Radøy kommune Innkalling for Kommunestyret i Radøy Møtedato: Møtestad: Møtetid: 27.01.2016 Kommunestyresalen 18:00 Saksliste: Saksnr 001/2016 002/2016 003/2016 004/2016 005/2016 006/2016 Tittel Meldingar og referatsaker Val av eldreråd 2016-2019 Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2016-2019 Godtgjersle til folkevalde 2015-2019 Godtgjersle til ordførar og varaordførar i Radøy kommune Val av høyringsalternativ - kommunereform Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene må melda i frå til kultur- og sørvistorget så snart som råd, tlf 56 34 90 00. Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. 20. januar 2016 Jon Askeland ordførar Arthur Kleiveland utvalssekretær Radøy kommune Saksframlegg Saknr 001/2016 Utval Type Dato Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 16/100 16/756 Meldingar og referatsaker Saksopplysingar: Det vert lagt fram følgjande meldingar og referatsaker: a. Nordhordland Revisjon IKS – representantskapsmøte 4.desember 2015 b. Kontrollutvalet i Radøy - møteutskrift 7.desember 2015 c. Kontrollutvalet i Radøy – møteplan 2016 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingar og referatsaker vert tekne til orientering Vedlegg: Nordhordland Revisjon IKS_Representskapsmøte Kontrollutvalet i Radøy_møteutskrift 07_12_15 Møteplan KU Radøy 2016_ Møteplan og planlagde saker 2016 - kontrollutvalet Radøy Vedtatt i møte 07.12.15 Tema til handsaming 2016 22. feb. 13. april 30. mai 19. 14. sep. nov. Godkjenning av innkalling og saksliste Godkjenning av referat frå sist møte Referatsaker Gjennomgang av møteprotokollar – kommunestyret, formannskapet og andre politiske utval Status rekneskapsrevisjon, orientering frå revisjonen Revisor sin uavhengighet Orientering/dialog med ordførar og rådmann Planlagde Sentraladministrasjonen orienteringar frå Helse og omsorg administrasjon om Økonomi organisering og Byggesaker – tenestene sakshandsamingstid Oppvekst og kultur Uttale til årsrekneskap/årsmelding 2015 X X X X X X X X X X X X X X X X Forvaltningsrevisjon – plan Investeringsprosjekt – organisering og ansvar Kontrollutv årsplan/møteplan for 2017 Forvaltningsrevisjon oppfølging av NAV tidlegare prosjekt X X X X X X X X X X X X X X X X X X X Samhandlingsreformen – helse Prosjektrekneskap – investeringsprosjekt Oppfølging av evt punkt i revisjonsrapport – rekneskap Økonomisk status for kommunen Vedtatt med atterhald om endringar. X X X Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 005/2016 Formannskapet i Radøy PS 20.01.2016 002/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 15/1727 16/349 Val av eldreråd 2016-2019 Saksopplysingar: Ifølgje § 1 i reglement for Radøy eldreråd, skal kommunestyret oppnemna eldrerådet i Radøy. Rådet skal ha 6 medlemer med varamedlemer. Fleirtalet av medlemene skal vera alderspensjonistar. To medlemer og to varamedlemer vert valde blant medlemene i kommunestyret. Ein av desse bør vera blant formannskapet. Oppnemninga følgjer valperioden. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar som skal veljast blant pensjonistane. Etter § 2 i Lov om eldreråd har pensjonistforeiningar rett til å koma med framlegg om medlemer til eldrerådet. I kommentarane til lova vert det også gjeve høve for andre typar frivillige organisasjonar og foreiningar som driv arbeid blant eldre, som t.d. lokallag av landsomfattande organisasjonar og foreiningar, til å føreslå medlemer til eldrerådet. Det er ikkje noko krav om at føreslegne medlemer må vera medlemer i organisasjonen, foreininga eller laget som kjem med framlegget. Det er sendt ut brev til Radøy pensjonistlag, LHL Radøy og Manger helselag, der det er gjeve melding om høve til å koma med framlegg om medlemer til eldrerådet. Det har kome inn framlegg frå Radøy pensjonistlag og LHL Radøy. Valnemnda (formannskapet) kjem med framlegg til kommunestyret på medlemer og varamedlemer til eldrerådet. Valnemnda - handsaming: Det vart sett fram følgjande framlegg: Som medlemer og varamedlemer til Radøy eldreråd for perioden 2016-2019, vert desse valde: Medlemer Varamedlemer Norvald Elvik 1. Norvald Askeland Magnar Klausen 2. Karin Halland Oddbjørg Dragøy 3. Berit Kvalvik Berit Grindheim Frå kommunestyret Torill Helland Ap 1. Else Marie Skartveit Dale KrF Laila S. Pletten Sp 2. Wenche Kalnes Tveranger Frp Valnemnda vedtok samrøystes framlegg sett fram i møtet. Valnemnda sitt framlegg til vedtak: Som medlemer og varamedlemer til Radøy eldreråd i perioden 2016-2019, vert desse valde: Medlemer Norvald Elvik Magnar Klausen Oddbjørg Dragøy Berit Grindheim Frå kommunestyret Torill Helland Laila S. Pletten Varamedlemer 1. Norvald Askeland 2. Karin Halland 3. Berit Kvalvik Ap Sp 1. Else Marie Skartveit Dale 2. Wenche Kalnes Tveranger Vedlegg: Framlegg til kandidatar Radøy eldreråd 2016-2019 Brev_kommunestyrer_fylkest (L)(60105) Eldrerådet i Radøy 2012-2015 KrF Frp Det er kome inn følgjande framlegg på kandidatar