-1- Eikehaugen barnehage Årsplan for 2009-2010 Eikehaugen 2008-2009 -2- Velkommen til nytt barnehageår! Eikehaugen barnehage er ein del av Nordre Strand Oppvekstsenter, og er ein barnehage som er eigd og driven av Strand kommune. Barnehagen er ein heildagsbarnehage med opningstid 06.30 til 16.45. Barnehagen har to avdelingar med til saman 29 heile plassar, 10 plassar på 0-3 årsavdeling og 19 plassar på 3-6 årsavdeling. Barnehagen vart bygd i 1991. Barnehagen blir driven etter lov om barnehagar og kommunens vedtekter og etter gjeldande rammeplan. På heimesida til oppvekstsenteret vil du finna lenke til rammeplanen ved å gå inn på barnehagen sine sider. Rammeplanen gir retningslinjer for barnehagens verdigrunnlag, innhald og oppgåver. Rektor Guro Harboe Ur er verksemdsleiar for både skulen , barnehagen og SFO. Adresse til heimesida til Nordre Strand oppvekstsenter: http://www.minskule.no/Nordrestrand Eikehaugen 2008-2009 -3- Personale: Trine Ø.Sørskår Marianne Gudvangen Carol S. Veland Elfrid Mæhle Gerd Ravnås Anita Å. Byberg Judit R. Fiskå Aud Grete Eie Kari Høyland Lena Voster (styrar, 50% + 10% ped.leiar) (ped.leiar, 80%) (ped.leiar 20%, assistent,60% ) (assistent 40%) (assistent 100 %) (ped.leiar 50 % ) (ped.leiar 40%, assistent 60%) (assistent 80%) (assistent 80%) (ekstra assistent 80%) Personalet i barnehagen ønskjer å gjera dagen i barnehagen best mulig for det einskilde barnet. Personalet skal vera lydhøre for barnets undring og søken etter kunnskap. Saman med foreldre/føresette ønskjer personalet å gi barnet ein god barndom, utvikla barnets sosiale kompetanse, gi tid for leik og utfalding, utvikla språkleg kompetanse m.m. Personalet ønskjer å ta barna på alvor, sjå det einskilde barnet, respektera dets eigenverdi og vera lyttande i samspelet med barna. På avdelingsmøter/personalmøter og planleggingsdager vil personalet kontinuerlig evealuera/reflektera over arbeidet for å kvalitetssikra det arbeidet me gjer i barnehagen. Foreldresamarbeid. Viser til barnehagelova §1 Formål og § 2 Barnehagens innhold: ”Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode utviklings-og aktivitetsmuligheter i nær forsåelse og samarbeid med barnas hjem. Barnehagen skal bistå hjemmene i deres omsorgs-og oppdrageroppgaver, og på den måten skape et godt grunnlag for barnas utvikling, livslange læring og aktive deltakelse i et demokratisk samfunn. Me ønskjer å ha eit godt samarbeid med foreldre/foresatte. Det håper me at me får til blant anna gjennom introduksjonssamtale når barnet begynner i barnehagen og gjennom foreldresamtalar i løpet av året.Me legg også vekt på at barna og foreldrene blir tatt godt imot når dei leverer og henter. Elles vil me ha foreldremøte, foreldrefrukost, markering av FN-dag og liknande der foreldre blir invitert. Utover dette håper me sjølvsagt at foresatte tek kontakt når det er noko ein lurer på. Det er også ein representantar frå foreldregruppa i barnehagen i samarbeidsutvalet på oppvekstsenteret. Eikehaugen 2008-2009 -4- Omsorg, leik og læring. Omsorg i barnehagen kjem til utrykk i kvardagssituasjonar og rutinar, som f.eks. måltider, bleieskift og påkledning. Me møter barna med nærhet, gir hjelp og viser at me både ser og høyrer på dei. Me har faste rutinar og grenser som skaper forutsigbarhet og trygghet for barna. Det er kvaliteten på relasjonane mellom barna og dei vaksne og barna seg imellom me ønskjer skal vera det viktigaste hjå oss. BARN TRENG NÆRE VAKSNE OG BARN TRENG BARN. I LEIKEN får barna utløp for fantasi, humor og nysgjerrighet. Gjennom leiken får barna utvikla evnene sine med utgangspunkt i eigne føresetnader. Me legg til rette for at barna skal kunne leika / utvikla seg på sitt