Tidleg innsats Trygg styring Sikker framtid Radøy Senterparti Valprogram 2015-2019 Radøy Folk i sentrum Gode radværingar! Me vil gjerne vera dine tillitsvalde! Vårt hovudfokus er livsglede, skaparkraft og tryggleik. Me bur og lever i kommunen, og kommunen skal leggja til rette for oss. Me vil ikkje bruka mykje energi på det negative, men fokusera på mogleg heitene, og å få noko gjort! Tidleg innsats Radøy er i dag ein god kommune innan barnehage, skule, oppvekst- og helse sektor. Me tør påstå at det er tatt gode løft og det er rydda opp i mykje dei sein are åra. Me vil aktivt jobba vidare med desse viktige felta. Trygg styring Ei stor sak for komande periode er sam funnsutvikling, og her har både politi karar og administrasjon ein jobb å gjera. Stemmer du på oss, vil me gje ei tydeleg bestilling til rådmannen på å byggja ein kultur der ein alltid spør seg om ein kan Helse, omsorg og livskvalitet gjera ting betre, enklare og smartare, til innbyggjarane sitt beste. Nærings utvikling vert sentralt framover. Dialogen og samhandlinga mellom kommunen, folket og næringslivet kan verta betre. Helse- og omsorgssektoren er det største tenesteområdet i kommunen vår. Fysiske og psykiske plager kan treffa menneske i alle aldrar, og då skal kommunen gje oss dei lovpålagde tenestene me treng, til rett tid og god kvalitet. Kommunen skal også vera aktiv i det førebygjande folkehelsearbeidet. Me vil at plan- og byggesaksavdelinga skal få eit solid omdømme som lett og positiv å ha med å gjera. Me vil også at sakene vert avslutta med evaluering av prosessen. Innan helse og omsorg vil me jobba for: Innan folkehelse vil me jobba for: • fleire sjukeheimsplassar • utvida tilbod om avlastingsplassar • styrkja dagsentertilbodet for eldre • eige dagsentertilbod for heimebuande demente • å oppretthalde tannklinikken på Manger • å utarbeida pleie- og omsorgsplan • betre tenester og aktivitetstilbod innan psykiatri • å styrkja barne- og familietenesta (barnevern, helsestasjon, jordmor, PPT og psykiatri) • styrking av jordmortenesta for førstegongsfødande • vidareutvikling av Frivilligsentralen • skjerma ambulanseinngang ved legekontoret • godt samarbeid med Eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne • fritidskontaktar for barn, unge og andre med særskilde behov • betre høve for friluftsliv gjennom ulike tiltak (turstiar, vegar m.m.) i alle deler av kommunen • utvikla Skageneset gjennom Friluftsrådet • at symjebassenga i Radøyhallen kan ha ope i større delar av året. • godt tilbod og tenleg utstyr i terapibassenget • universelt utforma aktivitetspark i området rundt Grønålen • innføring av Den gylne spaserstokk • at sydenreiser for pensjonistar framleis skal organiserast • kommunen skal arrangera faste “Mitt Radøy”turar • ordningar med friluftsfadrar og treningskon taktar for dei med særskilde behov Sikker framtid Framtida er spanande, og kommun estruktur vert eit sentralt tema i neste periode. Me vil arbeida for den løysinga som sikrar tenestene til radværingane best. Radøy skal uansett kjennast att med dei gode kvalitetane våre, som kan samlast under omgrepet den grøne øya. Godt val! Me vil stå på for deg! Me lovar å vera lydhøyre politikarar, og ikkje setja nokre grupper framfor andre! Valprogram for Radøy Senterparti 2015 - 2018 vart vedteke i medlemsmøte 28. mai 2015. Redaksjon: Silje Namtvedt, Anne Berit Bø Palmesen, Leif Taule, Mai-Liss Sylta Møn og Jon Askeland. Layout og grafisk produksjon: Mai-Liss Sylta Møn. Trykk: Unigrafisk. 2 Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 Flyktningar Leggje vekt på språkplassar for flyktningar slik at dei snarast råd kan “stå på eigne bein”. Det er viktig for Radøy SP at innbyggjarane – i alle aldrar og livssituasjonar skal ha best mogleg livskvalitet. Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 3 Oppvekst, kultur og bumiljø Me vil setja fokus på innhaldet i barnehagane. Tidleg innsats og stor vekt på sosial læring er avgjerande for borna si utvikling seinare i livet! Skulen skal sikra at elevane meistrar opplæringsmåla alt frå første klasse og det skal vera null-toleranse for mobbing! Innan barnehage vil me jobba for: Folkehelsesatsing blant unge: • å byggje betre barnehagelokale på Bø (riva gamle kommunehuset) • plass til alle eittåringar (kontinuerleg opptak) • tilbod om etter- og vidareutdanning for tilsette • støtta ny barnehageetablering på Manger • ny trafikkløysing for Bø barnehage • fokus på sosial læring (motverka erting/utestenging) Berre halvparten av 15-åringane tilfredsstiller helsemyndigheitenes minimumsanbefalingar til dagleg fysisk aktivitet. Saman med eit uheldig kosthald vil dette på sikt gje dårleg folkehelse. Born og unge bør ha ein times fysisk aktivitet i skulen kvar dag og alle skulane i Radøy bør ha likt tilbod om frukt og skulemjølk. På sikt ynskjer me at alle elevar skal få tilbod om skulemat. Ein annan viktig faktor for god helse er friske skule- og barnehagelokale. Her har me kome langt på veg, men barnehagelokalitetane på Bø er ikkje tilfredsstillande. Psykisk helse hjå born og unge bør få meir fokus. Skulehelsetenesta er eit viktig lågterskeltilbod som skal og må vera lett tilgjengeleg og denne tenesta må difor byggast ut. Og så til eit livsviktig helseløft i skulen: symjing. Alle skulane må syta for godt med symjetimar og symjeknappen bør innførast att. Det må setjast i gong intensiv symjeopplæring for born i 5-8 års alderen. Innan skule vil me jobba for: • at radøyelevane ligg godt over landssnittet i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk • tidleg oppfølging av elevar med særskilde behov • meir fysisk aktivitet i skuletida • ny gymsal til Manger skule • å behalda fire barneskulekrinsar i Radøy • fornying av inventaret ved ungdomsskulen • gode ordningar med frukt og skulemjølk • meir fokus på praktiske yrkesfag og estetiske fag • styrking av ungt entreprenørskap • tilbod om etter- og vidareutdanning for tilsette • psykologtilbod i skulehelsetenesta • kvalitetsplan for SFO • betre skuleskyssordningar Praktiske emne og bruk av naturen vil føra til eigenskapar og ferdigheiter som nysgjerrigheit, kreativitet og nytenking. 4 Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 Senterpartiet står i spissen for ei sterk satsing på førebyggjande ungdomsarbeid. Takka vere politisk innsats, arbeidet til ungdomskoordinatoren og eit yrande frivillig miljø, vart Radøy årets Barne- og ungdomskommune i 2014. Satsinga skal halda fram! Attraktive tomteområde skal prioriterast til heilårsbustader framfor hytter, og me vil opna for meir spreidd busetnad. Innan kultur og fritid vil me jobba for: Innan bumiljø vil me jobba for: • å halda på ungdomskoordinatorstillinga • gode arbeidsvilkår til lag og organisasjonar som driv barne- og ungdomsarbeid • kommunale tilskot til utbygging av idrettsanlegg • utstyrsfond for skulekorpsa • styrking av musikk- og kulturskulen • oppgradering av kinosalen • støtte til drift av forsamlingshus • godt samarbeid med kyrkja og støtta opp om trusopplæringa • auka midlar til kultur og vedlikehald av idrettsanlegg • å støtta opp om Utvandringssenteret • ei moderne bibliotekteneste • å støtta opp om Manger Folkehøgskule • å sikra eigartilhøva for Bogatunet og Syltastova • ferdigstilla og iverksetja kulturminneplanen • realisering av steinaldersenter på Straume • at unge vert tryggare i og ved sjø gjennom samarbeid med redningsselskapet