til Radøy eldreråd: LHL Radøy sine kandidatar: Norvald Elvik, Oddbjørg Dragøy Radøy pensjonistlag sine kandidatar: Magnar Klausen, Berit Grindheim vara: Norvald Askeland Vår dato: 15.10.2015 Til alle fylkesting og kommunestyrer Eldre og funksjonshemmede er best tjent med hvert sitt råd Eldrerådsloven og Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m., ble vedtatt for å sikre eldre og funksjonshemmede økt innflytelse og begrunnet med at begge grupper er underrepresentert i folkevalgte organer. Resultatet fra valget i høst bekrefter at det fortsatt er behov for eldreråd og råd for personer med funksjonsnedsettelse i alle fylker og kommuner. Vår erfaring er at eldre og personer med nedsatt funksjonsevne er best tjent med hvert sitt råd, fordi hver enkelt gruppes innflytelse svekkes om deres råd slås sammen. Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) ønsker derfor å minne alle nyvalgte kommunestyrer og fylkesting om at å slå sammen eldreråd og råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne, kun kan skje om organisasjoner som representerer dem samtykker. Hvis enten eldres organisasjoner eller organisasjoner som representerer mennesker med nedsatt funksjonsevne ikke ønsker et felles råd, oppfylles ikke formålet med eldrerådsloven og Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. Felles råd bør kun velges i spesielle tilfeller. Det fremgår av (daværende) Arbeids- og inkluderingsdepartementets rundskriv A-32/2007: «Kommunen og/ eller fylkeskommunen kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Skal ei representasjonsordning fungere godt, må ho ha legitimitet. Dersom menneske med nedsett funksjonsevne og eldre ikkje opplever å ha sterke nok felles interesser og dermed ikkje vil medverke til eit felles råd, så vil ikkje eit felles råd oppfylle formålet med lova. Departementet ser det som avgjerande for ordninga at både organisasjonane, etablerte frivillige råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråda vert høyrde før kommunen/fylkeskommunen tek stilling til kva for representasjonsordning dei skal ha. Saksområdet for eit eventuelt felles råd vil være saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne og alle saker som gjeld levekåra for eldre. Departementet viser til rundskriv A-28/07 for omtale av saksområdet for råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet meiner at felles råd berre bør veljast i særskilde høve.» Pensjonistforbundet Lilletorget 1 0184 OSLO Telefon 22 34 87 70 Telefaks 22 34 87 83 Webside www.pensjonistforbundet.no E-post [email protected] Bankgiro 9001 05 50202 Org.nr. 970 323 910 Side 1/2 Pensjonistforbundet, FFO og SAFO oppfordrer alle kommunestyrer og fylkesting til å ikke opprette felles råd for eldre og personer med nedsatt funksjonsevne. Kommunestyrer og fylkesting som likevel vurderer felles råd, må involvere eldres og funksjonshemmedes organisasjoner og kun vedta felles råd om begge gruppers organisasjoner samtykker. Eldreråd og råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne er lovpålagte organer hjemlet i to ulike lover. Vi har vært i kontakt med direktør Helge Eide i KS om verdien av å ha separate råd for eldre og personer med funksjonsnedsettelse, både for gruppene de representerer og for kommunestyrene og fylkestingene. Vi anmoder alle som opplever lokale uenigheter om forståelse av lovene om å kontakte KS i fylket og våre organisasjoner for å få hjelp. Vennlig hilsen Jan Davidsen Pensjonistforbundet Knut Magne Ellingsen /s FFO Arne Lein /s SAFO Side 2/2 26.01.2012 KOMMUNESTYRET Kommunestyret vedtok samrøystes valnemnda si tilråding. KS-015/12 VEDTAK: Som medlemer og varamedlemer til eldrerådet for valperioden 2012 – 15, vert desse valde: Medlemer: Borghild Baug Magnar Klausen Norvald Elvik Oddbjørg Dragøy Frå kommunestyret: Kirsti Gjetle Floen Oddmund Skjelvik Varamedlemer: 1. Kåre Færøy 2. Kirsten Steindal 3. Arne Villanger 4. Berit Kvalvik (Ap) (Sp) 1. Morgan Taule 2. Ingvill Taule 3. Jostein Dale 4. Eva Karin Klausen (Ap) (Sp) (KrF) (H) Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 004/2016 Formannskapet i Radøy PS 20.01.2016 003/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 15/1727 16/366 Val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2016-2019 Saksopplysingar: Ifølgje § 1 i reglement for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, skal rådet ha 6 medlemer oppnemnde av kommunestyret der 2 medlemer bør veljast mellom medlemene i kommunestyret. Ein av desse bør koma frå hovudutval for plan, landbruk og teknisk. 