Forord Det skal utarbeidast kommunedelplan for E16 mellom Sleen, vest for fylkesgrensa med Sogn og Fjordane, og til Åsbrekke sør for Vinje. Heile strekninga ligg i Voss kommune. Formålet med planarbeidet er å fastleggje framtidig vegløysing for E16 med tilknytingar. I samband med planarbeidet skal det gjennomførast konsekvensutgreiing for å få kartlagt både økonomiske og ikkje-økonomiske konsekvensar. I tillegg skal risiko og sårbarheit (ROS) vurderast. Dette planprogrammet er utarbeidd i samsvar med § 4-1 i Plan- og bygningslova og tek føre seg problemstillingar knytt til planarbeidet, gir ei oversikt over viktige grunnlagsutgreiingar som er gjort eller skal gjerast som del av planarbeidet, og kva konsekvensvurderingar som må utførast for å klargjere vesentlege verknader av tiltaket. Oversikt over innhaldet i planarbeidet, prosess for medverknad og kva for alternativ som skal undersøkjast skal gå fram av planprogrammet. Planprogrammet er utarbeidd av Statens vegvesen i samarbeid med Voss kommune. Vegvesenet er etter lova tiltakshavar og kommunen ansvarleg planstyresmakt. Etter vedtak i planutvalet …… vert planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker frå …. på tinghuset i Voss, …... I tillegg vert det lagt ut på Statens vegvesen sin nettside: . Vedtak om utlegging vert varsla i avisa Hordaland. Merknader til planprogrammet skal sendast til: Statens vegvesen Region vest Askedalen 4 6863 Leikanger eller til [email protected] Frist for å kome med merknader er …………….. Kontaktpersonar Voss kommune: Berit Marie Galaaen Tlf. 56519608 / 90186409 E-post: [email protected] Statens vegvesen: Bente Øyre tlf. 57655754 / 95259784 E-post: [email protected] 1 Innhald 1. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET ................................................................................. 4 2. FORHOLDA I DAG - PROBLEMSKILDRING ............................................................... 6 2.1 Vegsystem og trafikk .................................................................................................... 6 2.2 Vegstandard langs eksisterande E16 .......................................................................... 7 2.3 Trafikkulykker ............................................................................................................. 9 2 RAMMER OG FØRINGAR ................................................................................................ 10 2.1 Overordna mål............................................................................................................ 10 2.2 Målsetting for planprosjektet E16 Sleen-Åsbrekke ................................................ 10 2.3 Formelt plangrunnlag ................................................................................................ 11 2.4 Aktuelt lovverk ........................................................................................................... 11 2.5 Dimensjoneringsføresetnadar ................................................................................... 11 3 3.1 4 SKILDRING AV PLANOMRÅDE........................................................................................... 19 Plan- og influensområde ............................................................................................ 19 LINJEALTERNATIV SOM SKAL UTGREIAST................................................................... 31 4.1 Korridorar og linjealternativ .................................................................................... 31 4.2 Siling av alternativ ..................................................................................................... 32 4.3 Korridor Oppheimsvatnet nord ................................................................................ 32 4.4 Korridor Oppheimsvatnet sør................................................................................... 38 5 PLANPROGRAM FOR KONSEKVENSUTGREIING.......................................................... 42 5.1 Innleiing, planomtale ................................................................................................. 42 5.2 Samfunnsøkonomisk analyse .................................................................................... 43 5.3 Andre forhold ............................................................................................................. 53 2 5.4 Samanstilling av samfunnsøkonomisk analyse og tilråding ................................... 53 5.5 Planprosess .................................................................................................................. 54 3 1. Bakgrunn for planarbeidet Det er tidlegare utarbeidd kommunedelplan for strekninga E16 Oppheim – Lundarosen. Planen vart godkjent i 2008. I ettertid er det pga. rasproblem i Nærøydalen i Sogn og Fjordane, starta reguleringsplanarbeid for ny trase for E16 mellom Hylland i Aurland kommune og Sleen i Voss kommune. Det vart då ståande att eit parti av E16 mellom Sleen og Oppheim som ikkje var med i nokon av planane. Det er difor behov for å lage ny kommunedelplan der óg denne strekninga inngår. Det vil i planarbeidet bli sett på strekninga Sleen – Åsbrekke, og vurdere trasear for E16 på både nord- og sørsida av Oppheimsvatnet. E16 er ein del av det overordna vegnettet som gir Vest-Norge forbindelse mellom viktige flyplassar, nasjonale hamner, jernbanenett og viktige næringsregioner for heile landet vårt. I NTP 2014 – 2023 er den aktuelle strekninga ein del av transportkorridor 5 Oslo – Bergen/ Haugesund med arm via Sogn til Florø. Transportkorridoren er vist i Figur 1. Denne korridoren består av mange ulike forbindelsar og er svært viktig for transporter mellom Østlandet og Vestlandet. Figur 1: Transportkorridor 5, NTP 2014 - 2023 4 Fleire prosjekt langs E16 er med i NTP 2014 – 2023. M.a. har tilgrensande strekning E16 Nærøydalen, startløyving i siste del av NTP-perioden, 2018 – 2023. Reguleringsplan for E16 Nærøydalen er under utarbeiding. I kommunedelplan-arbeidet for strekninga Sleen – Åsbrekke, må startpunktet ved Sleen tilpassast reguleringsplanen for E16 Nærøydalen. Ved Taulen/ Åsbrekke skal planen tilpassast gjeldande kommunedelplan for strekninga Oppheim – Lundarosen. Kommunedelplanen er ein overordna plan som skal avklare linjeval og standard. Vegvesenet si handbok N100 “Veg- og gateutforming” har ulike standardklassar som skal nyttast for ny veg, og andre klassar som kan nyttast i samband med utbetring. Handbok N500 “Vegtunneler” har berre standard for ny veg (ny tunnel). Dette vil vere dei to mest sentrale vegnormalane for vurdering av linjeføring og standard i kommunedelplanarbeidet. I samsvar med § 4-2 i Plan- og bygningslova skal det gjennomførast konsekvensutgreiing i samband med kommunedelplanarbeidet: “For regionale planer og kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplaner som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal planbeskrivelsen gi en særskilt vurdering og beskrivelse - konsekvensutredning – av planens virkninger for miljø og samfunn”. Godkjent planprogram skal avklare kva som skal utgreiast og kva for vegløysingar som skal undersøkjast. 5 2. Forholda i dag - problemskildring 2.1 Vegsystem og trafikk I samband med planlegging av ny trase for E16, vil i tillegg til E16 også rv. 13 og fv. 317 inngå i planområdet. Kartet i Figur 2 viser eksisterande trasear for desse vegane, og i teksten under er det gitt ei vidare skildring av strekningane. Figur 2: Kart over riks- og fylkesvegar i området. E16 E16 er ein nasjonal hovudveg, og er ei veldig viktig transportrute mellom aust- og vestlandet. Strekninga Sleen – Åsbrekke har ei lengde på ca. 19,2 km langs eksisterande veg. Strekninga har noko ujamn standard både når det gjeld vegbreidde og kurvatur. Vegen går gjennom nokre mindre tettstader som Haugsvik, Oppheim og Vinje. Elles er det spreiddt busetnad langs heile strekninga, med mange kryss og avkøyrsler. Det er fartsgrense 60 km/t gjennom Haugsvik, 50 og 70 km/t gjennom Oppheim, 60 og 50 km/t på strekninga Vinje aust til forbi skulen ved Sundve. 6 Tabell 1 nedanfor viser ei oppsummering av lengder på fartsgrensene på strekninga Sleen Åsbrekke. Fartsgrense 50 60 70 Totalt for 50 - 70 Lengde av strekninga, km 1,5 3,2 1,5 6,2 %-vis lengde av strekning 8 17 8 32 Tabell 1: Fartsgrenser på strekninga Sleen - Åsbrekke Tabell 1 viser at det er nedsatt fartsgrense på om lag 1/3 av strekninga E16 Sleen – Åsbrekke. Det er gang- og sykkelveg på delar av strekninga, i hovudsak ved Haugsvik, Oppheim og Vinje. Det er ingen tunnelar på strekninga. E16 har aukande trafikkmengde frå Sleen mot Åsbrekke. Tabell 2 viser korleis årsdøgntrafikken (ÅDT) varierer på strekninga. ÅDT-T angir mengde tungtrafikk (køyretøy med lengde større enn 5,6 meter eller totalvekt større enn 3,5 tonn). ÅDT-tala er for 2014. Strekning Sleen - Haugsvik Haugsvik - Vinje Vinje - Åsbrekke ÅDT 2000 2800 3800 ÅDT-T (%) 520 (26 %) 560 (20 %) 646 (17 %) Tabell 2: Årsdøgntrafikk (ÅDT) for år 2014 på strekninga E16 Sleen – Åsbrekke. Som ÅDT-tala viser, er det veldig stor del tunge køyretøy på strekninga. Rv. 13 Rv. 13 er ein viktig regional veg som strekk seg frå Sandnes i Rogaland i sør til Vik i Sogn i nord. Rv. 13 går følgjer E16 på strekninga Voss – Vinje. Frå Vinje fortsett rv. 13 nordover gjennom Myrkdalen og vidare over Vikafjellet til Vangsnes i Sogn og Fjordane. Myrkdalen er eit viktig hytte og friluftsområde, og skapar spesielt stor helgetrafikk langs E16 sør for Vinje og vidare for rv. 13 på strekninga Vinje - Myrkdalen. Trafikktal for år 2014 for strekninga Vinje – Myrkdalen viser ein ÅDT på 1200 køyretøy. ÅDT-T på denne strekninga er 9 % for 2014. Fv. 317 Fv. 317 går langs sør-sida av Oppheimsvatnet mellom Haugsvik og Øyjordi, og er knytt til E16 ved begge endar av vatnet. Det er spreidd busetnad langs heile strekninga. Vegen slyngar seg i landskapet mellom busetnaden på strekninga litt opp frå strandlina. ÅDT for 2014 er berekna til 100 køyretøy med ein tungtrafikkdel på 5 %. 