møtebok - Bergen - Høgskolen i Bergen

Høgskolestyret
Ref: 15/
MØTEBOK FRÅ STYREMØTE 3/2015
Møtetid:
Torsdag 12. mars kl. 09.00
Møtestad:
Styrerommet, Campus Kronstad
Til stades:
Ole-Gunnar Søgnen, Daniel M. Benjaminsen,
Sissel Brenna, Marianne Rødseth Espelid, Kristian
Helland, Ragnar Gjengedal (vara for Asle Holthe),
Henning Norheim, Beate Lode, Mona Strømme,
Atle Tidemann, Sissel Østberg.
Forfall:
Asle Holthe
Dessutan møtte:
Høgskuledirektør Audun Rivedal, prorektor Bjørg
Kristin Selvik, viserektor Eva Haukeland
Fredriksen, dekanar AHS og AIØ, prodekan AL,
stabsdirektørar, saksbehandlarar, tilhøyrarar.
Referent
Audun Kjørstad.
Møtet vart leia av rektor Ole-Gunnar Søgnen.
Innkalling, sakliste og dokument vart sendt ut 06.03.15 og publisert
på nett 11.03.15.
Møteboka er ført av administrasjonen.
Sak 15/15
Godkjenning av innkalling og sakliste
Rektor gjorde greie for sakslista og dagsorden.
Merk at sak 15/15 i denne møteboka syner til sak med nummerering 14/15 i
innkallinga. Dette skuldast at sak 14/15 vart handsama på ekstraordinært
styremøte 20.02, og at innkalling og saksliste til dette møtet fyrst vart tilgjengeleg
etter at denne innkallinga hadde gått ut.
Sak 15/15
Sak 16/15
Sak 17/15
Sak 18/15
Sak 19/15
Sak 20/15
Sak 21/15
Sak 22/15
Sak 23/15
Sak 24/15
Sak 25/15
Sak 26/15
Sak 27/15
Sak 28/15
Sak 29/15
Sak 30/15
Sak 31/15
Godkjenning av innkalling og saksliste
Møtebok frå møte 1/15
Angåande styremøte 2/15
Referatsaker og orienteringssaker
Styret møter AHS
Utredning av understruktur ved avdelingane
Handlingsrom 2020 – rapport frå PWC
Rekneskap og analyser 2014
Status personalsituasjonen ved HiB 2014
Ny strategisk plan frå 01.01.2016–31.12.2020: premissar for
arbeidet
Årsrapport 2014–2015
Tilsetting av dekan AHS
Tilsetting av dekan AL
Nominasjon av kandidatar til styret ved HiB
Tilsetting som professor II ved AHS
Tilsetting utan utlysing som professor i undervassteknologi ved AIØ
Opprykk til professor i matematikk ved AIØ
Styret godkjende forslaget og innkallinga til møtet.
Sak 16/15
Møtebok frå møte 1/15
Møtebok frå møte 1/15 har vore ute på sirkulasjon og vart godkjent utan
merknadar.
Sak 17/15
Angåande styremøte 2/15
Høgskuledirektøren innleia ved å understreke viktigheita av at styreprosessar er
godt dokumenterte og vert gjennomførte i samsvar med gjeldande lovar og
reglar. Styret er øvste tilsynsmynde ved institusjonen og må vere særs nøye på
det formelle.
Styret tok saka til etterretning.
Sak 18/15
Referatsaker, orienteringssaker, fullmaktsaker
Utsendte referatsaker og orienteringssaker:
19.01.15
10.02.15
16.02.15
04.03.15
Brev frå KD
Innrapporterte tidstyver KD
Nasjonalt sikkerhetsbilde 2014
Rapport frå Klagenemnda 2014 HiB
Rektor orienterte om styremøte og seminar i UH-nett Vest 10.-11.03.15
Orienteringssaker lagt ut i møtet:
- Referat frå møte på verksemdsnivå 10.03.15
- Brev frå personaldirektør til høgskuledirektør
- Referat frå møte med tillitsvalde 9. mars
- Personaldirektøren sine kommentarar til referat frå møte med
tillitsvalde 9. mars
Styret tok sakene til orientering.
Sak 19/15
Styret møter AHS
Dekan Kristin Ravnanger presenterte avdelinga og svara på spørsmål.
Styret tok presentasjonen til orientering.
