Plan mot krenkjande åtferd

HANDLINGSPLAN MOT
KRENKJANDE
ÅTFERD
Horpestad skule
Alle elevane på skulen vår skal oppleve eit trygt og godt
arbeidsmiljø som er fritt for mobbing.
”Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/ eller fysisk vold rettet mot et offer,
utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold
mellom offer og plager, og episodene gjentas over tid.”
(Roland og Sørensen Vaaland, i ”Zero, SAF sitt program mot mobbing,
lærarveiledning 2003)
Revidert august 2015
Forord
Horpestad skule vil arbeide målretta mot mobbing. Horpestad skule er med i ZEROprogrammet, som er eit mobbeførebyggjande program, utarbeidd ved Senter for
atferdsforskning ved UiS.
Alle elevar ved Horpestad skule har rett på eit godt læringsmiljø utan å bli utsett for
krenkjande ord eller handlingar, jmf. Opplæringslova §9a-3.:
”Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der
den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev
blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller
rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og
dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.
Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet,
deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme,
skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i
forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det
likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort
enkeltvedtak.”
Denne handlingsplanen skal vise skulen sitt arbeid mot mobbing:
1. Avdekking av mobbing
2. Problemløysing i mobbesaker
3. Førebygging
4. Kontinuitet
Horpestad skule er ein Zero-skule med nulltoleranse for mobbing.
Kariann F. Leikanger
Rektor
2
Innhald
1.0 Avdekking av mobbing ......................................................................................................... 4
1.1 Årleg mobbeundersøking ................................................................................................. 4
1.2 Vakt og tilsynsordningar ................................................................................................... 4
1.3 Kommunikasjon lærar- elev- føresette ............................................................................ 4
1.4 Ved mistanke om mobbing .............................................................................................. 4
2.0
Problemløysing av krenkjande åtferd ............................................................................. 5
2.1 Skulen sine prosedyrer når krenkjande åtferd er meldt eller avdekka............................ 5
2.1.1 Prosedyre for første samtale med den som har blitt mobba/ krenkja ..................... 5
2.1.2 Prosedyre for første samtale med mobbar/ mobbarane ......................................... 5
2.1.4
Prosedyre for oppfølgingssamtale med mobbar/ mobbarane ............................ 6
2.1.5 Prosedyre for samtalar med føresette til den som blir mobba/ krenkja .................. 6
2.1.6 Prosedyre for samtalar med føresette til mobbar/ mobbarane ............................... 6
2.1.7 Konsekvensar når ein ikkje held avtalar .................................................................... 7
2.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing ................................................................ 7
2.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak ................................................................................... 8
2.3.1 Oppfølging av offeret ................................................................................................ 8
2.3.2 Oppfølging av mobbar ............................................................................................... 8
2.3.3 Oppfølging i klassen .................................................................................................. 8
2.3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak- organisasjonsarbeid ......................................... 8
3.0
Førebygging ..................................................................................................................... 9
3.1 Relasjon lærar- elev .......................................................................................................... 9
3.2 Relasjon elev- elev ............................................................................................................ 9
3.3 Relasjon lærar- føresette.................................................................................................. 9
3.4 Samarbeid mellom skule og heim ................................................................................... 9
3.5 Skulestart .......................................................................................................................... 9
3.6 Overgang mellom barnehage- skule ............................................................................... 9
4.0
Kontinuitet..................................................................................................................... 10
4.1 Ansvarskjede .................................................................................................................. 10
4.2 Årshjul............................................................................................................................. 10
4.3 Årleg gjennomgang og revisjon av planen ..................................................................... 10
5.0
Vedlegg: ......................................................................................................................... 10
3
1.0 Avdekking av mobbing
Mål: Oppdage mobbing som går føre seg i og ved skulen.
1.1 Årleg mobbeundersøking





