AP fronter Reinlivegen Avisa Valdres 18.07.2015

6
NYHETER
LØRDAG 18. JULI 2015
Ap frontar Reinlivegen
Oppland Ap besøker alle dei seks 26 kommunane i Oppland i forkant av valkampen
Klar til kamp: fv. Marianne Sand Hansen, Magne Damslora, Ole Kristian
Alabjbeg Kamben, Svein Bakke, Even Aleksander Hagen, Anne-Marte
Kolbjørnshus, Reidar Schlytter og Stig Solbrekken.
Ny veg: Ny veg til Reinli er ei viktig sak for Arbeidarpartiet, meiner Even Aleksander Hagen, Anne-Marte
Kolbjørnshus, Magne Damslora og Stig Solbrekken.
Sør-Aurdal Ap hadde
valt seg ut Reinlivegen
som viktigaste programpost då fylkesordførarkandidat Even
Aleksander Hagen besøkte kommunen.
BJØRN KARSRUD
[email protected]
SØR-AUR DAL: – Med så sterke
signal frå partilaget i Sør­Aurdal
har vi dette vegprosjektet høgt på
dagsordenen, seier Even Aleks­
ander Hagen.
Saman med varaordførarkan­
didat på fylket, Anne­Marte Kol­
bjørnshus, besøkte han både Sør­
Aurdal og alle dei andre valdres­
kommunane.
– Vi besøker alle dei 26 opp­
landskommunane i løpet av tre
dagar, seier Hagen.
Barnehage og turisme
– Dette er altså ein tjuvstart på
valkampen?
– Nei, valkampen har vi starta
for lenge sidan, seier Hagen.
To viktige grunnar til at Ap legg
tunge lodd i vektskåla for Reinli­
vegen, er ifølgje varaordførarkan­
«Vi besøker alle dei 26 opplandskommunane i løpet av
tre dagar».
EVEN ALEKSANDER HAGEN
didat Stig Solbrekken at vegen er
barnehageveg for svært mange. I
tillegg er det vegen inn til viktige
turistområde og hytteområde.
Ein vesentleg grunn til at veg­
prosjektet er hyperaktuelt no, er
at Vegvesenet vil få store meng­
der med overskotsmasse i sam­
band med utbygginga av den fire
kilometer lange E16­tunnelen i
Bagnskleive.
E16­arbeidet vil bli starta opp
våren eller sommaren 2016, kun­
ne prosjektleiar Thomas Berger i
Statens vegvesen fortelja Ap­de­
legasjonen, som før synfaringa på
vegen fekk ei orientering på brak­
keriggen til Vegvesenet på Bagn.
Ifølgje Berger vil tunnelmassen
bli fordelt mellom E16, Reinlive­
gen og fv 33 ved Bjørgokrysset.
Berger opplyste at ein regule­
Viktig for barnehagen: Det er viktig for barnehagen å få sikker veg opp
til Reinli, meiner Even Aleksander Hagen, Marianne Sand Hansen og
Anne-Marte Kolbjørnshus.
ringsplan for Reinlivegen ligg til
høyring med frist 30. august. Det
viktigaste no er at det blir depo­
nert masse i traseen oppover mot
Reinli.
Prioritert
– Vil så fylkeskommunen setta av
midlar til å bygge vegen opp mot
Reinli ferdig?
– Når Sør­Aurdal Ap så klart
signaliserer at dette er viktig, så
vil løyvingar til dette vegprosjek­
tet ligge tungt i vektskåla, seier
Even Aleksander Hagen. Men
han gjer det samtidig klart at det
er mange om beinet og at dei ulike
prosjekta må vurderast opp mot
kvarandre.
Og målet til Oppland Ap i val­
kampen er heilt klart. Det er så
mange ordførarar og kommune­
styremedlemmer som muleg.
– Det er ingen ting i vegen for at
vi kan koma til å gjera reint bord.
Samtidig er målet sjølvsagt å styre
fylkespolitikken vidare med as­
sistanse frå Senterpartiet, SV og
KrF, seier Hagen.
FAKTA
Går for veg i Sør-Aurdal
■■ Oppland Ap vil engasjere seg
for Reinlivegen og E16 vidare frå
Bagn.
■■ Fylkesordførarkandidat Even
Aleksander Hagen besøker på tre
dagar alle kommunane i Oppland.
■■ E16-tunnelen frå Bagn får
byggestart våren eller sommaren 2016, og då blir det overskotsmasse til ny Reinlivegen.