Skuleåret 2013/2014 Handlingsplan for elevane sitt fysiske og psykososiale miljø Etne vidaregåande skule __________________________________________________________________________ Alle elevar ved Etne vidaregåande skule skal ha eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Versjon 1 Juni 2013 1 Innhald Skuleåret 2013/2014 ................................................................................................................. 1 Det fysiske miljøet .................................................................................................................... 3 Elevane sitt psykososiale miljø ................................................................................................ 3 Definisjon på krenkjande ord og handlingar .......................................................................... 4 Mobbing ............................................................................................................................. 4 Vald .................................................................................................................................... 4 Utestenging......................................................................................................................... 4 Rasisme .............................................................................................................................. 5 Diskriminering ................................................................................................................... 5 Varslings, handlings – og vedtaksplikta ................................................................................. 5 Handtering .............................................................................................................................. 5 Einskildvedtak .................................................................................................................... 6 Førebyggjande og helse fremjande arbeid ved Etne vgs. ....................................................... 6 Skulemiljøutval .................................................................................................................. 7 Medlemmer ved Etne vidaregåande skule sitt miljøutval skuleåret 2013/2014 ........... Feil! Bokmerke er ikke definert. Elevrådet ............................................................................................................................. 8 VIP ..................................................................................................................................... 8 Fadderordning .................................................................................................................... 8 Handlingsplan mot mobbing, diskriminering og rasisme. ................................................... 9 Innleiing ................................................................................................................................. 9 Teikn på at ein elev vert mobba/utsett for krenkjande åtferd ........................................... 10 Einskidvedtak ................................................................................................................... 11 Når mobbing vert avdekka ............................................................................................... 12 Reaksjonar overfor mobbaren/den som utøver krenkjande åtferd ................................... 12 Reaksjonar overfor den som vert mobba/krenkja ............................................................ 13 Handlingsplan mot vald og krenkjande åtferd.................................................................... 13 Innleiing ............................................................................................................................... 13 Einskildvedtak .................................................................................................................. 15 Når vald vert avdekka ...................................................................................................... 