Trivselsundersøking før jul kvart år. Leiinga deler ut til 2.-7.trinn samstundes.
Kontaktlærar ansvar for gjennomføring og registrering.
Resultatet på skulenivå blir gjennomgått av leiinga i møte med personalet,
elevrådet og FAU før sommaren.
Resultata vert lagde fram av rektor for SMU i løpet av hausten.
Kontaktlærarar og andre på dei aktuelle trinna drøftar funna frå undersøkinga.
Det blir iverksett tiltak dersom funna viser mobbing. Jmf. del 2.
1.2 Vakt og tilsynsordningar






Leiinga har vaktplan klar til skulestart, 2-3 vakter kvart friminutt og 1-2 vakter
frå kl.08.10.
Bussvakt når elevane skal heim, og elevvakter på bussen.
Vakta skal ha refleksvest, og vandre rundt på området etter oppsett plan.
Vakta har ansvar for å kome ut presis.
Kontaktlærar sørger for at elevane har ein vaksen med når dei et skulematen.
Vakta melder frå til kontaktlærar ved tilfelle av krenkjande åtferd.
1.3 Kommunikasjon lærar- elev- føresette







Mobbing er tema i dei faste VFL samtalane gjennom heile året
Mobbing er tema i faste utviklingssamtalar med føresette.
Mobbing og sosialt miljø er tema på felles foreldremøte for heile skulen.
Foreldrekontaktane/ FAU har eit foreldremøte på våren, der ein kan ha
mobbing/ elevmiljø- relaterte emne på dagsorden. FAU/ foreldrekontaktar kan
også arrangere aktiviteter og treffpunkt for eit eller fleire trinn.
Fau skal ha skulemiljø/krenkjande åtferd fast på agendaen til kvart møte.
Relasjonsbygging og sosial kompetanse er fokus på alle trinn heile året.
Det blir sett i verk tiltak etter fast prosedyre om det blir avdekka mobbing/
krenkjande åtferd. Sjå del 2
1.4 Ved mistanke om mobbing





Få informasjon gjennom observasjon både i klasse og i friminutt. Samtalar
med medelevar kan vere aktuelt.
Kontaktlærar innhentar informasjon gjennom samtale med den som kan vere
eit offer.
Sosiallærar og / eller PPT er aktuelle samarbeidspartnarar.
All informasjon eller meldingar til og frå heimen skal dokumenterast i eige skriv
og arkiverast i elevmappa (til scanning).
Samordne informasjon, for å kartleggje situasjonen.
4
2.0 Problemløysing av krenkjande åtferd
Skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing på
ein slik måte at det i neste omgang førebyggjer mobbing.
Mål:
2.1 Skulen sine prosedyrer når krenkjande åtferd er meldt eller avdekka
 Tilsett som avdekker uønska åtferd grip straks inn for å ordne opp på staden.
 Vedkommande merkar seg kven som er deltakarar og kva som hende.
Dersom uønska åtferd blir observert igjen: gje åtvaring der ein seier klart frå om
konsekvens dersom dette held fram.
2.1.1 Prosedyre for første samtale med den som har blitt mobba/ krenkja






Før samtalen har lærar skaffa informasjon frå andre i kollegiet.
Lærar forklarer at han/ ho veit kva som skjer, og at skulen ikkje aksepterer det.
Gje eleven støtte. Ta eleven på alvor.Eleven må få høve til å fortelje, men
ikkje verta pressa. Om det er vanskeleg akkurat då, kan ein ta ein ny
førstesamtale ganske snart etterpå. Denne må fullførast!
Lærar seier at han/ ho vil stoppe dette og at eleven skal få vite kva som skal
skje på førehand.
Lærar forklarer at foreldra til eleven vert informerte. Ein kan og seie at dei
andre lærarane veit det og følgjer med.
Avtal nytt møte med eleven.
2.1.2 Prosedyre for første samtale med mobbar/ mobbarane