2.2 Vegstandard langs eksisterande E16 Vegbreidda på strekninga E16 Sleen – Åsbrekke varierer. Det er gul midtlinje mellom Sleen og Humlabrekke. Mellom Humlabrekke og Åsbrekke er det eit parti utan gul midtlinje. Frå 7 Åsbrekke og vidare sørover er det igjen gul midtlinje. Langs heile strekninga er det i hovudsak for smale skuldre og grøfter. Kurvaturen langs store delar av strekninga tilfredsstiller ikkje dagens krav. Det er tett med kryss og avkøyrsler på strekninga, spesielt langs Oppheimsvatnet. Mange av avkøyrslene har dårleg utforming, og tilfredsstiller ikkje krav til utforming jf. gjeldande normalar. Langs Oppheimsvatnet er det tydelege sig i vegbana fleire stader. Dette tyder på dårlege grunnforhold. Det er òg problem med overvatn enkelte stadar sidan vegen ligg lågt i terrenget i høve flaumvasstand. Ved Oppheim sentrum renn det to elvar som kryssar under vegen i kulvert. Det er problem med flaum og flaumskred ved begge desse to elveløpa, og det hender at det flaumer over både gangog sykkelvegen og riksvegen. Også ved Taulen er det problem med elver som produserer sørpeskred, og der skredmassane kjem opp på vegen når kulvertane går tette. Skredpunkta ved Taulen er med på Statens vegvesen si prioriteringsliste over høgt prioriterte skredsikringstiltak i Region vest. Vegen i Vinjadalen er utsatt for steinsprang, isnedfall og jord/ lausmasseskred. Det er montert ein del is-nett langs skjeringane på strekninga. E16 har i periodar vore stengt pga. flaum og skred langs denne strekninga. Figur 3 viser bilete frå flaumen 28. oktober 2014. Figur 3: Utklipp frå avisa "Hordaland" som viser flaum på E16 sør for Vinje 28. oktober 2014. 8 2.3 Trafikkulykker I 10-års perioden 2004 – 2013 er det totalt registrert 34 trafikkulykker med personskade på strekninga E16 Sleen - Åsbrekke. Av desse er det ei dødsulykke med ein drepen og ni ulykker med totalt 15 alvorleg skadde. Dødsulykka skjedde ved utforkøyring på venstre side i ei høgrekurve sør for Vinje. Av totalt ti ulykker med drepte og/ eller med alvorleg personskade, har fem av ulykkene skjedd ved møting og fire av ulykkene var utforkøyring av einsleg køyretøy. Ei av ulykkene hadde uklart forløp, men det var to einheiter innblanda i ulykka. Tre av ulykkene med påkjøring bakfra, ser ut til å ha skjedd i samband med kryss. Alvorlegaste skadegrad i dessse ulykkene var lettare skadd. Det er registrert fem ulykker sør for Vinje i ei og same kurve, sjå bilete i Figur 4. Fire av desse var møteulykker der to av ulykkene hadde alvorleg skadd som alvorlegaste skadegrad. I tillegg har det vore ei dødsulykke som skjedde ved utforkøyring med lastebil. Figur 4: Det er registrert fem trafikkulykker i perioden 2004 - 2013 i samband med denne svingen. Ei av desse var dødsulykke. Det er óg registrert fleire ulykker ved kurvene vest for Sleen, sjå bilete i Figur 5. Her har det skjedd tre utforkøyringar av einslege køyretøy på ei strekning på 150 m. Alvorlegaste skadegrad er lettare skadd. Denne kurva inngår i planområdet for reguleringsplanen for E16 Nærøydalen. Figur 5: Kurver vest for Sleen. Her er det registrert tre utforkøyringsulykker med personskade i perioden 2004-2013. Forutan punkta omtala ovanfor, fordelar ulykkene seg over heile strekninga. registrert ulykker med mjuke trafikantar. 9 Det er ikkje 2 Rammer og føringar 2.1 Overordna mål 2.1.1 Nasjonal transportplan 2014 - 2023 Regjeringa si overordna mål for transportpolitikken er: Å tilby et effektivt, tilgjengelig, sikkert og miljøvennlig transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremmer regional utvikling. For dei fire hovudmåla er det satt opp etappemål som viser kva områder som vert særleg vektlagt, synt i figur 5. E16 er blant strekningane som skal vektleggast, og er blant strekningane i riksvegnettet som etappemåla i figur 5 gjeld for. I NTP 2014 – 23 står det: ”Regjeringen prioriterer å styrke satsingen betydelig til store prosjekt på riksvegnettet (…) Dette vil i betydelig grad bidra til at lengre sammenhengende strekninger får god standard.» Figur 6 Hovudmål og etappemål for utvalde strekningar i riksvegnettet. Tabell frå NTP 2014-2023 2.2 Målsetting for planprosjektet E16 Sleen-Åsbrekke 2.2.1 Resultatmål Resultatmål for planprosjektet er: 1. Å få fram dei planane etter plan- og bygningslova som er nødvendige for å få bygt ut E16 i trå med Nasjonal Transportplan. 2. Planane skal støtte dei samfunnsmål, effektmål og resultatmål som er sette. 10 2.3 Formelt plangrunnlag 2.3.1 • • • • Rikspolitiske retningslinjer Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga Rikspolitiske retningslinjer om universell utforming Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag 2.3.2 Fylkesplanar Fylkesplan for Hordaland 2005-2008 er forlenga inntil vidare. E16 er ein del av Hordalandsringen i lag med kyststamvegen E39, Haukelivegen E134 og riksveg 13. Desse utgjer hovudvegnettet i regionen og knyter dei regionale knutepunkta Bergen, Voss, Odda og Stord saman, i tillegg til vidare samband ut av fylket. 2.3.3 Kommunale planar Gjeldande kommuneplan for Voss vart vedteken av kommunestyret i 2011 og gjeld for perioden 2011-2022. Arealdelen og handlingsprogrammet skal rullerast for perioden 2015-2026. 2.4 Aktuelt lovverk Dei viktigaste lovane i samband med planarbeidet er lista opp nedanfor: • • • • • • • • • • Plan- og bygningslova Forureiningslova Kulturminnelova Vassressurslova Naturmangfaldlova Viltlova Jordlova Skogbrukslova Veglova Lov om universell utforming 2.5 Dimensjoneringsføresetnadar 2.5.1 Handbøker Statens vegvesen sine handbøker med krav til dimensjonering av veg og tunnel skal leggjast til grunn for planarbeidet. Dei viktigaste handbøkene er: Handbok N100 – Veg- og gateutforming Handbok N 101 – Rekkverk og vegens sideområder Handbok N 200 – Vegbygging Handbok N 500 – Vegtunneler 11 Handbok N 100 set spesielt krav til kurvatur, vegbreidde og sikt avhengig av vegtype, fartsgrense og trafikk. Det er ein standard for ny veg og ein standard som kan nyttast ved utbetring av eksisterande veg. Krava til standard for bygging av ny veg er omtalt i del C i handboka, og krava til utbetring av vegar er omtalt i del D. Handbok N 101 set krav til korleis rekkverk og vegens sideområder, inkludert grøfter og vegskråningar, skal formast. Handbok N 200 set krav til korleis sjølve vegkroppen skal dimensjonerast, samt forming av grøfter og skråningar, med tanke på drenering og stabilitet. Handbok N 500 set krav til tunnelprofil og sikkerheitsutrusting. Krav til stigning er strengare i tunnel enn for veg i dagen. Siktkrav set i praksis grenser for kor krapp kurvatur som kan nyttast. Det skal ikkje vere kryss i tunnel og ikkje nær tunnelmunningen. Tunnelnormalen har ingen eigen standard for utbetring. 2.5.2 Vegstandard - Veg i dagen Veg i dagen skal planleggast i samsvar med dimensjoneringstabellane i vegvesenet si handbok N 100 Veg- og gateutforming. Saman med vegen sin funksjon og fartsgrense er trafikkmengde, dvs. årsdøgntrafikk (ÅDT), grunnlaget for val av standardklasse. Både tunnelklasse og standardklasse på veg i dagen blir bestemt ut frå gjennomsnittleg trafikkmengde per døgn 20 år etter at anlegget er ferdig.Vegdirektoratet sine prognosetal for trafikkutvikling i Hordaland er lagt til grunn i berekningane. Om vi reknar 2022 som opningsår for prosjektet, blir år 2042 prognoseår for trafikktal. Berekna årsdøgntrafikk for år 2042 på E16 mellom Vinje og fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane er på kring 4000 køyretøy og om lag 5400 køyretøy mellom Vinje og Tvinde når vi brukar Vegdirektoratet sine prognosetal for venta trafikkutvikling i Hordaland. Følgjande vegklassar blir lagt til grunn: • • • H4 Nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar, ÅDT 4 000 – 6 000 og fartsgrense 80 km/t o Vil gjelde for strekninga Sleen - Vinje/Oppheim eller den austlegaste strekninga H5 Nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar, ÅDT 6 000 – 12 000 og fartsgrense 90 km/t o Vil gjelde for strekninga Vinje og Åsbrekke eller den vestlegaste strekninga U-H2 Nasjonale hovudvegar, ÅDT < 4 000 og fartsgrense 60 eller 80 km/t o Vil gjelde ev. del av eksisterande E16 som vil inngå som del av framtidig rv. 13 12 2.5.3 Dimensjoneringskrav til H4-veg H4 gjeld for nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar, med ÅDT mellom 4000 og 6000, og fartsgrense 80 km/t. Tverrprofil for H4-veg er vist i Figur 7. Figur 7 Tverrprofil for vegklasse H4 (Statens vegvesen, handbok N100) Vegklasse H4, Ådt 4000 – 6000, 80 km/t Vegbreidde 10 m Skulder 1m Køyrefelt 3,5 m Skille køyreretningar 1 m forsterka midtoppmerking Rmin 300 m Amin 140 m Stoppsikt ved Rmin 145 m Rvminhøy 4400 m Rvminlav 2100 m Maks. overhøgde 8% Maks. stigning 6% Kryssløsning T-kryss, Rundkøyring, Planskilt Avkøyrsler Avkøyrslefri Avstand mellom 3 km stopplommer Forbikøyring Eige eller motgåande Belysning Ikkje krav Dimensjonerande Vogntog / A køyretøy/ køyremåte 13 Avstand: 1000 m Andre krav til vegklasse H4: Gåande og syklande skal ha eit tilbod. Dette bør løysast via lokalt vegnett. Heilskapleg/ samanhengande tilbod til gåande og syklande skal visast i overordna plan. Ei eventuell kryssing mellom gang- og sykkelveg og køyreveg skal være planskilt. 