Styresak 053-2015 A Verksemdsmessig

Styresak
Går til:
Føretak:
Dato:
Sakhandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Førde HF
31.08.2015
Anne Kristin Kleiven
Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde 2015 - 2030
Arkivsak
2014/4251/
Styresak 53 /2015 A
Styremøte 21.09.2015
Tidlegare handsaming i styret: 038/2015 A, 024/2015 O, 012/2015 O, 003/2015 O
Framlegg til vedtak
1. Styret vedtek verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde HF 2015
2. Styret føreset at planen vert lagt til grunn for arealutviklinga, og følgd opp med tiltaksplanar for
gjennomføring av konkrete utviklingsprosessar
Oppsummering
Saka gjeld handsaming av verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde. Planen skildrar den samla
verksemda på eit overordna nivå, kva utfordringar vi ser i åra framover og kva utvikling dette vil krevje.
Etablerte system for samordning og leiing, mellom sentral- og lokalsjukehus og mellom sentrale og
distriktspsykiatriske funksjonar, skal vidareførast og vidareutviklast.
Planen
-
tek utgangspunkt i dei nasjonale føringane om at vi skal skape «pasientens helseteneste»:
I større grad organisere tenestene rundt pasienten framfor rundt fagområde
Pasientane skal bli meir involvert i eiga behandling
Opplevinga av tenestene skal bli betre (service og tilrettelegging)
Rask hjelp av god kvalitet
Analysar av pasientgrunnlaget syner at Sogn og Fjordane vil få særskilde demografiske utfordringar i åra
fram mot 2030/2040. Helse Førde må løyse oppgåvene smartare, koordinere, ta i bruk teknologi og
samhandle på nye måtar.
Fakta
Vedlagde plan er ei oppdatering og rullering av gjeldande utviklingsplan frå 2014. Vi viser til tidlegare
styrevedtak; 062/2014 A, Utviklingsplan 2014, 024/2015 O, Orientering om oppstart av planarbeidet,
038/2015 A Verksemdsmessig utviklingsplan – høyring.
Den verksemdsmessige utviklingsplanen omfattar primære kjerneoppgåver i helseføretaket. Desse er
klinisk verksemd, opplæring, forsking og utdanning, samt ikkje-medisinske sørvistenester. Planen skildrar
framtidige spesialisthelsetenester i Helse Førde ut frå utfordringsbildet vi ser, og innanfor eksisterande
ressursar og rammer. Planen skal bidra til at Helse Førde også i framtida leverer tenester av høg
pasientopplevd kvalitet, fagleg kvalitet, som er trygge og har medarbeidarkvalitet og effektiv
ressursutnytting.
Styret godkjende høyringsutkast i styremøte 29.05.15, med høyringsfrist 14.08.15. Gjennomføringa av
høyringa og høyringssvara er skildra og lagt ved i vedlegg 6.
Etter høyringsutkastet har Helse Førde HF føreteke nokre justeringar i planen, mellom dei i kapittel 1 om
økonomisk bereevne og modererande faktorar, samt i kapittelet om avtalespesialistar.
Kommentar
Planen gjev retning for ei tenesteutvikling som skal møte framtidas utfordringar og møte nasjonale
styringskrav om å skape pasientens helseteneste. Sentrale mål er å redusere uønska variasjon, unngå
lange ventetider, styrke kvaliteten og satse på teknologisk utvikling. Det skal vere satsing på psykisk
helsevern og rustenester.
Helse Førde skal arbeide vidare med å omsetje føringane til konkrete tiltak i tida framover, og planen vil
bli følgd opp med handlingsplanar.
Høyringssvara har både gjeve støtte til planen og viktige innspel til det vidare arbeidet. Mellom anna er
det ønskje om styrka samhandling og høgare fokus på eldremedisin. Helse Førde HF vil også framover
ha tett dialog med kommunane for å sikre heilskapeleg tilbod på tvers av primær og
spesialisthelsetenesta.