sitt ung-lag • at godkjende bustadområde vert utbygde • gode bumiljø med leikeplassar, møtestader og turstiar i samarbeid med velforeiningar og bygdelag • spreidd busetnad • at strandsonereglane vert praktisert i tråd med folkeleg skjønn • trygg og sikker skuleveg • fleire småbåtanlegg • yta tilskot til nærmiljøtiltak • at parsellhagar kan etablerast • bruk av startlån for unge i etableringsfasen som har vanskar med å koma inn på bustadmarknaden • rimelege gebyr på mindre tiltak i bustad område • post i butikk i Austmarka Frivillig innsats er hjarta i nærmiljøet. Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 5 Næringsliv og samferdsle Radøy har hatt auke i nye bedrifter og arbeidsplassar dei siste åra, meste parten sør i kommunen. Med Nordhordlandspakken på plass, må nye prosjekt raskt i gang! Dette er avgjerande for utviklinga i kommunen, og me arbeider vidare med å få etablert nytt næringsareal langs den nye vegen Soltveit - Marås. SP ivrar for betre støtte til næringslivet og me ynskjer å styrkja Manger som tettstad. Innan næring vil me jobba for: Innan samferdsle vil me jobba for: Innan landbruk vil me jobba for: Innan miljø vil me jobba for: • rask revidering av områdeplan Manger, der næringslivet vert invitert inn i styringsgruppa • få på plass funksjon som nærings- og samfunnsutviklar • vidareutvikla Olsvollstranda som attraktivt næringsområde • støtta opp om utvikling av næringsområde m.a. ved GT Lakk, Storsandvik, Jotun og Manger kai • aktivt samspel med næringslivet i kommunalt planarbeid • halda årlege møte med næringslivet • fleire sørvisanlegg for båtfolket • å oppretthalda vekstbedrifta Aufera og arbeidsmarknadsbedrifta NIS • utarbeida næringsplan som også har fokus på småbedrifter, reiseliv og lokalmat • områdeplan for Sletta – ny giv for bustad bygging når nyevegen kjem • årlege løyvingar for å følgja opp trafikksikrings planen med særleg fokus på trafikksikring av skulevegane • ny Alversund bru • oppstart av planarbeid for tofeltsveg Namtveit-Manger-Bøvågen • Tverrsambandet Radøy-Meland-AskøyØygarden • utbetring av fylkesvegen Sletta - Tveiten • bestillingstransport til busstakst i bygdelag med dårleg busstilbod • realisera bussterminalen på Manger • utvida parkering i Austmarka (for overgang til buss) • ordninga «Heim for ein 50-lapp» for ungdoms arrangement • asfalt til kommunale vegar • fiber/breiband til alle bygder og betre mobildekning • eit landbrukskontor som aktivt støttar det tradisjonelle landbruket og dyrkar entrepre nørskap i dei landbrukstilknytta næringane • at landbruksfagrådet sine innspel vert høyrt • matjord som vert fjerna ved utbygging skal gjenbrukast til landbruksføremål • auka tilskot til grøfting gjennom SMIL-midlane • tilskot til skogsvegar for å auka tømmerhogsten • gode løysingar for rydding av kulturlandskapet • auka produksjon av lokal mat • at natur- og miljøvern er eit viktig tema i skular og barnehagar • gode energi/klimamessige kommunale bygg • årlege aksjonar for “Hald Radøy rein” • at friområde vert halde i god stand • fortgang i kloakkutbetringa på Manger • gradvis overgang til fleire EL-bilar i kommunen sin bilpark • støttar opp om å få heva ubåtvraket U864 • støttar biosfæreprosjekt i Nordhordland • at oljefyrane i Hordabø og Manger kyrkje vert skifta ut Ny giv for vekst og verdiskaping i Radøy gjennom satsing på næringsliv og samferdsle! 6 Radøy kommune er kjend som den grøne øya, og har eit vakkert kulturlandskap. Dette er landbruket si forteneste. Vi vil fortsetja å støtta opp om primærnæringane landbruk og fiske, og ta vare på miljøet. Vi skal framleis ha eit felles landbrukskontor med Austrheim og Fedje, og hovudkontoret skal vera på Manger. Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 Innan fiske og havbruk vil me jobba for: • gode oppdrettslokalitetar i kommuneplanen • at arealavgifta i akvakulturnæringa tilfell kommunane • støtta fiskemottaket/fiskeutsalet i Bøvågen • støtta opp om visningssenteret i Marøy Radøy skal vera eit berekraftig samfunn. Meir mat skal dyrkast, produserast og fiskast i Radøy! Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 7 8 Kommunal styring Kommunereform - kva no? Kommunestyret er arbeidsgjevar og styrer på overordna nivå, medan rådmannen og dei tilsette driv kommunen i kvardagen. Som i alle andre verksemder, ønskjer me gode arbeidsvilkår og stolte tilsette som har både hovud og hjarta med seg på jobben. Kommunereforma er den viktigaste av sentrale styresmakter sitt pågåande arbeid med strukturelle reformer i samfunnet. Kommunestyret i Radøy har etter pålegg frå Stortinget, gjort vedtak om at dei innan våren 2016 skal melda frå til sentrale styres makter om kommunen vil halda fram som eigen kommune eller verta ein del av ein større kommune i Nordhordland. Plan- og byggesak Kommunen som arbeidsgjevar • Kommunen skal laga sørviserklæring for området plan- og byggjesak • Kommunen skal vera kjenneteikna av raske og løysingsorienterte planprosessar og byggjesaker • Brei deltaking frå innbyggjarane og næringslivet i planprosessar • Områdeplan for Sletta i samband med ny veg • Administrasjonen skal ha ein imøtekomande dialog med innbyggjarane • Enkle ordningar for bruksendring av eksisterande passive driftsbygningar • Innføra IKT-basert byggesøknadsprogram • Jobboppdraget er fornøgde radværingar • Tydelege leiarar som tek ansvar og motiverer dei tilsette • Godt samarbeid med dei tilsette sine organisa sjonar • Organisasjonen skal jobba smart og vera på kostnadsjakt • Reduksjon av sjukefråværet gjennom god leiing • Gode rekrutteringsrutinar • Gjennomføra brukarundersøkingar • Nei til privatisering av kommunale tenester • Aktiv lærlingbedrift Teknisk drift, brann og beredskap Kommuneøkonomi • Oppgradera vass- og avløpsnettet • Vaktmeistar som «eig sine bygg» • Rydda breiare linjer frå vegar og kraftlinjer som brannførebyggjande tiltak • Vurdera fleire aggregat til kommunale bygg • Tilskot til dugnadsbasert vassverkutbyggjing • Tenleg og oppdatert utstyr i brannvernet • Ringleidning vatn i Nordhordland for å tryggja vassforsyninga vår Noreg opplever no ein periode med lågare økonomisk vekst, noko som gjev skattesvikt og dermed inntektssvikt i kommunane. Det krevst gode prosessar mellom politikarar, leiing og tilsette for å tilpassa utgiftene til dei inntektene som kommunen faktisk har. Kommunen har ein svak økonomi, men har likevel gjennomført store og nødvendige investeringar. Framover må investeringane haldast på eit nøkternt nivå. Radøy kommune skal levera tenester med god kvalitet. Tenestene kan alltid gjerast betre, enklare og smartare. Difor skal kostnadskutt prioriterast framfor endringar i eigedomsskatten. Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 I mellomtida er spørsmålet om samanslåing med nabokommunar under utgreiing, slik at me kan få nok kunnskap å byggja svaret på. Radøy kommune har eksistert i 51 år, og har bygd seg opp til å vera ein god kommune. Radøy tilfredsstiller i dag både lovmessige oppgåver og klarer ein god del ekstraoppgåver. Me veit at innbyggjarane er svært delte i spørsmålet om framtidig kommunestruktur, og uansett kva svar kommunestyret gjev vil det vera både fordelar og ulemper. Kommunereforma baserer seg på at inn tektene og oppgåvene til kommunane vert endra. Det store ubesvarte spørsmålet gjeld kommune økonomi, der Radøy er blant dei svakare stilte kommunane. Dersom kommuneøkonomien