15 Reaksjonar ........................................................................................................................ 15 Oppfylging av valdsoffer ................................................................................................. 16 Litteraturliste .......................................................................................................................... 19 2 Det fysiske miljøet Opplæringslova §9a – 1 Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Skulen sitt fysiske miljø skal ta omsyn til tryggleik, helse, trivsel og læring. Det skal vere i samsvar med dei faglege normene. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Dersom ein elev, føresette, eller råd/utval, ber om tiltak for å betre på fysiske miljøtilhøve, skal skulen snarast mogeleg handsame saka etter regelen om einskildvedtak i forvaltningslova. Elevane sitt psykososiale miljø Det psykososiale miljøet handlar om mellommenneskelege tilhøve og er ei positiv eller negativ følgje av samhandling og kommunikasjon mellom individa. Eit godt psykososialt miljø er grunnleggjande for at den enkelte eleven skal utvikle seg positivt. Skulen er ein av dei mest sentrale arenaane i born og ungdomar sine liv. Skulen er staden for læring og utvikling, men utan ei grunnleggjande kjensle av tryggleik, tilhøyrsle og inkludering hjå den enkelte eleven vil ikkje læring stå i fokus. Eit godt skulemiljø er ein viktig innsatsfaktor for ein god skule og for realisering av føremålsparagrafen i § 1 – 1 i opplæringslova. Manglar ved skulemiljøet kan føre til mistrivnad blant elevane, som igjen vil ha direkte innverknad på læringutbyttet deira. For å få eit godt og inkluderande læringsmiljø ved skulen, har me i denne handlingsplanen gjort greie for korleis me blant anna ivaretar §9a – 1 i opplæringslova Opplæringslova §9a – 1 Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Det er den enkelte elevs subjektive oppleving av å bli krenka som er utgangspunktet for skulen si handtering av opplæringslova §9a, «elevane si arbeidsmiljølov» 3 Etne vidaregåande skule har som mål: Å ha eit trygt lærings- og arbeidsmiljø At einskildmennesket er verdfullt og viktig for fellesskapet At respekt og toleranse er nøkkelord i all vår verksemd Å ha kontinuerlig og systematisk arbeid med elevane sitt skulemiljø, blant anna gjennom elevråd og skulemiljøutval At skulen, elevane og føresette samarbeider om førebyggjande og haldningsskapande arbeid, blant anna gjennom foreldremøte/samtalar, elevsamtalar, elevråd, skulemiljøutval, VIP Å ha ei tydeleg leiing som grip inn og jobbar for å førebyggje, avdekke og handtere krenkjande ord og handlingar. At alle tilsette er medvitne om og handlar etter handlingsplikta, dvs. undersøkjer, varslar og grip inn dersom dei får kunnskap om eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande åtferd Definisjon på krenkjande ord og handlingar Mobbing Gjentatt negativ eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire personar – retta mot person eller personar som har problem med å forsvare seg. 3 Hovudkriteriar 1. Negativ/vondsinna åtferd 2. Gjentaking over tid 3. Manglande ballanse i høve faktisk eller opplevd styrketilhøve D.Olweus Vald All fysisk eller psykisk skade på ein person. Vald er og skade på inventar og bygning. Aktiv fysisk vald Å bruke fysisk makt mot ein person som ved slag, spark, skalling, dytting, halding, lugging, biting. Kvelartak m.m., i tillegg kjem bruk av våpen. Aktiv psykisk vald Verbal krenking, maktutøving, systematisk fornedring, trugsmål om fysisk vald Utestenging Tyder at nokon så godt som alltid blir eller opplever å bli halden utanfor gruppe eller klasse. 4 Rasisme Inneber at nokon blir forskjellsbehandla eller plaga, til dømes fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk. Diskriminering Tyder at ein person vert dårlegare handsama eller trakassert, til dømes på grunn av kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, tru, hudfarge eller opphav. Varslings, handlings – og vedtaksplikta §9a – 3 Det psykososiale miljøet, 2., avsnitt «Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller misstanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er naudsynt og mogeleg, sjølv gripe direkte inn.» Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Etne vidaregåande skule skal i sitt daglege virke arbeide med å førebyggje og avdekke tilfeller av krenkjande åtferd, mobbing, rasisme og vald. Alle tilsette ved skulen har handlingsplikt som består av: Plikt til å gjere undersøkingar raskt Plikt til å varsle rektor Plikt til å gripe inn Sjå fleire detaljar under handlingsplan mot mobbing og vald Dersom handlingsplikta ikkje vert oppfylt, kan tilsette straffast med bøter eller fengsel i inntil 3 månadar, jfr. Opplæringslova §9a – 7. Avdekking kan vere at tilsette, elevar eller føresette melder frå om hendingar om at nokon opplever krenkjande ord og handlingar. Skulen skal sikre at elevens subjektive oppleving kjem fram, og at tiltak vert sett i verk så snart som råd. Dette må dokumenterast. Handtering Opplæringslova§9a – 3 Det psykososiale miljø «Dersom ein elev eller føresette ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegna i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.» Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage 5 Alle elevar og føresette skal oppleve å bli tatt på alvor dersom dei kjem til skulen med bekymring om at ein elev vert utsett for krenkjande ord eller handlingar. Skulen skal ta ansvar og initiativ for å stoppe slik åtferd. Elevar som har opplevd å bli utsett eller sjølv har utsett andre for krenkjande ord eller handlingar, skal fylgjast opp av skulen i ettertid. Dersom mobbing eller anna krenkjande åtferd vert avdekka, skal skulen sikre ei sakshandsaming tråd med gjeldande lovar og forskrifter. Einskildvedtak Munnlege eller skriftlege oppmoding frå elevar og føresette knytt til skulemiljøet, skal svarast med eit enkeltvedtak. Ved ei oppmoding, skal føresette få informasjon om sin rett til å få enkeltvedtak når dei ber om tiltak. Ved varsling frå tilsette om kunnskap om eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord og handlingar, skal rektor etter undresøking avgjere om det skal fattast eit enkeltvedtak. Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må det fattast einskildvedtak. Førebyggjande og helse fremjande arbeid ved Etne vgs. § 9a – 4 Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Etne vidaregåande skule skal kontinuerleg og systematisk arbeide med desse utfordringane både blant dei tilsette og blant elevane. Problemstillingane skal innarbeidast i planar og årshjul, slik at ein kan jobbe førebyggjande for å fremje helse, miljøet og tryggleiken til elevane gjennom heile skuleåret, og ikkje berre i oppstarten av skuleåret eller når det oppstår aktuelle situasjonar. Skuleleiinga er ansvarlege for den daglege oppfølginga av dette systematiske arbeidet. Skulen si leiing ved rektor skal følgje opp og ha ansvar for at arbeidet er aktivt systematisk og innarbeida i planar. Etne vidaregåande skule driv førebyggjande arbeid og arbeid for å fremje helse, miljøet og tryggleiken til elevane blant anna på arenaane som er kommentert under. 6 Skulemiljøutval §11 – 5a Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal. Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal. Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a. Skulemiljøutvalet skal arbeide for eit godt skulemiljø ved å systematisk og kontinuerleg ha fokus på det fysiske og psykiske miljøet til elevane ved Etne vidaregåande skule. Dette vil ein oppnå ved å ha jamnlege møter, der det fysiske og psykiske miljøet vert sett på sakskartet. Miljøskapande og førebyggjande arbeid vert og sentrale tema for dette utvalet. Rektor, Marion Kallevik og elevinspektør, Ingelin Håheim er faste medlem i skulemiljøutvalet. Dei representerer høvesvis skuleeigar og leiinga. I tillegg vert det kvar haust valt inn fire elevar som skal representere elevgruppa ved Etne vgs., slik at elevane vert i overtal i dette utvalet jmf. §11 – 5a Ein av elevane som sit i skulemiljøutvalet vert og valt inn i AMU. Her vil eleven representere elevgruppa ved skulen, og ha høve til å komme med innspel og synspunkt både når det gjeld det fysiske og det psykososiale miljøet sett frå elevane si side. Skulemiljøutvalet skal haldast orientert om hendingar, planar og vedtak som vedkjem skulemiljøet, og har rett til å uttale seg i alle slike saker. Leiinga ved skulen har ansvar for å informere om saker som kan vere viktig og av interesse for utvalet. Det vert og naturleg å trekkje elevrådet ved Etne vidaregåande skule inn i dette arbeidet. 