Infobrev august 2014

Ål
ungdomsskule
Velkomen til nytt
skuleår
Skuleåret 2014-2015 ligg framfor oss
med mange blanke ark, mange
mogelegheiter og sikkert nok av
utfordringar.
Organisering av skuledagen sine
arbeidsøykter og pauser på ein ny måte blir veldig spanande å gjennomføre. Vi er spent på å
sjå korleis dei ideelle tankane våre vil fungere i praksis. Alle må gi ny-organiseringa litt tid til
å gå seg til nå i starten.
Nytt i år er introduksjon av «Kjærlighet og grenser». Meir informasjon om dette finn du
lenger ut i heftet
Alle tilsette har i fellesskap arbeidd med førebuing i fem dagar. Personalgruppa har fått med
ein ny medarbeidarar på laget, og to kjem tilbake etter å ha vore ute eit år. 34 vaksne er
klare til å ta imot alle elevane denne hausten.
Valfag for elevane på alle tre trinna blir spennande og utfordrande for oss alle. Vi ser
imidlertid at det er positivt for ungdomsskulen å få inn slike praktisk retta fag.
Arbeidet med «Lesing i alle fag» og «Vurdering for læring» blir vidareført. Dette ser vi på
som viktig arbeid for å oppnå måla i dei kommunale og nasjonale planane som handlar om
at godt tilpassa undervisning vil gi «Betre læring».
Eg ser fram til eit nytt skuleår med godt samarbeid med både elevar og føresette.
Anne Marie
P.S.
Når du har lese dette hefte med informasjon om skulen, ber vi om at du
kvitterer for dette i meldingsboka til eleven.
ÅL KOMMUNE
OPPVEKSTSEKTOR
3570 ÅL
SKULERUTA 2014 – 2015
Sektorutval for kultur og oppvekst vedtok i møte 17.12.13, saksnr 58/13, fylgjande skulerute for
skuleåret 2014/2015:
Månad
Dagar
Ferie og fridagar
August
10
Første skuledag måndag 18.08
September 20
Haustferie 29.09 - 03.10 (veke 40)
Oktober
20
Haustferie 29.09 -03.10 (veke 40)
November
20
Desember
15
Siste skuledag fredag 19.12
Januar
20
Første skuledag måndag 05.01
Februar
15
Vinterferie 23.02 - 27.02 (veke 9)
Mars
20
Påskeferie 30.03 - 06.04
April
18
Påskeferie 30.03 - 06.04
17
Fri fredag 01.05 og torsdag 14.05 (Kr. Himmelfartsdag)
Elevfrie dagar fredag 15.05 og måndag 25.05 (2. pinsedag)
Juni
15
Siste skuledag fredag 19.06.15
SUM
190
Mai
Merknader til skuleruta:




Etter vedtektene for barnehagane i Ål startar barnehageåret samtidig med skuleåret.
Foreldre/føresette bør ikkje be elevane fri utanom oppsette ferie og planleggingsdagar.
Etter Opplæringslova §2-11 kan det maksimalt gjevast permisjon for elevar inntil 10 dagar.
Siste skuledag før jule- og sommarferien fylgjer timeplanen når det gjeld lengde på dagen.
Eldgrim Springgard
kommunalsjef
Datoar for nasjonale prøver 2014
Nasjonal prøve i:
Lesing 8. trinn (Papirprøve)
Lesing 9. trinn
Same prøve som på 8. trinn (Papirprøve)
Engelsk 8. trinn (elektronisk prøve)
Rekning 8. trinn (elektronisk prøve)
Rekning 9. trinn
Same prøve som på 8. trinn (elektronisk prøve
Gjennomføring
Onsdag 17. september
Veke 38 – 41
(15.september – 10.oktober)
Nasjonal prøve i lesing på 8. og 9. trinn
Nasjonale prøver i lesing er ei papirprøve. Det er sett av ein dag til gjennomføring av denne
prøva. Elevar med fråvær denne dagen skal ta prøva når dei er tilbake på skulen.
Nasjonal prøve i engelsk og rekning
Dato for kvar einskild klasse blir bestemt på skulen. Informasjon til alle på arbeidsplan til
eleven, Its learning og på heimesida til Ål kommune/Ål ungdomsskule.