Arbeidet med den verksemdsmessige utviklingsplanen har gjeve føringar for bygningsmessig plandel. Vi
er også i gang med å planleggje arealutvikling av Førde Sentralsjukehus. Dei økonomiske kalkylane
synleggjer behovet for å effektivisere både areal og tenesteyting. Vi må tenkje langsiktig, og dei
verksemdsmessige måla vil måtte realiserast over tid etter ei nærare definert og prioritert rekkefølgje.
Planen peikar på retninga, men gjennomføringa må gjerast i takt med føretakets økonomiske bereevne.
Det er lagt ved fleire vedlegg til den verksemdsmessige utviklingsplanen. Desse gjev innsyn i
underlagsmateriale for utarbeiding av planen.
 Vedlegg 1 inneheld eit oversyn over dei fleste analysane som har vore nytta i arbeidet med planen.
 Vedlegg 2 inneheld ei skildring av status, utvikling og aktuelle tiltak i dei somatiske tenestene i
planperioden.




Vedlegg 3 er ei skildring av status, utvikling og aktuelle tiltak i psykisk helsevern og rusbehandling i
planperioden. Fagområda psykisk helsevern og rus har tidlegare ikkje vore skildra i utviklingsplanen,
og difor inneheld vedlegget ei noko meir omfattande skildring av ramme og utvikling.
Vedlegg 4 inneheld ei skildring av status, utvikling og tiltak innan dei ikkje-medisinske tenestene og
stabsfunksjonar i føretaket.
Vedlegg 5 inneheld oversyn over spesialisthelsetenester med landsdekkande funksjon.
Vedlegg 6 gjev oversyn over høyringsprosess og innkomne høyringssvar.
Det har også vorte oppretta fleire underutval og grupper i prosessen. Mellom dei er ei gruppe som har
sett på utvikling av tenester for barn og unge, og ei for tenesteutvikling til eldre/pasientar med
samansette vanskar.
Gjennomføring av planarbeidet
Mål for planarbeidet - prosjektmandat
Hovudmålet til prosjektet har vore å utarbeide ein verksemdsmessig utviklingsplan som syner korleis
Helse Førde skal utvikle spesialisthelsetenestene for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.
Delmåla i prosessen har vore:
1. Rullering og vidareutvikling av tidlegare plan. «Helse Førde vedtok i styresak 062/2014
Verksemdsmessig utviklingsplan Helse Førde 2014. Planen skal saman med
bygningsmessig utviklingsplan utgjere forankringsgrunnlag som trengst for vidare
planlegging (jfr Helsedirektoratet sin rettleiar IS-1369 om tidlegfaseplanlegging i
sjukehusprosjekt, desember 2011).»
2. Fagområde psykisk helsevern skal integrerast i planen.
3. Planen skal gje retning og danne grunnlag for vidare jamnleg rullering. for inkludering
av framtidige endringar, og for vidare detaljering i samband med byggjeprosessen ved
Førde sentralsjukehus.
Relasjon til bygningsmessig utviklingsplan, og arealplan Førde sentralsjukehus
(konseptfase)
Ifølgje rettleiar «Tidlegfaseplanlegger for sykehus 1», skal all utbygging av sjukehus vere grunna i ein
verksemdsmessig utviklingsplan som syner behov for tenesteutvikling. Samla utviklingsplan består av
ein verksemdsmessig og ein bygningsmessig del. Denne planen skal danne grunnlag for
konseptfaserapport og for søknad til HOD om låneopptak for ombygging og utbygging ved Førde
sentralsjukehus.
Tidsramme
Arbeidet med verksemdsmessig utviklingsplan har skjedd i perioden frå februar 2015. Det har vore eit
intensivt arbeid, med stor grad av involvering frå leiarar, tillitsvalde og medarbeiderar. Det har vore
halde informasjons- og dialogmøte med kommunane og andre eksterne samarbeidspartar, og med
brukarutvalet (sjå oversyn nedanfor).
1
(HOD, IS: 1369, 2011),
Organisering av arbeidet
Arbeidet med verksemdsmessig utviklingsplan har vore eit eige prosjekt, som har vore tett kobla mot
bygningsmessig utviklingsplan og konseptfaserapport for utbygging av Førde sentralsjukehus.