Kontaktlærar konfronterar eleven/elevane i individuelle samtalar at han/ ho
veit kva som føregår, og at det ikkje kan aksepterast.
Kontaktlærar gjev eleven høve til å uttale seg, men går ikkje inn i diskusjon.
Han/ho har ei nøytral haldning til det mobbaren seier. Skal den vaksne
kommentere, seier ein: ”Eg høyrar kva du seier”. – ikkje gå inn i diskusjon
Læraren skal ha ei aksepterande haldning til eleven, men vere bestemt på at
det som føregår ikkje vert godteke..
Lærar må følgje godt med på det eleven seier, det kan kome informasjon som
er nyttig i det vidare arbeidet.
Lærar seier at han/ ho vil informere føresette og at rektor er informert.
Læraren inviterer eleven til å kome med forslag og tiltak for å få slutt på
mobbinga.Ha merksemda retta mot framtida og kva som skal gjerast. Vis at du
har tru på eleven, gje positive innspel. Ta tak i forslaga og konkretiser.
Læraren prøver å få eleven til å forplikte seg til å slutte med mobbinga.
Avtalen skal skriftleggjerast. Sjå vedlegg
Lærar informerer om at han/ ho også vil snakke med dei andre som deltek i
mobbinga enkeltvis og deretter snakke saman med dei.
5
2.1.3 Prosedyre for oppfølgingssamtalar med den som har blitt mobba




Kontaktlærar bruker samtalane til å få meir informasjon om situasjonen; vener,
namn på mobbarane, statuspersonar, skildring av mobbesituasjonane og om
vedkomande har støttespelarar og andre kjende som veit om problema.
Viktig å ivareta eleven i denne perioden.
Gje kort referat frå samtale med mobbar/ mobbarane.
Informèr om vidare framdrift.
2.1.4 Prosedyre for oppfølgingssamtale med mobbar/ mobbarane








Kontaktlærar refererer til kva som er kome fram i dei individuelle samtalane
Kontaktlærar informerer om at saka er teken opp med den som er utsett for
mobbing og at eleven også er informert om samtalen som no finn stad.
Kontaktlærar informerer om at mobbarane sine føresette og rektor er
informert om saka.
Kontaktlærar freistar å forplikte eleven til å unngå mobbing ved å få kvar og
ein til å seie at dei ikkje vil mobbe meir.
Kontaktlærar spør elevane kva dei vil gjere dersom dei ser andre mobbe/
krenkje den aktuelle eleven.
Kontaktlærar førebur elevane på at dei skal møte den aktuelle eleven og
andre elevar.
Kontaktærar gjer det klårt for elevane at han/ ho har tillit til at elevane no
følgjer opp avtalane. Brot på avtalar vil føre til konsekvensar.
Det vert avtalt ny samtale med den enkelte innan ei veke.
Læraren vurderer om det straks skal vere eit møte mellom dei/ den som mobbar og
den som vert mobba. I ein slik samtale skal normalt læraren gje elevane ordet, men
sjå til at det vert ein konstruktiv konklusjon. Den som blir mobba må vere førebudd på
dette møtet, og ønskje det sjølv. Det må også avklarast med dei føresette.
2.1.5 Prosedyre for samtalar med føresette til den som blir mobba/ krenkja


Kontaktærar tek kontakt med føresette same dag som den første samtalen
med eleven for å informere om situasjonen, og om samtalen med eleven.
Kontaktærar skal gje føresette garanti for at skulen tek fatt i problemet og vil
informere om prosessen vidare. Det er viktig at skulen og heimen samarbeider
i prosessen vidare
2.1.6 Prosedyre for samtalar med føresette til mobbar/ mobbarane