8.07.2014
AMS
Eksamensplan for sentralt gitt skriftleg eksamen 2015.
Endret 30. mai 2014.
Dato
Hending
Onsdag 13.
Opplysning om trekkfag kl. 0900
mai
Førebuing til eksamen (materiellet blir tilgjengeleg for
Måndag 18.
elevane kl. 0900):
mai
ENG0012 engelsk
Tysdag 19.
mai
Eksamen:
ENG0012 engelsk
Førebuing til eksamen (materiellet blir tilgjengeleg for
elevane kl. 0900):
Onsdag 20. NOR0214 norsk hovudmål/ NOR0215 norsk sidemål
mai
Eksamen:
MAT0010 matematikk
Torsdag 21. Eksamen:
mai
NOR0214 norsk hovudmål
Fredag 22.
mai
Eksamen:
NOR0215 norsk sidemål
Fellessensur
Fylkesmennene har ansvaret innanfor sine regionar, inkludert fastsetjing av dato for
fellessensuren. Denne skal gjennomførast 17.juni.
Munnleg eksamen
Elevane blir trekte ut til lokalt gitt munnleg eksamen i eit av desse faga: Norsk,
matematikk, engelsk, RLE, naturfag, samfunnsfag eller tilvalsfag.
Dato blir bestemt i regionalt møte i haust.
Kontakt mellom heim og skule
For oss som arbeider ved skulen er det viktig å ha god kontakt med dykk føresette for å
leggje opp til ein god læringssituasjon for elevane.
Dette er i tråd med forskrift til opplæringslova §20-1: ”…Foreldresamarbeid skal ha eleven i
fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein
viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape
læringsresultat…”
Vi har eit felles mål om at elevane skal lære fag og lære å vere saman med andre. Difor
oppmodar vi dykk til å vise stor interesse og følgje med i skulearbeidet.
Vi sender ut mykje informasjon både på papir og elektronisk.
Læringsplattforma ”Its learning” kan både elevar, føresette og lærarar bruke. Her ligg
informasjon og arbeidsplanar til elevane. Foreldrerådet kan og ha informasjon her.
Informasjon om pålogging finn de på nettsida til Ål kommune/skule og opplæring.
Skulen har eigen nettside på www.aal.kommune.no som blir oppdatert jamleg.
Viktigast av alt er at vi møtast og samtaler om eleven og skulearbeidet. Foreldremøte og
foreldresamtaler er viktige møtepunkt.
Dessutan er alle hjarteleg velkomne til å besøke oss eller ta del i arrangement og aktivitetar
skulen har gjennom året.
SMS-teneste ved skulen!
Du kan sende SMS direkte til skulen og kontaktlærer.
Send: AAL
KLASSE [tekst] til 03686
Ynskjer du f.eks. å gje beskjed til kontaktlærar om at barnet ditt er sjuk, kan du gjere slik:
«AAL 9A Per er sjuk i dag. Helsing Lise.» til 03686.
Sjå meir informasjon på heimesida til Ål kommune/Ål ungdomsskule
Helsesyster
Skulehelsesyster Randi Torgunn Roset har kontordag tysdagar frå kl 9.00.
Føring av fråvær i grunnskulen
Det er bestemt at fråvær skal førast på vitnemålet til alle elevar i grunnskulen.
Saman med dette pålegget kom det retningslinjer for å kunne trekke ifrå inntil 10 dagar pr.
skuleår. Dette fråtrekket er det dei føresette som skal be om. Skulen tek omsyn til dette ved
fråværsføringa.
 Ved sjukefråvær: Lever melding i meldingsboka som tidlegare. Frå og med
4.sjukedagen kan foreldre be om fråtrekk av dagar på vitnemålet. Då må det leggjast
ved legeerklæring med søknaden. Viktig at tidsrommet for fråværet kjem fram.

Ved permisjon: Når foreldre/føresette ber elevar fri, kan dei samtidig be om at
fråværet blir trekt frå i føringa på vitnemålet.
Permisjonssøknader blir vurdert i kvar einskild tilfelle. Skulen oppmodar om å begrense
omfanget av dette. Nokre arbeidsperiodar er ekstra viktig at elevane er på skulen.
Hausten for 8.trinn er ein periode der elevane skal bli godt kjent med den nye skulen og
rutinane her.