vår vert ytterlegare svekka, vil det raskt føra til at dagens tenestenivå neppe kan vidareførast. Senterpartiet legg til grunn at innbyggjarane i Radøy uansett skal få gode og likeverdige tenes ter. Me vil velja den løysing som tek best vare på tenesteytinga til innbyggjarane i framtida! Me krev løysingar som sikrar: •god utvikling på Radøy •tenestetilbod på Radøy, – med nærleik til viktige tenester innan oppvekst, helse og omsorg •arbeidsplassar på rådhuset •at lokaldemokratiet får utvikla seg og ha gode arbeidsvilkår For å få best mogeleg grunnlag for å ta avgjerd i saka er det viktig med god dialog med innbyggjarane. Me krev såleis at det snarast vert kalla inn til folkemøte i alle fire skule krinsane. Senterpartiet i Radøy krev rådgjevande folkerøysting før endeleg kommunestyrevedtak. Senterpartiet tenkjer seg grundig om i saka, lyttar til folket og kjem til å velje den løysinga som gagnar radværingane best. Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 9 Jon Askeland Ordførar Silje Namtvedt - kumulert F: 1964 • Sæbø • epost: [email protected] F: 16.01.1975, SLETTA, e-post: [email protected] Eg “elskar” å vera til nytte for innbyggjarane på Radøy! Dette må eg få understreka. Etter å ha hatt tilliten som ordførar i 8 år, stiller eg til attval fordi eg har eit ønske om å framleis stå på for folket! Det er møta med innbyggjarane som motiverer meg og gjev meg energi. Eg vil framleis jobba for at radværingen skal verta høyrt og sett. Me går inn i ei tid som ligg open framfor oss. Kommunestruktur/strukturendring er omgrep vi høyrer om både tidt og ofte. Når me no ser på om det er det beste for radværingen å vere del av ein storkommune i Nordhordland eller ikkje, så vil eg legga størst vekt på innbyggjarane si meining. Elles er eg særs oppteken av skule og ikkje minst folkehelse i vid tyding av ordet. Anne Berit Bø Palmesen - kumulert Eg ynskjer å vita kva folk er opptekne av. Difor prioriterer eg å stilla opp i alt frå frivillige lag til næringsliv, fordi der møter eg folk. Då får eg impulsar, som eg kan jobba vidare med. Eg ønskjer å vera tilstades, og at eg i vervet mitt kan vera ei positiv kraft for andre. For eg veit kor viktig det er for oss alle å bli oppmuntra og sett, – det er då me får ut skaparkrafta som bur i oss! Då eg starta i politikken hadde eg eit stort engasjement innan skule- og oppvekst-området. At me i fjor vart årets barne- og ungdomskommune viser krafta me har til å gjera grep – også med tronge økonomiske rammer. Eg har arbeidd sterkt for næringstilrettelegging og mobilbreiband, og det er kjekt å sjå kva me har fått til sjølv om mykje står att. Radøy har vekst både i innbyggjartal og sysselsette i kommunen, men me treng meir! For fire år sidan sette eg meg som mål å bli «vedlikehaldsordførar». Kanskje litt keisamt, men eg er opptatt av å ta vare på verdiane, og eg ville heva standarden på kommunale bygg. No er me snart i mål med vedlikehaldsprogrammet, og me har med det eit godt grunnlag for tyngre prioriteringar innan andre område framover. Det er viktig at Radøy ser seg sjølv i det større biletet, for det er også i vår interesse. Me skal kjempa Radøy si sak, men også Nordhordland og Bergens-regionen sine saker. Vekst og utvikling på Radøy heng nøye saman med resten av regionen, det må me ikkje gløyma! 