Kontaktærar kontaktar føresette same dag som den første samtalen med
eleven, og informerer kort om saka og samtalen med eleven.
Kontaktlærar avtaler tid for møte på skulen der føresette til den som blir
mobba skal vere informert og vite at eleven sitt namn kjem fram i samtalar.
Rektor er med på dette møtet.
6
To modellar som kan brukast etter skjønn i møte med føresette til mobbarane:
Modell 1:
1. Foreldra til kvar av mobbarane vert kalla inn kvar for seg. Då konsentrerer ein
seg om åtferda til deira barn. Gjer merksam på at namn på deira barn vil bli
nemnd i samtalar med andre.
2. Eventuelt fellesmøte med føresette til mobbarane. Målet med møtet er å sjå
framover og kome med konkrete tiltak for korleis ein kan få slutt på mobbinga.
Leiinga er med på dette møtet. Ein fattar eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg.3
Modell 2:
1. Lærar orienterer om samtalane med den som blir mobba og hans/ hennar
føresette. Vær kortfatta og presis.
2. Samarbeidet vert avtalt vidare. Ein må oppmoda føresette til å snakke alvorleg
med barnet sitt og følgje med vidare. Ein kan eventuelt snakke om tiltak i
klassen.
3. Ein må gjere føresette merksame på konsekvensar ved avtalebrot.
4. Det vert skrive ein avtale etter standard skjema. Underskrift frå føresette.
5. Leiinga skriv referat. Det er viktig at avtalar og konsekvens ved avtalebrot blir
dokumentert skriftleg, eit enkeltvedtak. Sjå vedlegg 3.
6. Vurder om det skal følgjast opp med nytt møte etter ei vekes tid. Ein må òg
vurdere å avtale eit nytt møte der offeret sine føresette er tilstades.
2.1.7 Konsekvensar når ein ikkje held avtalar
Moglege konsekvensar på brot av avtalar skal klargjerast med elev og føresette.
Konsekvensane er ikkje sett opp i prioritert rekkefølgje, men skal klargjerast med
føresette og elev i kvar enkelt sak.
a) Eleven må ringe heim og fortelje kva han/ ho har gjort.
b) Føresette blir kontakta og må kome og hente barnet om det har fått åtvaring
og ikkje følgjer dette opp.
c) Eleven får begrensa rørsle og leikemoglegheit. Ein må evt. vere ute på eit
anna tidspunkt.
d) Det kan haldast møte mellom mobbar, eigne og offeret sine føresette og
læraren.
e) Mobbaren kan skifte klasse for ein periode.
2.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing
Skulen si ressursgruppe; mobbesaka skal drøftast her før ein tek kontakt med andre
hjelpeinstansar.
Aktuelle samarbeidspartnarar utanfor skulen er:
PPT
Helsesyster
Eirik Raude
senteret
Barnevernstenesta BUP
Politi
7
2.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak
2.3.1 Oppfølging av offeret
a) Kontaktlærar følgjer opp og spør med jamne mellomrom korleis det går.
b) Ein må følgje med i utetida.
c) Ein må vere klar på at offer må gje beskjed dersom mobbar bryt avtalar eller at
mobbinga ikkje opphøyrer.
d) Tett samarbeid med heimen er nødvendig.
2.3.2 Oppfølging av mobbar
a) Kontaktlærar må jamnleg etterspørje om eleven held avtalen.
b) Ein har tett samarbeid og kontakt med heimen.
c) Kontaktlærar følgjer opp konsekvensar ved avtalebrot.
d) Skulen må vurdere om eleven bør henvisast til PPT.
2.3.3 Oppfølging i klassen
a) Kontaktlærar må forplikte alle til positiv åtferd.
b) Ein må vise til klassereglar og ordensreglement.
c) Ein må bevisstgjere tilskodarane på deira rolle og oppfordre dei til å vere
støttespelarar.
d) Arbeide med klassemiljøet.
2.3.4 Arbeid i etterkant av ei mobbesak- organisasjonsarbeid
Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei mobbesak kan avdekkje svikt i
systemet, som bør endrast for å virke førebyggjande. Det er difor viktig at kvar
mobbesak blir avslutta med ei evaluering saman med leiinga. Her kan ein drøfte kva
organisasjonen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje mobbing.
8
3.0 Førebygging
Mål: Alle elevar skal ha eit trygt arbeidsmiljø på skulen.
3.1 Relasjon lærar- elev




