Radøy Venstre

Program for
Radøy
Venstre
for perioden 2015-2019
Få fart på
Radøy
Jobb nummer ein i Radøy
kommune er å betre
økonomien.
For å gjere det vil Radøy Venstre
arbeide målretta for at det skal
byggjast fleire bustader og etablerast fleire bedrifter med nye
arbeidsplassar på Radøy.
Dette vil gi pengar i kommunekassa, men for å lukkast trengs nye
idear og ein meir positiv utviklingskultur. Gjennom god dialog og
samarbeid med byggebransjen kan
me lukkast i å få fram både store
og små bustdautviklingsprosjekt.
Tilsvarande må Radøy kommune
verte langt meir aktiv når det gjeld
å fremje næringsutvikling. Også
her handlar det mykje om å bruke
tid på dialog og samarbeid med
bedrifter og næringsaktørar, og ta
initiativ for å lokke bedrifter til å
etablere seg på Radøy.
For å lukkast med dette, må det
utøvast eit aktivt politisk leiarskap
med vilje til å nytte eit politisk
fleirtal til det beste for innbyggjarane.Radøy Venstre ynskjer å ha ei
sentral rolle i styringa av dei neste
fire åra, og vil bidra til å få fart på
Radøy.
Effekten av denne innsatsen vil
ikkje komme med ein gong, og det
vil derfor også vere naudsynt også
med tiltak som gir innsparing eller
auka inntekter raskare.
Radøy Venstre legg vekt på å føre
ein ansvarleg økonomisk politikk
utan underskot, og ser at det kan
vere naudsynt også med upopulære grep. I arbeidet med kommunebudsjetta må ein snu alle
steinar og vurdere konsekvensar
før det vert konkludert.
Spennande
bustadutvikling
Ved arealdisponering i kommuneplan og områdeplanar, er det viktig
å sikre gjennomføringevne gjennom
dialog med bygge- og eigedomsutviklingsaktørar. For Radøy Venstre er det viktig at større byggefelt
og bustadutviklingsprosjekt vert
realiserte i tilknytning til sentraene
med gangavstand til skule.
Samstundes er det viktig å ta heile
kommunen i bruk ved å vere positiv
til frådeling av bustadtomter i dei
ulike grendene, så lenge det ikkje er
til skade for miljø, friluftsinteresser
og landbruk.
Kunnskap og like
muligheter
Radøy Venstre vil:
✔✔ arbeide målretta for bygging av
fleire bustader på Radøy gjennom ein positiv utviklingskultur,
tett samarbeid og god dialog
med byggenæringa.
✔✔ at plan- og byggesaksavdelinga skal vere serviceinnstilt og
løysingsorientert, samt aktivt
arbeide for utvikling.
✔✔ arbeide for ei spennande og
god tettstadutvikling på
Manger og Bø.
✔✔ leggje til rette for utvikling av
attraktive bustadområde i sjøfronten på Manger, Bø og Sæbø,
mellom anna gjennom realisering av ny områdeplan for Bø,
nye og utviding av eksisterande
bustadområde på Manger og
eit nytt bustadområde på
vestsida i Sæbø-området.
✔✔ arbeide for bygging av fleire
leiligheiter for unge og 55+ på
Manger, og eventuelt på Bø og
Sæbø.
✔✔ ha utarbeidd ny bustadsosial
handlingsplan, og bygging av
fleire sosiale bustader med
statstilskot gjennom offentlegprivat samarbeid (OPS).
Eit mangfaldig
idretts- og kulturliv
Kultur, idrett og friluftsliv
har ein stor eigenverdi
i seg sjølv knytt til
opplevingar, trivsel og
folkehelse.
Radøy Venstre er oppteken av å
leggje til rette for mangfald. Innan
idrett- og friluftsliv betyr det både
å leggje til rette for den organiserte idretten og å leggje til rette
for fysisk aktivitet hjå flest mogleg
innbyggjarar. Innan kultur betyr det
både å ta med seg kulturarven og å
sjå det moderne og nyskapande.
Radøy Venstre vil:
✔✔ at Radøy kommune skal vere
ein aktiv støttespelar for idrettslaga med tanke på vidareutvikling av idrettsanlegga, som
til dømes etablering av nye
kunstgrasbanar på Bø og på
Manger.