2.5.4 Dimensjoneringskrav til H5-veg H5 gjeld for nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar, med ÅDT mellom 4000 og 6000, og fartsgrense 80 km/t. Tverrprofil for H4-veg er vist i 6. Figur 8: Tverrprofil for H5-veg (Statens vegvesen, handbok N100) Vegklasse H5, Ådt 6000 – 12000, 90 km/t Vegbreidde 12,5 m Skulder 1,5 m Køyrefelt 3,5 m Indre skulder 0,75 m Skille køyreretningar 1 m midtdeler med rekkverk Rmin 450 m Amin 180 m Stoppsikt ved Rmin 175 m Rvminhøy 6400 m Rvminlav 2600 m Maks. overhøgde 8% Maks. stigning 6% Kryssløsning Planskilt, evt. Tkryss, rundkøyring Avkøyrsler Avkøyrslefri Avstand mellom 2 km stopplommer Forbikøyring Eige felt Avstand: 1000 m 14 Belysning Dimensjonerande køyretøy/ køyremåte Krav om belysning Vogntog / A Andre krav til vegklasse H5: Krav til breiddeutviding for strekningar med R ≤ 500 m. Krav til forbikøyringsfelt: minst 1 forbikøyringsfelt pr. 10 km for ÅDT 4000 - 6000. For ÅDT 6000 – 8000 skal kryss byggast som T-kryss, rundkøyring eller planskilt kryss. Ei eventuell kryssing mellom gang- og sykkelveg og køyreveg skal være planskilt. 2.5.5 Dimensjoneringskrav til U-H2 For eksisterande E16 som ev. kjem til å inngå som del av framtidig rv. 13, er aktuell vegklasse utbetringsstandard U-H2, ÅDT < 4000 og fartsgrense 60 eller 80 km/t. Dette inneber ei utviding av vegbana til 8,5 m ved fartsgrense 80 km/t. Denne vegtypen tillater direkte avkøyrsler, sjølv om tal avkøyrsler bør avgrensast. ÅDT på strekninga vil truleg vere om lag 1500. Det må difor gjerast ei nærare vurdering om det må etablerast eigen gang- og sykkelveg, eller om det kan vere aktuelt med andre løysingar. For vegklasse U-H2 er det ikkje krav til planfri kryssing mellom gang- og sykkelveg og køyreveg. Ved utbetring av eksisterande veg kan det vere aktuelt å skilte med redusert fartsgrense 60 km/t på noko av strekninga. I 60- sone kan vegbreidda reduserast til 7,5 meter med 6 meter køyrebane og 2 x 0,75 meter skulder. Figur 9 viser tverrprofil for vegklasse U-H2 ved både 60 og 80 km/t. 15 Figur 9: Tverrprofiler for vegklasse U-H2 ved 60 km/ og 80 km/t (Statens vegvesen, handbok N100) 2.5.6 Vegstandard - Veg i tunnel Tunnelklasse vert bestemt ut frå handbok N 500. Etter handboka skal tunnelklassen på same måte som for veg i dagen bestemmast ut frå venta årsdøgntrafikk 20 år etter åpningsåret. Ut frå dette skal tunnelar langs E16 i planområdet ved ÅDT < 8000 byggast etter tunnelklasse C med tunnelprofil T10,5 (10,5 meter total breidde frå vegg til vegg). I denne tunnelklassen er det eit sperreområde med breidde på ein meter mellom køyrefelta. 16 Figur 10 Tunnelprofil T 10,5 (Statens vegvesen, handbok N500) ÅDT under 4000 gjev eit stoppsiktkrav på 105 m, som med tunnelprofil T9,5 gjev ca. minimumsradius på 450 meter utan ekstra siktutviding. Maksimal stigning i tunnel er 5 %. Minste fri høgde over køyrebanekanten er 4,60 meter. Dersom det vert aktuelt med forbikøyringsfelt i tunnel, skal ein nytte tunnelprofil T14. Figur 11 Tunnelprofil T14, nyttas dersom ein treng forbikøyringsfelt i tunnelen. (Statens vegvesen, handbok N500) 17 2.5.7 Kryss For H4-veg er kravet at kryss skal byggjast som forkøyrsregulert T-kryss, rundkjøring eller planskild kryss. Viss vegen vert skilta som motortrafikkveg skal planskilte kryss nyttast. På nasjonale hovudvegar skal bruken av rundkøyringar vere restriktiv. For H5-veg er kravet at dersom ÅDT er over 8 000, skal ein nytte planskilde kryss. Dersom vegen har ein ÅDT mellom 6000-8000 skal kryss byggjast som forkøyrsregulert T-kryss, rundkøyring eller vere planskild. På nasjonale hovudvegar skal bruken av rundkøyringar vere restriktiv. For både H4- og H5-vegar bør det vere minst ein kilometer mellom kvart kryss. Kryssløysingane vil variere med ulike alternativ. I kryss er det strengare krav til stigning og kurvatur enn elles. Ved tunnelar er minimum avstand frå tunnelmunningen til krysset to gonger stoppsikten. 2.5.8 Tiltak for gåande og syklande For alle løysningar gjeld det at gående og syklende skal ha eit tilbod, og dette bør løysast via det lokale vegnettet. Eit heilskapeleg/samanhengande tilbod til gåande og syklande skal visast i overordna plan. Eventuell kryssing mellom gang- og sykkelvegen og køyrevegen skal vere planskild. Ved tunnelar må tilhøvet til gang- sykkeltrafikken vurderast spesielt. Det er ikkje ønskjeleg med slik trafikk i tunnelen. 2.5.9 Avkjørsler Vegen skal vere utan avkøyrsler. I praksis løyser ein dette med å samle avkøyrsler i eigne samlevegar som vert kopla på hovudvegen med kryss utforma etter krava. 18 3 Skildring av planområde 3.1 Plan- og influensområde Planområdet strekk seg i aust frå litt inn i planområdet for E16 Nærøydalen og sørvestover til forbi Åsbrekke. Området strekk seg til begge sider av Oppheimsvatnet i retning nord/sør. Kartet i Figur 12 viser planområdet for kommunedelplanen E16 Sleen – Åsbrekke. Figur 12: Kart over planområdet E16 Sleen – Åsbrekke 3.1.1 Landskapsbilete Landskapsbilete er eit uttrykk for eit område sitt visuelle særpreg eller karakter. Tema tek føre seg korleis landskapet vert opplevd romleg ut i frå omgjevnadane. Ved vurdering av landskapsbilete er det Nasjonalt referansesystem for landskap (Puschmann, 2005) som utgjer grunnlaget. Det er ei romleg landskapskartlegging der samspelet mellom ulike definerte landskapskomponentar dannar eit område sin landskapskarakter. Klassifiseringa er knytt til ulike geografiske nivå, der landskapsregionane er det overordna nasjonale nivået, medan landskapsområda er det lågaste nivået. Planområdet ligg innafor landskapsregion (RL) 23 Indre bygder på Vestlandet. For Hordaland fylke er det gjennomført heildekkande klassifisering på landskapsområdenivå, (LO). Dette nivået er i målestokk 1:50 000, og difor godt eigna som grunnlag ved planleggings- og 19 utgreiingsarbeid på regionalt nivå. Landskapsområde med fellestrekk i innhald, samansetning og form er gruppert i ulike definerte landskapstypar (LT). Planområdet er dominert av landskapstypen Storforma innlandsdalar. Dette er ein landskapstype som er atypisk både for LR23 og for Vestlandet sett under eitt. Den er kjenneteikna av store og vide dalar med slake dalsider og store åsar, omkransa av store avrunda fjellmassiv. Det storskalalandskapet dominerer, med rike innslag av mindre terrengvariasjonar, vatn, vassdrag og busetnad. Kulturlandskapet utgjer ein storskalamosaikk, med kontrastar mot skogkledde åsar. Samspelet mellom dei ulike landskapskomponentane skapar ein stor variasjon, men også ein gjennomgåande samanheng. Innafor planområdet er, i tillegg til Storforma innlandsdalar, landskapstypane Elvegjel, Storkupert fjellhei og Sprekkedal representerte. Med sine ulike karakteristiske trekk dannar dei variasjon i landskapskarakteren, og bidreg til auka inntrykksstyrke og opplevingsverdi. Figur 13 Utsyn over grenda Sundve, typisk for dallandskapet. Foto: S. Kløve-Graue, Statens vegvesen Landskapstypen Elvegjel er geografisk knytt til Strandaelvi og området kring Nedre VinjoHommedal, der garden Humlabrekke markerer overgangen mellom dal og elvegjel frå sør. Landskapstypen Storkupert fjellhei er knytt til fjellpartiet med Skorseteggi som høgste punkt på 925 m.o.h. Fjellet ligg som ein isolert rygg i nord-sørleg retning innan planområdet. Landskapstypen Sprekkedal er geografisk knytt til Langedalen. Det er ein gjennomgåande sprekkedal, med tydlege v-form. Dalen ligg i nord-sørleg retning, vassdraget som følgjer deler av dalen renn ut i Oppheimsvatnet. Denne landskapstypen er atypisk for LR 23. 20 Knytt til vurdering -og avgrensing av influensområde, vil truleg nokre fleire landskapstypar inngå i konsekvensutgreiinga. 