Vårsemesteret for elevane på 10.trinn er det spesielt viktig med målbevisst arbeid fram imot
eksamensperioden.
Merknad frå kommunalsjefen i skuleruta: Foreldre/føresette bør ikkje be elevane fri
utanom oppsette ferie-/planleggingsdagar.
OBS! Eksamensmånadene blir det ikkje innvilga permisjonar. Andre
prøvedagar må vi også unngå permisjonar. Alternative dagar for
prøve/tentamen kan de ikkje alltid rekne med at vi kan leggje til rette for.
Tentamensdagane blir lagt på heimesida om kort tid.
Ansvar for bøker og anna utstyr
I arbeidet med å gjera elevane meir bevisst på ansvaret dei har for å ta vare på alt utstyr dei
bruker til skulearbeid, - t.d. bøker, har vi nå utarbeidd eit system med registrering for kvar
einskild.
Den boka eleven får delt ut ved skulestart har han/ho også ansvar for å levere inn i tilsvarande
stand ved skuleårets slutt i juni. Om ikkje dette skjer, vil det bli sendt ein faktura til føresette
pålydande kostnaden for den aktuelle boka.
Kanskje lurt at du som føresett følgjer opp litt undervegs i løpet av skuleåret. Nokon treng litt
hjelp til å ha oversikt over utstyret sitt.
Aktivitetsdagar m.m.*
Innhald
Tid
Fag
Ansvarleg lærar
Foreldreoppgåver
September
Bli kjent tur
Aktivitetsdag (alle
trinn)
Dobbel dag
1 dag
Kr.øv
Kont. lærarar
Kr.øv ++
Skyss heim
Medhjelpar på ulike øvingar
Forteljarkveld/
Fagkveld
1 dag (kveld)
No, nat, eng
Kont.-/faglærar
Skiskyting
Vinteraktivitetsdag
?
1 dag
1 dag
Kr.øv
Kr.øv-lærarar
Eiga gruppe
Ansv. for eit måltid til elevane
før kveldsøkta på skulen.
Skyss heim
Medhjelpar på Liatoppen
Medhjelpar på ulike øvingar
Januar
Overnatting med
telt/ sykkeltur
Vikingleikar
2 dagar (1 døgn)
Kr.øv, nat.
Faglærar , valfaglærar
Leirskule
HMS-dag
Aktivitetsdag (alle
trinn)
5 dagar
1 dag
1 dag
TV-aksjonen
Elevball
Innsamlingsdag
Samf, RLE
(½ dag)1kv+ føreb Mus, mh, no,
8.trinn
August
Februar
Mars
Juni
½ dag
Transport og medhjelpar ved
behov
8. tr
9. trinn
August
September
Oktober
Desember
Nat, samf, kr.øv, Kont.lærarar
Nat, Samf
Gjensidige/kont.lærar
Kr.øv
Kr.øv ++
Komm. + kont.person
9. trinn
Følgje gruppe på Torpomoen ?
Medhjelpar på ulike øvingar
Ved behov
Servering, vakt og rydd
Mars
Mai
Alpindag
Vinteraktivitetsdag
i fjell/utmark
½ dag
1 dag
Kr.øv
Kr.øv
Kr.øv-lærarar
Eiga gruppe
Medhjelpar på ulike øvingar
Medhjelpar på ulike øvingar
Skogdag
1 dag
Nat, samf
Hallingskog /
Kont.lærar
Avslutning 10.trinn
1 kveld
Vikingleikar (8+9)
½ dag
Fjelltur
Teater
Aktivitetsdag (alle
trinn)
1 dag
½ dag (1 kveld)
1 dag
Kr.øv/nat
Norsk
Kr.øv
10. trinn
10. trinn
Kr.øv ++
Skyss heim
Skyss til/frå kulturhuset
Medhjelpar på ulike øvingar
Geologitur
Snøhole
Polentur
1 dag
2 dagar (1 døgn)
7 dagar (8 dagar)
Nat/Samf
Kr.øv
Samf, RLE,
norsk, språkfag,
matte
Faglærarar
Kr.øv-lærarar
10. trinn/føresette
Medhjelpar i vinterfjellet
Medhjelpar på tur
10.trinn
Ha med mat/drikke. Rydding
9.trinn elevar serverer
+ 2-3 foreldre oppvask
Juni
8. trinn
10. trinn
August
Sept(?)
