Val av standard på fylkesvegane

SAMFERDSELSAVDELINGA
Arkivnr:
2015/4672-1
Saksbehandlar:
John Martin Jacobsen og Erlend Iversen
Saksframlegg
Saksgang
Utval
Samferdselsutvalet
Fylkesutvalet
Fylkestinget
Saknr.
Møtedato
12.05.2015
19.05.2015
09.06.2015
Val av standard på fylkesvegane
Samandrag
Vegdirektoratet har utarbeidd vegnormalar med heimel i forskrift til veglova. Målet med normalane er å sikre
ei vegutforming som gir effektiv og trygg person- og godstransport, og god tilpassing til nærmiljøet. Statens
vegvesen har mynde til å eventuelt fråvike vegnormalane for riksveg, fylkeskommunen for fylkesveg.
Den av vegnormalane som omtalar vegstandarden mest direkte er handbok N100 Veg- og gateutforming.
N100 gjer greie for standardkrav, og deler vegane inn dimensjoneringsklassar. Dimensjoneringsklasse vert
valt ut frå ÅDT, fartsgrense og vegen sin funksjon.
Punktutbetring/ mindre utbetringar av vegnettet kan gjennomførast utan at krava i vegnormalane vert gjort
gjeldande.
Statens vegvesen har utarbeidd eit notat om Val av standard på fylkesvegnettet. Notatet gjer vurderingar
knytt til nye vegprosjekt, utbetringar, fråvik og andre kostnadsdrivarar, og kan sjåast som eit fyrste steg i
prosessen med vurdering av utforming og bruk av vegnormalane.
Fylkesrådmannen finn det positivt at Vegdirektoratet har sett i gang ein revisjon av handbok N100. N100 er
den mest sentrale handboka med tanke på dimensjoneringsklassar for veg, og har såleis direkte innverknad
på kostnadsnivå ved vegbygging. Det bør likevel peikast på at det også er ei rekkje andre vegnormalar som
direkte kan verke inn på omfanget av eit vegprosjekt, mellom anna fundamentering av veg, indre og ytre
miljøkrav i anleggs- og driftsfasen, og tunneltryggleik.
Fylkesrådmannen finn det naudsynt at fylkeskommunane tidleg vert involvert i vurderinga av kva standard
som skal leggast til grunn for den einskilde vegstrekning. Dette heng saman med eit behov for større
fleksibilitet, der mellom anna handbok N100 i større grad må tilpassast fylkeskommunane sine behov, og gi
meir fleksibilitet gjennom lokale behov knytt til ÅDT, skuletransport, trafikktryggleik med meir.
Det er behov for ein større prosess saman med Statens vegvesen for å avklare handlingsrom og moglege
tiltak når det gjeld val og bruk av vegnormalane. Prosessen er starta opp, og fylkesrådmannen vil kome
attende til dette i rulleringa av Regional Transportplan.
Hordaland fylkeskommune
SAMFERDSELSAVDELINGA
Agnes Mowinckels gate 5
PB 7900
5020 Bergen
Tlf: 55 23 90 00
e-post: [email protected]
www.hordaland.no
Org.nr. NO 938 626 367 mva.
Kontonr. 5201 06 74239
Side 2/6
Forslag til innstilling
Fylkestinget tek gjennomgangen til Statens vegvesen om vegstandard til orientering, men legg til grunn at
problemstillingar knytt til standardkrav vert teke nærare opp i rulleringa av Regional transportplan
Rune Haugsdal
fylkesrådmann
Håkon Rasmussen
fylkesdirektør samferdsel
Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.
Side 3/6
Fylkesrådmannen, 30.04.2015
Pål Kårbø hadde sendt slik interpellasjon (jf. vedlegg Interpellasjon FT 2014 Pål Kårbø) til fylkestinget sitt
møte 9. – 10. desember 2014 (FO 13/14):
«Standard på nye vegprosjekt
Gjennom prosjekta Stord vestside og Bømlopakken, er det kome tilbakemelding om at ein ikkje
opplever å få tilstrekkeleg kilometer med ny/oppgradert veg for pengane.
Statens vegvesen (SVV) er Hordaland fylkeskommune sin aktør i slike vegprosjekt, og dei gjer
ein god jobb. Men det er likevel ei oppleving av at SVV sine handbøker og standardkrav gjer at
veganlegga vert dyre. Særleg vert dette opplevd urimeleg når ein ser at den nye vegen nærast
får «motorvegstandard», medan vegane som støyter til har ein heilt annan standard.
Hordaland KrF ønskjer at fylkestinget tar ei drøfting på denne problemstillinga, og m.a. vurderer
om dette kan gjerast på ein annan måte.
Kan ein gjennom å senka standaren noko, få fleire meter ny/oppgradert veg for den samla
økonomiske ramma?»
Fylkesordføraren svarte mellom anna slik på representanten Kårbø sin interpellasjon:
«Fylkesordføraren vil ta initiativ til ein diskusjon med Statens vegvesen om dette.»
Fylkesrådmannen har på bakgrunn av dette starta opp ein prosess med Statens vegvesen om vegstandard,
som mellom anna har resultert i eit notat frå vegvesenet om val av standard på fylkesvegnettet.
Saksframstillinga baserer seg delvis på dette notatet, og notatet er lagt ved (jf. vedlegg Val av standard på
fylkesvegar. Brev frå SVV Region vest 29.04.15).
Vegnormalane
Statens vegvesen, Vegdirektoratet, har utarbeidd vegnormalar med heimel i forskrift til veglova § 13 om
anlegg av offentleg veg.
Statens vegvesen ved Vegdirektoratet kan innanfor ramma av forskriftene fastsetja utfyllande retningslinjer.
Dette er gjort gjennom vegnormalane. Målet med normalane er effektiv og trygg transport av menneske og
gods, best mogeleg tilpassing til busetnad, bumiljø, landskap, naturmangfald, kulturmiljø, vegetasjon og
landbruksinteresser.