3.1.2 Nærmiljø og friluftsliv Friluftsområde Strandaelva, Brandsetelva og Øvsthusdalen er registrert som svært viktige regionale friluftsområde. I sommarsesongen er det mykje aktivitet i dei to elvene knytt til kajakkpadling og rafting. Aktiviteten skjer både regi av privatpersonar, festivalen Ekstremsportveko og av kommersielle aktører som Voss Raftingsenter. Ved Rødno er det eit statleg sikra friluftslivsområde. Brandsetdalen og Raundalen nord er kategorisert som viktige friluftsområder, og Oppheimsdalen og Langedalen er kategorisert som registerte friluftsområder. Figur 14 viser regionale friluftsområde i planområdet. Av lokale friluftsområder utenom desse er den gamle postvegen i bruk som tursti, og ved på nordsida av Oppheimsvatnet ligg det ein badeplass mellom Kvasshaug og Haugsvik. Det er to campingsplassar i området, Taulen camping på Taulen og Midttun camping i Haugsvik. Figur 14 Regionale friluftsområde. (Frå kart.ivest.no) Gang- og sykkelvegar Ved Sundve skule, ved austsida av E16, går det ein ca. 90 meter lang strekning med gang- og sykkelveg som skal gje trygg ferdsel for born mellom skulen og ein lokal samleveg. På Vinje 21 går det mindre strekningar på ca. 45 og ca. 185 meter med gang- og sykkelveg. Ved Oppheim er det ein 190 meter strekning med gang- og sykkelveg på austsida av E16 ved Framnes, og ei samanhengande strekning frå Framnes til Ure langs vestsida av E16. Frå Haugsvik til Hauge barnehage går det ein gang- og sykkelveg langs sørsida av E 16, og vidare til Giljarhusvegen på nordsida av E16. Skular, barnehage og idrettsanlegg På Oppheimsvangen ligg Oppheim skule. Det er ein barneskule med kring 45 elevar fordelt på 1.-7. trinn. I samband med ny skule for Vossestrand på Sundve, er det planlagt at skulen skal leggast ned frå 1. august 2015. På Sundve ligg Sundve skule, som er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Samla elevtal før samanslåing med Oppheim skule har vore kring 120 elevar i året. Elevane i barneskulen kjem frå Sundve og Myrkdalen krins, medan elevane i ungdomskulen óg kjem frå Jordalen og Oppheim. I det gamle skulebygget i Haugsvik ligg Hauge barnehage, som i dag er ein kommunal barnehage. I tilknytning til skulen på Sundve ligg Sundve FUS barnehage, som er ein privat barnehage med 54 plassar. Her ligg óg eit mindre idrettsanlegg. Ved Oppheim ligg eit skitrekk, og ved Framnes ligg to hoppbakkar. 3.1.3 Naturmangfald Vernestatus Planområdet ligg vest for Nærøyfjorden landskapsvernområde/Vestnorsk fjordlandskap. Nedbørsfeltet er i hovudsak Vossovassdraget (062.Z) som er verna i Verneplan III (1986). Oppheimsvatnet er største vatnet (3,8 km², 332 moh). Vatnet er 66 m djupt og har eit middeldjup på 30 m. Det samla vassvolumet er på 120 milionar m³ og det vert skifta ut om lag 0,6 gonger årleg. Austre delar av planområdet ligg i nedbørsfeltet til Nærøydalselvi (071.Z) som er verna ved supplering av vernplan for vassdrag i 2005. 22 Figur 15: Delar av Nærøyfjorden landskapsvernområde med grøn skravur opp til høgre. Blå linje er vasskilje mellom Nærøydalselvi til høgre og Vossavassdraget til venstre. Oppheimsvatnet midt på figuren. Kjelde: Fylkesatlas Naturområde Det er ei utvald naturtype i plannområdet. Dette er ein regionalt viktig slåttemark som ligg ved Heggland (NaturbaseID: BN00081109). I same området, Heggeland-Løn er det tre andre slåttemarker som er vurdert som lokalt viktige, jf. Figur 16. 23 Figur 16: Utvalt naturtype (regionalt viktig slåttemark) med brunt omriss, lokalt viktige slåttemarker med grønn stipla omriss/skravur ved nord/austre del av Oppheimsvatnet. Kjelde: Naturbase Miljøregistreringar i skog (MiS) har 3 lokaliatetar i planområdet, jf. Figur 17. Desse er registrert med livsmiljø; Eldre lauvsuksesjon, og vegetasjonstype; Lågurtskog, typisk. Den registrerte topografien på loklitetane er noko ulik. Lokaliteten aust for vatnet er registrert som; Flat mark og toppen av koller, sør for vatnet ligg lokliteten i; Søkk eller forseinking i terrenget, medan den vest for Oppheimsvangen ligg i; Bakke eller skråning med sydleg hellingsretning. Figur 17: Miljøregistreringar i skog. Kjelde: Naturbase 24 Artar Figur 18 viser artar med nasjonal forvaltningsinteresse i planområdet. Figur 18: Artar med nasjonal forvaltningsinteresse. Kjelde: Naturbase Planområdet grenser mot naturvernområdet Nærøyfjorden. Oppheimsvatnet og elvar i planområdet høyrer inn under verneplan for Vossavassdraget. Det er utvalt naturtype slåttemark ved Løn og Sundve. I tillegg til meir vanleg førekommande lauv- og vintergrøn skog er det i planområdet registrert eldre lauvsuksesjon ved Sundsvål, Sellandselvi og nord for Haugsstølen, og det er eit område med gamle trær ved Høgrusti søraust for Sleen. Det er elles registrert framande artar langs E16 mellom Sleen og Vinje. Naturmangfaldet kan bli påverka der vegen vert lagt i dagen og i påhoggsområda for tunnel. Vassdrag kan også bli påverka nedstraums og i vatn utanom sjølve tiltaksområdet. Støy og aktivitet kan influere på sky artar på lengre avstand. Nye vegtraséar kan skape barrierar for vandrande dyr, og fragmentere leveområde for ulike artar. Referansar/kjelder: Artskart, 10.4.2015 Kilden, 9.4.2015; http://kilden.skogoglandskap.no/map/kilden/index.jsp?theme=SKOGBRUKSPLAN&mapLay er=SKOGBRUKSPLAN_STATUS 25 Naturbase, 9.4.2015 Sægrov, H. 1998. Utfisking med flytegarn i Oppheimsvatnet og Myrkdalsvatnet, Voss, fører til endringar i aurebestand og dyreplanktonsamfunn. Rådgivende Biologer, rapport nr. 342, ISBN 82-7658-203-6 3.1.4 Kulturmiljø Kulturminner og kulturmiljø er ein del av omgivnadane våre, og dei bidreg med kunnskap om fortida og til opplevelsar som gjer oss rikare fysisk og mentalt. Kulturminnene representerer spor etter det som har skjedd, om korleis det var å vere menneske før og korleis samfunn har vore organisert. Dei er ein ikkje-fornybar ressurs som skal takast vare på, og forvaltast til det beste for kommande generasjonar. I Noreg har ein kulturminner frå 12 000 år attende i tid, og desse representerer eit mangfald av uttrykk frå menneskers liv og virke, frå steinalder og opp til vår eiga tid. Lovverket set eit skilje mellom automatisk freda kulturminne, som er kulturminne som er eldre enn 1537, og kulturminne frå nyare tid, som er kulturminne frå reformasjonen og til vår tid. Planområdet har ein tett førekomst av kjende kulturminner, både automatisk freda og frå nyare tid. Kulturmiljø som skil seg ut er Hauge/Rygg, Gamle Oppheimsvangen, Vinje og Sundve. Det er vanleg at fysisk registrering av kulturminner frå forvaltninga si side fyrst skjer på neste plannivå, ved utarbeiding av reguleringsplan. Forvaltningsinstans er kulturavdelinga hjå Hordaland fylkeskommune. Figur 19 Kart som syner tettleiken av hittil kjende freda kulturminner i planområdet, uten SEFRAK. Kjelde: Askeladden 26 Oppheimsvatnet Figur 20 SEFRAK-registrerte bygningar på Gamle Oppheimsvangen. Kjelde: Askeladden Oppheimsvatnet Figur 21 Nokre av dei bygningane i SEFRAK-registeret på sørsida av Oppheimsvatnet. Kjelde: Askeladden Det skal i samband med kommunedelplanen for E16 Sleen-Åsbrekke utarbeidast ein deltemarapport for kulturminne og kulturmiljø som skal inngå i konsekvensutgreiinga, og danne grunnlag for vidare planarbeid. Rapporten skal innehalde ein oversikt over kjende kulturminner og kulturmiljø samt kvar det er størst potensiale for funn av nye automatisk freda kulturminner. Rapporten skal utarbeidast etter retningslinjene i Statens vegvesen si handbok V712, jamfør kapittel 6.2.2. 27 3.1.5 Naturressursar Berggrunn og lausmassar Ifølgje NGU sitt berggrunnskart [Sigmond E.M.O., 1998, Berggr. Odda 1:250.000, NGU] finn vi ein tredelt geologi i dette området, noko som er typisk for denne delen av Kaledonidene, sjå figur 1: Grunnfjellet med det subkambriske peneplanet nederst, ofte i form av diorittisk til granittisk gneis, migmatitt og mylonittgneis, samt mangerittsyenitt. Denne geologien opptrer aust i planområdet. • Deformerbare kambrosiluriske skiferavsetningar ligg i midten. Desse skifrane er glimmer- og grafittrike og fungerte som eit smøremiddel då skyvedekka vart skuva inn over grunnfjellet. I dette laget finn ein ofte fyllitt og glimmerskifer. Desse bergartane ser ut til å opptre vest for gneisane og om lag midt i planområdet. • Øverst finn vi restane etter jotundekkets grunnfjellbergartar, ofte i form av gabbro og amfibolitt. Desse bergartstypane ligg sørvest i planområdet ifølgje berggrunnskarta til NGU. Generelt sett er grunnfjellsbergartane temmeleg sterke og motstandsdyktige mot forvitring. Fyllitt og glimmerskifer kan tidvis vere tettare oppsprukke og dette bergartslaget er generelt mindre stivt enn begge dei to andre laga. Figur 22 viser geologisk kart over området (NGU). • Figur 22: Geologisk kart over planområdet. Mangerittsyenitt i rødbrunt, diorittisk/granittisk gneis i lys lilla, fyllit/glimmerskifer er lys grøn, metasandstein/glimmerskifer er gult og gabbro/amfibolitt er brun. (NGU) 28 Figur 23 viser kart over lausmassar i området. Kartet er henta frå NGU sitt lausmassekart. Figur 23 Kart over lausmassar i planområdet Kart: NGU Lausmassekart N250 Det er ikkje funne opplysningar som tyder på at det er uttak av grus- eller pukk i planområdet. Landbruksareal Det er jordbruksareal ved Sleen, rundt Oppheimsvatnet, ved Vinje, Sundve og eit mindre areal ved Taulen. Det er område med produktiv skog i heile planområdet. 