September
Mars – April
April
Avslutning
1 dag (1 kveld)
Juni
* Dagar til faget Utdanningsval kjem i tillegg. Sjå eige oppsett.
Gjennomgått februar 2013.
Ny gjennomgang haust 2014.
August 2013
Datareglar
1. All bruk av datamaskiner og datasystem skal vere knytt til undervisning og skulearbeid.
2. På skulen sine datasystem (SkyDrive og It’s learning) loggar eg på meg på med mitt
brukarnamn og passord.
3. På SkyDrive og It’s learning har eg ansvar for mitt område og her lagrar eg berre arbeid
eg driv med på skulen. Innhaldet kan bli gjennomgått.
4. Om eg tek med meg eller lastar opp filar heimanfrå, skal eg sjekke filene for virus før eg
opnar dei på skulen.
5. Det eg skriv ut på skulen skal vere knytt til skulearbeid.
6. På skulen skal eg ikkje ete eller drikke i nærleiken av datamaskiner.
7. Når eg jobbar på data plasserer eg meg slik at lærar kan sjå og ha tilsyn med skjermbiletet.
8. Eg tek vare på maskinene og veit at eg kan bli erstatningspliktig om PC blir øydelagt.
9. Installer programvare berre etter avtale med lærar.
INTERNETT
10. Eg går ikkje inn på sider med rasistisk eller pornografisk innhald.
11. Dersom eg legg ut informasjon (tekst, bilete osb.) på Internett må eg følgje reglar for
dette.
12. Nedlasting av musikk, video og dataprogram gjere eg berre etter avtale med lærar.
13. På skulen skal datamaskiner i regelen ikkje nyttast til speling og chatting. (Kan avtalast
med lærar).
IT’s LEARNING
14. Eg legg ikkje ut negativ omtale, bilete som kan verke støytande eller bilete utan samtykke.
15. Eg sender ikkje meldingar med innhald som kan oppfattast sårande eller krenkande.
Reglane gjeld for all bruk av datamaskiner på skulen og for skulen sine datasystem
(SkyDrive og It’s learning).
Brot på reglane kan føre til at eleven ikkje får bruke skulen sine datamaskiner/
datasystem inntil 3 veker. (Ikkje obligatoriske kurs). Brot på reglane tel og med på
karakteren i Orden.
Vi har lese og forstått reglane for bruk av datamaskiner på skulen/ datasystema og er kjende
med konsekvensane dersom dei blir brotne.
Dato: _____________
Gruppe:____________________
Underskrift elev: ____________________
Underskrift føresette______________
Kjærlighet og Grenser
Kjærlighet og Grenser er et systematisert, kunnskapsbasert,
internasjonalt program som forebygger alkohol-, narkotika- og
tobakksbruk blant tenåringer. Sentralt i dette programmet er videofilmer
som danner grunnlag for diskusjoner og samtaler.
Dette programmet:
 Er rettet mot ungdommer og foreldrene deres
 Anbefales gjennomført i 7. eller 8.klasse
 Drives i tett samarbeid med skolen
 Bidrar i forhold til samarbeid hjem/skole
 Bygger gode foreldrenettverk
 Styrker ungdommens sosiale kompetanse
Ål kommune ønskjer å gjennomføre dette programmet på 8. trinn.
Gjennomføringa blir ein komprimert periode frå haustferien og 8
veker utover hausten.
Samarbeide med representantar frå psykisk helse om
gjennomføringa ser vi fram til.
Vi forventar at de sett av tid noko kveldstid og prioriterer å være
med på dette arbeidet. Nettverksbygging i gruppa med føresette ser
vi på som eit svært viktig punkt.
Detaljert informasjon blir ei sak på foreldremøte til 8.trinn tysdag
2.september kl 19.
Til foreldre og føresette på 9. og 10. trinn.
INFORMASJON OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING.