Det er Statens vegvesen ved Vegdirektoratet som har mynde til å fråvika normalane for riksveg,
fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunane for kommunale vegar.
Dei viktigaste vegnormalane som gjeld offentlege vegar er:
Handbok
Handbok
Handbok
Handbok
Handbok
N100
018
N500
N400
231
Veg- og gateutforming
Vegbygging
Vegtunneler
Bruprosjektering
Rekkverk og vegens sideområder
Den av vegnormalane som omtalar vegstandarden mest direkte er handbok N100 Veg- og gateutforming.
N100 gjer greie for standardkrav for nye vegar og utbetring av eksisterande vegar. Dei fleste fråvikssakane
gjeld handbok N100 og N500.
Side 4/6
Sentrale element i fastsettelsen av dimensjoneringsklasse
I handbok N100 er vegane inndelt i dimensjoneringsklassar. I dei ulike dimensjoneringsklassane er det sett
krav til ei rekkje faktorar som vil ha innverknad på tryggleik og køyrekomfort
Det er naudsynt med ein gjennomgang av dei mest sentrale kriteria ved val av dimensjoneringsklasse for
veg. Det vert her fokusert på vegar med lågare ÅDT (årsdøgertrafikk, altså talet på køyretøy som dagleg
passerar ei vegstrekning i begge retningar gjennom året). Innanfor kvar dimensjoneringsklasse er det ulike
krav til mellom anna følgjande:










Vegbredde
Køyrefeltbredde
Skulder
Midtdelar
Horisontalkurvatur (m.a. kurveradius)
Vertikalkurvatur (m.a. maks stigning)
Stoppsikt
Kryssløysingar
Avkøyrsler
Gang- og sykkelveg
Dimesjoneringsklasse vert valt ut frå ÅDT og fartsgrense. ÅDT for vegar skal vanlegvis vere prognose for
trafikkmengde 20 år etter forventa opningsår av prosjektet. Prognosane vert basert på Statistisk sentralbyrå
sine prognosar for vegtrafikk, fylkesvise trafikkprognosar og eventuelle regionale transportmodellar.
I tillegg til ÅDT og fartsgrense må det også gjennomførast ei vurdering av kva funksjon vegen skal ha. Merk
at det innanfor same ÅDT og fartsgrense kan veljast ulike dimensjoneringsklassar basert på kva funksjon
vegen skal ha.
Til dømes kan høg del av tungtrafikk verke direkte inn på val av køyrefeltbredde, som kan plassere vegen i
ein annan dimensjoneringsklasse med meir omfattande krav på fleire av punkta (enn berre vegbreidde) som
er vist over. Feltbreidde på 2,75 meter kan i ein del tilfelle bli vurdert som for smal, basert på ein
tungbilbreidde på 2,60 meter + speglar. For å til dømes auke feltbreidda til 3,0 m vil det vere naudsynt å
endre dimensjoneringsklasse, noko som også fører til at skuldra på vegen aukar. Den totale vegbreidda
aukar dermed meir enn berre auka feltbreidde skulle tilseie.
Dei viktigaste skiljelinjene for fylkesvegnettet i Hordaland går ved 1 500 ÅDT og 4 000 ÅDT, det vil seie
prognostisert ÅDT 20 år fram i tid. Dersom prognostisert trafikkmengd er forventa å ligge like under 4 000
ÅDT 20 år fram, kan Hø2 i tabellen under nyttast. Er forventa trafikkmengde like over 4 000, er det naturleg
at H4 vert lagt til grunn. Val av H4 resulterer ikkje berre i auka vegbredde, men og stivare kurvatur både
horisontalt og vertikalt, noko som igjen medfører auka kostnader ved bygging.
Dimensjoneringsklasse
Hø2
H4
Fartsgrense km/t
Vegbreidde (m)
Køyrefeltbreidde (m)
Stoppsikt (m)
Min. horisontalkurveradius (m)
Maks stigning (%)
Avstand mellom kryss (m)
80
7,5
3,0
100
200
8
250
80
10,0
3,5
145
300
6
1 000
På den andre sida er skilnadene relativt små når det gjeld ÅDT like under 1 500 samanlikna med ÅDT rett
over 1 500 med fartsgrense 80, så lenge H-vegar (dimensjoneringsklasse for nasjonale hovudvegar) ikkje
vert valt i staden for H(ø) (øvrige hovudvegar).
Side 5/6
Val av dimensjoneringsklasse er ein del av den overordna planprosessen, og Statens vegvesen viser til at
det er trong for ein felles prosess med vegeigar om val av dimensjoneringsklasse. Det vert også vist til at
det er sett i gong eit revideringsarbeid av handbok N100.
Avslutningsvis presiserer Statens vegvesen at punktutbetring/ mindre utbetringar av vegnettet kan
gjennomførast utan at krava i vegnormalane vert gjort gjeldande.
Fråvik frå vegnormalane
Statens vegvesen må følgje dei vegnormalane som ligg føre. Fylkeskommunen kan som vegeigar gi fråvik
frå vegnormalane, unntatt det som gjeld berande konstruksjonar (bru, ferjekai osb.) og normalane heimla i
skiltforskrifta. Statens vegvesen peiker på at ein utstrakt bruk av fråvik etter deira syn vil vere uheldig, og at
bruk av gjeldande normalar må vere målsetnaden.
Vegnormalane er bygde opp med såkalla skal-, bør- og kan-krav. For riksveger fungerer dette slik at børkrava kan fråvikast av regionvegsjefen, medan skal-krava berre kan fråvikast av Vegdirektoratet.
Regionvegsjefen har oppretta ei eiga fråviksnemnd som handsamar alle fråvikssaker og som gjer endeleg
vedtak om fråvik frå bør-krav på riksveger, og som gir tilråding til Vegdirektoratet i skal-krav.