Deltakarar i gruppene:
Styringsgruppe
Prosjektgruppe
Ole Christian Reusch,
klinikkdirektør Psykisk
helsevern
Olav Hesjedal,
klinikkdirektør Medisinsk
klinikk
Arbeidsgruppe
somatikk
Helge Robert Midtbø
(Leiar), klinikkdirektør
Kirurgisk klinikk
Olav Hesjedal,
klinikkdirektør Medisinsk
klinikk
Signe Nordvik,
avdelingssjef Medisinsk
klinikk
Arbeidsgruppe
psykisk helsevern
Svein Ove Alisøy (Leiar),
avdelingssjef Psykiatrisk
klinikk
Toril Taklo, avdelingssjef
PBU
Jon Bolstad (Leiar)
Anne Kristin Kleiven
(Leiar), Utviklingsdirektør
Vidar Vie
Viseadministrerande
direktør
Ole Christian Reusch
Direktør psykisk
helsevern
Olav Hesjedal
Direktør medisinsk
klinikk
Helge Robert Midtbø
Direktør kirurgisk
klinikk
Halfdan Brandtzæg
Økonomidirektør
Helge Robert Midtbø
(Leiar), klinikkdirektør
Kirurgisk klinikk
Hans Johan Breidablikk,
fagdirektør
Robert Brennersted,
avdelingssjef Kirurgisk
klinikk
Arne Nordgulen,
verneombud
Mads Rekve,
avdelingssjef ISP
Kjell Inge Solhaug,
prosjektleiar arealplan,
direktør for drift og
eigedom
Helge Hagen,
avdelingssjef kirurgisk
klinikk
Jan Myklebust,
verneombud
Trond Aarre,
avdelingssjef NPS
Audun Vik-Mo, tillitsvald
Arne Skjelten, HRdirektør
Hans Johan
Breidablik,
Fagdirektør
Terje Ulvedal,
kommunikasjonssjef
Anne Kristin Kleiven
Utviklingsdirektør
(prosjektleiar)
Arne Johansen, direktør
Intern drift
Terje Ulvedal,
kommunikasjonssjef
Børge Stavland,
Radiologisk avdeling
Elisabeth Andresen,
tillitsvald
Ola Arne Hjelle,
føretakstillitsvald
legeforeninga
Berit Hornnes,
føretaksverneombod
Hans Johan Breidablikk,
fagdirektør
Gerd Bjørkedal,
brukarrepresentant
Ole Christian Helle Eide
Reuch, Klinikk direktør
Berit Marie Johansen
I tillegg vart to mindre arbeidsgrupper etablert, knytt til ei delutgreiing om barn og ei delutgreiing om
eldre. Dette arbeidet vart leia av Solveig Horstad Berget og Hildur Margret Thingnes. PwC har tilrettelagt
prosessen i arbeidsgruppene.
Tilnærming
Vi har nytta følgande modell for å analysere og strukturere planen:
Arbeidet har teke utgangspunkt i analyse av pasientane og deira behov. Første del av arbeid og rapport
har vore analyser av demografisk og epidemiologisk utvikling og framskriving. Dette har sett premissar
for mål for tenesteutviklinga, kva som må til for å oppnå måla på kort og lengre sikt. Rammefaktorar
som vist i figuren, har vore førande. Det har vore fortløpande dialog med leiar for arealplanarbeidet.
Gjennomføring
Hovuddelen av arbeidet har vorte utført i dei to arbeidsgruppene for psykisk helsevern og somatikk.
I tillegg er det gjort eit omfattande arbeid knytt til datainnsamling og analyse, og vurdering av behov for
tenester no og i framtida. Det er utarbeidd bakgrunnsdokument som skildra utfordringane og rammene
for arbeidet, som grunnlag for informasjonsmøte.
Dei to arbeidsgruppene for somatikk og for psykisk helsevern har vurdert kvart einskild fagområde, og
søkt svar på nokre hovudspørsmål i tråd med perspektivmodellen (figur over):
 Kven er framtidas pasient?