✔✔ oppretthalde opningstida i
svømmebassenget i Radøyhallen ut mai, slik som i år.
✔✔ arbeide for etablering av nye
nærmiljøanlegg/ballbingar, til
dømes på Manger skule og
Hordabø skule.
✔✔ satsa på turstiar, og ferdigstille
turveg på Manger.
✔✔ arbeide for vidareutvikling av
friluftsområde og badeplassar på Radøy i samarbeid med
Bergen og omegn friluftsråd.
✔✔ sikre eit godt samarbeid med
frivillige lag og organisasjonar.
✔✔ arbeide for vidare utvikling av
Utvandrarsenteret på Sletta.
✔✔ ha betre formidling av kulturminner, mellom anna med informasjonstavler, og vidareføre
tilskot til istandsetting/restaurering av kulturminner.
✔✔ vidareutvikle formidling av
kulturhistoria, til dømes steinalderen ved Fosnstraumen og
kystkulturen.
✔✔ arbeide for etablering av ein
dugnadspott for lag og organisasjonar, t.d. for å utføre skjøtsel av uteområde for ålmenta.
✔✔ vidareføre satsing på Radøy
som korps- og musikkommune.
✔✔ arbeide for sambrukshus/kulturhus i Prestegarden, mellom
anna med kulturkafé.
Trygge og gode
oppveksttilhøve
For Radøy Venstre er det
ei prioritert oppgåve å
arbeide for trygge og
gode oppveksttilhøve for
barn og unge.
Dette inneberer mellom anna
trygge og gode nærmiljø,
barnehagar og skular utan mobbing og eit mangfald av spennande
fritidstilbod.
Radøy Venstre vil:
✔✔ vidareføre ungdomskoordinatatorstillinga, og støtte aktivt
opp om ungdomsarbeidet og
ungdomsrådet sitt flotte og
viktige arbeid.
✔✔ styrkje helsesøstertenesta på
Radøy ungdomsskule.
✔✔ arbeide for tryggare skulevegar
gjennom målretta arbeid for
realisering av tiltaka i trafikksikringsplanen.
✔✔ arbeide for at fleire skal få fri
skuleskyss på grunn av
farleg skuleveg.
✔✔ ha nulltoleranse for mobbing i
Radøy-skulen, og dersom mobbing går så langt at ein elev
må skifte skule, skal det vere
mobbaren.
✔✔ arbeide for ei betre
barnehageløysing med mål om
å samle Prestmarka barnehage
i eitt bygg på Manger og Bø
barnehage i eitt bygg på Bø.
✔✔ arbeide for innføring av to
hovudopptak i barnehagane.
✔✔ arbeide for eit meir innhaldsrikt
SFO-tilbod, til dømes gjennom
samarbeid med kulturskulen og
idrettslag.
Gode skular på Radøy
Radøy Venstre vil
ha ein skule for
kunnskap, kreativitet
og kompetanse. Dette
er avgjerande for at
kvar einskild elev skal få
moglegheit til å til å ta
sine sjølvstendige val,
og for den framtidige
verdiskapinga.
Ein sterk offentleg skule som set
den einskilde elev fyrst, som har
høg kvalitet og kompetente og
motiverte lærarar er viktig for
Radøy Venstre. Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs. Dei siste
åra har Radøy-skulen vorte råka
av fleire budsjettkutt, og det vil
ikkje vere forsvarleg å kutte meir.
Samstundes er Radøy-skulen dyr
i drift på grunn av fire barneskular. Dersom valet står mellom nye,
generelle driftskutt i skulen og å
gjere noko med skulestrukturen, vil
Radøy Venstre velje det siste.
Radøy Venstre vil:
✔✔ fremje kvalitetsutvikling i
Radøy-skulen med fokus på
grunnleggjande ferdigheiter i
lesing, skriving og rekning.
✔✔ fortsetje satsinga på tidleg
innsats gjennom La linea, slik at
ein så raskt som mogleg kan ta
tak i utfordringar hjå den einskilde elev og at alle vert sett
og inkludert.
✔✔ satse på kompetanseutvikling
med vekt på vidareutdanning
for lærarar.
✔✔ arbeide for opprusting av
uteområda, og sikre godt vedlikehald på skulebygga.