29 Figur 24 Kart over landbruksareal Majoriteten av jordbruksarealet er fulldyrka jord, med mindre innslag av overflatedyrka jord og innmarksbeite. Fiske- og vassressursar Vinjadalen kraftverk i Strandaelva er eit småkraftverk som har vore i drift sidan 1933, og som har ein maks ytelse på 0,075 MW. I tillegg ligg det eit mindre konsesjonsfritt vannkraftverk ved Skogstad, aust for E16 ved Taulen. Det er påvist betydlege grunnvassressursar mellom Sleen og Haugsvik, ved Oppheim og Øyjordi, Vinje, Sundve og langs vestsida av elva sør for Åsbrekke. Ein antek at det er betydeleg grunnvannspotensiale langs Oppheimsvatnet og i Langedalen sør for Øyjordi. I Voss kommune har kommunestyret vedteke å innføre differensiert forvaltning for heile Vossavassdrager med nedbørsfelt. Vassdraget er delt inn i ulike soner på bakgrunn av inngrep, busetnadsmønster og naturfaglege verdiar. Kvar sone er plassert i klassar frå 1 til 3 etter menneskeleg påverknad. For kvar klasse gjeld bestemte forvaltningsreglar for kva typar av inngrep som er tillatne i vassystemet. Prinsippet for differensiert forvaltning har kommunestyret gjort gjeldande for heile kommuen, óg for dei ikkje-verna vassdraga. I Strandaelva går den øvre grensa for naturleg utbreiing av laks ved Rognsfossen. I Oppheimsvatnet er det innlandsaure, som er den viktigaste fiskeressursen i kommunen. 30 4 Linjealternativ som skal utgreiast 4.1 Korridorar og linjealternativ Arbeidet med linjealternativa for E16 Oppheim byrjar ved Sleen i nordaust og ender ved Åsbrekke i sørvest. Planområde og utarbeidde linjealternativ er vist i Figur 25. Det er to hovudkorridorar i prosjektet. Den nordlege korridoren strekk seg frå Sleen, via Oppheimsvatnet si nordlege side, og ned mot Åsbrekke. Desse alternativa vert referert til som korridor Oppheimsvatnet nord, og inkluderer linjealternativ 1, 2, 3, 7, 8 og 9. Den sørlege korridoren, korridor Oppheimsvatnet sør, strekk seg frå Sleen og går via Oppheimsvatnet si sørlege side ned mot sluttpunktet på Åsbrekke, og inkluderer linjealternativ 4 og 6. Felles for alle linjealternativa er at dei skal ha med ei kopling mot rv. 13. Det er sett på alternativ med utbetring av eksisterande veg og kombinasjon av veg i dagen og tunnel. Det er sett på alternativ langs både nord- og sørsida av Oppheimsvatnet. Dei ulike linjealternativa er vist i Figur 25 og blir nærare omtala nedanfor. I det vidare planarbeidet må aktuelle påhoggsområde for tunnel vurderast nærare. Det vil bli utført botnkartlegging langs nordsida av Oppheimsvatnet for å vite meir om djupne i vatnet. Når vi har fått kartlagt dette, vil det bli vurdert om det er behov for ytterlegare grunnundersøkingar i vatnet. Resultat av desse undersøkingane vil vere avgjerande for om det lar seg gjere å fylle langs delar av nordsida av Oppheimsvatnet. Alternativa som omfattar utfylling i vatnet kan difor måtte endrast når kartlegging og ev. grunnundersøkingar i vatnet er utført. Figur 25: Linjealternativ 31 4.2 Siling av alternativ Etter kvart som vi får henta inn meir opplysningar av dei ulike linjealternativa, vil det bli gjort ei vurdering av kva for alternativ det er aktuelt å ta med vidare i planprosessen og som det skal utarbeidast konsekvensutgreiing for. Alternativ som av ulike grunnar blir valt å sile ut frå den vidare planprosessen, vil bli omtala i ein silingsrapport. I samband med silingsprosessen vil det bli utført ei enklare konsekvensvurdering. Denne konsekvensvurderinga vil bli presentert i silingsrapporten. 4.3 Korridor Oppheimsvatnet nord 4.3.1 Alternativ 0 – Eksisterande veg Alternativ 0 er eksisterande veg/vegnett som skal leggjast til grunn som referanse ved berekning av konsekvensar. Alternativ 0 kan innehalde mindre utbetringstiltak og endringar som er vedtekne. 4.3.2 Alternativ 1 – Ny veg langs den eksisterande traséen til E16 Alternativ 1 er utbetring av vegen i dagens trasé til H4-veg frå Sleen til Vinje og H5-veg frå Vinje til Åsbrekke. Langs Oppheimsvatnet aust for Oppheim kyrkje er det grunna bratt sideterreng og mange avkjørsler utfordrande å fylgje eksisterande veg. For å løyse dette er vegen lagt ut i Oppheimsvatnet, slik at dagens veg kan nyttast som adkomstveg for lokaltrafikk og som gang- og sykkelveg. Det lyt byggast nye bruer på strekninga ved Vinje over Myrkdalselvi, ved Sundve over Gimleelvi og Holaelvi, og over Strandaelvi ved Humlabrekke og Åsbrekke. Ved Haugsvik vil ein undersøke om det er mogleg å legge traséen utanom dagens busetnad. • Fem nye bruer • Ingen tunneler Fordeler: • • Vegen går langs allereie rørt natur Unngår lange tunnelar på strekninga Ulemper: • • • • • Nye bruer er kostnadskrevjande Anleggstekniske utfordringar med svært høge fjellskjæringar Utfordring med trafikkavvikling i anleggsfasen Fylling og inngrep i Oppheimsvatnet Tap av matjord ved Sleen 32 Figur 26 Alternativ 1 4.3.3 Alternativ 2 – Trasé langs nordsida av Oppheimsvatnet, med ulike tunnelvariantar Alternativ 2 inneber utbetring av vegen frå Sleen til Haugsvik til H4-veg. Frå Kvamme til Vetleteigen aust for Oppheimsvangen er det tenkt å ruste opp dagens veg til H4-standard. Strekninga som går i dagsone frå Neland til Åsbrekke vert bygd etter H5-standard. Ein variant av alternativet som bør utgreiast er om det er mogleg med tunnel frå Humlabrekke til Åsbrekke. • • • Tre tunnelar. Ein tunnel på ca. 820 meter er planlagt under Hauge og Rygg, med påhogg bak Haugsvik og ved Kvamme. Frå Vetleteigen til Neland går det ein tunnel på ca. 3,7 km, og ved skjæringa ved Kvormo vert det ein kort tunnel på ca. 400 meter. T-kryss er føreslege mot Haugsvik og ved Kamben Det kan bli naudsynt med ny bru ved Åsbrekke Fordelar: • • • • Langs Oppheimsvatnet kan det bli to alternativ for gåande og syklande. Ein kan nytte eksisterande veg langs Strandaelvi som gang- og sykkelveg, og som adkomstveg for lokaltrafikk. Eksisterande veg kan nyttast som omkjøringsveg ved vedlikehaldsarbeid i tunnelar Grei kryssløysing mellom rv. 13 og E16 33 Ulemper: • • • • Utfordringar med å løyse trafikkavviklinga i byggefasen Naturinngrep i Oppheimsvatnet Tre til fire nye bruer Tap av matjord ved Sleen og Haugsvik Figur 27 Alternativ 2 4.3.4 Alternativ 3 – Ny veg langs Oppheimsvatnet nord med tunnel mot Taulen Opprusting av veg i dagen frå Sleen til Haugsvik. Tunnel mellom Sleen og Vetleteigenl. Forbi Oppheim går vegen i dagen, og med eit T-kryss. Mellom Taulen og Åsbrekke vert det ca. 1 km med H5-vegstandard. Ved Taulen kan det vere aktuelt med eit toplankryss. Tunnelen frå Sundsvål kan vere aktuelt å forlengje til Åsbrekke dersom det viser seg å vere dårlege forhold ved Taulen. Ein vil då likevel halde seg utanfor krava til rømmingstunnel. Gang- og sykkelvegen vil fylje Rv. 13 mot Vinje. • • To tunnelar. Ein tunnel frå Haugsvik til Vetleteigen, ca. 3,5 km lang og ein tunnel frå Sundsvål til Taulen, ca 5,7 km lang Kan bli naudsynt med ny bru over Strandaelvi ved Åsbrekke 34 Fordelar: • Dagens veg kan nyttas som omkøyringsveg ved arbeid i tunnelar Ulemper: • • • • • Lange tunnelar Stort masseoverskot Naturinngrep i Oppheimsvatnet Ein får ikkje samordna koblinga mot rv. 13 på ein fornuftig måte, og det er utfordrande å lage ei god kryssløysing ved Taulen. Påhoggsområdet i same område er vanskeleg. Ein må ruste opp delar av gamal E16 for å oppnå tilstrekkeleg standard for framtidig rv.13. Figur 28 Alternativ 3 4.3.5 Alternativ 7 – Ny veg langs Oppheimsvatnet nord med kombinasjon veg i dagen og tunnelar mot Taulen Alternativ 7 inneber ny H4-veg mellom Sleen og Oppheim, her kan det både vere aktuelt med tunnel og veg i dagen. Frå Sundsvål til Neland vil ein fortsetje i ein ca. 2,5 km lang tunnel. Ny H5-veg frå Neland til Humlabrekke, med eit kryss mot rv.13 på Kamben. Vidare går ein over i ein kort tunnel på ca. 400 meter gjennom skjeringa ved Kvormo og vidare som H5-veg til Åsbrekke. Det kan vere aktuelt med ei ny bru ved Åsbrekke over Strandaelvi. Ein variant av alternativet kan vere å ha ein tunnel frå Humlabrekke til Åsbrekke. 35 • • To-tre korte tunnelar opp til 2,5 km lange. Ny bru ved Åsbrekke Fordelar: • • • Gunstig påhoggsområde ved Sundsvål Unngår lange tunnelar, og det blir lettare å finne gode løysningar for overskotsmassane. Ein får knytt saman E16 og rv. 13 på ein god måte. Ulemper: • • Naturinngrep med utfylling i Oppheimsvatnet. Mange avkjørsler på strekninga gjer at ein må bygge mange sidevegar for å få avkøyrslefri veg. Figur 29 Alternativ 7 4.3.6 Alternativ 8 – Alternativ for ny veg langs Oppheimsvatnet nord med tunnel forbi Oppheim mot Humlabrekke Ny H4-veg til Vetleteigen, som ligg før ein kjem til Oppheim kyrkje frå Sleen. Deretter går ein i tunnel frå Vetleteigen til Humlabrekke, ca. 5,9 km. Bru over Strandaelvi. Tunnel Humlabrekke-Åsbrekke, ca. 2,7 km. Ny bru over Strandeelvi. Nytt kryss ved Åsbrekke. Kan eventuelt dra veglinja lengre sør, og unngå ekstra bru. Tunnel vert då ca.3,2 km. Gang/sykkelveg langs dagens veg frå Åsbrekke til Oppheim. 