Sak 20/15
Utredning av understruktur ved avdelingane
Dokument i saka:
1. Orientering ved rektor – styremøte 10.12.14 (vedlegg)
2. Utsendt mandat til avdelingane og sirkulasjonssak per 17.02.15
3. Innkomne merknadar: Kristian Helland og Forskerforbundet ved HiB
v/Kristin Hinna
Forslag til vedtak:
Styret gjev rektor og høgskuledirektør fullmakt til , i samarbeid med dekanane, å
køyre prosessen vidare, og eventuelt revurdere mandatet.
Ved ein inkurie hadde vedlegg 3 til denne saka falle ut av saksførelegget, og
dette vart påpeika av styret.
Høgskuledirektøren innleia med at han i samråd med styreleiar hadde utarbeidd
eit mandat for arbeidet etter at det var gjennomført møter med kvar av
avdelingane ultimo januar. Arbeidet i avdelingane er alt i gang. På styremøte av
4. februar kom det opp eit ønske om at styret var tettare på prosessen. Saka vart
difor send på sirkulasjon til styremedlemene med frist til 20.02 for eventuelle
merknader. Det kom inn to slike. Høgskoledirektøren fekk same dag melding frå
rektor om at saka var tatt opp i samband med det ekstraordinære møtet - styret
ville likevel ha saka opp som ordinær sak. For å ikkje forseinke prosessen
ytterlegare vart det fremja føljande
vedtak:
Styret gjev rektor og høgskuledirektør fullmakt til å, i samarbeid med
dekanane, køyre prosessen vidare, og eventuelt revurdere mandatet.
Samrøystes
Styremøtet vart stoppa 11.05 for å sleppe til Trond Mohn og Karl Olav
Nummedal. Rektor innleia og ynskte velkomen. Trond Mohn ynskte å styrke
Framo-stiftinga ytterlegare, og kom med ein donasjon på 25 millionar kroner.
Gåva vart applaudert av styret, og rektor og direktør heldt takketalar. Styret gjekk
so til lunsj.
Møtet tok til att 12.25
Sak 21/15
Handlingsrom 2020 – rapport frå PWC
Dokument i saka:
Rapporten fra PwC
Forslag til vedtak:
Styret tar rapporten til orientering, og ber høgskoledirektøren igangsette arbeidet
med oppfølging av rapporten umiddelbart.
Styret ber om at det legges frem en fremdriftsplan med nærmere prioritering av
tiltak til styremøtet 30.04.2015.
Høgskuledirektøren innleia. Styret takka for rapporten og var jamt over godt
nøgde med at innhaldet var attkjenneleg og fornuftig.
Vedtak:
Styret tek rapporten til orientering, og ber høgskuledirektøren setje i gong
arbeidet med oppfølging av rapporten umiddelbart.
Styret ber om at det vert lagt fram ein framdriftsplan med nærare
prioritering av tiltak til neste ordinære styremøte, 30.04.15.
Samrøystes
Sak 22/15
Rekneskap og analyser 2014
Dokumenter i saken:
1. St.prp. nr. 1 (2013-2014)
2. Orientering om forslag til statsbudsjettet for 2014 fra KD
3. Statsbudsjett 2014 – tildelingsbrev Høgskolen i Bergen
4. Styresak 114/2013 Budsjett 2014 – foreløpig fordeling
5. Styresak 5/2014 Endelig budsjettfordeling 2014
6. Styresak 6/2014 Godkjenning av årsregnskapet for 2013
7. Styresak 13/2014 Gjennomgang av regnskapet for 2013
8. Styresak 40/2014 Regnskapsstatus per 1. tertial 2014
9. Styresak 54/2014 Regnskapsstatus per juli 2014
10. Styresak 71/2014 Regnskapsstatus per 2. tertial 2014
11. Styresak 84/2014 Budsjettanalyse 2015-2017
12. Styresak 96/2015 Fordeling av foreløpige budsjettrammer 2015
13. Styresak 5/2015 Godkjenning av årsregnskap 2014
14. Styresak 7/2015 Endeling budsjettfordeling 2015
15. Regnskapet 2014 – kommentarer, tabeller og figurer (vedlegg 1)
16. Regnskapet 2014 – tilbakemeldinger fra enhetene (vedlegg 2)
Innstilling til vedtak:
1. Styret tar orienteringen om regnskapet for 2015 til etterretning.
2. Styret viser til orienteringen og forutsetter at det arbeides med å bedre
virksomhets- og økonomistyringen generelt og at internkontrollen styrkes på
alle nivåer i høgskolen.