Andre, relevante moment for kostnadsvurdering
Statens vegvesen peiker på at det også er fleire andre faktorar som speler inn på kostnadane ut over sjølve
veganlegget. Dette kan til dømes vere meir omfattande krav til ytre og indre miljøforhold som støydemping
og tiltak mot forureining av nærmiljøet.
Vegvesenet peiker også på at det i dag er strengare krav til oppbygging av fundament for vegane,
veggrunnen vert mellom anna masseutskifta i større grad enn tidlegare. Omfattande masseutskifting, i
staden for bruk av duk for fundamentering, aukar byggekostnadane, men kan på sikt redusere
vedlikehaldskostnadane.
Det kan avslutningsvis også peikast på kostnadane knytt til bygging av veg også er avhengig av ein
fungerande marknad for gjennomføring av anbod.
Prosess
Fylkesrådmannen viser til at det er starta opp ein felles prosess om vegstandard saman med Statens
vegvesen. Prosessen omhandlar utforming og bruk av vegnormalar, samt handsaming av fråvik frå
vegnormalane på fylkesvegar. På bakgrunn av dette har vegvesenet levert notatet Val av standard på
fylkesvegnettet som det er vist til i denne saka. Dette notat kan sjåast som eit fyrste trinn i ein større
prosess.
Vegdirektoratet har starta opp ein prosess med å revidere handbok N100 Veg- og gateutforming. Planen
var at ny handbok skulle vere klar i 2017, men framdrifta er no forsert, og deler av resultatet av revisjonen
skal leggast fram i inneverande år. Fylkeskommunane er representert i arbeidet gjennom KS, som har eit
medlem i styringsgruppa. Fylkesrådmannen har vore i dialog med KS sitt medlem i styringsgruppa, og det
er eit felles fokus for fylkeskommunane spesielt på to område:


Fleksibilitet: N100 må i større grad tilpassast fylkeskommunane sine behov slik situasjonen er i dag, og
gi meir fleksibilitet gjennom lokale behov knytt til ÅDT, skuletransport, trafikktryggleik med meir.
Fylkeskommunane som vegeigar må kunne involverast tidlegare for å kunne ta stilling til (saman med
vegvesenet sine faglege vurderingar) kva standard som skal leggast til grunn for den einskilde
vegstrekning.
Avslutningsvis vil fylkesrådmannen minne om at når det gjeld vidare prosess, og sjølv om N100 er den mest
sentrale handboka for arbeidet dimensjoneringsklassar for veg, så er det det også ei rekkje andre
vegnormalar og handbøker som er relevante for kostnadar knytt til vegbygging.
Side 6/6
Eit døme frå kollektivtrafikken på fylkesvegnettet
Også for kollektivtrafikken kan forholdet til vegnormalane og vegvesenet si handbok for kollektivtrafikk
(V123 Kollektivhåndboka) gi utfordringar i forhold til kostnadar knytt til oppgradering. Dette gjeld spesielt
haldeplasstiltak på veg utanfor tettbygde strok.
Haldeplasstiltak og trafikktryggleikstiltak kan vere to sider av same sak når det gjeld oppgradering av
haldeplassar langs fylkesvegnettet utanfor tettstader. Formelle krav til haldeplasslengde og universell
utforming kan resultere i så store kostnadar at krava er til hinder for enkle tiltak som kan betre
trafikktryggleiken vesentleg.
Slike mindre haldeplasstiltak handlar i stor grad om å gi skuleelevar og andre reisande høve til å vente på
bussen utanfor køyrebana, eller om å få bussen ut av køyrebana mens den står på haldeplassen. Dersom
det i større grad kan etablerast mindre plattformar for dei reisande utanfor køyrebana, og mindre
busslommar som er tilstrekkeleg til å få heile bussen ut av køyrebana der det ikkje kan etablerast
kanststopp, vil trafikktryggleiksgevinsten (både opplevd og reell) vere betydeleg. I tillegg kan dette resultere
lågare kostnadar for utbetring av haldeplass.
Statens vegvesen peiker på at punktutbetring/ mindre utbetringar kan gjennomførast utan at krava i
vegnormalane vert gjort gjeldande. Det er førebels ikkje avklart i kva grad slike enkle haldeplasstiltak kan
reknast som mindre utbetringar.
Fylkesrådmannen si vurdering
Statens vegvesen, Vegdirektoratet, har utarbeidd vegnormalar med heimel i forskrift til veglova § 13 om
anlegg av offentleg veg. Vegdirektoratet kan innanfor ramma av forskriftene fastsetja utfyllande
retningslinjer. Dette er gjort gjennom vegnormalane. Målet med normalane er effektiv og trygg transport av
menneske og gods, best mogeleg tilpassing til busetnad, bumiljø, landskap, naturmangfold, kulturmiljø,
vegetasjon og landbruksinteresser. Statens vegvesen har mynde til å eventuelt fråvike vegnormalane for
riksveg, fylkeskommunen for fylkesveg.
Fylkesrådmannen har som ei oppfølging av forvaltningsrevisjon innan vegområdet (fylkestingssak 85/12)
etablert eit prosjekt der det vert gjort ei gjennomgang og vurdering av rammeverket for dagens samhandling
med Statens vegvesen innan vegområdet. Dette inkluderer ein prosess knytt til bruk av vegnormalane.
Statens vegvesen har utarbeidd eit notat om Val av standard på fylkesvegnettet. Notatet tar opp i seg
vurderingar knytt til både nye vegprosjekt, utbetringar, fråvik og andre kostnadsdrivarar, og kan sjåast som
eit fyrste steg i prosessen med vurdering av utforming og bruk av vegnormalane.