7 Elevrådet Elevrådet er ein viktig arena der elevane sjølve får ta opp og uttale seg om saker som opptek dei. Elevrådet er elevane sitt lokale demokrati ved skulen. Elevrådet er eit viktig organ som fungerer som eit talerøyr for elevane sine saker også når det gjeld det fysiske og psykososiale miljøet. Elevrådet jobbar systematisk og kontinuerleg med saker knytt til førebyggjande arbeid, helse, tryggleik, læring, mobbing m.m. Elevrådet har møte om lag ein gong kvar månad. VIP Som ein del av det førebyggjande arbeidet ved Etne vidaregåandeskulen, gjennomfører me VIP – programmet på Vg1 trinnet. VIP – veiledning og informasjon om psykisk helse hjå ungdom, er eit program som har som hovudmål å “gjere elevane betre rusta til å ta vare på eiga psykisk helse og bli merksame på kva hjelpetiltak som kan søkjast ved psykiske problem og lidingar: ” Mange ungdommar går rundt med ulike typar problem, særleg i samband med overgangen frå born til vaksne. Programmet tek opp tema rundt tankar og følelsar som ein veit unge er opptekne av. Programmet har og fokus på korleis ein som medmenneske kan støtta personar som har det vanskeleg. Fadderordning Fadderordninga ved Etne vidaregåande skule skal ta vare på, skape tryggleik og inkludere nye elevar i skulemiljøet. Det er fadrane sjølve, i samarbeid med elevinspektøren, som har ansvar for aktivitetar og sosiale arrangement i skulekvardagen og på kveldstid for å bli kjende med og inkludere dei nye elevane. Faddergruppa er særskild aktiv i perioden frå skulestart og fram mot haustferien. Leksehjelp Frå hausten 2013 startar me opp med leksehjelp ved Etne vgs. Det overordna målet for dette tiltaket er auka læringsutbytte og fullføring – noko som og er HFK sitt hovudmål for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skuleåret 2013 – 2015. Tiltaket vert eit lokalt utviklingsmål, der me har underordna mål som; pedagogisk støtte og veiledning knytt til fag, prøvar og innleveringar. Fagleg støtte til elevar som bur på hybel, og elevar som ikkje har høve til å få fagleg støtte heime. Auke meistring og motivasjon for fag og styrke sjølvbilete til den enkelte elev. 8 Handlingsplan mot mobbing, diskriminering og rasisme. Innleiing Handlingsplan mot mobbing inneheld rutinar for å førebyggje og avdekke mobbing, diskriminering og rasisme. Vidare vil planen innehalde tiltak for å fylgje opp mobbeoffer og mobbar. Skulen vil setje i verk tiltak med ein gong mobbing/krenkjande åtferd vert avdekt – eller det er mistanke om dette. NULL- toleranse og aktivt arbeid for eit mobbefritt skulemiljø skal vere sentralt i skulen sine aktivitetar. Handlingsplanen er eit forpliktande dokument for ALLE på Etne vidaregåande skule. Planen gjeld for all verksemd i skuletida, på skuleveg og aktivitetar i regi av skulen. Tilsette skal setje seg inn i planen sine mål, middel og tiltak. Elevar skal ved skulestart ha informasjon om NULL- toleranse – og innhald vidare i planen. Føresette vert ved skulestart informert om planen. Etne vidaregåande skule skal vere ein skule der Alle trivst Alle er trygge Alle respekterer kvarandre For å sikre dette må ALLE tilsette og ALLE elevar: Vere med på å skape eit positivt og triveleg skulemiljø Ta avstand frå alle typar mobbing, krenkjande og nedsetjande omtale av andre. Reagere når mobbing vert avdekt Gjere seg medvitne om og vere i kontinuerleg dialog om positive verdiar som: vennskap, tryggleik, respekt, omsorg, å vere hjelpsam, tolerant og akseptere at me er ulike, vert viktige nøkkelord i dette arbeidet. På Etne vidaregåande skule vil me ha: Godt samarbeid mellom elevar, føresette og skule Tydelege reaksjonar når mobbing/krenkjande åtferd vert avdekt Kultur som tar vare på mangfald og det at me er ulike. Me vil at lærarar og leiing ved skulen skal vere tydelege vaksne - og vere sitt ansvar medviten i høve til å vere førebilete og rollemodellar for ungdomar ved skulen. Dette meiner me vil styrke det gode og trygge læringsmiljøet. Elevrådet og skulemiljøutvalet ved Etne vidaregåande skule skal målretta vere med på å førebyggje og avdekke mobbing og krenkjande åtferd. Haldningsskapande arbeid skal vere viktige tema i elevrådsarbeidet/skulemiljøutvalet, og elevrådet/skulemiljøutvalet skal involverast i og ha ansvar for å medverke til å utvikle det gode læringsmiljøet. 