og elevane i høve planar og økonomi.
8
Dei negative konsekvensane for skulane med alternativ 2 er knytt til transportkostnadar og reisetid.
Gitt at ønskjetilbodet over vert innfridd som eit minimum, vil elevane i Kvam likevel få eit forsvarleg
og kvalitativt godt tilbod.
Konklusjon
Rådmannen tilrår at Kvam heradsstyre vel alternativ 2, sentralt basseng med nedlegging av bassenga i
Norheimsund, Øystese og Ålvik, som framtidig bassengstruktur i heradet.
Nivået på symjeopplæringa i heradet bør leggjast på det som er skissert som ønskjetilbod med
dobbelttimar.
Netto årleg driftsinnsparing vert då 1,2 mill – 0,4 mill (transport) = 0,8 mill. Heradet unngår dessutan
investeringar på kr 6 mill.
9