4 medlemer vert valde etter forslag frå organisasjonane som representerer menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunestyret vel leiar og nestleiar. Rådet vert vald for den kommunale valperioden. Det har kome framlegg til medlemar i råd for menneske med nedsett funksjonseve frå LHL Radøy, Radøy revmatikarlag, Diabetesforbundet Nordhordland, SAFO sørvest, Mental Helse Radøy/Austrheim og Radøy lag for funksjonshemma. Valnemnda (formannskapet) kjem med framlegg til kommunestyret på medlemer og varamedlemer til råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Valnemnda - handsaming: Det vart sett fram følgjande framlegg: Som medlemer i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i perioden 2016-2019, vert desse valde: Medlemer Jannicke Helland Johannes Kolås Anna Hella Kartveit Berly Hella Frå kommunestyret Mai-Liss Sylta Møn May Britt V. Gjerde Leiar: Jannicke Helland Varamedlemer 1. Gro Borgund 2. Eli-Helen Gjellestad 3. Signe Bergvoll 4. Wenche Frantzen Sp Sp 1. Ståle Villanger 2. Morgan Taule Nestleiar: May Britt V. Gjerde Valnemnda vedtok samrøystes framlegg sett fram i møte. V Ap Valnemnda sitt framlegg til vedtak: Som medlemer i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i perioden 2016-2019, vert desse valde: Medlemer Jannicke Helland Johannes Kolås Anna Hella Kartveit Berly Hella Frå kommunestyret Mai-Liss Sylta Møn May Britt V. Gjerde Leiar: Jannicke Helland Varamedlemer 1. Gro Borgund 2. Eli-Helen Gjellestad 3. Signe Bergvoll 4. Wenche Frantzen Sp Sp 1. Ståle Villanger 2. Morgan Taule Nestleiar: May Britt V. Gjerde V Ap Vedlegg: Lag og organisasjonar har kome med følgjande framlegg til medlemar i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2012-2015 Lag og organisasjonar har kome med følgjande framlegg til medlemar i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne: LHL Radøy sin kandidat: Johannes Kolås Radøy revmatikarlag sin kandidat: Berly Hella Diabetesforbundet Nordhordland sin kandidat: Eli-Helen Gjellestad Safo sørvest sin kandidat: Anna Hella Kartveit Mental Helse Radøy/Austrheim sin kandidat: Jannicke Helland vara: Wenche Frantzen Radøy lag for funksjonshemma: Gro Borgund Vara: Signe Bergvoll 26.01.2012 KOMMUNESTYRET Kommunestyret vedtok samrøystes valnemnda si tilråding. KS-016/12 VEDTAK: Som medlemer og varamedlemer til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, for valperioden 2012 – 2015, vert desse valde: Medlemer: Johannes Kolås Gro Borgund Jannicke Helland Oddstein Storheim Frå kommunestyret: Liv Berith Rath Dag Sætre Varamedlemer: 1. Wenche Soltveit 2. Birger Klausen 3. Karianne Hole Tveiten 4. Erling J. Tjore (Ap) (Sp) Leiar: Liv Berith Rath 1. Sara Sekkingstad 2. Johnny Brattetaule 3. Birthe Haugland Frotaule 4. Morgan Taule Nestleiar: Johannes Kolås (Sp) (H) (V) (Ap) Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 007/2016 Formannskapet i Radøy PS 20.01.2016 004/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 14/537 16/464 Godtgjersle til folkevalde 2015-2019 Saksopplysingar: I kommunelova heiter det: § 41. Dekning av utgifter og økonomisk tap. 1. Den som har et kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv, har krav på skyss-, kost- og overnattingsgodtgjøring for reiser i forbindelse med vervet, etter nærmere regler fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. 2. Tap av inntekt og påførte utgifter som følge av kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv erstattes opp til et visst beløp pr. dag, fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. Det skal fastsettes ulike satser for legitimerte og ulegitimerte tap. § 42. Arbeidsgodtgjøring. Den som har et kommunalt eller fylkeskommunalt tillitsverv, har krav på godtgjøring for sitt arbeid etter nærmere regler fastsatt av kommunestyret eller fylkestinget selv. Ordføraren la i siste kommunestyremøte i forrige periode fram eit notat med endringar i reglement for godtgjersle til folkevalde, og varsla samtidig ein politisk gjennomgang av ordninga i det nye kommunestyret. Radøy kommune har eit enkelt reglement for godtgjersle for kommunale tillitsverv, som vart vedteke i kommunestyret i januar 2012. Rådmannen rår til at ein held fast på eit enkelt reglement med nokre få justeringar. Vervet som leiar i hovudutval for plan, landbruk og teknisk er tidkrevande, og rådmannen legg opp til ein viss auke i godtgjersla. Samtidig blir det gjort framlegg om å ta vekk godtgjersla til nestleiar i utvalet, som då blir den same godtgjersla som for dei øvrige medlemane i utvalet, som vert føreslege auka med kr 1000,-. Endringane som det blir gjort framlegg om vil ikkje føra til auka kostnader i budsjettet, og Radøy vil framleis ha eit nøktern ordning. I samband med at Radøy kommune, og dei andre kommunane i regionen, no går bort frå ordninga med kommunale nettbrett, vert det no gjort framlegg om ein økonomisk kompensasjon til kommunestyremedlemane og faste medlemar i utval på kr 1000,- pr. år for bruk av eige datautstyr. Dette inkluderer bruk av privat PC, brett, skrivar, papir og anna utstyr – inkludert tilgang til internett. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Følgjande reglement for godtgjersle for kommunale tillitsverv vert gjeldande frå 22. oktober 2015. 