36 • • To tunnelar, ein på enten 2,7 km eller 3,2 km og ein på 5,9 km Minst ei ny bru, to dersom ein vel tunnelalternativet på 2,7 km Fordeler: • • • Unngår å arbeide langs lengre strekningar av dagens veg i byggefasen Unngår avkøyrselsproblematikken Tunnelane korte nok til at ein ikkje treng rømmingstunnel Ulemper: • • • Omfattande utfylling langs Oppheimsvatnet Kanskje for liten avstand mellom tunnelane nord for Åsbrekke til at det kan etablerast kryss med rv. 13 her. Får i tilfelle ikkje brukt framtidig E16 som tilkomst til Vinje. Nye bruer over Strandaelvi Figur 30 Alternativ 8 4.3.7 Alternativ 9 – Alternativ for ny veg langs Oppheimsvatnet nord med tunnel forbi Haugsvik og Oppheim. Dagsone med H4-veg til Haugsvik før vegen går inn i tunnel til Neland. H5-veg frå Neland til Humlabrekke. Dagsone med kryss mot Rv. 13. ved Neland. • To tunnelar, Haugsvik-Neland ca. 7,5 km og Humlabrekke-Åsbrekke ca. 3,2 km • Bru over Strandaelvi 37 Fordelar: • • • Unngår avkjørsleproblematikk. Ein unngår å arbeide på lengre strekningar av dagens veg Ein får knytt E16 og rv. 13 opp mot kvarandre ved Vinje Ulemper: • • Lange tunneler Stort masseoverskot Figur 31 Alternativ 9 4.4 Korridor Oppheimsvatnet sør Terrenget langs sørsida av Oppheimsvatnet er sidebratt med mange bekkedaler det går sørpeskred i. Det vil bli sett på både løysingar med veg i dagen kombinert med kortare tunnelar og løysing med lang tunnel. I tillegg til linjealternativa vist i Figur 25, vart det i korridor Oppheimsvatnet sør, også sett på ei linje som går nærare strandsona på sørsida av Oppheimsvatnet, alterntiv 5. Denne linja vart i utgangspunktet teken med for å vise ei veglinje for kooridor Oppheimsvatnet sør, der ein fekk 38 mest mogleg veg i dagen. Etter å ha diskutert dette alternativet med Voss kommune, Fylkesmannen i Hordaland og NVE, har vi allereie no bestemt at vi ikkje tek med dette alternativet i planprogrammet. Bakgrunnen for at alternativ 5 blir sila ut allereie no, er at vi ser at det vil gi for store konsekvensar og konfliktar med m.a. strandsona, busetnaden og jordbruksinteressar langs strekninga. Alternativ 5 ville også blitt ein barriere mellom busetnaden og vatnet. Alternativet vil bli nærare omtala i silingsrapporten. 4.4.1 Alternativ 4 – Ny veg med kombinasjon av dagsone og tunnel langs Oppheimsvatnet sør Alternativ for ny veg i kombinert dagsone/tunnel langs sørsida av Oppheimsvatnet. Frå Sleen til Haugsvik vert dagens trasé utbetra til H4-veg. I Haugsvik vert det eit T-kryss, før vegen går langs sørsida av Oppheimsvatnet med ein ca. 1,8 km lang tunnel frå Haugsvik til Selland. Vidare går vegen i dagsone over Selland, noko som vil medføre store fyllingar. Mellom Selland og Grindaland vert det ein ca. 500 meter lang tunnel, før vegen går vidare mot Tjørnagard i dagsone og over i ein ny ca. 900 meter lang tunnel. Nøyaktig kvar det er mogleg å ha dagsonene og tunneler lyt avklarast nærare gjennom geologiske undersøkingar. Denne strekninga er difor stipla som kombinasjon av dagsone og tunnel i kartet. Tunnelengdene er basert på det som kan vere mogleg ut frå den informasjonen ein har på dette tidspunktet. Deretter vert det ei kort strekning som går i dagsone før vegen går over i ein 4,6 km lang tunnel frå Øyjordi til Taulen. Mellom Taulen og Åsbrekke vert det H5-veg med eit kryss på Taulen, og truleg er det behov for ei ny bru over Strandaelvi ved Åsbrekke. • • Fire tunnelar til saman på henholdsvis 1,8 km, 0,5 km, 0,9 km og 4,6 km Ny bru ved Åsbrekke Ulemper: • • • • • • • • Sidebratt terreng langs sør-sida av Oppheimsvatnet vil føre til store terrenginngrep med høge fyllingar og skjeringar. Morenemassar kan gi vanskelege grunnforhold. Anleggsområde i/nær dagens veg ved Taulen. Det er vanskelege grunnforhold i området og fare for ras. Vanskeleg å få utforme ei god kryssløysning med rv. 13 ved Taulen på grunn av at det blir trongt når elva ligg på ei side av vegen og det er høge skjæringar på andre sida av vegen. Ein lyt ruste opp framtidig rv. 13 fleire stadar der det er fare for ras og flaum Nye bruer lyt etablerast for sideveg ved Taulen Bygging av fleire korte tunnelar er kostnadskrevjande Kvart påhoggsområde for tunnel gir store inngrep i landskapet Fleire korte dagsoner mellom tunnelar gir varierande lys- og føreforhold og slike overgangssoner er utsatt for trafikkulykker 39 Fordeler: • • Ein kan nytte eksisterande veg til omkøyring Korte tunneler gjer at ein ikkje treng ekstra rømningsveg Figur 32 Alternativ 4 4.4.2 Alternativ 6 – Alternativ for lang tunnel mellom Haugsvik og Åsbrekke Ny H4-veg mellom Sleen og Haugsvik, med eit T-kryss før Haugsvik. Forskjæring for ein tunnel sør for Haugvik/Kvasshaug. Tunnelen vil gå frå Haugsvik til Åsbrekke. Lengden på tunnelen vert ca. 11,2 km. Dersom det er råd med eit tverrslag ved Øyjordi, vil det bli om lag midt på tunnelen. For alle lange tunnelalternativ lyt ein utgreie tema som ventilasjon, rømming og driving av tunnel. Løysningsvariantar inkluderer parallell rømmingstunnel på heile strekninga, toløps- køyretunnel, eller å ha eit rømmingsalternativ med tverrslag ved Øyjordi. • • • Lang tunnel på 11,2 km Ei ny bru ved Åsbrekke T-kyss med avkøyring mot rv. 13 og Vinje Ulemper: • • Tunnel som er over 10 km treng rømmingsveg Stort masseoverskot 40 • • Det er mange lange tunnelar frå før på E16 mellom Lærdal og Voss Ein lyt ruste opp dagens veg mot Vinje (framtidig rv.13). Heile den gamle vegen mellom Åsbrekke og Haugsvik må driftast og vedlikehaldas Fordeler: • • • • Dersom ein finn gode løysningar for tunnelmassane krev alternativet mindre naturinngrep enn veg i dagen Alternativet vil korte ned dagens køyreveg med 5-6 kilometer og gje betre trafikkflyt for gjennomgangstrafikk. Unngår nesten all avkjørselsproblematikk, ras og flomfare som pregar dagens trasé. Ein unngår å byggje veg langs Oppheimsvatnet, og ein får fjerna stamvegtrafikken frå grendene langs dagens trasé. Det er gode moglegheiter for å byggje nytt kryss rett sør for Åsbrekke. Dette blir eit knutepunkt for dei som skal vidare på rv.13 mot Vinje, Myrkdalen og Vik. Figur 33 Alternativ 6 41 5 Planprogram for konsekvensutgreiing Statens vegvesen si handbok V712 Konsekvensanalyser skal nyttast i konsekvensutgreiinga både for metodikk og presentasjon av konsekvensar. For alle utgreiingsalternativa og for alternativ 0 skal det nyttast ein analyseperiode på 40 år. Planprogrammet tek føre seg problemstillingar knytte til planarbeidet, gir ein oversikt over viktige grunnlagsutgreiingar som er gjort eller blir gjort som ein del av planarbeidet, og kva konsekvensvurderingar som må utførast for å klargjere vesentlige verknader av tiltaket. Oversikt over innhaldet i planarbeidet, prosess for medverknad og konklusjon på kva alternativ som skal vera med skal gå fram av planprogrammet. 5.1 Innleiing, planomtale Innleiingsvis skal planområdet og planen sitt formål og innhald omtalast på kommunedelplannivå. I tillegg til gjennomgang av viktige trekk og problemstillingar relatert til planområdet, skal vegtekniske prinsipp, løysingar og problemstillingar gjennomgåast. Teknisk gjennomgang som grunnlag for plan og utgreiingsarbeidet vil innehalde følgjande arbeid: Vegløysing Teknisk gjennomgang og planlegging av vegløysingar inkludert kryss og lokalvegar samt ambisjonsnivå for avkjørsler, rasteplassar/stoppestadar, og tilbod for gåande og syklande. Det skal gjerast greie for vegstandard og eventuelle fråvik frå normalar. Trafikktal Det skal utarbeidast prognosar for framtidig trafikk på lenker og korleis trafikken vil fordele seg i kryss. Massedeponi riggområde og Riggområde og plassering av overskotsmassar skal vurderast. Geologi geoteknikk og Det skal utarbeidast geologisk rapport på kommunedelplannivå med vekt på aktuelle tunnelpåhogg og vurdering av rasfare med tiltak. Djupneforholda i Oppheimsvatnet skal kartleggast mellom Haugsvik og Oppheim. Grunnforholda skal undersøkast om forholda elles tilseier at veg i dagen kan vere aktuelt. Andre forhold Andre tekniske forhold som kan vere avgjerande for val av alternativ skal undersøkjast. Det kan eksempelvis vere forhold knytt til trafikkavvikling under anleggsperioden. Kostnadsoverslag Det skal utarbeidast kostnadsoverslag etter anslagsmetoden med nøyaktigheit +/- 25 % for aktuelle alternativ. Arealoversikt Det skal utarbeidast ein enkel oversikt over forventa forbruk av dyrka mark og skog med ulik bonitet for aktuelle vegløysingar. Kjeldemateriale er bonitetskart. 42 5.2 Samfunnsøkonomisk analyse Denne analysen blir gjennomført i samsvar med Statens vegvesen si handbok V712 Konsekvensanalyser. Handboka gir tilråding for kva konsekvensar som skal og bør vurderast. I tillegg seier den kva metodar som skal nyttast ved gjennomføring av analysen. Den samfunnsøkonomiske analysen er delt inn i prissette konsekvensar og ikkje-prissette konsekvensar. For kvart utgreiingstema inneheld programmet omtale av: • Definisjon av tema der dette er naudsynt • Fokus for utgreiinga, kva som er oppfatta som dei viktigaste problemstillingane • Utgreiingsbehov, ei konkretisering av kva ein treng av nye utgreiingar • Metode; kva som er tilrådd metode Grunnlagsmateriale; oversikt over eksisterande kunnskap i form av planar, utgreiingar, retningsliner, registreringar og databasar som vil vere viktig for utgreiinga, samt trong for eventuelle tilleggsutgreiingar. 