utviklisnivå. ( Jmf. Bhg.lova § 2.) Uteleik og uteaktivitetet er også ein viktig del av barnekulturen som me vil ta vare på ved å tilrettelegga for leik ute i barnehagen,på skuleområdet og i nærområdet.. Barnehagen skal gi barna rom for nysgjerrighet,vitebegjær og bidra til eit godt grunnlag for livslang læring. Dette krev lyttande, deltakande og aktive vaksne som kan ”forska” saman med barna i alle daglige gjeremål. Barns medverknad ”Det at barna får påverka det indre liv i barnehagen kan være det første steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn”, rammeplanen s.41. ”Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnsets synspunkt skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. (Rammeplanen s.13) Me ønskjer å arbeida mot dette gjennom: - Å ha aktive og deltakande vaksne - Å ha vaksne som ser og lyttar til barna. - Å ha vaksne som viser respekt og omsorg. - Å ha vaksne som gjer barna høve til å finna svar sjølv. - Å ha vaksne som lærar barna samspel med barn og vaksne. Eikehaugen 2008-2009 -5- Sosial kompetanse ” Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar . Barn uttrykkjer og tileignar seg denne kompetansen i samspel med kvarandre og med vaksne” (Rammeplanen s. 28). I barnehagen vil me ha fokus på sosial kompetanse gjennom heile året. Det gjer me ved å ha leik / leikegrupper , temasamlingar og ved å vera bevisste vaksne. ”Personalet er rollemodellar og bidreg gjennom eigen veremåte til at barn lærer sosiale dugleikar ” (Rammeplanen s. 28). Viser også til avsnittet om ”Personale”, s.3. Språkstimulering ” Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling” ( jfr.Rammeplanen s. 29). I barnehagen vil me gjennom heile året driva med språkstimulerande aktivitetar. Barna vil dagleg få oppleva rim og regler , leik med ord, dei vil ha bøker lett tilgjengelege, og vaksne som les for dei . Det er personalet som er førebilete for barn også når dei skal lære språk. Satsingsområde for alle barnehagane i Strand kommune. Alle barnehagane i Strand har hatt ein del felles satsingsområde dei siste åra. For barnehageåret 2009-20010 er det desse områda det skal fokuserast spesielt på: Pedagogisk leiing og kompetanseutvikling i barnehagen med fokus på vaksenrollen,samarbeid og samanheng mellom skule og barnehage,språkarbeid og sosial utvikling,barns medverknad. Det vil vera ett spesielt fokus på dei minste barna. Eikehaugen 2008-2009 -6- Dagsrytme kl. 06.30: Barnehagen opnar .1 kl. 07.30: Ordinær opningstid. kl. 08.00: Frukost. kl. 08.30: Leik og aktivitetar. kl. 11.00: Føremiddagsmat. kl. 12.00 – 14.30: Uteleik/inneleik, avvikling av pausar, møter m.m. kl. 14.30: Ettermiddagsmat/frukt. kl.16.45: Barnehagen stengjer. Primærkontaktar: Når barnet begynner vil det bli møtt av primærkontakten sin. Primærkontakten vil ha eit ekstra ansvar for at barnet opplever det trygt og godt i barnehagen,spesielt i starten Samarbeid mellom Barnehagen og SFO. Me held fram samarbeidet med SFO om å gi morgontilbod for elevane i 1.- 4.trinn. I praksis vil det seia at nokre dagar i veka vil ein skuleassistent vera saman med oss i barnehagen frå kl. 07.30 til 08.45. Overgang barnehage – skule Det vil vera overføringsmøter mellom barnehagen og dei skulane som me sender barna til. Det møte vil finna sted i mai/ juni. Skulane vil motta ei mappe med obersvasjonsskjemaet ” Alle med”, teikningar og innhaldsliste om kva barna har arbeidd med i 6 årsklubben. Mat og måltider: I barnehagen har me smøremåltid til føremiddagsmat kvar dag. Betalinga til smøremåltidet kjem på barnehagerekninga. Barnehagen er tydeleg på å lære barna gode matvanar. Me legg vekt på god tid til måltida. . 