1. Fast årleg godtgjersle (i tillegg til møtegodtgjersle): Medlemer i formannskapet kr 20 000 Medlemer i hovudutval for plan, landbruk og teknisk kr 15 000 Leiar i hovudutval for plan, landbruk og teknisk kr 25 000 Leiar i kontrollutvalet og byggjenemnda kr 7 000 Fråvær frå meir enn 25 % av møta fører til høvesvis reduksjon. Vararepresentant som har meir enn 25 % frammøte, får utbetalt høvesvis del av fast årleg godtgjersle. 2. Leiarar av andre råd/utval, samt fungerande leiar ved forfall, jf. pkt.1 (pr. møte) kr 1 200 3. Møtegodtgjersle (pr. møte) kr 600 Det vert berre utbetalt ei møtegodtgjersle der fleire møte er lagt etter kvarandre på same dag. 4. Eventuelt vederlag for tapt arbeidsforteneste kjem i tillegg til ovannemnde godtgjersler. Høgaste kronesum som kan ytast for ulegitimerte tap, vert sett til kr 1000,- pr. dag dersom møta er lagt til eit tidspunkt slik at vedkomande må ta fri frå det ordinære arbeid for å utøva vervet. For legitimerte tap og utgifter kan det betalast ut inntil kr 3000,- pr. dag. For sjølvstendig næringsdrivande kan det betalast ut inntil kr 3600,- når tapet er dokumentert med oppgåve frå firma. 5. Når det gjeld skyss, kost og overnatting i samband med reiser, vert det godtgjort etter det kommunale reiseregulativet. 6. Det vert gjeve refusjon for nødvendige utgifter til barnepass. 7. Formannskapet får fullmakt til å ta avgjerd i tolkingsspørsmål som gjeld dette reglementet. 8. Kommunestyremedlemar og faste medlemar i utval får kr. 1000,- pr. år for bruk av eige datautstyr. Dette inkluderer bruk av privat PC, brett, skrivar, papir og anna utstyr – inkludert tilgang til internett. Formannskapet i Radøy - 007/2016 FS - handsaming: Etter drøftingar sette ordførar Jon Askeland fram følgjande endringsframlegg til punkt 1 - Fast årleg godtgjersle: Leiar i kontrollutvalet og leiar i byggjenemnda kr 15 000 Satsane for godtgjersla til leiarane under punkt 1 vert frå 2017 årleg indeksregulert basert på konsumpris-indeksen den 31/12 2016. Satsane vert avrunda opp til næraste tusen. Formannskapet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak, med endringsframlegg frå ordføraren sett fram i møtet. FS - vedtak: Følgjande reglement for godtgjersle for kommunale tillitsverv vert gjeldande frå 22. oktober 2015: 1. Fast årleg godtgjersle (i tillegg til møtegodtgjersle): Medlemer i formannskapet Medlemer i hovudutval for plan, landbruk og teknisk Leiar i hovudutval for plan, landbruk og teknisk Leiar i kontrollutvalet og byggjenemnda Fråvær frå meir enn 25 % av møta fører til høvesvis reduksjon. Vararepresentant som har meir enn 25 % frammøte, får utbetalt høvesvis del av fast årleg godtgjersle. kr 20 000 kr 15 000 kr 25 000 kr 15 000 2. Leiarar av andre råd/utval, samt fungerande leiar ved forfall, jf. pkt.1 (pr. møte) 3. Møtegodtgjersle (pr. møte) Det vert berre utbetalt ei møtegodtgjersle der fleire møte er lagt etter kvarandre på same dag. kr 1200 kr 600 4.. Eventuelt vederlag for tapt arbeidsforteneste kjem i tillegg til ovannemnde godtgjersler. Høgaste kronesum som kan ytast for ulegitimerte tap, vert sett til kr 1000,- pr. dag dersom møta er lagt til eit tidspunkt slik at vedkomande må ta fri frå det ordinære arbeid for å utøva vervet. For legitimerte tap og utgifter kan det betalast ut inntil kr 3000,- pr. dag. For sjølvstendig næringsdrivande kan det betalast ut inntil kr 3600,- når tapet er dokumentert med oppgåve frå firma. 5. Når det gjeld skyss, kost og overnatting i samband med reiser, vert det godtgjort etter det kommunale reiseregulativet. 6. Det vert gjeve refusjon for nødvendige utgifter til barnepass. 7. Formannskapet får fullmakt til å ta avgjerd i tolkingsspørsmål som gjeld dette reglementet. 8. Kommunestyremedlemar og faste medlemar i utval får kr. 1000,- pr. år for bruk av eige datautstyr. Dette inkluderer bruk av privat PC, brett, skrivar, papir og anna utstyr – inkludert tilgang til internett. Vedlegg: Godtgjersle til folkevalde vedteke KS 2012 KS-012/12 VEDTAK: Følgjande reglement for godtgjersle for kommunale tillitsverv gjeldande frå 1. januar 2012: 1. Fast årleg godtgjersle (i tillegg til møtegodtgjersle): Medlemer i formannskapet kr 20.000 Medlemer i hovudutval for plan, landbruk og teknisk kr 14.000 Leiar i hovudutval for plan, landbruk og teknisk kr 20.000 Nestleiar i hovudutval for plan, landbruk og teknisk kr 16.000 Leiar i kontrollutvalet, eldrerådet, byggenemnder, overformynderi, råd for menneske med nedsett funksjonsevne kr 7.000 Fråvær frå meir enn 25 % av møta fører til høvesvis reduksjon. Vararepresentant som har meir enn 25 % frammøte, får utbetalt høvesvis del av fast årleg godtgjersle. 