5.2.1 Prissette konsekvensar Prissette konsekvensar Definisjon av tema Fokus for utgreiinga Omfattar dei konsekvensane som kan kvantifiserast og verdsetjast i kroner. Hovudfokus for dei prissette konsekvensane er å få fram dei transportøkonomiske verknadene tiltaket vil ha. Dette skjer gjennom ei nytte-/kostnadsanalyse. Utgreiingsbehov • Byggekostnader. Byggekostnadene omfattar anleggskostnadene inkludert byggherrekostnader, meirverdiavgift og påslag for usikkerheit. Vurdering av byggekostnadene skjer ved den såkalla ANSLAG-metoden. • Framtidige driftskostnader. Vert berekna i dataprogrammet EFFEKT med grunnlag i veglengde og -standard, årsdøgntrafikk, tunnellengde, bruer, belysning og klimatiske forhold med meir. • Nytte-/kostnadsanalyse. N/K-analysen omfattar følgjande hovudpostar: o Nytte for trafikantar og transportbrukarar, herunder biltrafikk, kollektivreisande, mjuke trafikantar. Her inngår både distanseavhengige kostnader, tidsavhengige kostnader og andre kostnader. o Operatørnytte, d.v.s. nytten for busselskap, parkeringsselskap, bompengeselskap og andre private aktørar som driv off. transport o Budsjettverknad for det offentlige. Dette er summen av inn- og utbetalingar over offentlige budsjett, inkludert transportetatane. 43 Viktige postar her er: Investeringar, drifts- og vedlikehaldskostnader, skatteinntekter m.v. o Samfunnet elles: Gjeld ulykkeskostnader, kostnader ved støy og luftureining, restverdi av anlegget og skattekostnader. Metode Handbok V712. Statens vegvesen sitt verktøy EFFEKT vert nytta for å rekne dei prissette konsekvensane. Omgrepet netto nytte blir brukt til å presentere nytten av prosjektet. Netto nytte er noverdien av summen av nytte for dei ulike aktørane med fråtrekk av noverdien av kostnadene som følgjer med det å gjennomføre og drifte tiltaket. Netto nytte blir målt som endringar i høve til alternativ 0. Eksisterande materiale 5.2.2 Analyseperioden er 40 år frå forventa opning av tiltaket. Levetida blir også vanlegvis sett til 40 år. - Handbok V712 - Dataprogrammet EFFEKT - Alternativ 0 - Vegdatabanken med ei rekkje grunnlagsdata for eksisterande veg. Ikkje-prissette konsekvensar Dei ikkje-prissette tema inngår i den samfunnsøkonomiske analysen. Tema vert omtalt som ikkje-prissette fordi konsekvensane ikkje vert rekna i kroneverdiar, men vert vurdert etter ein ni-delt skala som går frå svært stor positiv konsekvens til svært stor negativ konsekvens. Utgreiing av ikkje-prissette tema i samsvar med handbok V712 tilfredstiller utgreiingsplikta gitt av forskrift om konsekvensutreiingar for planar etter plan- og bygningslova. Dei ikkje-prissette konsekvensane er inndelt i fem fagtema: • Landskapsbilete • Nærmiljø og friluftsliv • Naturmangfald • Kulturmiljø • Naturressursar Dei ikkje-prissette tema omhandlar ulike aspekt ved miljøet i eit område, og det er fordeler/ulemper som vert vurderte. Føremålet med analysen er å bringe fram kunnskap om undersøkingsområdet og verknader av tiltaket. Analysen skal vise korleis dei ulike alternativa vil kunne verke inn på tilhøva for fagtema. Det skal gjerast ei samla vurdering av ikkje-prissette tema som gjer greie for verknaden av de ulike alternativa. Analysen skal inngå i ei samla tilråding der prissette verknader og ikkje-prissette verkander vert vurdert samla. Handbok V712 skal leggjast til grunn for vurdering av ikkje prissette konsekvensar. 44 5.2.3 Metode Tre omgrep står sentralt når det gjeld vurdering og analyse av ikkje-prissette konsekvensar: • Verdi. Vurdering av kor verdifullt eit område eller eit miljø er, med utgangspunkt i nasjonale mål innafor det einskilde fagtema. • Omfang. Vurdering av korleis eit område eller miljø (verdiområda) vert påverka av tiltaket. • Konsekvens. Dei fordeler og/eller ulemper eit definert tiltak vil føre med seg samanlikna med alternativ 0. Konsekvens er eit resultat av å samanstille området sin verdi med omfanget av tiltaket sin påverknad på området. Konsekvensvifta er eit hjelpemiddel i den samanheng. Konsekvensen for eit alternativ kjem fram ved at ein til slutt set saman konsekvensen for alle deltema. Figur 34 Konsekvensvifte (Handbok V712 Konsekvensanalysar) Analysen for kvart fagtema vert vanlegvis gjort på følgjande måte: 45 1. Datainnsamling: Kjeldesøk og innhenting av nye data. Kartfesting av registreringar. 2. Planområdet (og relevante deler av influensområdet) vert delt inn i mindre og einsarta område (delområde) i samsvar til registreringskategoriane for temaet. 3. Delområda vert verdivurdert. Verdivurderingane skal grunngjevast. 4. Det skal vurderast i kva grad av endring – omfang – tiltaket medfører for dei rørte delområda. Omfang skal vurderast i høve til referansesituasjonen (nullalternativet). Omfangsvurderinga skal grunngjevast. 5. Konsekvensen for delområdet vert fastsett ved å samanhalde delområdet sin verdi med omfanget av tiltaket. Konsekvensgrad vert fastsett ved bruk av konsekvensvifta i figur 12. 6. Samla konsekvensvurdering: Det skal gjerast ei samla vurdering for kvart alternativ. I den samla vurderinga skal også avlasta veg og irreversible inngrep i anleggsperioden inngå. 7. Rangering: Alternativa skal rangerast frå best til dårlegast. 8. Det skal gjerast greie for beslutningsrelevant usikkerheit og forslag til avbøtande tiltak som kan redusere dei negative verknadane. 5.2.4 Influensområde I arbeidet med dei ikkje-prissette tema vert området avgrensa til der vegtiltaket har innverknad. Eit slikt influensområde kan vera ulikt frå tema til tema, og vert difor avgrensa geografisk ulikt. Dette skal det gjerast nærmare greie for under kvart deltema. 5.2.5 Dei ulike fagtema I dei etterfølgjande tabellane er kvart fagtema omtalt, sjå tabell 3 – tabell 7. Landskapsbilete Landskapsbilete er eit uttrykk for eit område sitt visuelle særpreg eller karakter, og er basert på fagtradisjonar innan landskapsarkitekturen. Temaet tek føre seg korleis landskapet vert opplevd romleg ut i frå omgjevnadane. Definisjon av tema Landskaps-bilete omfattar alle omgjevnader, frå det tette bylandskap til det urørte naturlandskap (Handbok V712). Utgreiingsbehov Inndeling av landskapet i delområde er eit utgangspunkt for å vurdere verdi, tåleevne og verknad av nye tiltak. For Hordaland fylke er det gjennomført heildekkande klassifisering og verdisetting av landskapet på eit geografisk landskapsområdenivå (LO). Dette nivået er utgangspunkt for konsekvensanalysen på tema landskapsbilete. 46 Optimal visuell landskapstilpassing skal vektleggast. I dette ligg ei heilskapsvurdering av inngrep i nye område, og ny terreng- og landskapsforming. Utforming av nye element og tiltak skal tilpassast landskapet, og understreke landskapet sine kvalitetar og verdiar. Val av tekniske løysingar, landskapsvurderingar, og vektlegging av god arkitektur skal sjåast i ein heilskap. I tillegg til det visuelle, vil også landskapsøkologiske vurderingar vere viktige, knytt opp mot landskapsinngrep og -endringar i kultur- og naturlandskapet. • • • Handbok V712 Landskapstypeklassifisering 3D-visualisering er sentralt som analyse- og arbeidsverktøy, og skal nyttast til vurdering av: o veglinjer og kryss med sideterreng, vertikal- og horisontal tilpassing o særleg utfordrande strekningar og punkt o fjern- og nærverknad av veganlegget, inkl. bru- og tunnelkonstruksjonar o landskapsøkologiske vurderingar knytt til topografi og landskapselement • • Europeisk landskapskonvensjon (ELK) Puschmann, O., 2004: Landskapstyper langs kyst og fjord i Hordaland. NIJOS rapport 10/2004 Puschmann, O., 2005: Nasjonalt referansesystem for landskap. Beskrivelse av Norges 45 landskapsregioner. NIJOS rapport 10/2005 Uttakleiv, L.A.2/2009: Landskapskartlegging av Hordaland fylke. Landskapstypeklassifisering av innland. Aurland Naturverkstad rapport 02-2009 Clemetsen M., L.A. Uttakleiv, I.B. Skjerdal 2011: Verdivurdering av landskap i Hordaland fylke. Med utgangspunkt i Nasjonalt referansesystem for landskap. Aurland Naturverkstad rapport 07-2011. Konsekvensutgreiing for kommunedelplan E16 Oppheim – Lundarosen. Delrapport for landskap, nærmiljø og friluftsliv(2007). Metode • Eksisterande materiale • • • Tabell 3: Fagtema Landskapsbilete 47 Nærmiljø og friluftsliv Definisjon av tema Nærmiljø blir definert som menneskets daglege livsmiljø, inkludert område og ferdselsårer som ligg i umiddelbar nærleik til folk bur, og område der lokalbefolkninga ferdast i kvardagen til fots eller på sykkel. Friluftsliv definerast som opphald og fysisk aktivitet i friluft i fritida med sikte på miljøforandring og naturoppleving. I dette reknar ein med naturterreng og rekreasjonsareal som parkar og idrettsanlegg. Båe definisjonane skildrar opphald og fysisk aktivitet i friluft knytt til bustad- og tettstadnære uteområde, byrom, parkar og friluftsområde. Analysen av nærmiljø og friluftsliv skal synleggjere tiltaket sine verknadar for dei busette i og brukarane av dei berørte områda. I analysen av nærmiljø vert det vurdert korleis tiltaket svekkar eller betrar dei fysiske tilhøva for trivsel, samvere og fysisk aktivitet i uteområda. Konsekvensar for tilgjenge til friluftsområde skal utgreiast. Motoriserte aktivitetar inngår ikkje i tema nærmiljø og friluftsliv. Sjølv om nærmiljø og friluftsliv er overlappande tema, vil dei i nokre høve stå i motsetnad til kvarandre. Tiltak som er negative for den eine, kan ha positive verknadar for den andre. Her er det viktig at motsetnadane kjem fram, og ikkje skildra det som eintydig positivt eller negativt. Fokus utgreiinga for Områder av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at ein fremje ferdsel og opphald, og at ein tek vare på tilkomst til natur- og friluftsområder. Ein skal ta omsyn til konsekvensar tiltaket vil ha for barn- og unges interesser. Gang- sykkel- og turvegsystemet må sjåast i samanheng med heilskapleg stad- og nærmiljøutvikling. Endra barriereverknad som fylgje av omlegging av E16 og endra trafikk på eksisterande veg. Støy og utslepp må også sjåast i samanheng med nærmiljø og friluftsliv. Utgreiingsbehov I kvart prosjekt skal det avgjerast kva som er tilstrekkeleg informasjonsinnhenting for å sikre eit godt nok beslutningsgrunnlag, jf. kap. 6.4.2 i V712. Det skal gjerast greie for kva kunnskap som føreligg, og kva kunnskap som manglar. Endring i barriereverknad skal vurderast, med utgangspunkt i forslag til nye vegløysingar. Konsekvensar for friluftsområde skal vurderast i høve endra tilgjenge og eventuelt endra støybelastning. Konsekvensane av ny trase og endra trafikkforhold skal vurderast med omsyn til busetnad og busetnaden sitt nærmiljø. Eventuelle konsekvensar for skuleveg eller tilkomst til nærmiljøanlegg, som barnehage, idrettsanlegg eller leikeområde skal utgreiast. 