9 Definisjon av mobbing Gjentatt negativ og/eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire personar – retta mot person/personar som har problem med å forsvare seg. 3 hovudkriteriar: 1: Negativ/ vondsinna åtferd 2: Gjentaking over tid 3: Manglande ballanse i høve faktisk eller opplevd styrketilhøve d. olweus Teikn på at ein elev vert mobba/utsett for krenkjande åtferd Vondt i magen Vondt i hovudet Vegring mot å gå på skule (aukande fråvær) Går ikkje ut i friminutt Konsentrasjonsvanskar Skuleprestasjonar vert dårlegare Endra åtferd (inneslutta, deprimert, utagerande m.m.) Kjem heim med øydelagde klede, bøker eller andre eigendelar. Mål: På Etne vidaregåande skule skal ingen verte utsette for mobbing eller plaging, her under kjem og digital mobbing. Middel: 1: 2: 3: 4: Førebyggjande arbeid Trivselstiltak Avdekking av mobbing og plaging Reaksjonsformer/tiltak/konsekvens Tiltak: 1: Elevsamtalar Tydlege kontaktlærarar – info om kontaktlærararrollen Det skal vere elevsamtalar på alle klassetrin minst 2 gonger i året, i tillegg til faglege spørsmål, skal trivsel vere sentrale tema i samtalen. Det er viktig at det ALLTID vert understreka overfor elevane at det er rett å seie frå dersom dei sjølve eller andre vert mobba. 2: Aktivt elevinspektør/ressursteam Fylgjer kontinuerleg opp einskild elevar. Teamet har nært og regelbunden samarbeid med OT/PPT 3: Fadderordning ved skulestart Ein vil utfordra elevrådet til å arbeide/utvikle framlegg til fadderordning. Det er viktig at elevar som flytter til Etne (hybelbuarar) vert spesielt godt ivaretatt. 10 4: Trivselstiltak i skulemiljøet a : Trivselsfremjande skulestart Felles opplevingar (kino, konsertar, fjelltur, idrettsaktivitet, felles måltid m.m.) Felles utfordringar (kartlegging og diagnostisering av einskilde elevar sine behov, ordensreglement m.m.) Samarbeid med VIP b : Fellesopplevingar i skulåret – t.d. Skidag Fjelltur Felles måltid Juleaktivitet Skuleball/sumarfest m.m. 5: Samarbeid med helseavdelinga i kommunen. Etne kommune har helsesyster knytt opp mot vidaregåande skule. Helsesyster har kontortid på skulen kvar veke Helsesyster er med på ressursteammøter Helsesyster kan ta opp tema av helsefremjande karakter i skulemiljøet eller med einskild elevar. 6: Aktivt og involvert elevråd. 7: Møte med føresette ved skulestart – info om elevane sine rettar og plikter Invitasjon til samarbeid. Invitasjon til foreldremøte Konsekvens/reaksjonsform Opplæringslova§9a – 3 Det psykososiale miljø «Dersom ein elev eller føresette ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegna i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.» Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Einskidvedtak Munnlege eller skriftlege oppmodingar frå elevar og føresette knytt til skulemiljøet, skal svarast med eit enkeltvedtak. Ved ei oppmoding, skal føresette få informasjon om sin rett til å få einskildvedtak når dei ber om tiltak. 11 Ved varsling frå tilsette om kunnskap om eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord og handlingar, skal rektor etter undresøking avgjere om det skal fattast eit enkeltvedtak. Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må det fattast einskildvedtak. Når mobbing vert avdekka 1: Stoppe handlinga, og oppklare kva som har skjedd – så langt det er mogleg Det er viktig å snakke uforstyrra med dei det gjeld. 2: Informere kontaktlærar. Kontaktlærar fylgjer opp involverte vidare ev. med hjelp frå leiinga/elevinspektør.