1 Eikehaugen barnehage opnar kl. 06.30 for dei som har behov for det. Dette må avtalast med personalet i førevegen. Eikehaugen 2008-2009 -7- Tema og satsingsområde for dette året: Dei 7 fagområda i rammeplanen. Barnehagelova §2 Barnehagens innhald: Barnehagen skal gi barn grunnleggende kunnskap på sentrale og aktuelle område. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barns interesser, kunnskaper og ferdigheter. Dei sju fagområda er: • kommunikasjon, språk og tekst • kropp, bevegelse og helse • kunst, kultur og kreativitet • natur, miljø og teknikk • etikk, religion og filosofi • nærmiljø og samfunn • antall, rom og form Kvart fagområde dekkjer eit vidt læringsfelt og dei vil sjeldan opptre isolert. Fleire område vil vera representerte i eit temaopplegg i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. I løpet av ein 3 årsperiode har me nå tatt for oss alle 7 fagområda. Dette året vil me ha ”kommunikasjon satsingsområde. ,språk og tekst” som Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Kommunikasjon skjer i eit vekselspel mellom å ta imot og tolke ein bodskap og å sjølv vera avsendar av ein bodskap.(jmf.rammeplanen s,34) Me vil leggja vekt på mange aktivitetar rundt spåket: ” dess meir aktivitet rundt språket,dess meir blomstrar språket” har me som ”arbeidsmotto” dette året. I arbeidet med dette vil me bruka noko som blir kalla ”snakkepakken”. Det er eit ”undervisningsmatriell” som har fokus på eventyr, songar, regler og kvardagsbegrep. ”Årets gang….” Me vil i løpet av året sjølvsagt også ta for oss årstider og aktuelle hendingar/høgtider knytta til årets gang. (Sjå månadsplanane). Eikehaugen 2008-2009 -8- Faste aktivitetar Temasamling Me vil ha fleire temasamlingar kvar veke der me fokuserer på månadens tema, på fagområda m.m. (Sjå månadsplanane) Turdag Me vil bruke nærområdet til å gå tur i. Av og til vil heile barnegruppa gå på tur, andre gonger deler me oss inn i mindre grupper. Målet med turdagen er forutan fysisk aktivitet å bli kjent med dei ulike årstidene, bli glad i naturen og få ei god sosial fellesoppleving. Fellessamlingar Me vil ha fast samling med eventyr, barnelitteratur, song, musikk fyrste fredagen i månaden for alle i barnehagen. ” Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling.” ( jfr.Rammeplanen s. 28). Gym.salen Kvar veke disponerer kvar avdeling gym.salen i ca. ein time. I gym.salen gir me barna muligheit til å trena på fin – og grovmotoriske ferdigheiter. Målet er å stimulera til positive haldningar til fysisk aktivitet. I tillegg lærer barna reglar for leikar, venta på tur m.m. Fødselsdagsfeiringar Me feirer barn som fyller år med ei lita samling, og fødselsdagsbarnet får ”krone” på hovudet. Me syng fødselsdagssong, og fødselsdagsbarnet får velja seg ei noko frå skattekista/posen og sit i ”Kongestolen”. Planleggingsdagar 2009-2010 13. aug 14..aug 4.jan 6 .april 14 .mai Barnehagen er stengd desse dagane. Dersom det blir endringar i desse datoane, vil me gi skriftleg informasjon i god tid. Eikehaugen 2008-2009 -9- August: September: Månadens eventyr: Månadens eventyr: Den lille skilpaddebabyen. ( stor avd.) Sangleiker ( liten avd.) Rødhette og ulven. ( stor avd.) Haust. ( liten avd.) Tema: Soaial kompetanse Tema: Sosial kompetanse Rolleleik Bli kjent – tilvenning for nye barn. Nye og gamle barn , foreldre og tilsette skal bli kjende med kvarandre. Målet er å skapa trygge rammer for alle. Barna skal bli trygge på seg sjølv og læra å samarbeide med andre/ respektera andre. Me ser på endringane som skjer i naturen, hentar plommer, tek opp poteter m.m. Hugs: Planleggingsdag 13.aug og 14. aug. Ta med ekstra klesskift, regnklede m.m Hugs:. Foreldremøte! (Det kjem eige skriv!) Fotografering tysdag 22. kl.9.30 Eikehaugen 2008-2009 - 10 - Oktober: November: Månadens eventyr: Månadens eventyr: Gullhår og dei tre bjørnane ( stor avd.) Dei tre bukkane Bruse ( liten avd.) Musa som fekk ei nøtt i hovudet. (stor avd.) Dei tre Bukkane Bruse (liten avd.) Tema: Kommunikasjon,språk og tekst. Tema: Kommunikasjon,språk og tekst. Barna skal få kjennskap til ulike begrep som klær, fargar, lengde og høgde, stor og liten m.m Barna skal få kjennskap til rim og regler i tillegg til eventyret. Hugs:. FN-kafé 23 okt. I samband med FN-dagen lagar me kafé med sal av kaffi/te og bakverk. Det blir sal av ting barna har laga. Inntektene av salet går til ”Kauma Village Youth and children center i MALAWI” Skulen har haustferie i v.41! Gi beskjed viss barnet ditt skal ha fri frå barnehagen. Hugs:. Me inviterer til gjensynsfest for barna som gjekk i barnehagen i fjor. Eikehaugen 2008-2009 - 11 - Desember: Januar: Månadens song og eventyr : Månadens eventyr Pepperkakemannen ( stor avd.) Adventsamling. ( liten avd.) Dei tre Bukkane Bruse (stor avd.) Gullhår og dei tre bjørnane ( liten avd.) ”Julekveldsvisa” av Alf Prøysen. Tema: Etikk, religion og filosofi Me fyller adventstida med forventning og glede. Kvar dag vil me ha adventsamling der me tenner lys, ”fyller” opp julekrybba. m.m. Tema: Tal ,rom og form/ kunst,kultur og kreativitet. Barna skal få kjennskap til grunnleggjande matematikk som går på størrelser, form, retning m.m Stor avd. vil satsa på skaparglede ved å la barna få bruka fantasien og tenkja kreativt med utgansgspunkt i månadens eventyr. Hugs:. Sjekk vinterkleda til barna! Hugs: Nissefest Julefrukost Luciaopptrinn på skulen Julegudsteneste i Strand kyrkje saman med andre barnehagar. Eikehaugen 2008-2009 - 12 - Februar: Mars: Månadens song og eventyr: Månadens song og eventyr: Skinnvotten ( stor avd.) Gullhår og dei tre bjørnane.( liten avd.) ”Karnevalssongar” Haren og skilpadden (stor avd.) Den lille røde høna. ( liten avd.) ”Velsignet være kongen ” Tema: Kunst,kultur og kreativitet/Tal,rom og form Barna skal få kjennskap til grunnleggjande matematikk som går på størrelser, form, retning m.m Tema: Påske/ Religion Barna skal få kjennskap til kvifor me feirar påske. Me lagar påskepynt og pyntar på avdelingane. Barna skal få kjennskap til kva karneval og fastelaven er. Påskefrukost (Sjå månadsplan). Påskevandring hos menigheita Klippen. (Sjå månadsplan). Karneval 12 feb. Det kjem eige skriv. Hugs: Bollemåndag 15 febr. Me koser oss med boller og krem. Vinterferie! Skulen har vinterferie 22. – 26. feb. Gi beskjed viss barnet ditt skal ha fri frå barnehagen. Eikehaugen 2008-2009 - 13 - April: Mai: Månadens eventyr: Katten som ville bli høg.( stor avd.) Den lille røde høna.(liten avd.) Månadens eventyr; Den lille røde høna.(stor avd.) Geitekillingen som kunne telja til ti.(liten avd.) Tema: Sosial kompetanse/ språk, kommunikasjon og teskt. Me vil fokusera på omgrepa ”hjelpsom” og ”dela med” . Gjennom eventyret ” Katten som ville bli høg” fokuserer me på omgrepa høg/låg,oppe/nede, eldst/yngst Tema: Kommunikasjon,språk og tekst. Barna skal få lytte til lydar og rytme i språket . Bli fortrulege med symbol som tal og bokstavar med utg.punkt i månadens eventyr. 17.mai. Borna skal få kjennskap til kvifor me feirar 17.mai. Hugs: Overnatting for 6.årsklubben i mai eller juni! Eikehaugen 2008-2009 - 14 - Juni: Juli: Månadens eventyr: Sommar ( liten avd.) Geitekillingen som kunne telja til ti. (stor avd.) Ferieavvikling! Me ønskjer alle ein god sommar. Tema: Natur,miljø og teknikk Barna skal få kjennskap til planter og dyr. Me ser på kva forandringar som skjer i naturen. Hugs: Sommarfest i barnehagen. NB! Festen er på dagtid for alle barna! Eikehaugen 2008-2009
© Copyright 2024