2. Leiarar av andre råd/utval, samt fungerande leiar ved forfall, jf. pkt.1 (pr. møte) kr 1.200 3. Møtegodtgjersle (pr. møte) kr 600 Det vert berre utbetalt ei møtegodtgjersle der fleire møte er lagt etter kvarandre på same dag. 4. Eventuelt vederlag for tapt arbeidsforteneste kjem i tillegg til ovannemnde godtgjersler. Høgaste kronesum som kan ytast for ulegitimerte tap, vert sett til kr 1000,- pr. dag dersom møta er lagt til eit tidspunkt slik at vedkomande må ta fri frå det ordinære arbeid for å utøva vervet. For legitimerte tap og utgifter kan det betalast ut inntil kr 3000,- pr. dag. For sjølvstendig næringsdrivande kan det betalast ut inntil kr 3600,- når tapet er dokumentert med oppgåve frå firma. 5. Når det gjeld skyss, kost og overnatting i samband med reiser, vert det godtgjort etter det kommunale reiseregulativet. 6. Det vert gjeve refusjon for nødvendige utgifter til barnepass. 7. Formannskapet får fullmakt til å ta avgjerd i tolkingsspørsmål som gjeld dette reglementet. Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 008/2016 Formannskapet i Radøy PS 20.01.2016 005/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Arthur Kleiveland 14/537 16/465 Godtgjersle til ordførar og varaordførar i Radøy kommune Saksopplysingar: Ved inngangen til førre periode gjekk Radøy over til at ordførargodtgjersla følgjer stortingsrepresentantane. Ordføraren har i eit notat tatt initiativet til ei drøfting av godtgjersle til folkevalde, inkludert godtgjersle til ordførar og varaordførar. Ordføraren viser til at han vil ta i mot ei viss godtgjersle for arbeidet på Fylkestinget i denne valperioden. Han rår difor til at ordførargodtgjersla vert sett til 90% av godtgjersla til stortingsrepresentant. Etter gjeldande reglement er varaordføraren si godtgjersle fastsett til 10% av ordføraren si godtgjersle. I notatet frå ordføraren vert det vist til at partia SP, AP og Krf har drøfta å styrkja politisk leiing i kommunen. Ordføraren tar difor til ordet for at varaordførar si godtgjersle vert sett til 20% av ordførargodtgjersla. Rådmannen føreslår å gjera endringa i godtgjersla til ordførar og varaordførar frå 1.1.2016. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Ordføraren si godtgjersle vert sett til 90% av stortingsrepresentantane si godtgjersle. Godtgjersla vert gjort gjeldande f.o.m. 1.januar 2016. Godtgjersla vert regulert automatisk etter auke i stortingsrepresentantane si godtgjersle kvart år. Godtgjersla gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. 2. Ved fråtreding får ordføraren ettergodtgjersle fram til 31. desember ved valperiodens slutt. Dersom ordføraren trer inn i ny stilling på eit tidlegare tidspunkt, fell ettergodtgjersla bort frå same tid. 3. Ordføraren skal vera innmeldt i pensjonsordning for folkevalde (KLP) samt ordninga tilsvarande HTA, kap. 1 § 10 når det gjeld ”ytingar etter dødsfall/gruppelivsforsikring”. 4. Retten til sjukepengar vert som for dei kommunalt tilsette arbeidstakarane. 5. Varaordførar si godtgjersle vert fastsett til 20% av ordførar si godtgjersle frå 1.januar 2016. Godtgjersla gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. Formannskapet i Radøy - 008/2016 FS - handsaming: Ordførar Jon Askeland orienterte om bakgrunnen for sitt initiativ til å redusera ordførar si godtgjersle. Askeland viste mellom anna til at han vil ta i mot ei viss godtgjersle for arbeidet på Fylkestinget i denne valperioden. Godtgjersla til varaordførar vert auka frå 10 til 20 prosent av ordførar si godtgjersle. Det vart ei drøfting om dette vil vera tilstrekkeleg i forhold til total arbeidsmengde. Det vart sett fram følgjande tilleggsframlegg: Det skal i perioden gjerast ei vurdering av varaordføraren si godtgjersle i forhold til arbeidsmengde. Tilleggsframlegg sett fram i møtet vart samrøystes vedteke. FS - vedtak: 1. Ordføraren si godtgjersle vert sett til 90% av stortingsrepresentantane si godtgjersle. Godtgjersla vert gjort gjeldande f.o.m. 1.januar 2016. Godtgjersla vert regulert automatisk etter auke i stortingsrepresentantane si godtgjersle kvart år. Godtgjersla gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. 2. Ved fråtreding får ordføraren ettergodtgjersle fram til 31. desember ved valperiodens slutt. Dersom ordføraren trer inn i ny stilling på eit tidlegare tidspunkt, fell ettergodtgjersla bort frå same tid. 3. Ordføraren skal vera innmeldt i pensjonsordning for folkevalde (KLP) samt ordninga tilsvarande HTA, kap. 1 § 10 når det gjeld ”ytingar etter dødsfall/gruppelivsforsikring”. 4. Retten til sjukepengar vert som for dei kommunalt tilsette arbeidstakarane. 5. Varaordførar si godtgjersle vert fastsett til 20% av ordførar si godtgjersle frå 1.januar 2016. Godtgjersla gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. Det skal i perioden gjerast ei vurdering av varaordføraren si godtgjersle i forhold til arbeidsmengde. Vedlegg: Godtgjersle folkevalde for perioden 2015-2019 (57235) (L) (57278) Godtgjersle til ordførar og varaordførar 2011-2015_KS_vedtak Radøy kommune Ordføraren Notat Til: Kommunestyret Kopi til: Saksbehandler: Vår referanse: Dato: Ordføraren/Jon Askeland 15/1790 - 1 / FE - 082, HistSak - 11/481 21.09.2015 Godtgjersle folkevalde for perioden 2015-2019 Det er ein god tradisjon for at avgåande kommunestyre drøftar godtgjersleprinsipp for ny periode, og at nytt kommunestyre fattar vedtak. Ordførar vil rå til følgjande endringar i godtgjersle for folkevalde for perioden 2015 – 2019. 