(Det kan vere nødvendig at andre tar over klassen slik at kontaktlærar kan ta tak i episoden med ein gong) 3: Kontaktlærar informerer rektor og føresette til både mobbar og den som vert mobba om: Konsekvens og vidare oppfylging. (jamnlege samtalar med føresette) 4: Dersom saka er alvorleg – kan rektor i samråd med kontaktlærar vurdere å ta saka opp med PPT, barnevern, BUP eller POLITI. Reaksjonar overfor mobbaren/den som utøver krenkjande åtferd 5: Møte med kontaktlærar (ev rektor/elevinspektør avhengig av aggresjonsnivå, alvoret i saka) der fylgjande vert presisert: Skulen veit kva som skjer! Det finst ikkje orsaking for å mobbe andre! Skulen aksepterer ikkje mobbing (null-toleranse) og det må ta slutt med ein gong. Skulen fylgjer nøye med – og kallar inn til nytt møte om få dagar (tid og stad vert presisert) Heimen vert informert, kontakt vert fylgt opp(for elevar under 18 år) Refs jvf. Opplæringslova §3-8 (utan klagerett) o Munnleg eller skriftleg påtale/merknad o Bortvising frå den aktuelle timen/arbeidsøkta (faglærar) o Bortvising for resten av skuledagen (rektor) (med klagerett) o Bortvising heile skuledagen og opptil 5 dagar (vedtak fatta av rektor) o Skifte av skule (vedtak fatta av opplæringsdirektøren) o Bortvising frå skule resten av året (vedtak fatta av opplæringsdirektøren) o Bortvising med tap av rett (vedtak fatta av opplæringsdirektøren) I tillegg til refs kan reaksjon vere. o Nedsett termin- og/eller standpunktskarakter i BÅDE orden og åtferd o Avgrensa og ev mellombels avstenging av tilgang til særskilde aktivitetar o Saka vert meld til politi 12 Reaksjonar overfor den som vert mobba/krenkja 6: Møte med kontaktlærar (ev rektor/elevinspektør avhengig av aggresjonsnivå, alvoret i saka) der fylgjande vert presisert: Skulen tar ansvar – mobbinga vil ta slutt Oppfylging av kontaktlærar/elevinspektør Elevar vert involverte(meir positiv merksemd, ekstra omsorg m.m.) Skal sleppe samanheng der mobbaren er (i ein særs kort periode) Heimen vert informert, kontakt vert fylgt opp(for elevar under 18 år) Handlingsplan mot vald og krenkjande åtferd Innleiing Vald og problemåtferd på skulen vår er ikkje eit privat problem – men eit problem som går utover det felles læringsmiljøet. Altså eit arbeidsmiljøproblem. Vald er straffbart. Null- toleranse for utøving av vald på Etne vidaregåande skule kan ikkje fråvikast. Korkje elevar, lærarar eller andre tilsette skal akseptere handlingar frå elevar, føresette eller andre som forårsakar fysiske eller psykisk skade eller belastning. (Utdanningsforbundet 2006) Konsekvens av slike handlingar skal vere kjent for alle elevar, føresette og tilsette ved skulen. Alle hendingar av valdeleg karakter vil bli melde til politiet jf. Straffelova § 227 (trusselhandlingar),§228 (lekamsfornærming) og § 229 (lekamsskading) Etne vidaregåande skule skal vere ein skule der Alle trivst Alle er trygge Alle respekterer kvarandre For å sikre dette må ALLE tilsette og ALLE elevar: Vere med på å skape eit positivt og triveleg skulemiljø Ta avstand frå alle typar vald og krenkjande og nedsetjande åtferd Reagere når vald vert avdekka Bevisstgjering og kontinuerleg dialog om positive verdiar som: vennskap, tryggleik, respekt, omsorg, å vere hjelpsam, tolerant og akseptere at me er ulike, vert viktige nøkkelord i dette arbeidet. 13 Definisjon av vald Vald er All fysisk og/eller psykisk skade på ein person. Vald er også skadeverk på inventar og bygning. Aktiv fysisk vald: Å bruke fysisk kraft mot ein person som ved slag spark, skalling, dytting, halding, lugging, biting, kvelartak m.m. i tillegg kjem all bruk av våpen. Aktiv psykisk vald Verbal krenking, maktutøving, systematisk fornedring, trugsel om fysisk vald (sjå vidare Tiltaksplan mot mobbing) Å bli utsett for vald er ei stor påkjenning. Ein kan lett føle skyld for den situasjon som har oppstått. ”Kanskje kunne eg ha gjort noko anna”. Det er difor viktig å understreke at DET ALLTID ER DEN SOM UTØVAR VALD SOM HAR ANSVARET. Mål: På Etne vidaregåande skule skal ingen verte utsette for fysisk eller psykisk vald Middel: 1: Førebyggjande arbeid Det gode inkluderande læringsmiljøet Det gode inkluderande arbeidsmiljøet 2: Avdekking av fysisk og psykisk vald 3: Reaksjonsformer/tiltak/konsekvens Tiltak: 1: 2: 3: 4: 5: 14 Ope og inkluderande læringsmiljø Ope og inkluderande arbeidsmiljø Samarbeid m. verneombod HMS-arbeid i organisasjonen vert prioritert Etablering og skulering av Beredskapsteam (leiing, rådgjevar og verneombod) Konsekvens/reaksjonar Opplæringslova§9a – 3 Det psykososiale miljø «Dersom ein elev eller føresette ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegna i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.» Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage Einskildvedtak Munnlege eller skriftlege oppmodingar frå elevar og føresette knytt til skulemiljøet, skal svarast med eit enkeltvedtak. Ved ein oppmoding, skal føresette få informasjon om sin rett til å få enkeltvedtak når dei ber om tiltak. Ved varsling frå tilsette om kunnskap om eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord og handlingar, skal rektor etter undresøking avgjere om det skal fattast eit einskildvedtak. Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må det fattast einskildvedtak. Når vald vert avdekka 1: Stoppe handlinga, og oppklare kva som har skjedd 2: Dersom elev er valdeleg: Informere kontaktlærar. Kontaktlærar fylgjer opp involverte vidare (både valdsutøvar og offer) ev. med hjelp frå Beredskapsgruppa. (sjå vidare tiltaksplan for mobbing) Dersom tilsett er valdeleg: Rektor fylgjer opp ev. i samarbeid med verneombod/tillitsvalde 3: Valdssaker er alltid alvorlege – og saka bør fylgjast opp med politi (det er den fornærma som skal melde saka – men leiinga på skulen må medverke og støtte – (Obs likevel -svar frå riksadvokaten 17.12.99) Reaksjonar 4: 15 Retningsliner for handtering av akutte valdssituasjonar i skulemiljøet Ein elev eller tilsett som vert utsett for vald, skal tilkalle andre (vaksne) (sjå vidare varslingsrutinar i Beredskapsplan) Dersom det er fare for tryggleiken til elev eller andre tilsette – må ein hjelpe dei utsette vekk Dersom elev er valdeleg: Eleven vert tatt ut av klassen/gruppa med ein gong (eiget rom) Eleven skal ha høve til å snakke med faglærar/kontaktlærar Elevinspektør(beredskapsgruppa) tar seg av elev som har vore utsett for vald Rektor kallar inn til ekstraordinært klasselærarråd – der sanksjonar vert konkretiserte Politi vert ev kontakta for råd og assistanse Rektor (Beredskapsgruppa) tar kontakt med føresette til valdsoffer og valdsutøvar Klassen vert varsla/informert (unngå ryktespreiing) – og får høve til å snakke om det Dersom tilsett: vert utsett for vald Beredskapsgruppa vert varsla. Tar hand om valdsoffer Rektor kallar inn til ekstraordinært fellesmøte – tiltak vert konkretisert. Politi vert ev kontakta for råd og assistanse Beredskapsgruppa fylgjer opp 5: Personalet får høve til å snakke om hendinga 6: Ev. informasjon vert gitt til resten av skulemiljøet 7: Skulen v/ass rektor registrerer hendinga. Ein skriv rapport og melding vert gitt til arbeidstilsyn, overordna instans (fylkesskuledirektør) og politi dersom det er brot på straffeloven Oppfylging av valdsoffer 8: Rett etter hendinga bør det heile tida vere ein saman med personen som har vore utsett for vald. (Beredskapsgruppa eller andre som den valdsramma ynskjer) Den valdsramma vert ev fylgt heim Dersom det er ynskjeleg/nødvendig vert helsepersonell kontakta (Kommunen sitt Beredskapsteam – psykiatrisk sjukepleiar - kommunelege) Ein tilrår legeundersøking med tanke på erstatnings-eller yrkesskadeerstatning 16 ÅRSHJUL 2013-2014 – Ressursteam EVS Tidspunkt August Handling Presentasjon av ny årsplan Oppfølging/ Info av elevar med tilretteleggingsbehov - særinntak - einskildvedtak - Anna Skulestart Til kontaktlærarar og faglærarar i gruppa Rektor/elevinspektør Søknad om spesialundervisning Sakkunnig vurdering Skulestart Kontaktlærar God skulestart Info til elevar om støttetenester Skulestart Rektor, elevinspektør Helsesøster og OT/PPT Rådgjevar Spesial.ped Faglærarar September 1. oppfølging, elevar i særinntaket -IOP/ -halvårsvurdering -Einskildvedtak Oppstart leksehjelp IOP klargjort – blir sendt til - føresette - arkiv - OT/PPT Tiltak ved prøvar 17 Merknader 1. elevsamtale Diagnostiske testar i norsk, engelsk og matematikk (Kartleggaren) Møte m/ føresette Oktober Frist Ansvar Planleggingsdag Ressursteam og leiar 03.09.2013 Frist pedagogisk rapport 15.09. 