10 Eg har jobba mykje for å få Nordhordlandspakken på plass. Det har vore ein krevjande prosess, men no vert det endeleg vegbygging. No ivrar eg for tung politisk satsing på nærings- og samfunnsutvikling hjå oss framover. Etter mitt syn er me på rett veg innan oppvekst og stort sett innan helse/omsorgssektoren. Det er me også på kommunaldrift, plan- og teknisk. Men særleg innan sistnemnde er det for mykje “støy i kanalane”, så i neste periode vil eg ha større fokus på denne sektoren. Når det gjeld kommunesamanslåing svarar eg både ja og nei. Eg likar ikkje den knappe tidsfristen me har fått, for bak denne ligg tvangs trugselen som mange fryktar. Eg er tilfreds med at me søkjer kunnskap i saka og drøftar med nabokommunane før me bestemmer oss. Det er radværingane sine interesser som er avgjerande for meg. Eg er uroa for Radøy kommune sin økonomiske situasjon, og har hatt fleire vakenetter om haustane om korleis me skulle klara å sikra budsjettet. Me må framleis vera nøkterne, men ein positiv effekt av å ha dårleg råd, er at me brukar skattepengane meir effektivt enn rike kommunar! Eg håpar at innbyggjarane gjev Radøy Senterparti tillit til å stå i bresjen for vidare utvikling av den flotte kommunen vår! Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 F: 22.04.1957, BØVÅGEN, e-post: [email protected] Saker som eg brenn ekstra for er utbygging av Bø barnehage, veg, nye næringsområde og utarbeiding av pleie- og omsorgsplan med fokus på kvalitet for eldre og pleietrengjande. Friluftsliv er det enklaste og rimelegaste folkehelsebringande tiltak som finst, og eg håpar kommunen kan halde fram med det gode arbeidet som er gjort i Friluftslivets år 2015. Dag Sætre - kumulert F: 11.08.1974, MANGER, epost: [email protected] Eg er oppteken av gode tekniske tenester og ei sikker vassforsyning. Vatn er det viktigaste næringsmiddelet me har. Landbruk er også viktig for meg, både store og små bruk. Ikkje berre p.g.a. mattryggleik og arbeidsplassar, men korleis hadde Radøy sett ut utan landbruk? Kommunereforma er ei utfordrande sak som opptek meg, kanskje spesielt kva folk i “utkantane” tenkjer og meiner om saka. May Iren Sylta og Sara Hamre Sekkingstad - ungdomskandidatar F: 02.09.94, BØVÅGEN, e-post: [email protected] F: 09.06.93, MANGER, e-post: [email protected] Valet gjeld framtida vår, og dermed er det viktig at vi unge er med i dei politiske prosessane. Politikk handlar om alt som skjer i samfunnet rundt oss, grunnskulen du gjekk på og fibernettet heime hos deg. Vi har eit fantastisk ungdomsarbeid, musikk- og kulturmiljø her på øya, som vi begge har tatt aktivt del i og vil vidareutvikla. Alt dette engasjerer oss, og vi ønskjer å bidra til at Radøy også i framtida vert ein god plass å bu! Radøy Senterparti • Valprogram 2015-2019 11 1. Jon Askeland Sæbøvågen, f. 1964 2. Silje Namtvedt Sletta, f. 1975 Kumulert Kumulert Kumulert Kumulert Listepresentasjon - Radøy Senterparti 3. Dag Sætre Manger, f. 1974 4. Anne Berit B. Palmesen Bøvågen, f. 1957 5. Sara H. Sekkingstad Manger, f. 1993 6. Leif G. Taule Sæbøvågen, f. 1949 7. May Iren Sylta Bøvågen, f. 1994 8. Martin Soltveit Sletta, f. 1950 9. Bjørn Hjønnevåg Sæbøvågen, f. 1966 10. Elin Morken Manger, f. 1964 11. May Britt V. Gjerde Sletta, f. 1964 12. Cyril Marøy Bøvågen, f. 1970 13. Johnny Ystebø Sletta, f. 1971 14. Arne Manger Manger, f. 1981 15. Heidi B. Marås Sæbøvågen, f. 1967 16. Marlen R. Rikstad Manger, f. 1969 17. Laila S. Pletten Sletta, f. 1954 18. Torill M. Fjeld Manger, f. 1983 19. Arild Valdersnes Manger, f. 1980 20. Merete R. Fjellsende 21. Mariann M. Rath Bøvågen, f. 1970 Manger, f. 1971 22. John-Erling Lygren Sletta, f. 1984 23. Marita T. Måge Sæbøvågen, f. 1983 24. Heidi J. Mongstad Manger, f. 1986 25. Randi H. Sagstad Sæbøvågen, f. 1979 27. Ingvill Taule Sæbøvågen, f. 1971 26. Kjersti Haugland Bøvågen, f. 1949 28. Odd Matre Manger, f. 1946 29. Arvid Taule Sæbøvågen, f. 1942 Me lovar å arbeida hardt og målretta til beste for menneska i heile Radøy. Godt val! 30. Mai-Liss S. Møn Manger, f. 1978 31. Olav Steinar Namtvedt Sletta, f. 1947
© Copyright 2024