 Kva for sjukdommar har framtidas pasient?
 Kvar kjem framtidas pasient til å bu?
 Kva forventningar kjem framtidas pasient til å ha?
 Korleis kjem behandlinga til å bli gjeven i framtida?
 Kva faktorar verkar inn på korleis tilbodet i framtida blir?
Dei siste har vi definert i følgjande kategoriar, eller modererande faktorar:
Kvar avdeling har svart på spørsmål, som så er samla i eit oversyn per fagområde som syner korleis dei
vurderer
I.
Bakgrunn og status
 No-situasjon: Demografi, endring i diagnosegrupper, areal, kompetanse, samarbeid
II.
Utvikling
 Endringar for denne fagruppa både når det gjeld demografi/epidemiologi og utvikling
framover
 Vurdering av modererande faktorar, hypotesar. Kva blir konsekvensen ved ulike
behandlingsstader poliklinikk, dagkir, etc)?
III.
Tiltak
 Samarbeid
 Trong for areal
 Tenesteutvikling
 Prosessforbetring
 Rekruttering/kompetanse
Bestillinga gjekk ut til alle avdelingar innan somatikk og psykisk helsevern, samt stabsfunksjonar. Det
vart også gjennomført intervju. Svar på bestillingane blei drøfta og bearbeidd i arbeidsgruppene.
Arbeidsgruppene fekk også lagt fram analysar så snart desse blei klare. Arbeidsgruppene har løpande
fått lagt fram forslag til tekst og tiltak i planen, og innhaldet har vorte drøfta i ei rekkje møte.
I hovudsak har det blitt nytta ein hypotesebasert analytisk metode, der innleiande hypotesar genererte
analysebehov, og analysane stadfestar/avkreftar hypotesar. Parallelt har avdelingane fått bestillingar. Ein
viktig effekt av dette har vore at leiarane har blitt utfordra på kva for endringar dei kan sjå føre seg.
Analyser og datagrunnlag
Aktivitetsdata i planen er henta frå følgjande kjelder:
 Samdata 2013


o Tal pasientar, type opphald
o Opphaldsdøgn
o Produktivitet
o Samanlikning med andre helseføretak
Helse Førde HF – Aktivitetskuben2
o Historiske data somatikk
o Historiske data psykisk helsevern
o Historiske data bildediagnostikk og laboratorietenester
Norsk Pasientregister (NPR), basisår 2013
o Type opphald
o Eigendekning/pasientstraumar
o Diagnosegrupper
o Avtalespesialistar
o Framskrivingstal for 2030 basert på demografisk utvikling
Folketalsdata er henta frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Framskriving av folketal er gjort med føresetnad
om middels vekst (MMMM)3 i både fruktbarheit, levealder, innanlandsk flytting og innvandring.
Informasjon og medverknad
Det har vore utarbeidd kommunikasjonsplan og avhalde ei rekkje møte, oppslag mv.
Tillitsvalde og verneombod har vorte orientert i ordinære, planlagde fora i tillegg til at dei er involverte i
arbeids- og prosjektgrupper. Den 16.04 var utviklingsplanen tema på leiardialogsamling for alle leiarar
og føretakstillitvalde/verneombod. Det har vore informert jamnleg i klinikkråd og avdelingsmøte.
Leiarane på alle nivå har hatt ansvar for å informere sine tilsette. På intranett er det laga nyheitssaker
om arbeidet. I tillegg har klinikkane brukt eigne intranettsider.
Det har vorte gjennomført følgjande eksterne møte:
Eksterne møte
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Koordineringsrådet for samhandling mellom
kommunane og Helse Førde
HAFS regionråd
SiS (Samarbeidsforum i Sunnfjord)
Stortingsbenken
Nordfjordrådet
Fylkeslegen
Fylkeskommunen
KS-styret
Brukarutvalet
Sogn regionråd
Fylkestinget
I tillegg har politikargrupper vorte orienterte
2
Dato
19.03.2015
20.03.2015
09.04.2015
10.04.2015
13.04.2015
20.04.2015
21.04.2015
21.04.2015
22.04.2015
27.04.2015
06.05.2015
01.06.2015
Tal frå Aktivitetskuben gjeld «alle episodar», det vil seie både teljande episodar (refusjonsberettiga) og ikkjeteljande episodar.