04.10 31.10 Systemansvar Rektor, elevinspektør ressursteam Operativt ansvar: Spes.ped. Rådgjevar/ OT/PPT Leiinga/faglærar Elevinspektør Kontaktlærar Ressursteam Ev. nye behov – meldt ressursteam Vurdere tiltak (einskildvedtak og start IOP dersom det ikkje er gjort) Individuelle samtaler med spes.ped og kontaktlærar v/ behov Etter oppsett plan / klasselærarråd Tilbod til alle elevar Kontaktlærar har utøvande ansvar Kontaktlærar har utøvande ansvar November Søknad Ev. 2. elevsamtale Primo november VIP – Vg1 Desember Januar Februar Februar/ mars Mars Oppfølging av elevar med noko tilretteleggingsbehov/ minoritetsspråklege elevar Fokus: Endring av kompetansemål/ ev. nye einskildvedtak Evaluering, ressursbruk av tiltak. Evt nye krav/ behov/einskildvedtak Opplæringsavtalar Medio november Kontaktlærar Primo nov Ressursteam 15.11 Elevinspektør/Rektor Spes.ped – OT/PPT Kontorleiar 1/ 2 årig evaluering IOP 08.01 Oppfølging elevar som er tatt inn på indv. vurdering Hovudfokus: ½ årig vurdering IOP 31.01 Alternativ opplæring Vip Søknad, elevar som skal i særinntaket Elevar som søker Opplæringskontrakt Møte m/ føresette Oversikt over interne søkjarar 1. febr. Særinntaket Skule/ PPT Førebuande inntaksmøte Prognoseinntak Søknad om tiltak ved prøvar/ eksamenar Ev. tiltak blir meldt ressursteam Kontaktlærarar/helse syster/psykiatrisk Sjukepleiar/ elevinspektør 01.02 01.02 Spes.ped. rådgjevar ressursteam OT/PPT Kontaktlærar Ressursteam Rådgjevarar OT/PPT Helsesyster og OT/PPT Ressursteam/ Spes.ped. OT/PPT Kontaktlærar Faglærar Kontaktlærar ansvar for utfylling Underskriven kopi til føresette. Rådgjevar Kontaktlærar/faglærar Individuelle samtaler Rådgjevar Info ressursteam Mars/ April Medio mars 12.03 April Ev 3. elevsamtale Mai Søknad i høve midlar 01.05 18 Elevinspektør Kontaktlærarar Innan 01.04 Kontaktlærar Ressursteam Elevinspektør Kontaktlærarar Rektor, elevinspektør Vedtak til elev. Kopi til kontaktlærar/ eks.ansvarleg Evt tiltak vert meldt ressursteam Evt tiltak vert meldt Mai/ Juni Juni til spesial tilretteleg. Omprioritering av søknader Overføringsmøte elevar tatt inn på indv. vurdering Halvårsvurdering IOP Evaluering av bruk av støttetimar/ tiltak Juni Evaluering av ressursteamarbeidet Mellombels einskildvedtak OT/PPT Rådgjevar ressursteam Elevinspektør, rektor kontaktlærar, OT/PPT 05.06 15.06 Spes.ped påminning. Kontaktlærar ansvarleg for utfylling Faglærar. Kontaktlærar Kopi til OT/PPT Skal leverast i tre eksemplar Evalueringsrapport til spes.ped Leiinga 01.07 Rektor, elevinspektør Sendes elev/føresette Arkiv Kirsten Hebnes Andreasen, som er skulen sin OT/PPT kontakt, kjem til å vere fast ved Etne vgs. tysdagar i partalsveker. Desse dagane er sett av til ressursteam møter, men kan og nyttast til observasjon i klassane og veiledning av lærerar. Ho kjem til å rullere rundt i dei ulike klassane etter behov, og kan dersom det er naudsynt ha med psykolog frå OT/PPT Sunnhordaland. Litteraturliste Utdanningsforbundet Vald i Skulen Riksadvokaten Brev av 17.12.99 Straffelova §§ 227,228 og229 Arbeidsmiljølova §§ 1, 2 og 4 Manifest mot mobbing Udir m.fl Strategi mot mobbing Erling Roland Mobbing blant barn og unge Dan Olweus Diverse artiklar Dan Olweus Problemåtferd i skulen Norsk lærarlag 1998 Ide\perm for elevråd Senter for åteferdsforskning ”Tro meg da” Jan T. Alvseike Elevenes skolemiljø Udir.no Opplæringslova og forskrifter med forarbeid og kommentarar Rundskriv Udir – 2 – 2010 – Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a Rundskriv Udir – 7 – 2010 – Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring Forskrifter om felles – ordens – og åtferdsreglar ved dei vidaregåande skolane i Hordaland fylkeskommune Veileder for skolemiljøutval: hhtp://www.udir.no/veileder/veileder- for-skolemiljoutvalg/ Forskrift om miljøretta helsevern i skule og barnehage 19
© Copyright 2024