1. Godtgjersle til ordførar. Ved inngangen til førre periode gjekk Radøy over til at ordførargodtgjersla følgjer Stortingsrepresentantane. Ordførar meiner at Stortingsrepresentantane si godtgjersle har auka så mykje dei siste åra, at det ikkje lenger er rett at Radøy følgjer dette prinsippet fullt ut. Samstundes vil ordførar ta imot ei viss godtgjersle for arbeidet på Fylkestinget, noko som også bidreg til at ordførar rår til endring. Ordførar rår til at ordførargodtgjersla vert sett til 90% av Stortingsrepresentant-godtgjersla frå ny periode. 2. Godtgjersle til varaordførar. Partia SP, AP og Krf har drøfta å styrkja politisk leiing i kommunen, og ordførar gjer med dette framlegg om at varaordførar si godtgjersle vert sett til 20% av ordførargodtgjersla. 3. Godtgjersle til leiar i hovudutvalet. Dette leiarvervet er eitt av dei som krev stor arbeidsmengd gjennom året. I dag er godtgjersla den same som for medlemmer i formannskapet, med tillegg av tapt arbeidsforteneste. Ordførar rår til at godtgjersla vert auka, men at det nye kommunestyret fastset endeleg godtgjersle. 4. Møtegodtgjersler. Ordførar rår til at rådmannen får fullmakt til å undersøkja med nabokommunar kva møtegodtgjersle som vert sett for ny periode, og at Radøy si godtgjersle vert verande på nivå med nabokommunane. Men, ordførar rår til at Radøy sitt enkle system med rein møtegodtgjersle Post [email protected] Radøyvegen 1690, 5936 Manger Kontakt Telefon +47 56 34 90 00 Telefaks +47 56 34 90 01 www.radoy.kommune.no Konto 3636 07 00776 Org.nr. 954 748 634 etter låg og høg sats vert vidareført, og i tillegg tapt arbeidsforteneste for dei som dette er aktuelt for. 5. Møtegodtgjersle i utval med få møte. Der er nokre utval med få møte pr år. Ordførar rår til at leiarane i desse ikkje får fast møtegodtgjersle, men høgare (dobbel) sats for møtegodtgjersle når det er møte. Dette gjeld leiarane for Eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, kontrollutval og byggenemnder, som har kr 7500,- i fast godtgjersle. Fleire av desse har få møte i året, dvs. 3-4. Unntaket er dersom me slår saman byggjenemndene til ei nemnd, så bør likevel leiar ha fast årleg godtgjersle. c:\users\raarkl\desktop\godtgjersle folkevalde for perioden 2015-2019 (57235).docx KS-024/11 VEDTAK: 1. Ordføraren si godtgjering vert sett lik stortingsrepresentantane si godtgjersle. Godtgjeringa vert regulert automatisk etter auke i stortingsrepresentantane si godtgjersle kvart år. Godtgjeringa gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. 2. Ved fråtreding får ordføraren ettergodtgjersle fram til 31. desember ved valperiodens slutt. Dersom ordføraren trer inn i ny stilling på eit tidlegare tidspunkt, fell ettergodtgjersla bort frå same tid. 3. Ordføraren skal innmeldast i pensjonsordning for folkevalde (KLP) samt ordninga tilsvarande HTA, kap. 1 § 10 når det gjeld ”ytingar etter dødsfall/gruppelivsforsikring”. 4. Retten til sjukepengar vert som for dei kommunalt tilsette arbeidstakarane. 5. Godtgjeringa vert gjort gjeldande f.o.m. ny valperiode, dvs. 1. november 2011. 6. Varaordførar si godtgjersle vert fastsett til 10% av ordførar si godtgjersle. Godtgjeringa gjeld for tenestegjering i alle kommunale verv. Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 012/2016 Formannskapet i Radøy PS 20.01.2016 006/2016 Kommunestyret i Radøy PS 27.01.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Jarle Landås 14/250 16/347 Val av høyringsalternativ - kommunereform Saksopplysingar: Bakgrunn Kommunane har i oppdrag å utgreie kommunestruktur og kommunestyret må innan 30.06.16 gjere eit vedtak om dei går inn for kommunesamanslåing. Radøy kommune forhandlar med kommunane Lindås og Meland om saman å byggje ny kommune. Tre politikarar frå kvar kommune utgjer forhandlingsutvalet og formannskapet i Radøy er styringsgruppe. Utkast til intensjonsavtale vart forhandla fram våren 2015. Kommunane er open for at også andre kommunar i Nordhordland kjem med i forhandlingane. Forhandlingane mellom kommunane vart tatt opp igjen etter valet på forhandlingsmøtet 14.12.15. Arbeidet er no i gang med å oppdatere og konkretisere Intensjonsavtalen og forslag til vidare framdrift er at avtalen skal ferdigstillast i januar og forankrast i kommunestyra i løpet av februar. Inndelingslova § 10 seier at innbyggarane bør høyrast før kommunestyra gjer vedtak om eventuell samanslåing. Ei slik høyring kan skje ved folkeavrøysting, opinionsundersøking, møte eller liknande. Radøy kommune har allereie gjennomført fleire tiltak med innbyggardialog. Informasjon om kommunereforma generelt og med Radøy kommune spesielt, er tilgjengeleg på fleire nettsider, blant