Fylkesrådmannen finn det positivt at Vegdirektoratet har sett i gang ein revisjon av handbok N100 Veg- og
gateutforming. N100 er den mest sentrale handboka for dimensjoneringsklassar for veg, og har såleis
direkte innverknad på kostnadsnivå ved vegbygging. Fylkesrådmannen finn det likevel naudsynt å minne
om at det også er ei rekkje andre vegnormalar som direkte kan verke inn på omfanget av eit vegprosjekt,
som mellom anna fundamentering av veg, indre og ytre miljøkrav både i anleggs- og driftsfasen, og
tunneltryggleik. I tillegg er anbodsprosessen avhengig av ein fungerande marknad for gjennomføring av
prosjekt.
Fylkesrådmannen finn det, saman med KS sitt bidrag inn arbeidet med revisjon handbok N100, naudsynt at
fylkeskommunane tidleg vert involvert i vurdering av kva standard som skal leggast til grunn for den
einskilde vegstrekning. Dette heng saman med eit behov for større fleksibilitet, der mellom anna handbok
N100 i større grad må tilpassast fylkeskommunane sine behov slik situasjonen er i dag, og gi meir
fleksibilitet gjennom lokale behov knytt til ÅDT, skuletransport, trafikktryggleik med meir.
Vidare finn fylkesrådmannen det positivt at vegvesenet presiserer at punktutbetring/ mindre utbetringar i
vegnettet kan gjennomførast utan at krava i vegnormalane vert gjort gjeldande.
Det er behov for ein større prosess saman med Statens vegvesen for å avklare handlingsrom og moglege
tiltak når det gjeld val og bruk av vegnormalane. Prosessen er starta opp, og fylkesrådmannen vil kome
attende til dette i rulleringa av Regional Transportplan. Om prosessen skulle lede til ei tilråding om endring
av dagens fullmaktar til regionvegsjefen innan dette området, vil fylkesrådmannen legge dette fram for
politisk handsaming.
FO 13/14 Interpellasjon til fylkestinget sitt møte 9.-10. des. 2014
Pål Kårbø hadde sendt slik interpellasjon til fylkesordføraren:
"Standard på nye vegprosjekt
Gjennom prosjekta Stord vestside og Bømlopakken, er det kome tilbakemelding om at ein ikkje
opplever å få tilstrekkeleg kilometer med ny/oppgradert veg for pengane.
Statens vegvesen (SVV) er Hordaland fylkeskommune sin aktør i slike vegprosjekt, og dei gjer
ein god jobb. Men det er likevel ei oppleving av at SVV sine handbøker og standardkrav gjer at
veganlegga vert dyre. Særleg vert dette opplevd urimeleg når ein ser at den nye vegen nærast
får «motorvegstandard», medan vegane som støyter til har ein heilt annan standard.
Hordaland KrF ønskjer at fylkestinget tar ei drøfting på denne problemstillinga, og m.a. vurderer
om dette kan gjerast på ein annan måte.
Kan ein gjennom å senka standaren noko, få fleire meter ny/oppgradert veg for den samla
økonomiske ramma?
Framlegg til vedtak:
Fylkesrådmannen vert beden om å ta ein gjennomgang med Statens vegvesen om denne
problemstillinga."
Fylkesordføraren svarte slik:
"Kårbø viser til tilbakemelding om at ein ikkje opplever å få tilstrekkeleg kilometer med
ny/oppgradert veg for pengane. Det er ei oppleving av at Statens vegvesen sine handbøker og
standardkrav gjer at veganlegga vert dyre. Vi legg her til grunn at det er vegnormalane han
siktar til. Det vert vidare stilt spørsmål til om ein gjennom å senke standaren noko, vil få fleire
meter ny/oppgradert veg for den samla økonomiske ramma. Det vert vist til Stord vestside og
Bømlopakken.
Vegnormalane gjeld for alle offentlege vegar. Veglova § 13 gjev Samferdselsdepartementet
heimel til å gje føresegner om anlegg av offentleg veg. Samferdselsdepartementet har fastsett
gjeldande føresegn av 29. mars 2007. Føresegna gjeld utforming og standard ved planlegging
og bygging av alle kategoriar offentleg veg. Innafor ramma av det som er bestemt i føresegna
er Vegdirektoratet gitt fullmakt til å fastsette nærare tekniske reglar, i føresegna omtala som
vegnormaler. Vegnormalene er ei samling tekniske føresetnader for offentlege vegar, tilpassa
trafikk og omgivnader. Det er særskilt to viktige omsyn som vegnormalane skal sikre. Dette er
trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling (framkome). I mange høve vil redusert standard på
vegprosjekta vere eit spørsmål om å senke ambisjonsnivået for trafikktryggleik og framkome på
den aktuelle vegen. Fylkeskommunen har gjennom rammeavtalen som er inngått med Statens
vegvesen vore tydeleg på at det er ønskeleg å følgje vegnormalane i planlegging av nye
vegprosjekt
Vegnormalane inneheld standardkrav som skal sikre ein tilfredstillande og einskapleg kvalitet
på det offentlege vegnettet. Det vert sett strengare krav til nye vegprosjekt enn utbetring av
eksisterande veg. Det skal vere ein viss fridom til å velje løysingar tilpassa forholda på staden.
Vegnormalane kan fråvikast. Så langt det gjeld fylkesveg, er det fylkestinget som har mynde til
å gjere fråvik frå vegnormalane. Fråvikssaker med stor økonomisk verdi vert lagde fram til
avgjerd. Eit eksempel på ei slik sak er val som blei gjort om tunnelprofil (T 8,5) for
Jondalstunnelen. Eit anna eksempel kan vere om det er ynskjeleg å redusere kostnaden ved å
velje to køyrefelt for ein veg som etter normalane skulle hatt fire felt.