✔✔ arbeide for utnytting av loftet
på Radøy ungdomsskule,
dersom det let seg gjere
brannteknisk.
✔✔ arbeide for å styrkje lærartettleiken.
Omsorg når du treng
det
Radøy Venstre vil ha ein
velferdspolitikk som set
folk først og som gir alle
tryggleik når det trengs.
Eit velferdssamfunn vert målt etter
korleis ein tek vare på dei svakaste.
Respekt for ulike ynskje er grunnlaget for ei verdig omsorg.
Radøy Venstre vil:
✔✔ arbeide for etablering av fleire
sjukeheimsplassar.
✔✔ seie klårt nei til konkurranseutsetting av helse- og omsorgstenester.
✔✔ arbeide målretta for rekruttering av helsefagarbeidarar
og sjukepleiarar, også i eit
langsiktig perspektiv, mellom
anna ved å ta i inn lærlingar og
aktiv marknadsføring retta mot
skuleungdom som skal velje
utdanning.
✔✔ utgreie og vurdere å ta i bruk
moderne omsorgsteknologi
med sikte på at eldre kan bu
lenger heime.
✔✔ arbeide for etablering av eit
dagsentertilbod innan rus og
psykiatri, gjerne samarbeid
med frivillige lag og organisasjonar.
✔✔ oppretthalde dag- og fritidstilbod til menneske med nedsett
funksjonsevne.
✔✔ fornye og vidareutvikle frivilligsentralen til meir målretta
arbeid opp mot lag og organisasjonar, samt andre frivillige
krefter.
✔✔ vurdere etablering av ei vaktmeisterteneste for eldre heimebuande og andre med behov for
det til sjølvkost.
✔✔ leggje til rette for betre integrering og inkludering av flyktningar og andre innvandrarar,
mellom anna ved bruk av frivillige flyktningeguidar.
Betre vegar og
miljø
Radøy Venstre vil
arbeide for utbetring av
vegstandarden på Radøy,
både gjennom nye, større
vegprosjekt og utbetring
av eksisterande vegar.
Dette fordi vegstandarden på
Radøy er svært dårleg. Samstundes
er Radøy Venstre oppteken av å ta
vare på den flotte kystnaturen me
har på den grøne øya, og å leggje
betre til rette for å nytte den til
rekreasjon og friluftsliv.
Radøy Venstre vil:
✔✔ arbeide for realisering av ein
vestre ringveg i Nordhordland
over Bognostraumen til Meland
som første trinn i
tverrsambandet.
✔✔ arbeide for opprusting av
fylkesvegane på Radøy, med
øvste prioritet på
fv 409 Bø-Manger.
✔✔ arbeide for fleire gang- og
sykkelvegar.
✔✔ følgje opp kommunen sin
klimaplan.
✔✔ hindre forsøpling, mellom anna
gjennom haldningskampanjar
og ved å støtte opp om
ryddeaksjonar i samarbeid med
NGIR.
✔✔ kjøpe inn fleire EL-bilar til
heimetenesta ved utskifting av
bilar, dersom det let seg gjere
av omsyn til køyrelengde.
✔✔ stimulere til rydding av
kulturlandskap.
✔✔ ha strenge miljøkrav til
oppdrettsanlegg.
✔✔ arbeide for å betre
vasskvaliteten i Mangerspollen.
✔✔ arbeide for bruk av miljø- og
dyrevennlege alternativ til vegsalt på kommune- og
fylkesvegane.
✔✔ arbeide for eit betre kollektivtilbod, spesielt på kveldstid,
samt forlenging av
nattbussrutene i helgene.
Nyskapande næringsutvikling
Satsing på
næringsutvikling har vore
nedprioritert i Radøy over
tid, og sjølv om det er
mange flotte bedrifter
her, skulle me gjerne hatt
fleire og dermed også
fleire arbeidsplassar.
Radøy Venstre vil føre ein næringspolitikk som legg tilhøva betre til
rette for eksisterande bedrifter,
gründerar og nyskaping, der kommunen heiar fram bedriftene.
Radøy Venstre vil:
✔✔ at kommunen skal ha ein tett
dialog og samarbeid med
næringsaktørar for å fremje
næringsutvikling, og mellom
anna etablere Radøy næringsforum som ein regelmessig
møtestad mellom næringsaktørar, administrasjon og politikarar.