3. Styret vedtar følgende overføringer fra 2014 til 2015: Denne endres i henhold
til det ovenstående
(Alle beløp i 1000)
Resultat oppdrag Prognose 3. kvartal -14 Overført 2015
Avd. for lærerutdanning
7 873
148
-1 700
148
Avd. for ingeniør- og økonomifag
26 351
4594
4 200
8 794
Avd. for helse- og sosialfag
17 232
847
10 000
10 847
Dykkerutdanningen
-211
Senter for nye medier
799
Prosjekt Metningsdykkerutdanning
Felles HIB
-211
199
319
9 581
52 134
9 581
479
52 613
6 267
31 948
82 290
Felles midler avdelingene
Totalt
114 238
518
Høgskuledirektøren innleia. Tala syner at økonomien på kort sikt er god, men at
internkontrollen på dei interne pengestraumane kunne ha vore betre. Dekanane
orienterte kort. Det er viktig å få avklara i kva grad det skisserte underforbruket
er reellt, og ikkje allereie bunde opp.
Vedtak:
1. Styret tek orienteringa om rekneskapet for 2015 til etterretning
2. Styret syner til orienteringa og føreset at det vert arbeidd med å betre
verksemds- og økonomistyringa generelt og at internkontrollen vert
styrka på alle nivåa i høgskulen.
3. Styret vedtek førebels følgjande overføringar frå 2014 til 2015
(Alle beløp i 1000)
Resultat oppdrag Prognose 3. kvartal -14 Overført 2015
Avd. for lærerutdanning
7 873
148
-1 700
148
Avd. for ingeniør- og økonomifag
26 351
4594
4 200
8 794
Avd. for helse- og sosialfag
17 232
847
10 000
10 847
Dykkerutdanningen
-211
Senter for nye medier
799
Prosjekt Metningsdykkerutdanning
Felles HIB
-211
199
319
9 581
9 581
52 134
479
52 613
6 267
31 948
82 290
Felles midler avdelingene
Totalt
114 238
4. Styret føreset at høgskuledirektøren, i samarbeid med avdelingane,
kjem attende til styret med ein gjennomarbeidd plan for disponering av
samla underforbruk til neste ordinære styremøte, 30.04.15.
Samrøystes
Sak 23/15
518
Status personalsituasjonen ved HiB 2014
Dokumenter i saken
1. Strategisk plan for høgskolen i Bergen 2011 - 2015
2. Strategi for FoU/N 2011 – 2015
3. Handlingsplan for likestilling og mangfold
4. Handlingsplan for internasjonalisering
5. Meldinger om personalsituasjonen 2013 Vedlegg
Innstilling til vedtak:
Styret tar meldingen om personalsituasjonen 2014 til orientering.
Høgskuledirektøren innleia.
Vedtak:
Styret tek meldinga om personalsituasjonen 2014 til orientering.
Samrøystes
Sak 24/15
Ny strategisk plan 2016–2020, premissar for arbeidet
Dokument i saka:
• Gjeldande plan 2010-2015
• Strategi for forsking, utvikling og nyskaping
• Notat om strategiarbeid av 02.03.2015 (vedlegg)
• Framdriftsplan for arbeidet med ny strategisk plan ved HiB (oreintering
v/rektor i styremøte av 10.12. 14)
• Styremøtet 12.03.2015. Sak ??/15 Melding om personalsituasjonen
• Styremøte 12.03. 2015, Sak ++/15 Melding om arbeidet med
understruktur
• Budsjettsituasjonen, jf styresak: 07/2015
• Sak 88/2014. Det samla studietilbodet for opptaket 2015-2016
Innstilling til vedtak:
Styret viser til premissane i saka og sluttar seg til det skisserte opplegget for
utarbeiding av ny strategisk plan for 2016-20
Styret oppnemner arbeidsgruppe og referansegruppe for utarbeiding av ny
strategisk plan i samsvar med saksførelegget
Styret ber om at viktige føringar og synspunkt frå drøftingane blir innarbeidde i
grunnlaget for planen og ser fram til at saka kjem tilbake til styret som
statusrapport i junimøtet.
Rektor og høgskuledirektør innleia. Dette var fyrste runde i styret med
strategiarbeidet, og høgskuledirektøren bad om innspel ein kunne ta med seg
vidare.