Behov for standard og utforming av ny veg vert handsama i planprosessar som følgjer planog
bygningslova. Val knytt til fartsgrense, vegens funksjon, trafikkmengde og liknande, styrer i
stor grad kva utforming og standard dei nye vegane bør byggast etter, for å sikre tilstrekkeleg
trafikktryggleik og god framkome. God trafikktryggleik er ein særskilt viktig føresetnad for
utforming av vegane. Dersom ein ved planlegging av ein ny/utbetra veg vel å fråvike den
standarden som er lagd til grunn i vegnormalane, er det særs viktig at det er muleg å gjere
tiltak som gjev ein tilnærma like trygg veg som "normalløysinga".
På Stord vestside føreligg det godkjente reguleringsplanar for to prosjekt. For prosjektet
Sagvåg bru som no er lyst ut på anbod, legg vi opp til å nytte eksisterande bru som gang- og
sykkelveg. Dette er eit eksempel på eit utbetringsprosjekt der vi vel ei løysing tilpassa forholda
på staden. På sikt kan vi utvide den nye brua med gang- og sykkelveg. Det er ikkje høve til å
senke standarden ytterlegare på dette prosjektet.
For prosjektet Rimbareid - Vik er det valt ein standard ut frå behov for å utvide vegen og sikre
ei farts-grense på 60 km/t. I dette prosjektet er det valt ei breidde på 6,5 meter (køyrefelt på
2,75 m og skulder på 0,5 m). Grunnen til at ein ikkje bør nytte den lågaste standarden på totalt
6 meter, er at Fv 545 periodevis vert nytta som omkøyringsveg for E39. Det er difor tidvis mykje
tungtrafikk på denne vegen. Vi vil ikkje rå til å senke standarden noko her sidan køyretøy i dag
kan være opp til 2,60 meter breie. I tillegg kjem speglar som krev plass. Det er planlagt parallell
gang- og sykkelveg på austsida av vegen der dei fleste bustadane er. Det er planlagt ein rabatt
på 2,5 m som skil gang- og sykkelvegen frå vegbana i tråd med vegnormalane. Det er
tilsvarande standard som det allereie bygde prosjektet frå Fitjar sentrum til Vik. Dersom denne
standarden skal reduserast, bør det gjerast andre tiltak som gjev ein tilnærma like trygg veg.
Ein må då vurdere rekkverk og/eller fartsgrensa på ny. Truleg vil
ikkje dette føre til rimelegare pris.
Eit anna moment som gjer at vi i dag vel ein tilsynelatande for god standard på enkelte
vegprosjekt er forventa framtidig trafikkutvikling. Handbok nr. l 00 legg t.d. føringar for kva
vurderingar som skal gjerast knytt til trafikkmengde. Arealbruk og vegfunksjonar skal
planleggast ut frå venta trafikk i eit 20 års perspektiv etter vegopning. Slik vi ser det, er det
gjennomført gode planprosessar for prosjekta på Stord vestside og i Bømlopakken, der det er
teke omsyn til framtidig trafikkutvikling og samfunnsøkonomisk nytte.
Fylkesordføraren vil ta initiativ til ein diskusjon med Statens vegvesen om dette."
Statens vegvesen
Notat
Til:
Frå:
Hordaland fylkeskommune
Statens vegvesen, Region vest
Kopi:
Sakshandsamar/innvalsnr:
Olav Terje Hove - 57655802
Vår dato:
29.04.2015
Vår referanse:
2015/052515-001
Val av standard på fylkesvegar
1. Bakgrunn
Hordaland fylkeskommune har teke opp spørsmålet om standardval ved bygging/utbetring av
fylkesvegar med Statens vegvesen. Kontakten er teken med bakgrunn i ein interpellasjon i
fylkestinget der det vert sagt at standarden på ny/oppgradert veg ofte vert svært høg, spesielt
sett i samanheng med tilstøytande vegar som har ein heilt anna standard. Det vert i
inerpellasjonen spurt om ein ved å senka standarden, kan få meir veg for pengane.
Fylkesordføraren har gitt eit utfyllande svar til interpellasjonen der det også vert peika på at
Statens vegvesen forheld seg til vegnormalane som gjeld for alle offentlege vegar. Til slutt i
svaret har fylkesordføraren sagt han vil ta initiativ til ein diskusjon med Statens vegvesen
omkring spørsmålet.
2. Vegnormalane
Den av vegnormalane som omtalar standarden mest direkte, er handbok N100 Veg- og
gateutforming. Der er omtala standardkrav for nye vegar og for utbetring av eksisterande
vegar.
I N100 er vegane inndelt i dimensjoneringsklassar. I dei ulike dimensjoneringsklassane er sett
krav til ei rekke faktorar som vil ha betydning for tryggleik og køyrekomfort. Slike faktorar er
t.d krav til siktlengder som stoppsikt og forbikøyringssikt, horisontalkurvatur for vegen og for
nabokurver, maksimal stigning, overhøgde og resulterande fall. I tillegg er det krav til
kryssløysingar, avkøyrsler, tilbod til gåande og syklande, kollektivanlegg, belysning o.l.
Dimensjoneringskrava er sett ut frå matematiske utrekningar og føreset våt, men rein og isfri
veg og køyring i dagslys. Detaljar omkring dei ulike parametrane finn ein i vegvesenet si
handbok V120 Premisser for geometrisk utforming av veger.
Kriteria for plassering i dimensjoneringsklasse er vegen sin funksjon, årsdøgntrafikk (ÅDT)
og fartsgrense. ÅDT for vegar skal vanlegvis vera prognose for trafikkmengde 20 år etter
forventa opningsår av prosjektet. For fastsetting av ÅDT skal nyttast dei fylkesvise
Postadresse
Statens vegvesen
Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger
Telefon: 02030
Telefaks: 57 65 59 86
[email protected]
Org.nr: 971032081
Kontoradresse
Askedalen 4
6863 LEIKANGER
Fakturaadresse
Statens vegvesen
Landsdekkende regnskap
9815 Vadsø
Telefon:
Telefaks:
2
prognosane for biltrafikken som vert reviderte kvart 4. år, dersom det ikkje finst eit betre
grunnlag som t.d regionale transportmodellar.
