LeirKonfirmant - sula.kyrkja.no

Enten du trur, tvilar eller berre er
nysgjerrig, er du velkomen til
konfirmasjon i kyrkja. I
konfirmasjonstida får du lære meir om
deg sjølv og Gud. Du får høve til å
utforske nokre av dei mange spørsmåla
i livet saman med andre. Vi snakkar om
livet – på godt og vondt, om kjærleik
og om Gud. Samtidig får du oppleve
mykje nytt.
Å vere konfirmant er eit naturlig val
for alle døypte. Dersom du ikkje er
døypt, kan du likevel vere konfirmant.
Vi gjennomfører då ei dåpshandling på
ei gudsteneste i løpet av
konfirmantåret.
2
Kontaktinfo
Besøksadresse:
Rådhuset i Langevåg
3.etasje
Postadresse:
Sula Sokn
Postboks 228
6039 LANGEVÅG
Telefon:
70199600
Nettside:
www.sula.kyrkja.no
FaceBook:
Sula kyrkjelyd
Ansvarlege for konfirmantåret 2015/2016:
Barbro Godø Thomassen
Dir.tlf: 70 19 96 04
E-post: [email protected]
Geir Harald Eikrem
Dir.tlf.: 70 19 78 13
E-post: [email protected]
3
Innhald
• Hovudtema for LeirKonfirmant 2016 er:
Kven er eg?
Vi vil forsøke å nærme oss dette spørsmålet frå ulike vinklar, og sjå på
kven vi er i forhold til andre; i forhold til foreldra våre, vener, kjærestar og
kven vi er i forhold til Gud.
• Konfirmantåret er delt inn i 4 delar:
a.
b.
c.
d.
Konf@Samling
Gudstenestedeltaking
Leir
Andre aktivitetar
a. Konf@Samling
Desse samlingane vil vere etter skuletid frå 14.10 – 16.20 og det blir ei
samling før jul og ei samling etter jul – Desse samlingane er felles for alle som
velger LeirKonfirmant.
4
b. Gudstenestedeltaking
Du skal delta på 8 gudstenester i løpet av konfirmantåret, og får utdelt dette
gudstenestekortet for å følge med på dine gudstenestebesøk. Du må også registrere
deg på skjema i kyrkja når du går til gudsteneste.
Er alle gudstenester like?
Gjennom året har vi i Sula kyrkjelyd ulike gudstenester som alle har sitt
særpreg både når det gjeld musikk og måten det blir snakka på, blant anna:
- gudstenester knytt opp mot trusopplæringstiltak, som til dømes LysVaken,
TårnAgent, 4-årsbok og 1.klassebok
- G2: Kveldsgudsteneste i Indre Sula kyrkje kl. 19.30 med nattverd
- Musikalsk messe: kveldsgudsteneste i Langevåg kyrkje kl. 18.00 med fokus
på ulike typar musikk
Vi anbefaler at du går på ulike typer gudstenester for å oppleve mangfaldet. Du
får meir informasjon om dei ulike typene gudstenestene på den første
Konf@Samlinga.
eller
5
c. Leir
Orreneset, Fjellsætra
Fredag 2.oktober - måndag 5.oktober
(første helga i haustferien)
Leir er opplegget for deg som likar aktive dagar med fart, frisk luft og Guds frie
natur. Dagane vil bestå av ulike friluftsaktivitetar (fjellturar, kano-/kajakk-padling,
naturstiar, ballsport), film, ulike gruppeoppgåver, konkurranser, mat, sosiale
kveldar, fritid og mykje meir. Det meste av konfirmantundervisninga vil foregå i
sjølve aktivitetane slik at det blir minst mulig stillesitting.
Vi overnattar i hytter knytt til leirstaden, og vi har fullpensjon slik at vi får gå til
dekka bord til frukost og middag.
Vi skal ha med oss ein del av årets konfirmantar (neste års 10.klassingar) som
hjelpeleiarar. Elles blir det minst 3 hovudleiarar frå kyrkjekontoret, samt foreldre
og andre frivillige medhjelparar som vert vaksenleiarar.
6
d. Andre aktivitetar
Sulahallen: fredag 15.januar møtast alle konfirmantane i Sula kyrkjelyd i
Sulahallen og deltar på fotball- eller volleyballturnering, spelar Wii, brettspill
eller er heiagjeng. Vi avsluttar med ei kveldssamling i kyrkja.
KN-aksjon: Tysdag 15.mars skal vi vere med å samle inn pengar til
Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.
7
Reglar
Konfirmantåret skal vere eit kjekt år for både deg som konfirmant, foreldra dine
og dei du møter som konfirmantleiarar. For å få til dette er vi avhengig av at du
som konfirmant møter opp, og at vi i fellesskap gjer ein innsats for at alle skal
ha det kjekt og greit. Vi har 2 grunnreglar:
1) vi fører oppmøtelister på alle samlingar, og du må ha 80% frammøte
(gudstenestedeltakinga har sitt eige frammøtereknskap; sjå
Gudstenestedeltaking for meir informasjon om dette)
2) vi krever at du viser vanleg folkeskikk i gruppa, både mot leiarar og
medkonfirmantar. Ved brudd på dette kan vi måtte sende deg heim frå
samling.