Vedtak:
Styret viser til premissane i saka og sluttar seg til det skisserte opplegget
for utarbeiding av ny strategisk plan for 2016-20.
Styret oppnemner arbeidsgruppe og referansegruppe for utarbeiding av
ny strategisk plan i samsvar med saksførelegget.
Styret ber om at viktige føringar og synspunkt frå drøftingane blir
innarbeidde i grunnlaget for planen og ser fram til at saka kjem tilbake til
styret som statusrapport i junimøtet.
Samrøystes
Sak 25/15
Årsrapport 2014–2015
Dokument i saka:
- Årsrapport 2014-2015 (vedlegg)
- Rapporteringskrav årsrapport 2014-2015 (vedlegg)
- Styrets beretning (delt ut på møtet)
Innstilling til vedtak:
1. Styret godkjenner Årsrapport 2014-2015
2. Styret gir fullmakt til rektor og høgskoledirektør til å sluttredigere dokumentet i
samsvar med styrebehandlinga og før innsending til KD innan fristen
16.mars.
Vedtak:
1. Styret godkjenner Årsrapport 2014-2015
2. Styret gir fullmakt til rektor og høgskoledirektør til å sluttredigere
dokumentet i samsvar med styrebehandlinga og før innsending til KD
innan fristen 16.mars.
samrøystes.
Styremøtet vart lukka for offentlegheita. Ida Heggholmen frå personalavdelinga
var til stades på resten av møtet.
Sak 26/15
Tilsetting av dekan ved AHS (unnateke offentlegheita)
Dokument i saka:
Foreløpig vurdering - Rekruttering dekan, Avdeling for helse- og sosialfag,
Høgskolen i Bergen
Utvidet søkerliste
CV og søknader frå innstilte kandidatar.
Innstilling til vedtak:
Styret vedtek å tilby Berit Rokne stillinga som dekan ved Avdeling for helse- og
sosialfag. Dersom ho ikkje tek i mot går tilbodet til Monica Wammen Nortvedt.
Høgskuledirektøren orienterte om innstillingskomiteen sitt arbeid.
Det vart fremja forslag om prøverøysting for rangeringa av kandidatane. Etter
prøverøysting gjorde styret følgjande vedtak:
Vedtak:
Styret vedtek å tilby Monica Wammen Nortvedt stillinga som dekan ved
Avdeling for helse- og sosialfag. Dersom ho ikkje tek i mot går tilbodet til
Berit Rokne.
samrøystes
Sak 27/15
Tilsetting av dekan ved AL (unnateke offentlegheita)
Dokument i saka
1. Lov om universiteter og høyskoler
2. Styresak 95/2010: Lederstruktur og organisasjon 2011. Rapport fra
arbeidsgruppen.
3. Styresak 5/2011: Faglig understruktur ved avdelingene
4. Styresak 44/14 Styring og ledelse ved HiB 2015-2019
5. Styresak 63/14: Utlysing av åremålstillinger som dekan
6. Kunngjøringstekst og utvidet søkerliste (vedlegg 1)
7. Søknader fra innstilte kandidater (vedlegg 2)
8. Foreløpig innstilling fra eksternt bemanningsbyrå (vedlegg 3)
9. Innstilling fra innstillingsutvalget ved Høgskoledirektør (vedlegg 4)
Innstilling til vedtak
Asle Holthe tilsettes i åremålsstilling som dekan (st.kode 1474) ved Avdeling for
lærerutdanning i perioden 01.08.15 – 31.07.19. Dersom Holthe takker nei til
stillingen, gis tilbud om stillingen til Per Arne Michelsen.
Høgskuledirektøren orienterte om innstillingskomiteen sitt arbeid.
Vedtak:
Styret vedtek å tilby Asle Holthe stillinga som dekan ved Avdeling for
lærarutdanning. Dersom han ikkje tek i mot går tilbodet til Per Arne
Michelsen
samrøystes
Sak 28/15
Nominasjon av kandidatar til styret ved HiB (unnateke offentlegheita)
Dokumenter i saka
- Lov om universiteter og høyskoler
- Brev av 19.1.2015 fra Kunnskapsdepartementet om Nye høyskolestyrer
fra 1. august 2015 - nominering av eksterne styremedlemmer
- Oversikt over de nominert
Innstilling til vedtak:
Styret innstiller til Kunnskapsdepartementet kandidater til vervet som eksternt
oppnevnt styremedlem i tråd med saksforeleggets oversikt over de nominerte.