Andre normalar som vil kunne ha stor betydning for kostnadane er N200 Vegbygging og
N500 Vegtunneler. Desse vert ikkje kommenterte i dette notatet.
2.1 Val av dimensjoneringsklasse
Korleis ein skal gå fram for å velja dimensjoneringsklasse er omtala i handbok N100:
Dimensjoneringsklasse velges i en overordnet planprosess ut fra en helhetsvurdering av
ruta/vegnettet den planlagte parsellen inngår i. (N100, kap C.1 og kap D.1 (utbetring))
For mindre utbetringar heiter det:
Det er ikke definert en standard for mindre utbedringstiltak eller punktutbedringer (N100,
kap D.2)
Det heiter også:
Vegnormalene skal sikre en tilfredsstillende og enhetlig kvalitet på vegnettet ut fra
samferdselspolitiske mål. Vegnormalene vil derfor måtte inneholde en del standardkrav.
Vegnormalene skal likevel gi frihet til å velge løsning tilpasset forholdene på stedet. (N100,
Forord, referert forskrift etter vegloven § 13)
Vurdering:
Som det går fram av N100, skal det vera ein prosess i forkant for val av
dimensjoneringsklasse. Det bør drøftast med vegeigaren korleis dette bør gjerast for
fylkesvegar. Det er mogeleg vegeigar bør koma sterkare inn i denne prosessen enn det som
har vore tilfelle til no.
2.2 Dimensjoneringsklassar for nye vegar
Innanfor kvar dimensjoneringsklasse er det ulike krav til m.a vegbreidde, køyrefeltbreidde,
skulder, midtdelar, horisontalkurvatur, stoppsikt, forbikøyring, vertikalkurveparametre (m.a
maks stigning), kryssløysingar, avkøyrsler, tilbod til gåande og syklande o.s.b.
Val av dimensjoneringsklasse er viktig med tanke på vegen sin funksjon, men vil og påvirka
kostnaden.
Det vert føreset at fylkeskommunen i denne problemstillinga har fokus på dei lågtrafikerte
vegene og at max fartsgrense er 80 km/t. Det kan innanfor same ÅDT og fartsgrense veljast
ulike dimensjoneringsklassar etter kva funksjon vegen skal stetta.
I dei etterfylgjande tabellane har vi satt opp dei aktuelle dimensjoneringsklassane saman med
nokre av krava innanfor kvar klasse. Vi har fylgjande alternativ:
3
ÅDT<1500:
ÅDT
<300
< 1500
Fartsgrense
50 80
50
60
60
80
80
80
Dim.klasse
A3 Sa3
Sa1
H1
H1(ø) H2
Hø1
Sa3
Vegbreidde (m)
4
4
6
7,5
6,5
6,5
6,5
Køyrefeltbr. (m)
4
3
2,75 3,00 2,75
Stoppsikt (min)
45 100 45
70
70
115
100
100
Min. horisontalk.
60 200 55
125
125
250
200
200
Max. Stigning %
8
8
6
8
8
6
8
8
Avst mellom kryss -
-
-
250
250
500
250
-
8,5/7,5
3,25/3,00 2,75 2,75
ÅDT 1500 – 4000:
ÅDT
1500 - 4000
Fartsgrense
50
60
60
Dim.klasse
Sa2
H1
H1(ø) H2
Hø2
Vegbreidde
6 (10,5) 7,5
6,5
7,5
Køyrefeltbr.
2,75
3,00 2,75
3,25 3,00
Stoppsikt (min)
45
70
70
115
100
Min. horisontalk.
55
125
125
250
200
Max. Stigning %
6
8
8
6
8
250
250
500
250
Avst mellom kryss -
80
8,5
80
ÅDT 4000 – 6000:
ÅDT
4000 - 6000
Fartsgrense
60
80
Dim.klasse
H1
H4
Vegbreidde
8,5
10
Køyrefeltbr.
3,25
3,50
Stoppsikt (min)
70
145
Min. horisontalk.
125
300
Max. Stigning %
6
6
Avst mellom kryss 250
A3:
1000
Adkomstveg i spreidd bebyggelse. Bør ikkje vera lenger enn 3 km
4
Sa3:
Samlevegar. Har øvre grense for trafikkbelastning på ÅDT 1500. Der
trafikkgrunnlaget er lite, ÅDT<300, bør utformast som 1-feltsveg, medan vegar med
ÅDT>300 bør utformast som 2-feltsveg
Sa1: Samleveg i bustadområde. Bør ikkje vera lenger enn 2 km
H1: Nyttast for nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar der arealdisponering og
aktivitet inntil vegen gjer at fartsgrensa vert sett til 60 km/t
H1(ø): Dette er variant av H1 der nasjonale hovudvegar skal ha breidde 7,5 m, øvrige
hovudvegar (H1(ø))vegbreidde 6,5 m
H2: Nasjonale hovudvegar. Vegbreidde kan reduserast til 7,5 m når ÅDT<1500 og det er
kostbart/sårbart terreng
Hø1: Øvrige hovudvegar. Skal berre brukast når ÅDT<1500
Sa2: Samlevegar. Interne vegforbindelser i byer eller vegforbindelse mellom bygder der
vegen går gjennom bebygde område. Vegen skal byggjast med fortau eller gang/sykkelveg. (Totalbreidde med fortau i parentes.)
Hø2: Gjeld øvrige hovudvegar med ÅDT 1500 – 4000
H4: Nasjonale hovudvegar og øvrige hovudvegar. Vegen er avklørslefri
Nokre dimensjoneringsklassar kan også ha fleire alternative utformingar. T.d kan Sa1
byggjast med eller utan fortau på eine eller begge sider, og med ulik køyrebanebreidde
avhengig av fortauløysing.