Læraren er ein tydeleg vaksen som bygger positive relasjoner til alle elevane,
og som elevane har tillit til.
Læraren viser tydeleg leiing slik at alle elevane er trygge i klassen.
Kontaktlærar har faste VFL samtalar gjennom heile året, med fokus på faglege
og sosiale mål. og det å utvikle eit positivt sjølvbilete hjå eleven
Lærar har fokus på klassemiljøet og legg til rette for positive felles opplevingar.
3.2 Relasjon elev- elev



Lærar arbeider for å styrke klassemiljøet.
Klassen skal arbeide med samarbeidsoppgåver, rollespel og liknande, i
forhold til dei verdiane som ligg i det sosiale årshjulet.
Læraren gir elevane erfaring i å arbeide i ulike gruppesamansetningar.
3.3 Relasjon lærar- føresette



Arbeider for at denne relasjonen er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje.
Kontaktlærar har jamn kontakt med heimen og dei føresette.
Ha eit samarbeid som er prega av likeverd, som sikrar og utfordrar føresette til
å ta medansvar i skulen.
3.4 Samarbeid mellom skule og heim

Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som
gruppe.Samarbeidet blir sikra gjennom lovfesta samarbeidsorgan som FAU,
SU, SMU og foreldremøter.
3.5 Skulestart




Skulestarten skal vere ei forutsigbar, trygg og positiv oppleving for alle.
Samversreglar og ordensreglar, og sosial kompetanse i fokus i oppstartveka..
Utvikle eit godt sosialt og fagleg miljø gjennom å lage klassereglar og arbeide
medvite med Zippy, Steg for steg og Zero.
Fast plass til alle elevane og god informasjon om alt som skal skje.
3.6 Overgang mellom barnehage- skule