Vi har berre gode erfaringar med konfirmantar
frå tidlegare, og er sikre på at viss vi klarer å
følge desse reglane blir dette eit flott år.
Det blir forhåpentlegvis lite av dette☺
8
lkjhlkjh
Konfirmasjonsgudstenestene
30.april. og 1.mai 2016 i Indre Sula kyrkje
og
7 og 8.mai 2016 i Langevåg kyrkje
For at konfirmasjonsgudstenestene skal verte kjekk for alle, må vi setje tak på antal
konfirmantar pr. gudsteneste. Dette har med lengda på gudstenestene å gjere, samt
at brannforskriftene set tak på antal personar vi kan ha i kyrkjene.
I Indre Sula kyrkje er det plass til max 11 konfirmantar pr. gudsteneste og i
Langevåg kyrkje er det plass til max 18 konfirmantar.
Derfor legg vi opp til følgande tidspunkt:
Laurdag 30.april i Indre Sula kyrkje kl. 11.00 og kl. 13.00
Søndag 1.mai i Indre Sula kyrkje kl. 11.00
Laurdag 7.mai i Langevåg kyrkje kl. 10.30, 12.00 og 13.30
Søndag 8.mai i Langevåg kyrkje kl. 11.00
Ved påmelding kan de sette opp ønske om konfirmasjonsdag. Vi garanterer at alle
får den helga dei ønsker. Tidlegare har vi også garantert dag; dette kan vi
dessverre ikkje gjere lengre på grunn av stor pågang på enkelte dagar.
9
Til foreldre
I høve leiren treng vi hjelp til å få dekt opp nokre oppgåver, i første rekke
nattevakter og muligens skyss til Magerholm. Vi påpeiker at konfirmanten kan
melde seg på LeirKonfirmant sjølv om de som foreldre ikkje kan hjelpe til,
men vi håper at nok foreldre har anledning til å hjelpe til, ein eller fleire
dagar. De kan gjerne skrive i merknadsfeltet i påmeldingsskjemaet om de kan
hjelpe til, ellers organiserer vi dette på foreldremøtet i september.
Det er nokre ting vi treng hjelp og støtte til i resten av konfirmantåret også. På
påmeldingsskjemaet har vi eigen rubrikk for foreldrehjelp. Det er derfor viktig at du
sit saman med konfirmanten når han/ho melder seg på!
Dei tinga vi treng hjelp til, er:
Være vakt/medhjelper i Sulahallen i januar 15.januar
Vere medhjelpar (sjåfør) på KN-aksjonen tysdag 15.mars (her treng vi mange)
Når det er aktuelt kontaktar vi dykk på mail eller telefon for hjelp ut frå det den
enkelte har satt seg opp på.
Konfirmantavgift
Konfirmantavgifta i Sula kyrkjelyd er på 800 kroner. Dette dekker mellom anna
leige av konfirmantkapper (100 kroner) og mat på alle konfirmantarrangementa.
Det dekker også leiren.
Det blir sendt ut giro i løpet av hausten .
Foreldremøte
Tysdag 1.september kl. 18.00-20.00 i Indre Sula kyrkje
På dette foreldremøte gir vi meir informasjon om året ungdommen din skal vere
med på, og kva de som foreldre deltar med. I tillegg vert det sjølvsagt høve til å
stille dei spørsmåla som de måtte ha. Vi ser det som viktig å ha god kontakt med
heimen, så det er fint viss minst 1 føresatt kan møte.
10
Påmelding
For å melde deg på, går du inn på www.sula.kyrkja.no. Der vil du finne all
informasjon som du treng for å melde deg på (sjå også vedlagte bruksanvisning).
Påmeldinga skjer elektronisk;
påmeldingsfrist onsdag 24.juni!
NB! Det er viktig at foreldre/føresette sit saman med deg når du melder deg på,
sidan vi treng nokre opplysningar frå dei og!
Dersom du ikkje har anledning til å registrere deg på internett, ta kontakt med
kyrkjelydskontoret så vil vi hjelpe deg.
11
Foreløpig Konf@Kalender
Veke 36
Veke 37
Søn. 6.sept. kl. 11.00
Søn. 13.sept. kl. 11.00
Presentasjonsgudsteneste
Presentasjonsgudsteneste
LV
ISK
Veke 38
Mån. 14.sept. kl. 14.10
Konf@Samling 1
LV
Veke 40/41
Fre. 2.okt – Mån. 5.okt
Leir Orreneset
Veke 2
Fre. 15.jan. kl. 19.00
Sulahallen
Veke 9
Mån. 29.februar
Konf@Samling 2
Veke 11
Tirs. 15.mar. kl. 18.00
KN-aksjon
Tirs. 28.april
Lør. 2.mai
Søn. 3.mai
Tirs. 5.mai
Lør. 9.mai
Søn. 10.mai
Fotografering
Konfirmasjon
Konfirmasjon
Fotografering
Konfirmasjon
Konfirmasjon
Veke 18
Veke 19
LV
ISK
ISK
ISK
LV
LV
LV
Det kan sjølvsagt kome endringar i løpet av året!
I tillegg til dette som står her kjem konf@prosjekt + gudstenestedeltaking.
12