Vurdering:
Som det går fram av tabellane vil val av dimensjoneringsklasse gje ulike utslag. Viss forventa
trafikk ÅDT<300, kan einfeltsveg med møteplassar byggjast både med fartsgrense 50 km/t og
80 km/t.
Med ÅDT>300 må det etter vegnormalane byggjast fleirfeltsveg.
Det er sjeldan fylkeskommunen byggjer nasjonale hovudvegar. Ved trafikk ÅDT<1500 og
fartsgrense 80 km/t vil det derfor vera Hø1 eller Sa3 som bør veljast. Desse vegstandardane
er i utgangspunktet nokså like, men for Sa3 er det ikkje direkte krav til nabokurve.
Ei vurdering her kan vera at ved stort innslag av tunge køyretøy, vert køyrefeltbreidden smal
(2,75). I nokre tilfelle har ein difor valt dimensjoneringsklasse H2. Denne klassen gir ein
stivare veg m.a med minste tilletne horisontalradius på 250 m medan ein etter Hø1 og Sa3
kan byggja med 200 m horisontalradius.
Viss derimot trafikkmengda>1500, skal dimensjoneringsklasse Hø2 nyttast med 3,00 m
køyrebanebreidde og same krav til m.a horisontalkurvatur, stigning og stoppsikt som klasse
Hø1. Viss klasse H1 vert valt, vil ein få ein stivare veg som også i dei fleste tilfelle vil gje meir
kostbare løysingar.
Størst utslag vil det truleg gje viss ein kjem ut med dimensjonerande trafikkmengde rundt
ÅDT 4000. Viss trafikkmengda kjem ut like under 4000, er det dimensjoneringsklasse Hø2
som i dei fleste tilfelle vil vera det naturlege valet på fylkesvegar. Viss ein kjem ut med
trafikkmengde like over 4000, vil H4 vera det rette valet dersom fartsgrensa er 80 km/t.
Forskjellen på desse dimensjoneringsklassane er store:
5
Dimensjoneringsklasse
Hø2
Fartsgrense (km/t)
80
Vegbreidde (m)
7,5
Køyrefeltbreidde (m)
3,00
Stoppsikt (m)
100
Min. horisontalkurve radius (m) 200
Maks stigning %
8
H4
80
10,0
3,50
145
300
6
Avst. mellom kryss (m)
1000
250
H4 skal byggjast med forsterka midtoppmerking medan det ikkje er eit krav for Hø2. H4 vil
dermed også vera ein meir trafikksikker veg, men dette vil også slå ut på kostnaden.
Forskjellen i kostnadane med bygging av desse vegane vil i dei fleste tilfelle vera store. Både
krav til vegbreidde, horisontalkurveradius, stigning og sikt vil gje betydeleg utslag.
2.3 Dimensjoneringsklassar for utbetring av eksisterande vegar
Handbok N100 Veg- og gateutforming har eit eige kapittel om standardkrav ved utbetring av
eksisterande vegar (kap. D). Utbetringsstandarden gjeld vegar med ÅDT<12000 og
fartsgrense 60 km/t eller 80 km/t.
ÅDT
<1500
1500 - 4000
<4000
40006000
Fartsgrense
60
80
60
80
60
80
80
Dim.klasse
U-
U-
U-
U-
U-
U-
U-H4
Hø1/
Hø1/
Hø2
Hø2
H2
H2
U-Sa3
U-Sa3
Vegbreidde
6,5
6,5
6,5
7,5
7,5
8,5
10/8,5
Køyrefeltbr.
2,75
2,75
2,75
3,00
3,00
3,25
3,5/3,25
Stoppsikt (min)
60
100
60
100
60
100
120
Min.
100
200
100
200
100
200
250
Max. Stigning %
8
8
8
8
6
6
8
Avst mellom
250
250
250
250
400
400
800
horisontalk.
kryss
Som det går fram av tabellane er det noko mindre krav til standard ved utbetring av
eksisterande vegar i forhold til nybygging. T.d er minste horisontalradius ved 60 km/t 125 m
6
ved nybygg og 100 m ved utbetring, krav til stoppsikt 70 m ved nybygg og 60 m ved
utbetring o.s.b.
Også i utbetringsstandarden finn ein eit sprang i normalane ved ÅDT 4000. Spranget vert
ikkje like stort som ved nybygg, m.a er kravet til minste horisontalkurvatur ved utbetring 250
m ved ÅDT>4000 (300 m ved nybygg) mot 200 m for ÅDT<4000 (som ved nybygg). I tillegg
er det ved utbetring opna for at U-H4 kan byggjast med vegbreidde 8,5 m (køyrebanebreidde
3,25 m) i kostbart og/eller sårbart terreng.
Vurdering
Utbetringsstandarden er utarbeidd med tanke på at eksisterande vegar skal kunne utbetrast til
brukbar standard utan at full vegnormalstandard vert lagt til grunn. Omsynet til tryggleik er
likevel ivareteke.
Utbetringsstandarden gjer at det er mogeleg å nyttiggjera seg av deler av den vegkapitalen
som er lagt ned tidlegare. Statens vegvesen ser på dette som ei god løysing som er med å gje
tilfredsstillande standard til ein redusert kostnad i forhold til å byggja nytt.
3. Endring av standardkrav
Statens vegvesen må forholda seg til dei normalane som ligg føre. Krava i normalane byggjer
på omfattande tekniske berekningar. Grunnlaget går fram av Statens vegvesen si handbok
V120 Premisser for geometrisk utforming av veger. Det vil ikkje vera mogeleg for verken
regionkontoret eller vegavdelingar i vegvesenet å endra krava.
Viss fylkeskommunen meiner krava til standard bør endrast, evt at ein bør få reviderte
normalar som er betre tilpassa fylkeskommunen sine behov, bør det koma innspel om dette.