Overgangen skal opplevast som kjent i god tid, og vere trygg for elevane.
Rektor sender brev heim med innbyding til innskriving i desember.
Rektor inviterer til besøksdag på skulen i mai/ juni ilag med framtidige fadrar.
I mai/juni skal kontaktlærar for 1. trinn til hausten besøke barna i barnehagane
som er aktuelle. Overlevering av mappe.
9
4.0 Kontinuitet
Mål:
Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og
stoppe mobbing er eit kontinuerleg arbeid.
4.1 Ansvarskjede
Me har som prinsipp at problem skal løysast på lågast mogleg nivå. Den vaksne skal
vite kor tid saker skal meldast vidare, og kven dei skal gå vidare til dersom problema
ikkje kan løysast på lågaste nivå.
Situasjon
Nivå 1
Mobbing på trinnet
Nivå 2
Mobbing på tvers av trinn
Ansvar
Kontaktlærer
Varsling
Foreldre
Kollegiet
Rektor
Kontaktlærar til mobbar
samarbeider med
kontaktlæraren til offer.
Foreldre
Kollegiet
Rektor
Nivå 3
Mobbing som krev ekstern
hjelp/ støtte.
Rektor i samarbeid med
kontaktlærarar og relevant
hjelpeinstans.
Foreldre
Kollegiet
Rektor
Ekstern hjelp, t.d. PPT
4.2 Årshjul
For å sikre kontinuitet i tiltak for å førebyggje og avdekke mobbing skal det setjast
faste tiltak på skulen inn i ein kalender over skuleåret. Her nytter me det sosiale
årshjulet for kommunen.
4.3 Årleg gjennomgang og revisjon av planen
Ein gong i året, om hausten, vert det gjennomgang av heile denne planen. Rektor
har ansvar for at planen blir gjennomgått både i FAU, elevrådet og kollegiet. Rektor
ser til at revisjon blir sett i verk. Revidert ZERO- plan må bli vedteken i
Samarbeidsutvalet (SU).
5.0 Vedlegg:
1. Skjema for registrering av eller mistanke om krenkjande åtferd/ mobbing. s.11
2. Avtale med elev som har mobba eller utført krenkjande åtferd/ utsagn. s.12
3. Enkeltvedtak. s.13-14
10
Klepp kommune
HORPESTAD SKULE
Postboks 25
4358 Kleppe
Tlf 51786260
Registrering av krenkjande åtferd/ mobbing,
eller mistanke om krenkjande åtferd /mobbing.
Dato:
Namn på elev som er utsatt for, eller ein har mistanke om er utsatt for
krenkjande åtferd/mobbing:
Klasse:
Namn på elev som krenkjar/mobbar, eller ein har mistanke om at
krenkjar/mobbar:
Klasse:
Kva har skjedd:
Kva tiltak vert sett i gang:
Korleis følgje dette opp vidare:
Underskrift av dei involverte:
(Kopi til rektor )
Vedlegg 1
11
Postboks 25
4358 Kleppe
Tlf 51786260
Klepp kommune
HORPESTAD SKULE
Avtale med elev som har mobba eller krenkja andre.
Dato:
Namn på elev:
Namn på kontaktlærar:
Kva har skjedd:
Klasse:
Kva har vi vorte einige om:
Eg lovar å følgje denne avtalen, og ikkje fortsetja med den åtferden eg har
hatt.
Underskrift av elev :
Vedlegg 2
12
Klepp kommune
HORPESTAD SKULE
Postboks 25
4358 Kleppe
Tlf 51786260
ELEV – (namn på elev)
Vedtak om tiltak etter opplæringslova § 9a-3, jf. § 9a-1.
Namn:
Du/De har bede om tiltak den ( dato). Der blir det opplyst at (nam på elev) blir krenka/
mobba på skulen. Det skjer på ulike måtar, (beskrivelse…)
Opplæringslova § 9a-1 slår fast at alle elevar har rett til eit godt læringsmiljø på skulen.
§ 9a-1. Generelle krav
Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og
psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
I opplæringslova § 9a-3 er skulen gitt eit særleg ansvar for å fremje eit godt psykososialt
miljø, der alle elevar skal oppleve tryggleik og høyra til eit sosialt fellesskap.
§ 9a-3. Det psykososiale miljøet
Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der
den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir
utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller
rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom
det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.
Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet,
deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme,
skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i
forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det
likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort
enkeltvedtak
Undersøking
På bakgrunn av oppmodinga har skulen gjort følgjande undersøking:


Skulen har no avslutta sin undersøking og funne at (beskriv kva undersøkelsen har funne ut)
13
Konklusjon
Skulen sin konklusjon er at retten til eit godt psykososialt miljø er brutt, og at det er grunnlag
for tiltak etter opplæringslova § 9a-3.
Tiltak
 Det iverksettast følgjande tiltak:
1.
2.
3.
Tiltaka vert evaluert.
Klageadgang
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 bokstav b, og det kan påklagast innan
tre veker frå vedtaket er mottatt, jf. forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagen sendast skulen ved
rektor. Klagen skal vera underteikna, nemne det vedtak som det det klagast over og den eller
dei endringar som er ønska. Det bør gjevast ei grunngjeving for klagen.
Dersom kommunen ikkje finn å kunne ta klagen til følgje, vil klagen verta oversendt
Fylkesmannen i Rogaland som er endeleg klageinstans. Føresette har, med visse unntak,
høve til å sjå saka sine dokument, jf. forvaltningslova §§ 18 og 19.
Med helsing
___________________
rektor
Kopi: Etat for skule og barnehage
Klepp kommune, dato
Kariann F. Leikanger
rektor
Dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur.
14