Forsking viser at det er de foreldre som har størst innvirkning på dei
unge sine utdanningsval. Difor ynskjer vi å gje dykk tilbod om:
Foreldrekurs - torsdag 23.10.13 kl. 18.30 – 20.30
På kurset vil rådgjevar fylgje eit opplegg som er utarbeidd av fylket og blir
nytta fleire stader i Buskerud. På kurset får de litt informasjon om
vidaregåande opplæring. Deretter får de arbeide med ulike
oppgåver/spørjekort for å trene på å finne informasjon på Internett. Det blir
og diskusjon om ulike «case» som kan bidra til at de lettare kan rettleie
dykkar eigen son eller dotter i deira val. Dette er eit kurs med stor grad av eigenaktivitet og
samtale i små grupper.
Påmelding til Anne-Karin på kontoret eller til Kjersti G innan 14.10.
Helsing
Kjersti Granli
- rådgjevar -
[email protected]
Tlf. 32085433
Anne Marie Stokkedal
- rektor -
Tilsette. Arbeidslag, arbeidsoppgåver m.m. 2014-2015
Funksjon:
Rektor:
Ass.rektor
Rådgjevar/sosial-lærar:
Spes.ped. koordinator:
Sekretær:
Assistent:
Reinhaldar:
Arbeidslag 8:
Leiar/K.lærar 8B:
Kontaktlærar 8B:
Kontaktlærar 8A:
Kontaktlærar 8C
Faglærar:
Arbeidslag 9:
Leiar/K.lærar 9B:
Kontaktlærar 9B:
Kontaktlærar 9A:
Faglærar:
Arbeidslag 10:
Leiar/K.lærar 10A:
Kontaktlærar 10A:
Kontaktlærar 10B:
Kontaktlærar 10C:
Faglærar:
6.08.14. AMS
Namn:
Anne Marie Stokkedal
Arnstein Sørbøen
Kjersti Granli
Kjersti Granli
Anne-Karin Rustberggard
Hilde S. Halstensgård
Stina Grue
Roy Atle Økland
Stian Smestad
Aud Marit Sorteberglien
Andre oppgåver
Magnhild Storøygard
Audun Vestenfor
Stein Erik Arnegard
Mari Holde Andersson
Bente Sandven
Eileen Magdar Huva
Guro Tømmerås Jørstad
Gina Ingeborg Hagen
Kristina Björn
Plangruppe/PALS-team
Anne Marit Haraldset
Jostein Haugset
Liv Margit Sørbøen
Trine Aslaksrud Børtnes
Berit Hovdegard
Ruth Marie Ø. Koksvik
Kolbjørn Aas
Kirstine Wetterhus
Siri R. Nedremyr
Kjersti Granli
Plangruppe/PALS-team
Inger Tveitehagen
Tanja Runningshaugen
Margit Bergstrøm
Kjersti L. Slåtto
Henrik Haugestøl
Solveig Vestenfor
Stig R. Nedreberg
Ola Vaagan Slåtten
Arnstein Sørbøen
Plangruppe/PALS-team
Plangruppe/PALS-team, DKS-kontakt
Bibliotekar, Medlem av SU
Kantine-ansvar
Leksearbeid
Leksearbeid
Hovudtillitsvalt
Noa-koordinator
IKT-ansvar. Verneombod
Til føresette
PALS – POSITIVT SKULEMILJØ
PALS (= positiv atferd, støttande læringsmiljø og samhandling) er ein skuleomfattande
modell der målet er å styrke fagleg og sosial kompetanse hos elevane, samt å førebyggje og
meistre atferdsproblem. Modellen er utarbeidd av Atferdssenteret i Oslo og blir nytta av
skular i heile landet. PALS er innført på Nedre Ål skule og Ål Ungdomsskule.
Kjenneteikn på PALS er
 positivt formulerte reglar
 fokus på ynskt åtferd
 ros og oppmuntring
 grensesetjing og konsekvensar
PALS-arbeidet har resultert i at me har
 laga hovudreglar for orden og åtferd i tre punkt: Vis respekt, ansvar og omsorg.
 laga positivt formulerte reglar: Elevar og lærarar kom med forslag til reglar for
undervisningsrom, fellesrom og uterom. Forslaga vart redigerte til det som no er
skulen sine ordensreglar.
 hatt designkonkurranse på logo. Logoen vert brukt på alt materiell som har med PALS
å gjere.
 laga opplegg for ros og belønning, effektiv og god læringsleiing.
 laga konsekvensbank for brot på reglar. Dette vert gjennomgått med elevane i
samband med ordensreglane. Brot på forventa åtferd vert registrert i
hendelsesrapportar som er til hjelp i det systematiske arbeidet for eit betre
læringsmiljø.