anna heimesida til Radøy kommune. Det er også lagt ut informasjon på facebooksida. Med grunnlag i utkast til intensjonsavtale vart det gjennomført fire folkemøte i Radøy i november 2015, der det vart informert om prosessen, innhald i utkast til avtale og det var mogleg for innbyggjarane til å kome med spørsmål og synspunkt på saka. Vidare var det hausten 2015 gjennomført innbyggarundersøking om kommunesamanslåing. Det er under utarbeiding ein eigen kommunikasjonsplan og det er under utarbeiding ei felles informasjonsbrosjyre om kommunesamanslåinga i dei tre aktuelle kommunane. Der er vidare lagt opp til høyring av innbyggjarane med grunnlag i endeleg intensjonsavtale i form av eit folkemøte, samt folkeavstemming eller innbyggjarundersøking i løpet av april månad. Det er naudsynt for Radøy å ta stilling til om innbyggjarane skal høyrast om samanslåing anten gjennom innbyggjarundersøking eller folkeavstemming. Dette skal gjennomførast før endeleg vedtak i kommunestyret i juni i år. Folket si tilbakemelding vil vere rådgjevande uavhengig av kva form ein veljer. Meland kommune har politisk vedtak om å gjennomføre folkeavstemming, mens Lindås kommune enno ikkje har tatt stilling til spørsmålet. Telemarksforsking har drøfta fordelar og ulemper med dei ulike alternativ i ein rapport datert 26.08.14: « Hvordan gjennomføre en kommunesammenslåing» Rapporten peikar på at val av høyringsmåte må vurderast etter kva krav som det er naturleg å stille til at ein høyringsprosess skal bidra til: · å bringe fram representativ informasjon · å skape dialog · at innbyggarane sine standpunkt bygger på kunnskap og innsikt · å gi informasjon om styrken i innbyggarane sine standpunkt og kva argument som er utslagsgivande Vurdering Kap. 2.1 i rapporten frå Telemarksforsking gir ein vurdering av folkeavstemming: Folkeavstemming er som nevnt den tradisjonelle måten å innhente innbyggernes syn på en kommunesammenslåing. Selv om makten for å avgjøre sammenslåings-spørsmålet er lagt til kommunestyrene, har det vært mest vanlig med rådgivende folkeavstemming ved sammenslåing fordi spørsmålet er viktig for folk flest. I representative demokrati er valg og folkeavstemming den viktigste formelle kommunikasjonskanalen mellom styrende og styrte. Norge har imidlertid ingen sterk tradisjon for å benytte folkeavstemming som demokratisk virkemiddel. I andre land, som f.eks. Danmark, Sveits og USA, er dette et instrument som er benyttet i større grad. Bruk av folkeavstemminger berører en del demokratiske problemstillinger som det kan være viktig å være oppmerksom på. Folkeavstemminger kan ha en tendens til å støtte opp om de motsetningsorienterte trekkene knyttet til politiske spørsmål. Det vil si at de ikke legger godt til rette for dialog og vurderinger av ulike sider av en sak av en sak hvor man i fellesskap og søker gode løsninger gjennom bred, omforent konsensus. Deltakelse i demokratiske prosesser blir gjerne sett på som viktig for å bidra til demokratisk læring, for å skape politisk engasjement og derigjennom bidra til å styrke og videreutvikle demokratiet. Det kan stilles spørsmål ved hvorvidt folkeavstemminger bidrar til å støtte opp om disse idealene. Gjennom folkeavstemming kan velgeren utføre sin deltakelse alene og for seg selv, uten en debatter-ende deltakelse. I dette ligger at avveininger i stemmeboksen ikke nødvendigvis er et resultat av dialog, og at mange kan ha vært passive tilhørere av eventuelle offentlige debatter i forkant. Gjennom folkeavstemming har alle muligheter for å utrykke sin mening, men folkeavstemminger innebærer at det er klare valgalternativ. I spørsmål om kommunesammenslutninger er alternativet ja eller nei. Folkeavstemminger kan være mindre egnet for å få fram meninger og bakgrunn for synspunkter samt styrken i disse. Ved lav valgdeltakelse kan det også reises spørsmål ved hvorvidt stemmeresultatet er representativt for innbyggernes syn. I slike tilfeller kan det være grunn til å stille seg spørsmål om hvilke synspunkter den store andelen som ikke stemte hadde. Var de positive, negative, usikre eller likegyldige? Ved å gjennomføre en «politisk bindende» folkeavstemming overlater politikerne til innbyggerne å fatte en avgjørelse, selv som slike folkeavstemminger i utgangs-punktet er rådgivende. Dersom politikerne gjennom dette frasier seg ansvaret, kan det også gjøre det vanskelig å få til politisk engasjement og debatt rundt spørsmå-let, både mellom politikerne og mellom politikere og innbyggerne. Dette kan med-føre liten bevissthet om hva som er utfordringsbildet, målsetninger og effekter av en kommunesammenslåing, og at folkeavstemmingen blir en kanal for spesielt eng-asjerte interessegrupper. Som grunnlag for å gjennomføre en folkeavstemming er det på forhånd viktig å gjennomføre en bred og inkluderende prosess der positive og negative sider ved uli-ke alternativer er belyst. Dette vil være en forutsetning