3
Mellomalternativet, MMMM , er SSB sitt hovudalternativ i befolkningsframskriving. Der legg ein til grunn ei
middels utvikling i både fruktbarheit, levealder, innlandske flyttingar og innvandring .
http://www.ssb.no/befolkning/statistikker/folkfram/aar/2014-06-17
Utkast til planen vart sendt på høyring til alle kommunar, tilstøytande helseføretak og høgskulen i starten
av juni, med høyringsfrist 14.08.2015. Kommunane vart i tidlegare møte varsla om høyringsperioden.
Innspela er anten tekne med i redigering av planen eller vil bli vurderte i samband med vidare
detaljering av utviklingsarbeidet. Alle høyringsinnspela følgjer saka.
Prosess for implementering av planen
Konkretisering av tiltak vil skje i det vidare arbeidet med handlingsplanar. Dette vil ha innverknad på og
gje føringar for arealutvikling, m.a. den føreståande utbygginga ved Førde sentralsjukehus. Verksemda
må utviklast i den takt økonomiske rammer tillét. Det er føresett at effektiviseringsvinst som følgje av
endra arbeidsprosessar, vert konkretiserte.
Figur: Prosess for utvikling av verksemd og bygningar fram mot 2020.
Aktivitetar/
tid
2015
2016
2017
2018
Plan
Rullering
verksemdsplan
Arbeidsprosessar
Definisjon
hovudprosessar
Prosessanalyse
hovudprosessar
Prosessanalyse delprosessar
Trinnvis iverksetting
Organisering
Organisasjonsmodning
Organisasjonsprosess
Mogelege organisasjonsendringar
Areal
40%
Definerte
hovudområde
60%
Detaljering
2019
80%
detaljering
100%
detaljering
Ferdige skisser til
lånesøknad
Konklusjon
Helse Førde har ei viktig oppgåve med å utvikle pasientens helseteneste i åra framover. Endra
styringskrav kan gje behov for oppdatering, til dømes nasjonal sjukehusplan og endringar i regional
strategi.
Planen syner at Helse Førde må løyse fleire store utfordringar i åra framover. Dette må mellom anna
gjerast ved å
- Skape eit framtidig Helse Førde som er tilpassa den befolkningsprofilen vi har og den
demografiske utviklinga vi ser i mange kommunar i fylket.
- Skaffe naudsynt breiddekompetanse innan eldremedisin som må bli vår styrke framover.
- Evne å prioritere slik at dei store behova innan medisin/eldremedisin vert dekka.
- Få til sterke fagmiljø knytt til geriatri, aldersmedisin, demensomsorg og alderspsykiatri.
- Utvikle koordinerte og heilskaplege tenester til utsette grupper, som eldre, barn, psykisk sjuke og
ruspasientar.
- Vere gode rådgjevarar for kommunane på dei viktigaste områda.
- Bidra til å redusere dei store lokale skilnadene i behandling på kommunenivå.
- Sikre nok kapasitet på rett område med rett balanse mellom fagområda.
- Samarbeide med kommunane om rett nivå av kontrollar i spesialisthelsetenesta.
- Nytte teknologi aktivt i utvikling av tenestene, mellom anna ved aktiv bruk av telemedisin i
konsultasjonar og undervisning internt og ut mot kommunane.
- Nå mål om korte ventetider, samstundes som vi maktar å koordinere gode pasientløyper for
alvorlege tilstandar.
- Ivareta sørge – for – ansvaret med eit kostnadsnivå som toler samanlikning med andre.
Planen vil bli følgd opp med konkrete handlingsplanar for utviklings- og effektiviseringsprosessar.
Planen skal gje føringar for utvikling av areal.