✔✔ at administrasjonen skal vere
serviceinnstilt ovanfor næringsaktørar, og aktivt arbeide for
bedriftetableringar og såleis
bidra til å skape fleire arbeidsplassar.
✔✔ få utarbeidd ein lokal
handlingsplan med konkrete
tiltak for næringsutvikling i tråd
med regionale planar.
✔✔ marknadsføre kommunen som
ein attraktiv stad å etablere
bedrifter i.
✔✔ vidareutvikle Manger som
senter for handels- og servicenæringa, og herunder spesielt
arbeide for etablering av kafé,
apotek og fleire kompetansearbeidsplassar saman med
næringsaktørar.
✔✔ leggje til rette for utviding av
eksisterande og etablering av
nye arealintensive næringsområde for tyngre verksemd,
og herunder arbeide for nytt
næringsområde med moglegheit for djupvasskai i tilknytning til tverrsambandet.
✔✔ vidareutvikle reiselivsnæringa
ved marknadsføring gjennom
Bergen reiselivslag, og samarbeid med næringsaktørar for å
satse på mat, kultur og opplevingar, samt betre tilrettelegging
for båt- og bubilturistar.
✔✔ oppretthalde storleiken på
landbruksarealet til matproduksjon, mellom anna ved
å vere positiv i delingssaker
der drivande bønder ynskjer å
kjøpe tilleggsjord, aktiv bruk av
SMIL-midlar, leggje til rette for
skogsdrift og målretta støtte til
unge bønder.
✔✔ arbeide for etablering av kulturkafé i Prestegarden, enten i
samarbeid med næringsaktørar
eller frivillige organisasjonar.
Ny kommune
Radøy Venstre er positiv
til forhandlingar om ein
ny kommunestruktur,
men meiner det er
innbyggjarane som
bør ha siste ordet i ei
folkerøysting.
Dersom Radøy Venstre skal kunne
støtte at Radøy skal verte ein del
av ein ny kommune, må nokre krav
verte innfridde.
Radøy Venstre vil:
✔✔ stille krav om at det gode
ungdomsarbeidet i Radøy vert
vidareført med ungdomskoordinator og ungdomsråd, og gjerne
at denne modellen vert overført
til andre delar av ein ny kommune.
✔✔ stille krav om servicetorg og
andre kommunale funksjonar i
rådhuset på Manger.
✔✔ ha satsing på tettstadutvikling
i tidlegare kommunesenter og
lokale sentra.
✔✔ arbeide for reduksjon i eigedomsskatten og likebehandling
i den nye kommunen.
1. Frode Hervik (f.1976)
Prosjektleiar, Manger
2. Agnes Hoshovde Bernes
(f. 1995)
Student, Sæbø
3. Ståle Villanger (f. 1978)
Lageransvarleg, Hordabø
4. Birthe Haugland Frotaule
1965, Sæbø
5. Jan Tore Hvidsten
1956, Manger
6. Marianne Villanger Lilletveit
1979, Manger
7. Sigstein Århus
1958, Manger
8. Wenke Tolleshaug
1965, Sæbø
9. Bård Mangerøy
1966, Manger
Les meir om vår politikk og våre kandidatar på
våre nettsider.
Venstre.no/Radøy
10 Kjersti V. Mjøs
1954, Hordabø
11 Øystein Frotaule
1961,Sæbø
12 Bjørg T. Murberg
1954, Manger
13 Torbjørn Drivenes
1957, Manger
14 Gro Kolstad
1952, Manger
15 Ingvild Brattetaule
1997, Hordabø
16 Harald Jordal
1942, Manger
17 Knut Skjelanger
1952, Manger
18 Anne B. Brattetaule
1971, Hordabø
19 Stephen Baug
1989, Manger
20 Kari Frotaule
1995, Sæbø
21 Truls Reigstad
1968, Manger
22 Jannicke Baug
1971,Manger
23 Ørjan Taule
1979, Sæbø
24 Haldis Johnsen
1951, Manger
25 Magnar Kartveit
1956, Manger
26 Gro Håland
1977, Hordabø
27 Bjarne Storheim
1932, Sæbø
28 Arne Villanger
1929, Hordabø
Foto: Bård Mangerøy
Venstres kandidater i Radøy