Fokus og utviklingsarbeid i PALS dette året er å utarbeide/justere felles system for
belønning, og å arbeide med læringsleiing i klasserommet. I tillegg må me arbeide noko
meir med uteområdet sidan det har endra seg til nærmiljøanlegg.
I Ål si satsing “Betre læring i Ål kommune” er PALS eit hjelpemiddel. Eit systematisk
arbeid i heile skulen vil forhåpentlegvis vere med å skape betre trivsel, tryggleik og læring
på Ål Ungdomsskule.
Mvh PALS-teamet ved Ål ungdomsskule
Ordens- og åtferdsreglar
I.h. 5.1
Hovudregel: Alle har ansvar for at Ål ungdomsskule er ein trygg og triveleg stad å vere, og
viser respekt og omsorg for kvarandre.
Ingen skal bli utsette for krenkjande ord eller handlingar som mobbing,
diskriminering, vald eller rasisme.
Døme på ønska
elevåtferd*
Generelt
Undervisningsrom
(t.d. base,
grupperom
kunst og handverk,
mat og helse,
auditorium,
i-hall)
Fellesrom i pauser
(t.d. garderobe,
gangar,
kantine, baserom)
Ute
(på skuleplassen)
På skulevegen
(på bussen,
langs skulevegen)
Orden
Vis ansvar
 halde orden på tinga dine
 rydde etter deg
 bruke søppelkassene
 ting som blir borte, må du til
vanleg erstatte sjølv
 ha med det du treng
 møte presis - på rett stad
 vere aktiv - vise god innsats
 levere skulearbeid til rett tid
 mobilfri sone
 musikk på øyra etter avtale med
lærar (kan inkl. mobil)
 setje utesko i skohyllene og
henge klede på plass
 gå roleg og direkte dit du skal
 sitje ved bord når du et
 mobiltelefon på lydlaus kan
nyttast, med unntak av til
samtale. Samtale foregår ute,
eller etter avtale med lærar. Ved
internettsurfing gjeld
«Datareglar»
 vere ute i midttimen og siste
friminutt (grense -15 o C)
 vere på skuleområdet
 ha med melding om du har
ærend på Sundre
 ta vare på uteområdet
 med hjelm kan du sykle og skate
i nærmiljøanlegget
 mobiltelefon kan brukas
 gå/sykle på fortau eller i
vegkanten
 nytte gangvegen frå skuletoppen
til skulen
 sitje roleg på bussen
Vis respekt
 unngå farleg leik
 vere høfleg
Åtferd
Vis omsorg
 vere hjelpsam
 helse på kvarandre
 godta at vi er og meiner
forskjellig
 fotografering og filming bare
etter løyve
 juks er det nulltoleranse
for
 miljøet vårt er rusfritt
 følgje beskjedar
 lytte når andre har ordet
 la andre få jobbe
uforstyrra
 rekke opp handa når du
vil seie noko
 ta vare på bøker, utstyr,
inventar og skulebygg
 gi medelevar arbeidsro og
matro
 la andre sine ting vere i
fred
 ta tilsnakk
 la medelevar vere i fred
 du kan kaste snøball på
blink
 la andre sine syklar vere i
fred
 følgje reglar i aktivitetar
 oppmuntre og støtte
kvarandre til å delta
 kunne samarbeide med
alle
 behandle kvarandre fint
 halde ein god tone
overfor elevar og tilsette
 vere inkluderande - la alle
vere med på spel
 le med og ikkje av
 støtte den som vert
mobba
 hente hjelp viss nokon har
problem
 gje plass slik at alle har eit  seie frå viss noko skjer
sete å sitje på i bussen
* Lista ovanfor er ikkje uttømmande. Eit punkt vil kunne gjelde på andre område enn det er sett opp.
Dette er konkretiserte reglar for vår skule, og dei bygger på det gjeldande kommunale og nasjonale
lovverket.