for at innbyggerne skal kunne gjøre seg opp et veloverveid standpunkt. Dersom det er usikkerhet om hva en sammenslåing vil innebære, kan sannsynligheten for å stemme for den eksiste-rende situasjonen være større – «man vet man har, men ikke hva man får». Proses-sen fram mot en folkeavstemming må derfor legge vekt på å få til en dialog om det framtidige utfordringsbildet, målene for framtidig utvikling og i hvilken grad man sammen kan løse felles utfordringer. Det vil være viktig å unngå at prosessen blir en «skyttergravsdebatt», der hver side kun er opptatt av finne argumenter for eller mot. En slik prosess kan også være uheldig for det videre samarbeidet dersom en mulig sammenslåing ikke blir realisert. Kap. 2.2 i rapporten gir ein vurdering av opinionsundersøkingar: Opinionsundersøkelser er en vanlig metode for å hente inn folk synspunkter og oppfatninger i forhold ulike spørsmål og problemstillinger. Opinionsundersøkelser kan legges opp slik at de gir et representativt inntrykk av befolkningens synspunkter med relativt små feilmarginer. Slike undersøkelser forutsetter at man trekker et representativt utvalg av den befolkningsgruppen man ønsker å undersøke. I tillegg gir slike undersøkelser også muligheter for å fange opp mer nyansert synspunkter blant innbyggerne, f.eks. grad av sikkerhet, hvorfor de stemmer det ene eller andre, styrken i standpunktene, forutsetninger for å endre standpunkt o.l. Sånn sett kan en opinionsundersøkelse gi et mer representativt uttrykk for folkemeningen enn en folkeavstemming. En ulempe kan være at spørsmålene i stor grad vil være forhåndsdefinerte, noe som kan medføre at undersøkelsen fokuserer på spørsmål som ikke innbyggerne er opptatt av. Dersom spørsmålene som stilles har vært lite debattert og fokusert på forhånd, kan man også her risikere å få lite gjennomtenkte svar, noe som innebærer at folk kan endre synspunkt etter hvert som de får satt seg grundigere inn i spørsmålene. Her kan postale spørreskjema eller nettbaserte spørreskjema ha en fordel i forhold til telefonintervju, ved at innbyggerne får bedre tid til å vurdere spørsmålene samtidig som det i større grad er muligheter for mer åpne spørsmål og svar. Det siste gir større muligheter for å fange opp synspunkter som ikke dekkes av de forhåndsdefinerte spørsmålene. Dersom man benytter spørreundersøkelse som alternativ til folkeavstemming, krever dette at dataene blir grundig analysert og kommunisert til innbyggerne. Dette krever også at man har et bevisst forhold til hvordan en spørreundersøkelse skal benyttes før den settes i gang. Dersom innbyggerne Dersom innbyggerne får en følelse av at resultatene ikke blir tatt hensyn til, eller at undersøkelsen blir benyttet for å forsøke å legitimere visse synspunkter, kan dette bidra til å skape mistillit og irritasjon blant innbyggerne. Ved at opinionsundersøkelser gjør det mulig å få kjennskap til styrken i innbyggernes synspunkter samt årsaker og forutsetninger for å stemme det ene eller andre, kan dette bidra til å gi politikerne bedre muligheter for å ta egne beslutninger. Samtidig kan beslutningene begrunnes utfra, og ivareta, innbyggernes synspunkter. I forhold til folkeavstemminger gir opinionsundersøkelser muligheter for innbyggerne til å uttrykke mer nyanserte synspunkter i forhold til en kommunesammenslutning, men de gir ikke uten videre et grunnlag for bedre dialog. Dersom opinionsundersøkelser skal fungere som et redskap for å styrke innbyggerdialogen, bør slike undersøkelser også gjennomføres i en tidlig fase av sammenslåingsprosessen. Spørsmål og synspunkter fra innbyggerne kan da danne grunnlag dialog-, debatt- og informasjonstiltak i en senere fase. Konklusjon Opinionsundersøking vurderast som totalt sett å vere best eigna for å ta i vare innbyggarmedverknad og høyring i siste fase av prosessen før endeleg vedtak. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Radøy kommune gjennomfører opinionsundersøking som høyring av innbyggjarane etter at endeleg intensjonsavtale er inngått og før vedtak om samanslåing. Formannskapet i Radøy - 012/2016 FS - handsaming: Fleire representantar gjorde det klart at det er behov for å drøfta spørsmålet om høyringsalternativ nærare i sine respektive parti før handsaming i kommunestyret. Rådmannen kom med følgjande endringsframlegg: Radøy kommune gjennomfører opinionsundersøking som siste høyring av innbyggjarane før kommunestyret gjer vedtak i sak om eventuell samanslåing. Anne Berit Bø Palmesen (Sp) kom med følgjande framlegg: Radøy kommune gjennomfører rådgjevande folkerøysting som siste høyring av innbyggjarane før kommunestyret gjer vedtak i sak om eventuell samanslåing. Formannskapet vedtok rådmannen sitt endringsframlegg med 5 mot 2 røyster (Sp). FS - vedtak: Radøy kommune gjennomfører opinionsundersøking som siste høyring av innbyggjarane før kommunestyret gjer vedtak i sak om eventuell samanslåing.
© Copyright 2024