48 Metode Eksisterande materiale Kartlegge friluftskvalitetar og identifisere influensområdet for nærmiljø og friluftsliv. Innhente informasjon frå kommunen og kommunedelplanen, og etter behov gjennomføre såkalla «barnetråkkundersøkingar». Handbok V712 • • • • • • • • • • Naturbase – Kartfesta informasjon om kartlagde friluftslivområde og statleg sikra friluftslivområde Hordaland fylkeskommune, kart.ivest.no Voss kommune, vossakart.no Friluftsrådenes Landsforbund Statskog m.fl., www.GodTur.no og http://www.inatur.no Den norske turistforening, Ut.no Lokalt viktige friluftsområde – kart.ivest.no Kulturdepartementet sine digitale temakart Kommuneplan for Voss 2011-2022 Konsekvensutgreiing for kommunedelplan E16 Oppheim – Lundarosen. Delrapport for landskap, nærmiljø og friluftsliv (2007). Tabell 4: Fagtema nærmiljø og friluftsliv 49 Naturmangfald Definisjon av tema Temaet omhandlar naturtypar og artsførekomstar som er viktige for dyr og planter sitt levegrunnlag, samt geologiske element. Omgrepet naturmiljø omfattar alle førekomstar på land og i vatn, og biologisk mangfald knytt til desse. Fokus for utgreiinga Ein ny eller utbetra veg kan ha direkte konsekvensar for ulike naturtypar og artar, og det kan gi konsekvensar på sikt, som fylgje av oppdeling av heilskaplege miljø. Utgreiingsbehov Basert på kjende registreringar skal det vurderast kva konsekvensar tiltaket kan føre til ved direkte inngrep og kva indirekte konsekvensar det kan føre til for artsmangfald og barriereverknad. Det må i tillegg gjerast registrering av viltførekomstar i den grad dette ikkje er tilgjengeleg i rådataformat som kan brukast og leggast til grunn. Dei miljørettslege prinsippa som er omtala i Naturmangfaldslova vert lagt til grunn for konsekvensutgreiinga. Metode Handbok V712 Arbeidet skal basere seg på gjennomførde registreringar av biologisk mangfald. Eventuelle viktige område for biologisk mangfald som vert råka skal skildrast og verdivurderast. Eksisterande materiale • • • • • Hordaland fylkeskommune, kart.ivest.no Artskart (artsdatabanken) Naturbasen (DN) INON (DN) Konsekvensutgreiing for kommunedelplan E16 Oppheim – Lundarosen. Delrapport for naturmiljø og naturressursar (2007). Tabell 5: Fagtema naturmangfald 50 Definisjon av tema Fokus for utgreiinga Utgreiingsbehov Metode Eksisterande materiale Kulturminne og kulturmiljø Kulturminner og kulturmiljø er definert i Lov om kulturminner. Kulturminner er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, inkludert lokaliteter det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Omgrepet kulturmiljø er definert som eit område der kulturminner inngår som ein del av ein større samanheng. Automatisk freda kulturminner er alle kulturminner frå før 1537, og alle ståande byggverk med opphav frå før 1650, samt samiske kulturminner eldre enn 100 år. Kulturlandskap er landskap som tydeleg er prega av menneskeleg bruk og verksemd. Utgreiinga skal inkludere ein oversikt over kjende kulturminner og kulturmiljø i området og kvar det er størst potensiale for nye funn av kulturminner. Ei verdisetting er med på å synleggjere kor viktige kulturmiljøa er, og kva som er viktig å ta vare på for ettertida. Kulturlandskap nyttast om alt landskap som er påverka av menneske, og miljødirektoratet skil mellom to typar kulturlandskap: haustingslandskapet i utmarka og dyrkingslandskapet på innmarka. Vegtraseen sin innverknad på kulturmiljøa skal utgreiast i høve til direkte påverknad/inngrep i kulturmiljøet, endring av kor leseleg kulturmiljøet er og barriereverknad i høve ferdsel og oppleving mellom viktige målpunkt. På bakgrunn av dette skal det utarbeidast ein samla vurdering av aktuelle vegalternativ sin verknad på heilskap og samanheng i kulturmiljøa. Handbok V712. Kjende kulturminne skal skildrast og kartfestast. Kartet skal óg vise kvar ein eventuelt kan forvente å finne ikkje-kjende kulturminne. Område med potensial for funn og behov for ytterlegare granskingar skal avgrensast på kart. Kulturmiljø skal kartfestast og verdivurderast. • • • • • • • • • Askeladden –forvaltninga sin database Universitetsmuseenes gjenstandsdata Statens landbruksforvaltning viser utvalde kulturlandskap i jordbruket Miljøstatus Landsverneplanar Voss kommune, temakart bevaring Historiske kart, utskiftningskart, flyfoto og eldre fotografi m.a. frå Kartverket Digitalt Museum Statens vegvesen sitt arkiv Konsekvensutgreiing for kommunedelplan E16 Oppheim – Lundarosen. Delrapport for kulturminner og kulturmiljø (2007). Tabell 6: Fagtema kulturminne og kulturmiljø 51 Naturressursar Definisjon tema av Naturressursar er ressursar frå jord, skog og andre utmarksareal, fiskebestandar i sjø og ferskvatn, vilt, vassførekomstar, berggrunn og mineralar. Temaet omhandlar landbruk, fiske, reindrift, vatn, berggrunn og lausmassar som ressursar. Fokus utgreiinga for Verknad for landbruk, vatn, fiske, berggrunn og lausmassar. Utgreiingsbehov Arealbruk i planområdet. Metode Handbok V712. Arealrekneskap for ulike typar areal. Eksisterande materiale Konsekvensutgreiing for kommunedelplan E16 Oppheim – Lundarosen. Delrapport for naturmiljø og naturressursar (2007). Hordaland fylkeskommune, kart.ivest.no Tabell 7: Fagtema naturressursar 52 5.3 Andre forhold 5.3.1 Lokal og regional utvikling Lokale og regionale endringar er i hovudsak indirekte verknadar og tilpassingar som over tid fylgjer av prosjektet. For dette prosjektet kan det vere aktuelt å vurdere: • Endra arealbruk som konsekvens av prosjektet • Private og offentlege verksemder • Kultur- og reiseliv • Fritids- og handlemønster 5.3.2 Risiko og sårbarheit Risiko og sårbarheit skal vurderast for aktuelle alternativ. Temaet vil også liggje implisitt i dei tekniske utgreiingane og dei ikkje-prissette konsekvensane. 5.3.3 Ytre miljøplan På dette plannivået vert verknadane for det ytre miljøet handsama i samsvar med handbok V712 som ikkje-økonomiske konsekvensar i konsekvensutgreiinga. Miljøkostnader ligg også inne i den økonomiske delen av konsekvensutgreiinga i samband med støy og luft og som del av byggekostnadene. 5.3.4 Anleggsperioden Det skal skildrast korleis anleggsdrifta vil kunne fordele seg på vegnettet og verke inn på trafikkavviklinga. 5.4 Samanstilling av samfunnsøkonomisk analyse og tilråding På grunnlag av den økonomiske og ikkje- økonomiske analysen vil dei samla konsekvensane bli sett opp på ein systematisk måte i samsvar med prinsippa i handbok V712. I tillegg vil dei viktigaste verknadane og skilnadane mellom alternativa bli omtalte. 5.4.1 Tilråding På grunnlag av det som kjem fram i konsekvensutgreiinga, vil Statens vegvesen som tiltakshavar kome med si tilråding. Tilrådinga skal grunngjevast. 53 5.5 Planprosess 5.5.1 Framdrift Kommunedelplan med konsekvensutgreiing vil verte utarbeidd slik at den kan sendast på høyring våren 2016 med tanke på å få vedteke planen ved årsskifte 2016/ 2017. Aktivitetar Planprogrammet, saman med varsel om planoppstart, sendt ut på høyring Høyring inkludert informasjonsmøte Handsaming av merknadar og fastsetjing av planprogram Planarbeid kommunedelplan og konsekvensutgreiing Kommunedelplan med konsekvensutgreiing vert lagd ut på høyring. Informasjonsmøte Vurdering av innkomne merknadar og saksførebuing for politisk handsaming Vedtak av kommunedelplan med konsekvensutgreiing i Voss kommune 5.5.2 Ca. tidsplan Juni 2015 Juni – august 2015 Haust 2015 Vår 2015 – vår 2016 Vår 2016 Haust 2016 Årsskiftet 2016/2017 Informasjon og medverknad Regelverket for konsekvensutgreiing sikrar brei medverknad i heile planprosessen, og Statens vegvesen i samarbeid med Voss kommune har som mål å gjennomføra ein open og involverande prosess. Det skal leggjast vekt på at utforming av planar og materiell vert gjort på ein slik måte at det gir grunnlag for god kommunikasjon. Det skal og leggjast ut aktuell informasjon på Statens http://www.vegvesen.no under Vegprosjekter. Det vil bli arrangert informasjonsmøte i høyringsperiodane. 54 vegvesen si nettside
© Copyright 2024