Konsekvensar
Ved brot på reglane kan m.a. følgjande konsekvensar kome på tale:
KONSEKVENS
1. Påminning
2. Samtale
/problemløysing
3. Merknad
4. Byte plass
5. Vist til leiinga
6. Inndraging av
gjenstandar
7. Utestenging
8. Ta att forsømt tid
9. Erstatning ved
skade
10. Karakter i
orden/åtferd
11. Inndra friminutt
12. Byte gruppe
13. Bortvising
14. Melding til politiet
Forklaring
Påminning om regel – munnleg tilrettevising frå tilsette.
Samtale med lærar, leiinga og/eller føresette for å løyse problem
og førebygge gjentaking.
Lærar noterer regelbrot og informerer med brev heim ved x
merknader.
Konsekvens inneber at elev må sitje på annan plass i
undervisningsrommet eller på grupperom å jobbe.
Konsekvens er at eleven blir tatt ut av undervisning/aktivitet og
må vere hos leiinga.
Gjenstandar som blir brukt i strid med reglementet, forstyrrar
undervisning eller er farlege blir inndratt, t.d. mobiltelefon,
lighter, fyrstikker, brus, energidrikk, snop
Konsekvens inneber at elev blir utestengt frå t.d. aktivitet i
faget, felles arrangement eller datasystemet. Eleven får då andre
oppgåver i faget.
Eleven må ta att tapt tid ved t.d. ugyldig fråver som
forseintkoming. Dette skjer utanom skuletid etter avtale med
føresette.
Konsekvens inneber at elev må rydde opp, plukke søppel,
vaske, ha ekstraveke som ordenselev el.l.
Det kan og bli økonomisk erstatning ved skadeverk.
Konsekvens inneber at eleven kan få nedsett karakter i orden
og/eller åtferd. Jf ordensreglar og kriterium.
Konsekvens inneber at eleven ikkje får ha friminutt saman med
andre elevar.
Konsekvens inneber at eleven for ein kortare eller lengre
periode må følgje undervisninga ei ein anna gruppe.
Konsekvens inneber at eleven kan bli vist bort frå
undervisninga for resten av dagen, ein, to eller tre dagar. Rektor
tek avgjerd etter samråd med lærarane til eleven. Elev og
føresette skal vere informert og ha høve til å uttale seg før
vedtak vert gjort. (jf Opplæringslova §2-10)
Alvorlege saker kan bli meld til politiet.
Kan nytte:
Alle tilsette
Alle tilsette
Alle tilsette
Lærarar
Lærarar
Alle tilsette
Lærarar
Lærarar
Lærarar
Rektor
Lærarar
Lærar
Rektor
Rektor
Rektor
Ved alvorlege brot på reglane / konsekvensar, vert dei føresette informerte
Ordens- og åtferdsreglane er heimla i opplæringslova (§2-9), gjeld alle stader der skulen
har ansvaret for elevane, og skal kvar haust gjerast kjent for elevar og føresette.
Grunnlaget for vurdering i orden og åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med
ordensreglementet.
Vurderinga i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og
andre tilsette i og utanfor opplæringa. (jf. Forskr. til oppl.lova §3.-5)
Vedtatt av Samarbeidsutvalet 27.11.2013
Kontakt gjerne skulen!
ÅL UNGDOMSSKULE
Postboks 24
3571 Ål
Telefon: 32 08 54 30
Telefaks: 32 08 54 39
E-post: [email protected]
Rektor: Anne Marie Stokkedal
Tlf. 32 08 54 31/ 918 77 055
E-post: [email protected]
Noko du lurar på? Ta heller kontakt ein gong for
mykje enn ein for lite.
Kontoret på skulen er ope kvar skuledag frå kl
8.00 til 15.30. Der treff du Anne-Karin
Rustberggard, vår sekretær.
Du kan ringe skulen sitt direktenummer, bruke epost eller faks (sjå øvst på sida), eller ringe
Ål kommune sitt servicetorg,
tlf. 32 08 50 00.
Skal du ha tak i ein lærar? Ring kontoret, så
formidlar vi meldingar. Dei ringer opp att når det
høver.
Leksearbeid på skulen frå veke 35
Skulen er open for frivillig leksearbeid måndagar og onsdagar frå skuleslutt til kl. 16.00.
Tilsette ved skulen er til stades og kan gi råd og rettleiing.
Tida skal nyttast til å
- arbeide med heimeoppgåver og arbeidsplan.
- arbeide åleine eller saman med andre.
(Sjå eige skriv)