Sissel Østberg sa seg inhabil og tok verken ordet eller voterte i denne saka.
Vedtak:
Styret innstiller til Kunnskapsdepartementet kandidater til vervet som eksternt
oppnevnt styremedlem i tråd med saksforeleggets oversikt over de nominerte.
Samrøystes
Sak 29/15
Tilsetting som professor II ved AHS (unnateke offentlegheita)
Dokument i saka
1. Anmodning fra Avdeling for helse- og sosialfag (vedlegg 1)
2. CV (vedlegg 2)
Innstilling til vedtak:
Mark Franklin Peyrot tilsettes som professor II innen fagområdet sosiologi med
spesialkompetanse innen diabetesforskning i 20 % stilling ved Avdeling for
helse- og sosialfag, i perioden 01.04. 2015 - 31.03. 2017. Tiltredelse etter avtale,
jf. forskrift til tenestemannslova § 5b og universitets- og høgskolelova § 6-6.
Vedtak:
Mark Franklin Peyrot tilsettes som professor II innen fagområdet sosiologi
med spesialkompetanse innen diabetesforskning i 20 % stilling ved
Avdeling for helse- og sosialfag, i perioden 01.04. 2015 - 31.03. 2017.
Tiltredelse etter avtale, jf. forskrift til tenestemannslova § 5b og
universitets- og høgskolelova § 6-6.
samrøystes
Sak 30/15
Tilsetting utan utlysing som professor i undervassteknologi ved AIØ
(unnateke offentlegheita)
Dokument i saka
1. Lov om universiteter og høgskoler
2. Lov om statens tenestemenn
3. Forskrift til Lov om statens tenestemenn
4. Styresak 31/2008 Tilsetjing i vitskaplege stillingar
5. Anmoding frå Avdeling for ingeniør- og økonomifag om tilsetjing utan
utlysing (vedlegg 1)
6. Notat frå Kjell-Eivind Frøysa (vedlegg 2)
7. Sakkyndig vurdering av Frøysa ved UiB, datert 06.06.2007 (vedlegg 3)
8. CV (vedlegg 4)
9. Publikasjonsliste (vedlegg 5)
Stillingsomtale (vedlegg 6)
Innstilling til vedtak:
Kjell-Eivind Frøysa vert tilsett utan utlysing i stilling som professor innan
undervassteknologi med spesialisering mot måleteknologi og instrumentering
(st.kode 1013) ved Høgskolen i Bergen, p.t. Avdeling for ingeniør- og
økonomifag, jf. Forskrift til tenestemannslova § 2, pkt. 5 og Universitets- og
høgskolelova § 6-3, pkt. 4.
Vedtak:
Kjell-Eivind Frøysa vert tilsett utan utlysing i stilling som professor innan
undervassteknologi med spesialisering mot måleteknologi og
instrumentering (st.kode 1013) ved Høgskolen i Bergen, p.t. Avdeling for
ingeniør- og økonomifag, jf. Forskrift til tenestemannslova § 2, pkt. 5 og
Universitets- og høgskolelova § 6-3, pkt. 4.
samrøystes
Sak 31/15
Opprykk til professor i matematikk ved AIØ (unnateke offentlegheita)
Dokumenter i saken
1. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
2. Søknad om opprykk fra Sergey Korotov, datert 24.02. 2015 (Vedlegg 1)
3. Vurdering av professorkompetanse for Sergey Korotov ved NTNU, datert
26. november 2013 (Vedlegg 2)
4. CV og liste over publikasjoner (vedlegg 3)
Innstilling til vedtak:
Førsteamanuensis Sergey Korotov tildeles opprykk til professor i matematikk ved
Høgskolen i Bergen fra 1. februar 2015.
Vedtak:
Førsteamanuensis Sergey Korotov tildeles opprykk til professor i
matematikk ved Høgskolen i Bergen fra 1. februar 2015.
samrøystes
Eventuelt
-
Neste styremøte finn stad 30.04.2015
Det vart varsla eit mogleg ekstraordinært styremøte i samband med tilsetjinga
av ny høgskuledirektør. Tentativ dato for dette er fredag 10.04.15 kl 12.0014.00
Rektor takka for møtet, og heva møtet kl. 15.55.
Ole-Gunnar Søgnen
rektor
Audun Rivedal
høgskolediretør