Vegdirektoratet har sett i gang eit revideringsarbeid av handbok N100. Planen var at ny
handbok skulle vera klar innan 2017, men dette arbeidet er no forsert. Det vert no lagt opp til
at deler av revisjonen skal leggjast fram inneværande år.
Arbeidet med revisjon av N100 er organisert som eit prosjekt. Fylkeskommunane er
representerte i arbeidet gjennom KS som har eit medlem i styringsgruppa.
Vurdering
Største utfordringa i vanskeleg terreng, som vi ofte har på Vestlandet, er truleg å halda
kurvaturkrava. Det er mogeleg at det bør inn ein dimensjoneringsklasse med lågare
fartsgrense, (dette vil i så fall truleg måtte føra til endring av skiltforskriftene) evt at ein går
tilbake til systemet med dimensjonerande fart. Ein slik klasse vil kunne gje ein mjukare
linjeføring som lettare kan tilpassast geografien. Eit slikt forslag må i så fall spelast inn i det
pågåande arbeidet med revidering av handbok N100.
Det kan også vera behov for å sjå spesielt på krava der ÅDT ligg rundt 4000.
7
Innspel her bør også koma i samband med revidering av handbok N100.
4. Fråvik frå vegnormalane
Det kan gjevast fråvik frå dei gjeldande vegnormalane som beskriv standardkrava. I
rettleiinga for fråvikshandsaming heiter det:
«For fylkesveg skal fråvik frå normalane heimla i forskrift til § 13 i veglova vedtakast av
fylkeskommunen, dersom ikkje noko anna er avtala. Unnataket er krava i normalane knytta til
bru, ferjekai og andre berande konstruksjonar (heimla i bruforskrifta), og normalane heimla i
skiltforskrifta § 35, som alltid skal vedtakast i regionen (bør-krav) eller Vegdirektoratet (skalkrav)».
Vurdering
Sjølv om fylkeskommunen kan gi fråvik frå mange av krava i vegnormalane, vil ein praksis
med utstrakt bruk av fråvik vera uheldig. Bruk av gjeldande normalar må tilstrebast både ved
å gå gjennom gjeldande praksis med praktisering av normalane, og å koma med ynskjelege
endringar av normalane som innspel i den pågåande revisjonen av N100.
Det er ein prosess på gang for å sjå på handsaminga av fråvik på fylkesvegar. Vi reknar med
at vi kjem tilbake til korleis dette praktisk bør gjennomførast i løpet av året.
5. Andre kostnadsdrivarar
Når det gjeld kostnadane med veganlegg, er det også ein del andre forhold enn vegstandarden
etter N100 som spelar inn. Det er strengare krav til både ytre- og indre miljøforhold enn det
har vore tidlegare. Dette gjeld både i anleggsfasen og overfor omgivnadane. Det kan nemnast
støy, vassureining, tilrettelegging for gåande og syklande etc. Det er også strengare krav til
oppbygging av vegkroppen, noko som på sikt vil redusere vedlikeholdskostnadane (handbok
N200). M.a gjer strengare krav til bruk av massar at det må foretakast større masseutskifting
og det vert meir transport både av massar som må fjernast og massar som må tilførast.
Krava til utforming av tunnelar er innskjerpa, noko som også fører til høgare kostnader
(handbok N500). Ein stor del av desse krava vil måtte gjennomførast dersom tunnelane skal
kunne sikkerheitsgodkjennast.
6. Andre prosjekt på gang
Det kan nemnast at i tillegg til at Statens vegvesen har starta arbeidet med revisjon av
handbok N100, har etaten under arbeid rapporten «Systematisk utvikling av riks- og
fylkesveger (SURF) som ikke er prioritert med større tiltak i overordnede planer». Det heiter i
høyringsutgåva av rapporten:
8
Målet med SURF er å oppnå ensartet og forbedret standard på en lengre strekning – enten
det er standard slik den er beskrevet i vegnormalene eller en lavere, men jevn og stedtilpasset
standard.
Vegdirektoratet opplyser at dei håpar å kunne gjera ferdig rapporten våren 2015.
7. Konklusjon
Statens vegvesen må til ei kvar tid forholda seg til gjeldande vegnormalar. Dette gjeld også
ved planlegging/utbetring av fylkesvegar.
I nokre tilfelle kan ein planlagt veg plasserast i fleire dimensjoneringsklassar ut frå kva formål
vegen skal ha og ut frå forventa trafikkutvikling på strekninga. Prosessen med fastsetjing av
dimensjoneringsklasse for fylkesvegar må avklarast med fylkeskommunen.
Dersom fylkeskommunen finn at dagens vegnormalar ikkje stettar dei krav/ ynskje
fylkeskommunen måtte ha, må fylkeskommunen presisere kva behov dei har for endring av
vegnormalane, eventuelt nye standardkrav. Endringsforslaga må spelast inn i den pågåande
prosessen med revidering av handbok N100.
Fylkeskommunane er representerte i styringsgruppa for arbeidet gjennom KS. Innspel bør
koma gjennom arbeidet i styringsgruppa, eventuelt som høyringsuttale når forslaget vert sendt
på høyring.
Statens vegvesen presiserer at punktutbetring/ mindre utbetringar kan gjennomførast utan at
krava i vegnormalane vert gjort gjeldande.
Kommunikasjonsseksjonen- Org avd
Utvalssekretariat - Org avd
Notat
Dato: 08.05.2015
Arkivsak: 2014/558-134
Saksbehandlar: ingtakl
Til:
Samferdselsutvalet
Frå:
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
PS 53/2015 Val av standard på fylkesvegane - uttale frå rådet for menneske med
nedsett funksjonsevne
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har gjennomgått saka om vegstandardar og ber om at
eventuelle fråvik frå vegnormalane ikkje må gå ut over krav til universell utforming.
Med venleg helsing,
Harald Norheim
Leiar